REFERAT FRÅ MØTE I DELPROSJEKT KULTURBYGGING OG VERDIAR ONSDAG 20.SEPTEMBER 2017 Tid og stad for møte: Tilstades: Fråfall: kl.08.30-13.30, Møterom på rådhuset, Ørskog kommune Lars Marius Rindal, Lindis Dalebø, Ewa Hildre, Hildegard Mayer, Ingvild Vartdal, Kathrine Pernille Beite, Hilde Sørdal, Geir Peter Aure, Tore Johan Øvstebø, Dag Olav Tennfjord, Anne Bente Skjellum, Mads Solberg, Malin Piegsa (ref) Tone Gandrudbakken Saker 1. Godkjenning av referat, sakliste og innkalling. Oppsummering frå sist møte: Tore Johan viser til fem grupper med tema for delprosjektet: 1) Teambygging / Identitet for tilsette 2) Leiarutvikling 3) Kultur i praksis / verktøykasse 4) Verdigrunnlag 5) Kulturbygging / Identitet for innbyggjarar Til no har gruppa vår ikkje prioritert å arbeide for kulturbygging overfor innbyggjarar direkte, men indirekte gjennom dei tilsette. Vi bør sjå på dette på ny, og det er naturleg at ei arbeidsgruppe tek fatt i å sjå på felles kulturtiltak i omstillingsfasen. Elles peiker ros-analysen på fallgruver vi ikkje vil gå i, men vi har i lita grad snakka om suksessfaktorar. Sjå vedlagt bilete for ei enkel oppsummering. Både framdriftsplan og ros-analyse vil vi komme tilbake til jamleg.
Delprosjektet vårt kan sjåast på som eit overordna, koordinerande prosjekt der vi trekker inn fleire personar undervegs og fordeler oppgåver til mindre arbeidsgrupper. 2. Generelt om verdiar og kommunane sine verdiar pr i dag (verdi-kartlegging). Ingvild presenterer eit «bakteppe» om kva eit verdigrunnlag er og korleis ein kan tenkje rundt det å utarbeide verdiar. Kommunane har litt ulike verdigrunnlag og brukar dei meir eller mindre aktivt i det dageleg arbeidet. Sjå vedlagt presentasjon. 3. Arbeidsverkstad knytt til prosess Arbeid i grupper utifrå spørsmålet: Kva skal ein prosess innehalde for å finne fram til verdiane i nye Ålesund? Innspel frå dei to gruppene tek Tore Johan, Hilde og Ingvild med seg i arbeidet med å konkretisere eit forslag til prosess. Det kom mange innspel både til rammer for prosessen, men også konkrete tiltak og gjennomføringsmuligheter. 4. Vegen vidare - Neste møte blir torsdag 2.november kl.9-15 i Ålesund. - Mads vil presentere eit digitalt verktøy for medverknad; www.pol.is - Arbeidsgruppa for verdiar (Ingvild, Hilde, Tore Johan) sender ut eit forslag på korleis vi kan gjennomføre prosessen i forkant av neste møte, slik at vi då kan ta ei avgjerd i møte. - I neste møte vil vi oppretta og drøfte forventningar til ulike arbeidsgrupper.
Kartlegging av gjeldande verdiar og utarbeiding av nytt verdigrunnlag Møte i delprosjekt Kulturbygging og verdiar 20.09.17
Verdier Relativt stabile oppfatninger om hva som verdsettes i gruppen og som vekker følelser i oss med andre ord
VERDIER
Virksomme verdier:
Eksisterande verdigrunnlag i dei fem kommunane
Haram kommune
Sandøy kommune
Skodje kommune
Ørskog kommune Ørskog har ikkje eige verdidokument/eigen verdiplakat eller eigne etiske retninglinjer, men i dokumentet Arbeidsgjevarpolitikk er det eit eige punkt om verdiforankring: Denne er utarbeidd på standard måte med involvering av tillitsvalde og verneombod, samt høyringsrunde før politisk handsaming og vedtak. 2.3. Verdiforankring. Ørskog kommune sin arbeidsgivarpolitikk er tufta på trua på enkeltindividet og den enkeltes evne og vilje til engasjement, innsats og lojalitet til eigen arbeidsplass og for å nå felles mål. Ørskog kommune har tiltru og tillit, gir tilsette ansvar og utviklingsmuligheiter, stimulerer til nye utfordringar, og søkjer å utvikle evne til å bli dyktigare og ta ut dugleik. Ørskog kommune skal vere ein open, brukarorientert og tenesteretta organisasjon.
Ålesund kommune Fire verdier er valgt: Respekt Redelighet Initiativ Humor og arbeidsglede De fire verdiene som vi løfter frem, er verdier vi har valgt å trekke frem som følge av en inngående verdidiskusjon med alle ledere i Ålesund kommune
Eksisterande verdigrunnlag Kommune Verdi 1 Verdi 2 Verdi 3 Verdi 4 Haram Anerkjenning Lagånd Nyskaping Tydelegheit Sandøy Likeverd Ansvar Samhandling Skodje Trivsel Identitet Tryggheit Entusiasme Respekt Redelighet Initiativ Humor og arbeidsglede Ørskog Ålesund
Hvordan lage et verdigrunnlag? 1. Ledelsen lager det 2. En arbeidsgruppe i bedriften lager det 3. Prosesser som involverer mange eller alle ansatte 4. Dialog med interessenter 5. Mellomting mellom de fire første
Hvordan lage et verdigrunnlag? Framgangsmåten er viktig for å få: Et godt verdigrunnlag Aksept for verdigrunnlaget Forståelse for verdigrunnlaget Men det viktigste er at verdigrunnlaget er i overensstemmelse med de ansattes egne verdier og at bedriften og ledelsen praktiserer verdigrunnlaget
Bruk av verdigrunnlag 1. Brukes ikke, blir lagt vekk 2. Brukes ikke aktivt, men er en overordnet målsetting og erklæring om våre verdier 3. Konkretiseres og brukes i det daglige arbeid 4. Tas opp i medarbeidersamtaler, ledermøter m.m. 5. Sanksjoner ved brudd på verdigrunnlaget NB! Verdigrunnlag som ikke følges, kan være til skade