Lesevitenskap - masterstudium Vekting: 120 studiepoeng Studienivå: Mastergrad iht 3, 2 år Tilbys av: Det humanistiske fakultet, Institutt for kultur- og språkvitenskap Fører til grad: Master i lesevitenskap Heltid/deltid: Heltid Grunnstudium: Ja Undervisningsspråk: Norsk Introduksjon Ein kan ta studiet på fulltid over to år eller på deltid over fire år. Studiet utgjer 120 studiepoeng. Undervisninga foregår på dagtid og er felles for både fulltids- og deltidsstudentar. Lesing er sett frå ei side ein teknisk dugleik, tileigna gjennom læring av kodar for å skjøne teikn og strukturar av meining, men det er også ein omfattande kognitiv prosess, bunden opp til kulturelle føresetnader og alltid del av sosiale praksisar. Med lese- og skrivepraksisar endrar personen seg, samfunnet endrar karakter, det oppstår institusjonsdanningar, det oppstår skilje mellom folk, men også betydelege mulegheiter for demokratiseringsprosessar og utjamning av sosiale og økonomiske skilje. Internasjonalt er det større og større interesse for å vinkle studia i nasjonalspråksfaga i retning av å utvikle større forståing for tilhøvet mellom tekstbruk i gamle og nye medium og sosiale prosessar, noko som gjer at feltet "literacy" (den engelske termen for lesevitskap eller skriftkultur) også er blitt eit omfattande internasjonalt og tverrdisiplinært møtepunkt. Studiet av lesing har historiske, sosiale, teoretiske, didaktiske/læringsorienterte og praktiske sider, og ein legg i studiet vekt på å kunne dekkje inn dei mest relevante emna på ein slik måte at studentane får eit godt oversyn over feltet. Læringsutbytte Kunnskap: Den ferdig utdanna kandidaten skal ha god kjennskap til sentrale internasjonale og nasjonale orienteringar og diskusjonar innafor forsking, undervisning, tilrettelegging og institusjonsbygging kring lesing. kjenne hovuddraga i historia om lesing frå antikken til notida, og kunne utnytte denne kunnskapen til å analysere kulturhistorisk og sosial endring knytta til lese- og skrivekunne og organiseringa kring tekstbruk i samfunnet. kjenne til aktuell tekstvitskapleg, språkvitskapleg, kulturhistorisk og samfunnsfagleg forsking kring kva funksjonar lesing og skriving har i kulturen. side 1
M-LESEVIT - Lesevitenskap - masterstudium Ferdigheiter: Kandidaten skal vere i stand til å analysere prosessar som involverer lesepraksisar. vere i stand til å rådgje visse institusjonar og bidra aktivt til problemløysing i særskilte arbeidssituasjonar der lesing inngår. kunne uttrykkje seg klart, sjølvstendig og med samanhengande grunngjevingar, på båe dei offisielle norske målformene om naudsynt, privat og offentleg om dei relevante emna dette studiet gjev tilgang til. kunne formidle vidare og delta i vidareutviklinga av kompetansen studiet rettar seg mot å utvikle. Generell kompetanse: Kandidaten skal kunne forstå vesentlege trekk i moderniseringsprosessane. kjenne til tilgangsmåtar for relevant kunnskap og vere merksam på kvar ein kan gå vidare i analysen innafor eit felt som er i sterk kunnskapsmessig og kognitiv endring. vite kva for metodar og tilnærmingsmåtar som er relevante i ulike samanhengar, og også kjenne noko til feilaktige oppfatningar i feltet og dermed unngå feilvurderingar. ha eit balansert og sjølvstendig grunnlag for å vurdere multikulturalitet, multimodalitet, tilhøve som samanhengen mellom historie og samtid, individ og samfunn, teori og praksis, nasjonalt og internasjonalt i utviklinga av skriftkulturen. Opptakskrav Bachelorgrad/cand.mag.-grad/adjunktutdanning med fordjuping i nordisk språk og litteratur eller tilsvarande. Opptaksinformasjon Masterstudiet byggjer normalt på fullført bachelorgrad, cand.mag.-grad eller tilsvarande, der minst 80 studiepoeng i nordisk språk og litteratur inngår. Studentar med annan relevant bakrunn (t.d. journalistutdanning, bibliotekarutdanning, arkivarutdanning etc.) kan vurderast for opptak. Det vert teke opp nye studentar kvart år. Masterstudiet i lesevitskap inngår i lektorprogrammet med integrert praktisk-pedagogisk utdanning over fem år. Rammeplan side 2
Fullført studium kvalifiserer for opptak til doktorgradsprogrammet i lesevitenskap ved Universitetet i Stavanger. Fagplan Studiet er delt i to: Eit fyrste år med innføringar som grunnlag for breiddekunnskapar og for å kunne gjere val om spesialisering i det vidare studiet, til saman seks emne, kvart på 10 studiepoeng, og eit andre år som også utgjer 60 poeng i seg sjølv: Masteroppgåve. Ein kan også ta studiet på deltid over fire år. Undervisninga går samtidig for deltids- og fulltidsstudentar. 1. år Haust:MLE300 Tekstvitskap, historie og samfunn (10 sp) MLE310 Tekstformer, leseforståing og modernitet (10 sp) MLE320 Ny skriftkultur: Endring av lesepraksisar og læringsformer (10 sp) Vår: MLE330 Humanistisk fagteori og metoder (10 sp) MHI350 Tekst, minner og historie: Innføring i minnestudier (valemne) (10 sp) MLE340 Lesing og fortolking (valemne) (10 sp) MSP109 Heilskaplege perspektiv på utvikling av språklege ferdigheiter ( valemne) (10 sp) MLI390-2 Literacy and discourse. Methodological perspectives (valemne) (10 sp) MLI360The Linguistics of Writing (valemne) (10 sp) 2.årMasteroppgåve I det fyrste semesteret av studiet vert det gjeve undervisning i tre emne som alle er obligatoriske (for studentar på lektorprogrammet er Tekstvitskap, historie og samfunn og Ny skriftkultur: Endring av lesepraksisar og læringsformer obligatoriske). I andre semesteret er ett emne obligatorisk; Humanistisk fagteori og metoder. Emnet er sams med masterstudiet i historiedidaktikk. side 3
M-LESEVIT - Lesevitenskap - masterstudium Valemnet Tekst, minner og historie: Innføring i minnestudier tek opp diskusjonen om bruk og framstilling av fortida, historiske hendingar eller figurar i ulike litterære, kulturelle eller politiske samanhengar. Emnet er sams med masterstudiet i historiedidaktikk. Valemnet Lesing og fortolking tek for seg litterær tekstteori og er eit naturleg framhald frå emna i haustsemesteret for dei som ynskjer å spesialisere seg i retning av litterær tekstanalyse. Studentane har også høve til å velje to emne frå (det engelskspråklege) Literacy-studiet: The Linguistics of Writing og Literacy and discourse. Methodological perspectives. Lesesenteret gjev tilbod om emnet Heilskaplege perspektiv på utvikling av språklege ferdigheiter, ein norsk versjon av Integrated perspectives on literacy and written language skills. Emnet er ein del av masterprogrammet i spesialpedagogikk og er ope for studentane på lesevitskap. Det andre året er ein individuell forskingsdel og er såleis konsentrert om oppgåveskriving, med seminar som skal vere til hjelp for den einskilde og studentgruppa som heilskap i prosessen. Undervegs i arbeidet med emna fyrste året reknar vi med at det utkrystalliserer seg spesifikke interesser hos studentane for område dei ynskjer å arbeide vidare med i masteroppgåva, og vi vil rettleie og også drøfte innafor rammene av arbeidsseminaret idear og spørsmål som kjem opp i så måte. Undervisninga vil normalt gå føre seg på dagtid. Undervisninga vil veksle mellom faglege førelesingar, arbeidsseminar (oppgåvekurs) og rettleiing. Emnekombinasjon/studieplan Master i lesevitenskap (Oppstart Høst 2012) År 1 År 2 Kode Emne SP 1 2 3 Master i lesevitenskap - obligatoriske emner MLE300 Tekstvitenskap, historie og samfunn 10 MLE310 Tekstformer, leseforståelse og modernitet 10 MLE320 Ny skriftkultur: Endring av lesepraksiser og læringsformer 10 MLE330 Humanistisk fagteori og metoder 10 MLEMAS Masteroppgåve 60 Valgbare emner - 20 studiepoeng MLE340 Lesing og fortolkning 10 MHI350 Tekst, minner og historie: innføring i minnestudier 10 MSP109 Helhetlige perspektiver på utvikling av skriftspråklige ferdigheter 10 MLI360 The Linguistics of Writing 10 side 4
År 1 År 2 Kode Emne SP 1 2 3 MLI390 Literacy and Discourse: Methodological Perspectives 10 Master i lesevitenskap (Oppstart Høst 2011) Kode Emne SP 3 Master i lesevitenskap - obligatoriske emner MLEMAS Masteroppgåve 60 Hva kan du bli Masterstudiet i lesevitskap gir normalt lektorkompetanse i nordisk i grunnskulens høgste trinn og i vidaregåande skule, og er elles grunnlag for ei rekkje yrkesval, såleis andre utdanningsretningar, media, bibliotek, arkivvesen, forlagsarbeid, offentleg administrasjon, kulturforvaltning og -formidling, ulike rådgjevningsfunksjonar t.d. i kommunikasjonsavdelingar. Kontaktinformasjon Universitetet i Stavanger Humanistisk fakultet, Institutt for kultur- og språkvitenskap 4036 Stavanger Studiekoordinator på master: Lene K. hoff: lene.k.hoff@uis.no Tlf. 51 83 13 34 side 5