1. 6. SEPTEMBER 2014
SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL 04 SEMINAR OG MEISTERKLASSAR 05 KONSERTAR 07 ARTISTAR 10
SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL Initiativtakaren til Sunnmøre kammermusikkfestival er Jacob Kjøde jr. Dei kunstnarleg ansvarlege for festivalen er fiolinist Annar Follesø og professor Wolfgang Plagge, båe musikarar på internasjonalt toppnivå. Våren 2010 var første gongen festivalen gjekk av stabelen, og frå og med 2013 har festivalen motteke støtte frå Norsk Kulturråd. Ein festival for alle Follesø og Plagge vil kvart år ha ansvaret for å plukke programmet og musikarane som skal opptre for å sikre kvaliteten på festivalen. I eit nært samarbeid med Høgskulen i Volda er føremålet å arrangere ein årleg kammermusikkfestival på søre Sunnmøre, der folk i området kan få eit tilbod om gode musikkopplevingar på høgt nivå. I tillegg til dette ønskjer festivalen å stimulere unge musikarar, samt til generell vekst og utvikling i musikklivet i regionen. På den måten skil Sunnmøre kammermusikkfestival seg frå andre kammermusikkfestivalar. Gjennom Eiksundsambandet kan dei ulike kulturskulane og andre lokale musikkrefter knyte regionen saman. Dette ynskjer festivalen å bidra til gjennom eit samarbeid med kulturskulane i form av seminar og meisterklasser retta mot born og unge. Artistane som er med under festivalen vil undervise lokale talent. Det vil også bli halde kurs og inspirasjonsseminar for kulturskulelærarar, studentar og andre interesserte. 4
SEMINAR OG MEISTERKLASSAR Ein viktig del av festivalen er å tilby meisterklassar, seminar og forelesingar til elevar, studentar, lærarar og andre interesserte. I år vil musikkstudentar og andre interesserte få høve til å få med seg meisterklassar, foredrag om Haydn og kammermusikk, samt få sjansen til å treffe årets festivalkomponist. Det vil også bli arrangert ein open prøve der fiolinist Sølve Sigerland vil leie arbeidet med Franz Josef Haydns strykekvartett i C-dur, «Keiserkvartetten». Det ferdige resultatet vil ein få høyre på konsert fredag kl. 21.00 i Aasentunet i Ørsta. Alle arrangementa som går føre seg på Høgskulen i Volda er opne for alle. Sparebank1 Søre Sunnmøres talentstipend Sidan starten i 2010 har festivalen i samarbeid med Sparebank1 Søre Sunnmøre delt ut 100.000,- i talentstipend til seks unge talent frå nærområdet vårt. I år vil tre unge talent frå lokalområdet innleie kvar sin konsert med eit sjølvvalt stykke. Ein jury beståande av årets festivalartistar vil plukke ut ein verdig vinnar av Sparebank1 Søre Sunnmøres talentstipend. Dette vil bli delt ut på avslutningskonserten på Høgskulen i Volda 6. september. 5
Høgskulen i Volda Tysdag 2. sept. 10.00-11.30 MEISTERKLASSAR Volda ungdomsskule musikkrommet 08.20-09.15 «PLAG PLAGGE» EIN MUSIKALSK SPØRJETIME Høgskulen i Volda konsertsalen 09.00-09.30 MINIFORELESING OM FRANZ JOSEF HAYDN VED ANNAR FOLLESØ 09.30-11.30 HAYDN STRYKEKVARTETT, OPEN PRØVE LEIA AV SØLVE SIGERLAND Onsdag 3. sept. 11.30-12.00 DIALOG OM KAMMERMUSIKK MED SØLVE SIGERLAND Trollsletta barnehage 10.00-11.00 «PLAGGE I BARNEHAGEN» Høgskulen i Volda 13.00-14.30 MEISTERKLASSAR Høgskulen i Volda konsertsalen Torsdag 4. sept. 09.15-10.00 FORELESING VED ÅRETS FESTIVALKOMPONIST BENTE LEIKNES THORSEN Volda omsorgssenter 11.00-11.45 DEN KULTURELLE SPASERSTOKKEN EIN MINIKONSERT 6
KONSERTAR Programmet har i år 1814-jubileet som eit konseptuelt utgangspunkt. Årets bestillingsverk, signert den unge og spanande komponisten Bente Leiknes Thorsen, vil by på eit sideblikk på grunnlovsjubileet og på dei 200 åra som følgde med Noreg som sjølvstendig musikknasjon. I dei øvrige verka vender vi blikket utover i Europa og til Nord- Amerika, og på dei ideane som var med på å prege grunnlova. Beethoven har fått ein sentral plass i programmet som den komponisten som kanskje mest av alle blei assosiert med ideane om fridom, likskap og brorskap frå den franske revolusjon. Ved hjelp av komponistar så forskjellige som Lully, Haydn, Mozart, Schubert, Dvorak, Brahms, Hopkinson og Janacek, fylgjer vi fridomsideane både bakover og framover i tid, også representert ved motsetninga deira, den absolutte konge- eller keisarmakta. 7
OPNINGSKONSERT HØGSKULEN I VOLDA, KAARSTADHUSET, VOLDA 4. SEPTEMBER KL. 18.00 Innslag ved talentstipendkandidat nr. 1 Hopkinson: My days have been so wondrous free (1759) Solset, Plagge Mozart: Fantasi i d-moll (Plagge) Beethoven: Sonate nr. 4 i a-moll for fiolin og klaver Follesø, Plagge Thorsen: Bestillingsverk Solset, Plagge, Follesø, Sigerland, Nylund, Aasgaard Schumann: Klaverkvintett Plagge, Sigerland, Follesø, Nylund, Aasgaard BAGATELLAR FREDHEIM, ULSTEINVIK 5. SEPTEMBER KL. 18.00 Innslag ved talentstipendkandidat nr. 2 Beethoven: 6 Bagateller, op.126 Plagge Schumann: 5 Lieder und Gesänge, op. 127 Solset, Plagge Brahms: Klaverkvartett nr. 2 Plagge, Follesø, Nylund, Aasgaard 8
KEISARKVARTETTEN AASENTUNET, ØRSTA 5. SEPTEMBER KL. 21.00 Innslag ved talentstipendkandidat nr. 3 Lully: frå Trios pour le coucher du Roi: Symphonie, Gaillarde, Chaconne Follesø, Sigerland, Aasgaard, Plagge Janácek: Sonate for fiolin og klaver Sigerland, Plagge Beethoven: Lied aus dem Ferne, WoO 137 Resignation, WoO 149 Solset, Plagge Haydn: Strykekvartett i C-dur op. 76 nr. 3, «Keisarkvartetten» Sigerland, Follesø, Nylund, Aasgaard AVSLUTNINGSKONSERT HØGSKULEN I VOLDA, KAARSTADHUSET, VOLDA 6. SEPTEMBER KL. 19.00 Utdeling av Sparebank1 Søre Sunnmøres talentstipend Beethoven: Variasjoner over «Bei Männern, welche Liebe fühlen» fra Mozarts opera «Tryllefløyten» Aasgaard, Plagge Strauss: «Morgen!» Solset, Sigerland, Plagge Spohr: Der Spielmann und seine Geige Solset, Sigerland, Plagge Schubert: Heiss mich nicht reden, D. 877,2 An die Musik, D. 547 In Abendrot, D. 799 Solset, Plagge Dvorak: Strykekvartett i F-dur, op. 96 «Den amerikanske» Follesø, Sigerland, Nylund, Aasgaard 9
Annar Follesø var i sin barndom elev ved den kommunal musikkskulen i Volda før han flytta til Oslo og heldt fram ved Barrat Due Musikkinstitutt. Han studerte sidan i fire år ved Indiana University i USA. Han blei i 1999 den fyrste norske fiolinsolist til å opptre ved festspela i Salzburg, då han vann fiolinprisen ved det internasjonale sommarakademiet. Follesø vert rekna blant våre fremste fiolinistar, har gjennom turnear og plateinnspelingar fått glimrande kritikkar i inn- og utland. I 2010 gav han som solist med Kringkastingsorkesteret ut fyrstegongsinnspelingar av Ole Bulls fiolinkonsertar, ei plate som fekk strålande kritikkar og blei kåra til «Record of the Year» av det britiske Griegselskapet. I oktober går turen til Cervantino-festivalen i Mexico der han mellom anna skal ha ein recital saman med Wolfgang Plagge. 10
hans vert framførte av orkester, solistar og ensemble over heile verda. Plagge er ein populær føredragshaldar, og hans breie kunnskap og uhøgtidelege stil har gjort han til ein gjengangar i radio og tv, blant anna i serien «Landeplage» på NRK. I oktober reiser han til Cervantino-festivalen i Mexico der han mellom anna skal halde ein recital saman med Annar Follesø. Wolfgang Plagge har heilt sidan sin sensasjonelle debut som 12-åring i 1972 høyrd til toppsjiktet blant norske pianistar og komponistar, og har vunne fleire internasjonale prisar og utmerkingar. Verka Liverpool Philarmonic Orchestra og har sidan det framførd meir enn tredve verk for cello og orkester. Jonathan Aasgaard studerte cello ved Guildhall School of Music and Drama der han vann alt av cello- og kammermusikkprisar. I 1999 blei han utnemnd til solocellist ved Royal 11
Han er også solocellist ved John Wilson Orchestra og frekventerer som gjestesolist ved ein rekkje andre britiske og europeisk orkester. Kammermusikkframføringar saman med pianistane Martin Roscoe, Simon Trpceski og Joanna MacGregor har teke han rundt Europa, Midtausten, Japan, Sør-Korea, USA samt ein rekkje leiande festivalar. Eriikka Nylund starta å spele fiolin fem år gamal i fødelandet Finland. Ti år seinare byta ho ut fiolinen med bratsj og studerte ved Sibelius-akademiet, Mozarteum i Salzburg og Musikakademie i Basel. Ho 12 og Kungliga Filharmonikerna. Nylund har opptredd på ein rekkje kammermusikkfestivalar i Norden, Colombia og USA. vann fyrstepris i 2001 Nordic Viola Competition i Helsinki og fyrstepris i International Dmitri Shostakovich International String Quartet Competition saman med Meta4 Quartet. Ho er solobratsjist i Sveriges Radio symfoniorkester og har også hatt engasjement som solobratsjist hjå London Philarmonia, Kungliga Operan Sølve Sigerland studerte ved Norges Musikkhøgskole og Ferenc Liszt-akademiet i Budapest, samt gått i lære hjå fiolinistar som Ana Chumachenco i Sveits og Lorand Fenvyes i Canada. Sigerland har dedikert det meiste av karrieren sin til kammermusikk, sjølv om han også har vore solist med leiande orkester i Norden under dirigentar som Andrew Litton, Daniel Harding og Leif Segerstam. I seinare år har dei solistiske kvalitetane hans
etablerte posisjonen sin som ein fiolinist av internasjonalt format. Seinare vann han to prisar i den internasjonale Tibor Varga-konkurransen i Sion, Sveits. kome til syne i framføringane av Mozart fiolinkonsertar nr. 3 og 5 under leiing av Walter Weller. I 1993 representerte han Noreg ved Nordic soloist biennial i Stockholm og anna Festspela i Bergen og kammermusikkfestivalane i Oslo, Risør og Sunnmøre. Ho er ein mykje brukt solist ved leiande orkester i Noreg. Berit Norbakken Solset høyrer til eliten av våre ung sopranar. Etter å ha fullført studiane sine ved Norges Musikkhøgskole vann ho INTRO-klassisk-konkurransen I 2006. Dette førte mellom anna til eit tett samarbeid med Bjarte Eike og Barokksolistene. I tillegg til å frekventere som solist i oratorier og pasjonar så har Norbakken Solset hatt solokonsertar på ein rekkje festivalar i Noreg, mellom 13
Hennar spesialitetar er kyrkjemusikk, samtidsmusikk og lied, men har dei seinare åra også sunge opera med stor suksess, mellom anna i rolla som Abel i Scarlattis Il Primo Omidicio ved Glogerfestspillene i Kongsberg i 2010. Bente Leiknes Thorsen arbeider, som fleire komponistar i generasjonen sin, med forventingar om det fullstendige som er bygd inne i ideen om det musikalske verket og i den klassiske konsertforma. I mange av Thorsens verk tek musikken eit tydeleg steg ut av konsertsalen gjennom bruk av kvardagslyder. Det tidlige korverket (K)viSSvaSS består av utsegner om kultur henta frå Stortingets spørjetime, stilt saman med byrjinga av eit ordspråk frå Håvamål som seier at folk og fe skal døy, men går det gjetord om deg, vil orda leve evig. Kanskje finst det også her ein gjenklang av det politiske engasjementet som heile tida har følgd Bente Leiknes Thorsens kunstnariske arbeid. Menneskestemma er eit anna materiale som stadig vender tilbake i Thorsens musikk, både innspelt og i partitur. Thorsen kan også arbeide med open form utan å kommentere konsertsituasjonen. I nokre partitur etablerer ho situasjonar og definerer nokre forhold mellom dei, men let utøvaren velje blant fleire moglege vegar gjennom materialet. Mykje komponert musikk tek seg sjølv høgtideleg, men hos denne komponisten er leiken aldri langt unna. 14
SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL AS Storgata 8 6100 Volda KUNSTNARLEG ANSVARLEGE Annar Follesø Wolfgang Plagge DAGLEG LEIAR Øyvind Johan Eiksund post@kammermusikkfestival.no INFORMASJONANSVARLEGE Per Arne Brandal Steffen Djupvik Brandtzæg Høgskulen i Volda WWW.KAMMERMUSIKKFESTIVAL.NO