OS KOMMUNE Os kommune MØTEINNKALLING Utval: RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA Møtestad: Luranetunet Møtedato: 07.04.03 Tid: 16.00 SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0009/03 03/00002 34/4, REGULERINGSPLAN - SKEISFLATEN 0010/03 03/01234 REG.PLAN LEKVEN UTMARK I 0011/03 03/00216 KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETT OG FYSISK AKTIVITET - RULLERING 2003 Medlemmer som ikkje kan møta må snarast melda frå til Os kommune, tlf. 56 57 50 00. Varamedlemmer møter berre etter særskild innkalling. Os, 08.04.03 Leiar for utvalet Sekretær
Sak 0009/03 MØTEBOK 34/4, REGULERINGSPLAN - SKEISFLATEN Saksbehandler: Gunvor S. Heggland Arkiv: GEO R0207 Arkivsaksnr.: 03/00002 Saksnr.: Utval Møtedato 0012/03 Os Forvaltningsstyre 23.01.03 0009/03 Råd for funksjonshemma 07.04.03 Framlegg til tilråding: Alt. A Forvaltningsstyre (det faste utval for plansaker) held fast på sitt vedtak frå 14.11.02 og ser ikkje at klagen frå BD Eiendomsutvikling AS av 09.12.02 inneheld nye opplysningar. Alt. B Forvaltningsstyre (det faste utval for plansaker) godkjenner at det vert varsla oppstart av arbeidet med privat reguleringsplan for Skeisflaten, gnr. 34, bnr. 4 m.fl., i samsvar med 27.1-1 og 30 i plan- og bygningslova. Forvaltningsstyret omgjer andre og tredje avsnitt i vedtak frå 14.11.02 og set følgjande vilkår for utarbeiding av planen: Byggjegrensa mot fv. 159 vert sett til 15 meter frå senter veg. Det vert sett av eit friområde mot Nore Neset skule med breidde på ca. 30 meter. Det vert sett av ei buffersone mot tilgrensande landbruksareal på 10 meter. Os, 03.01.03 Lars Atle Skorpen Hansen Rådmann
Sak 0009/03 Vedlegg: 1. Saksutgreiing og vedtak frå FVS-møte 20.06.02 dat. 03.07.02 2. Saksutgreiing og vedtak frå FVS-møte 20.06.02 dat. 26.11.02 3. Supplerande opplysningar frå BD Eiendomsutvikling dat. 09.12.02 Saksopplysningar: Saka var første gang oppe til behandling 20.06.02. Forvaltningsstyret gjorde følgjande samrøystes vedtak: Forvaltningsstyret (det faste utval for plansaker) vil ikkje godkjenna at det vert varsla oppstart av arbeid med privat reguleringsplan for Skeisflaten, gnr. 34, bnr. 4 m.fl. Ved regulering ønskjer forvaltningsstyret å sjå på eit større område rundt skulen for å sikra at det vert sett av tilstrekkeleg areal til offentleg føremål. BD Eiendomsutvikling sendte inn supplerande opplysningar, der han skreiv at skulen sitt behov for uteareal kunne tilpassast utbyggar sine planar. Elles var grunneigar øst for idrettsplassen villig til å avstå areal til offentleg føremål dersom arealbehovet på skulen krev ei slik utviding. Han bad om at saka vart tatt opp til ny behandling. Saka var oppe til ny behandling 14.11.02. Forvaltningsstyret gjorde følgjande samrøystes vedtak: Forvaltningsstyret (det faste utval for plansaker) godkjenner at det vert varsla oppstart av arbeide med privat reguleringsplan for Skeisflaten, gnr. 34, bnr. 4 m.fl., i samsvar med 27.1-1 og 30 i plan- og bygningslova. Om lag 50 meter av arealet inn på g.nr. 34/4 i syd skal i planen setjast av til fellesareal / friluftsområde og kunna nyttast til friluftsaktivitetar av skuleelevar og andre. På resten av arealet langs fylkesvegen skal det setjast av ein buffersone på ca. 35 meter rekna frå ytterkant av gang-og sykkelvegen. Det er ein føresetnad for godkjenninga at det vert tinglyst ein forpliktande avtale med Rune Skeie om utvidinjg av areal til offentlege føremål på g.nr. 34/4 Bd Eiendomsutvikling har sendt inn klage på vedtaket og meiner at vedtaket beror på mangelfulle opplysningar frå dei berørte partane. Han viser til samtale med rektor på Nore Neset skule; Atle Skår, som angir at ei passande byggeavstand til skulen kan vere ca. 30 meter. Når det gjeld fylkesvegen er gjeldande byggjeavstadn 15 meter frå senter veg, men det kan vere parkeringsplassar innanfor denne byggjeavstanden så sant dette ikkje er i konflikt med siktlinjer. Frå soknerådet og Kyrkja på Nore Neset er det ikkje noko problem at det vert anlagt parkeringsplassar i dette området. Dersom ledige plassar òg kan nyttast i samband med større arrangement i kyrkja er soknerådet positiv til ei utbygging på nabotomta. Saka vert lagt fram for ny vurdering. Os, 03.01.03 Asle J. Andås... Sett inn saksutredningen over denne linja Side 3 av 8
Sak 0010/03 MØTEBOK REG.PLAN LEKVEN UTMARK I Saksbehandler: Gunvor S. Heggland Arkiv: GEO R9707 Arkivsaksnr.: 03/01234 Saksnr.: Utval Møtedato 0010/03 Råd for funksjonshemma 07.04.03 Framlegg til tilråding: Saka vert lagt fram til drøfting og evt. vedtak.
Sak 0010/03 Vedlegg: Vert ettersendt. Saksopplysningar: Vert ettersendt. Side 5 av 8
Sak 0011/03 MØTEBOK KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETT OG FYSISK AKTIVITET - RULLERING 2003 Saksbehandler: Gunvor S. Heggland Arkiv: 143 Arkivsaksnr.: 03/00216 Saksnr.: Utval Møtedato 0010/03 Os Forvaltningsstyre 23.01.03 0008/03 Os eldreråd 10.02.03 0001/03 Ungdommens formannskap 24.02.03 0011/03 Råd for funksjonshemma 07.04.03 Framlegg til tilråding: Forvaltningsstyre (det faste utval for plansaker) godkjenner at det vert varsla oppstart av arbeidet med hovudrullering av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet, i samsvar med 20-5 i plan- og bygningslova.
Sak 0011/03 Behandling i Os Forvaltningsstyre i møte 23.01.03 Behandling i utvalget: Samrøystes vedtak i samavar med framlegg med følgjande presisering: Forvaltningsstyret ønskjer at planen òg tar med turstigar for rørslehemma. Vedtak: Forvaltningsstyre (det faste utval for plansaker) godkjenner at det vert varsla oppstart av arbeidet med hovudrullering av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet, i samsvar med 20-5 i plan- og bygningslova. Forvaltningsstyret ønskjer at planen òg tar med turstigar for rørslehemma. Side 7 av 8
Sak 0011/03 Saksopplysningar: Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet (Kommunedelplan for anlegg og område for idrett og friluftsliv) vart vedteken i 1999 for fire år. Handlingsprogrammet til planen har vorte rullert kvart år, men i år må heile planen rullerast for å vera gyldig. Det er eit krav frå departementet at alle kommunar må ha ein godkjend og gyldig kommunedelplan for dette planområdet for at idrettslag eller andre skal kunna få tilskot frå spelemidlane til idretts- og nærmiljøanlegg. Det vert lagt opp til at planen kjem opp til endeleg vedtak i Os kommunestyre på siste møtet i 2003. Side 8 av 8