1905 - Hyllestad kommune



Like dokumenter
Leikanger kommune

Høyanger kommune

Askvoll kommune

Gaular kommune

Sogndal kommune

Solund kommune

Førde kommune

Luster kommune - gamle Hafslo kommune

Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

Flora kommune

Hornindal kommune

Aurland kommune

Luster kommune - gamle Jostedal kommune

Gulen kommune

Jølster kommune

Naustdal kommune

«Ny Giv» med gjetarhund

Bremanger kommune

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Gloppen kommune

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Stryn kommune

Lærdal kommune

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Møteprotokoll for møte i

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Eid kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

M/S NYBAKK SI HISTORIE

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Møteinnkalling for Valgstyre

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Jon Fosse. For seint. Libretto

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Til deg som bur i fosterheim år

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Vedlegg 1: Heimelsoverføring og krav om deling Side 1 av 19

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Stortings- og sametingsvalet 2017

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Notat om historie og kulturlandskap

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Samarbeid mellom Mattilsynet og kommunehelsetenesta ved mat eller vassboren smitte.

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Flaggreglement. for. Fjell kommune

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

6. trinn. Veke 24 Navn:

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Bergen Tekniske Fagskole avd. Voss Hordaland Fylkeskommune

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Balestrand kommune

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Lønnsundersøkinga for 2014

Arbeidet med minnelunden er så godt som fullført. Fint resultat.

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Ruter for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe/Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Framveksten av demokratiet i Sogn og Fjordane

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Rådgjevarkonferanse 2010

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Rådgjevarkonferanse 2009

/

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

Setring ved Håbakkselet Hareid

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Transkript:

Side 1 av 5 Gamle Leirvik sentrum truleg kring 1900. Huset til venstre, kalla Døscherhuset, vart nytta av Holck sine etterkomarar. I det store huset til høgre dreiv Johan Wolff handel og pensjonat. Han var ordførar i Hyllestad i 27 år. 1905 - Hyllestad kommune Johannes Ottesen (1846-1937) og kona Brita Systad Ottesen (1840-1930) og to av døtrene. Johannes var ordførar i Hyllestad 1894-1916, og lærar i 54 år. I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Hyllestad. Hyllestad kommune i 1905 Hyllestad kommune omfatta i 1905 kyrkjesokna Hyllestad (hovudsokn), Bø og Øn. Lensmann Ole Schjesvold (1841-1913) var første lensmann i Hyllestad frå 1873 til 1911. Han var også kommunekasserar og den første postopnaren i Hyllestad 1875-1913. Salbu kring 1900. Her bygde Andreas Gjertsen (1872-1953) opp ei rad næringsverksemder. I 1905 var her i drift sagbruk, høvleri og I 1900 var folketalet 2475. Hovudnæringa var jordbruk i samband med fedrift og noko fiskeri i dei ytre strøka. Av industri var Storaker sag og møllebruk i Storakersund, og Gjertsen et Co som dreiv trelastforretning med sagbruk og høvleri på Salbu. I Smilla vart det drive kalkbrenneri. Eit gjestgiveri fanst i Hyllestad (Hans L. Systad). Bank vart det ikkje i Hyllestad før i 1907. Det var fem postopneri, - Hyllestad, Leirvik, Lifjorden, Sørbøvåg og Storakersund, og rikstelefonstasjonar i Leirvik og Skor. Fylkesbaatane hadde stoppestad i Hyllestad, Leirvik (Bøfjord), Sørbøvåg, Lifjorden, Storakersund og Skivenes. Kommunen hadde ingen hovudvegar, men det var køyreveg frå Leirvik til Skor, med ein vegarm til Hyllestad. Vegbygging føregjekk fleire stader; i Lifjorden, på nordsida av Åfjorden frå Sørbøvåg til Horne og inn i Ytre Holmedal. "i spændt Forventning" I ei tid utan mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt" når dei treftest, - på dampskipskaia, på butikken, på skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og gjennom posten (brev og aviser). Gjennom heile året 1905 venta folk spent på siste nytt om unionen mellom Noreg og Sverige, - om utviklinga i konsulatsaka utover våren, - om unionsoppløysinga 7. juni, - om folkerøystinga 13. august, - forhandlingane i Karlstad, - spørsmålet om kongedømme eller republikk og det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember. Ein mann i

Side 2 av 5 trelastforretning. Seinare kom her tønneproduksjon, såpe- og ullvarefabrikk. Her var dampskipsbryggje med stjernestogg for Amtsbaatane frå 1905, og postopneri. Fresvik skreiv i eit brev til Amerika at folk meir enn ein gong stod "i spændt Forvæntning nede ved Dampskipsanløbsstedet, hver Gang Dampskibet var ventende med Post til Bygden." Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk -, engasjerte mange. Utvandringa til Amerika var ei anna aktuell sak. Frå Hyllestad emigrerte i åra 1904 og 1905 i alt 29 personar. Av desse var berre fire kvinner, resten var vaksne menn, dei fleste (18) i alderen 17 til 27 år. Jernbane til Sogn var ei aktuell sak. Bergensbana var under bygging og i 1905 køyrde det fyrste toget gjennom Gravhalstunnelen. Spørsmålet om ei sidebane ned til Flåm vart ofte diskutert. Ei anna viktig sak var helsestellet og bygging av sjukehus i Lærdal. Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag. I Hyllestad pågjekk det på denne tida ymse vegbygging. Vegarbeidet frå Sørbøvåg i Åfjorden til Horne og vidare til Ytre Holmedal var i gang, og vart omtala i kommunestyret gong etter gong. Det kom krav om at berre innabygds folk skulle tilsetjast som vegarbeidarar. Eit mykje større oppslag fekk Loenulukka natt til 16. januar då eit fælsleg ras ved Lovatnet øydela fleire gardar og tok livet av 61 menneske. Det vart sett i gang innsamling til dei skadelidne i heile landet og halde ofring i kyrkjene. Fyrstesideoppslag om 7. junivedtaket i Nordre Bergenhus Amtstidende, Florø, same dag, 7. juni 1905! I 1905 og 1906 vart det laga mange postkort med bilete av den nye kongefamilien. Dette kortet vart nytta som julekort i 1909. Nokre nøkkelpersonar Det var kommuneval i 1904, og lærar Johannes Ottesen som hadde vore ordførar sidan 1894 tok attval. Eivind Broch vart ny sokneprest i 1904. Ole Schjesvold hadde vore lensmann frå 1873. Dampskipsekspeditør og postopnar Knut Wolff i Leirvik var 5. varamann til Stortinget frå Nordre Bergenhus amt 1903-1906. På Salbu budde Andreas Gjertsen, industrigrunnleggjar og politikar. Han dreiv sagbruk, høvleri, trelastforretning og grunnla seinare eit heilt lite industrisamfunn. Lag og organisasjonar I Hyllestad var her i 1905 eitt politisk lag (Venstre). Ungdomslag var det enno ikkje skipa, men første åra etter kom det frilynde ungdomslag både i Bøfjorden og i Hyllestad. Misjonsforeiningar og -lag var det i alle bygdene. Me har registrert sju i 1905. Då striden kring unionsspørsmålet kveste seg til, vart det skipa mange skyttarlag kringom i landet. I 1905 veit me veit om minst fem i Hyllestad kommune: Bøfjord, Ulvik, Hyllestad, Åfjorddalen og Lifjord skyttarlag. Det kan ha vore fleire. 17. mai 1905 Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905. Ved gudstenesta i Øn kyrkje tala sokneprest Borch denne

Side 3 av 5 dagen over teksten: "I dag er nådens dag". 7. juni 1905 7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk kringopm i landet venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare, men kommunestyret i Hyllestad mottok ikkje dei ikkje den prenta kunngjeringane før 19. juni. I kommunestyremøte i Hyllestad den 5. juli vart Stortinget si kunngjering til det norske folk av 7. juni lese opp som første sak. Folkerøystingane - røysterett og valstyre Det var to folkerøystingar i 1905: 1) Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni. 2) Søndag 12. og måndag 13. november da folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk. Hyllestad valsokn tilsvara dåverande Hyllestad kommune. Valstyret var samansett av: Ole Schjesvold (formann), Johannes Ottesen, Knut Wolff, Karl Rutle, Peder Ytrefjord, A. Ringstad, Hermund H. Selvig og Jonas Sørefjord. I begge røystingane var det tre røystestader, nemleg kyrkjene i Hyllestad, Bø og Øen. Oppteljinga gjekk føre seg samla. Folkerøystinga i august Det var gudsteneste ved Hyllestad kyrkje denne dagen, og sokneprest Broch tala over teksten: "Et godt tre bærer gode frugter. " I fylgje valprotokollen for Hyllestad vart røystinga kunngjort ved opplesing på kyrkjebakken, omsending av bodstikker og oppslag kringom i kommunen. Alt var lagt til rette for at veljarane skulle nå fram til urnene. Amtsbåtane annonserte fri reise til vallokala (menn over 25 år), og det var enkelte ruteendringar, som for dampbåten i rute B: Berge-Førde der rutetida vart endra til laurdag 12. august i staden for valdagen sundagen, så folk skulle koma tidsnok til valurnene. Resultatet i Hyllestad valsokn: Av 513 som hadde røysterett, vart det avgjeve 473 godkjende røyster. Det gjev ein frammøteprosent på 92,4. Alle røysta ja. I Sogn og Fjordane fylke var frammøteprosenten 88, 7 og berre tre røysta nei. Resultatet for Sogn og Fjordane: 16 819 hadde røysterett. Det vart avgjeve 16 718 (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei. Resultatet for heile landet: 435 376 hadde røysterett, 368

Side 4 av 5 392 godkjende røyster, 368 208 ja, 184 nei. Privat kvinneunderskriftsaksjon Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905, men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget. Underskrifts-innsamlinga vart ordna på ulike måtar, mellom anna ved at listene låg ute i avisredaksjonane. I Leikanger kyrkje veit vi at kvinnene kunne skriva seg på utlagde lister i sakristiet i samband med gudstenesta før røystinga. Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk Også denne røystinga vart kunngjort ved opplesing på kyrkjebakken i dei tre sokna, ved oppslag på sentrale stader og på annan måte. Røystinga gjekk over to dagar, søndag 12. og måndag 13. november. Resultatet av folkerøystinga i november for Hyllestad valsokn: Av 511 med røysterett, vart det avgjeve 429 godkjende røyster. Det gjev eit frammøte på 84 %. Av desse røysta 412 ja (for kongedømme), det er 96 %. 17 røysta nei (for republikk). I nabokommunen Lavik var stemninga meir republikansk, der ville 40,5 % ha republikk. Resultatet for Sogn og Fjordane: 18 278 hadde røysterett, 14 315 (78,3 %) godkjende røyster. 11 507 (80,4%) røysta for kongedømme, 2 808 (19,6%) røysta for republikk. Resultatet for landet: 331 833 hadde røysterett, 244 124 godkjende røyster (73,5%). 194 189 (79,5%) røysta for kongedømme, 49 935 (20,5%) røysta for republikk. Prins Carl hadde fått det svaret han ville ha for å ta på seg oppgåva som Norges konge. Den nye kongefamilien Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november, der tusenvis av feststemde menneske venta. Nasjonal takkegudsteneste 7. desember Torsdag 7. desember 1905 - halvårsdagen for 7. juni - vart det halde takkegudstenester rundt om i landet. Kyrkjedepartementet fastsette i rundskriv at dagens tekst vera Salmane 118, 23-26 og rådde til å bruka Blix si fedrelandssalme. I kyrkja i Hyllestad var det takkegudsteneste den 7. desember om føremiddagen, og om ettermiddagen samla folk seg i Bø kyrkje. Mange stader i landet skipa dei også til folkefestar for å markera det hendingsrike året 1905. Artikkelnummer: KAL/SFF-423.1413

Side 5 av 5 Forfattar og datering: Berit Selseng, 2005. Prenta kjelder: Helland, Amund: Nordre Bergenhus Amt. Del II. Kristiania 1901. Nordstrand, Ingemar: Kongetru hyllestadingar i 1905. I Sogeskrift for Hyllestad 2004. Uprenta kjelder: Statsarkivet i Bergen: Avskrifter av møteboka for valstyret i Hyllestad valsokn. Soknepresten i Hyllestad: Dagsregister. Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no