REGIONALAVDELINGA Seksjon for næring- og lokalsamf utvikl - REG AVD SUNDE KYST- OG LITTERATURSENTER v/ Kjell Magne Stråbø Sundsvegen 234 5450 SUNDE I SUNNHORDLAND Dato: 12.10.2017 Vår ref.: 2017/6437-6 Saksbehandlar: karklep2 Dykkar ref.: REGIONALE UTVIKLINGSPROSJEKT HORDALAND TILSEGN OM TILSKOT PÅ INNTIL KR 2 800 000 TIL SUNDE KYST- OG LITTERATURSENTER - REG-152-2017. Vi viser til søknaden dykkar med prosjektplan, datert 15.06.2017, om tilskot til ovannemnde prosjekt. Det er med glede vi kan melde at Hordaland fylkeskommune løyver inntil kr 2 800 000 til prosjektet frå budsjettet for Regionale utviklingsprosjekt Hordaland. For at tilsegna skal vere gyldig må de signere og returnere vedlagte standardvilkår innan 2 veker etter at tilsegnsbrevet er motteke. Dette som ei stadfesting på at de har lest og akseptert vilkåra for løyvinga, og at de tek ansvar for å gjennomføra prosjektet som planlagt. Tilsegna gjeld til 01.07.2020. Eventuell søknad om forlenging av tilsegna må sendast sakshandsamar før denne dato. 1. Prosjektgrunnlag Fylkesrådmannen sine vurderingar Sunnhordalandslitteraturen er ein særegen og sentral del av den norske litteraturen. Strandstaden Sunde blei i Kulturminneåret 1997 kåra til kulturminne i Kvinnherad. I tillegg til båtbyggjarverksemd fekk det i 1866 landets fyrste hermetikkindustri. Dette historiske, godt bevarte miljøet ligg like ved regionssenteret Husnes, eit industrisamfunn etablert på 70-talet. Sunde Kyst- og Litteratursenter tilfører Husnes-samfunnet historisk og kulturell forankring gjennom dei kystkulturelle tradisjonane og litteraturen. Prosjektet er lokalt forankra med regional og nasjonal verdi. Bakgrunn Følgjande opplysningar er henta frå søkjar si beskriving av søknaden; Strandstaden Sunde blei i Kulturminneåret 1997 kåra til kulturminne i Kvinnherad. Industrihistoria her er spesiell i landsmålestokk; det er truleg den første plassen i landet med hermetikkindustri, alt frå 1866 av. Sunnhordlandslitteraturen er ein særeigen og sentral del av den norske litteraturen. Litteraturen i Sunnhordland er rik og levande med mange gonger så høg forfattertettleik som andre stader i landet. Litteratur og annan kystkultur bør markerast som viktige kjenneteikn - merkevarer - for sunnhordlandsregionen. Ved å sjå etableringa av Sunde Kyst- og Litteratursenter som ein del av utviklinga av regionsenteret Husnes, vil ein kunne gjera staden meir attraktiv ved å tilføra historisk foranking og formidla kystkulturelle tradisjonar. Sunde Kyst- og Litteratursenter. Byggjetrinn 2 Sunde Kyst- og Litteratursenter er eit unikt regionalt senter for kystkultur og Sunnhordlandslitteraturen. Kvinnherad kommune har kjøpt den gamle vervplassen Bergslagen for at Stiftinga Sunde Kyst- og Litteratursenter skal kunne utvikla og drifte senteret. Hovudbygningen ved Bergslagen, med verkstad og tidlegare bustad, treng gjennomgå oppgradering og ombygging for å verta ein meir tenleg stad for eksisterande og nye arrangement og aktivitetar rundt kystkultur og litteratur. Hordaland fylkeskommune REGIONALAVDELINGA Agnes Mowinckels gate 5 Kontonr. 5201 06 74239
Side 2/6 Tidlegare mottatt offentleg støtte er 2,44 mill. frå Regionale utviklingstiltak i 2015-2016 til 1. byggjetrinn som var fundament og skallsikring. Ein søkjer no om 3 mill. til byggetrinn 2 som gjeld innredning og sluttføring av opprusting av hovudhuset. Søknaden byggjer på forprosjekt delfinansiert gjennom Kulturelt Utviklingsprogram (KUP) frå Hordaland Fylkeskommune. Som 3. byggetrinn skisserer forprosjektet eit nybygg for boksamling med studieplassar. Prosjektmål Sunde Kyst- og Litteratursenter skal dokumentera og formidla både den materielle kystkulturen og litteraturen, både båtar og bøker, og vera ein læringsarena, eit levande museum og ein samlingsplass i fleire tydingar av ordet. Me vil arbeida for å ta vare på og utvikla strandstaden Sunde gjennom å etablera Sunde Kyst- og Litteratursenter som ein profesjonell institusjon, og slik leggja til rette for vidareføring, styrking og skaping av verdfull lokal aktivitet. For å få dette til, skal me reparera og opprusta eksisterande hovudhus, sllpp og byggjehall. I hallen skal det etablerast ein funksjonell båtbyggjarverkstad og det skal også etter kvart lagast eit nybygg der litteraturen, bøkene, skal halda til. Aktiviteter I denne søknadsrunden er det byggetrinn 2 av opprustinga av Bergslagen det dreier seg om. Dette går ut på å gjera verkstaden i 1. etasje om til forsamlingslokale/festsal/serveringsstad. I andre høgda blir det møterom, kontor og utstiliingslokale, og i tredje høgda skal det leggjast til rette for gjesteleilegheit. Det pågåande byggetrinn 1 dreier seg om komplett takkonstruksjon, nye fasadar med vindauge, kai og sjøanlegg, og uteområde. Festlokale i kjellaren (på kaiplan) kjem til å bli eit svært vakkert og seireige lokale. Under opprustinga blir det lagt stor vekt på å bevara sjela i anlegget. Tidsplan 2018 august: Prosjektgruppe etablert 2018 oktober: Planlegging og prosjektering ferdig 2019 januar: Byggjestart 2019 desember: Prosjekt ferdig Organisering Prosjekteigar: Sunde Kyst- og Litteratursenter Organisasjonsnr.: 986585125 Prosjektleiar: Kvinnherad kommune v/stein Sahr Epost: Stein.sahr@kvinnherad.kommune.no Prosjektorganisering: Sunde Kyst- og Litteratursenter har eit styre på 5. Kjell Magne Stråbø er styrleiear. Linda Øen er kommunens representant. Kommunen, ved Stein Sahr, er byggeleiar. Styringsgruppe med tre frå kommunen og to frå SKL er oppretta. For utvikling av bygningar, kalkylar, teikningar, framdriftsplanar, har me engasjert JK.arkitektur, Stord. Sunnhordland Museum har rådd oss til å bruka dette firmaet fordi dei har røynsle med kystarkitektur og å opprusta gamle bygningar. JK.arkitektur vil følgja opp byggetrinn 2 og arbeidet vidare. Bygg- og anleggslinja ved Kvinnherad vidaregåande kjem til å delta i arbeidet. Mykje av arbeidet vil bli gjort på dugnad. I dugnadsgjengen har me fleire handverkarar med mykje kunnskap om bygningsfag og kystkultur. Samarbeidspartnarar: Kystkulturell kompetanse tildegare båtbyggjar Einar Tveit. Kvinnherad kystlag. Sunde Grendalag. Sentrale sunnhordalandsforfattere bla. Anne Karin Fonneland, Hanne Bramness, Solfrid Sivertsen, Per Olav Kaldestad, Einar Økland, Anders Totland, Lars Amund Vaage har vore aktive i planegging, arrangering og formidling. Forankring i HNH Innsatsområde under «Heilskapleg samfunnsutvikling», styrke regionsenter og lokalsamfunnsutvikling gjennom satsing på næringsutvikling, berekraftige bu- og arbeidsområder som fremjar livskvalitet og folkehelse. Innsatsområde under «Bransjar med særskilt fokus», «Kulturbasert næringsliv» ved å styrke verdiskapinga i og rundt kultursektoren slik at det gjev auka attraktivitet og bulyst.
Side 3/6 2. Godkjende kostnadar og godkjend finansieringsplan Løyvd beløp: 2 800 000 Søknadsbeløp: 3 000 000 Godkjend kostnadsplan Tittel 2017 2018 2019 SUM Innreiing forfattar/båtbyggjarleilegheit 606 000 606 000 Innreiing hovudetasje 2 700 500 2 700 500 Innreiing underetasje 2 370 000 2 370 000 Sum kostnad 2 370 000 3 306 500 5 676 500 Godkjend finansieringsplan Tittel 2017 2018 2019 SUM Anna finansiering 200 000 200 000 Dugnad 300 000 400 000 700 000 Eigne midlar 576 500 576 500 Kommunale midlar 500 000 500 000 Regionale utviklingsprosjekt Hordaland 2 800 000 2 800 000 Tilskot til kulturhus med regionale funksjonar 900 000 900 000 Sum finansiering 3 000 000 1 700 000 976 500 5 676 500 3. Vilkår for tilskotet Generelle vilkår: Større endringar i prosjektplanen, derunder endringar i budsjett eller finansieringsplan, skal etter søknad frå tilsegnsmottakar godkjennast av fylkeskommunen. Søknaden må vere signert av prosjekteigar. Føresetnaden for fylkeskommunen si løyving er at prosjektet vert finansiert slik godkjend finansieringsplan ovanfor viser. Fylkeskommunen sin finansieringsdel kan dekkja inntil 49,3 % av dei godkjende kostnader. Prosjektet må gjennomførast i samsvar med innsendt søknad. Om dette kravet ikkje er oppfylt, kan tilskotet bli skjønnsmessig avkorta. Informasjon om prosjektet kan verte omtala på Profilering I alle presentasjonar av, og orienteringar om prosjektet, pliktar tilsegnsmottakar å informere tydeleg om at prosjektet er delfinansiert av Hordaland fylkeskommune. Retningsliner for profilering av Hordaland fylkeskommune; /profil Delutbetaling Tilsegnsmottakar kan oppmode om delutbetaling gjennom www.regionalforvaltning.no. Oppmodinga må innehalde statusrapportering og kostnadsrapport over akkumulerte kostnadar (last opp relevante vedlegg). Delutbetaling vil verte gjort i høve til godkjend kostnadsprosent på 49,3 % av akkumulerte kostnadar, maksimalt inntil 75 % av løyvd beløp på kr 2 800 000. Resterande beløp vert utbetalt ved prosjektavslutning, sjå neste avsnitt. Prosjektavslutning og sluttutbetaling Straks prosjektet er avslutta skal tilsegnsmottakaren sende oppmoding om sluttutbetaling gjennom www.regionalforvaltning.no under «Ny utbetaling».
Side 4/6 I samband med oppmoding om sluttutbetaling skal det fyllast ut ein sluttrapport og kostnadsrapport i www.regionalforvaltning.no. Dette må skje innan 01.07.2020. Sluttrapporten og sluttrekneskapen skal handsamast av dei styrande organa i prosjektet og godkjennast av prosjekteigar. Signert Sluttrekneskap for prosjektet lastas opp som vedlegg til oppmoding om sluttutbetaling i www.regionalforvaltning.no. Dette gjev formelt grunnlag for endeleg utbetaling av tilsegna. Statsautorisert- eller registrert revisor skal attestere sluttrekneskapen for tilsegn over kr 100 000. Tilsegnsmottakaren har ansvar for å kontrollere at utbetalt beløp er korrekt. Eventuelt for mykje utbetalt tilskot skal betalast attende snarast. Kontroll Fylkeskommunen og fylkeskommunen sin revisor har når som helst rett til å kontrollere at midlane vert forvalta i samsvar med vilkåra i tilsegna. Vi gjer merksam på at de pliktar å gje fylkeskommunen og fylkeskommunen sin revisor dei opplysningane dei finn påkravd for sin kontroll. Vi gjer vidare merksam på at i medhald av 10 i løyvingsreglementet og 12 i lov om Riksrevisjonen, kan Kommunal- og regionaldepartementet og Riksrevisjonen setje i verk kontroll med at midlane vert nytta som føresett. Klage / innsyn i dokumenta Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen de mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Klagen skal sendast til Hordaland fylkeskommune, Regionalavdelinga, Postboks 7900, 5020 Bergen eller på epost til regional@hfk.no Klagen må innehalde opplysningar om kva vedtak som det vert klaga på, og dei grunnar som klagen støttar seg til. Vi gjer merksam på at de etter Forvaltningslova har rett til å gjere dykk kjend med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av 18 og 19. Kontaktperson Hordaland fylkeskommune sin kontaktperson og sakshandsamar for dette prosjektet er; Kari Patricia Kleppe Epost: kari.patricia.kleppe@hfk.no Mobil: 90993968 Vi ynskjer dykk lukke til med gjennomføringa av prosjektet. Med helsing Bård Sandal fylkesdirektør Regional utvikling Mette Nora Sætre næringssjef Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Lars Amund Vaage, Sunde Kyst- og Litteratursenter KVINNHERAD KOMMUNE v/stein Sahr Vedlegg: Standardvilkår og Sluttrekneskapsskjema
Side 5/6 Vi ber om at de signerer og returnerer følgjande standardvilkår innan 2 veker etter at tilsegnsbrevet er motteke. Dette som ei stadfesting på at de har lest og akseptert vilkåra for løyvinga, og at de tek ansvar for at prosjektet vert gjennomført etter planen. Prosjektnamn: Standardvilkår for Regionale utviklingsprosjekt Hordaland Sunde Kyst- og Litteratursenter Tilsegnsnr.: REG-152-2017 Løyvd beløp: 2 800 000 Vår ref. (arkiv): 2017/6432 Følgjande kontrollerast av tilsegnsmottakar: Tilsegnsmottakar: Sunde Kyst- og Litteratursenter Postadresse: Solbakken 9, 5450 SUNDE I SUNNHORDLAND Org.nr. : 986585125 Kontaktperson: Lars Amund Vaage Telefon: - Mobil: 48271862 E-post: lars.amund.vaage@knett.no Sakshandsamar Hordaland fylkeskommune sin kontaktperson og sakshandsamar for dette prosjektet er; Kari Patricia Kleppe E-post: kari.patricia.kleppe@hfk.no Mobil: 90993968 Vi stadfester med dette at vi har lest tilsegnsbrevet og aksepterer vilkåra for løyvinga, samt tek ansvar for at prosjektet vert gjennomført etter planen. Signert standardvilkår av prosjekteigar: Stad:... Dato:... Signatur prosjekteigar:.. Returadresse: Hordaland fylkeskommune, Regionalavdelinga, Postboks 7900, Eller på epost til sakshandsamar: kari.patricia.kleppe@hfk.no
Side 6/6 REGIONALE UTVIKLINGSPROSJEKT HORDALAND SLUTTREKNESKAPSSKJEMA Prosjektnamn: Sunde Kyst- og Litteratursenter Tilsegnsnr. REG-152-2017 Tilskot inntil kr 2 800 000 Vår ref.: 2017/6432 Fyllast ut av tilsegnsmottakar: Org.nr. Konto.nr.bank/ post Namn: Postadresse: Kontaktperson: Telefon/telefaks: E-postadresse: SLUTTREKNESKAP: Rekneskapen under skal setjast opp etter same oppsett som er nytta for budsjett (jf. pkt.2 i tilsegnsbrevet). Kostnader: Finansieringsplan: Budsjettpost Rekneskap Budsjett Kjelde: Sluttfinansiering Budsjett Reg utvikling Vi stadfester også at sluttrapporten som vert fylt inn elektronisk i www.regionalforvaltning.no i forbinding med oppmoding om sluttutbetaling er godkjent av båe prosjektleiar og prosjekteigar. Godkjent av prosjektleiar: dato signatur og stempel Godkjent av prosjekteigar: dato signatur og stempel ATTESTASJON AV REVISOR. GJELD BERRE FOR TILSEGN OVER KR 100 000,-. Føremålet med revisor sitt arbeid og rapportering for prosjektet, er å stadfeste økonomisk informasjon registrert i sluttrekneskapen. Revisor skal utføre kontrollar som gjev tilsegnsytar ei forvissing om at inntektene/ finansieringa og kostnadane i prosjektet er fullstendige og reelle, dokumenterte og korrekt registrerte i rekneskap/ prosjektrekneskap. Tilskotsmottakarar som ikkje er revisjonspliktige, kan få rekneskapen attestert av autorisert rekneskapsførar. Avtalte kontrollhandlingar opp mot sluttrekneskapen for prosjektet er gjennomført. Godkjent av revisor/ rekneskapsførar: dato signatur og stempel Signert sluttrekneskap lastas opp som vedlegg til oppmoding om sluttutbetaling i www.regionalforvaltning.no