FORSLAG TIL VEDTAK 1. Helse Vest RHF ser ikkje at det for kommande kontraktsperiode er grunnlag for å etablere ny base i Haugesund.

Like dokumenter
Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Styresak. Anne Hilde Bjøntegård Ambulansehelikopter i Helse Fonna. Styresak 23/15 A Styremøte

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ingvill Skogseth SAKA GJELD: Tiltak for å avvikle korridorplassar i helseføretaka

Historie og om oss. Historie og om oss HISTORIKK

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Langsiktige mål for luftambulansetjenesten. Nye tider fra 2018?

Vedrørende luftambulansetjenesten på Helgeland

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Styresak. Forslag til vedtak: Sjukehusapoteka Vest HF Dato: Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Retningslinjer for bruk av luftambulanse

Styresak Anne Hilde Bjøntegård Verksemdoverdraging Eidfjord ambulansestasjon

Notat. Dato skriven: Frå: Administrerande direktør Herlof Nilssen

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Redningsteknisk kapasitet og statistikk. Redningsteknisk rådgiver Dan Halvorsen Luftambulansetjenesten HF Bodø 21. november 2018

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Vedrørende forslag til ny akuttmedisinforskrift

Anestesisykepleierens arbeid i ambulansehelikopter. Anestesisykepleier Beate Stock Ålesund Skien 1. september 2007

Luftambulansetjenesten

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

DATO: SAKSHANDSAMAR: Gjertrud Jacobsen SAKA GJELD: Status for innføring av pakkeforløp for kreft i Helse Vest

STYRESAK ARKIVSAK: 2019/5144 STYRESAK: 039/19 STYREMØTE:

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

Styresak. Framlegg til vedtak. Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld: Halfdan Brandtzæg Etablering av Helse Vest Innkjøp HF

Styresak. Tore Dvergsdal Prehospitale tenester i Helse Førde - arbeid med samla plan. Arkivsak 2013/2681/ Styresak 034/2013 A Styremøte

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

STYRESAK: DATO: 3. desember 2015 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømemåling 2015 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

Styresak. Styresak 014/06 B Styremøte

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Riksrevisjonen Undersøking av utviklling i leiarlønn i helseføretaka Svarfrist 13 mai. Helse Vest RHF sendte svar innan fristen.

DATO: SAKSHANDSAMAR: Anne Kristin Kleiven SAKA GJELD: Høyring av Helse strategi for Helse Vest RHF

Politiets bruk av ambulanseressurser

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

NOTAT. DATO: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Baard-Christian Schem SAKA GJELD: Legemiddelkostnad nye kostbare medisinar

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Hilde Rudlang SAKA GJELD: Høyring innføring av fritt rehabiliteringsval ARKIVSAK: 2015/2016 STYRESAK: 084/15

NOTAT. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: FRÅ: SAKSHANDSAMAR: Prosess for leiing og organisering

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

Notat. Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato skriven: Frå: Administrerande direktør Herlof Nilssen

Om anbodssystemet innan rushelsetenesta. Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF

Styresak. Administrerande direktør Hege Fjell Urdahl Berit Berntsen/Anne. M. Reksten Status avvik Helse Miljø og tryggleik (HMT) og sjukefråvær

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

Styresak. Bakgrunn: Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: Saka gjeld: Retningsliner for selskapsetablering

Styremøte. Leif Terje Alvestad Etablering av ø.hj. senger i Sunnhordaland. 1 vedlegg Styremøte

Luftambulansetjeneste - nye kontrakter Redningsteknisk rådgiver Dan Halvorsen Luftambulansetjenesten HF

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE

STYRESAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Trond Søreide SAKA GJELD: Internrevisjon i Helse Vest av bierverv STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

Notat. Utvikling av kostnadar til gjestepasientar. Styresak 58/12 O Administrerande direktør si orientering notat nr. 3 Styremøte

Langtidsbudsjett , vidare prosess

Styresak. Gjertrud Jacobsen Tilrettelegging av sjukehustenester i Bergensområdet. Styresak 92/05 B Styremøte

Styresak. Framlegg til vedtak: Føretak: Helse Førde HF Dato: Saka gjeld: Søknad om ekstraløyving til investeringar i

Styresak. Forslag til vedtak: Styret tar rapporteringa til orientering. Dato: Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Styresak. Arkivsak 2012/295/ Styresak 075/12 B Styremøte

Den akuttmedisinske kjeda. Dialogmøte 21. november 2014

Styresak. Bakgrunn. Føretak: Helse Vest RHF Dato: Saka gjeld: Evaluering/status for ordningar for pasienttransport

Styresak. Bakgrunn: Føretak: Helse Vest RHF Dato: Saka gjeld: Investeringsbudsjett 2009 og lån Styremøte

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

Oppsummering Det blir vist til krav i føretaksprotokoll gitt til dei fire regionale helseføretaka for 2019:

Ambulansetenesta Helse Førde

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Fullmakter i utbyggingsprosjekt ARKIVSAK: 2017/1174 STYRESAK: 040/18

DATO: SAKSHANDSAMAR: Hans Kristian Stenby SAKA GJELD: Konseptrapport vaskehall og sterilsentral - Helse Bergen

Rapportering frå verksemda per oktober Vedlegg

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK:

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Samla oversikt over talet på innbyggjarar og befolkningsutvikling i kommunane i Helse Fonnaområdet:

Styresak. Forslag til vedtak. Styret vedtek ombygging av kontorlokala ved Sjukehusapoteket i Bergen.

Styresak. Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Følgjande krav er stilt til helseføretaka når det gjeld lærlingar i styringsdokumentet for 2017:

Vågå kommune Fellestenester

Rapportering frå verksemda per november og desember Vedlegg

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

STYRESAK STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar

DATO: SAKSHANDSAMAR: Torstein Solset SAKA GJELD: Risiko knytt til matforsyning - internrevisjon Helse Vest RHF

Utgreiing av føretaksgrenser i indre Hardanger. Tilråding til Helse Vest RHF frå styringsgruppa

Saksnr. utval Utval Møtedato 041/18 Kommunestyret

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Notat. Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato skriven: Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Styresak. Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Tenesteavtale 11. Mellom Jondal kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om vedtekne beredskapsplanar og planar for den akuttmedisinske kjeda

Legevaktpilot Sogn og Fjordane

Styresak. Administrerande direktør Jannicke Daae Tønjum Økonomisjef Ola Rye Etablering av Helse Vest Innkjøp HF

Styresak. Forslag til vedtak: Føretak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring av styringsmål 2018 rapportering 1. tertial

Tenesteavtale 11. mellom. XX kommune. Helse Fonna HF SAMARBEID OM VEDTEKNE BEREDSKAPSPLANAR OG PLANAR FOR DEN AKUTTMEDISINSKE KJEDA

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015

Status prosjekt prehospitale tenester. Administrerande direktør Arve Varden

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

Med god informasjon i bagasjen

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

DATO: SAKSHANDSAMAR: Anne Kristine Breivik SAKA GJELD: Mellombels særavtale om øyeblikkeleg hjelp døgnopphald for Vaksdal kommune

Transkript:

STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 28.05.2015 SAKSHANDSAMAR: Ingvill Skogseth SAKA GJELD: Spørsmål om ny helikopterbase i Helse Fonna HF - innspel til ny kontraktsrunde for helikoptertenester ARKIVSAK: 2006/389 STYRESAK: 066/15 STYREMØTE: 18.06.2015 FORSLAG TIL VEDTAK 1. Helse Vest RHF ser ikkje at det for kommande kontraktsperiode er grunnlag for å etablere ny base i Haugesund. 2. Helse Fonna bør vurdere andre tiltak dersom det er behov for å styrke prehospitale tenester. 3. Det må settast i verk tiltak for å sikre standardisering og betre utnytting av luftambulanseressursane. Prosedyrar i forhold til utkalling/bruk av luftambulanse må gjennomgåast. 4. Ved gjennomføring av nytt anbod for luftambulanse på Vestlandet, bør det vurderast ein opsjon for å styrke beredskapen med eit ekstra ambulansehelikopter i avtaleperioden. 1

Oppsummering Helseforetakenes Nasjonale Luftambulansetjeneste ANS (LAT ANS) vil sjå nærmare på basestruktur nasjonalt, herunder Helse Vest sitt behov for helikopterbasar, som forberedelse til ny anbodskonkurranse i luftambulansetenesta. Det er eit pågåande strategiarbeid for den framtidige luftambulansetenesta i Noreg. Eit hovudspørsmål her er: Kva treng helseregionane av ambulansefly- helikopterressursar for å ivareta sitt sørgje for ansvar. Denne styresaka gjeld primært spørsmålet om etablering av ny luftambulansebase i Helse Fonna HF. Helse Fonna har i brev datert 4. mai 2015 om ambulansehelikopter i Helse Fonna HF, bedt om bistand frå Helse Vest og Luftambulansetjenesten ANS for vidare utgreiing av saka. Helse Fonna blir til dagleg dekt av 3 ambulansehelikopter (Stavanger, Bergen og Ål) og redningshelikopteret på Sola. Kvar av desse har ei flytid til grensa i Helse Fonnas på cirka 10 15 minutt. Aktiviteten og oppdragsmengda i Helse Vest samla, og ved den einskilde base har vist ein stabil trend dei siste åra. Aktiviteten i Fonna området har også vist ein stabil trend. Det er relativt god kapasitet ved basane som dekker området. Nasjonalt bilete viser også at området har relativt god dekning. Det er verken i styresaka til Helse Fonna HF, eller i gjennomgangen frå Luftambulansetjenesten ANS og Helse Vest RHF, komme fram opplysningar om at luftambulansedekninga i Helse Fonna er utilstrekkeleg. Helse Vest må legge til grunn at etablering av ny luftambulansebase, eventuelt styrke tenesta med eit ekstra helikopter ved ein eksisterande base, må gjerast innanfor den økonomiske ramma i RHFet. Det vil gå inn i ein prioriteringssamanheng, og evt føre til nedprioritering av andre oppgåver. Helse Vest RHF ser på denne bakgrunn ikkje at det er grunnlag for å etablere ny base i Haugesund. Helse Fonna bør vurdere andre tiltak der det er behov for å styrke prehospitale tenester. Fakta Bakgrunn Luftambulansetjenesten ANS skal etter planen ha klar anbodsgrunnlaget til ny anskaffing av ambulansehelikoptertenester innan sommaren 2015. Dei vala som blir gjort fram til då vil kunne 2

gjelde for ein periode på 12 13 år. Innfasing av nye redningshelikopter av typen AW 101 startar i 2017. Eventuelle konsekvensar for ambulansehelikoptertenesta av denne endringa er neppe endeleg klart før tidlegst 2018. Det er så langt kjent at det vil bli ein allværskapasitet med avising, betraktelig auka rekkevidde, betre medisinsk kabin med lasterampe og redningskapasitet i forhold til dagens Sea King helikopter. Overordna problemstilling Kva treng helseregionane av ambulansefly og helikopterressursar for å ivareta sitt sørgje for ansvar? Svara på utfordringane vil kunne gjelde ein 13 14 års periode (dvs. ein kontraktsperiode frå 2018 2028). RHFa må vurdere framtidige pasientstraumar blant anna basert på eksisterande og komande strukturendringar i spesialisthelsetenesta. Utvikling i befolkningssamansetninga er også eit viktig grunnlag. Med bakgrunn i strategiar og analyser er RHFa bedt om å gi innspel til følgjande spørsmål: 1. Er det, eller kan det bli, kapasitetsutfordringar i tenesta som gjer det nødvendig å auke antal helikopterbasar eller antal helikopter (fleire helikopter pr base)? 2. Er det behov for å flytte nokon av helikopterbasane? 3. Korleis oppleves tilgjengelegheit på ambulansehelikoptertenesta knytt til Beredskapsavbrot, knytt til tekniske forhold og arbeids og kviletid? 4. Er det grunnlag for å justere dagens standardiserte helikopterteneste: a. Er det behov for dedikerte overføringshelikopter? Kva kapasitet skal desse helikoptra ha (for eksempel allværseigenskaper, krav til rekkevidde)? b. Er det behov for helikopter med større plass bak i kabin på nokre basar? c. Er det behov for endra bemanning på nokre basar (f. eks. meir enn berre lege i kabinen (har betydning for storleik på helikopter). Eit eventuelt behov for to pilotar i cockpit må vurderast operativt av Luftambulansetjenesten ANS. (F. eks. vil sannsynligvis innfasing av overføringshelikopter med allværseigenskaper krevje to pilotar) d. Skal alle basar tilby same tenestespekter som i dag, f. eks. innan søk og redning? (Underhengande operasjonar er krevjande, og krev mykje trening. Nokre basar gjer svært få slike oppdrag.) Luftambulansetjenesten ANS har gjennomført møte med alle dei regionale helseføretaka og dei relevante helseføretaka. Møtet med Helse Vest RHF blei gjennomført 22.9.2014. Som ei oppfølging av møtet har selskapet bedt oss om å konkretisere utfordringane RHFet ser for 3

tenesta. Helse Vest RHF vil svare administrativt på kvart av punkta i eigen oversendelse til Luftambulansetjenesten ANS. Denne styresaka gjeld primært spørsmålet om etablering av ny luftambulansebase i Helse Fonna HF. Spørsmålet er også relevant for den overordna problemstillinga og spørsmål 1 frå Luftambulansetjenesten ANS. Kommentarar Spørsmål om ny luftambulansebase i Helse Fonna HF Helse Vest RHF har over tid registrert eit stort engasjement for å etablere ny base i Helse Fonna. Saka har aktualisert seg ytterlegare i samband med nytt anbod for helikoptertenester og strategi for framtidig luftambulanseteneste. Det har vore ein omfattande prosess, og saka har vore behandla som styresak i Helse Fonna (Styresak 23/15 A i møte den 22. april 2015). Styret gjorde følgjande vedtak (samrøystes): 1. Styret viser til plan for prehospitale tenester og tidlegare vedtak 2. Styret viser til foreliggende saksunderlag i styresak 25/15 A 3. Styret ber AD sende brev til Helse Vest der en gjør oppmerksom på videre utredning av helikopterberedskapen i Helse Fonna, der en samtidig ber om bistand i den videre saksutredningen på beredskapsfaglig område i Helse Vest og Luftambulansetjenesten ANS Helse Fonna har i brev datert 4. mai 2015 om ambulansehelikopter i Helse Fonna HF, bedt om bistand frå beredskapsfagleg kompetanse i Helse Vest og Luftambulansetjenesten ANS for vidare utgreiing av saka. Ambulansehelikopter i Helse Fonna var også tema på styreseminaret i Ullensvang den 27. mai 2015. Luftambulansetjenesten ANS og Helse Vest RHF deltok på seminaret med presentasjonar og drøftingar av tenesta nasjonalt og regionalt. Generelt Luftambulansetenesta har ei spesiell rolle i den akuttmedisinske beredskapskjeda, samtidig som den er ein integrert del av den samla ambulansetenesta. Det er ikkje myndigheitskrav til responstid for ambulansetenesta generelt, eller luftambulansetenesta spesielt. Den overordna føringa som luftambulansetenesta har å forholde seg til, er i St.meld.nr. 43 (1999-2000) Om akuttmedisinsk beredskap. Her blir det gitt ei føring om at 90 prosent av befolkninga skal nåast av legebemanna ambulanse innan 45 minutt. Det er vanleg at 45 minutt blir tolka som «prehospital responstid», altså tida frå AMK får nødanropet til helikopteret er framme. Luftambulansetenesta sine eigne krav til operatørane er at dei skal vere på veg innan 15 minutt frå alarm, med mindre tryggleiken krev lenger tid. 4

Luftambulansedekning Helse Fonna HF Dette er framstilt visuelt i kartet under, der flysirklane representerer ca. 30 minutt flytid. Det kan gå raskare, men spesielt om natta er det behov for å førebu oppdraget godt for å ivareta sikkerheiten. Statens kartverk 2012. Tilrettelagt av Nordeca AS for KoKom og Luftambulansetjenesten ANS Det vi kan lese ut av kartet er: Helse Fonna blir til dagleg dekt av 3 ambulansehelikopter (Stavanger, Bergen og Ål) og 1 redningshelikopter (Sola). Kvar av desse har ei flytid til grensa i Helse Fonna på cirka 10 15 minutt. Bergen-basen åleine kan nå mest heile området innan 30 minuttar flytid. Alle har same høge medisinske kapasitet. Dersom det går an å fly, kan ein altså nå 100 prosent av befolkninga i Helse Fonna av legebemanna helikopter innan 45 minutt med svært god margin. Ved ekstraordinære behov (større hendingar), kan ytterlegare 2 ambulansehelikopter (Førde og Arendal) og 1 redningshelikopter (Florø) nå Helse Fonna-området innan 30-40 minuttars flytid. I tillegg kan Førde basen nå den nordaustlege delen av området innan dryge 30 minuttar flytid. Det er faktisk ein stor fordel at området kan nåast av helikopter frå ulike himmelretningar, dersom vêrforholda hindrar primærbasen. 5

Redningshelikopter frå Sola er vår «dårlig vær-ressurs» og har god «gjennomføringsevne». Dette blir ytterlegere betra med nye redningshelikopter frå ca. 2017, då desse får avisingsutstyr og dermed «all weather capacity». Dei vil også fly betydeleg raskare enn dagens Sea King. I forhold til dette har Helse Fonna ei god luftambulansedekning. Basane ligg under landsgjennomsnittet når det gjeld flytid og blir rekna for å ha god kapasitet. Helikopteroppdrag i Helse Fonna Ambulansehelikopter blir brukt både til primæroppdrag (utrykking til kommunar) og sekundæroppdrag (overføringsoppdrag mellom sjukehusa). Det blir i snitt utført knapt 1,5 oppdrag per døgn i Helse Fonna-området. Om lag 1/3 av oppdraga er overføringsoppdrag frå Haugesund, Stord og Odda. Når ambulansefly blir brukt i Helse Fonna, er det som oftast overføringsoppdrag frå Haugesund til Oslo. Manglande gjennomføring av oppdrag blir registrert som «avvik». Den viktigaste årsaka til avvik er vêrforhold (7 9 prosent av førespurnadene blir avviste eller må avbrytast). Samtidighetskonflikt ved éin base (4 7 %) fører som oftast til at oppdraget kan overførast til ein annan base, sidan Helse Fonna kan spele på fleire basar. Dei to basane (Bergen og Stavanger) har noko ulik policy når det gjeld terskelen for å iverksetje oppdrag. Dette kan vera utfordrande for AMK Haugesund, og kan i verste fall føre til uklare tilhøve og at det blir brukt unødvendig tid på å diskutere korleis oppdraget best kan løysast. Problemstillinga vil bli gjennomgått med sikte på å finne fram til ei betre koordinering og lik praktisering av rekvireringsrutinane. Dette føreset administrerande direktør at det blir rydda opp i. Retningslinjer gitt av Luftambulansetjenesten ANS i 2009 har følgjande hovudpunkt: Luftambulanse kan brukes når det foreligger sykdom eller skade som krever rask og/eller spesialisert overvåkning, akuttmedisinsk behandling og transport. Nærmeste ressurs skal benyttes når det haster. Lang transportavstand/tid eller ved åsteder som er vanskelig tilgjengelig for landbaserte ressurser Unntaksvis tilbakeføringer (ambulansehelikopter) Medisinsk utstyr, medikamenter, organer, blod og helsepersonell Enkle søk- og redningsoppdrag (SAR) Ikke politioppdrag Redningshelikopter kan benyttes til ambulanseoppdrag (HRS) Legebil når det er mer hensiktsmessig, men ikke erstatte kommunal legevakt 6

Aktiviteten i Helse Vest samla og ved den einskilde base har vist ein stabil trend dei siste åra, både i talet på tilvisingar og talet på gjennomførte oppdrag. Basane ligg under landsgjennomsnittet når det gjeld flytid og blir rekna for å ha god kapasitet. Dette går fram av den grafiske framstillinga under. Gjennomførte oppdrag med ambulansehelikopter i perioden 2006-2014. Primæroppdrag Sekundæroppdrag SAR Hente skadd/sjuk pasient på skadestad/kommune Overflyttingar og tilbakeføringar (mellom sjukehus) Søk og redning (utføres primært av Redningshelikoptertjenesten) 7

8

Kva for nokre helseføretak (HF) har ikkje ambulansehelikopter i eige område? Helse Fonna har peika på at dei er det einaste helseføretaket i Helse Vest som ikkje har eigen helikopterbase. Det er rett, men på landsbasis er det 6 HF som ikkje har eigen base. Dette gjeld: Finnmarkssykehuset HF (har redningshelikopter) Helse Nord-Trøndelag HF Helse Fonna HF Sykehuset Telemark HF Sykehuset i Vestfold HF Sykehuset i Østfold HF (har redningshelikopter) Kva krev etablering av ein ny helikopterbase? Etablering av ein ny base krev helikopter og reservehelikopter. Det må etablerast eit basebygg med kvile- og opphaldsfasilitetar, kontorer, lager, hangar og treningsrom. Helikopterlandingsplass må vera i tilknyting til baseanlegget. Lokalisering av base er krevjande med omsyn til flysikkerheit og miljø. Basen skal bemannast med personell for 24-timers drift heile året. Dette krev 3,5 4 pilotar, 3,5 4 redningsmenn, 8-10 anestesilegar og teknisk personell. Den nye basen i Førde kosta 130 MNOK. Då var det i tillegg medrekna AMK sentral og ambulansestasjon. Kostnader ved etablering av ny base Helse Vest må legge til grunn at etablering av ny luftambulansebase, eventuelt styrke tenesta med eit ekstra helikopter ved ein eksisterande base, må gjerast innanfor den økonomiske 9

ramma i RHFet. Det vil gå inn i en prioriteringssamanheng, og evt føre til nedprioritering av andre oppgåver. Erfaringane frå etablering av ny base på Evenes som blei opna i nyleg, tilseier årlege driftskostnader på ca. 52 MNOK. Helikopteret på Evenes er av tilsvarande størrelse som det største på Lørenskog. Eit helikopter av mindre modell (tilsvarande dei vi har i Helse Vest) vil vera noko rimelegare. Til samanlikning var årlege driftskostnader for basane i Helse Vest frå 24,9 til 26,9 MNOK i 2014. Desse tala er berre dei som vi betalar til operatørane og til baseleige gjennom Luftambulansetjenesten ANS. Helseføretaket sine kostnader (medisinsk bemanning, andel leige base, medisinsk forbruksmateriell etc) kjem i tillegg. For 2015 overfører eigarane (dei fire RHFa) følgjande økonomiske vederlag for fly/helikopterkontraktane til Luftambulansetjenesten ANS: RHF Kroner Helse Nord RHF 370 223 688 Helse Midt-Norge RHF 125 191 192 Helse Vest RHF 102 549 026 Helse Sør-Øst RHF 244 366 372 Vurdering Helse Vest RHF vurderer at Helse Fonna er godt dekka av luftambulanseteneste. Helseføretaket blir dekka av 3 basar. I tillegg kjem Sea King redningshelikopteret som er i ein akseptabel avstand. Utrykkingstid frå Stavanger basen til Haugesund sjukehus er 18 minutt for luftambulansen. Noko lenger for Sea King frå Sola. Den største delen av oppdrag til Helse Fonna dei seinare åra har vore sekundær transport frå Haugesund sjukehus til Haukeland eller Stavanger universitetssjukehus. Det har vore ei styrking av beredskapen i Helse Fonna etter at det er oppretta ein legebil ved Haugesund sjukehus. Luftambulanseberedskap må bli vurdert i samanheng med sjukehusstruktur og med bil- og båtambulanseberedskap. Sentralisering av spesialiserte sjukehusfunksjonar kan auke transportbehovet mellom institusjonane. Slike «sekundæroppdrag» representerer ein vesentlig del av luftambulansetenesta si verksemd. Som følgje av lange avstandar, kombinert med høgt kompetansebehov, vil dette også i framtida vere ei viktig oppgåve for luftambulansetenesta. 10

Det er likevel viktig at også bilambulansetenesta, i samarbeid med sjukehus, har beredskap for pasienttransportar med behov for medisinsk kompetanse utover vanleg ambulansenivå og over på intensivtransportar. Dette krev eit forberedt konsept, der helsepersonell er opplærd og trena i transportmedisin og at medisinsk utstyr er tilpassa ambulansen på forsvarleg måte. For mange sjuehus i landet vil bruk av ein slik bakkebasert intensivtransport vere vel så egna som bruk av luftambulanse. Det styrker også robustheten i den samla tenesta, sidan bilambulanse er mindre operativ sårbar enn luftambulanse. I Helse Fonna ved Haugesund sjukehus er det frå 2011 etablert legebil som ved utrykking blir bemanna med lege frå anestesiavdelinga samt redningsmann. Legebilen blir også brukt til å kjøre i møte med ambulansar frå distriktet. Det blir arbeida med ei ytterlegare utviding av denne ressursen. Helse Vest RHF overfører (etter styrevedtak i 2013 Styresak 025/13 B), kroner 4 million til Helse Fonna HF årleg til bruk i prehospitale tenester. Det er Helse Fonna som må vurdere korleis midlane skal nyttast på ein best mogeleg måte. Bakgrunnen for sak 025/13, var at dei tre andre føretaka i Helse Vest ikkje har direkte utgifter til bemanning av legebil fordi det er personell i beredskap ved basane som også rykker ut med legebilen. Helse Fonna har ut frå det ikkje den tilleggsressursen som dei andre HFa har til å bemanne legebil. Konklusjon Aktiviteten i Fonna området har vist ein stabil trend Det er god kapasitet ved basane som dekker området Det er verken i styresaka til Helse Fonna eller i gjennomgangen frå Luftambulansetjenesten ANS og Helse Vest RHF komme fram opplysningar om at luftambulansedekninga i Helse Fonna er utilstrekkeleg Nasjonalt bilete viser at området har relativt god dekning Kostnadane ved å etablere ein ny luftambulanse base i Helse Fonna vil vera høge, og må dekkast innafor den økonomiske ramma som er tilgjengeleg for å drifte heile spesialisthelsetenesta på Vestlandet i dag Med bakgrunn i dette ser ikkje Helse Vest RHF at det er grunnlag for å etablere ny base i Haugesund Helse Fonna bør vurdere andre tiltak der det er behov for å styrke prehospitale tenester 11

På lengre sikt vil vegutbygging bidra til at bilambulanse oftare vil vera eit alternativ ved overflytting av pasientar mellom sjukehus i regionen 12