SELJE KOMMUNE Driftsutvalet Møtebok Møtedato: 06.12.2012 Møtetid: Kl. 15:00 16:30 Møtested: Kommunehuset, 3. etg. Saksnr.: 058/12-061/12 Følgjande medlemmer møtte KRF: Stein Robert Osdal. TP: Gunnar Silden, Stine Aase Myhre, Terje Ødegård. FRP: Marit Swensen. H: Eva Janne T. Årvik Følgjande medlemmer møtte ikkje FRP: Svein Hansen. Melding om forfall til møtet var gjeve. Følgjande varamedlemmer møtte FRP: Anne Lise Drage Følgjande frå administrasjonen møtte Tenesteleiar Kommunalteknikk Terje Nybakk. Tenesteleiar Familie og Velferd Kristin Otneim Aarsnes. Møteboka vart ført av leiar Driftsutvalet / tenesteleiar Kommunalteknikk Merknad til innkallinga Ingen Merknad til saklista Ingen 7 voterande Møtet starta med orientering frå avd. Familie og Velferd v/tenesteleiar Kristin Otneim Aarsnes.
Følgjande saker vart handsama Sak nr. Sakstittel 058/12 Godkjenning av møtebok 059/12 Delegasjonssaker 060/12 Referatsaker 061/12 Fylkeskommunale trafikktryggingsmidlar ASV 2013 Tilleggsaker: Ingen Utskrift protokoll: Medlemmar, møtande varamedlemmar, biblioteka, abonnentar Utskrift møtebok: Abonnentar, kontrollutvalet, kommunekassa, revisor Signatur:
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Driftsutvalet 06.12.2012 058/12 Sakshandsamar: Unni Eltvik Hovden Godkjenning av møtebok Arkiv: FE- Arkivsaknr 12/1194 TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN: Møteboka frå møte 19.11.12 vert godkjent slik den ligg føre. Handsaming i Driftsutvalet - 06.12.2012 7 voterande Avrøysting: Tilråding frå administrasjonen samrøystes vedteke. KU-058/12 VEDTAK Møteboka frå møte 19.11.12 vert godkjent slik den ligg føre. Samrøystes.
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Driftsutvalet 06.12.2012 059/12 Sakshandsamar: Unni Eltvik Hovden Delegasjonssaker Arkiv: FE- Arkivsaknr 12/1192 DKU. 102/12: Gbnr 25/61 - Byggsak - Bustadhus - Stavsbu DKU. 115/12: Gbnr 21/12 - Byggsak - Tilbygg bustadhus - Knut Lundebrekke DKU. 116/12: Gbnr. 32/6 - Byggsak - Redskapshus / Containere - Ivar Hoddevik DKU. 117/12: Gbnr. 32/6 - Byggsak - Redskapshus / Containere - Ivar Hoddevik TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Delegerte saker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre. Handsaming i Driftsutvalet - 06.12.2012 7 voterande Avrøysting: Tilråding frå administrasjonen samrøystes vedteke. KU-059/12 VEDTAK Delegerte saker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre. Samrøystes.
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Driftsutvalet 06.12.2012 060/12 Sakshandsamar: Unni Eltvik Hovden Referatsaker Arkiv: FE- Arkivsaknr 12/1193 Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 1 12/5167 U 05.11.2012 *** Buss-stogg Flatraket 2 12/5169 U 05.11.2012 Statens vegvesen Region vest Utviding av 50-sone Flatraket 3 12/5366 I 06.11.2012 Statens vegvesen - Region vest FV 632 - Hoddevik - Vurdering av fart 4 12/5363 I 15.11.2012 Kystverket Ny forskrift mal / Godkjennelse av kommunale forskrifter om orden i og bruk av havner Tilleggsreferat: TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Referatsaker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre. Handsaming i Driftsutvalet - 06.12.2012 7 voterande Tilleggsreferat: 5.Marit Swensen stilte spørsmål vedk. 50/60 km/t-sone på Leikanger/Nollen. 6.Driftsutvalet tok opp sak vedk. opprydding/sikring Seljesanden og skråninga bak og Opplysningsvesents Fond si avvising av å dekke kostnaden med dette arbeidet.
KU-060/12 VEDTAK 1.Teke til vitande. 2.Teke til vitande. 3.Teke til vitande. 4.Teke til vitande 5.Tenesteleiar orienterte om at fartsgrensene som kommunen ønsker i dette området, går fram av nyleg vedteken Trafikktryggleiksplan, og at søknad om reduserte fartsgrenser i samsvar med planen, er oversendt Vegvesenet for handsaming. 6.Eit samrøystes utval påla administrasjonen å følge opp denne saka. Dette med bakgrunn i at utvalet meiner at dette er OVF sitt klare ansvar å rydde opp og å sikre eigen eigedom. Samrøystes.
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Driftsutvalet 06.12.2012 061/12 Sakshandsamar Terje Nybakk Arkiv FE-233, FA-Q80 Arkivsak 12/1165 Fylkeskommunale trafikktryggingsmidlar ASV 2013 Dokumentliste Nr T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 1 I 12.11.2012 Statens vegvesen Region vest 3 U 07.12.2012 Statens vegvesen Region vest Orientering om ASV-midlar 2013 Fylkeskommunale trafikktryggingsmidlar, ASV-2013. Søknad om tilskot Vedlegg i saka Dok.dato Tittel Dok.ID 19.11.2012 Detaljkart-Leikanger.pdf 40443 Saka gjeld Aksjon skuleveg 2013, val av prosjekt - søknad om tilskot. Opplysningar til saka Av revidert investeringsplan i Trafikktryggingsplanen, går fram at i 2013 skal det som ASVprosjekt, byggast/vidareførast gang- og sykkelveg langs fylkesvegen på Stadlandet. På Stadlandet har det siste åra i 3 etappar, vore bygd 700 m gang-og sykkelveg for ASVmidlar. Då det har vore prioritert å bygge mest mogeleg veg for tildelte midlar, har det ikkje blitt lagt fast dekke på desse 700 m`ane. Som ASV-prosjekt for 2013 vert det difor gjort framlegg om å vidareføre påbegynt gang- og sykkelveg i ei lengde på ca. 90 m, og i tillegg å dekkelegge heile lengda, om lag 790 m.
Finansiering Prosjektet er kostnadsrekna til kr. 600.000, finansiert slik: 60 % tilskot kr. 360.000 Kommunalt låneopptak kr. 240.000 Kr. 600.000 Sakshandsamar si vurdering Sjølv om ein i stor grad har oppnådd å få skuleborna vekk frå fylkesvegen ved å gje dei eit alternativ, registrerer vi at vegen ikkje vert brukt i den grad ein kunne ynskje då det ikkje er fast dekke på den. Når ein no har fått bygd om lag 800 m veg, bør difor prioriterast få lagt fast dekke på vegen. Konklusjon Selje kommune søkjer for 2013 om 60 % tilskot til: Vidareføring/bygging av om lag 90 m gang-og sykkelveg Legging av fast dekke på heile den aktuelle vegstrekninga, om lag 800 m. Saksgang Val av prosjekt;- endeleg vedtak i driftsutvalet. Nødvendig finansiering;- vedtak i kommunestyret. TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN I samsvar med saksutgreiinga, søkjer Selje kommune om 60 % tilskot frå Aksjon skulevegmidlane for 2013 til: Vidareføring/bygging av om lag 90 m gang-og sykkelveg på Stadlandet Legging av fast dekke på heile den aktuelle vegstrekninga på om lag 800 m.. Handsaming i Driftsutvalet - 06.12.2012 7 voterande Avrøysting: Tilråding frå administrasjonen vart samrøystes vedteke. KU-061/12 VEDTAK I samsvar med saksutgreiinga, søkjer Selje kommune om 60 % tilskot frå Aksjon skulevegmidlane for 2013 til: Vidareføring/bygging av om lag 90 m gang-og sykkelveg på Stadlandet Legging av fast dekke på heile den aktuelle vegstrekninga på om lag 800 m.. Samrøystes. Utskrift til: Statens vegvesen Region vest m/vedlegg