Midt-Norge «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» Dykkar ref: «REF» Vår ref: 2014/1782-2 Arkiv nr: Saksbehandlar: Tormod Hjørungnes Engen Dato: 30.04.2014 Løyve - Bjørøya Fiskeoppdrett AS/ Midt Norsk Havbruk AS - Søknad om ny lokalitet for oppdrettsanlegg - Lokalitet Nausttaren - Osen kommune - Sør- Trøndelag fylke Viser til oversendingsbrev datert 07.04.2014 frå Sør-Trøndelag fylkeskommune vedlagt tiltakshavar sin søknad, kartutsnitt og miljørapportar. Dette løyvet er ikkje gyldig før Sør-Trøndelag fylkeskommune har gitt sitt endelege løyve etter akvakulturlova. Saksopplysningar Bjørøya Fiskeoppdrett AS og Midt Norsk Havbruk AS i samdrift søkjer om etablering av ein ny lokalitet for matfisk i Svesfjorden i Osen kommune. Omsøkt storleik er 4680 tonn MTB med eit anlegg som måler omlag 180x450 meter. Aktuelle føresegner Tiltaket fell inn under Lov om havner og farvann 27 første ledd som lyd: Bygging, graving, utfylling og andre tiltak som kan påvirke sikkerheten eller fremkommeligheten i kommunens sjøområde, krever tillatelse av kommunen hvor tiltaket skal settes i verk. Som tiltak regnes bl.a. fortøyningsinstallasjoner, kaier, brygger, broer, luftspenn, utdypning, dumping, akvakulturanlegg, opplag av fartøy, lyskilder, kabler og rør. ( ). Tiltaket fell også inn under forskrift av 3. desember 2009 nr. 1449 om tiltak som alltid krev løyve frå Kystverket 1 som lyd: 1. (tiltak som alltid krever tillatelse fra Kystverket) Følgende tiltak kan ikke iverksettes uten tillatelse fra Kystverket, uten hensyn til hvor tiltaket skal iverksettes: a) akvakulturanlegg b) kraftproduserende anlegg i sjø Midt-Norge - Plan- og kystforvaltningsavdelingen Sentral postadresse: Kystverket, postboks 1502, 6025 ÅLESUND Telefon: Telefaks: Bankgiro: +47 07847 +47 70 23 10 08 7694 05 06766 Internett: E-post: Org.nr.: www.kystverket.no post@kystverket.no NO 970 237 372 Vi ber om at brev, sakskorrespondanse og e-post vert adressert til Kystverket, ikkje til avdeling eller enkeltperson
c) rørledninger for olje og gass d) broer e) luftspenn f) innretninger, installasjoner og anlegg for kraftproduksjon og petroleumsvirksomhet, herunder slep og oppankring av slike. Unntatt er forsynings- og hjelpefartøy eller skip som transporterer petroleum i bulk. g) tiltak som krysser en kommunegrense h) andre tiltak som kan skape vesentlige hindringer eller ulempe for den alminnelige ferdsel, herunder sprengninger, større slep, seismiske undersøkelser og utprøving av utstyr. Søknaden skal difor avgjerast av Kystverket. I vurderinga om ein skal gje løyve, skal det leggjast vekt på Lov om havner og farvann sine formål som kjem fram av 1: Loven skal legge til rette for god fremkommelighet, trygg ferdsel og forsvarlig bruk og forvaltning av farvannet i samsvar med allmenne hensyn og hensynet til fiskeriene og andre næringer. Loven skal videre legge til rette for effektiv og sikker havnevirksomhet som ledd i sjøtransport og kombinerte transporter samt for effektiv og konkurransedyktig sjøtransport av personer og gods innenfor nasjonale og internasjonale transportnettverk. Med heimel i Lov om havner og farvann kan ein sette vilkår for eit løyve. I 29 lyd det mellom anna: Ved fastsettelsen av vilkår i enkeltvedtak etter dette kapitlet skal det legges vekt på hensynet til god fremkommelighet og trygg ferdsel i farvannet, hensynet til andre næringer, samt hensynet til liv og helse, miljø og materielle verdier. ( ). Løyve til tiltak etter Lov om havner og farvann 27 kan ikkje vere i strid med vedtekne arealplanar etter plan- og bygningslova med mindre at vedkomande plan- og bygningsmynde har gitt dispensasjon, jf. Lov om havner og farvann 32 andre ledd. Vurdering I vurderinga om ein skal gje løyve til omsøkt plassering må ein vege dei ulike omsyna i saka mot kvarandre. Kva for nokre omsyn som skal leggjast vekt på og kor stor vekt dei skal få må vurderast mellom anna i lys av formålet med den aktuelle føresegna. Tilsvarande gjeld for eventuelle vilkår sett til eit løyve. Omsynet til søkjar taler for å gje løyve og tilleggjast vekt. For søkjar er det av interesse å sikre ei formålstenleg drift ved anlegget. Andre omsyn som det særskilt vert lagt vekt på er omsyna til den generelle ferdsle og ferdsla i samband med fiske. Etter Kystverket si meining vil det omsøkte anlegget ikkje få vesentlege konsekvensar for ferdsla. Ein føreset at kablar og fortøyingar ikkje er til hinder for ferdsla og at anlegget eller bruken av dette ikkje krenkjer naboeigedom og tilflottsrett eller tilsvarande rett for andre rettshavarar. Side 2
Vedtak Med heimel i Lov om havner og farvann 27 første ledd, jf. forskrift av 3. desember 2009 nr. 1449 om tiltak som krev løyve frå Kystverket 1, får Bjørøya Fiskeoppdrett AS og Midt Norsk Havbruk AS løyve til etablering av akvakulturanlegg på lokalitet Nausttaren i Osen kommune, Sør-Trøndelag fylke, som omsøkt og i samsvar med vedlagt stempla kart. Løyve vert tildelt med følgjande vilkår, jfr. Lov om havner og farvann 29: 1. Anlegget må forankrast/fortøyast forsvarleg slik at det ikkje driv av og kjem til fare for den allmenne ferdsle. Anlegget sine fortøyingsblåser skal vere trekt nærast mogeleg inn til anlegget. Forankringstaua skal vere nedsenka. Vilkåret er satt for at farty skal kunne passere sikkert forbi anlegget. Dette gjeld også farty som kan gjere stor fart, inkludert sjøforsvaret sine hurtiggåande båtar. Vilkåret er også satt ut frå omsyn til tryggleik som inneber at fartøy skal kunne passere anlegget med ulik fart, sjølv om det pågår arbeid på- eller ved anlegget. 2. Tiltaket skal utførast som omskrive i løyve og vist på vedlagt teikning og kartutsnitt. Endringar må ikkje utførast utan dette på førehand er godkjent av Kystverket. Endringar kan få annan verknad i farvatnet enn det som er vurdert i høve løyve. 3. Merking skal skje i samsvar med forskrift av 19.01.2012 nr. 1329 om farvannsskilt og navigasjonsinnretninger 8, og vedlegg 2 til forskrifta Merking av akvakulturanlegg. Vilkåret er satt ut frå omsyn til ferdsle og tryggleik og fordi lysa ikkje skal blende dei sjøfarande. Kystverket Midt-Norge har ved fleire høve blitt kontakta av sjøfarande, reiarlag og andre over sjenerande lyssetjing på oppdrettsanlegg. Dei påpeiker at farvatnet utanfor sjølve anlegget vert opplyst slik at det blender for anna lys som navigatøren er avhengig av i høve navigeringa. I verste fall kan lyskjelda frå anlegget heilt eller delvis "skjule" navigasjonslys slik at dei ikkje kan nyttast. Regionkontoret presiserer at om anlegget skal merkast med flombelysning må desse vere av ein slik styrke og innretning at dei ikkje blender dei sjøfarande. Vil også presisere at anlegga skal ha synkron lysmerking. 4. Ved fullstendig eller delvis opphøyr av produksjonen skal innehavar rydde opp innretningar og utstyr på lokaliteten og omkringliggjande sjøområde. Installasjonar kan berre lagrast på lokaliteten i den grad det skjer som ledd i drifta. Ved permanent opphøyr av drift på ein lokalitet skal det sytast for fullstendig opprydding, herunder fjerning av installasjonar over og under vatn. Fullstendig opprydding skal vere fullført seinast innan 6 månadar etter opphøyr. Melding om dette skal sendast Kystverket Midt-Norge. Omsyn til ferdsle og tryggleik. 5. Tiltakshavar skal sørgje for at alle element som losnar frå akvakulturanlegget, herunder forankringstau som flyt opp, omgåande vert festa forsvarleg på riktig plass eller fjerna. Dersom det ikkje let seg gjere å feste eller fjerne lause og/eller drivande Side 3
element omgåande, skal tiltakshavar omgåande melde frå til NAVCO telefonvakt tlf: 22 42 23 31 (vakt heile døgnet). Omsyn til ferdsle og tryggleik. 6. Ein må syte for at tiltaket til ein kvar tid har forsvarleg vedlikehald. Omsynet til ferdsle og tryggleik. 7. Eit kvart ansvarsforhold og eventuelle erstatningskrav som følgje av tiltaket kviler på søkjaren. Dette vilkår er satt for at Kystverket ikkje skal verte ansvarleg for tiltak der nytta ligg hos andre. 8. Dersom vedtaket vert påklaga (gjeld også klage frå andre enn søkjaren) kan det verte kravd at arbeidet ikkje kan påbyrjast eller at det kan stoppast til klagesaka er endeleg avgjort. Dersom vedtaket vert påklaga, kan det tenkjast at påklagemynde endrar vedtaket. Mellom anna for å unngå sløsing med ressursar kan det vere teneleg å utsetje arbeidet til klagesaka er avgjort. 9. Tiltakshavar skal melde frå om tiltaket til Statens Kartverk Sjø/ Efs ( Etterretninger for sjøfarende ) herunder tidspunkt for oppstart og forventa ferdigstilling. Melding sendast Statens Kartverk Sjø, Postboks 60, 4001 Stavanger, og må vere kartverket i hende seinast ein (1) månad før arbeida vert påbyrja. Omsynet til ferdsle og tryggleik. 10. Når anker vert lagt ut skal eksisterande installasjonar som kablar, røyr, leidningar eller liknande sikrast, til dømes ved at dykkarar deltek under arbeidet. Eigarar av aktuelle installasjonar skal ha høve til å delta ved utlegginga av anlegget. Unngå skade på eksisterande installasjonar. Tilhøve til anna lovgjeving og privatrettslege tilhøve Saka er berre vurdert med omsyn til reglane i Lov om havner og farvann og ikkje til anna lov- og regelverk. Til dømes må tiltakshavar sjølv avklare tilhøve til reglane i plan- og bygningslova med kommunen, og tilhøva til kulturminnelovgjevinga med fylkeskommune/sjøfartsmuseum. Lov om havner og farvann regulerer ikkje nabo- eller eigedomstilhøve som då ikkje vert vurdert i saka. Kystverket føreset likevel at bruken ikkje krenkjer naboeigedom, tilflottsrettar eller liknande rettar for andre. Søkjaren er sjølv ansvarleg for naudsynt samtykke frå grunneigarar og eventuelle rettshavarar. Kystverket har ikkje ansvar for å følgje opp dette. Privatrettslege tvistar mellom partane avgjerast anten gjennom avtale eller på annan måte, til dømes av domstolane. Klage mv. Side 4
Dette er eit enkeltvedtak som kan påklagast av søkjar og andre med rettsleg klageinteresse innan 3 veker etter at samla vedtak frå Møre og Romsdal fylkeskommune er framkome. Søkjar eller andre med rettsleg klageinteresse står likevel fritt til å klage på Kystverket sitt vedtak før fylkeskommunen har sendt ut det samla vedtaket. Sjå vedlagt Orientering om klageadgang. Klageadgang må vere nytta før søksmål om vedtaket si gyldigheit- eller krav om erstatting som følgje av vedtaket vert reist, jf. forvaltningslova sin 27b. Søksmål kan likevel framsetjast når det er gått seks månadar frå klage første gong vart framsett, og det ikkje skuldast forsøming frå klagaren si side at avgjersla frå klagemynde ikkje føreligg. Med helsing Børre Tennfjord avdelingsleiar Tormod Hjørungnes Engen rådgjevar Dokumentet er elektronisk godkjent Eksterne kopimottakere: Fiskeridirektoratet Postboks 185 Sentrum 5804 BERGEN Osen kommune 7740 STEINSDALEN Vedlegg: 1 Godkjenningskart - Bjørøya Fiskeoppdrett AS/ Midt Norsk Havbruk AS - Søknad om ny lokalitet for oppdrettsanlegg - Lokalitet Nausttaren - Osen kommune - Sør-Trøndelag fylke Tilsvarende brev sendt til: Sør-Trøndelag fylkeskommune Postboks 2350 Sluppen 7004 TRONDHEIM Bjørøya Fiskeoppdrett AS/Midt-Norsk Havbruk AS 7770 FLATANGER Side 5
ORIENTERING OM KLAGEADGANG KLAGEORGAN Vedtaket kan påklagast til Kystverket sitt hovudkontor, jf. forvaltningslova 28. KLAGEADRESSAT Klagen skal sendast Kystverket Midt- Norge. KLAGEFRIST Klagefrist er 3 veker frå den dag dette brevet kom fram, jf. forvaltningslova 29. Det held at klagen er postlagt innan fristen sitt utløp. Dersom De klagar for seint, kan Kystverket Midt- Norge sjå bort frå klagen. De kan søkje om å få forlenga fristen, men då må De grunngje årsak til at De ynskjer dette, jf. forvaltningslova 31. KLAGEN SITT INNHALD De må presisere følgjande, jf. forvaltningslova 32: - Kva for nokre vedtak De klager over - den eller dei endringar som De ynskjer - eventuelle andre opplysningar som kan ha innverknad på vurderinga av klagen. I tillegg bør De nemne dei årsakene klagen støttar seg til. Klagen må underskrivast. UTSETJING AV GJENNOMFØRING AV VEDTAKET Sjølv om De har klagerett, kan vedtaket vanlegvis gjennomførast straks. De kan likevel søkje om å få utsett gjennomføringa av vedtaket til klagefristen er ute eller til klagen er avgjort (søkje om oppsetjande verknad av klagen), jf. forvaltningslova 42. Slik søknad sendast Kystverket Midt- Norge og grunngjevast. Kystverket Midt- Norge si avgjerd om oppsetjande verknad kan ikkje påklagast, men De kan sjølv bringe spørsmålet om oppsetjande verknad direkte inn for Kystverket sitt hovudkontor til ny vurdering. RETT TIL Å SJÅ SAKSDOKUMENTA OG TIL Å KREVJE RETTLEIING Med visse avgrensingar har De rett til å sjå dokumenta i saka, jf. forvaltningslova 18 og 19. De må i tilfelle ta kontakt med Kystverket Midt- Norge. De vil då få nærare rettleiing om adgang til å klage, om framgangsmåten og reglane omkring sakshandsaminga. KOSTNADER VED KLAGESAKEN De kan krevje dekning for vesentlege kostnadar i høve klagesaka, jf. forvaltningslova 36. Føresetnad er då vanlegvis at det organ som trefte det opphavlege vedtaket har gjort ein feil slik at vedtaket vert endra. De kan også søkje om å få dekt utgifter til naudsyn advokathjelp etter reglene om fritt rettsråd. Vanlegvis gjeld visse grenser for inntekt og formue. Klageinstansen eller Dykkar advokat kan gje nærare opplysningar om dette. KLAGE TIL SIVILOMBUDSMANNEN Om De meiner De har vore utsett for urett frå den offentlege forvaltning si side, kan De klage til Stortinget sin ombudsmann for forvaltninga (Sivilombudsmannen). Sivilombudsmannen kan sjølv ikkje endre vedtaket, men kan gje si vurdering av korleis den offentlege forvaltning har handsama saka og om det er gjort eventuelle feil eller unnalating. Side 6