GRADERING OG MERKING AV TURLØYPER PÅ VESTLANDET



Like dokumenter
FASE II: TILTAK INNAN MERKING OG GRADERING AV TURSTIAR FOR VANDRING, SYKKEL, SKI OG PADLING

Korleis utviklar Hordaland fylkeskommune idrett og friluftsliv?

Den Norske Turistforening

Søknadsskjema 2013 Merking og gradering på Vestlandet

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Eit felles nyskapande løft på eit tradisjonsrikt felt. Ved prosjektleiar Jan Morten Wiland Nesse Hotell Norge

Merking og gradering av turløyper på Vestlandet. Orientering om prosjektet Styringsgruppen

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEREFERAT. Kultur- og idrettsavdelinga. Styremøte 29. april 2011: Godkjenning av referat frå sist møte. Møteinnkalling.

Merking og gradering av turløyper på Vestlandet. Orientering om prosjektet Styringsgruppen

Søknadsskjema Merking og gradering på Vestlandet

Anleggsutvikling i Hordaland. Kjell Gitton Håland nestleiar i Utval for kultur, idrett og regional utvikling

TILSKOT TIL TILTAK FOR FRILUFTSLIV 2010

Planprogram Regional kulturplan Dialogkonferansen 2012

AVTALE OM MUSIKKSAMARBEID NOREG KINA 2013

Tilskot til friluftsliv

Statusrapport for handlingsprogram for folkehelse

Tilskot til lavterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom

Anleggs- og tildelingspolitikk for Vestland fylkeskommune Anleggskonferansen, Bergen

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

TILSKOT TIL KULTURMINNEÅRET 2009

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

Strategien peikar på fire særlege utfordringar for reiselivet på Vestlandet:

Regionale føringar og utfordringar knytt til idrett og fysisk aktivitet Britt Karen Spjeld.

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

MUSEUMSPLANEN - HANDLINGSPROGRAM FOR 2013

MIDLAR TIL FOLKEHELSEARBEID 2012

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

MIDLAR TIL REKRUTTERING, LIKESTILLING OG KOMPETANSEHEVING I LANDBRUKET - FORVALTNING

- Offentleg planarbeid

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

REGIONAL KYSTSONEPLAN FOR SUNNHORDLAND OG YTRE HARDANGER. VEDTAK AV PLANPROGRAM

Tilskot til regionale prosjekt knytt til folkehelse/ sykkelvanar for barn og ungdom

Friluftslivets år 2015

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 13. JUNI 2013 KL , SCANDIC HOTEL, HAUGESUND

OPPSTART OG ORGANISERING AV REGIONAL PLAN FOR SUNNHORDLAND

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD

INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND

Bevaringsprogram for utvalgte arkeologiske kulturminne (BARK) - Prioritering av søknader til Riksantikvaren 2016

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Framlegg til kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Bømlo kommune. Høyringsfråsegn

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Turstiar i Kvinnherad

BEVARINGSPROGRAM FOR UTVALGTE ARKEOLOGISKE KULTURMINNER

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Fullmakter på kultur- og idrettsområdet i 2016

REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM FOR HORDALAND 2007 TILSEGN OM TILSKOT INNTIL KR 1,2 mill, TIL PROSJEKT Tiltaksprosjekt i Tysnes TILSEGN 40-07ON

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

Tildeling av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2016

Forprosjekt Interkommunalt Friluftsråd

Anna Elisa Tryti, Ruth Ørnholt, Anne Aune, Britt Karen Spjeld, Per Morten Ekerhovd,

Informasjon frå kultur- og idrettsavdelinga, seksjon for idrett og friluftsliv

TILSKOT TIL FAGSKULEUTDANNING INNAN HELSE- OG OPPVEKSTFAG - HAUSTEN 2013

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Andersen

BRUK AV KONSESJONSKRAFTMIDLAR TIL REGIONAL UTVIKLING - SØKNAD FRÅ ULVIK HERAD OM FORLENGING AV TILSEGN TIL GNIST HARDANGER

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Auka finansiering av Interreg-programma i Norge

Kystpilegrimsleia Prosjektorganisering og oppnemning av medlem til styringsgruppa

COAST ALIVE TILTAKSMIDLAR I HORDALAND - FORSLAG TIL FORDELING 2011/2012

STØNAD TIL TILTAK FOR BARN OG UNGE HAUSTEN 2013

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Tildeling av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2017

UTTALE OM FORSLAG TIL NYE KRITERIA FOR FYLKESVIS FORDELING AV SPELEMIDLAR TIL ANLEGG FOR IDRETT OG FYSISK AKTIVITET


Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram

FINANSRAPPORT PR. AUGUST 2010

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

SØKNADSSKJEMA Turskiltprosjektet 2015

Frivilligpolitisk plattform

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Revidering av programområder for Kulturelt utviklingsprogram 2014

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Arkivnr: 2014/ Tor Andreas Titlestad, David J. Aasen Sandved, Bertil Søfteland. Saksframlegg. Saksgang

Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

2 Generelt om tiltaket: Namn på tiltaket:... Kommune:..Fylke: Søknadsskjema A-09 Tilskotsmidlar over Miljøverndepartementet sitt budsjett

SØKNADER FRÅ HORDALAND FYLKESKOMMUNE OM STATLEGE TILSKOTSMIDLAR FOR 2013 FOR AUKA TILGJENGE TIL KOLLEKTIVTRANSPORTEN

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

Fordeling av støtte til biblioteksprosjekt. Modellbibliotek i Hordaland i 2016

Transkript:

HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201100203-1 Arkivnr. 626 Saksh. Spjeld, Britt Karen Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 10.05.2011 19.05.2011 GRADERING OG MERKING AV TURLØYPER PÅ VESTLANDET SAMANDRAG Med støtte frå Gjensidigestiftelsen er det utvikla eit større Vestlandsprosjekt knytta til gradering og merking av turløyper. Norges Jeger- og Fiskerforbund, Forum for natur og friluftsliv, Friluftsrådet Vest, Bergen Turlag, NCE Tourism Fjord Norway og fylkeskommunane i Hordaland, Rogaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal deltek i arbeidet. Gjennom ein felles mal for merking, vil det aktive friluftslivet vere meir tilgjengeleg både for dei som bur i lokalmiljøa og for dei som kjem på kortare vitjingar eller lengre opphald i Hordaland. Ein nasjonal mal for merking og gradering av turløyper skal nyttast og vere utfyllande i høve til anna lokal merking. Hovudmålet med ein felles merkestandard er å sikre gode og trygge naturopplevingar for alle brukargrupper. Dette er eit pilotprosjekt i høve til frivillig, privat og offentleg sektor der felles kompetanse, ressursar og engasjement vil gje eit felles løft for Vestlandet. Arbeidet med gradering og merking av turstiar vert sett i samanheng med det lovpålagte folkehelsearbeidet, og har ei viktig rolle i høve til fokuset på førebygging i samhandlingsreforma. Gjensidigestiftelsen har løyvd kr 10 mill for 2011 og 2012. Av desse skal kr 2.885.688 fordelast i Hordaland. Tilskotet føreset eigenandel på 50 % frå fylkesnivå i form av eigne midlar og timeinnsats. For Hordaland fylkeskommune utgjer dette minimum kr 577.138 per år. Eigenandelen er tenkt finansiert slik: Kr 200.000 i arbeidstid for rådgjevar ved seksjon idrett og friluftsliv, kr 100.000 av eigne midlar til idrettsprosjekt, kr 160.000 frå rådveldekontoen for fylkesutvalet og kr 120.000 av tilskotet til etableringa av friluftsråd i Hardanger. For 2011 er det kome inn søknadar med tiltak i 28 kommunar i Hordaland med ein samla søknadssum på over kr 5.5 mill.

FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Fylkesutvalet løyver kr 160.000 til prosjekt for merking og gradering av turløyper i Hordaland. 2. Fylkesutvalet vedtek at kr 120.000 av total løyvinga på kr 250.000 til etablering av friluftsråd i Hardanger skal gå til merking og gradering av turløyper i kommunane i Hardanger. Budsjettet vert endra slik: Konto 10.400.420.02.14700 Tilskot til idrettsprosjekt aukar med kr 160.000 Konto 10.720.200.00.14900 Til rådvelde for fylkesutvalet går ned med kr 160.000 Paul M. Nilsen Anna Elisa Tryti Vedlegg: 1. Nasjonal standar for merking og gradering av turløyper, Innovativ fjellturisme. 2. Kart over 60 merka turløyper i Kvinnherad. 3. Søknad frå Eidfjord kommune om oppretting av friluftsråd i Hardanger. 2

FYLKESRÅDMANNEN, 02.05.2011: Bakgrunn Fylkesdelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv (2008 2012) har visjon om å skape ein aktiv kvar dag for folk i Hordaland. Målet er å leggja til rette for at både fastbuande og besøkande kan vere meir aktive i kvardagen. Turstiar i nærmiljøet er det som betyr mest for at folk skal vere aktive i kvardagen. Friluftslivet, med sin enkle form, er ein felles arena for barn, unge, vaksne og eldre. Det er fokus på universell utforming, og terskelen for deltaking skal vere låg. For dei fleste er tilrettelegging for friluftsliv i form av turstiar, merking, turkart og informasjon avgjerande for å senke terskelen for å kome ut på tur. For å nå nye grupper, er ei særleg satsing på informasjon avgjerande. Arbeidet med gradering og merking av turstiar vert sett i samanheng med det lovpålagte folkehelsearbeidet, og har ei viktig rolle i høve til fokuset på førebygging i samhandlingsreforma. Vestlandsprosjektet vil gjennom alliansebygging og partnarskap, understøtte kommunane og frivillige organisasjonar sitt folkehelsearbeid. Vestlandssamarbeid Etter initiativ frå dei fire fylkeskultursjefane og Gjensidigestiftelsen vart det den 31. august 2010 arrangert ein rundebordskonferanse i Bergen med representantar frå dei fire vestlandsfylka; fylkespolitikarer og administrasjon, NCE Tourism Fjord Norway, Norges Jeger- og Fiskerforbund, Forum for natur og friluftsliv, Friluftsrådet Vest, Den norske turistforening og Bergen Turlag. Kommunane Kvam og Kvinnherad viste praktiske døme på lokalt arbeid med merking og gradering. Gjensidestiftelsen presenterte eit ønskje om samarbeid og tilrådde ein samla søknad til stiftinga frå dei frivillige organisasjonane, samordna av fylkeskommunane. Ei styringsgruppe med representantar frå alle organisasjonane utarbeida felles søknad til Gjensidigestiftelsen om merking og gradering av turløyper knytt til vandring, sykkel, langrenn og padling. Målet er ein felles standard for å sikre gode og trygge naturopplevingar for alle brukargrupper. Det vart søkt om midlar til eit toårig prosjekt 2011-2012, med eit årleg bidrag på kr 5 mill. frå Gjensidigestiftelsen. I desember 2010 vedtok Gjensidigestiftelsen å tildele kr 10 mill til prosjektet over to år. Av desse skal kr 2.885.688 fordelast til prosjekt i Hordaland. I februar 2011 vart det gjennomført kurs i merking og gradering i alle fire fylka med over 250 deltagarar. I Hordaland deltok 67 personar frå 28 kommunar. Ved søknadsfristen den 18. mars 2011 var det kome inn søknadar med tiltak i 28 kommunar i Hordaland med ein samla søknadssum på over kr 5.5 mill. Førebels oversyn søknader 2011: Fylke Totalsum i mill. Søknadsbeløp i mill. Tal kommunar Tal løyper i søknaden Hordaland 11.368 5.505 28/33 575 Møre og Romsdal Sogn og Fjordane 15.782 6.791 30/36 762 9.134 4.684 19/26 400 Rogaland 5.460 2.825 19/26 500 Sum Vestlandet 41.744 19.805 96/121 2237 3

13. mai skal midlane til prosjekt i Hordaland fordelast, og feltarbeidet lokalt påbyrjast. Følgjande krav er stilt til søkarane: 1. Nasjonal standard for merking og gradering av turløyper skal nyttast. 2. Eit lokalt samarbeid mellom frivillige organisasjonar, reiselivet, kommune og grunneigar. 3. 50% eigeninnsats (i form av dugnad og/eller eigne midlar). 4. Ha ein plan for drift og vedlikehald av turløypene. Felles merkestandar Den nasjonale standaren for merking og gradering av turløyper skal vere kompleterande i høve til anna lokal merking. Det er mange lokale krefter som har eit sterkt eigarskap til sin måte å merke på. Hovedmålet med ein felles merkestandar er å sikre gode og trygge naturopplevingar for alle brukargrupper. Dette vil gje eit felles løft for Vestlandet der ein nyttar kompetansen og ressursane i frivillig, offentleg og privat sektor. Den felles infrastrukturen kan nyttast av lokalbefolkninga, friluftsentusiasten og turistane. Standaren er eit godt planleggingsverktøy for å sikre eit nettverk av varierte stiar og hjelper brukarane til å velge hensiktsmessige turar ut ifrå eigne føresetnadar. I tillegg ivaretek det eit viktig miljøperspektiv ved at det tilrettelegg for styrt ferdsel. Den nasjonale standaren er under revidering. Dagleg leiar i Bergen Turlag deltek i den nasjonale gruppa. I tillegg deltek ho i styringsgruppa for heile Vestlandet og i tildelingsgruppa i Hordaland. På denne måten sikrar vi at utviklingsarbeidet knytt til merking og gradering av turløyper på Vestlandet heng saman og at vi er i inngrep med nasjonale prosessar. Den reviderte standaren skal vere klar 15. mai 2011. Samordning med anna merking I prosjektet for merking og gradering av turløyper i Hordaland er det tenleg å få breiast mogleg oversyn over, nytte allereie eksisterande merking og samarbeide tett med dei aktørane som står bak m.a.: Nordsjøløypa Nasjonale sykkelruter inkl. Nordsjøløypa på sykkel T- merking i regi av Den Norske Turistforening Kyststiar i regi av Friluftsråda Postvegen Landskapsparkane Pilgrimsleder Destinasjonsmerking i regi av reiselivet Bilvandring Anna merking i regi av kommunar, idrettslag og andre frivillige lag. Prosjekta som får tildeling skal koordinere sitt arbeid i høve til merking som er gjort av kulturminne, der dette er naturleg. 4

Organisering Ei styringsgruppe med representantar frå alle vestlandfylka møtes fire-fem gonger i året, og har det overordna ansvaret for å samordne utviklingsarbeidet regionalt, ivareta kontakten med Gjensidigestiftelsen og kome med innspel til endringar i den nasjonale standaren for merking og gradering. I kvart fylke er det etablert lokale tildelingsgrupper med representantar frå frivillige organisasjonar, kommunar, friluftsråd, fylkeskommune og reiseliv. I Hordaland deltek Bergen Turlag, Bergen og Omland Friluftsråd, Turistinformasjonen i Kvinnherad kommune/ Samarbeidsrådet for Sunnhordland, kultursjef i Askøy kommune og rådgjevar i seksjon idrett og friluftsliv i Hordaland fylkeskommune. Arbeidet vert samordna med Prosjekt Vandring som har mål om å klårgjere og marknadsføre om lag 100 løyper av god kvalitet i høve til vanskegrad, geografisk spreiing og natur/ kulturopplevingar. I dette prosjektet er det ei spissing mot marknadsføring og reiseliv. Styringsgruppa for prosjektet har tre overlappande medlemmer med tildelingsgruppa for merking og gradering, for å sikre kompetanseoverføring og utnytting av tilgjengelege ressursar. Økonomi Dugnad er ein avgjerande ressurs i merke- og graderingsarbeidet. Gjensidigestiftelsen gjev ikkje støtte til det offentlege. Gåvetildelinga på kr 10 mill er overført til Forum for Natur og Friluftsliv i Sogn og Fjordane. Dei betalar ut midlane direkte til dei utvalde prosjekta i kvart fylke. Fordelinga pr år er som følgjer: Fylke Gjensidigestiftelsen Eigeninnsats Fylkeskommunen Sum frivillige Hordaland 1 442 844 865 706 577 138 2 885 688 Rogaland 1 364 919 818 951 545 967 2 729 837 Sogn og 857 002 514 201 342 801 2 885 688 Fjordane Møre og 1 085 235 651 141 434 094 2 170 470 Romsdal Adm kostnader 250 000 Sum 5 000 000 2 850 000 1 900 000 9 500 000 Fordelingsnøkkelen er basert på 40% folketal og 55% basisfinansiering på alle fylka. 5% går til Forum for natur og friluftsliv i Sogn og Fjordane for den økonomiske administreringa av gåvetildelinga. Tilskot frå Gjensidigestiftelsen føreset eigenandel på 50 % frå fylkesnivå i form av eigne midlar og timeinnsats. For Hordaland fylkeskommune utgjer dette minimum kr 577.138 per år. Fylkestinget 14.-15. desember 2010 vedtok å løyve kr 250.000 til etablering av friluftsråd i Hardanger. Eidfjord kommune søker om kr 130.000 i støtte til prosjektleiar for 2011. Kvam herad har no prosjektleiinga. Eg foreslår at dei resterande kr 120.000 vert øyremerka søknadar om merking og gradering av turløyper i kommunane i Hardanger. Dette kan då også gå inn som delfinansiering av Hordaland fylkeskommune sin eigenandel i prosjektet. Eg foreslår at Hordaland fylkeskommune sin del til gradering- og merkeprosjektet vert finansiert på følgjande måte i 2011: 5

Eigenandel arbeid for rådgjevar ved seksjon idrett og friluftsliv, verdi kr 200.000 Til rådvelde for fylkesutvalet kr 160.000 Tilskot til idrettsprosjekt (eigne midlar) kr 100.000 Etablering av friluftsråd i Hardanger kr 120.000 I Hordaland vert søknadane om støtte til merking og gradering vurdert i samanheng med statlege og fylkeskommunale tilskotsordningar knytt til folkehelse og friluftsliv som fylkeskommunen forvaltar, m.a. spelemidlar til opparbeiding av nye stiar og rehabilitering av eksisterande løypenett, og lokale friluftstiltak. Eg foreslår også at tilgjengelege midlar vert sett i samanheng med løyvingar gitt til prosjektet Vandring i Hordaland. I 2010 har prosjektet fått løyvingar på kr 200.000 frå fylkesutvalet, kr 260.000 frå regionalt utviklingsprosjekt og kr 250.000 frå Fylkesmannen. Ved samordning sikrar vi både ei brei og ei spissa satsing i høve til merking og gradering av turløyper i ulike kommunar i fylket. Gjensidigestiftelsen vert markert ved diskret bruk av deira logo på informasjonstavler. Hordaland fylkeskommune vil bli synleggjort på tilsvarande måte. Vurdering Vestlandsprosjektet knytt til gradering og merking av turløyper har allereie fått mange positive ringverknader. Dette er eit pilotprosjekt i høve til frivillig, privat og offentleg samarbeid der kompetanse, felles ressursar og engasjement gjev ein vinn-vinn situasjon for alle aktørar og framfor alt for innbyggjarane i Hordaland. Prosjektet er også eit praktisk døme på at samarbeid over fylkesgrensene gir gode resultat. Samhandlinga fungerer på alle nivå frå det lokale til det nasjonale. Tilgjengelege faglege og økonomiske ressursar vert nytta betre. Lokalt er det i søknadsprosessen eit godt og reelt partnarskap på tvers av ulike sektorar i nesten heile Hordaland. Det er berre dei beste søknadane som vil få tildeling frå vestlandsprosjektet. Med søknadar om tiltak i 28 av våre 33 kommunar vert det viktig å oppretthalde engasjementet som er skapt hjå dei aktørane som ikkje få tildelt midlar i år. Innovasjon Norge ved Grønt Reiseliv har gitt tilsegn på 1 mill til ei prosjektstilling for å vidareutvikle og koordinere det faglege innhaldet for prosjekta i dei fire fylka i to år. Stillinga vert knytt opp mot Bergen Turlag. Dette faglege nettverket på tvers av fylkesgrensene har vist seg nyttig i høve til andre innsatsområder innan friluftsliv, m.a. Vestkystparken og Coast Alive. Kulturelt utviklingsprogram er innretta slik at det ikkje opnar for søknadar relatert til idrett og friluftsliv. Ved å løyve kr 160.000 frå til rådveldekontoen i 2011 vert betydelege midlar frå Gjensidigestiftelsen, kommunar, destinasjonsselskap og frivillige organisasjonar utløyst. 6