Gratis opphald og reise



Like dokumenter
Gratis opphald og reise

Internasjonal vidaregåande skule

Til deg som bur i fosterheim år

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Rådgjevarkonferanse 2009

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

ROTARY International. USA Canada Mexico Equador Brasil Tyskland Sveits Frankrike Spania Taiwan Japan Australia New Zealand Sør-Afrika * * *

Rådgjevarkonferanse 2010

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

Søking til skuleåret

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring

KRISTNE VIDAREGÅANDE SKULE. Ein av Noregs største internatskular

Bø vidaregåande skule -Vi tek deg til toppen!!

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Bø vidaregåande skule -Vi tek deg til toppen!!

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Bø vidaregåande skule -Vi tek deg til toppen!!

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

TERTNES VIDEREGÅENDE SKOLE STUDIETILBOD SKULEÅRET FORELDREMØTE 30. JANUAR

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-18 Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter 3-9 i opplæringslova

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Redusert eigendel elev-pc

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet

Informasjon til elevane

HORDALANDD. Utarbeidd av

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

Etablering og drift av kraftselskap

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar. Retningsliner for grunnskulane i Lindås kommune

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Endringar i studentreglementet for Fagskolane i Hordaland

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Minoritetsspråklige søkere til videregående opplæring skoleåret

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

IKT-kompetanse for øvingsskular

Brukarrettleiing E-post lesar

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Oppmoding om uttale - Hordaland Privatgymnas AS - søknad etter friskulelova

FOLKETRYGDA Søknad om yting ved fødsel og adopsjon

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Melding om behov for representant

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Vegvisar til vilbli.no


Balestrand kommune Sagatun skule

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Fra Forskrift til Opplæringslova:

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Nytt HFK Intranett

REGISTRERINGSSKJEMA FOR PERSONOPPLYSNINGAR SKULEÅRET 2015/2016 (leverast barneskulen innan 10.april)

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune. Gjeld frå

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

OPPNEMNING AV STYREREPRESENTANTAR VED PRIVATE SKOLAR

6. trinn. Veke 24 Navn:

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Transkript:

Grip sjansen! Grip sjansen! Søknadsfrist: 15.mai Ta eit skuleår på Orknøyane Gratis opphald og reise Eit tilbod til deg som er elev på vg1 ved dei vidaregåande skulane i Hordaland. Skuleåret 2009/10 får to elevar frå Hordaland tilbod om eit skuleår på Orknøyane! Eit tilbod til elevane på vg 1 ved dei vidaregåande skulane i Hordaland. Skuleåret 2009/10 får to elevar frå Hordaland tilbod om eit skuleår på Orknøyane Kontakt rådgjevaren ved skulen din og få meir detaljerte www.hordaland.no

Vennskapssamband Hordaland - Orknøyane Vennskapssamband Hordaland - Orknøyane I 1983 skreiv Hordaland fylkeskommune og Orkney Islands Council under ein venskapsavtale og knytte såleis formelle og faste band seg imellom. Opptaket til venskapsavtalen vart i si tid gjort av Venskapsforeninga Norge - Orknøyane. Venskapsforeninga har saman med søsterorganisasjonen på Orknøyane, Orkney-Norway Friendship Association, stått for samkvem og samarbeid over Nordsjøen sidan 1978. Samkvemet har rot i dei historiske banda mellom Noreg og Orknøyane, som i norrøn tid var ein del av Noregsveldet. Venskapsavtalen har ført til auka kontakt over Nordsjøen, med særleg vekt på kultur- og utdanningsfeltet, m.a. ved årleg elevutveksling. Tekst: informasjonssjef Stanley Hauge Design: Kristin Myren Trykk: Trykkeriet, Hordaland fylkeskommune Ver obs på dette: Opphald og skulegang på Orknøyane er gratis. (Orkney Islands Council dekkar dette.) Reise tur/retur Hordaland - Orknøyane er gratis. (Hordaland fylkeskommune dekkar dette.) Du kan søkja om tilskot til heimreise til jul, men evt. andre heimreiser i skuleåret og lommepengar må du dekka sjølv.

Ynskjer to elevar frå Hordaland Ynskjer to elevar frå Hordaland Orknøyane - Hordaland sitt venskapsfylke - stiller også komande skuleår to elevplassar til disposisjon for ungdom frå Hordaland. Dei to elevane vil få plass ved den eine av dei to vidaregåande skulane på Orknøyane. FRITT OPPHALD OG FRI REISE Dei to hordalendingane som vert uttekne, vil få fritt opphald og skulegang på Orknøyane og fri reise tur/retur Hordaland. Men obs, du må sjølv halda deg med lommepengar, og dekkja evt. heimreiser i skuleåret. Godkjenning av utdanninga frå Orknøyane som likeverdig med eit skuleår i Noreg. Elevar som fullfører og består eit skuleår ved Kirkwall Grammer School eller Stromness Academy kan etter nærare retningsliner frå departementet søkja skulen om å få utdanning frå Orknøyane godkjend som del av vidaregåande opplæring i Noreg. Informasjonsmøte Dei to elevane som vert tekne ut, vil saman med føresette verta inviterte til eit informasjonsmøte i juni. Der vil dei m.a. få møta dei to utvekslingselevane som har vore på Orknøyane det noverande skuleåret. Søknadsprosedyre, frist m.m. - sjå siste side. Elevutveksling Utveksling av elevar er ein del av venskapssambandet mellom Hordaland og Orknøyane. Sidan skuleåret 1991/92 har det kvart år vore utvekslingselevar frå Hordaland på Orknøyane. Kvart år får to elevar frå Orknøyane tilbod om plass i Hordaland, og to hordalendingar får dra til Orknøyane. På Orknøyane er det sterkt ynskje at det også komande skuleår må koma elevar frå Hordaland. Så ta imot utfordringa, hordalendingar! Vi kan lova dykk eit interessant og lærerikt år i eit samfunn som er svært gjestfritt - ikkje minst overfor hordalendingar.

Kort om Orknøyane Kort om Orknøyane Orknøyane er ein del av Storbritannia. Øyane ligg omlag to mil nord for Skottland. 67 øyar, 100 om vi tek med holmar og skjer, utgjer øygruppa Orknøyane. Det bur folk på 16 av øyane. Øygruppa vert gjerne delt i tre, The Northern Isles - nordøyane, the Southern Isles - sørøyane og Mainland - hovudøya. Samla flatevidde for heile øygruppa er 975 km2. Folketalet er kring 20 900, av dei bur omlag 6 800 i hovudstaden Kirkwall. Den nest største byen er Stromness med ca. 2 300 innbyggjarar. To tredjedelar av folket bur på Mainland. Hovudinntrykket av Orknøyane er at det er eit mjukt og bølgjande landsskap som minner mykje om Danmark. Men øyane har også høge og steile klipper ut mot Atlanterhavet. Samband til Orknøyane Frå Bergen til Orknøyane er det flysamband via Skottland (Aberdeen) og båtsamband via Shetland i sommarsesongen. FYLKESBIBLIOTEKET HAR MEIR INFORMASJON Hordaland fylkesbibliotek, 5020 Bergen - tlf. 55 23 93 76, Agnes Mowinckels gt. 5 - har tilgjengeleg meir materiell om Orknøyane. Så dersom du ynskjer å vita meir om Orknøyane enn det som går fram av det materiellet skulen din har tilgjengeleg, så kontakt fylkesbiblioteket direkte. Nyttige nettstader: www.orkney.gov.uk www.visitorkney.com/ www.orcadian.co.uk/ www.orkney.org/ www.orknet.co.uk/ www.orkneytoday.co.uk www.kgs.orkney.sch.uk/ www.stromsnessacademy.orkney.sch.uk

Utdanningstilbod på Orknøyane Utdanningstilbod på Orknøyane På Orknøyane vert utdanning som tilsvarar vår vidaregåande skule, hovudsakleg gjeven ved to skular - Kirkwall Grammar School og Stromness Academy - som begge ligg på Mainland, hovudøya i øygruppa. Desse to skulane står for utdanninga for aldersgruppa 12-18 år, og til ein viss grad også for eldre elevar. Men utdanning til aldersgruppa 12-16 år vert også gjeven på skular på fire andre øyar. Ved Kirkwall Grammar School er det 800 elevar i alderen 12-18 år og ved Stromness Academy 400. Ved begge skulane er det i tillegg ein del vaksne som studerer. KVAR LIGG SKULANE? Kirkwall Grammar School ligg i hovudstaden Kirkwall (6 800 innbyggjarar) nordaust på Mainland. Stromness Academy ligg i Stromness (2 300 innbyggjarar) på sørvestsida av Mainland. Elevar frå landområda på Mainland vert frakta til og frå skulen med buss. Elevar som er frå dei kringliggjande øyane, bur på hyblar. Ved Kirkwall Grammar School er det internat, Papdale Halls of Residence, like ved skulen. SOLID STANDARD Det skotske skulesystemet gjeld på Orknøyane, med lokale tilpasningar. Lokal styresmakt på Orknøyane er Orkney Islands Council (OIC), som har ansvaret både for grunnskule og vidaregåande utdanning. Kirkwall Grammar School og Stromness Academy har begge studietilbod både i studiespesialiserande og yrkesfaglege studieretningar. Begge skulane har ord på seg for solid fagleg standard.

Fagtilbod Fagtilbod ved Kirkwall Grammar School og Stromness Academy Elevar som går nest siste året ved Kirkwall Grammar School og Stromness Academy, kan normalt velja mellom desse faga: engelsk matematikk fransk kosthaldslære tresløyd metallsløyd husflid og formgjeving historie geografi økonomi og administrasjon samfunnslære kjemi grafisk kommunikasjon teknisk teikning fysikk praktisk kontorarbeid biologi kunst sjøfartsfag musikk tysk (berre ved Stromness Academy) I staden for desse faga, eller i tillegg til dei, er det mogleg å velja mellom ei rekkje andre kurs. I staden for eller i tillegg til dei nemnde faga kan elevane ta kurs som er lista opp for dei som går nest siste året, eller dei kan ta byrjarkurs i: Tysk, latin, spansk, italiensk, rekneskapslære, statistikk, tresløyd, metallsløyd, historie, samfunnslære, ingeniørfag, kunst, musikk, geografi, økonomi, praktisk kontorfag. Som denne korte opplistinga viser, er det mange alternativ å velja mellom. I samarbeid med skulen du får plass ved på Orknøyane vil du kunna setja saman eit fagutval som høver for deg. SKULEÅRET Skuleåret startar ca. 20. august og varer til slutten av juni, i alt 190 skuledagar.

ved Kirkwall GrammarSchool og Stromness Academy MANGE UTANOMFAGLEGE TILBOD Ved skulane på Orknøyane vert det kvart år gjennomført ei rekkje aktivitetar som ikkje er knytta direkte til skulefaga. Kirkwall Grammar School og Stromness Academy har m.a. desse tilboda: friidrett turn symjing sigling kano kor ekskursjonar på Orknøyane til Storbritannia til utlandet ekstratimar i skulefag orkester skuleavis data sjakk debattar bibelgruppe skuleteater hobbyaktivitetar ulike innandørs og utandørs aktivitetar SPORTSAKTIVITETAR Idrettsaktivitetar er det rikt høve til å driva ved begge skulane: Tilbod ved Kirkwall Grammar School: fotball rugby basketball badminton volleyball hockey innandørs hockey kano friidrett innandørs fotball symjing golf livberging tennis trampoline bordtennis squash handball undervasshockey Ved Stromness Academy: symjing vasspolo kano basketball volleyball badminton hockey fotball rugby turn dans bordtennis terrengløp og gateløp squash friidrett vektløfting cricket sigling golf tennis pilkast

Slik søkjer du: Slik søkjer du: Søknadsfrist: 15. mai 2009 Kven kan søkja? Alle som dette skuleåret (2008/09) er elev på vg1 ved dei vidaregåande skulane i Hordaland, kan søkja. Elevar som avsluttar tre- eller fireårig utdanning, kan ikkje søkja. Kva skal søknaden innehalda? Skriv ein grunngjeven søknad om kvifor du kan tenkja deg å ta eit skuleår på Orknøyane. Ver nøye med å få med: namn adresse (også heimeadresse dersom du bur på hybel) kva skule du går på kva utdanning du har utover ungdomsskulen fødselsdato/år underskrift OBS: Vedlagt søknaden må det vera fråsegn frå skulen din. Dersom du er under 18 år må foreldre/føresette også skriva under på søknaden. Kvar skal søknaden sendast? Søknaden skal stilast og sendast til: Hordaland fylkeskommune Opplæringsavdelinga Postboks 7900 5020 BERGEN Når skjer uttaket av dei to elevane? Opplæringsavdelinga tek ut dei to elevane. Uttaket skjer i byrjinga av juni. Kontaktperson for fleire opplysningar: Opplæringsavdelinga Borgny Lilleøren/Tormod Valaker tormod.valaker@post.hfk.no borgny.lilleoren@post.hfk.no tlf. 55 23 92 30