ÅRSMELDING 2009 FOR LLH BERGEN OG HORDALAND



Like dokumenter
Foreløpig referat fra styremøte i LLH mandag

Godkjent med endring. Foreløpig referat fra styremøte i LLH mandag

Godkjent med endringer

Godkjent. Godkjent. Foreløpig referat fra styremøte i LLH mandag

Godkjent med endring. Foreløpig referat fra styremøte i LLH mandag

Foreløpig referat fra styremøte i LLH onsdag

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Til deg som bur i fosterheim år

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSUTVALET

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Tid: mandag 10. september 2012 Sted: Allegaten 40. Til stede: Daniel Mekki, Camilla C. Strøm-Andresen, Stine W. Strøm-Andresen, Rønnaug Frøiland.

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

frå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Finansiering av søknaden

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Foreløpig referat fra styremøte i LLH mandag

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Rektorforum 15. april

DIS- Sogn og Fjordane

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Ellen Persvold, Olav Luksengård Mjelva, Jan Heier, Hilde Reitan

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Lønnsundersøkinga for 2014

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

«Ny Giv» med gjetarhund

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

HDBUL. Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag. Referat frå Årsmøte Saksliste:

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Stemnehandboka for NKSF

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Bitraf Resultatregnskap0per

Møteprotokoll for møte i

Referat frå årsmøte i Jotunfjell Fjordane EHK, Vågå Hotell 13.februar 2010.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Månadsplan for Hare November

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsalen Saknr.: 36/13 43/13

Møte om fellesprosjekt

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav L. Mjelva, Tove Leinslie, Thor Hauknes 3.

ARBEIDSPLAN

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

S. og Fj. Skiskyttarkrins har gode resultat både nasjonalt og internasjonalt der utøverane viser gode resultat.

SVEIO KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Tysdag 23. september 2014 blei det halde møte i Sveio kontrollutval under leiing av utvalsleiar Håkon J. Skimmeland.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

MØTEBOK Rådsmøte i Hardanger Ungdomsråd. Stad: Norheimsund Industrier. Den Kl Ungdomsrådsleiar Karoline Hauge Stalheim

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Velkommen til. Årsmøte Førde Brukshundklubb

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

MASFJORDEN KOMMUNE. Arbeiderpartiet: Høgre: Senterpartiet: Bjørn Egil Nordland (vara) Karstein Totland, ordførar Lene Hansen Kvamsdal

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

INNKALLING TIL STYREMØTE nr 3/18 i 4H Hordaland

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Stavanger kommune i samarbeid med LLH Rogaland og Stavanger på Skeivå arrangerer. Eg e den eg e!

Møteprotokoll. Møtestad: Vårsøg hotell, Surnadal Dato: Tid: 17:00. Medlemer som møtte: Åse Kristin Ask Bakke

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Styremøte 9. og 10. februar i Bergen

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

VS 14/7 Godkjenning av innkalling og sakliste VS 14/8 Godkjenning av referat frå førre møte

Transkript:

ÅRSMELDING 2009 FOR LLH BERGEN OG HORDALAND Valgte på årsmøtet 2010 Styret Styret har i perioden fram til februar 2010 bestått av 10 personar. Leder: Torill Jørgensen Frøise Nestleder: Tor Andreas Bremnes (til juli 2009 utan erstatning) Kasserer: Einar Gunnarsen Sekretær: Maren Sekkingstad (til august, erstatta av Norman Andersen frå august) AU-medlem: Aleksander Thuen AU-medlem: Friedrike Hoffman (fungert som internasjonalt ansvarleg) AU-vara: Norman Andersen (til november utan erstatning ) AU-vara: Torstein Dahle Andre styremedlemmar Redaktør for Skråskrift: Tore Lirhus Skeiv ungdom Bergen: Lisa Bradley, Usman Ali, Linn Lande Undergrupper som er representert i styret Infoutvalget ViOmOss har vore representert gjennom Tor Andreas Bremnes Sapfonia har vore representert ved Elisabeth Farstad. Vi har denne styreperioda valgt å ikkje avhalde separate AU-møter, men heller kun kalla inn til styremøter. Styremøtene har i hovedsak vore avhalde kvar 14. dag. Det har vore innkalla til 21 styremøte, kun eit styremøte har vi ikkje vore vedtaksføre på. Styret har i styreperioda 2009-10 behandla i overkant av 110 saker. Til kvart styremøte har det vore gode sakspapir, slik at alle hadde mogleik til å forberede seg godt til styremøta. Dette er absolutt noko vi vil anbefala neste års styre til å gjere. Det har til ein kvar tid vore saksansvarleg som har skreve sakene. Styret utarbeida i starten av perioda ein målplan for eige arbeid der ein sa kven som var ansvarleg for dei ulike sakene. Målplanen blei revidert hausten 2009. Styreinnkallingane og referata har vorte lagte ut på vevsidene til LLH Bergen og Hordaland. Styret tek sjølvkritikk på at dette ikkje har skjedd kontinuerleg, men pr dags dato ligg alle innkallinger og referat ute på nettet. Valgkomiteen: På sist årsmøte ble desse valgt: Arne H. Hauge Stig Ludvigsen Usman Ali (trakk seg i april 2009) Revisorar: På sist årsmøte vart desse valgt: Ove Sverre Bjørdal Ørjan Johansson

Fondsmidler: På sist årsmøte vart desse valgt til å disponere fondsmidlene: Torill J. Frøise Øystein Vist Vararepresentantar til Landsstyret(LS): Leiar av lokallaget er automatisk vår landsstyrerepresentant. På sist årsmøte vart i tillegg disse valgt: Fyrste vara: Tor Andreas Bremnes Andre vara: Tore Lirhus (deltatt på eit ls-møte) Tredje vara: ingen valgt Nye lokallag Det har ikkje i kome nye lokallag i perioda. Kontoret Allegaten 40 LLH Bergen og Hordaland har i 2009 hatt kontor i Allégaten 40. Sapfonia hadde fram til XX hatt faste øvingar i kjellarlokalet kvar onsdag. Litteraturgruppa og Filmklubben har brukt kjellarlokala jevnleg. Undergrupper LLH Bgh har pr i dag følgjande aktive undergrupper: Sapfonia, ViOmOss, Litteraturgruppa, Skråskrift, Filmgruppa Skeiv Film, Skeiv Verden (starta opp att desember 2009), Åpen kirkegruppe (starta opp att februar 2010) og Regnbuefamilier i Hordaland (starta opp att mars 2010). Vi er godt nøgde med aktiviteten til alle undergruppene, og ser på alle som særs viktige for LLH Bgh. Sjå elles årsmeldinger frå undergruppene. Forholdet til andre deler av LLH LLH Bergen og Hordaland har eit godt og nært forhold til både sentralt og andre fylkeslag. Leiar har så og seie dagleg kontakt med LLH sentralt. LLH Bergen og Hordaland har arrangert ein fest i Bergen saman med LLH Rogaland og Stavanger på Skeivå for å marknadsføre Skeivå-festivalen. I tillegg gjorde ein eit forsøk på å samarbeide med LLH Sogn og Fjordane i samband med kyrkjevalget hausten 2009. LLH BgH har delteke på alle tre Landsstyremøte i 2009, ved leiar og andrevara til LS Tore Lirhus. I landsstyret er LLH Bgh ein aktiv deltakar, og har fremma saker og vore med på å forbetre LLH sine møterutinar. Stein Wolff Fryndelund deltok på oppstart av LLH sitt transnettverk i Oslo 8/5 2009. Transpolitisk utvalg ble oppnevnt av sentralstyret i oktober 2009. Stein Wolff Frydenlund ble valgt til leder av transpolitisk utvalg på dets første møte, 13/2 2010. Samarbeid med andre organisasjoner Samarbeid med andre organisasjonar med same mål er svært viktig og fruktbart. LLH Bergen og Hordaland har i 2009 hatt samarbeid med følgjande organisasjonar: - Kirkens Bymisjon (Verdens Aidsdag) - Skeiv Ungdom (Verdens Aidsdag, Handlingsplan mot Diskriminering av homofile, lesbiske og bifile) - Røde Kors Ungdom (Verdens Aidsdag) - Amnesty (Verdens Aidsdag) Årsmelding for LLH Bergen og Hordaland 2009 side 2

- Gay Event Bergen (Bergen Gay Galla) - homobergen.no (Bergen Gay Galla) - UgleZ (protestaksjon mot at Nina Karin Monsen fekk Fritt ords pris og Transgender day of rememberance) - CICV (Human arrows, arrangement for å sette fokus på situasjonen i Litauen) - Helseutvalget (visning av Patrik 1,5 på Bergen kino) - Bergen kommune (seminar for enhetsleiarar i helse- og omsorgssektoren i Bergen kommune) Markeringar/seminar LLH Bergen og Hordaland er stolte over mangfaldet på arrangement vi har hatt i løpet av året. Vi vil anbefale neste års styre å gjere det same. Ein har mykje å tene på å søkje samarbeid med andre grupper, både i homomiljøet, men og utanfor dette. Vi vil her kort gjere rede for arrangementa våre. Dei fleste er omtala på våre nettsider. Protestaksjon mot at Nina Karin Monsen fekk Fritt ords pris LLH Bergen og Hordaland reagerte negativt på at Nina Karin Monsen blei tildelt Fritt ords pris, og saman med studentgruppa UgleZ arrangerte vi ein demonstrasjon mot dette den 4. mai. Det var ein appell ved Sunniva Schultze frå Raudt. LLH Bgh likar å utfordre normen, og vi valgde difor å synge to songar på markeringa; We shall overcome og Til ungdommen. Dei rundt 70 oppmøtte song nølande med etterkvart. Human arrows Sommaren 2009 vedtok Litauen ei lov som forbyr informasjon om homofili til mindreårige (personar under 18 år). Dette måtte det reagerast på, og den 21. september arrangerte LLH Bergen og Hordaland i samarbeid med CIVS ein aksjon på Torgalmenningen i Bergen. Omtrent 40 personar møtte opp, og laga ei pil mot Litauen for å sette søkjeljos på situasjonen der. Skeive dager, Oslo LLH Bergen og Hordaland var representert på Skeive dagar ved leiar. LLH hadde eigen stand, og vi gjekk i parada under slagordet Legalize love, ei kampanje for å synleggjere at det i mange land i verda framleis er straffbart å vere homofil. LLH Bgh hadde med Skråskrift som vi delte ut til folk som kom innom standen. Stavanger på Skeivå fest i Bergen For å hjelpe Stavanger på Skeivå å marknadsføre seg i Bergen blei det arrangert ein fest på Hotel Admiral den 15. august. Her blei det delt ut Homo-light-shots. Oppmøtet var bra, og det var god stemning. Dette var den einaste festen LLH Bergen og Hordaland arrangerte i 2009. Stortingsvalg 2009 LLH Bgh hadde ingen markeringar i forbindelse med Stortingsvalet, men vi sendte ut mail til alle politiske parti med nokre spørsmål i forhold til homofili. Vi fekk svar frå alle partia inkludert FrP. Svara kan lesast på våre vevsider. Visning av Patrik 1,5 på Bergen kino Det at Bergen kino ikkje ville vise filmen Patrik 1,5 var noko styret i LLH Bgh (og kanskje spesielt ein over gjennomsnittet filminteressert leiar) reagerte kraftig på. Leiar hadde i mars telefonsamtale med dåverande direktør om grunnen til dette, og vi starta ei underskriftskampanje for å få meir blæst om saka. Årsmelding for LLH Bergen og Hordaland 2009 side 3

Då Elisabeth Halvorsen blei konstituert som kinodirektør hausten 2009 tok vi igjen kontakt, og fekk omsider med oss Bergen kino på ei visning av filmen den 2. november. Vi er svært nøgde med oppmøtet, og hadde blant andre med oss byrådsleiar Monica Mæland som meinte det var veldig rart at filmen ikkje var sett opp før. Salen tok 150 personar, og det var så og seie full sal. Transgender day of rememberance Den 19. november arrangerte LLH Bgh i samarbeid med UgleZ TdoR- eit seminar om kjønn og heteronormativitet. Med oss som foredragshaldarar hadde vi Esben Esther Pirelli Benestad, Stein Wolff Frydenlund, Marit Vaula Rasmussen og Jenny Sand. Seminaret samla ca 80 tilhøyrarar. Det var ein kveld for refleksjon, kunnskapsauke, bevisstgjering og feiring av transpersonar. Det var litt internasjonalt fokus, og litt akademisk fokus, men kanskje i størst grad eit personleg fokus. Seminar for enhetsleiarar i helse- og omsorgssektoren i Bergen Kommune. I november arrangerte LLH Bergen og Hordaland eit seminar for einhetsleiarar i Bergen kommune. Her hadde vi med oss Hanne Børke-Fykse frå Rosa kompetanse, Bjørn Nuland frå FAFO, ein person frå Likestilling- og diskrimineringombodet. Det var ca 60 deltakarar, som blant anna fekk lære om heteronormativitet, korleis møte LHBT-personar i jobben sin og ein del statistikk og forskning på området. Verdens Aidsdag Tradisjonen tru markerte LLH Bergen og Hordaland dagen saman med Kirkens bymisjon, Skeiv ungdom og Røde kors ungdom. Det var appellar på Torgalmenningen, fakkeltog og solidaritetsmarkering i Korskyrkja. På markeringa i Korskyrkja song Sapfonia og vi fekk og oppleve Linda Eide og Kjersti Berge. Walter Heidkampf har vorte eit fast innslag i VADmarkeringa i Bergen, og han fortalde litt om korleis det er å leve med hiv. Bilete frå markeringa kan de sjå her: http://vadbergen09.blogspot.com/ Bergen Gay Galla Som vanleg var LLH Bergen og Hordaland medarrangør av Bergen Gay Galla. Vi fekk innvilga kr 30 000 frå Bergen kommune til arrangementet, noko som var viktig for å få gjennomført eit kvalitativt god galla. Arrangementet fann stad på Fensal, og det var rundt 150 oppmøtte. LLH Bgh delte ut Homofrydprisen til Trond Egil Moe. Mest merksemd fekk likevel årets homo, Kristian Espeset, betre kjent som Gaahl, og vi fekk blant anna eit innslag på TV2 påfølgande laurdag. Vi håper dette kan medføre at vi og neste år klarer å skape merksemd rundt Bergen Gay Galla. Medlemmar: Ved utgangen av 2008 hadde vi registrert 176 medlemmar. Ved utgangen av 2009 hadde vi registrert 158 medlemmar. Vi er med dette det tredje største medlemslaget i landet. Det har i 2009 dessverre ikkje blitt ført noen aktiv vervingskampanjer av nye medlemmar, men i løpet av dei fyrste vekene av 2010 har ein verva nokre medlemmar. Det viser at det skal lite til for å få folk til å bli medlemmar. Vi vil difor anbefala det neste styret å ha litt meir aktiv verving av medlemmar. Samarbeid med Bergen kommune LLH Bergen og Hordaland fekk i 2009 innvilga kr 160 000,- i driftstilskot. Beløpet var ikkje indeksregulert. Det er frå 1.1.2010 innført nye rutinar frå Bergen kommune i samband med tilskot til organisasjonar. Vi søkte om kr 170 000,- i stønad i godt tid innan fristen 1. februar, Årsmelding for LLH Bergen og Hordaland 2009 side 4

eit beløp vi reknar nokså sikkert at vi får innvilga. Det oppfordras om at det nye styret arbeider for å auke driftsstøtta i åra framover. LLH Bergen og Hordaland fekk kr 500 000 som skal brukast på Handlingsplanen mot diskriminering av homofile, lesbiske og bifile i Bergen kommune. Ved hjelp av ein del av desse midlane valgte LLH Bgh i mars 2009 å lyse ut ei 50%-prosjektkoordinator-stilling for eit kalenderår. Vi fekk to søkjarar, og Linda Nordgren blei tilsett. Dette har vore til stor hjelp og avlastning for styret. Vi er svært nøgde med det arbeidet Linda gjer. Saman med Skeiv ungdom har vi hatt møte med byrådsleiar, byråd for barnehage og skole samt byråden for helse og inkludering angåande handlingsplanen og dette året. Vi arrangerte i november eit seminar for enhetsleiarar i helse- og omsorgssektoren i Bergen kommune. Eit viktig punkt i handlingsplanen er FoU-undersøkinga som skal kartlegge korleis det er å vere homofil, lesbisk og bifil og jobbe i Bergen kommune er no endeleg er i gjennomføringsfasa. LLH Bergen og Hordaland ved leiar og prosjektkoordinator sit i referansegruppar for denne, og har vore på møter samt gitt attendemelding på diverse ting via mail. Resultat frå undersøkinga vil vere klare iløpet av våren 2010. For ytterlegare informasjon om arbeidet med handlingsplanen viser vi til vedlegg som inneheld gjennomgang av punktene i denne. Forholdet til andre kommunar i Hordaland LLH Bgh sendte ut oppmoding til ti kommuner i Hordaland om å lage handlingsplanar. I slutten av januar hadde Torill Frøise og prosjektkoordinator Linda Nordgreen eit møte med likestillingsutvalget i Askøy kommune. Kommunen ønskjer å inkludere lhb-perspektivet i likestillingsplanen som no skal heite likestillings- og inkluderingsplan. LLH Bgh hadde ein presentasjon av kva vi ville anbefale, og i etterkant hadde vi ein særs produktiv diskusjon. Mellom anna ønskjer dei å knytte til seg Håvard Øvregård og Norges Idrettslag sitt antidiskrimineringsprosjekt i idretten. Vidare skal det jobbast for å inkludere lhb i skule- og helsesektoren. Etter møtet har ein utveksla ein del informasjon og vi har stor tru på at det kan bli ei god utvikling i LHB-arbeidet i Askøy kommune. Dette er eit arbeid som må følgjast godt opp. Forholdet til Hordaland fylkeskommune Handlingsplanen mot diskriminering av lhb-personar i Fylkeskommunen er no evaluert, og i følgje evalueringa er det svært få skular som trur at handlingsplanen har ført til at homofile elevar har fått ein betre skolekvardag. LLH Bgh blei ikkje tekne med på evalueringa, men det var ein representant frå ViOmOss tilstades på møtet Opplærings- og helseutvalet som tok opp evalueringa. Ein har ikkje fått noko offesiell attendemelding frå politisk hald om kva som skal gjerast vidare, men det blei påpeikt frå dei fleste at ein ønskjer ein plan for fylket vidare. Høgre har signalisert at dei ønskjer å samarbeide med LLH/Skeiv ungdom for å få til betre plan. På fylkestingsmøtet som var den 10. mars blei evalueringa teken til orientering. Det kom kun eit forslag til endring, og det var KrF som fremma forslaget: Opplæring- og helseutvalet ser Årsmelding for LLH Bergen og Hordaland 2009 side 5

det ikkje som ei fylkeskommunal oppgåve å abonnere på blada BLIKK og SKRÅSKRIFT ved dei fylkeskommunale biblioteka ved dei vidaregåande skolane. Dette blei nedstemt. LLH Bergen og Hordaland sendte eit brev til fylkesordføraren der vi uttrykte at vi ønskte å bli tatt med på råd vidare. Dette blei og tatt opp av representanten Eivind Nævdal-Bolstad på møtet på vegne av oss. I løpet av året har fylket har gjennomført skolering av skoleinspektører og helsesøstrer ved å engasjere Rosa Kompetanse. Pressearbeid LLH BgH har og dette året vore ein premissleverandør i media. Vi har i tillegg hatt god kontakt med homobergen.no der vi har hatt mange saker i løpet av året. Gaysir 16. mars: Ny leder i LLH Bergen og Hordaland Om valg av leder og nytt styre i LLH Bgh BT mars: Bergen kino vrakar Patrik 1,5 Lesarbrev frå Torill Frøise om Patrik 1,5 Blikk 26. mars: Vil ikke vise Patrik 1,5 LLH Bergen og Hordaland reagerer på at Bergen kino ikkje vil vise filmen Patrik 1,5 som går på alle andre norske kinoar. Gaysir 17. april: Skuffet over Fritt Ord-tildeling Artikkel i samband med at Nina Karin Monsen fikk Fritt ords pris Blikk 16. april: Ordet fritt til å diskriminere. Debattinnlegg etter at Nina Karin Monsen fikk Fritt ords pris. Gaysir 6. mai: Protestmarkering også i Bergen Artikkel om markeringa mot at Nina Karin Monsen fekk Fritt Ords pris BA 13. juni: "For borna si skuld" Debattinnlegg som motsvar til Nina Karin Monsen sitt utspel om at vi skyver borna framfor oss for å få same rettar som heterofile. BA 18. juni: "Moltu er homobrems" LLH Bergen og Hordaland mener skolebyråden hindrer inkludering i Bergen. Heilsidesoppslag om skulebyråden som ikkje vil ha Blikk inn i skulebiblioteka. Gaysir 11. august: "Stavanger inntar Bergen" Artikkel om festen LLH Bergen og Hordaland arrangerte saman med Stavanger på skeivå og LLH Rogaland Blikk nett 18. og 21. september :"Piler mot Litauen" Oppslag om aksjonen på Torgalmenningen mot lova i Litauen som forbyr informasjon om homofili til mindreårige. BA 21. september " Skremmende å være vitne til dette" Årsmelding for LLH Bergen og Hordaland 2009 side 6

Artikkel om aksjonen på Torgalmenningen Gaysir 30. november: Gratisvisning av Patrik 1,5 Artikkel om at LLH Bergen og Hordaland inviterte til gratisvisning mandag 2. november Blikk 18. november : Markerer Transgender day Om markeringa LLH Bgh hadde saman med UgleZ Gaysir 18. november: Transgender day i Oslo og Bergen Om markeringa LLH Bgh hadde saman med UgleZ Askøyværingen 8. desember: Etterlyser homoplan Intervju med leiar angåande LLH Bgh sitt ønske om å få handlingsplan i Askøy kommune Blikk nett 11. desember: Julestemning med Sapfonia Artikkel om den foreståande konserten til Sapfonia BA 14. desember: Luciakos med lesbekor Artikkel om Sapfonia sin julekonsert BT 14. desember: Artikkel om Sapfonia sin julekonsert BT 17. desember: Homofil hardt ut mot homsebevegelsen Artikkel om Stig Abrahamsen (homofil FrP-politikar på Askøy) meiner at LLH har behandla han dårleg. Med kommentar frå Torill Frøise. NRK Hordaland 17. desember: Radiodebatt med Torill Frøise og Stig Abrahamsen i samband med oppslaget i BT Blikk papirutgave januar: Blikks plassering og signaleffekt Lesarbrev frå Torill Frøise angåande at Blikk blir plassert ved sidan av pornoblad på øvste hylle i enkelte kioskar, og kva signal dette gir. Blikk papirutgave januar: Stemningsfullt i Bergen Notis med bilete frå markeringa av Verdas aidsdag 2009 Blikk papirutgåve januar: Bergen Gay galla Førehandsomtale av Bergen Gay Galla 27. januar BA 14. januar: Nominert til homopris Artikkel om Bergen Gay Galla P5, 26. januar: Innslag om Bergen Gay Galla NRK Hordaland og NRK Sogn og Fjordane nett 26. januar: Disse kan bli årets homo Artikkel om Gay Galla Vårt Land 26. januar : Vil hedre homofile forbilder Førehandsomtale av Bergen Gay Galla Årsmelding for LLH Bergen og Hordaland 2009 side 7

BA 28. januar: Her er årets homo Artikkel om at Gaahl fekk prisen som Årets homo for 2009 Blikk 28. januar: Gaahl ble årets homo Artikkel om at Gaahl fekk prisen som Årets homo for 2009 Askøyværingen 29. januar: Jeg føler meg beæret Artikkel om Askøypresten som fekk homofrydprisen med kommentar frå LLH Bgh TV2 lørdagsmagasinet 30. januar: Innslag om Bergen Gay Galla I tillegg til dette har vi hatt mange saker på homobergen.no. Eigne nettsider www.llh.no/bergen blir jevnleg oppdatert, og vi har som mål å ha ei ny sak i veka. I tillegg legg vi ut mediesaker, nokre saker frå Skråskrift og nytt frå undergruppene. LLH Bergen og Hordaland har sendt ut infomail en gong i månaden det siste halve året. Det er mogleg å melde seg på lista via websidene våre. Årsmelding for LLH Bergen og Hordaland 2009 side 8