KSL-STANDARD Versjon 11, oktober 2015 nynorsk RETTLEIAR 5 Grønsaker, frukt, bær, blomstrar, planteskule og veksthus KSL-standarden omfattar både sjekklister og rettleiarar, som begge skal brukast ved eigenrevisjon.
Rettleiing til sjekklista Fleire overordna krav til produksjon av grønsaker, frukt, bær, blomstrar, planteskule- og veksthusvekstar ligg i standard 1 Generelle krav til garden. Dette gjeld mellom anna krav til gjødsling og bruk av plantevernmiddel. 5.1 SÅING, PLANTING OG DYRKINGSMEDIUM Det er ikkje lov å bruke genmodifisert plantemateriale. Kravet byggjer på ei felles haldning i norsk landbruk, og blir følgt opp av dei norske leverandørane av frø og planter. 5.1.1 Frø og plantemateriale som blir brukt i produksjonen skal dokumenterast. Rekneskapsvedlegg påført partinummer og sort er tilstrekkeleg som dokumentasjon. Dette kravet dokumenterer kva for plantemateriale som er brukt ved eventuelle reklamasjonar. Når frø og plantemateriale ikkje er innkjøpt, er det nok med dokumentasjon av art og sort. Dette kravet er teke med slik at sort kan dokumenterast ved sortsavhengig betaling. 5.1.2 Ved bruk av spesielle dyrkingsmedium (produkt av jord, torv og/eller syntetiske stoff for dyrking av planter) skal det kunne dokumenterast kva for type medium som er brukt. Dette kan gjerast gjennom rekneskapsvedlegg. --Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlva) 5.2 MATTRYGGLEIK Mattryggleik i grøntproduksjonen har fokus på vatning, person- og produksjonshygiene i alle ledd og risikovurdering av skiftet som det skal dyrkast på. Vatning Krava til vatning gjeld grønsaker, frukt og bær som vanlegvis blir etne råe og der den hygieniske kvaliteten til vatnet lett kan påverke produktet sin etekvalitet. Krava gjeld alle typar vatning. Sidan vatningsvatn kan vere ei alvorleg smittekjelde, er det nødvendig å gjere ei risikovurdering av kva for vatn som kan brukast til vatning. Overvatning kan gi større risiko enn andre måtar å vatne på. Ein må vere merksam på moglege kjelder til forureining av vatningsvatn. Ved behov/dersom mogleg, gjer lokale utbetringar eller legg vassinntaket der forureiningspåverknaden er minst. Dersom det er mogleg bør ein unngå vatning den siste veka før hausting. Det anbefalast at ein tek fleire enn ei vassprøve pr. år slik at ein kan sjå variasjonar innan ein sesong. Følg med på kommunale/regionale overvakingsprogram av vassdrag der det finst. Det må ikkje vatnast med sterkt forureina vatn. Merk deg eventuelle krav frå råvarekjøparane til vatningsvatn for aktuelle produktgrupper. Vurder moglegheita for vasking eller utskyljing av vatningsutstyr. Person- og produksjonshygiene I næringsmiddelhygieneforskrifta er det gitt alminnelege hygienereglar for primærproduksjon og aktivitetar knytt til denne. Gardbrukeren er ansvarleg for gjennomføringa av desse, og skal så langt det er mogleg sikre at råvarene er beskytta mot forureining. Risikovurdering av skifte med omsyn til fare for forureining Før val og bruk av skifte for den enkelte kultur bør følgjande moment vere vurdert: Overvatn, viltovergangar og forureining gjennom luft. 5.2.1 Vatningsvatn kan vere ei forureiningskjelde. Det er derfor viktig å vurdere kva forureiningsrisiko ei gitt vasskjelde har. Vasskjelda skal sikrast mot forureining. Forureining kan kome frå: husdyr fuglar erosjon forureina overflatevatn 2 5 - Grønsaker, frukt, bær, blomstrar, planteskule og veksthus
Vurdering av kvaliteten til vatnet er særskilt viktig rett i etterkant av nedbør og ved stor vassføring. Det same gjeld når det er tørre periodar og liten tilgang til vatn. Nærleik til kloakkleidningar er også eit viktig element knytt til ei risikovurdering. 5.2.2 Det skal takast ut minst ei vassanalyse pr. vassinntak i løpet av vatningssesongen, og analyseresultata må vera klare før hausting. Dette gjeld alle vasskjeldene som blir brukt, og det skal gjerast slik at ein har oversikt over kvaliteten på vatnet. Sidan kvaliteten på vatnet kan endra seg mykje på få dagar, anbefalast det å ta fleire vassprøver gjennom vatningssesongen der kor vatningsvatnet kjem i direkte kontakt med produkt som kan etast rått. Dette gjeld spesielt når det vatnast nært opp til hausting. Vatnet skal som eit minimum analyserast for E. coli, men det kan også vere aktuelt å analysere for andre sjukdomsframkallande bakteriar (t.d. salmonella). 5.2.3 Siste vatningsdato før hausting skal dokumenterast. Vatning rett før hausting aukar faren for forureining. Notering av dato for siste vatning før hausting er også viktig for å kunne spore om eventuelle forureiningar i produkta kjem frå vatningsvatnet. Siste vatningstidspunkt opp mot hausting skal vurderast i forhold til vasskvalitet. 5.2.4 Plasseringa til aktuelle vasskjelder til vatningsvatn skal merkast av på skiftekart. 5.2.5 I næringsmiddelhygieneforskrifta er gardsbruk definert som næringsmiddelføretak. Dette inneber at dei som arbeider i føretaket skal ha opplæring i helserisiko og hygiene, mellom anna i kva for faktorar som kan påverke produkta slik at dei vil kunne vere ein helserisiko for forbrukarane. Opplæringa skal vere tilpassa dei arbeidsoppgåvene den enkelte har. Skjema for dokumentert opplæring i helserisiko og hygiene finn du på ksl.no. 5.2.6 Det skal vere god tilgang til toalett og moglegheiter for å vaske seg med rennande vatn, såpe og papirhandkle for dei som arbeider i føretaket. Dette er spesielt viktig i samband med hausting av bær, frukt og grønt som til vanleg blir etne rå. Mobile toalettfasilitetar i nærleiken av haustestadane på jordet bør vurderast i forhold til avstand til dei faste fasilitetane som føretaket har til dette formålet. Personar som handterer næringsmiddel skal vere friske og ikkje smitteberarar. Er det mistanke om at nokon av dei som arbeider i produksjonen kan overføre smittestoff til produkta, skal dei ikkje delta i arbeidet. På sanitæranlegget skal det vere oppslått reinhaldsliste for loggføring av utført reinhald. Reinhaldsskjema og plakat med råd for god hygiene finn du på ksl.no. 5.2.7 Grøntbransjen krev at det blir brukt eit godkjent skadedyrfirma for kontinuerleg førebygging og tiltak mot skadedyr. Kontrollen må også omfatte periodar der verksemda ikkje er i drift. Det skal opprettast eigen perm for dokumentasjon på tiltak mot skadedyr. Permen skal innehalde: Kontrakt, besøksrapportar og kart over avdelingane som viser oversikt over åtestasjonar. Etter kvart besøk skal det leggast fram rapport frå kontrollen. Rapporten arkiverast i eigen perm. (sjå punktet ovanfor). Når verksemda gjer sine vernerundar skal ein sjå etter spor av skadedyr. Der kor insekt vurderast til å vere eit problem, skal lysfeller inngå i skadedyrprogrammet. Lysfellene skal settast opp på dei områda som ein vurderer at dette er nødvendig. Veksthus skal sikrast mot fuglar. Dersom forureininga frå fuglar er eit problem i vektshus, lager eller pakkeri, skal skadedyrprogrammet også omfatte sikring mot fuglar. Avløp og sluk skal ha gitter for å forhindre inntrenging av skadedyr. Det må ikkje vere glipe mellom karm og dør. Portar må slutte tett slik at skadedyr ikkje kan trenge inn. 5 - Grønsaker, frukt, bær, blomstrar, planteskule og veksthus 3
Dersom verksemda har avfallscontainer utandørs skal den kunne låsast, og området rundt skal haldast reint og fritt for organisk materiale og sikrast mot skadedyr. 5.2.8 Det skal gjerast ei vurdering knytt til farar for at produkta kan bli forureina i løpet av vekstsesong, slik at dei eventuelt kan minimerast med aktuelle tiltak. --Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova) --Forskrift om næringsmiddelhygiene (næringsmiddelhygieneforskrifta) 5.3 HAUSTING, LAGRING OG TRANSPORT 5.3.1 Transportmateriell skal haldast reint (inkludert kassar, behaldarar o.l.). Emballasje skal oppbevarast hygienisk. I lagerrommet skal det ikkje oppbevarast noko som kan forureine produkta, til dømes gjødsel, plantevernmiddel eller kjemikaliar. Det er også viktig å skjerme produkta mot forureining frå mus, rotter, kattar, fuglar og andre skadegjerarar. 5.3.2 Rask nok nedkjøling og oppbevaring i riktig temperatur er svært viktig for kvaliteten på produkta. Det same gjeld ved transport. Her bør ein følgje oppsette retningslinjer for dei ulike produkta. Retningslinjene kan ein få frå råvarekjøparen sin. 5.3.3 Transportutstyret skal vere reint slik at produkta ikkje blir forureina under transport. --Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova) --Forskrift om næringsmiddelhygiene (næringsmiddelhygieneforskrifta) 5.4 VASKING, SORTERING, FOREDLING OG PAKKING Det er ulike regelverk som gjeld for primærproduksjon og for vidareforedling av råvarer. I enkelte tilfelle kan det vere vanskeleg å seie om noko er primærproduksjon eller om det er foredling. Følgjande tommelfingerregel kan da brukast: Primærproduksjon: Produksjon, hausting, lagring, vasking og pakking av eigne råvarer. Trimming og pussing av produkta er ein del av dette. Foredling: Pakking av varer frå andre produsentar. Pakking av salat i pose og tilføring av gass, omfattande og kompleks produksjon med fleire pakkelinjer, skrelling og deling av produkt og pressing av saft. Dette gjeld både eigne varer og varer frå andre produsentar. Dersom ein er usikker på om produksjonen ein har også omfattar vidareforedling, bør dette avklarast med Mattilsynet. KSL-standarden dekkjer primærproduksjon, ikkje vidareforedling. 5.4.1 For at produkta ikkje skal bli forureina, er det viktig å ha gode rutinar for reingjering både for pakkerom og utstyr som blir brukt ved pakking. 5.4.2 Temperaturen ved vasking, sortering og pakking må tilpassast det enkelte produktet for å avgrense skadar ved handtering, og for å sikre haldbarheita. 5.4.3 Resultat av analyser som gjeld mattryggleik eller kvalitet skal arkiverast. Dette er viktig for å kunne dokumentere kva for prøvar som er teke og kva for resultat prøvane har gitt. Regelverket som dette kravet byggjer på er med på å sikre mattryggleiken. --Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova) --Forskrift om materialer og gjenstander i kontakt med næringsmidler (matkontaktforskrifta) --Forskrift om vannforsyning og drikkevann (drikkevassforskrifta) --Forskrift om næringsmiddelhygiene (næringsmiddelhygieneforskrifta) --Forskrift om internkontroll for å oppfylle næringsmiddellovgivningen 4 5 - Grønsaker, frukt, bær, blomstrar, planteskule og veksthus
5.5 EMBALLASJE 5.5.1 Det er viktig at emballasjen som blir brukt til innhausting er rein slik at produkta ikkje blir forureina. 5.5.2 Emballasje som blir brukt til vegetabilske næringsmiddel må vere laga med den hensikt at den kan koma i kontakt med mat. Emballasjen skal vere merka med gaffel/glas-symbol eller med ein ordlyd tilsvarande for næringsmiddel. Leverandør av emballasjen må kunne skaffe dokumentasjon om at den er eigna for næringsmiddel dersom dette ikkje kjem fram ved merking. --Forskrift om materialer og gjenstander i kontakt med næringsmidler (matkontaktforskrifta) 5.6 ENERGIØKONOMISERING 5.6.1 Veksthusnæringa har dei siste åra redusert CO 2 -utslippa gjennom redusert energiforbruk og konvertering til fornybar energi. Energiøkonomisering gjer ein gjennom tiltak som isolering av bygningsmassane, bruk av tekkemateriale med låg U-verdi, bruk av isoleringsgardiner og betre klimastyring i produksjonen. Ein energigjennomgang kan gjennomførast av produsenten sjølv, tilsette eller innleidd tredjepart. Hensikta er eit bevisst forhold til bruk av energi, energikjelde og klimastyring, samt ein tiltaksplan for eventuelle forbetringar. 5.7 KRAV FRÅ RÅVAREKJØPAR (VAREMOTTAKAR) 5.7.1 Dersom ein har spesielle krav frå sine råvarekjøparar, skal desse følgjast. Dette kan vere krav som gjeld spesielle kvalitetar eller produkttypar. 5 - Grønsaker, frukt, bær, blomstrar, planteskule og veksthus 5
6 5 - Grønsaker, frukt, bær, blomstrar, planteskule og veksthus
5 - Grønsaker, frukt, bær, blomstrar, planteskule og veksthus 7
MATMERK Besøksadresse: Tollbugt. 32 Postboks 487 Sentrum 0105 Oslo Telefon: 24 14 83 00 ksl@matmerk.no ksl.no