SKODJE KOMMUNE Møteprotokoll Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 15.11.2011 Tid: 17.00 OFFENTLEG SPØRJETID / TEMAMØTE Ordføraren orienterte om vedtaket om bygging av ny skule på Valle og om framdrifta på prosjektet så langt. Modolf Hareide stilte spørsmål vedr. mangel på møterom på rådhuset dei kveldane partia har gruppemøter. Rådmannen orienterte om kva rom som er ledig til bruk for politikarane. Desse møtte: Fremskrittspartiet: Terje Vadset, ordførar, Kjell Arve Reiakvam, Johnny Wulff Hansen, vararepr. for John Ola Røstad. Erling Ostnes, vararepr. for Terje Sortehaug, Frode Reiakvam, vararepr. for Helene Lianes Arbeiderpartiet: Tone Fylling, Bjørn-Andre Stavset, Jan Georg Fossheim vararepr. for Renate Grande Skodje, Sven Ivar Skodjevåg, vararepr. for Kjell Haukeberg. Senterpartiet: Modolf Hareide, Linda Stavset, Johan Honningdal, Inge Øye, vararepr. for Elise Stette. Høgre: Lidvar Giskeødegård, Torbjørn Skodjereite, Torunn Mølsæter, Camilla Rønes Håhjem Venstre: Kari Grindvik, Rolf Stavset Kristeleg Folkeparti: Knut Strand, Gunnar Hauge 21 voterande Frå administrasjonen møtte rådmannen og politisk sekretær, sistnemnde førde møteboka. Ingen hadde merknader til innkalling eller sakliste. Til å skrive under møteboka saman med ordføraren Arve Reiakvam samrøystes valde. saman med ordføraren vart Tone Fylling og Kjell
SAKLISTE Sak nr. Arkivsak 70/11 11/837 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ MØTE 25.10.11 71/11 11/336 RULLERING AV BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN 2012-2015 72/11 11/690 TEMAPLAN FOR BARNEHAGEOMRÅDET 2012-2015 73/11 11/794 BINGSA AVFALLSMOTTAK - INNFØRING AV MAKSGRENSE PÅ STREKKORT TIL ABONNENTANE 74/11 11/841 KJØP AV NÆRINGSEIGEDOM I SKODJE SENTRUM GNR. 24 BNR. 84 2
Sak 70/11 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ MØTE 25.10.11 Protokollen frå møte 25.10.11 vert samrøystes godkjent. Sak 71/11 RULLERING AV BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN 2012-2015 Samrøystes vedtak i samsvar med innstillinga frå formannskapet. Skodje kommunestyre vedtek bustadsosial handlingsplan for Skodje kommune 2012-2015 revidert 26.10.11 slik han ligg føre. Sak 72/11 TEMAPLAN FOR BARNEHAGEOMRÅDET 2012-2015 Rolf Stavset sette på vegne av Venstre fram slikt endringsframlegg til pkt. 5 i innstillinga: Temaplan for barnehageområdet skal gi innspel til økonomiplanen om ei investeringsramme på om lag 14 mill for etablering av barnehage på Stette med 60-80 plassar. Modolf Hareide sette på vegne av Senterpartiet fram slikt endringsframlegg til pkt. 5 i innstillinga: Skodje kommunestyre bed rådmannen utgreie sak om bygging av Stette bamehage slik at ein kan gjere eit prinsippvedtak om alternativ og kostnadsramme i samband med handsaminga av økonomiplan og budsj ett. Grunngjeving: Spørsmålet om kva alternativ ein skal nytte ved bygging av barnehage på Stette er ikkje i tilstrekkeleg grad utgreidd. Kommunestyret har ikkje kunnskap nok om dette. Det vil difor vere galt på dette tidspunktet å fastsette ny ramme og aktuell type utbygging. Camilla Rønes Håhjem sette på vegne av Høgre fram slikt endringsframlegg til pkt. 5 i innstillinga: Temaplan for barnehageområdet skal gje innspel til økonomiplanen om å etablere barnehage i tilknytning til skulen på Stette, til ei investeringsramme på inntil 16 mill. Tone Fylling sette på vegne av Arbeiderpartiet fram slikt endringsframlegg til punkt 5 i innstillinga:
Temaplan for barnehageområdet skal gje Mnspel til økonomiplanen om å etablere barnehage på Stette til ei investeringsramme på om lag 12 mill. Kommunstyret tok pause. Forslagsstillarane samla seg for om mogleg å kome fram til eit framlegg som alle kunne stille seg bak. Det vart også halde gruppemøte. Stavset, Håhjem, Fylling og Hareide trekte sine framlegg. Modolf Hareide sette, på vegne av forslagsstillarane, fram slikt nytt framlegg til pkt. 5: Skodje kommunestyre bed rådmannen legge fram sak om bygging av Stette barnehage i 2012. Det skal leggast fram alternative forslag til løysingar. Grunngjeving: Spørsmålet om kva alternativ ein skal nytte ved bygging av barnehage på Stette er ikkje i tilstrekkeleg grad utgreidd. Kommunestyret har ikkje kunnskap nok om dette. Pkt. 1,2,3,4 og 6 i formannskapet si innstilling vart samrøystes vedteke. Pkt. 5. Innstillinga frå formannskapet fekk 0 røyster. Fellesframlegget som Hareide sette fram vart samrøystes vedteke. Skodje kommunetyre vedtek temaplan for barnehageområdet med følgjande endringar: 1. Visjon for barnehageområdet i Skodje kommune skal modererast til : Ein barnehage med høg kvalitet og fornøgde brukarar Alle som ønskjer det skal få eit barnehagetilbod 2. Satsing på kompetanseheving skal prioriterast med følgjande område på 1. plass: satsing på å rekruttere og stimulere til utdanning av førskulelærarar 3. Temaplan for barnehageområdet skal gje innspel til budsjett 2012 om å auke talet på lærlingar i Skodje kommune. 4.Temaplan for barnehageområdet skal innehalde eit punkt om intemkontroll og avvikshandsaming 5. Skodje kommunestyre bed rådmannen legge fram sak om bygging av Stette barnehage i 2012. Det skal leggast fram alternative forslag til løysingar. 4
6. Temaplan for barnehageområdet skal gje innspel til økonomiplanen om ei investeringsramme på 15 mill for etablering av 80-100 permanente bamehageplassar i sentrum i økonomiplanperioden Sak 73/11 BINGSA AVFALLSMOTTAK - INNFØRING AV MAKSGRENSE PÅ STREKKORT TIL ABONNENTANE Kari Grindvik sette fram slikt framlegg: Skodje kommune innfører frå 01.01.12 betaling frå første kilo ved levering av avfall til Bingsa avfallsmottak. Renovasjonsavgifta vert redusert frå same tidspunkt. Innstillinga frå formannskapet fekk 19 røyster. Framlegget frå Grindvik fekk 2 røyster. Skodje kommunestyre godkjenner innføring av maksgrense på strekkort til Bingsa avfallsmottak Maksimal mengde avfall setjast til 1000 kg/pr. år pr. kort, gjeldande frå 01.01.2012. Abonnentane må sjølve betale på vanleg måte dersom ein kjem over denne grensa. Ein får kvittering etter levering, med antal kg hittil og kva som var siste leveranse når en forlet stasjonen. Ein kan benytte kortet til den ein leverer for når ein leverer for andre i kommunen. Sak 74/11 KJØP AV NÆRINGSEIGEDOM I SKODJE SENTRUM GNR. 24 BNR. 84 Sven Ivar Skodjevåg sette fram slikt tilleggsframlegg: 2. Kommunestyret ber rådmannen greie ut i eiga sak til kommunestyret kva bygget skal brukast til. Formannskapet si innstilling (pkt. 1) vart samrøystes vedteken. Framlegget frå Skodjevåg vart samrøystes vedteke. Skodje kommunestyre vedtek å kjøpe næringseigedom gnr. 24 bnr. 84 i Skodje kommune for kr. 6 275 000,- ekskl. omkostninger. Kjøpet skal finansierast ved låneopptak. Kommunestyret ber rådmannen greie ut i eiga sak til kommunestyret kva bygget skal brukast til. 5
MØTET SLUTT erje Vadset ordførar Tone FyllingKjell Arve Reiakvam Judith Vik politisk sekretær 6