Nissedal kommune. Kommunestyret. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 18:00

Like dokumenter
REGLEMENT FOR DELEGASJON AV AVGJERDSMYNDE Frå Kommunestyret til andre folkevalte organ og til rådmannen

PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE

Delegeringsreglement for Kviteseid kommune

REGLEMENT FOR SEKTORUTVAL FOR SKULE- OG KULTUR

Kommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune.

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR DELEGASJON TIL RÅDMANN

REGLEMENT FOR DELEGERING

REGLEMENT FOR POLITISKE UTVAL

Delegeringsreglement

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

REGLEMENT FOR ADMINISTRASJONS- UTVALET

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:30-00:00

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

MØTEREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVAL

FELLES REGLEMENT FOR DEI POLITISKE ORGANA (K-sak 28/16)

Delegasjon frå kommunestyret til rådmannen (K-sak 27/16) 9.1 Føremål Dette reglementet skal bidra til:

Nye kommunar i Møre og Romsdal

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

ADMINISTRATIVT DELEGERINGSREGLEMENT

DELEGERINGSSREGLEMENT FOR VESTNES KOMMUNE

Reglement for administrasjonsutvalet i Selje kommune

MØTEINNKALLING. Utval: VALNEMND Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: Etter val av valnemnd i kommunestyret SAKLISTE

ÅRSMELDING 2012 FRÅ KONTROLLUTVALET NISSEDAL KOMMUNE

Reglement for Kvam kontrollutval

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for: Folkevalde og politiske organ

REGLEMENT FOR Utval for Levekår

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Selskapsavtale for Setesdalsmuseet Eigedom IKS 1 Selskapet sitt namn

Fellesnemnd ny kommune i indre Sunnfjord

Lovgrunnlag Lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova), 26 Fellesnemnd:

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

Reglement for administrasjonsutvalet. Vedteke av kommunestyret , sak K-13/110

Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2014/ ADM/RSJ Vedteke i Volda kommunestyre den , sak PS 108/14

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

5 LOVLEGHEITSKONTROLL Formannskapet skal ikkje handsama saker som er sendt departementet / fylkesmannen etter reglane i Koml. 59.

VEDTEKT av februar 2007

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Reglement for formannskapet. Vedteke i kommunestyret , sak K-13/109

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for: Folkevalde og politiske organ. Vedteke KS sak 014/17

SOGNDAL KOMMUNE REGLEMENT FOR KONTROLLUTVALET UTKAST

HJELMELAND KOMMUNE INSTRUKS FOR RÅDMANNEN DELEGERINGSREGLEMENT

MØTEINNKALLING. Arkivsak: 12/160 Løpenummer: 12/897 Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl. 14.

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Endringar i delegasjonsreglementet for Hordaland fylkeskommune

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Side1

Reglement for Naustdal kontrollutval Vedteke av kommunestyret i sak 20/15 den

MØTEINNKALLING. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf. kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall.

Rådmannskontoret N / / Delegeringsreglement for Meland kommune Gjeld delegering frå kommunestyret til rådmannen

INNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimesida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.

Til medlemene i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Vedtekter for nasjonalparkstyret for Jostedalsbreen nasjonalpark i Sogn og Fjordane fylke

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Delegeringsreglement for Skodje kommune

Varaordførar Medlem. H H Henry Mæland Medlem SP Beate Marie Dahl Eide Medlem SP. Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer

SUND KOMMUNE. Innhald. Dok.dato: Vår Ref: 16/ Arkiv:

Referat. Styringsgruppa for kommunereform Os og Fusa Dato: fredag 18. august Tid: kl Stad: Fusa kommune - Kommunetunet Til stades:

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

Saksbehandlar: Vigdis Rotlid Vestad. Ref.: 2017/2464/FMMRVIVE Til: Felles kommunestyremøte

Følgjande medlemmer møtte ikkje: Navn Funksjon Representerer Bjarne Reime MEDL KRF Paul Willy Setane MEDL AP

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Følgjande medlemmer møtte ikkje: Navn Funksjon Representerer. Følgjande varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Representerer

Selskapsavtale for Setesdal Revisjonsdistrikt IKS Versjon

Grenseendringar etter inndelingslova. Volda, 25. august 2016

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Eldrerådet

Formelle vedtak i kommunestyra 21. juni 2017 i hht. 25 i inndelingslova for etablering av nye Ålesund kommune

Fortid & notid for framtid

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

Politisk. delegasjonsreglement. for VALLE KOMMUNE

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Valstyret

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Valstyret

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Møteprotokoll for Formannskapet

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Reglement for formannskapet

Følgjande medlemmer møtte ikkje: Navn Funksjon Representerer Øyvind Tveit Medlem KRF/H

ADMINISTRATIVT DELEGASJONSREGELEMENT

REGLEMENT FOR VALSTYRET

Folkevalde sine arbeidsvilkår

Luster kommune. Handsama: Rådmannen sitt framlegg

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Utval: Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunestyresalen Kommunehuset Dato: Tid: 13:00

Vedtekter for Vestland SV

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for natur Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 027/2016 Formannskapet PS /2016 Kommunestyret PS

FASTSETT AV KOMMUNESTYRET I SAK 87/15

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

Delegeringsreglar. Bø kommune

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Brukarutvalet i Sogn og Fjordane

Møteinnkalling for Partsamansett Utval

Utval: Møtestad: Teknisk, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 09:00 Møteslutt: 12:45

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

Transkript:

Nissedal kommune Møteinnkalling Kommunestyret Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: 23.05.2013 Tidspunkt: 18:00 Forfall skal meldast på tlf. 35 04 84 00. Varamedlemmer møter berre ved særskilt innkalling. Halvor Homme ordførar Side1

Saksliste Utvalssaksnr Innhald Saker til behandling PS 22/13 Skulerute for Nissedalskulen skuleåret 2013-14 PS 23/13 Kommunale forskrifter til Opplæringslova PS 24/13 Val av valstyre 2013 PS 25/13 Val av røystemottakarar 2013 PS 26/13 PS 27/13 PS 28/13 PS 29/13 PS 30/13 PS 31/13 Reglement for delegasjon av avgjerdsmynde Rullering av reglement for rekruttering Auka stillingsheimel til kommunelege II N - Plankontoret - evaluering av ordninga med kontorstenging tysdagar Endring av investeringsbudsjett 2013 ("Restløyvingar"). Referat- og drøftingssaker. Lukka Side2

Sakertilbehandling Side3

Sakertilbehandling Side4

Nissedal kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: B06 2012/1680-7 Kjersti Vevstad 14.05.2013 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Kommunestyret 22/13 23.05.2013 Skulerute for Nissedalskulen skuleåret 2013-14 Vedlegg: 1 Skulerute for Nissedalskulen skuleåret 2013-14 Fakta i saka: Den kommunale skuleruta er ei kommunal forskrift som må bli vedtatt av kommunestyret. Fastsetjing av skuleruta kan bli delegert til rådmannen. I kommunestyret 23.05.13 har rådmannen fremja forslag om at fastsetting av skuleruta blir delegert. Inntil slikt vedtak ev. er fatta, må skuleruta handsamast politisk. Vurdering: Skuleruta blir laga ut frå forskrift frå Telemark fylkeskommune. I forskrifta for kommande skuleår er skuleåret avgrensa til å ikkje starte før 19.08.13 og ikkje slutte seinare enn 20.06.14. Om me avvikar frå desse datoane altså starte før eller slutte seinare gjeld ikkje lenger skuleskyss-subsidieringa, og busskostandene må i heilskap dekkjast av kommunen. Det er då snakk om bortimot eit femsifra tal per dag. Skuleruta for kommande skuleår er blitt til i samråd med skulane; skuleleiarane, tilsette, tillitsvalde og ikkje minst elevråd, foreldreutval og samarbeidsutval. Dette arbeidet har pågått våren 2013. Forslaget til skulerute som ligg vedlagt er handsama i rektormøtet (einingsleiar + rektorane + hovudtillitsvalde) den 24.04.13. Rådmannen si tilråding: Skuleruta for skuleåret 2013-14 blir vedtatt. Side5

Nissedal kommune Eining for skule SKULERUTE 2013-14 Månad Datoar Skuledagar August Skulestart måndag 19. august Planleggingsdagar for lærarane onsdag 14., torsdag 15. og fredag 16. august. 10 September Planleggingsdag fredag 27. september skule og sfo stengt 21 Oktober Haustferie veke 41, f.o.m. måndag 7. t.o.m. fredag 11. oktober 18 November 21 Desember Siste skuledag før jul er fredag 20. desember 15 Januar Første skuledag måndag 6. januar Planleggingsdagar for alle lærarane 2. og 3. januar. Skule stengt, sfo open. 20 Februar Vinterferie veke 8, f.o.m. måndag 17. t.o.m. 15 fredag 21. februar Mars 21 April Påskeferie f.o.m. måndag 14. t.o.m. måndag 21. april. 16 Mai Offentleg fridag tysdag 1. mai 19 Fri Kristi himmelfartsdag torsdag 29. mai Fri fredag 30. mai. Sfo stengt. Juni Fri 2. pinsedag måndag 9. juni 14 Siste skuledag fredag 20. juni Sum Tal på skuledagar 190 1.-3. stega har undervisningsfri kvar onsdag. 4.-7. stega har undervisningsfri om lag kvar tredje onsdag: 4.9., 25.9., 16.10., 6.11., 27.11., 18.12., 8.1., 29.1., 26.2., 19.3., 9.4., 7.5. og 28.5. til saman 13 dagar. Side6

Nissedal kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: 034 2013/516-1 Kjersti Vevstad 25.04.2013 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Arbeidsmiljøutvalet 13/13 07.05.2013 Formannskapet 52/13 08.05.2013 Kommunestyret 23/13 23.05.2013 Kommunale forskrifter til Opplæringslova Vedlegg: 1 Kommunale forskrifter til Opplæringslova Fakta i saka: Kommunen burde ha kommunale forskrifter på dei områda i Opplæringslova der det er gjeve valfridom. Vedlagt er forslag til fire slike kommunale forskrifter. Store delar av innhaldet i forskriftene gjeld allereie og har gjort det lenge, men det har ikkje lukkast sakshandsamar å finne ut når kommunen sist gjorde vedtak i tråd med den praksisen me har i kommunen. Rektormøtet (består av einingsleiar, rektorane og hovudtillitsvalde i Utdanningsforbundet og Fagforbundet) handsama den 24.04.13 det vedlagte forslaget til forskrifter og kunne einast om det aller meste. På eitt punkt var det ikkje samrøystes forslag i rektorkollegiet, og det vil gå fram nedanfor. Vurdering: 1. OMFANGET AV GRUNNSKULEOPPLÆRING I TID (SKULERUTE) Eining for skule ser det som føremålstenleg at politisk hald gjev forskrift om korleis skuleruta skal lagast samt retningsliner for avgrensingar. Derimot er det ikkje føremålstenleg at politikarane skal handsame den konkrete skuleruta slik det har vore praktisert dei siste åra, i mangle på ei forskrift som den som no blir lagt fram. Dersom det blir påkravd å gjere ei endring i vedtatt skulerute og det framleis er politikarane som handsamer den konkrete skuleruta, må eventuelle endringar også bli handsama politisk. Dette er ein tungvinn praksis, synst rektormøtet. Omgrepet kollektiv elevavspasering som er brukt, inneber ei ordning som har lang praksis i Nissedal kommune, og det betyr at alle elevane får fri samtidig innanfor dei 190 ordinære skuledagane. Det har i overskueleg fortid vore konsensus blant skuleleiarane i kommunen at ein kan late elevar avspasere på dagtid dersom dei deltek på kveldsarrangement som gjev læringsutbytte og er i regi av skulen. Alle elevar skal gå 190 dagar på skulen. Dette er eit minimum. Om ein i tillegg deltek på kveldsarrangement i regi av skulen, kan dette gjerne kome i tillegg. Det er ikkje noka øvre grense for kor mange dagar elevar kan gå på skulen. Det faktum Side7

at tilsette må avspasere etter å ha arbeidd på kveldstid, er ein anna ting og burde handsamast isolert. Likevel har rektormøtet komen fram til at kvar skule kan late elevar kollektivt avspasere inntil ein heil skuledag per skuleår dersom det er særleg god grunn for det og det har vore tilstrekkeleg med læringsaktivitetar utanfor skuletida som kan føre til slik avspasering. 2. MÅLFORMER I GRUNNSKULEN Nynorsk har vore obligatorisk målform i skulane i Nissedal kommune så lenge at det var umogleg å finne att når det første gong blei vedtatt. Derfor må dette bli skriftleggjort no. 3. ORDENSREGLEMENT Eit felles rektormøte ønskjer at det skal vere felles ordensreglement i Nissedalskulen, og det har me i dag. Gjeldande ordensreglement blei vedtatt av kommunestyret i mai 2011 etter ein lang prosess der alle skulane sine rådsorgan var blitt involvert. Rektormøtet ønskjer også at endringar i ordensreglementet kan bli handsama administrativt, men at politisk hald legg gjennom denne forskrifta føringar for korleis prosessen skal vere og kva overordna moment som skal telje med. 4. SKULEN (KRINSGRENSER) Også i denne forskrifta støytar ein på kjent stoff; krinsgrensene. Av di det ikkje har lukkast sakshandsamar å finne att det opprinnelege vedtaket om krinsgrenser og av di det no er ein grunnskule mindre enn i fjor, Felle skule er lagt ned, er det føremålstenleg å syte for at det blir vedtatt ei forskrift som omhandlar krinsgrensene i kommunen. Prinsippet om nærskule står sterkt i Opplæringslova. Likevel opnar Opplæringslova for at føresette kan søkje barna deira til ein annan skule enn nærskulen. Det kan frå tid til annan vere individuelle årsaker til det utan at ein på noka måte kan lage ei uttømmande liste for årsakene bak slike søknader. Sakshandsamar ønskjer at skulebytesøknader blir handsama administrativt frå no av. Det kviler på eitt prinsipp i Opplæringslova; grada av brukarmedverknad. For det første er lovverket klårt når det gjeld brukarane sine eigne synspunkt; dei skal vege tungt. For det andre har det blitt ein tendens i Nissedal kommune til at skulebytesøknader får stor merksemd i så vel media som i lokalsamfunnet når dei blir handsama politisk. For å beskytte brukarane, vil sakshandsamar tilrå at skulebytesøknader blir handsama administrativt heretter. Elevar som får skulebyte innvilga, må bekoste skuleskyssen sjølv. Dette punktet er tatt med for å sikre nærskuleprinsippet i større grad enn om all skuleskyss hadde vore fri. I rektormøtet var det ikkje semje i punktet om at administrasjonen skal handsame skulebytesøknader. Likevel vel sakshandsamar å fremje dette forslaget til kommunal forskrift, og det er i tråd med ein svært stor kommunemajoritet i Noreg. Omsynet til brukarane skal vege tungt, og ei politisk handsaming av skulebytesøknader gjer sitt til at det blir stor avstand mellom dei som søkjer og dei som handsamer samt at det får for stor merksemd i media og i lokalsamfunnet. Rådmannen si tilråding: Kommunale forskrifter til Opplæringslova blir vedtatt og trer i kraft når vedtaket er fatta. Saksprotokoll i Arbeidsmiljøutvalet - 07.05.2013 Votering: Samrøystes for rådmannen si tilråding. Uttale Kommunale forskrifter til Opplæringslova blir vedtatt og trer i kraft når vedtaket er fatta. Side8

Saksprotokoll i Formannskapet - 08.05.2013 Saka skulle ikkje vore meldt opp til formannskapet. Formannskapet var difor einig i å sende saka direkte til kommunestyret. Vedtak Saka sendt vidare til kommunestyret for vedtak utan tilråding frå formannskapet. Side9

KOMMUNALE FORSKRIFTER TIL OPPLÆRINGSLOVA GJELDANDE FOR NISSEDAL KOMMUNE 1. OMFANGET AV GRUNNSKULEOPPLÆRING I TID (SKULERUTE) (Opplæringslova 2-2, fjerde ledd) Skuleruta for Nissedal kommune skal i hovudsak bestå av heile veker. Eventuelle fridagar for elevane i løpet av året skal leggjast inntil fridagar knytt til helg eller høgtid. Haustferien og vinterferien skal for elevane vere på inntil ei veke kvar. Kollektiv elevavspasering skal i lita grad førekome, og helst bli avgrensa til inntil ein heil dag per skuleår. Kollektiv elevavspasering skal det fattast vedtak om i lokalt SU ved den einskilde skulen. Årleg vedtak om skulerute blir gjort av administrasjonen etter drøftingar med dei hovudtillitsvalde innan 1. mars. Rådsorgana elevråda, FAU, SU og SMU har uttalerett. 2. MÅLFORMER I GRUNNSKULEN (Opplæringslova 2-5, første ledd) Grunnskuleelevane i Nissedal kommune skal ha nynorsk som hovudmål. 3. ORDENSREGLEMENT (Opplæringslova 2-9, første ledd) Det skal vere felles ordensreglement for grunnskulen i Nissedal kommune. Rektormøtet vedtek ordensreglementet der mellom anna føresetnadene nedanfor er innarbeidd. o Ordensreglementet skal ha med forhold som motiverer til auka trivsel og gode samversformer mellom elevane, og mellom elevane og dei som elles deltar i skulesamfunnet. o Ordensreglementet skal ha med reglar om rettar og plikter for elevane. o Ordensreglementet skal ha med forbod om bruk av tobakk, rusmidlar og pornografi. o Det skal gå fram av ordensreglementet kva sanksjonar som skal nyttast, og kva prosedyre som skal følgjast ved iverksetjing av refsingstiltak. Tiltak som ikkje er tatt med i ordensreglementet, kan ikkje brukast. Endringar i ordensreglementet skal gjerast gjennom ei grundig høyring i alle rådsorgana ved alle skulane og med dei tillitsvalde. Side10

4. SKULEN (KRINSGRENSER) (Opplæringslova 8-1, første ledd) Nissedal kommune er inndelt i tre skulekrinsar i stega 1-7: Tveit skule, Kyrkjebygda skule og Fjone skule. I stega 8-10 går alle elevar på Nissedal ungdomsskule. Elevane på barnesteget har rett og plikt til å gå på den skulen dei soknar til, som også vil vere den skulen som ligg nærast. Retten gjeld også for elevar med spesialundervisning. Punktet ovanfor medfører at: o Elevar frå Treungen, Felle, Haugsjåsund, Tjønnefoss, Heimdal, Homme og Espestøyl går på Tveit skule. o Elevar frå Nordre Nissedal, Kyrkjebygda og Nes går på Kyrkjebygda skule. o Elevar frå Fjone går på Fjone skule. Etter søknad kan elevar takast inn på ein annan skule enn den skulen eleven soknar til, jf 8-1, andre ledd. Det er administrasjonen som handsamar slike søknader. Dersom ein elev etter søknad har fått plass ved ein annan skule enn den eleven soknar til, har eleven ikkje rett på gratis skuleskyss, dersom det ikkje er særlege spesialpedagogiske eller faglege grunnar for søknaden, eller at tiltaket er sett i verk i samsvar med tredje ledd i 8-1. Side11

Nissedal kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: 010 2012/582-10 Asbjørg Rygh Pedersen 25.04.2013 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Kommunestyret 24/13 23.05.2013 Val av valstyre for stortingsvalet 2013 Fakta i saka: Valloven av 1. september 2002 4.1 seier at det i kvar kommune skal vere eit valstyre som kommunestyret sjølv skal velje. Det er ikkje lenger nokon regel om at formannskapet skal vere valstyre eller at kommunestyret skal velje leiar og nestleiar. Kommunestyret skal og velje røystestyre, men denne oppgåva kan delegerast til valstyret. Vurdering: Sjølv om ikkje loven krev at formannskapet skal vere valstyre, kan dette vere ei praktisk ordning. Loven krev heller ikkje lenger at kommunestyret sjølv skal velje leiar og nestleiar i valstyret, men det er heller ikkje noko hindring for dette. Nissedal kommune har frå før ein praksis der ordføraren er leiaren av valstyret og partiet som er størst i opposisjon sit med nestleiaren. Om vi held fram med denne praksisen blir det Halvor Homme som er leiar og Anne-Nora Oma Dahle som er nestleiar. Utover dette skal eit kvart utval som er politisk oppnemnt ha minst 40% av medlemmane av kvart kjønn (likestillingsloven 21). Dersom valstyret blir på 5 personar, må det dermed vere minst to personar av kvart kjønn. Dersom formannskapet blir vald som valstyre, er dette oppfylt. Når det gjeld røystestyre, kan det vere ein fordel om valstyret kan gjere ein del undersøkingar og finne ulike kandidatar til dette i forkant. Rådmannen rår difor til at dette blir delegert valstyret, slik praksis og har vore tidlegare. Administrasjonen vil vere sekretariat for valstyret, slik det også har vore tidlegare. Ordførar si tilråding: Nissedal kommune vel formannskapet som valstyre for stortingsvalet 2013. Ordførar Halvor Homme blir vald som leiar og Anne-Nora Oma Dahle som nestleiar. Resten av formannskapet blir medlemmar av valstyret, dvs. Runa Vee Tveit, Frank E. S. Lien og Øyvind Tveit. Kommunestyret delegerer til valstyret å velje røystestyre. Administrasjonen vil vere sekretariat for valstyret. Side12

Nissedal kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: 010 2012/582-12 Asbjørg Rygh Pedersen 25.04.2013 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Kommunestyret 25/13 23.05.2013 Val av røystemottakarar for stortingsvalet 2013 Fakta i saka: Det er valstyret som skal oppnemne røystemottakarar, jf. valloven 8-2 (1) a), og førehandsrøyster kan berre bli tekne imot av røystemottakarar oppnemnt av valstyret. Av praktiske årsaker vert det innstilt på at det berre er høve til førehandsrøysting i Tveit krins, og vallokalet er kommunehuset. Det blir i tillegg gitt høve til førehandsrøysting på Nissedal omsorgssenter til ei tid som blir gjort kjent seinare. Kommunen er også ansvarleg for ambulerande røystegiving for dei som har behov for å røyste i heimen. Vurdering: Førehandsrøystinga skal gå føre seg i opningstida til kommunehuset, dvs. frå kl. 07:45 15:00. Av praktiske årsaker er det greitt å oppnemne dei som sit i og nær resepsjonen til røystemottakarar. Ordførar si tilråding: Røystemottakarar 2011: 1. Konsulent Wenche Grønås, valansvarleg 1 2. Konsulent Asbjørg Rygh Pedersen, valansvarleg 2 3. Konsulent Anne Aarak 4. Konsulent Kari-Anne Håland Moe 5. Konsulent Margit Helene Johansen 6. Kommunalsjef økonomi Jarle Bruun Olsen Leiar av valstyret har fullmakt til å komplettere lista ved behov. Side13

Side14

Nissedal kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: 044 2012/1692-4 Sverre Sæter 10.05.2013 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Kommunestyret 26/13 23.05.2013 Reglement for delegasjon av avgjerdsmynde Vedlegg: 1 REGLEMENT FOR DELEGASJON AV AVGJERDSMYNDE 2 Delegeringsreglement 3 Delegeringsreglement Fakta i saka: Nissedal kommune sitt reglement for delegasjon av avgjerdsmynde er frå 2003. Det vart siste gong revidert i 2006. Det er eit ideal at det politiske delegeringsreglementet vert revidert ein gong (tidleg) i kvar politiske fireårsperiode. Rådmannen vedtok i april i år nytt administrativt delegeringsreglement. Dette reglementet bygger på det politiske delegeringsreglementet frå 2006. Det har ikkje vore noko administrativt delegeringsreglement før. I kommunestyresak 74/12 vart det gjort følgjande vedtak: Det vert satt ned ei politisk samansett utval av kommunestyrepolitikarar som arbeider fram eit forslag til kommunestyret på nytt politisk delegeringsreglement. Utvalet innstiller til kommunestyret på nytt politisk delegeringsreglement før sommaren 2013. Medlemmar i gruppa: Halvor Homme Øyvind Tveit Anne-Nora Oma Dahle Frank Edvard Sjøgren Lien Øystein Tveit Rådmannen stiller som utvalssekretær. Utvalet har hatt to møter, og det vart i det siste møtet konkludert med at det er mest hensiktsmessig at rådmannen tilrår vedtak i saka. Side15

Vurdering: Delegering inneber at nokon (X) med avgjerdsrett gjev ein annan (Y) avgjerdsrett av same art som ein har sjølv. Ei delegering frå X til Y inneber likevel ikkje at X mister noko av sin eigen avgjerdsrett. Det formelle ansvaret kan ikkje delegerast. Y gjer vedtak på vegne av X og har ikkje det formelle ansvaret, men han har ansvaret i høve til X. For at ei delegering skal vere lovleg, må visse kriterium vera oppfylte: Det må vera høve til å delegere avgjerdsretten Delegeringa må gjevast til nokon som er kompetent til å ta i mot slik avgjerdsrett Sjølve delegeringsvedtaket må vera gyldig. I dette ligg at sakshandsamingsreglar og reglar om fleirtal, habilitet, vedtaksførleik o.l. må vera fylgde Hovudprinsippet i Kommunelova 6 er at avgjerdsretten på saksområde som ikkje er lagt til andre etter lova, eller er delegert til andre, må utøvast av kommunestyret sjølv. Eit bærande prinsipp i forslaget til nytt delegeringsreglement er at mynde er delegert til rådmannen så sant saka ikkje er prinsipiell eller ikkje spesifikt skildra under det aktuelle organ. Orsaka til dette er fyrst og fremst eit ynskje om å gjera reglementet enklare og meir oversiktleg ved at ein ikkje i unødig grad må knytte delegeringane opp til einskilde parargrafar i den einskilde lov eller forskrift. Kva som er ei prinsipiell sak blir drøfta nærare i kap. 1.6 i forslag til delegeringsreglement. Dette delegeringsreglementet verkar saman med andre kommunale reglement og forskrifter. Dette gjeld spesielt økonomireglementet. Økonomireglementet omhandlar mellom anna kven som har disposisjonsfullmakter i pengespørsmål. I den grad reglane er (utilsikta) motstridande mellom kommunen sitt delegeringsreglement og økonomireglement går økonomireglementet føre så langt ikkje noko anna går fram direkte av lov. Fram til no har søknader om å avvike frå nærskuleprinsippet vore politiske saker. Rådmannen søkjer no å regulere dette i eiga kommunal forskrift til opplæringslova. Rådmannen si tilråding: Reglement for delegasjon av avgjerdsmynde vert vedteken slik det ligg føre. Side16

REGLEMENT FOR DELEGASJON AV AVGJERDSMYNDE Frå Kommunestyret til andre folkevalte organ og til rådmannen 1 Side17

Innhald 1. Prinsipp for delegering side 4 1.1 Innleiing side 4 1.2 Retningsliner for bruk av delegert avgjerdsrett side 4 1.3 Tilbakekalling, kontroll og rapportering av delegeringsvedtak side 4 1.4 Rett og plikt til å unnlate å gjere bruk av delegert avgjerdsrett side 5 1.5 Delegering vidare side 5 1.6 Litt om omgrepet ikkje prinsipielle saker side 5 1.7 Rett til å gjere om vedtak side 6 1.8 Klage side 6 1.9 Justering av reglementet side 6 2. Politisk organisering i Nissedal kommune side 6 2.1 Overordna styringsorgan side 6 2.2 Særlovsnemnder side 7 3. Mynde til dei politiske organa side 7 3.1 Kommunestyret side 7 3.1.1 Val og samansetning side 7 3.1.2 Arbeidsområde og mynde side 7 3.1.3 Oppgåver etter særlover side 8 3.2 Formannskapet side 8 3.2.1 Val og samansetting side 8 3.2.2 Ansvarsområde og mynde side 9 3.2.3 Delegerte oppgåver frå kommunestyret side 9 3.2.4 Delegering etter særlov side 9 3.3 Administrasjonsutvalet side 11 3.3.1 Val og samansetting side 11 3.3.2 Ansvar og mynde side 11 3.4 Ordførar side 11 3.4.1 Delegert avgjerdsrett side 11 3.5 Kontrollutvalet side 12 3.5.1 Val og samansetting side 12 3.5.2 Ansvar og mynde side 12 4. Andre utval side 12 4.1 Ad hoc-utval side 12 4.2 Rådet for menneskje med nedsett funksjonsevne side 12 4.3 Eldrerådet side 12 4.4 Forliksråd sider12 2 Side18

5. Administrasjonen side 12 5.1 Rådmannen side 12 5.2 Ansvarsområde side 13 5.3 Mynde side 13 6. Delegering til interkommunale samarbeidsorgan side 13 6.1 Kviteseidsamarbeidet side 13 6.2 Andre interkommunale samarbeid med delegering av mynde side 14 3 Side19

1. Prinsipp for delegering Kommunane blir styrt av ulike rammevilkår. Dei viktigaste er lovene. Kommunesektoren si grunnlov er Kommunelova. Men som det går fram av dette Reglementet, er mange særlover òg aktuelle. Prinsippa for delegering er dei same, bygd på juridisk teori og sedvane. 1.1. Innleiing Delegering inneber at nokon (X) med avgjerdsrett gjev ein annan (Y) avgjerdsrett av same art som ein har sjølv. Ei delegering frå X til Y inneber likevel ikkje at X mister noko av sin eigen avgjerdsrett. Det formelle ansvaret kan ikkje delegerast. Y gjer vedtak på vegne av X og har ikkje det formelle ansvaret, men han har ansvaret i høve til X. For at ei delegering skal vere lovleg, må visse kriterium vera oppfylte: Det må vera høve til å delegere avgjerdsretten Delegeringa må gjevast til nokon som er kompetent til å ta i mot slik avgjerdsrett Sjølve delegeringsvedtaket må vera gyldig. I dette ligg at sakshandsamingsreglar og reglar om fleirtal, habilitet, vedtaksførleik o.l. må vera fylgde Hovudprinsippet i Kommunelova 6 er at avgjerdsretten på saksområde som ikkje er lagt til andre etter lova, eller er delegert til andre, må utøvast av kommunestyret sjølv. Reglementet er bygd opp slik at mynde er delegert til rådmannen så sant saka ikkje er prinsipiell eller så sant det ikkje er spesifikt skildra under det aktuelle organ. Orsaka til dette er fyrst og fremst eit ynskje om å gjera reglementet enklare og meir oversiktleg ved at ein ikkje i unødig grad må knytte delegeringane opp til einskilde parargrafar i den einskilde lov eller forskrift. Kva som er ei prinsipiell sak blir drøfta nærare i kap. 1.6. Dette delegeringsreglementet verkar saman med andre kommunale reglement, dette gjeld spesielt økonomireglementet. Økonomireglementet omhandlar mellom anna kven som har disposisjonsfullmakter i pengespørsmål. I den grad reglane er (utilsikta) motstridande mellom kommunen sitt delegeringsreglement og økonomireglement går økonomireglementet føre så langt ikkje noko anna går fram direkte av lov. 1.2. Retningsliner for bruk av delegert avgjerdsrett Delegert avgjerdsrett skal utøvast: I medhald av gjeldande lover, forskrifter og i samsvar med dei sakshandsamingsreglane som fylgjer av lov, forskrift og god forvaltningsskikk Lojalt og i samsvar med retningsliner gjeve av overordna organ/person Innanfor dei plan- og budsjettrammer som er vedtekne av kommunestyret eller anna overordna organ 1.3. Tilbakekalling, kontroll og rapportering av delegerte vedtak Overordna organ kan: når som helst trekkje tilbake ei gjeven delegering krevje å få lagt fram for seg ei sak som eit underordna organ har til handsaming i medhald av delegert avgjerdsrett 4 Side20

krevje å få overta handsaminga av, og fatte vedtak i, einskildsak som eit underordna organ har til handsaming i medhald av delegert avgjerdsrett. Om kontroll: Alle vedtak som blir fatta i medhald av delegert avgjerdsrett skal som hovudregel bli lagt som referatsak til det organ som etter delegeringsreglementet er peika ut som rapporteringsorgan. Der avgjerdsrett er delegert i fleire ledd, gjeld rapporteringsplikta berre for siste delegering. Det organ som delegerer vidare, avgjer om dei vedtaka som er fatta er av ei slik tyding at dei bør bli rapportert til overordna organ. 1.4. Rett og plikt til å unnlate å gjera bruk av delegert avgjerdsrett Dersom det ligg føre særskilte grunnar som gjer at ei sak skil seg ut frå det ordinære, skal den som har fått delegert mynde, alltid vurdere om dette gjer at saka likevel bør handsamast i det overordna organet trass i delegeringsvedtaket. Sjå òg avsnitt 1.6. 1.5. Delegering vidare Reglementet er laga slik at det er høve til å delegere vidare dersom det ikkje er laga ei delegeringssperre. I lovteknikken blir delegeringssperre laga på fleire vis. I dette reglementet er det nytta same system som i kommunelova. Det vil seie at når lova nyttar ordlyden kommunestyret sjølv, så kan avgjerdsrett ikkje delegerast. Delegeringssperre kan òg vera laga i særlov ved at lova sjølv peikar på kven som skal ha avgjerdsrett. Basert på dette reglementet utarbeider rådmannen sjølv retningsliner for intern delegering i administrasjonen og utøving av slik avgjerdsrett. 1.6. Litt om omgrepet ikkje prinsipielle saker Organet som er gjeve delegert avgjerdsrett, pliktar å vurdere om saka er så prinsipiell at denne retten ikkje bør nyttast. Ei sak vert oppfatta som ikkje prinsipiell når det ligg føre klare retningsliner for korleis ho skal behandlast, og ein har ein praksis frå behandling av tilsvarande saker. For å avgjera om ei sak er kurant eller ikkje må ein leggje vekt på: Har ein eit reglement eller ein eintydig praksis å vise til? Har det vore politisk semje om liknande saker tidlegare? Er konsekvensane små for den saka gjeld og for kommunen? Det kan som utgangspunkt være nyttig i sonderinga mellom prinsipiell/ ikkje prinsipiell sak å spørje seg om det til grunn for avgjersla er naudsynt med meir enn ei fagleg og/eller regelbunde vurdering eller handsaming. Politiske eller klart skjønnsmessige vurderingar /prioriteringar er å vurdere som prinsipielle. Vidare er det ein føresetnad at sakshandsamar konfererer med sin overordna/eventuelt rådmannen når det er tvil om ei sak er prinsipiell eller ikkje. Dei avklaringar som vert gjort gjennom behandling av slike tvilstilfelle, utviklar ein sedvane som supplerer reglane i delegeringsreglementet. Dersom det er tvil om kor vidt ei sak er av prinsipiell tyding, eller dersom det er tvil om korleis ei sak av prinsipiell tyding skal handsamast i det politiske system, har ordførar og rådmann ansvar for å klarlegge dette. Når dei er i tvil, legg ordføraren saka fram for formannskapet som skal avgjere spørsmålet. Uansett bør den som har fått delegert mynde vurdere å leggje saka fram for overordna mynde dersom det er tvil om saka kan vera prinsipiell. Dersom det er uklart om eit kollegialt organ har avgjerdsrett i ei sak i medhald til delegert 5 Side21

avgjerdsrett, avgjer utvalet sjølv ved vanleg fleirtal. Ved likt røystetal avgjer møteleiaren med dobbeltstemme. Eit vedtak om bruk av omstridt delegert avgjerdsrett kan lyftast inn for overordna organ etter reglane for mindretalsanke i møtereglementet. 1.7. Rett til å gjera om vedtak: Eit kommunalt organ kan i særskilte høve gjera om sitt eige vedtak utan at det er påklaga etter dei reglane som gjeld i Forvaltningslova 35 1.ledd. Føresetnadane for dette er at anten: eller eller a) Endringa ikkje er til skade for nokon som vedtaket rettar seg mot eller direkte tilgodeser. b) Melding om vedtaket ikkje er kome fram til vedkommande og vedtaket heller ikkje er offentlig kunngjort c) Det viser seg at det vedtaket som er gjort må reknast som ugyldig. Overordna organ kan av eige tiltak gjera om underordna organ sitt vedtak på same måte som det underordna organet sjølv. Avgrensingane i Forvaltningslova 35 1.ledd gjeld berre ved omgjering av einskildvedtak, jfr. Forvaltningslova 3, 1. ledd. Overordna organ sin rett til å gjera om vedtak gjeld også vedtak fatta på delegert avgjerdsrett etter Kommunelova 13 (hastesaker). 1.8. Klage Partar og andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtak fatta av kommunalt organ, jrf Forvaltningslova 28. Einskildvedtak fatta på delegert avgjerdsrett kan òg klagast på etter reglane i forvaltningslova. Ulike særlover kan ha eigne reglar for klage som supplerer reglane i forvaltningslova. Handsaming av ei klagesak i fyrsteinstans skal alltid fyrst gjerast av det organet som har teke avgjerd. Dersom dette organet ikkje gjev klaga medhald, skal klaga handsamast i klageinstansen dersom ikkje anna er fastsett i særlov. For mange saker er det fastsett i lov at endeleg avgjerd i klagesaka vert fatta av fylkesmannen eller anna organ overordna kommunen. 1.9. Justering av reglementet Rådmannen har fullmakt til å foreta dei justeringar i reglementet som er direkte konsekvensar av vedtekne organisatoriske endringar, eller vedtekne lovendringar når desse klart ikkje bryt med prinsippa i reglementet eller omfanget av dei fullmakter som er gjevne. Slike justeringar skal rapporterast til det politiske utval som har ansvar for den einskilde endring. 2. Politisk organisering i Nissedal kommune I dette kapitlet blir det gjeve eit kort oversyn over organiseringa sett i eit juridisk perspektiv. 2.1. Overordna styringsorgan I medhald av Kommunelova av 25.09.1992 nr. 107, har Nissedal fylgjande pliktige politiske organ: Kommunestyre, jf. 6 Formannskap, jf. 8 Administrasjonsutval, jf. 25 Kontrollutval, jf. 77 Formannskapet er kommunen sitt økonomi-, plan- og næringsutval 6 Side22

2.2. Særlovnemnder I medhald av særlov har Nissedal fylgjande pliktige kommunale organ: Råd for menneske med nedsett funksjonsevne jf. Lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne 2 Eldreråd, jf. Lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd 1 Valstyre jf. Lov om val til Stortinget, fylkesting og kommunestyre (Vallova) 4-1 Skjønnsutval, jf. Lov om forpakting (Forpaktingslova) 11 Takstnemnd, jf. Lov om eigedomsskatt til kommunane (Eigedomsskattelova) 3 og 4, Jf. Byskattelova av 1911 4 og 5 Overtakstnemnd etter Eigedomsskattelova 33, jf. Byskattelova av 1911 4 Forliksråd, jf. Lov om domstolane (Domstollova) 57 Overformynderi, jfr. Lov om vergemål (Verjemålslova) 19. Ordninga vert avslutta 1.7.2013 som følgje av lovendring. 3. OPPGÅVER TIL DEI POLITISKE ORGANA 3.1. Kommunestyret 3.1.1. Val og samansetning Kommunestyret er det øvste folkevalde organet i Nissedal jf. Kommunelova 8. Kommunestyret blir valt av kommunen sine stemmeføre innbyggjarar etter reglar fastsett i lov. Kommunestyret i Nissedal skal ha 17 medlemmar. 3.1.2. Arbeidsområde og mynde Kommunestyret gjer vedtak på vegne av Nissedal kommune i alle saker dersom ikkje anna følgjer av lov eller delegeringsvedtak. Kommunestyret avgjer sjølv om andre organ kan gjere vedtak på kommunestyret sine vegne der det er høve til dette. Nedafor følgjer eit oversyn over kommunestyret sine oppgåver sortert etter lovheimel. Kommunelova Med heimel i kommunelova skal kommunestyret sjølv gjera vedtak i saker som gjeld: Endring av kommunestyret sitt medlemstal ( 7 nr. 3) Val av formannskap ( 8 nr. 1) og fastsetting av formannskapets saksområde og kompetanse ( 8 nr. 3) Val av ordførar og varaordførar ( 9 nr. 1) Val av kontrollutval ( 77) Oppretting, omorganisering og nedlegging av faste utval. Fastsetting av deira saksområde og kompetanse, samt val av medlemmer, varamedlemmer, leiar og nestleiar ( 10 nr. 1, 2, 3 og 6) Fritak frå politiske verv ( 15 nr. 3) Oppretting av eige styre for kommunal bedrift eller institusjon ( 11 nr. 1) Tildeling av hastekompetanse til anna folkevald organ ( 13 nr. 1) Tilsetting av rådmann ( 22 nr. 2) Fastsetting av nærare retningsliner for dei tilsette sin møte- og talerett i kommunale nemnder når desse handsamar saker som gjeld tilhøvet mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette ( 26 nr. 4) Oppretting av styre for interkommunalt samarbeid og gje mynde til dette ( 27 nr. 1) Delegering av mynde i samband med vertskommunesamarbeid ( 28a-k) 7 Side23

Fastsetting av reglement for saksbehandlinga i folkevalde organ ( 39 nr. 1). Plikt til å ta stilling til framlegg som gjeld kommunen si verksemd dersom minst 2 % av innbyggjarane, alternativt minst 300 innbyggjarar i kommunen står bak framlegget ( 39a) Fastsetting av reglement for dei folkevalde sin rett til innsyn i saksdokument og informasjon om saker som er under behandling ( 40 nr. 5) Fastsetting av reglar om godtgjersle til folkevalde ( 41-42) Godkjenning av økonomiplan og årsbudsjett og vesentlege endringar i desse etter innstilling frå formannskapet ( 44 nr. 1, jfr. nr. 6) og 45 nr. 2) Godkjenning av årsrekneskap og årsmelding ( 48 nr. 3). Fastsetting av reglar for kommunen si finansforvaltning ( 52 nr. 1) Betalingsinnstilling ( 56 nr. 1) Oppretting av kommunalt føretak, inkludert val av styre og fastsetting av vedtekter for føretaket ( 62) I tillegg skal kommunestyret sjølv: Vedta overordna planar og retningsliner som gjeld kommunen si samla verksemd eller som er utarbeidd med heimel i lov eller forskrift som seier at kommunestyret sjølv skal vedta denne. vedta avgifter, gebyr eller betaling til kommunen med mindre dette mynde er særskilt lagt til anna organ ved lov, forskrift eller delegeringsvedtak vedta kommunale forskrifter eller vedtekter med heimel i kommunelov eller særlov med mindre dette mynde særskilt er lagt til anna organ ved lov, forskrift eller delegeringsvedtak 9 vedta skattesatsar for formue og inntekt jfr. Skattelova og utskriving av eigedomsskatt jfr. Eigedomskattelova vedta alle kommunale reglement og vedtekter (dersom andre ikkje.) røyste ved uravstemming over forslag til avtale ved forhandlingar mellom KS og arbeidstakarorganisasjonane. gjere sal, avhending, makeskifte av kommunale bustader Godkjenning av avtaler som er inngått sentralt mellom KS og arbeidstakarorganisasjonane. Erverve, avhende og bortfeste eigedom eller rettar i eigedomar uavhengig av verdi. (Dette med unnatak av sal av tomter i regulerte felt og mindre parsellar elles) 3.1.3. Oppgåver etter særlover Alkohollova Uavhengig av når vedtaket er gjort, skal kommunestyret sjølv handsame alle faste sals- og skjenkeløyve fyrste året av ny kommunestyreperiode. Eit eventuell fastsetting av eit maksimalt tal på løyve jf. 1-7 skal òg gjerast av kommunestyret sjølv. Plan- og bygningslova Etter 3-3 i denne lov skal kommunestyret skal sjølv vedta: Kommunal planstrategi, kommuneplan og reguleringsplan Oppstart av arbeid med kommuneplanen og utarbeiding av planprogram ( 11-3) Planprogram for reguleringsplanar med vesentleg verknader for miljø og samfunn ( 12-9) Ekspropriasjon ( 16) Ei ordning for å ta vare på barn og unge sine interesser i planlegginga ( 3-3) Veglova Kommunestyret skal sjølv gjera vedtak om bygging, opptak eller nedlegging av kommunal veg. Det same gjeld fastsetting av bompengar for kommunal veg og satsar for ferje. 8 Side24

3.2. Formannskapet 3.2.1. Val og samansetning Formannskapet har fem medlemmer. Medlemmene og varamedlemmene vert valde av og blant kommunestyrets medlemmer for ein periode på 4 år. 3.2.2. Ansvarsområde og mynde Kommunelova gjev ikkje formannskapet spesifikk avgjerdsrett i einskildsaker, men formannskapet er kommunen sitt hovudutval for økonomi og skal derfor handsame alle slike saker (økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak) før dei går til kommunestyret for endeleg avgjerd jf. 8.3 i Kommunelova. Utvalet har også funksjon som planutval, og skal dermed innstille til kommunestyret i alle saker etter Plan- og bygningslova der mynde er lagt til kommunestyret sjølv. Formannskapet er kommunen sitt næringsutval, og forvaltar midlane i næringsfondet i tråd med vedtektene for fondet og innafor løyvd ramme i budsjett. Formannskapet har mynde til å treffe vedtak i saker som skulle ha vore avgjort av kommunestyret eller andre kommunale organ når det er naudsynt at vedtak vert fatta så raskt at det ikkje er tid til å innkalle det aktuelle organet, jf. Kommunelova 13. 3.2.3. Delegerte oppgåver frå kommunestyret. Formannskapet blir gjeve mynde til å gjera vedtak innan fylgjande saksområde: Uttale seg på vegne av kommunen i saker der andre organ enn kommunen skal ta avgjerd Utøve kommunen sin eigarskapspolitikk i samsvar med eigarskapsmeldinga. Dette inneber m.a. å gje føringar til kommunen sin styrerepresentant i saker av prinsipiell karakter. Kulturpris Fordeling av avsette kulturmedel 3.2.4. Delegering etter særlov Formannskapet utøvar det mynde som er tillagt kommunen etter særlover, med unntak av det mynde som kommunestyret ikkje kan delegere vidare. Saker av ikkje prinsipiell karakter vert vidaredelegert til rådmannen. Dersom utvalet sjølv skal handsame einskilde saker vert det gjort særleg greie for nedanfor. Plan- og bygningslova Formannskapet har funksjon som planutval og skal gje innstilling til kommunestyret i dei plansakene som ikkje er delegert til utvalet sjølv, jf. opplistinga av kommunestyret sine oppgåver etter denne lov. I tillegg har utvalet mynde til å leggje planframlegg ut til offentleg ettersyn. Formannskapet har sjølv mynde til å gjera følgjande vedtak: Dispensasjon frå kommuneplan og reguleringsplan og mindre endringar i desse planane( 19). For små endringar er dette mynde delegert til rådmannen dersom saka ikkje er av prinsipiell karakter. Midlertidig forbod mot tiltak ( 19). Godkjenne mindre reguleringsplanar når dei er i tråd med kommuneplanen og denne ikkje er eldre enn 4 år. Gje andre enn kommunen fullmakt til å utarbeide områderegulering jfr. 12-2. Syte for oppstart av reguleringsarbeid der dette er naudsynt og når det ikkje er gjort av kommunestyret i samband med budsjettvedtak eller liknande (12-1, 2. ledd). Jordlova og konsesjonslova? 9 Side25

Andre lover Rådmannen er delegert mynde i medhald av følgjande lover i saker som ikkje er prinsipielle: Delingslova Eigarseksjonslova Forureiningslova Gravferdslova Lov om tilskot til livssynsamfunn Matrikkellova Politilova Serveringslova Skattelova Straffelova Trudomssamfunnslova Tvistemålslova Tvangsfullbyrdingslova Kommunale vass- og kloakkavgifter Barnehagelova Barnevernslova Eldrerådslova Gravferdslova Helseberedskapslova Helseregisterlova Helse- og omsorgstenestelova Helsepersonellova Helseregisterlova Husbanklova Krisesenterlova Kyrkjelova Opplæringslova Smittevernlova Sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltninga Tobakkskadelova Vaksenopplæringslova Brann- og eksplosjonsvernlova Filmlova Friluftslova Folkebiblioteklova Forpaktingslova Forureiningslova Hundelova Kulturminnelova Lakse- og innlandsfisklova Matlova Motorferdsellova Naturmangfaldlova Naturskadelova Plantevernlova Skoglova Stadnamnlova 10 Side26

Odelslova Veglova Vegtrafikklova Viltlova Motorferdsellova 3.3. Administrasjonsutval 3.3.1. Val og samansetning Formannskapet utgjer administrasjonsutvalet (jf. 25 i Kommunelova) saman med 2 medlemmer som dei tilsette. Utvalet har dermed sju medlemmer. 3.3.2. Ansvar og mynde Administrasjonsutvalet er eit partssamansett utval som skal behandle saker som gjeld høvet mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette. Utvalet fastset den politikk, dei retningsliner og dei mål som gjeld løns- og personalspørsmål i kommunen. Utvalet innstiller til kommunestyret i saker som gjeld Tilsetting av rådmann Utvalet har delegert følgjande avgjerdsrett: Overordna personalpolitiske retningsliner Avskjed og oppseiingar Handsame spørsmål knytt til likestilling Ved eventuell tilsettingsstopp vurdere og vedtaka utlysing av ledige stillingar Godkjenne arbeidsavtale, instruksar eller stillingsomtale for rådmann Der det i personalsaker er klagerett, er utvalet klageinstans Utvalet har fullmakt til å avgjere tvilsspørsmål om tolking og praktisering av avtalar, reglement og andre slutningar som vedkjem arbeidstakerane sine tilsettings- og arbeidsvilkår 3.6. Ordførar Ordføraren er kommunen sin rettslege representant. Kommunelova gjev ikkje ordføraren avgjerdsrett i einskildsaker på vegne av kommunen, men med heimel i kommunelova 9 nr.5 kan ordførar få avgjerdsrett frå politiske organ i einskildsaker eller saker utan prinsipiell tyding der delegeringssperrer ikkje er til hinder. Han kan òg bli tildelt avgjerdsrett i hastesaker ( 13). 3.6.1. Delegert avgjerdsrett Ordføraren skal i utgangspunktet representere kommunen som aksjeeigar i høve til aksjeselskap der kommunen eig aksjar. Ordførar kan delegere dette mynde vidare til varaordførar eller rådmann. 3.7. Kontrollutvalet 3.7.1. Val og samansetning Kontrollutvalet har 3 medlemmer som alle er valde av kommunestyret. Minst eitt av medlemmene skal vera medlem av kommunestyret, men ingen av dei kan vera medlem av formannskapet. Utvalet skal veljast etter at kommunestyret vel formannskap, og før dei andre utvala vert valde. 3.7.2. Ansvar og mynde Kontrollutvalet er kommunestyret sitt organ for å føre tilsyn med heile den samle kommunale verksemda, jf. 77 i Kommunelova. Utvalet har ikkje avgjerdsmynde i einskildsaker, men innstiller 11 Side27

direkte til kommunestyret. Leiar har møte- og talerett i kommunestyret. Ordførar har møte og talerett i utvalet. Rådmannen har ikkje møte- og talerett, men skal ha høve til å kommentere saker frå utvalet før dei vert lagde fram for kommunestyret. 4. ANDRE UTVAL 4.1. Ad hoc-utval Alle politiske utval vert gjeve mynde til å opprette ad hoc-utval (komitear) til førebuandehandsaming av saker, eller til å utføre særskilte oppgåver eller verv innanfor det respektive utvalet sitt område. Val av medlemmer og fastsetting av mandat vert gjort av dei respektive utvala. Komiteane har mynde til å avgjere enkeltsaker som har direkte tilknyting til komiteen sitt oppdrag, jfr. 15 Kommunelova 10 nr. 5. Innstilling frå komiteane skal gå til vidare politisk handsaming via rådmannen. 4.2. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Dette rådet i Nissedal har 4 medlemmer. Eitt blir valt frå kommunestyret og 3 blir valt frå brukarorganisasjonane. Rådet skal handsame alle saker som gjeld vilkår for menneske med nedsett funksjonsevne. Dette gjeld m.a. årsbudsjett og økonomiplan, samt større kommunale byggjetiltak og plansaker. Rådet er rådgjevande og har ikkje avgjerdsrett på vegne av kommunen. 4.3. Eldreråd Dette rådet har i Nissedal 5 medlemer. To (2) blir valte frå kommunestyret og 3 blir valte frå pensjonistlaget. Rådet skal handsame alle saker som gjeld levekåra til dei eldre i kommunen. Dette gjeld m.a. årsbudsjett og økonomiplan. Rådet er rådgjevande og har ikkje avgjerdsrett på vegne av kommunen, jf. 3 i Eldrerådlova. 4.4. Forliksråd Blir vald av kommunestyret sjølv blant kommunen sine vederheftige og valbare innbyggjarar over 25 år. Dette er ein del av rettssystemet i Noreg. Rådet tek avgjerd i tvistar mellom private, og er ikkje ein del av kommunen sitt avgjerdssystem. Avgjerder i forliksrådet har verknad som dom og kan bringast inn for tingretten. 5. ADMINISTRASJONEN 5.1. Rådmannen Rådmannen er den øvste leiar for kommunen sin administrasjon. Oppgåvene til rådmannen går fram av Kommunelov 23. Rådmannen har rett og plikt til å uttale seg i alle saker som går til politisk behandling. 5.2. Ansvarsområde Rådmannen har ansvar for å: leie administrasjonen sitt arbeid med å førebu saker for folkevalde organ og sjå til at desse er forsvarleg utgreidd med omsyn til konsekvensar for økonomi, personell og innbyggjarane sine krav til tenester følgje opp politiske vedtak og etablere gode rutinar for rapportering av gjennomføring av desse vedtaka syte for god forvalting og effektiv bruk av kommunen sine økonomiske ressursar. Dette inkluderer etablering av rutinar for god intern kontroll 12 Side28

kvalitetssikre kommunale tenester leie det strategiske plan- og utviklingsarbeidet i kommunen motivere og utvikle kommunen sine tilsette i tråd med føringane i kommunen sin arbeidsgjevarpolitikk følgje opp og utvikle det administrative leiarskapet i tråd med føringane i arbeidsgjevarpolitikken. ivareta kommunen sitt overordna ansvar for arbeidet med helse, miljø og tryggleik. sikre god medverknad frå brukarar og brukarorganisasjonar i saker som vedrører utvikling og/eller endring av kommunen sitt tenestetilbod. 5.3. Mynde Rådmannen vert gjeven mynde til å avgjere alle personalsaker innanfor rammene av dei gjeldane personalpolitiske mål og retningsliner. Rådmannen vert gjeven mynde til å fatte vedtak i alle saker som ikkje er av prinsipiell tyding, med mindre lovreglar, forskrifter eller delegeringsreglementet fastset at avgjerda ligg hjå eit anna kommunalt organ. Rådmannen vert gjeven mynde til å skrive under på vegne av kommunen på kontraktrettslege dokument som er uarbeidd innafor rammene av gjeldande politiske vedtak (budsjettvedtak eller liknande). Rådmannen vert gjeven mynde etter 79 5. ledd til å krevje offentleg påtale for straffbare handlingar som vert gjort mot kommunen 6. INTERKOMMUNALE SAMARBEIDSORGAN 6.1 Kviteseidsamarbeidet Samarbeidet med Kviteseid er organisert som vertskommunesamarbeid jf. 28b i Kommunelova. Rådmannen er delegert mynde i medhald av følgjande lover i saker som ikkje er prinsipielle: Beitelova Bufelova Ervervsmessig husdyrhald, lov om Friluftslova Forpaktingslova Forureiningslova Grannelova Hundelova Jordlova Konsesjonslova Lakse- og innlandsfisklova Matlova (Næringsmiddellova?) Motorferdselslova Naturmangfaldlova Naturskadelova Odelslova Plantevernlova Skoglova Viltlova 6.2 Andre interkommunale samarbeid med delegering av mynde 13 Side29

Barnevernlova: Kviteseid kommune er vertskommune for barnevernstenesta i Vest-Telemark. Kommunane i regionen har delegert all mynde etter Lov om barnevernstenester til rådmannen i Kviteseid kommune. Vest-Telemark Brannvesen IKS Kommunestyret i Nissedal delegerer sitt mynde etter Brann og eksplosjonsvernlova 11 punkt b og h, samt 12, til leiar i Vest-Telemark Brannvesen IKS. Vest-Telemark PPT IKS Kommunestyret i Nissedal delegerer sitt mynde etter Opplæringslova 5.6 til Vest-Telemark PPT IKS. IATA IKS Kommunestyret delegerer sitt mynde etter Forureiningslova 26 (tømming av slam) og 30 (innsamling av hushaldsavfall) til IATA IKS (sjå også 83). 14 Side30

file:///c:/konvertering/ephortenis/69129.html Side31 Side 1 av 1 06.11.2012 Fra: Sverre Sæter[] Dato: 05.11.2012 17:12:23 Til: Sverre Sæter Tittel: Delegeringsregelment

Delegeringsreglement Nissedal kommune (Vedteke K-sak 051/03, rev. K-sak 013/06) Side32

1. Oppbygging og utforming av delegeringsreglementet 1.1. Innleiing Lov om kommunar og fylkeskommunar (kommunelova) av 25. september 1992, gjeldande frå 1. januar 1993, og endringar i særlovgjevinga la opp til stor lokal fridom i høve til organisering. Den lokale forvaltninga skal kunne bli tilpassa lokale tilhøve og behov. Dette reglementet vil gje nærare reglar for korleis kommunestyret har delegert delar av sitt mynde. 1.2. Delegeringsprinsipp. All makt samlast i kommunestyret (der ikkje anna følgjer av lov og forskrift). Kommunestyret avgjer kor mykje mynde og ansvar organet vil behalde, og kor mykje mynde og ansvar det vil delegere. 1.3. Om politisk organisering og delegering. Nissedal kommunestyre vedtok i sak nr. 035/02 å endre den politiske strukturen. Det er vedtatt ein organisasjon med 2 politiske nivå: Kommunestyret Formannskap/administrasjonsutval/planutval og andre lovpålagte utval. Formannskapet eller kommunestyret kan oppnemne komitear med 3 5 medlemmar til større politiske saker. Målsettingane i samband med organisering og delegering: Leggje forholda til rette for heilskapstenking og samordning både politisk og administrativt. Gje dei folkevalde i kommunen ein større grad av innsyn og engasjement. Klargjere ansvarsfordelinga mellom politisk og administrativt nivå. Politikarane skal bestemme kva som skal gjerast og kor og når det skal gjerast. Administrasjonen sin oppgåve er å finne ut korleis det skal gjerast og kven som skal gjere det. Delegasjonsreglementet er eit verktøy for å kunne realisere målsettinga om ansvars- og rollefordeling mellom det politiske og administrative nivået, og gjere sakshandsamings-tida kortast mogeleg. Samtidig er det eit verktøy for å sikre dei folkevalde akseptable arbeidsvilkår, for å nytte seg av kompetansen i administrasjonen, og for ei effektiv sevice-yting for innbyggjarar, næringsliv m.fl. Lokalpolitisk arbeid byggjer også i stor grad på nasjonale lover og forskrifter, samt styringsvedtak frå Stortinget, regjering og departement m.fl. Ved delegering gir ein frå seg mynde, men ikkje ansvar. 1.4 Om utarbeiding av delegeringsreglement. Reglementet er utarbeida av rådmannen, og drøfta administrativt før det blei lagt fram for kommunestyret. Side33

2. GENERELT OM BRUK AV FULLMAKTER 2.1 Retningsliner for gjevne fullmakt. All delegera fullmakt skal brukast i høve til lovar, vedtekter og retningsliner gjeve av overordna organ, og innanfor ramma av budsjett og føresetnader. Ei sak er ikkje prinsipiell når det føreligg lovar, retningsliner e. l. for korleis den skal handsamast, og/eller ein har praksis frå tidlegare saker. All delegasjon frå det politiske nivå til administrasjonen skal gå til rådmannen. 2.2 Subdelegering. Avgjerdsmynde som eit fast politisk organ har fått delegera, kan organet delegere vidare. Jfr. 23.4 i kommunelova. Delegering gjeve til rådmannen kan rådmannen delegere vidare til underordna, men rådmannen kan ikkje sub-delegere avgjerdsmynde når kommunestyret delegerer mynde til rådmannen sjølv. 2.3 Tilbakekalling av fullmakter. Eit overordna organ kan krevje å få framlagt ei sak som eit underordna organ har til handsaming etter delegert fullmakt. Overordna organ kan treffe vedtak innom saksområde som er delegert utan fyrst å ha trekt delegert fullmakt tilbake. 2.4 Rett til ikkje å gjere bruk av delegera fullmakt i særskilde saker. Organ som har fått delegera fullmakt kan overlate til overordna organ å ta avgjerd i særskilde saker. 2.5 Omgjeringsrett. Eit overordna organ kan gjera om eit vedtak som underordna organ har gjort. Jfr. 35, 1 ledd i forvaltningslova. (NB! tidsfrist for opplysning til berørte partar, jfr. forvvaltningslova sin 35, 4. ledd). 2.6 Tilbakemelding om bruk av delegera fullmakt. Vedtak gjort etter delegert fullmakt skal bli rapportert tilbake i den utstrekning det organet som har delegert ønskjer det. 2.7 Mindretalsanke. I organ der fullmakt er delegera kan 2 medlemer, ordførar eller rådmann eller dei som møter i deira stad innan møtet er slutt, krevje saka lagt fram for næraste overordna organ. 2.8 Partar og andre sin rett til å få eit vedtak overprøva. Etter 28 i forvaltningslova kan ein part eller annan med rettsleg klagerett klage på eit Side34