ULSTEIN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Ulstein formannskap Møtestad: Kommunestyresalen, Ulstein rådhus Dato: 07.11.2017 Tid: 12:00 15:45 Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Knut Erik Engh Ordførar FRP Steinar Torvik Varaordførar KRF Pål Grødahl Medlem V Lisa Mari Breivik Anderson Medlem SP Tor Meinseth Medlem H Knut Kleiven Medlem H Faste medlemmer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Renathe Rossi-Kaldhol MEDL AP Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer Magne Grimstad jr. Renathe Rossi-Kaldhol AP Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Verner Larsen Konstituert rådmann Arne Runar Vik Konstituert assisterande rådmann Gry Osnes Nordal Kommunalsjef oppvekst Marit Botnen Kommunalsjef helse og omsorg Anita Sundnes Konstituert kommunalsjef teknisk Steinar Nummedal Økonomileiar Asbjørg Garshol Kommunikasjonsleiar Leif Ringstad Kultursjef Ingunn Hestnes Jurist Oana-Andreea Chiriac Økonomikonsulent Svein Arne Orvik Politisk sekretær 1
SAKLISTE Saksnr Tittel Arkivsaknr PS 17/93 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE PS 17/94 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ SISTE MØTE PS 17/95 MELDINGSSAKER PS 17/96 SØKNAD OM UTVIDA SKJENKETID FOR EIT ENKELT 2017/855 HØVE I UTESERVERING. PS 17/97 KOMMUNAL GARANTI - ULSTEIN SMÅBÅTLAG 2017/1909 PS 17/98 ØKONOMIPLAN 2018-2021 2017/1921 ORIENTERINGAR Innbyggarundersøking 2017 ved kommunikasjonsleiar Asbjørg Garshol Ulstein Arena: publikumstilbod og profilering ved kultursjef Leif Ringstad Kommunalsjefane og dagleg leiar for Ulstein Eigedomsselskap orienterer om situasjonen i einingane under saka om økonomiplan/budsjett. Tenesta Aido ved Håvard Ringstad SPØRSMÅL Knut Kleiven tok opp at regelverket for spørjetimen i kommunestyret bør handsamast på nytt, med bakgrunn i spørjetimen i kommunestyremøtet 26.10.2017. Formannskapet ber om at det til formannskapsmøtet 13.11.2017 blir lagt fram ei sak om å nemne opp ei arbeidsgruppe for å revidere Politiske reglement, der også spørjetimen er regulert. ---------------- Ulsteinvik, 7.11.2017 Knut Erik Engh ordførar Svein Arne Orvik møtesekretær Pål Grødahl Tor Meinseth 2
PS 17/93 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE Innkallinga og saklista vert godkjende. PS 17/94 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ SISTE MØTE Protokollen frå møtet 17.10.2017 vert godkjent. PS 17/95 MELDINGSSAKER [ingen saker] 3
PS 17/96 SØKNAD OM UTVIDA SKJENKETID FOR EIT ENKELT HØVE I UTESERVERING. Quality Hotel Ulstein sin søknad, datert 16. oktober 2017, om å få utvida skjenketida for uteserveringa den 31.12.2017 til klokka 01.00 for alkoholhaldig drikke, gruppe 1 og 2, vert imøtekome. Handsaming: Tilråding frå rådmannen: Quality Hotel Ulstein sin søknad, datert 16. oktober 2017, om å få utvida skjenketida for uteserveringa den 31.12.2017 til klokka 01.00 for alkoholhaldig drikke, gruppe 1 og 2, vert imøtekome. Framlegg frå Steinar Torvik: Formannskapet legg til grunn vedteken alkoholpolitisk handlingsplan, gjeldande praksis og vilkåra i skjenkeløyvet som er tildelt hotellet. Søknad om utvida skjenketid for uteareal vert ikkje imøtekomen. Røysting: Tilrådinga frå rådmannen vart vedteken med 6 mot 1 røyst. PS 17/97 KOMMUNAL GARANTI - ULSTEIN SMÅBÅTLAG Ulstein kommune stiller simpel garant for låneopptak til Ulstein småbåtlag til refinansiering og til ny brygge D. Garantiramma er på 1,2 mill. kr med tillegg av 10 % til gebyr og kostnader, totalt kr 1 320 000. Handsaming: Tilrådinga frå rådmannen vart vedteken med 7 mot 0 røyster. PS 17/98 ØKONOMIPLAN 2018-2021 Tilråding i Ulstein formannskap 07.11.2017: Arbeidet med budsjett og økonomiplan for 2018 2021 vert ført vidare i neste formannskapsmøte. Til formannskapsmøtet 13.11.2017 ber formannskapet om å få 4
- korrigert budsjett og økonomiplan basert på kjende endringar - driftsbudsjett for Ulstein Arena - konkretisert informasjon om gjeldsutviklinga i kommunen Til formannskapsmøtet 28.11.2017 ber formannskapet om å få - meir konkretisering av framlegg til innsparingstiltak. Handsaming: Tilråding frå rådmannen: 1. Rådmann sitt framlegg til økonomiplan 2018 2021 og budsjett 2018 vert vedteke slik det får fram av rådmanne sitt framlegg med følgjande endringar: - - Dette gir slikt oppsett i skjema 1a/b og 2a/b: (vert klipt inn ved endeleg vedtak) 2. Ulstein kommune godkjenner eit låneopptak på kr. **,- Kommunestyret godkjenner låneporteføljen til Ulstein kommune, og alle lån i porteføljen kan vere gjenstand for refinansieringar i budsjettåret 2018. Fellesframlegg: Arbeidet med budsjett og økonomiplan for 2018 2021 vert ført vidare i neste formannskapsmøte. Til formannskapsmøtet 13.11.2017 ber formannskapet om å få - korrigert budsjett og økonomiplan basert på kjende endringar - driftsbudsjett for Ulstein Arena - konkretisert informasjon om gjeldsutviklinga i kommunen Til formannskapsmøtet 28.11.2017 ber formannskapet om å få - meir konkretisering av framlegg til innsparingstiltak. Røysting: Tilrådinga og fellesframlegget vart sette opp mot kvarandre. Fellesframlegget vart vedteke med 7 mot 0 røyster. Lenke vert sendt til: 1. Formannskapet 2. Rådmannen 3. Ass. rådmann 4. Kommunalsjefane 5. Mellomleiarane 6. Servicetorget 7. Kommunerevisoren 8. Vest Kontroll --------------- o0o -------------- 5
9. Kontrollutvalet m/vara Ulstein kommune, politisk sekretariat 8.11.2017 Svein Arne Orvik 6