Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014



Like dokumenter
ÅRSMELDING FOR HORDALAND SENTERUNGDOM

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Vedtekter for Vestland SV

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Kl 09:00: Gudrun Einbu frå Skyss presenterer deira ynskje om innspel til justeringar i busstilbodet.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

frå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71.

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

INNKALLING TIL STYREMØTE nr 3/18 i 4H Hordaland

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Minnebok. Minnebok NYNORSK

1. Hvordan forbedre omdømmet?

HANDLINGSPROGRAM

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSUTVALET

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Brukarrettleiing E-post lesar

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Stemnehandboka for NKSF

Aurland kommune Rådmannen

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Sak 4 ARBEIDSPLAN Senterpartiet i Sør Trøndelag

Hardanger Avdeling ÅRSMELDING NEGOTIA - HARDANGER AVD

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Ungdomsrådet sine tre politikarkontaktar har møtt når dei har hatt høve til det.

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

Kvalitetsplan mot mobbing

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

MØTEBOK Rådsmøte i Hardanger Ungdomsråd Stad: Brakanes hotell Ulvik Den Kl

Sak 5 Årsplan Hordaland Sp 2010

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 13. JUNI 2013 KL , SCANDIC HOTEL, HAUGESUND

Kapittel 3: Fylkeslaget KAPITTEL 3:

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

kontrollutvalet Seljord kommune - kontrollutvalet Dato: Tid: 09:00-12:00 Stad: Seljord kommunehus, møterom 1, 1.etg.

SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

VIDARE FYLKESKOMMUNALT ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Til deg som bur i fosterheim år

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Transkript:

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Møtestruktur: Fylkesstyremøte ein gong kvar månad. Ein bør setja dato for neste møte når ein er samla slik at flest mogleg har høve til å notera seg datoen tidleg. Lokallaga vert invitert til å delta på fylkesstyremøta og vil då få innkalling samstundes som styret. Møta vil vera på partikontoret i Bergen. Innkalling og sakliste skal sendast ut ei veke på førehand på e-post. Me vil freista å ha politisk skulering på møta, gjerne med eksterne innleiarar. Me ynskjer å få til samarbeid med andre ungdomsorganisasjonar og få til politiske utspel/produsera politikk på kvart møte. Heimesidene/sosiale medium skal oppdaterast på/etter kvart møte. Fylkesleiar, politisk nestleiar eller organisatorisk nestleiar får ansvar for dette. I tillegg skal styret og lokallag ha kontakt på e-post og telefon om aktuelle saker som dukkar opp, t.d. invitasjon til konferansar, debattar og liknande. Me må også ha eit samarbeid med andre ungdomsorganisasjonar og parti, for å skaffe oppdateringar om ulike arrangement og debattar. Då er det viktig at alle gir tilbakemelding. Årsmøte 2014: Fredag 3. oktober - laurdag 4. oktober 2014. Stad vert bestemt seinare. Politisk verksemd: Hordaland Senterungdom skal vera ein synleg politisk ungdomsorganisasjon i Hordaland. Me treng politisk skulering og tettare samarbeid med andre organisasjonar for politiske innspel. Me skal ha eit politisk utspel etter kvart møte. Alle styremedlemmar skal ta med seg ei politisk sak til styremøta. I tillegg må me vera meir på i media på aktuelle saker, bruka sosiale medium og nytta dei moglegheitene me har for å fremja politiske saker i kommunestyre og fylkesting og bruka media for fremja saka. Om me får til gode nettverk, vil det òg verta lettare å komma på. 1

Hordaland Senterungdom skal vera flinkare til å nytta seg av lokalmedia. Alle utspel skal og gå gjennom aktuelle lokalaviser/nærradio. Fylkesstyret vil gje utfordringar til lokallaga om å komme med politiske utspel. Me vil få eit betre samarbeid med fylka i vår region og prøva å møtast oftare enn til regionale kurs. Organisatorisk verksemd: Sosiale arrangement: - Det skal vera eit sosialt opplegg etter kvart fylkesstyremøte for å sveisa saman eit godt arbeidslag. Ein eller to styremedlemar får ansvar for å laga eit sosialt opplegg etter møta. - Oppfordre lokallaga til å invitere fleire enn berre medlemmane i lokallaga på sosiale arrangement. - Sumaravslutning, eventuelt med valskulering. - Regionalt kurs. Me vonar me får til eit regionalt kurs saman med dei andre fylka på Vestlandet. Sist var det i Bergen, så me vil oppfordra eit av dei andre fylka å vera arrangør. Arbeide med planlegginga av julebord. Invitasjonar til sosiale arrangement skal sendast ut med ein gong dato er bestemt. I tillegg skal det purrast med e-post og sms like før påmeldingsfristen. Alle sosiale arrangement skal òg vera eit facebookarrangement. Lokallag: I dag har Hordaland Senterungdom lokallag i desse kommunane/regionane: - Kvam Senterungdom - Bergen Senterstud - Senterungdomen i Bergen Målet vårt er at desse lokallaga skal vera aktive og ha god rekruttering i arbeidsåret. Når det gjeld Bergen Senterstud, må ein vera flink til å fanga opp kven som kjem til Bergen for å studera. For å få til aktive lokallag treng ein skulering av fylkesstyra og ha aktivitet i lokallaga. Dette skal fylkesstyret bidra med. I tillegg må lokallaga i Hordaland Senterparti vera med å følgja opp ungdomslaga. Alle fylkesstyremedlemar og alle medlemar i lokallagsstyra får i oppgåve å aktivisere gamle medlem. Dette er og viktig å samarbeide med Hordaland Senterparti om. Om ein skal oppretta nye lokallag, må lokallaga ha ungdom som ynskjer å vera med. 2

Hordaland Senterungdom ynskjer å få til lokallag på Voss, Indre Hardanger, Strilalandet, Ytre Hardanger og Sunnhordaland og vil jobba aktivt opp mot senterpartilaga i desse kommunane for vidare arbeid. Det er viktig å fokusera på verving for å sikra god rekruttering til lokallaga. Me skal storma dei videregåande skulane som vi gjorde det best på i skulevalkampen med politiske bodskap og ei verveaksjon av dimensjonar, og holde oppstartsmøte for dei som vi verva knapp tid etterpå. Skular vi skal storma : - Voss VGS Januar 2014 - Voss jbsk.- Januar 2014 - Voss Gymnas Januar 2014 - U. Pihl VGS Februar 2014 - Arna VGS Februar 2014 - Fusa VGS Mars 2014 - Norheimsund VGS Mars 2014 - Osterøy VGS Mai 2014 - Kvinnherad VGS September 2014 - Etne VGS September 2014 - Odda VGS September 2014 Verving: Ved tidspunkt for fylkesårsmøtet 2013 hadde Hordaland Senterungdom 61 betalande medlemar. I registeret har me registert 107 personar. Eit realistisk mål for Hordaland Senterungdom må vera 100 betalande medlemar i løpet av arbeidsåret 2013-2014. For å få fleire medlemar må me vera synlege lokalt, ha gode arrangement som mange deltek på. Det vil òg vera viktig at folk tek med seg vener som kan vera interessert i delta på arrangement i Hordaland Senterungdom. Me vil òg vera flinke til å spørja folk når me står på stand om dei viser interesse for oss. Nettsider og sosiale medium: Lesarinnlegg, oppslag, innkallingar, invitasjonar og oppsummeringar av møte skal formidlast på nettsidene våre og sosiale medium som facebook og twitter. Blogginnlegg bør òg liggja på heimesidene til Hordaland Senterungdom. Det må vera eit mål at heimesidene vert oppdatert eit par gonger i månaden. Hordaland Senterungdom vil prøva å få ein eigen sp-mail for Hordaland Senterungdom. 3

Twitter: Hordaland Senterungdom skal ha ein eigen twitterkonto. Alle i styret skal ha høve til tvitra som Hordaland Senterungdom, men ein skal vera forsiktig med å delta i diskusjonar gjennom twitterkontoen vår. Twitterkontoen bør oppdaterast ofte for å verta synlege. Facebook: Me har ei like-side på facebook som heiter Hordaland Senterungdom. Denne er god til å leggja ut mediesaker og forslag. Sida bør formidla saker ofte. 100 liker oss i dag, noe som er ein milepæl. Men me bør få fleire til å like sida. Målet for arbeidsåra 2013-2014 er 333 likes, som er Buskerud sin score I tillegg har me to grupper for Hordaland Senterungdom, ei for alle medlemane i fylket og ei berre for styret. Styret si gruppe er hemmeleg, den andre berre lukka. Gruppene skal nyttast til diskusjon av politiske saker og planlegging av arrangement. Gruppene bør oppdaterast ofte slikt at det vert eit aktivt forum for politisk og sosial diskusjon. Blogg: Fleire av medlemane i Hordaland Senterungdom har eigen blogg. Desse er gode, men kan godt oppdaterast oftare. Blogginnlegg bør formidlast gjennom sosiale medium og på heimesidene. Valkampen 2013 Hordaland Senterungdoms viktigaste bidrag i valkampen var skuledebattane og skulevalkampen. Hordaland har 46 vidaregåande skular som me har dekt i størst mulig grad, og det blei veldig utfordrande. I arbeidsplanen 2012-2013 sto det at «Me bør vera minst 2 på kvar skule, helst 3-4. Mange stader treng me òg hjelp frå lokallag i Hordaland Senterparti. I tillegg bør me stilla opp på debattar der partifolk deltek.» Me opplevde at på mange av skulane i fylket, så blei debattantane ståande aleine på valtorg. I skulevalkampen 2015 bør me å oppnå målet frå skulevalkampen 2013 om å ha minst 3-4 på kvar skule. Valkampen 2015 Valkampen 2015 startar no. No som me sit i opposisjon til verdas mest høgrevridde skrekkabinett, så me mogligheit til å blomstra som aldri før. Me må få opp aktiviteten i lokallaga, og inspirera gamle og nye medlemmar i dei ulike lokallaga til å ta ein større del i valkampen 2015. Me må i løpet vinteren/våren finna ut kven som har lyst/kan gå skuledebattar i 2015. Desse må skulerast, me vil lage eit eige opplegg og nytta oss av det som produserast sentralt. Dei som skal 4

vera med som støttemannskap i 2015 må òg skulerast slik at dei vert trygge og kan svara på spørsmål. Senterungdommen i Bergen har ein plan om å lage en debattant/leserinnleggskulering i April 2014, noko vi vonar dei fleste aktive medlemmar i Hordaland Senterungdom vil vera med på. 5