OSTERØY KOMMUNE Møteprotokoll for Plan- og kommunalteknisk utval Møtedato: 23.04.2014 Møtestad: Osterøy rådhus - Heradsstyresalen Møtetid: kl. 13:00 kl. 14:40 Møtedeltakarar Parti Rolle Øyvind Litland AP Utvalsleiar Øystein Borge AP Medlem Torunn Fjeldstad AP Medlem Atle Solberg H Nestleiar Kim Andre Hartveit FRP Varamedlem Forfall meldt frå følgjande medl. Knut Riple Parti FRP Følgende fra administrasjonen møtte: Ass. rådmann og utvalssekretæren. Laura Ve, fung. Leiar planavd. møtte i sak 033. Sakliste Saknr Tittel 028/14 Godkjenning av innkalling og sakliste 029/14 Godkjenning av møtebok. 030/14 Referatsaker og meldingar. 031/14 Delegerte saker. 032/14 31/1 - Solberg - Søknad om dispensasjon for oppføring av næringsbygg
033/14 1.GONGS HANDSAMING AV 12532012001 DETALJREGULERING FUGLEDALEN BUSTAD
028/14: Godkjenning av innkalling og sakliste Det var ingen merknader til innkalling og saksliste. Innkalling og sakliste vert godkjent. 029/14: Godkjenning av møtebok. Det var ikkje merknader til møteprotokoll frå 12.03.14. Møtebok frå møte 12.03.14 vert godkjend. 030/14: Referatsaker og meldingar. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Referatsakene vert tekne til orientering. 031/14: Delegerte saker.
Vedkomande sak 058/14 Øyvind Litland, AP, gjorde slikt framlegg: "Utvalet har slik merknad til denne saka: I samband med nytt V/A-anlegg i Haus er det svært ønskjeleg unngå sprenging i svaberga i Kreklå (badeplassen) og ein bør heller nytta borehol under svaberga, då likevel med atterhald om at dette ikkje medfører uforholdsmessige meirkostnader for anlegget." Framlegget vart samrøystes vedteke. Delegert sak 058/14: Merknad: "I samband med nytt V/A-anlegg i Haus er det svært ønskjeleg unngå sprenging i svaberga i Kreklå (badeplassen) og ein bør heller nytta borehol under svaberga, då likevel med atterhald om at dette ikkje medfører uforholdsmessige meirkostnader for anlegget." ------------------------------------------- Delegerte saker vart elles tekne til orientering utan andre vedtak. 032/14: 31/1 - Solberg - Søknad om dispensasjon for oppføring av næringsbygg Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. "Det vert gjeve løyve til omdisponering etter jordlova 9 til oppføring av kombinert bygg for landbruk og næring på gnr. 31, bnr.1, Solberg, jf. 1. Det vert gjeve dispensasjon frå arealdelen i kommuneplanen, jf. plan- og bygningslova 11-6 og 11-7 til oppføring av kombinert bygg for landbruk og næring på gnr. 31, bnr. 1, Solberg, jf. 19-2."
033/14: 1.GONGS HANDSAMING AV 12532012001 DETALJREGULERING FUGLEDALEN BUSTAD Atle Solberg, H, bad om vurdering av sin habilitet i saka. Han er bror til grunneigar som vert direkte berørt av framlegg til reguleringsplan. Atle Solberg, H, vart samrøystes kjend inhabil med tilvising til fvl. 6, 1.l. b. når han er i slekt eller svogerskap med en part i opp- eller nedstigende linje eller i sidelinje så nær som søsken.." - 4 medlemmer/varamedlemmer til stades. Laura Ve, planavdelinga, var til stades ved utvalet si behandling. ------------------------------------- Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. 1. "Framlegg til Detaljregulering Fugledalen, plannummer 12532012001, med plankart planskildring og dagsett 08.04.14, føresegner dagsett 10.04.14 og VArammeplan hovuddokument dagsett 30.04.13 med vedlegg A-E, vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova 12-10". 2. "Rådmannen set i gang utarbeiding av skisse til utbyggingsavtale for 12532012001 Detaljregulering Fugledalen, jf plan- og bygningslova 17-1 til 17-4" Andre saker Utvalsleiar tok opp spørsmål om Coopbygget, Lonevåg og framdrift for bustadområde Åsheim, Haus. Rådmannen viste til oppfølgjing av Formannskapsvedtak om Coopbygget og at saka snart kan leggjast fram til politisk behandling. Åsheimfeltet rådmannen har hatt møte med grunneigarane og det kom fram at det er usemje mellom desse. Rådmannen prøver å finna løysingar som gjer at ein likevel kan koma vidare i saka.
Kim A. Hartveit, FRP, viste til sitt spørsmål i KOIK om jegeropplæring på ungdomsskulen. Rådmannen kjem tilbake med svar til neste møte i KOIK. ------------------------------------------------- Til å skriva under møteboka saman med møteleiar vart desse valde: Atle Solberg og Torunn Fjeldstad. Lonevåg, 24.04.14 Bente Skjerping utvalssekretær ------------------------------------------- -------------------------------------------- ------------------------------------------ Øyvind Litland Atle Solberg Torunn Fjeldstad Utvalsleiar nestleiar