Stryn kommune Arkiv: FE - 145 JournalpostID: 17/14900 Saksbehandlar: Kirsti Margrete Fjellvang Saksframlegg Saksnr. Utval Møtedato 040/17 Helse- og sosialutvalet 14.11.2017 010/17 Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne 15.11.2017 135/17 Formannskapet 22.11.2017 Kommunestyret Betalingssatsar 2018 for kjøp av mat frå Stryn og Vikane omsorgssenter Bakgrunn for saka: Det vert gjort framlegg om at satsane for sal av mat frå omsorgssentra vert auka med 2,5 % for dei med inntekt over 2. For dei med lågare inntekt vert satsane fastsett etter statlege retningsliner på grunn av inntektsskjerming Ikkje vedlagt sakstilfang: KS 100/16 Betalingssatsar 2017 for kjøp av mat frå Stryn og Vikane omsorgssenter Saksopplysningar: Det vert produsert store mengder middagsporsjonar til eksterne brukarar kvart år. I 2016 vart 14 056 porsjonar køyrt ut til heimebuande, medan 10 906 porsjonar vart servert eller henta på omsorgssenteret til heimebuande. Oversikta nedanfor syner prisutvikling på mat siste åra: 2014 2015 2016 2017 Middag (2 rettar) på senteret Middag (2 rettar) utkøyrt / levert Middag (2 rettar) inntekt<2 og/eller utan Frukost eller kvelds på senteret Kr 84 Kr 86 Kr 88 Kr 90 Kr 89 Kr 90 Kr 93 Kr 95 Kr 47 Kr 48 Kr 49 Kr 50 Kr 28,50 Kr 29 Kr 30 Kr 31
Prisane bygger på vurdering av faktiske råvarekostnader og kostnader ved emballasje og utkøyring. Det er tilrettelagt eigen pris for brukarar med inntekt under 2 som har trong for å kjøpe middag som erstatning for praktisk bistand etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester. Dvs. at desse brukarane då ikkje skal betale meir enn råvarekostnaden ved middagen i tillegg til den statleg fastsette betalinga for praktisk bistand som i 2017 er på kr. 200 pr. mnd. Denne satsen vert juster av staten for 2018. Utkøyring vert organisert av Frivillegsentralen i den grad dei klarer skaffe frivillige, men slik at kommunen betaler køyregodtgjersle. Det er større frivillig innsats i Vikaneområdet enn i Strynområdet. Heimebaserte tenester køyrer også ut mat ved trong. Inntektene frå matsalet ser i år 2017 ut til å kome over ca 1,1 mill kr. Det er opp til områdeleiar å prioritere kven som kan kome inn under ordninga med utkøyring av mat og i kva omfang, jf. kjøkkenet sin kapasitet og krav til rasjonell utkøyring. Til orientering vert fastsetting av pris for full kost ved opphald i bufellesskap, Stryn omsorgssenter, gjort i eiga sak der også andre kostnader ved bufellesskapet vert fastsett. Det er eit ønskje frå omsorgssentra at også heimebuande kan få tilbod om full kost når brukarane bur heime. Forslaget er at det vert sett ein pris på full kost lik pris full kost i bufellesskap. Full kost vert aktuelt ved kjøp av tre måltid eller meir for dag. Dersom brukarane får frakta heim middagane vert det å nytte full kost med utkøyrt/levert. Vurdering: Det er etter ønskje frå omsorgssentra at ein opprettar eit nytt måltid, junsj. Det viser seg at det er trong for det. Forslaget er då å legge til eit måltid lunsj på lik linje med frukost og kvelds og til same pris. Det er ikkje store endringar i 2017 så for 2018 blir det lagt til grunn generell prisauke på 2,5% Prisar 2017 Framlegg til prisar 2018 Middag (2 rettar)på senteret, med Kr 90 Kr 92 inntekt > 2 og/eller utan heimel i LHO Middag (2 retter), med inntekt > 2 kr. 95 kr. 98 og/eller utan Middag (2 retter) i medhald av LHO kr. 50 og med Frukost, lunsj eller kvelds på omsorgssenteret kr. 31 kr. 32 Prisen på tørrmat er tilnærma lik råvarekostnad. Framlegget medfører streng vurdering av kven som har trong for å få kjøpe middag som erstatning
for praktisk bistand og det føreset då vedtak i medhald av lov om kommunale helse- og omsorgstenester (LHO) 3-2, 6 b og 11-2. Alternativt kan sal av middag skje utan medhald i helseog omsorgslova, og då er det ikkje inntektsskjerming. Næringsrikt kosthald er viktig førebygging. Produksjon på institusjonskjøkken er rasjonell produksjonsmåte. Alternativet for dei fleste ville vere kjøp av ferdigmat-produkt, men då vert det i kald form. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: utan Middag (2 retter), med inntekt > 2 og/eller utan kr. 98 Full kost pr dag m/inntekt over 2 kr. 156 pr. mnd kr. 4.745 Full kost pr dag m/inntekt under 2 kr. 115 pr. mnd kr. 3.498 Helse- og sosialutvalet 14.11.2017: Rådmannen sitt framlegg samrøystes tilrådd. HS- 040/17 Vedtak: utan Middag (2 retter), med inntekt > 2 og/eller utan kr. 98
Full kost pr dag m/inntekt over 2 kr. 156 pr. mnd kr. 4.745 Full kost pr dag m/inntekt under 2 kr. 115 pr. mnd kr. 3.498 Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne 15.11.2017: Rådmannen sitt framlegg samrøystes tilrådd. REF- 010/17 Vedtak: utan Middag (2 retter), med inntekt > 2 og/eller utan kr. 98 Full kost pr dag m/inntekt over 2 kr. 156 pr. mnd kr. 4.745 Full kost pr dag m/inntekt under 2 kr. 115 pr. mnd kr. 3.498 Formannskapet 22.11.2017:
Helse og sosialutvalet og Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne sitt framlegg, samrøystes tilrådd. FO- 135/17 Vedtak: utan Middag (2 retter), med inntekt > 2 og/eller utan kr. 98 Full kost pr dag m/inntekt over 2 kr. 156 pr. mnd kr. 4.745 Full kost pr dag m/inntekt under 2 kr. 115 pr. mnd kr. 3.498