Fylkesmannen i Oppland Miljøvernavdelinga Inspeksjonsrapport Inspeksjon ved Fagernes lufthamn, Avinor as avd. Fagernes Dato inspeksjon: 12.09.2014 Saksnr: 2014/5755 Dato rapport: 13.10.2014 Til stades ved kontrollen Frå bedrifta: Per Einar Tveit, Gustav Berger og Ingvild Helland Frå Fylkesmannen: Elin Hilde og Tore Pedersen Bakgrunn for kontrollen Verksemda har løyve etter forureiningslova frå Fylkesmannen fornya 10.01.2012, og kontrollen er ledd i vår regelmessige kontrollaktivitet. Mogleg forureining med PFOS (perfluorerte sambindingar) pga brannøving blir følgt opp av Miljødirektoratet. Resultat Det er påvist eit avvik når det gjeld risikovurdering av ein drivstofftank som helikopterfirmaet Helitrans as har på området. Elles er det gjeve merknader som gjeld oljeutskiljar, avfallsrutinar, registrering av overvakingsdata i databasen Vannmiljø og samordning av internkontrollen med andre aktørar. Krav som er kontrollerte - Kap. 11 i forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta) om farleg avfall - Krav i lov om forurensning og om avfall (forureiningslova) om plikt til å unngå forureining og forsøpling - Krav til internkontroll i forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) - Krav i løyve som gjeld for verksemda: 10.01.2012 frå Fylkesmannen i Oppland Kontrolltema Utslepp til vatn Handtering og lagring av farleg avfall og kjemikal Internkontroll, risikovurdering, rutinar Om rapporten Denne rapporten beskriv situasjonen ved inspeksjonen, med påviste avvik og merknader gjeve i samband med tilsynet. Han gjev såleis inga fullstendig tilstandsvurdering av miljøarbeid og miljøstatus hjå verksemda. Rapporten er endeleg etter 2 veker dersom det ikkje har kome tilbakemelding om faktiske feil innan den tid. Definisjonar Avvik: Mangel på oppfylling av krav fastsett i eller i medhald av helse-, miljø- og sikkerheitslovgjevinga, for eksempel brot på krav i forureiningslova, produktkontrollova og forskrifter heimla i desse lovene.
2 Merknad: Noko som miljømyndigheitene meiner er nødvendig å påpeike for å ivareta helse og miljø, men som ikkje kan definerast som avvik. Andre forhold: Forhold som kom fram under inspeksjonen og som det kan vere nyttig for verksemda og saksbehandlarar å kjenne til. Her kan også inngå kommentarar til tema som har vore framme under inspeksjonen, men der det ikkje er gjeve avvik eller merknader. Tilbakemelding til Fylkesmannen Vi ber om ei skriftleg tilbakemelding innan 3 veker på kva verksemda gjer for å rette opp påviste avvik. Verksemda pliktar å rette avvik snarast. Dersom Fylkesmannen ikkje har fått skriftleg tilbakemelding om retting av avvik innan fristen, så kan vi fastsetje tvangsmulkt for å sikre oppfølging, jf. 73 i forureiningslova. Kontrollgebyr for verksemd med løyve Det er innført gebyr for vårt arbeid med tilsyn og saksbehandling, jf. forureiningsforskrifta 39-3, og 39-6 om gebyr for kontroll av verksemder med løyve. Denne verksemda er plassert i risikoklasse 3, som tilsvarer kr 12 000,- i gebyr for kontrollen. Faktura med innbetalingsblankett vil bli ettersend frå Miljødirektoratet. Offentlegheit i forvaltninga Denne rapporten vil vere offentleg tilgjengeleg via elektronisk postjournal hjå Fylkesmannen, jf. offentleglova. Informasjon om bedrifta (Kjelde: Enhetsregisteret, Brønnøysund) Organisasjonsnr (undereining): 974 720 248 Eigd av (org.nr): 985 198 292 Namn og postadresse: Avinor as avd Fagernes Lufthavn, Postboks 150, Namn og postadresse: Avinor as, Postboks 150, 2061 Gardermoen 2061 Gardermoen Næringskode: 52.230 Andre tenester knytte til lufttransport Anleggsnr*: 0502.0046.02 Kommunenr og -namn, fylke: 0542 Nord-Aurdal, Oppland Anleggsaktivitet*: Flyplassar - Løyve: 10.01.2012, endra frå 01.12.2000 Risikoklasse*.: 3 *Data frå eigen database for forureiningsmyndigheitene Avvik Følgjande avvik vart påvist ved inspeksjonen: Avvik 1: Drivstofftanken til helikopterfirmaet er ikkje risikovurdert. Avvik frå: - Internkontrollforskrifta 5 andre ledd nr 6 - Krav i løyvet, om internkontroll punkt 2.6 og miljørisikovurdering punkt 10.1
3 Flyplassen på Leirin blir også brukt til helikopterøving. Helitrans AS har plassert ein 1000 liters driftstofftank på området. Denne stod i metallkar som ved inspeksjonen var fylt med regnvatn. Ei skriftleg risikovurdering må også omfatte denne tanken, sjølv om han tilhøyrer helikopterselskapet. Det bør vere avtalt skriftleg mellom helikopterselskapet og Avinor spørsmålet om internkontroll og risikovurdering av tanken. Verksemda gav også ved inspeksjonen uttrykk for at ansvaret for risikovurderinga her ligg hjå Avinor. Vi viser elles til merknad nr 1 når det gjeld internkontroll og andre aktørar på området. Avinor har i 2009 gjort ei omfattande risikokartlegging når det gjeld ytre miljø. Eldre drivstoff- og kjemikaltankar har blitt fornya siste tida. Miljøhandlingsplanen er oppdatert i 2014. Merknader Der er gjeve følgjande merknader: Merknad 1: Internkontrollansvaret når det gjeld andre aktørar på flyplassområdet er ikkje skriftleg avtalt. a) Statoil har ein ny stor lagertank (65 m 3 ) for flydrivstoff på Avinors område. Det går fram av miljørisikoanalysen til Avinor frå 2009 at vedlikehaldsansvaret for ulike delar av anlegget er delt mellom Statoil og Avinor, og kva delar dei har ansvar for. Det bør vere skriftleg dokumentert og konkret beskrive også ansvaret for internkontrollen inkludert miljørisikovurdering, rutinar, avviksregistrering, utveksling av hms-informasjon osv. b) Valdres Flyklubb har aktivitet på flyplassen. Dei har eit klubbhus, som er knytt til avløpsanlegget for Avinor, infiltrasjonsanlegg med løyve frå Nord-Aurdal kommune. Kommunen er tilsynsmyndigheit for dette anlegget. Klubben har også eigen flyhangar på flyplassområdet. Det bør også avtalast med flyklubben angåande forhold som kan medføre forureining frå anlegg og aktivitet som flyklubben har. c) Helikopterselskapet Helitrans as har også ein drivstofftank som står på flyplassområdet, jf. avvik 1 om risikovurdering av denne. Når det gjeld samordning av internkontroll mellom fleire partar så viser vi til 6 i internkontrollforskrifta. Dette gjeld f eks når fleire verksemder har aktivitetar/anlegg på same området. Utgangspunktet er at den som driv verksemd knytt til eit fysisk anlegg, som Avinor gjer på flyplassen på Leirin, skal syte for at aktivitetar og anlegg på området er omfatta av internkontroll. Ifølgje eigedomsopplysningar er Avinor as grunneigar av gnr 21 bnr 133, dvs heile flyplassområdet, der også alle bygningar og anlegg i området ligg.
4 Merknad 2: Avinor har ikkje registrert data frå miljøovervaking av vassdrag i databasen Vannmiljø. Det er eit krav i punkt 12 i løyvet frå Fylkesmannen at data frå overvaking i vatn, inkludert sediment og biota, skal registrerast i Vannmiljø. Vi har i tillegg sagt i løyvet at resultat for snøsmeltingssesongen 2012 og 2013 også skal sendast til Fylkesmannen, og desse opplysningane har vi no fått etter førespurnad. Miljøovervakingsprogrammet vart utvida frå og med sesongen 2013-2014. Dette er her registrert berre som ein merknad, og ikkje avvik, fordi det kan vere noko uklart i løyvet når det gjeld tidspunkt for krav om oppstart av innlegging av data i Vannmiljø. Men opplysningane må leggjast inn i datasystemet frå no av. Miljødirektoratet følgjer opp overvaking av PFOS, pga tidlegare bruk i brannsløkkjemiddel. Ifølgje direktoratet er det ønskeleg at også desse opplysningane blir lagt i Vannmiljø. Av punkt 12 i løyvet frå Fylkesmannen går det også fram at resultat frå overvaking skal sendast til oss innan 1. august kvart år. Vi minner om at resultat og vurdering av dette blir sendt oss så snart det er klart. Merknad 3: Det er ikkje søkt om løyve etter forureiningslova for oljeutskiljarar i samband med flyplassen. Ifølgje Avinor skal det vere berre ein oljeutskiljar på området. Denne er ikkje nemnd i utsleppsløyvet frå kommunen for avløpsvatn av 1987. Oljeutskiljarar er i dag regulert i kap 15 i forureiningsforskrifta, og kommunen har myndigheit; gjev løyve og fører tilsyn. Verksemda må søkje kommunen om løyve etter kap 15 når det gjeld også eksisterande oljeutskiljar. Ifølgje dokumentasjon frå bedrifta har branngarasje og verkstad avløp til denne oljeutskiljaren. Det bør klargjerast og dokumenterast kva for avløp som går til oljeutskiljaren i dag, og vurderast på nytt korleis behovet for oljeutskiljing er i samband med heile aktiviteten på flyplassanlegget. Etter det som kom fram i samband med tilsynet går ikkje avløp frå vaskehallen til oljeutskiljar, men til utløpsrør ved elva nedanfor rullebana, der vatn frå snødeponiområdet kjem ut. Ved inspeksjonen var det relativt tørt ved dette utløpet. Det er avtale med eksternt firma om kontroll av oljeutskiljar, og analysane har vist lågt innhald av olje. Merknad 4: Avfallsplanen er ikkje heilt fullstendig, han bør vere meir utfyllande særleg for farleg avfall.
5 Avfallsplanen oppdatert 18.06.14 har oversikt over aktuelle avfallstypar inndelt i 3 hovudgrupper; farleg avfall, EE-avfall og anna avfall. Det går m.a. fram korleis avfallet blir lagra før vidaresending, og kvar det blir sendt/levert. Men det burde være beskrive nærare særleg når det gjeld det farlege avfallet, ansvar for deklarering f eks. Det er nemnt konkrete typar farleg avfall i avfallsplanen; «spillolje, oljefilter, hydraulikk, spillolje etc». Sidan innlevering av farleg avfall er viktig for miljøet, så bør lista utvidast slik at ein viser meir av dei typane farleg avfall som kan oppstå eller har oppstått ved verksemda. Eksempel: nemne vurdering av ev. restar av kjemikal, om dei skal leverast som farleg avfall. Sprayboksar, forureina absorbent, forureina masse (ved uhell), sand og slam frå oljeutskiljarar er f eks definert som farleg avfall i kap 11 i avfallsforskrifta. Desse bør nemnast i oversikten hjå verksemda. Det kom fra av avfallsrapporten via altinn frå bedrifta for 2013 at det var levert sand frå sandfang som «reine massar», ikkje som farleg avfall. Det vart opplyst ved inspeksjonen at innhald i oljeutskiljar hadde svært lite olje, men det bør vere ei dokumentert vurdering dersom slikt avfall ikkje blir levert og deklarert som farleg avfall. Ein bør vurdere å utarbeide ein eigen rutine når det gjeld farleg avfall. Andre forhold Myndigheiter, forureining Flyplassen har løyve frå Nord-Aurdal kommune til infiltrasjon av avløpsvatn i grunnen frå 05.10.87, stila til Valdres Lufthamn as. Hit går også avløp frå klubbhuset til flyklubben, etter det vi fekk opplyst. Kommunen har tilsynsansvaret når det gjeld oljeutskiljarar på området. Miljødirektoratet følgjer opp situasjonen når det gjeld miljøpåverknad av PFOS, som no er forbodne å bruke, men som før vart brukte i brannskum. Ifølgje miljøovervakinga er det påvist PFOS i vatn i Leirin og i elva nedanfor flyplassen. Når det gjeld kjemikal som blir brukte til avising av fly og bane (delvis), så er det funne berre låge verdiar i jord og vatn pr i dag. Miljøovervaking Avinor har utarbeidd miljøovervakingsprogram med sikte på å overvake effekten av avisingsmiddel i miljøet. Dette har vi fått frå bedrifta. I tillegg er det eit overvakingsprogram for PFOS, som skal føregå i 2013 og ev. 2014, ifølgje informasjon i det førstnemnde programmet datert august 2013. Begroing i elva nedanfor rullebana Ved inspeksjonen var det tydeleg begroing med grønalgar på steinane i elva nedanfor flyplassen. Det var god vassføring, og begroinga var synleg heile vegen så langt vi kunne sjå i elva. Det vart ikkje då sett på situasjonen elles i vassdraget, lenger oppe i elva eller i vatnet. Begroing i elva synest ikkje å vere registrert eller vurdert i samband risikokartlegging, tiltaksplanar eller avviksbehandling når det gjeld ytre miljø. Vi viser til Aquateam COWI AS rapport nr 13-033 «Miljøforhold relatert til bruk av avisingsmidler ved Fagernes lufthavn» revidert august 2013. Her heiter det i samandraget:
6 «En teoretisk beregning antyder at naturlig nedbrytningskapasitet i snødeponiområdet er overskredet ved dagens forbruk av glykol, men det har hittil ikke vært observert tegn på forurensning (lukt, begroing). Det ble heller ikke detektert glykol i avrenningsvann fra snødeponiområdet i 2013. Ved bruk av glykol opp til brukstillatelsen (8000 l glykol/sesong) forventes det imidlertid at miljøproblemer oppstår og det kan ikke utelukkes så høye glykolverdier i Leiraelva at det vil kunne skje oksygensvikt i elva.» Det er vår utheving i sitatet over. På side 11 i same rapporten står det, i samband med figur 5, fotografi frå elva nedanfor rullebana: «Bildet til høyre viser elva like nedstrøms utløpet (grønnalger, men ingen alvorlige indikasjoner på forurensning) 29.10.07.» Sjølv om dette ikkje nødvendigvis er nokon alvorleg indikasjon på forureining, så meiner Fylkesmannen at verksemda bør vurdere begroinga nærare. Kan det vere utslepp i samband med drift og anlegg på flyplassområdet som har gjeve eller medverka til begroing? Vi ser at dei miljørapportane som no ligg føre, behandlar bruk av avisingsmiddel og PFOS, og dermed ikkje vurderer andre moglege utslepp/påverknader i samband med flyplassen. Punkt 12 i utsleppsløyvet frå Fylkesmannen har krav om overvaking av effektar av utsleppa i resipient, i samsvar med overvakingsprogram. Dette gjeld alle typar effektar og frå alle aktuelle kjelder hjå verksemda, sjølv om verknader av avisingskjemikal er nemnt spesielt. Med bakgrunn i dette og påvist begroing bør verksemda vurdere justering av overvakingsprogrammet for å finne ut meir om mogleg uheldig påverknad frå utslepp i samband med flyplassaktiviteten. Fylkesmannen vil ta opp dette i samband med tilbakemelding til Avinor på oversendt revidert resipientvurdering og miljøovervakingsprogram. Utsleppsløyvet Ei vurdering frå Aquateam angåande flyavising var vedlagt tilbakemeldinga frå Avinor nemnt over, datert august 2013. Her går det fram at bruk av flyavisingskjemikal bør begrensast til dagens nivå. Det bør ifølgje vurderinga ikkje brukast meir kjemikal for baneavisning enn det som tilsvarer eit kjemisk oksygenforbruk på 1200 kg pr vintersesong. Grensene i gjeldande utsleppsløyve ligg høgre enn dette. Fylkesmannen vil vurdere krava i løyvet. Eventuelt må det gjerast tiltak for å redusere utsleppa ved flyplassen, dersom ein aukar forbruket av avisingskjemikal, slik rapporten også nemner. Brannøvingsplass og bruk av flybensin er omtala i vårt løyve, men bruk av sløkkjemiddel er ikkje nemnt spesielt. Men det skal førast journal over bruken av andre stoff, som nemnt i andre avsnitt i punkt 3.3.1 løyvet. Krav om tilsåing, gjødsling og hausting av gras Det er eit krav i punkt 3.2.1 og 3.2.2 i løyvet frå Fylkesmannnen, og gjeld for områda langs rullebana og snødeponiområdet. Kravet gjeld ved dei fleste flyplassar, og var meint å hjelpe til nedbryting av avisingsmiddel. Slik forholda på flyplassen er, finn vi no kravet mindre relevant. Det kan også vere ein fare for eutrofiering med næringstilførsel til vassdraget ved gjødsling. Avinor har gjeve ei tilbakemelding til Fylkesmannen etter inspeksjonen, m.a. om dette, i brev av 19.09.14. Bedrifta har altså ikkje følgt opp dette kravet i løyvet, og vi gjev ikkje nokon merknad om det i denne rapporten. Vi vil vurdere kravet i samband med ev. oppdatering av løyvet etter forureiningslova.