Plan for utvikling av oppvekstavdelinga i Rennesøy



Like dokumenter
Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

ta pulsen på tverrfagleg og tverretatleg samarbeid

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

Barnehagebruksplan

Tilbudet til barn og familie skal ha høy kvalitet Hva er ditt bidrag? Om krav og forventninger som følger med godkjenning

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

Kommunedelplan for oppvekst

Overordnet kompetanseplan for Vennesla-barnehagene

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

Barnehageplan for Vinje kommune

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Barnehagelærerutdanninga Ansvar for likestilling og likeverd i barnehagen?

Tilstandsrapport for barnehager i Verdal kommune 2011

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Avtaleerklæring Barnehage foreldre. Sørreisa kommune

Barnehagens samfunnsmandat

STRATEGISK PLAN FOR OPPVEKSTSEKTOREN I LEIKANGER KOMMUNE

Opplæringsloven. Modul 2 Kurs i avtaleforståelse Tariffområde KS Grunnskolering for nye tillitsvalgte

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Velkommen til foreldremøte

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

ÅRSPLAN barnehagen for de gode opplevelsene

Minoritetsspråklige barn i barnehage regelverk og veiledere

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

PLAN FOR SAMMENHENG OG OVERGANG BARNEHAGE - SKOLE

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Barnehagesektorens rolle i kommunenes tverrfaglige arbeid med utsatte barn og unge 0-24 år

Velkommen til foreldremøte

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

VEDTEKTER FOR. FANTEBAKKEN FAMILIEBARNEHAGE Kanutten og Knærten

Den norske grunnskolen. Roy Wiken

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Barns læring i barnehagen aktuell nasjonal politikk

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

KROPPANMARKA BARNEHAGER. Okstad og Okstadvegen barnehager. VIRKSOMHETSPLAN for

PLAN FOR KOMPETANSE- UTVIKLING

Vedtekter for kommunale barnehagar

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

VEDTEKTER. Utarbeidet desember 2011, revidert januar 2012.

Barnehagelærarutdanninga

Du må tru det for å sjå det

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Barnehage til beste for barn

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Årsplan Furulunden barnehage 2017/2018.

Blåbærskogen barnehage

Vedtekter. for Babyhagen familiebarnehage

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

VEDTEKTER FOR HUSEBYGRENDA FAMILIEBARNEHAGE

Vedtekter for kommunale barnehager i. Nore og Uvdal

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Pedagogisk plattform

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

Knøttene familiebarnehage

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

ÅRSPLAN 2016 OPPVEKST OG UTDANNING LØKEN BARNEHAGE. Aurskog-Høland kommune

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Kvalitetsplan for SFO

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Framlegg til statsbudsjett og andre satsingar i 2014

VEDTEKTER FOR DE KOMMUNALE BARNEHAGENE I RINGSAKER

Vedtekter for kommunale barnehager Fastsatt av Bystyret

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGER I SKIEN

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

LOFTHUS FAMILIE- BARNEHAGE

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

Et samfunn som ikke med jevne mellomrom diskuterer formålet med sin viktigste offentlige sosialiseringsinstitusjon, svikter sin demokratiske oppgave

ÅRSPLAN PRESTEFJELLET BARNEHAGE AS 2016

Samling med kommunane 4.juni 2013

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Transkript:

Rennesøy kommune STRATEGIPLAN Plan for utvikling av oppvekstavdelinga i Rennesøy 2009 2012 Strategiplan for oppvekstavdelinga 2009-2012 1

Innhald 1. OPPVEKSTAVDELINGA SINE LANGSIKTIGE MÅL...4 1.1 KOMMUNEPLANEN 2000-2012...4 1.2 VISJON...4 1.3 MÅL OG VERKEMIDDEL...4 2. UTFORDRINGAR OG STATLEGE STYRINGSSIGNAL 2008/2009...5 2.1 BARNEHAGANE (FRÅ FYLKESMANNEN SIN VERKSEMDSPLAN 2008/2009)...5 2.2 GRUNNSKULEN (FRÅ FYLKESMANNEN SIN VERKSEMDSPLAN 2008-2009)...5 2.3 SKULEFRITIDSORDNINGA...6 2.4 KULTURSKULEN...6 2.5 OPPLÆRING FOR BARN, UNGE OG VAKSNE MED MINORITETSBAKGRUNN...6 2.6 VAKSENOPPLÆRINGA...6 3. STRATEGIPLAN 2009-2012 MÅL OG TILTAK...7 3.1 BARNEHAGANE...7 3.1.1 Utbygging av barnehagane...7 3.1.2 Renovering av Rennesøy og Bru barnehage, bygg og uteområde...8 3.1.3 Saksbehandling /arkivering i barnehagane...8 3.1.4 Rekruttering av personale...9 3.1.5 Kvalitetsutvikling...10 3.1.6 Kompetanseutvikling...11 3.1.7 Inkluderande fellesskap og plass til kvart enkelt barn...11 3.1.8 Fagleg og sosial satsing...12 3.2 GRUNNSKULEN...13 3.2.1 Kvalitetsvurdering...13 3.2.2 Kompetanseutvikling...13 3.2.3 Fysisk og psykososialt miljø...14 3.2.4 Tilpassa opplæring/spesialundervisning...14 3.2.5 Fagleg satsing...15 3.3 SKULEFRITIDSORDNINGA...15 3.4 KULTURSKULEN...16 3.5 OPPLÆRINGSTILBOD FOR BARN, UNGE OG VAKSNE MED SPRÅKLEG MINORITETSBAKGRUNN...17 3.6 VAKSENOPPLÆRINGA...17 Strategiplan for oppvekstavdelinga 2009-2012 2

Innleiing Føremålet med strategiplanen er at han skal vera ein styringsreiskap for avdelinga. Han skal også gi politikarar, tilsette, foreldre og andre som har interesse av det eit oversyn over verksemda i perioden 2009 2012. For grunnskulen, SFO og kulturskulen er tiltak som ikkje ligg inne i budsjett og økonomiplan 2009 2012, kostnadsrekna og merka med *. For barnehagedelen av planen er nye tiltak ikkje kostnadsrekna. Planen bygger i hovudsak på: opplæringslova læreplanen for kunnskapsløftet barnehagelova rammeplan for barnehagen rammeplan for kulturskulen nasjonale og kommunale satsingsområde for alle sektorane innan oppvekst samarbeid mellom oppvekstkontoret, barnehagar, skular, sfo og kulturskule innspel frå lokale politikarar innspel etter politisk handsaming i hovudutvalet (KOO) 11.03.09 Ein kan gjerne bruka omgrepet kvalitetssikring i samband med strategiplanarbeidet, og seia at strategiplanen er ein reiskap som skal sikra at det er samsvar mellom dei sentrale og lokale prioriteringane. For grunnskulen vil framleis Kunnskapsløftet stå sentralt dei neste åra. Reforma krev ein målretta innsats på alle nivå i opplæringssystemet. Skulesjefen er trygg på at organisasjonen vår både har evne og vilje til gjennomføringa av Kunnskapsløftet. For barnehagen vil Barnehageløftet stå sentralt: Full barnehagedekning, høg kvalitet og låg pris. Her og krev reforma ein målretta innsats på alle nivå. Mangel på førskulelærarar vil vera ein ekstra utfordring for å oppretthalda og vidareutvikla høg kvalitet på barnehagetilbodet. Mykje tid og ressursar vil også dei kommande åra gå til planlegging og vidare utbygging av barnehagar og skular i kommunen. For barnehagen er finansiering og lovgjeving dei viktigaste nasjonale verkemidla for å sikra utbygging og vidare utvikling av kvalitet i barnehagen. For skulen vil rentefrie lån vera til god hjelp i finansieringa av planlagde utbyggingar. Det er eit nasjonalt ansvar å følgja med på korleis verkemidla fungerer, og om det er samsvar mellom barnehagelova sine intensjonar og kvardagen som barn og foreldre møter i barnehagen. Oppvekstavdelinga vil utarbeida ein eigen plan med fokus på å synleggjera og vidareutvikla kvaliteten i kommunen sine barnehagar. Etter at elevtalet i kulturskulen dei siste åtte åra har auka frå 38 til 240 må vi kontinuerleg arbeida for ei vidare utvikling av skulen. Det gjeld så vel breidda av tilbod, som det pedagogiske innhaldet i dei enkelte tilboda. Skulen er i dag tildels ei samling av parallelle undervisningstilbod som det er viktig å samordna til ein større heilskap. Dette arbeidet kan også vidareutviklast gjennom samarbeid mellom grunnskulen og kulturskulen slik som i KOM-prosjektet. For avdelinga vil det i den kommande 4-årsperioden bli lagt endå større vekt på å få til ein god samanheng mellom utviklings- og læringsarbeid for barnehage- og skulebarn. I denne perioden vil vi spesielt retta blikket mot realfaga. I tillegg har både barnehagar og skular eit behov for å betra sine system for sakshandsaming, journalføring og arkivering. Dette må samordnast med det kommunale systemet. Rennesøy oppvekstkontor, 18. mars 2009 Anny Hatlen -barnehagesjef- Bernt Selvikvåg -skulesjef- Strategiplan for oppvekstavdelinga 2009-2012 3

1. Oppvekstavdelinga sine langsiktige mål 1.1 Kommuneplanen 2000-2012 Kommuneplanen for Rennesøy 2000 2012 inneheld dei langsiktige måla. Her finn vi styringssignala frå kommunen som utgjer den overordna delen av kommunen si strategiske planlegging. Visjonen for kommunen og dei mest relevante måla og verkemidla for oppvekstavdelinga er: 1.2 Visjon Visjonen trivsel og tryggleik er felles for heile kommuneorganisasjonen eit perspektiv vi skal ta med i alle viktige avgjerder og i det kvardagslege arbeidet. Næringsliv, heimar og organisasjonsliv blir utfordra til å dela denne visjonen. 1.3 og verkemiddel Styrt folkevekst og god integrering av nye innbyggarar i lokalsamfunnet. Tilbodet innafor barnehage, skule, helse, kultur og fritidstilbod skal utviklast i takt med folkeauken. Samkjensle og engasjement omkring lokalsamfunn og nærmiljø. Utstrekt samarbeid mellom kommunen og lokale lag og organisasjonar. Trygge, gode og stimulerande oppvekstmiljø for barn og unge. Allsidig opplæringstilbod i kulturskulen i samsvar med gjeldande lov og rammeplan. Vidare utbygging av barnehageplassar til full dekning. Auka ressurstilgang til skulane etter kvart som elevtalet og klassetalet aukar. Opplæringsplan for born, unge og vaksne med spesielle behov. Rennesøy kommune skal vera ein attraktiv arbeidsgjevar, med ein omstillingsdyktig, samkøyrd og godt kvalifisert arbeidsstokk. Redusera stress og for høgt arbeidspress. Likeverdige arbeids-, trivsels- og utviklingsvilkår for kvinner og menn. God oppfølging av nytilsette. Aktiv seniorpolitikk. Konstruktiv konflikthandtering. Plan for personalutvikling inkl. likestilling og opplæring. God samanheng mellom overordna mål, ressursbruk og serviceprodukt. retta utnytting av eksterne støtteordningar til øyremerka føremål. Vidareutvikla internkontrollsystemet inkl. økonomisk kontroll. Strategiplan for oppvekstavdelinga 2009-2012 4

2. Utfordringar og statlege styringssignal 2008/2009 2.1 Barnehagane (Frå fylkesmannen sin verksemdsplan 2008/2009) Kommunen har ansvar for utbygging og drift av barnehagar for å nå målet om full barnehagedekking. Kommunen skal ha ei maksimalgrense for foreldrebetalinga i barnehagane og ordningar med redusert foreldrebetaling og søskenmoderasjon. Kommunen skal leggja til rette for ein samordna prosess for opptak av barn til alle godkjende barnehagar. Kommunen skal sørgja for at alle godkjende barnehagar mottar offentlege tilskot på ein samla sett likeverdig måte. Kommunen skal sikra kvaliteten i barnehagane gjennom godkjenning og systematisk tilsyn. Kommunen skal sikra eit heilskapleg barnehagetilbod som er av god kvalitet og tilpassa lokale behov. Kommunen ska utvikle og gjennomføre planar for kompetanseutvikling for alle barnehagane i kommunen. Kommunen skal sjå til at barn under opplæringspliktig alder med særlege behov for spesialpedagogisk hjelp, får slik hjelp. Kommunen skal gjennomføra planar for tilsyn, systemrevisjon og løpande tilsyn med barnehagane. 2.2 Grunnskulen (Frå fylkesmannen sin verksemdsplan 2008-2009) Kommunen har ansvaret for at krava i opplæringslova blir oppfylte og for å stilla nødvendige ressursar til disposisjon. Kommunen skal ha eit forsvarleg system for kvalitetsvurdering og for å følgja opp resultata frå eigne og nasjonale vurderingar. Kommunen skal sikra at alle elevar får opplæring i eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Det skal leggast vekt på tiltak for å førebygga mobbing og vald, rusmisbruk og rasisme. Tilsette i skulen har plikt til å gripa inn om dei får kjennskap til, eller mistanke om, at ein elev blir utsett for mobbing, diskriminering, vald eller rasisme. Kommunen skal sørga for at elevane er delte inn i grupper etter behov. Gruppene må ikkje vera større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. Organiseringa skal ivareta elevane sitt behov for sosialt tilhøyre. Til vanleg skal organiseringa ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhøyr. Kommunen skal ha skulefagleg kompetanse i kommuneadministrasjonen over skulenivået. Kommunen skal syta for at personalet i grunnopplæringa skal ha kompetanse som sikrar eleven tilpassa opplæring med høve til å utvikla evner og talent i samsvar med Kunnskapsløftet. Skuleeigaren skal sørga for at dei obligatoriske prøvane blir gjennomførte. Skuleeigar skal sørga for at opplysningar om elevane sitt læringsmiljø blir innhenta. Kommunen skal sørga for at grunnopplæringa i offentleg skule er gratis. Skuleeigar skal sørga for at den enkelte skule og lærebedrift vurderer kva for kompetanseutviklingstiltak som bør prioriterast for å kunne gjennomføra strategiplanen i den enkelte verksemda. Skoleeigar skal også utvikla, vedta og gjennomføra planar for kompetanseutvikling i samarbeid med aktuelle partar. Planane skal ivareta lokale kompetansebehov innanfor nasjonalt prioriterte område. Kommunen bør satsa på entreprenørskap i utdanninga ved å auka utbreiinga og medvitet om entreprenørskap, auka kompetansen hos lærarane, stimulera til fleire elevbedrifter og auka samarbeidet mellom skule- og næringsliv. Strategiplan for oppvekstavdelinga 2009-2012 5

Kommunen bør satsa på å styrka lesedugleik og motivasjon for lesing hos barn og unge, styrka lærarane sin kompetanse i leseopplæring, litteraturformidling og bruk av skulebibliotek, samt auka medvitet om lesing som grunnlag for deltaking i arbeids- og samfunnsliv. Kommunen bør satsa på å styrka framandspråkopplæringa og utvikla kompetansen hos lærarar som underviser i framandspråk. Program for Digital kompetanse gjeld for grunnskule og vidaregåande opplæring, høgre utdanning og vaksne si læring. Visjonen er digital kompetanse for alle - infrastruktur, kompetanseutvikling, FoU arbeid og digitale læringsressursar, læreplanar og arbeidsformer. Kommunen bør satsa på å styrka realfagsundervisninga og heva realfagkompetansen blant lærarar. Kommunen bør satsa på å utvikla og styrka den kunstfaglege kompetansen og kulturtilboda i opplæringa i barnehage og grunnutdanning. 2.3 Skulefritidsordninga Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1. - 4. klassetrinn. Funksjonshemma barn frå 1. - 7. klassetrinn skal gis gode utviklingsvilkår i skulefritidsordninga. 2.4 Kulturskulen Kommunen skal, åleine eller i samarbeid med andre kommunar, ha eit musikk- og kulturskuletilbod til barn og unge organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles. Kulturskulen skal organiserast og drivast i samsvar med gjeldande rammeplan og lokale tilpassingar til denne, og med vedtekne kommunale planar for skulen. 2.5 Opplæring for barn, unge og vaksne med minoritetsbakgrunn Kommunen skal gi elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk, særskild norskopplæring og om nødvendig morsmålsopplæring til dei har tilstrekkelege kunnskapar til å følgja den vanlege opplæringa i skulen. Kommunen har ansvar for å tilby introduksjonsordning for vaksne nykomne innvandrarar. Ordninga skal gi grunnleggande opplæring i norsk, innsikt i norsk samfunnsliv og førebu for deltaking i yrkeslivet. 2.6 Vaksenopplæringa Kommunen har ansvar for utvikling av vaksenopplæringa i kommunen, inkludert utarbeiding av planar for denne utdanninga. Kommunen skal sikra at vaksne som har rett til grunnskuleopplæring får opplæring i samsvar med gjeldande lovverk. Strategiplan for oppvekstavdelinga 2009-2012 6

3. Strategiplan 2009-2012 mål og tiltak Utgangspunktet for strategiplanen for 2009-2013 er mål og verkemiddel i kommuneplanen, statlege forventningar innanfor avdelinga sine ansvarsområde, framlegg til budsjettet for 2009 og framlegg til kommunen sin økonomiplan for 2009-2012. Ut frå desse styringssignala er følgjande område prioriterte for perioden 2009-2012: 3.1 Barnehagane 3.1.1 Utbygging av barnehagane Full barnehagedekning i takt med auke i barnetalet. Kommunen har plikt til å tilby plass i barnehage til barn under opplæringspliktig alder som er bosatt i kommunen, jf. 12a. Utbyggingsmønster og driftsformer skal tilpasses lokale forhold og behov. Oppfylla retten til barnehageplass: Barn som fyller ett år senest innen utgangen av august i det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage fra august i samsvar med denne loven med forskrifter. Barnet har rett til barnehageplass i den kommunen det er bosatt. Program for boligbygging i Rennesøy kommune 2008 2016. a) Bygga ut Vestre Åmøy barnehage til ein 5-avdelings barnehage. b) Bygga ut 6-avdelings barnehage på Skorpefjell, Mosterøy. Planlegga utbygginga av Vestre Åmøy barnehage, inklusiv plan for uteområdet. 08 10 BSJEF Oppretta referansegruppe. 09 BSJEF Utarbeida rom- og funksjonsprogram. 09 BSJEF Laga plan for rekruttering av personale. 09 BSJEF Legga ned Bru barnehage si avdeling i Bru og Sokn bedehus. 10 BSJEF Planlegga utbygginga av barnehagen på Skorpefjell, Mosterøy. 10 12 BSJEF Oppretta referansegruppe. 10 BSJEF Revidera rom- og funksjonsrom som vart laga i 2007. 10 BSJEF Laga plan for rekruttering av personale. 11 BSJEF Strategiplan for oppvekstavdelinga 2009-2012 7

3.1.2 Renovering av Rennesøy og Bru barnehage, bygg og uteområde Gjennomføra renovering av barnehagane etter prinsippa i Vedlikeholdsplan for kommunale bygg 2005 2008 : 1. Tryggleik for brukarar / publikum 2. Lovpålagde oppgåver 3. Omsyn til brukarane 4. Verdiforringing 5. Estetiske omsyn. a) Rennesøy barnehage, bygg og uteområde skal renoverast. b) Bru barnehage, bygg og uteområde skal renoverast, tilkomst og parkering skal utbetrast. Medverka til utarbeiding av rom- og funksjonsprogram, plan for uteområdet Rennesøy barnehage. 09 09 BSJEF Oppretta referansegruppe. 09 BSJEF Sørga for samla plan for uteområdet Bru barnehage. 09 BSJEF Planlegga boder, sovebod og bod for vogner Bru barnehage. 09 BSJEF Utbetra tilkomst og parkering Bru barnehage. 10 BSJEF Oppretta referansegruppe. 11 3.1.3 Sakshandsaming/arkivering i barnehagane Barnehagane skal ha eit sakshandsamings- og arkivsystem som tilfredsstiller gjeldande lovverk for kommunal sakshandsaming. I samarbeid med IT avdelinga innføra e-sak som fagsystem. Ha eit spesielt fokus på sikker sone (gjeld sensitive personopplysningar). 09 BSJEF Strategiplan for oppvekstavdelinga 2009-2012 8

3.1.4 Rekruttering av personale Barnehagane skal ha personale i samsvar med barnehagelova sine krav og føresetnader. Sjå til at Fylkesmannen sin plan. Plan for rekruttering av førskolelærere 2007 2011 blir følgt opp. 07 12 BSJEF Utvikla eigne tiltak for å rekruttera og halda på førskulelærarar. Gje stipend til 3. års studentar. 09 Gje lønnstillegg for vidareutdanning ved høgskular og universitet. Vedta gode permisjons- og stipendordningar for førskulelærarutdanning og vidareutdanning. Ha konkurransedyktig avlønning. La livsfasetenkning ligge til grunn for lønns- og arbeidsforhold. Utvikla samarbeidet med UiS m.a. ved at fleire barnehagar kan bli øvingsbarnehagar. Utvikla samarbeidet med Rygjabø studiesenter slik at fleire assistentar kan ta fagbrev som barne- og ungdomsarbeidarar. 09 BSJEF Strategiplan for oppvekstavdelinga 2009-2012 9

3.1.5 Kvalitetsutvikling Barnehagane i Rennesøy skal gje alle barn omsorg og likeverdige muligheiter for læring og utvikling. Dette skal skje ved å sikra og vidareutvikla kvalitet i barnehagane gjennom å ha eit spesielt fokus på: Ny formålsparagraf for barnehagen, vedtatt des. 2008, er ikkje iverksett. Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene. Barna skal utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunskaper og ferdigheter. De skal ha rett til medvirning tilpasset alder og forutsetninger. Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering. Setta fokus på: ( Rammeplanen, del I ) - barnehagen sitt samfunnsmandat. - barnehagen sitt verdigrunnlag. (ny formålsparagraf i barnehagelova) - barna sin medverknad i barnehagen. - samarbeid med heimen. Setta fokus på: ( Rammeplanen, del 4 ) - planlegging / fornuftig bruk av barnehagen sine menneskelege og materielle ressursar, nærmiljø og naturområde. - prosessane som skal føra til refleksjon og læring. - systematisk vurderingsarbeid. - oppfølging av årlege brukarundersøkingar. Strategiplan for oppvekstavdelinga 2009-2012 10

3.1.6 Kompetanseutvikling Kommunen skal arbeida systematisk for å sikra at styrarane, dei pedagogiske leiarane og anna personale har kompetanse til å møta utfordringane i barnehagesektoren. Kompetanseutviklingstiltak skal gjelda alle personalgrupper i barnehagen. Tiltak for kompetanseutvikling med bakgrunn i lov, rammeplan, departementet sine prioriterte område og barnehagen sin eigen plan. Avslutta PUB - studiet med framlegging av arbeidet (pedagogisk utviklingsarbeid i kvar barnehage 14 pedagogar deltar) Drøfta oppfølging av studiet med UiS. Legga til rette for at spesialpedagog og pedagogiske leiarar kan ta vidareutdanning i rettleiing. Legga til rette for at styrarar, ved behov, kan ta vidareutdanning i administrativ og pedagogisk leiing. Inngå ny avtale med Rygjabø studiesenter om oppfølging av 10-14 assistentar fram mot fagprøve. Gje styrarar og pedagogiske leiarar tilbod om opplæring i aktuell programvare. Motivera og legga til rette for at barne- og ungdomsarbeidarar kan ta vidareutdanning. 07 09 BSJEF 09 BSJEF 09 BSJEF 09 BSJEF 09 BSJEF 09 BSJEF 3.1.7 Inkluderande fellesskap og plass til kvart enkelt barn Barnehagane skal oppfylle alle barn sin rett til eit likeverdig barnehagetilbod, (Rammeplanen punkt 1.9) og etter vurdering barn sin rett til spesialpedagogisk hjelp, (Opplæringslova 5.7). Vidareutvikla det tverrfaglege arbeidet om barn med spesielle behov viktige samarbeidspartnarar er helsestasjon, barnevern, fysioterapiteneste, spesialpedagog, skule og PPT. God individuell tilrettelegging av barnehagetilbodet der heilskapleg tenkning og arbeid tverrfagleg står sentralt. Rekruttering av personale med god fagleg kompetanse for oppfølging av dei barna som treng spesiell hjelp. Strategiplan for oppvekstavdelinga 2009-2012 11

3.1.8 Fagleg og sosial satsing Med bakgrunn i rammeplanen skal barnehagane satsa på: a) Kommunikasjon, språk og tekst med fokus på tidleg registrering av barn si språkutvikling og korleis støtta opp om språkutviklinga. b) Natur, miljø og teknikk med fokus på grunnleggande matematiske erfaringar. c) Natur friluftsliv med fokus på pedagogiske opplegg og dei vaksne si rolle. d) Innføring av IKT (Informasjons- og kommunikasjonsteknologi). e) Utvikling av barna sin sosiale kompetanse med fokus på førebygging av mobbing. Def. av mobbing: Negativ adferd som gjentas og foregår over en viss tid i et forhold som er preget av ubalanse i styrkeforholdet mellom partene. Følgja opp planen: Språkferdighet og leseutvikling 2009 2013 barnehagedelen ( Bygger på planen Betra lesedugleik). Følgja opp prosjektet: Språklig og kulturelt mangfold i barnehagen 08 09 BSJEF Følgja opp planen: Fokus på matematikk BROA, barnehagedelen. Planen skal reviderast i 2010. Følgja opp erfaringane etter prosjektet: Voksenrollen i friluftsliv hva gjør de voksne på turen og hvilke refleksjoner gjør de på sine valg? Følgja opp prosjektet: Barne nett eit samarbeid med Randaberg kommune med mandat: Utarbeide en enkel framtidsrettet teknologisk løsning som stimulerer til kreativitet og pedagogisk nytenkning. Utarbeida plan for førebygging av mobbing med fokus på personalet sitt bidrag. 10 12 BSJEF Strategiplan for oppvekstavdelinga 2009-2012 12

3.2 Grunnskulen 3.2.1 Kvalitetsvurdering Laga eit forsvarleg system for å kvalitetssikra det pedagogiske arbeidet i skulane gjennom eit rapporteringssystem som viser at krava i opplæringslova med forskrifter blir oppfylde, under dette å stilla til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for at krava skal kunna oppfyllast. Ny revisjon av Plan for kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling, første gong vedteken i KOO 18.04.04. 3.2.2 Kompetanseutvikling Kommunen skal arbeida systematisk for å sikra at lærarane, skuleleiarane og andre tilsette har kompetanse til å møta dei mange utfordringane i skulen i dag. Kvar skule kartlegg sine behov for kompetanse. Laga kriterium for kven som skal prioriterast når det gjeld tilbod om kompetansegjevande vidareutdanning (30 60 studiepoeng) i samråd med Utdanningsforbundet. Utarbeida ny Strategiplan for kompetanseutvikling i grunnskulen i Rennesøy 2009-2012. Samarbeida med kommunane i Midt-2 (Finnøy, Strand Randaberg m.fl.) og UiS om etter- og vidareutdanningstilbod. Arbeida vidare med eit tverrfagleg samarbeid om kompetanseoppbygging. (Eksempel ART.) Strategiplan for oppvekstavdelinga 2009-2012 13

3.2.3 Fysisk og psykososialt miljø Kommunen skal sikra at elevane får opplæring i eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse og trivsel. Det skal leggast vekt på tiltak for å førebygga mobbing, vald, rusmisbruk og rasisme. Lærings- og sosialt miljø: Alle skulane skal ha oppdaterte og operative mobbeplanar, og i samarbeid med elevar og foreldre skal det arbeidast aktivt med å skapa eit trygt og utviklande læringsmiljø. Tverrfagleg samarbeid med vekt på rusførebyggande tiltak, mellom anna gjennom avvikling av temakveld om rus for foreldre og tilsette. Laga skjema til bruk i samband med enkeltvedtak som skal gjerast når elever eller føresette melder frå til skulen om mobbing, vald eller anna trakassering. Oppsetting av musikal for ungdomssteget kvart år. KOM-prosjektet blir vidareført som ei rullering mellom Vikevåg skule, Mosterøy skole og Rennesøy skule. Gjennomføra pedagogisk plan for Brønnhagen kompetansesenter og Plan for etablererverkstedet. Fullføra planlegginga av utbygging av Mosterøy skole. 09 Starta opp arbeidet i referansegruppe for vidare skuleutbygging i Vikevåg. Vedta romprogram for vidare utbygging av Vikevåg skule. 3.2.4 Tilpassa opplæring/spesialundervisning Talet på elevar som får spesialundervisning skal reduserast til ned mot 5 %. Starta opp eit prosjektsamarbeid med Statsped Vest og PPT med sikte på å auka kompetansen innafor tilpassa opplæring. Styrka ressursane til tilpassa opplæring generelt og på småskulesteget spesielt.* 10 SKU Rennesøy skule vidarefører tilbodet om leksehjelp frå 5. 10. klasse. 09 VRF * Vil i første omgang utløysa ekstra kostnader, men på sikt redusera behovet for spesialundervisning. Strategiplan for oppvekstavdelinga 2009-2012 14

3.2.5 Fagleg satsing Kommunen skal: - Vidareføra satsinga i norsk-, matematikk- og engelskfaget. - Få til eit arbeid i naturfag som har den same systematikken som vi har fått til i dei 3 hovudfaga. Norsk: Laga ny plan for lesing og skriving. Matematikk: Gjennomføra BROA, kommunal plan i matematikk. Engelsk: Gjennomføra ny lokal plan for engelskfaget. Naturfag: Laga ny lokal plan i naturfag. 09 KU 09 10 SKU 3.3 Skulefritidsordninga Elevane i 1. 4. klasse skal ha tilbod om eit omsorgs- og allsidig aktivitetstilbod før og etter skuletid på inntil 224 dagar i året. Utreda innføring av leksehjelp ein time per dag 4 dagar i veke med kvalifisert personale. Rekruttera personale og auka den faglege kompetansen. Gjennomføra årleg trivselsundersøking. 09 AF/RR Utvikla årsplan for SFO. 09 AF/KEB Laga oversikt over arbeidsoppgåver for både leiar og andre tilsette i SFO. Strategiplan for oppvekstavdelinga 2009-2012 15

3.4 Kulturskulen Elevane i kulturskulen skal få ei opplæring i samsvar med dei evnene og føresetnadene dei har. Kulturskulen må difor legga til rette for ei opplæring som fremjar glede i skapande verksemd, personleg vekst og kunstnarleg utvikling hos elevane, og som blir eit bidrag til eit meiningsfylt liv. Vidare samarbeid med skulane, SFO og barnehagane: Song- og dansestund for barnehagane og skulane. 09 Samarbeid med andre kulturskular: Danseshow i samarbeid med Sola kulturskole o.a. 09 SKU SKU Vedlikehalde heimeside for kulturskulen. Utvida tilbodet i kulturskulen med fleire aktivitetar: Hiphop for gutar. Ei meir aktiv marknadsføring av kulturskulen i lokalsamfunnet med tanke på oppdrag. Skriv til lag og organisasjonar om kva vi kan tilby. Marknadsføring på kommunen si heimeside Vidareføring av KOM-prosjektet (kreativt oppvekstmiljø) eit samarbeidsprosjekt mellom skule, kulturskule og Rennesøy skulekorps. Budsjettmidlar til eigen rektor for kulturskolen.* 10 SKU * Årleg kostnad: 200 000 Strategiplan for oppvekstavdelinga 2009-2012 16

3.5 Opplæringstilbod for barn, unge og vaksne med språkleg minoritetsbakgrunn Kommunen skal gi elevar i grunnskulen med anna morsmål enn norsk og samisk, særskild norskopplæring og om nødvendig morsmålsopplæring til dei har tilstrekkelege kunnskapar til å følga den vanlege opplæringa i skulen. Kommunen har ansvar for å tilby introduksjonsordning for vaksne nykomne innvandrarar. Ordninga skal gi grunnleggande opplæring i norsk, innsikt i norsk samfunnsliv og førebu for deltaking i yrkeslivet. Rennesøy kommune inngår ein avtale med Stavanger for norskopplæring av grunnskuleelevar ved Johannes læringssenter som ei prøveordning for 2009. Rennesøy kommune tar kontakt med Randaberg og Finnøy med tanke på eit framtidig samarbeid om framandspråklege elevar. 3.6 Vaksenopplæringa Kommunen skal driva ei planmessig vaksenopplæring. Informasjon om kva rettar vaksne har i samband med grunnskuleopplæring. Rennesøy kommune tar kontakt med Randaberg og Finnøy med tanke eit framtidig samarbeid om vaksenopplæring. 09 Utarbeiding av strategi for vaksenopplæringa i Rennesøy. 10 11 SKU Strategiplan for oppvekstavdelinga 2009-2012 17