Vanylven kommune OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL Driftsutvalet Møtestad: Kommunestyresalen, Combisenteret, Fiskå Møtedato: 04.05.2006 Tid: Frå kl. 14.00 var det synfaring på Eidså i høve sak om buog driveplikt Eldar Kolgrov. Deretter orientering om golfbana v/tor Inge Nygård. Bondelaget serverte mat frå bønder i Vanylven og oppfordra Vanylven kommune til å vise at dei støttar bøndene. Møtet vart sett kl. 15.30. Slutt kl. 17.30 Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 28.04.06 Desse medlemene møtte: Magne Løvoll - leiar Lena Landsverk Sande nestleiar Lasse Rindal Hallstein Ljoså Nils Olav Moen Idar Brekke Forfall: Varamedlemer: Harald Søvdsnes For Harald Søvdsnes møtte ingen. 6 av 7 medlemar møtte. Frå administrasjonen møtte: Teknisk sjef Per Brandal, landbrukssjef Atle Arnesen (t.o.m sak 025/06), og møtesekretær Kåre Kvangarsnes. Merknader: Ingen merknader til innkalling og saksliste Protokoll frå forrige møte: Lena Landsverk ville vite nærare om vedtaket i sak 0019/06 Feiar i Vanylven. Det vart opplyst at ein ville kome tilbake til sake seinare i møtet Elles ingen merknader. Skriv og meldingar: Leiar Magne Løvoll opplyste at driftsutvalet har motteke lunsjnvitasjon frå Siem Rovde der ein også vil orientere om verksemda m.m. Leiaren avtalar nærare tidspunkt, gjerne i samanheng med møte i driftsutvalet, som også vert kombinert med andre synfaringar på Rovde. Postadresse: Besøksadresse: Rådhuset Telefon: 70 02 37 00 6143 Fiskåbygd FISKÅBYGD Telefaks: 70023737
Landbruk: Delegerte vedtak: 11.04.06: Felling av skadegås- Randulf Lillebø. 12.04.06: Fjerning av skadevilt ved offentlege bygg. Teknisk etat: Skriv av 30.03.06 frå Teknisk etat til Arnfinn Nordnes vedk. mur inntil kommunal veg gbnr. 89/156. Skriv av 03.04.06 frå Statens forurensingstilsyn vedk. forsvarleg utfasing av PCB haldige produkt og avfall. Skrivet vart utdelt. Teknisk sjef vil legge fram sak. Eventuelt: Sak om delegasjonsreglement vart etterlyst. Teknisk sjef tok opp følgjande sak: Bjarne Maalø skade på drenering. Tilbakeslag frå Reiteelva. Leiar i driftsutvalet Magne Løvoll vart vald til å forhandle med vedkomande saman med adm. Teknisk sjef tok opp sak om feiar i Vanylven. Han opplyste at einaste søkjaren til stillinga har trekt seg då ein ikkje fekk til 100 % stilling for vedkomande. Driftsutvalet bed om at det vert lyst etter feiar i 30 % stilling. Elles vil ein kjøpe inn tenester knytt til feiing m.m. Saker som vart handsama: 0021/06 0030/06 Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Stad, dato Side 2 av 8
SAKSLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 0021/06 06/00164 HARALD OSNES - SØKNAD OM DELING AV GRUNNEIGEDOM 0022/06 06/00269 HALLDIS SØVDSNES - DELING AV GRUNNEIGEDOM - GBNR. 121/004 0023/06 06/00288 SIVERT SYLTE - DELING AV GRUNNEIGEDOM MED BUSTADHUS - GBNR 025/005 0024/06 06/00310 MAGNE VIK ARSET - DELING AV GRUNNEIGEDOM - GBNR. 148/003 0025/06 05/00513 MAGNE VIKEBAKK - FRÅDELING GAMLETUNET - GBNR. 016/005 0026/06 03/00754 RIKSVEG 61 VED ÅHEIM BARNEHAGE - FARTSGRENSE 0027/06 04/00394 ARSET, SØRBRANDAL OG BJØRLYKKA - FARTSBEGRENSING 0028/06 06/00247 ORTRA AS - TRANSPORT FRÅ GROVAVFALLSPLASSEN PÅ LILLEEIDE 0029/06 04/00989 ÅHEIM SMÅBÅTLAG: VEDK. BETALING VASSGEBYR 0030/06 06/00106 Ikkje offentleg 4 KLAGESAK Side 3 av 8
0021/06 HARALD OSNES - SØKNAD OM DELING AV GRUNNEIGEDOM Samrøystes vedtak som framlegget. Driftsutvalet syner til 63 i plan- og bygningslova og gjev løyve til deling av gnr 46 bnr 105 og 121 etter framlagd skisse. Ved oppmåling må det likevel passast på at dei omsøkte parsellane vert sikra rettar for tilkomst, vasstilførsle og avløp. 0022/06 HALLDIS SØVDSNES - DELING AV GRUNNEIGEDOM - GBNR. 121/004 Samrøystes vedtak som framlegget. Driftsutvalet syner til 9 og 12 i jordlova og til 63 i plan- og bygningslova, og gjev løyve til frådeling som omsøkt på gnr 121 bnr 4 i Vanylven. 0023/06 SIVERT SYLTE - DELING AV GRUNNEIGEDOM MED BUSTADHUS - GBNR 025/005 Samrøystes vedtak som framlegget. Driftsutvalet syner til 12 i jordlova og til 63 og 66 pkt. 2 i plan- og bygningslova og gjev løyve til frådeling som omsøkt på gnr 25 bnr 5 i Vanylven. Det er såleis eit vilkår at parsellane vert tilknytte offentleg vassforsyning og avløp. Side 4 av 8
0024/06 MAGNE VIK ARSET - DELING AV GRUNNEIGEDOM - GBNR. 148/003 Framlegg frå Magne Løvoll: Driftsutvalet syner til 12 i jordlova og til 63 i plan- og bygningslova, og gjev løyve til frådeling av areal som tidlegare i godkjend plan er regulert til byggeområde. Kommunen ser på den innkomne merknaden som eit privatrettsleg forhold som fell utanom delingssaka i vurderinga av frådelingsløyvet. Framlegget frå Magne Løvoll vart samrøystes vedteke. Driftsutvalet syner til 12 i jordlova og til 63 i plan- og bygningslova, og gjev løyve til frådeling av areal som tidlegare i godkjend plan er regulert til byggeområde. Kommunen ser på den innkomne merknaden som eit privatrettsleg forhold som fell utanom delingssaka i vurderinga av frådelingsløyvet. 0025/06 MAGNE VIKEBAKK - FRÅDELING GAMLETUNET - GBNR. 016/005 Samrøystes vedtak som framlegget. Driftsutvalet syner til 63 i plan- og bygningslova og gjev løyve til deling av gnr 16 bnr 5 i Vanylven som omsøkt. 0026/06 RIKSVEG 61 VED ÅHEIM BARNEHAGE - FARTSGRENSE Framlegg til vedtak: Driftsutvalet bed om at sona for 60 km/t vert utvida i samsvar med kravet frå foreldrerådet i Åheim barnehage. Side 5 av 8
Framlegg frå Lasse Rindal: 1. Driftsutvalet vil ikkje tilrå at fartsgrensa vert redusert til 60 km/t slik søkt om. 2. Driftsutvalet finn det meir tenleg å få etablert samanhengande og planfri kryssing ned mot Åheim sentrum slik reguleringsplanen for området angir, og vil arbeide for dette. Framlegget frå Lasse Rindal vart samrøystes vedteke. 1. Driftsutvalet vil ikkje tilrå at fartsgrensa vert redusert til 60 km/t slik søkt om. 2. Driftsutvalet finn det meir tenleg å få etablert samanhengande og planfri kryssing ned mot Åheim sentrum slik reguleringsplanen for området angir, og vil arbeide for dette. 0027/06 ARSET, SØRBRANDAL OG BJØRLYKKA - FARTSBEGRENSING Framlegg til vedtak: Driftsutvalet bed om at strekninga frå gamleskulen til forbi kommunevegen til Plassen i Sørbrandal vert nedskilta til 60 km/t. Tilleggsframlegg frå Hallstein Ljoså: Vidare at det vert etablert 60 km/t gjennom busetnaden i Bjørlykka. Framlegget pluss tilleggsframlegget frå Hallstein Ljoså vart samrøystes vedteke. Driftsutvalet bed om at strekninga frå gamleskulen til forbi kommunevegen til Plassen i Sørbrandal vert nedskilta til 60 km/t. Vidare at det vert etablert 60 km/t gjennom busetnaden i Bjørlykka. Side 6 av 8
0028/06 ORTRA AS - TRANSPORT FRÅ GROVAVFALLSPLASSEN PÅ LILLEEIDE Framlegget vedteke med 4 røyster mot 2 røyster. Krav frå Ortra AS om høgding av pris på ekstern transport av avfall vert akseptert. 0029/06 ÅHEIM SMÅBÅTLAG: VEDK. BETALING VASSGEBYR Framlegg til vedtak: Alt. I Årsgebyret for vatn vert å betale etter dei retningsliner som er trekte opp for småbåthamner Alt. II Laget vert fråkopla frå vassverket Alternativ I vart samrøystes vedteke. Tilråding: Årsgebyret for vatn vert å betale etter dei retningsliner som er trekte opp for småbåthamner 0030/06 Ikkje offentleg 4 KLAGESAK Framlegget frå Magne Løvoll vart samrøystes vedteke. Side 7 av 8
Eventuelt: Leiar Magne Løvoll tok opp biobrenselsprosjekt Northun. Både han og teknisk sjef orienterte om prosjektet. Framdrift: Utlysing siste halvdel av mai. Politisk handsaming i slutten av juni. Rett utskrift 05.05.06 Kåre Kvangarsnes Side 8 av 8