Kulturhistoriske registreringar



Like dokumenter
Kulturhistoriske registreringar

Førhistoriske busetnadsspor på gnr. 43, Ytre Tysse i Samnanger kommune

Skulestadmo gbnr. 58/163, 43 og gbnr. 59/2, 26 Voss kommune

Kuventræ 54/11 og 54/26. Os kommune. Kulturhistoriske registreringar i samband med reguleringsplan for Kuventræ, Os k. Rapport

Kulturhistoriske registreringar

Kulturhistoriske registreringar

Kulturhistoriske registreringar

F7 Rydningsrøys. C analyse ble datert til middelalder, kalibrert datering og e. Kr. F9 Steingjerde

Innhald. Vedlegg: Fotoliste Utskrift frå Askeladden Oversikt over alle sjaktene som vart gravne i planområdet C-14-skjema

Kulturhistoriske registreringar i samband med reg.plan for Havlandet, Sakseid del av gnr 5-1, Bømlo kommune. Rapport Kontaktinformasjon

Registreringsrapport

ØK-kart Gårdsnr. -navn. Bruksnr. -navn 41 Norderås 1 Norderås 42 Ås 7 Ås kirkegård II. Funn: Det ble registrert et bosetningsområde R

Funn: Det er registrert et automatisk fredet kulturminne i planområdet.

Ervesundet, Sveio kommune Gnr. 105, bnr. 5, 10, 12, 14, 39

Kulturhistoriske registreringar

Funn: Det ble registrert fire lokaliteter fra eldre steinalder under kulturminneregistreringen.

Vik, gnr. 4/110, Eidfjord kommune

Mongstad sør, Statoil industriområde

ARKEOLOGISKE REGISTRERINGER

Kulturhistoriske registreringar. Arna Jordsortering, gnr. 300, bnr. 3 m.fl. - Bergen kommune Rapport

R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G

Kulturhistoriske registreringar

Funn: Det ble registrert to områder med dyrkningsspor fra nyere tid innenfor planen.

RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING

Kjønstadmarka Kjønstad gnr/bnr 7/1 Levanger Kommune Nord-Trøndelag. Figur 1: Oversiktsbilde før avdekking. (Ruth Iren Øien)

R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G

Bjørneparken kjøpesenter, 2018/4072 Flå kommune

Arkeologisk rapport nr: Kristiantunet II Godøy Gnr, b.nr

Høva barnehage, Nes kommune. 2015/3092 Nes

R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G

HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga

Skien kommune Griniveien

Funn: Det ble registrert en steinalderlokalitet (R 89461)innenfor planområdet

Forord Samandrag Bakgrunn og formål med undersøkinga Området... 7

Skien kommune Sanniveien

Espeland-Grindheim øvre Delar av gnr. 12 og 14 Bømlo kommune. Rapport

Funn: Det ble registrert ett automatisk fredet kulturminne. Vår ref.:07/2605

Kulturhistoriske registreringar

Kulturminner i Nordland

R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G

Registreringsrapport

August Baugstø Hanssen Akershus fylkeskommune

ARKEOLOGISKE REGISTRERINGER

KULTURHISTORISK REGISTRERING

RAPPORT. Bjerke boligfelt. Bjerke av Horgen nordre 280/4. Gran kommune, Oppland JOSTEIN BERGSTØL. 280/4 Horgen nordre 06/9681 ARKEOLOGISK UTGRAVNING

Ved/dato: Knut H. Stomsvik, Ad: Maskinell søkesjakting i forbindelse med reguleringsplan for Forset/ Tanem Næringsareal i Klæbu kommune.

TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING. Siljan kommune. Solvika Camping GNR. 15, BNR. 62, 75

ARKEOLOGISKE REGISTRERINGER

Arkeologisk registrering

Bausje Gnr 32 og 33 bnr diverse Farsund kommune

Arkeol ogi sk Kommune: Ørland Ra p p ort Gårdsnavn: Røstad

R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G

Arkeologisk befaring/vurdering av mulig fangstgrav

Arkeologisk rapport nr. 3/2013: Mardalsmoen

R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G

Østfold fylkeskommune

Funn: Det ble registrert en automatisk fredet hulvei, et nyere tids rydningsrøysfelt og tre veifar fra nyere tid.

RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING

Lars Andersson Akershus fylkeskommune

ARKEOLOGISK REGISTRERING

Ringheim gnr. 50 bnr. 2, 24, gnr 52 bnr 3, og gnr 53 bnr 1, med fleire. Voss kommune. Rapport

Tinn kommune Flisterminal Atrå

RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING. Detaljreguleringsplan for Solvika Gnr/bnr 29/2, 29/9, 29/8 FJALER KOMMUNE

teknisk godkjenning Biovac.pdf - Lumin PDF

Kulturhistoriske registreringar

Arkeol ogi sk Kommune: Ørland Ra p p ort Gårdsnavn: Hårberg

Notodden kommune Haugmotun/Rygi, Spærud og Sem

ARKEOLOGISKE REGISTRERINGER

Ved/dato: Hans Marius Johansen Ad: Maskinell søkesjakting og befaring i forbindelse med ny veg Sveberg- Hommelvik, Malvik kommune

ARKEOLOGISKE REGISTRERINGER

Notodden kommune GS Ylikrysset - Flyplassen

Registreringsrapport

Kulturhistoriske registreringar

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE.

Funn: Det ble registrert ett automatisk fredet kulturminne i planområdet

Trøndelag fylkeskommune Seksjon Kulturminner

Funn: Det er registrert tre automatisk fredete kulturminner.

ARKEOLOGISKE REGISTRERINGER

Registreringsrapport

Porsgrunn kommune Stridsklev Ring/Malmvegen

ARKEOLOGISK REGISTRERINGG

ARKEOLOGISKE REGISTRERINGER

RAPPORT KULTUR AVDELINGEN S EKSJON FOR KULTURARV. GNR. 29 BNR. 7 Hå kommune

Funn: Det ble registrert et automatisk fredet kulturminne i form av en kokegrop.

Knibe Gnr 52 Bnr 1 Søgne kommune

NOTAT AURLAND BARNEHAGE VURDERING KULTURMINNE. Aurland kommune Asplan Viak v/kjell Arne Valvik Dato: Oppdrag: Aurland barnehage

KULTURHISTORISK REGISTRERING

F Y L K E S K O N S E R V A T O R E N K YRKJEBYGD. Gnr 4, Bnr 8. Kokegroplokalitet. Foto tatt mot nord. Rapport ved Ghattas Sayej

ARKEOLOGISK REGISTRERING

Registreringsrapport

Soldatheimen Gnr. 113 Bnr. 36, 70, 49, 88 Kristiansand kommune

FARSUND KOMMUNE DYNGVOLL GNR. 27, BNR 2,41

SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE

Skien kommune Skotfossmyra

ARKEOLOGISKEE REGISTRERINGER

Skien kommune Kongerød skole

ARKEOLOGISKE REGISTRERINGER

R E G I O N A L A V D E L I N G E N F Y L K E S K O N S E R V A T O R E N. Huseby 2/32 Farsund kommune

Ved/dato: Ragnhild Sirum Skavhaug/ Ad: Maskinell søkesjakting i forbindelse med planlagt regulering på Øvre Vikhammer i Malvik.

R E G I O N A L A V D E L I N G E N F Y L K E S K O N S E R V A T O R E N. Ytre Åros. Gnr 20 Bnr 1, 160 m. fl. Søgne kommune. Rapport ved Morten Olsen

Transkript:

Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Arkeologisk registrering i samband med ny gardsveg på gnr. 196/2 og 3, Gjernes i Voss kommune Rapport 6 2008

Forord Etter omorganiseringa av kulturminnevernet i 1990 vart ansvaret for automatisk freda kulturminne i plansaker overført til fylkeskommunane. I Hordaland fylkeskommune er det Seksjon for kulturminne og museum ved Kultur- og idrettsavdelinga som utfører det kulturminnefaglege arbeidet. Planområda vert sjekka ut i høve til arkivopplysningar om kjente automatisk freda kulturminne. Det vert og gjort ei kulturminnefagleg vurdering om det skal gjerast arkeologiske feltregistreringar. Feltarbeidet har som mål å finne ut om eit planlagd tiltak vil komma i konflikt med automatisk freda kulturminne (eldre enn 1537). Feltregistreringane omfattar overflateregistrering, prøvestikking og maskinell flateavdekking avhengig av mellom anna terrengtype, høgd over havet og nærleik til kjende kulturminne. I den grad tiltaket vil verka inn på nyere tids kulturminne vil desse bli kort omtalte. Denne rapporten er utarbeidd på bakgrunn av utført arkeologisk feltarbeid. Rapporten gjev opplysningar om arbeidsomfang, utstrekning og karakter av registrerte kulturminne, og skildrer om framlagde planar er i konflikt med kulturminne. I fylgje Kulturminneloven 10 må tiltakshavar bera kostnadene med gransking av automatisk freda kulturminne som nemnd i 8 og 9.

Samandrag I samband med planar om bygging av ny gardsveg vart det gjennomført ei arkeologisk registrering på garden Gjernes i Voss kommune. Ansvarleg for registreringa var Trond Eilev Linge og arbeidet i felt vart utført 18.06.2008. Det vart opna i alt fire sjakter, og gjort funn i ei av dei. Det dreier seg om ein einskild struktur, ein eldstad med steinsatt kant. Strukturen ligg rett utanfor den planlagte vegtraséen og er i direkte konflikt med denne. Strukturen er eit automatisk freda kulturminne, og er lagt inn i Riksantikvaren sin database Askeladden med id. nr. 116344. Figur 1 Lokaliseringa av det undersøkte området er markert med ein grøn prikk og ligg på garden Gjernes rett sør for Voss sentrum. 1

Bakgrunn Gjernes veglag har søkt Voss kommune om godkjenning av ein 120 meter lang gardsveg på Gjernes. Føremålet er å leggje om dagens vegtrasé som går gjennom tunet. Den omsøkte traséen er lagt rett framfor tunet. Med bakgrunn i kjennskapen til området si historie og kulturminner i nærleiken, kravde Kultur- og idrettsavdelinga ved Hordaland fylkeskommune arkeologiske registrering for å gje uttale til om tiltaket var i konflikt med automatisk freda kulturminne. Figur 2 Våningshus på tunet til gnr 196/2 med bygningsmasse frå det 18., 19., 20. og 21. hundreåret. Kronologisk frå høgre mot venstre. Dagens veg (skjult av graset) går like framfor huset. Området og tidlegare kjente kulturminne på garden Garden Gjernes ligg på terrassane sør for Vosso sitt utlaup i Vangsvatnet, rett sør for Voss sentrum. Den planlagte vegen er tenkt plassert i dyrka mark i framkant av tunet på gnr. 196/2 og 3. Området var fellestun for garden i tida før utskiftinga kring 1920. Det står framleis att bygningar i tuna som har vore ein del av det gamle tunet. Mellom anna er delar av våningshuset på bnr. 2 frå 1700-talet (figur 2). Her er for øvrig bygd på både på 1800-, 1900-2

og 2000-talet slik at siste fire hundreåra er representert i bygget. Det er tradisjon for at tunområdet i tidleg historisk tid skal ha stått ein god del lenger nord. Av automatisk freda kulturminne var det registrert to gravhaugar frå garden Gjernes i Askeladden-databasen (figur 3). Id.-nr. 64246 ligg på gnr. 196/16 og er om lag 16 meter i tverrmål og 1 meter høg, men noko avflata i toppen. Ved anlegging av ein veg i nærleiken skal ein ha kome over ei sterkt kolhaldig nedgraving som inneheldt ein pilspiss av jarn. Id.nr. 111022 ligg på gnr. 196/3, men her er det meste fjerna. Her vart funne ei kiste av kantsette heller. Haugen inneheld ei mannsgrav og ei mogleg kvinnegrav frå yngre jarnalder. Figur 3 Før registreringa var to automatisk freda kulturminne frå Gjernes registrert i Riksantikvaren sin database Askeladden. Det dreier seg om to gravhaugar nordvest for det undersøkte området. 3

Mål og metode Registreringa er utført for å avklare om det er konflikt mellom reguleringsplanen og kulturminne som er automatisk freda etter kulturminnelova. Slike kulturminne er ofte ikkje synlege i overflata, og ein er difor avhengig av å grave sjakter eller prøvestikk for å påvise dei. I registreringa vart det sjakta etter prinsippet om flateavdekking. Såkalla maskinell flateavdekking går ut på å bruke gravemaskin til å fjerne jordlag for å på denne måten avdekke spor etter førhistorisk aktivitet i undergrunnen. Slike spor kan til dømes vere stolpehol og veggriller etter huskonstruksjonar, ulike typar nedgravingar som graver, kokegroper og eldstadar, ardspor etter førhistorisk jordbruk eller restar av kulturlag. Strukturane vil ofte oftast avteikne seg som mørke plettar i den lyse undergrunnen. For å skaffe betre grunnlag for å forstå kva type struktur det er tale om, og om det i det heile er tale om verkelege strukturar, vert det enkelte gonger grave snitt gjennom dei. Påviste strukturar vert tildekka med vegduk før sjaktene vart lukka att. Registreringa Det vart opna i alt fire sjakter under registreringa (figur 4). Den påviste strukturen ligg i nordvestlege ende av sjakt 2. Sjaktene viser at matjord og undergrunn er einskapleg over det undersøkte området. Matjorda er gråbrun på farge, tørr og lettdrenert med relativt mykje sand og grus. Undergrunnen består av lys brun til gråleg grov sand og småstein med enkelte steinar opp mot nevestorleik. Sjakt 1 er 12 x 3,5 meter i omfang, sjaktene 3 og 4 er 11,5 x 3,5 meter medan sjakt 2 er 15 x 3,5 meter med ei lita utviding i breidda ved struktur 2-1. I sjakt 3 var det særs låg overdekning med matjord, berre kring 5 cm. I dei andre sjaktene låg overdekninga på mellom 20 og 45 cm. Ved den påviste strukturen i sjakt 2 er overdekninga målt til 35 cm. Nær den søraustlege enden av sjakt 2 vart ei nedgraving snitta og spadd ut. Denne inneheld ein god del dyrebein som klart var av nyare dato. 4

Figur 4 Kart over sjaktene. Vegtraséen er teikna inn med brunt. Den grøne sirkelen i nordvestlege enden av sjakt 2 markerar struktur 2-1. Struktur 2-1 er rundoval nedgraving med mål 170 x 150 cm. Fyllmassen består av mørk brun humus med spreidde kolbitar. Nær vestenden fjerna maskina noko stein slik at ein her kom djupare i strukturen enn ellers, og avdekka her eit meir konsentrert kollag. Det synast difor som det er meir kompakt kollag i randen og/eller djupare ned i strukturen. Det er teke ut kolprøve frå området der det konsentrerte kollaget vart avdekka, og denne er sendt inn til datering. Det er ein del steinar i strukturen og desse er særleg konsentrert i utkanten. Her er både rullestein, vanleg stein og heller. Fleire av steinane er skjørbrente. Ved avdekking virka flere av oppsprekkingane å vere ferske, men dette skuldast truleg berøring frå grabben. Fordi steinane synast å vere konsentrert om utkanten av strukturen er det truleg ikkje snakk 5

om ei kokegrop. I staden er den tolka som restar av ein eldstad med steinsatt kant. Strukturen er ikkje snitta. Figur 5 Sjakt 2. 6

Figur 6 Dokumentasjon av struktur 2-1. Målestokken på fotografiet er 22 cm. Fotoet er tatt mot søraust. 7

Konklusjon Ved den arkeologiske registreringa i samband med søknad om bygging av ny landbruksveg på Gjernes i Voss vart det påvist ein struktur. Det dreier seg om ein rundoval nedgraving med tverrmål på dryge 1,5 meter. Konsentrasjonar av steinar i kanten samt kol i fyllmassen gjer at strukturen er tolka som ein steinsatt eldstad. Strukturen er dokumentert med foto og teikning i plan, men er ikkje snitta. Eldstaden er eit automatisk freda kulturminne og er i direkte konflikt med vegtraséen. Konflikten går fram av kartet figur 4. Kring strukturen er det også ei vernefane på 5 meter. Denne går fram av kartet frå kulturminnedatabasen Askeladden (jf. vedlegg.). 8

Lokalitet - 116344 - Arkeologisk lokalitet - Aktivitetsområde - Gjernes Lokalitet - 116344 - Arkeologisk lokalitet - Aktivitetsområde - Gjernes Klassifisering Kategori: Arkeologisk lokalitet Art: Aktivitetsområde Stedfesting Fylke: Kommune: Gårdsnavn: Museumsdistrikt: Hordaland Voss Gjernes Bergen Museum Eiendomsopplysninger Eiendom 1 Kommune: Voss Gnr: 196 Festenr: 0 Bnr: 2 Seksjonsnr: 0 Eiendom 2 Kommune: Voss Gnr: 196 Festenr: 0 Bnr: 2 Seksjonsnr: 0 Geometri Koordinatsystem: (23) UTM sone 33 (EUREF89/WGS84) Nord: 6750564.3 Øst: 31546.8 Metadata på digital stedfesting: Geometri datert: 18.06.2008 Oppretting og ansvar Registrert Dato: 18.06.2008 Ansvarlig etat: Hordaland fylkeskommune Utført av: Trond Eilev Linge Instans: Hordaland Registreringstype: Landbruksvei Utfyllende opplysninger Kilder (litteratur m.m.): Rapport nr.6/2008, Kultur- og idrettsavdelinga, Hordaland fylkeskommune fylkeskommune Beskrivelse: Aktivitetsområdet består av ein eldstad Terrengbeskrivelse: Dyrka mark. Slak skråning mot vest. Bratt bakke bak tunområdet som ligg aust for lokaliteten. Orientering: Like i framkant av tunet på gnr. 196/2. Utsyn over Vangsvatnet og Voss sentrum Tilhørende enkeltminner 1 Ildsted AUT http://askeladden.ra.no/vis/lokaliteteksport.jsp?minneid=829311&minnetype=lokalitet&ekspander=1 (1 of 3)27.06.2008 09:45:32

Lokalitet - 116344 - Arkeologisk lokalitet - Aktivitetsområde - Gjernes Vernestatus for lokalitet Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: Lovgrunnlag: Kulturminneloven av 1978 Tinglystdato: Paragraf: 4 Sikringssone Beskrivelse: Sikringssone på: 5 meter Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: Lovgrunnlag: KML Paragraf: 6 Enkeltminne - 116344-1 - Arkeologisk enkeltminne - Ildsted - Klassifisering Kategori: Arkeologisk enkeltminne Art: Ildsted Opprinnelig funksjon: Bolig, bosetning Hovedgruppe: Status: Stedfesting Fylke: Hordaland Kommune: Voss Ikke næringstilknyttet/ privat Eiendomsopplysninger Kommune: Voss Gnr: 196 Festenr: 0 Bnr: 2 Seksjonsnr: 0 Geometri Koordinatsystem: (23) UTM sone 33 (EUREF89/WGS84) Nord: 6750564.3 Øst: 31546.8 Metadata på digital stedfesting: Geometri datert: 26.06.2008 Datering Datering: Eldre jernalder Metode: Ukjent Eksakt datering: Kvalitet: Sannsynlig Utfyllende opplysninger http://askeladden.ra.no/vis/lokaliteteksport.jsp?minneid=829311&minnetype=lokalitet&ekspander=1 (2 of 3)27.06.2008 09:45:32

Lokalitet - 116344 - Arkeologisk lokalitet - Aktivitetsområde - Gjernes Beskrivelse: Strukturen er ei rundoval nedgraving med mål 170 x 150 cm. Fyllmassen består av mørk brun humus med spreidde kolbitar. Nær vestenden fjerna maskina noko stein slik at ein her kom djupare i strukturen enn ellers, og avdekka her eit meir konsentrert kollag. Det synast difor som det er meir kompakt kollag i randen og/eller djupare ned i strukturen. Det er teke ut kolprøve frå området der det konsentrerte kollaget vart avdekka, og denne er sendt inn til datering. Det er ein del steinar i strukturen og desse er særleg konsentrert i utkanten. Her er både rullestein, vanleg stein og heller. Fleire av steinane er skjørbrente. Ved avdekking virka flere av oppsprekkingane å vere ferske, men dette skuldast truleg berøring frå grabben. Fordi steinane synast å vere konsentrert om utkanten av strukturen er det truleg ikkje snakk om ei kokegrop. I staden er den tolka som restar av ein eldstad med steinsatt kant. Strukturen er ikkje snitta. Vernestatus for enkeltminne Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: Lovgrunnlag: Kulturminneloven av 1978 Tinglystdato: Paragraf: 4 Sikringssone Beskrivelse: Sikringssone på: 5 meter Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: Lovgrunnlag: KML Paragraf: 6 http://askeladden.ra.no/vis/lokaliteteksport.jsp?minneid=829311&minnetype=lokalitet&ekspander=1 (3 of 3)27.06.2008 09:45:32

DF - Nasjonallaboratoriet for 14 C datering Sem Sælandsv. 5, NTNU-Gløshaugen, 7491 Trondheim Tlf. 73 59 33 10 Fax 73 59 33 83 Forslag om 14 C- Datering (se rettledning) (Sett kryss) Konvensjonell datering: x AMS: Betalt oppdrag: ja 1. Søkerens navn: Trond Eilev Linge Stilling: Feltarkeolog Adresse: Hordaland fylkeskommune Kultur- og idrettsavd. Telefon: 91524230 Postboks 7900 5020 Bergen Ansvarlig veileder (for studenter): Er søknaden personlig: På vegne av institusjon: 2. Prøvematerialets art: Trekol Funnsted (kommune, fylke): Voss, Hordaland 3. Antall dateringer: 1 Prioriteringsrekkefølge: 4. Redegjør for formålet med datering på eget vedlegg. Vedlegget skal gi utfyllende kommentarer samt en vurdering av tidligere dateringer for samme formål (oppgi DF-nummer hvis mulig). I tillegg skal det legges ved et kart som angir funnsted og en skisse eller tegning som viser stratigrafien eller forteller noe om contexten til prøvene. Vedlegget er på. sider og inneholder (sett kryss): Tekst: Kart: Skisse/tegning: Fotografi: 5. Prosjektets finansieringskilder (sett kryss): NFR: Univ., høgskole, off. museum: Andre(spesifiser): 6. Har søkeren fått utført dateringer siste 5 år? (sett kryss) nei: ja: Oppgi i så fall DF-nummer og hvor resultatene evt. er publisert: Dato Underskrift søker Underskrift veileder

Lab.ref. T- Nasjonallaboratoriet for 14 C datering Sem Sælandsv. 5, NTNU-Gløshaugen, 7491 Trondheim Tlf. 73 59 33 10 Fax 73 59 33 83 Spesifikasjon for prøve for 14 C datering (se rettledning) 1. Oppdragsgiver: Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga 2. Prøvematerialets art: Trekol Mengde: 7 gram 3. Mengdeklassifisering (må angis - se rettledn.): (sett kryss) A: B: x C: AMS: 4. Prøvens merke: Gnr. 196/2 Gjernes, Voss k., struktur 2-1 kolprøve, 7g. 18/6 TEL 5. Prøven funnet av: Trond Eilev Linge Tidspunkt: 180608 6. Funnsted: Gjernes, Voss kommune 7. Greenwich koord. (må oppgis) : Bredde: 6722695 Lengde: 359091 UTM: 32V 8. Formålet med denne datering og nærmere beskrivelse av funnforhold (legg ved stratigrafisk skisse eller lignende som viser context): Sitetype : boplass Context : eldstad 9. Beskrivelse av prøvematerialet: trekol 10. Antatt alder, evt. I henhold til tidligere datering: Tidsperiode: eldre jarnalder Alder BP: 2440-1500 bp 11. Prøvens behandling før den ble sendt til laboratoriet: vaska ut, tørka og plukka rein 12. Ønskes evt. restmateriale i retur? nei 13. Eventuelle andre opplysninger, for eksempel om artsbestemmelse av tre og trekull: avgjere treart Dato: Underskrift: Formular 2 - Fylles ut i 2 eksemplarer ( for betalte oppdrag er det tilstrekkelig med 1 eksemplar).