Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Fondstyret Møtedato: 20.06.2013 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 13:00 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er, tlf. 35 02 80 00, slik at varamedlem kan bli kalla inn. Stad Sauland, 11.06.2013 Sven Tore Løkslid ordførar Sakliste Sak nr. Saktittel 019/13 GODKJENNING AV MØTEBOK 020/13 DELFINANSIERING AV FORSTUDIE STADUTVIKLING ÅRHUS-GVAMMEN
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Fondstyret 20.06.2013 019/13 IL Saksansvarleg: Ingebjørg Landsverk Arkiv: K1-033 Arkivnr.: 13/885 GODKJENNING AV MØTEBOK RÅDMANNEN TILRÅR Møteboka blir godkjent slik ho ligg føre.
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Fondstyret 20.06.2013 020/13 SL Saksansvarleg: Stefan Langfors Arkiv: K1-, K2- Arkivnr.: 13/529 DELFINANSIERING AV FORSTUDIE STADUTVIKLING ÅRHUS- GVAMMEN Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 14.12.2010 Statens Vegvesen KOPI AV MØTEREFERAT FRA VEGVESENET, 14.12.2010 2 I 29.01.2013 Olav S. Norbø FORESPURNAD OM MØTE FRÅ OLAV S. NORDBØ 3 U 05.04.2013 Olav S. Norbø INVITASJON TIL MØTE OM UTVIKLINGSPROSJEKT LANGS VEGEN HJARTDAL - FLATDAL Vedlagde dokument: Dokument nr. 1, 2 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Vedtekter, 251 000 79 Konsesjonskraftfondet Saksgang: Fondsstyret vedtek Bakgrunn for saka: Ordførarane i Seljord og Hjartdal, med representantar frå administrasjonen, hadde møte 9. januar i Hjartdal. På dette møtet blei det semje om å vurdere å etablere ein forstudie som skal sjå på dei moglegheitene og utfordringane som kjem med omlegginga av vegen forbi Gvammen Århus. Vidare samtaler fastslo at det var hensiktsmessig at kommunane fyst gjennomførde møte med lokale aktørar/ interessentar. Slike møte har no vore arrangera på begge sider av kommunegrensa, frå Hjartdal si side i regi av samfunnsutviklar. I slutten av januar kom det eit initiativ frå bygdelaga langs trekka v/olav Nordbø om å sjå på strekninga som heilskap og kva som kan gjerast. Dette initiativet har sammenfallande interesser med det som var tema for møtet.
Statens vegvesen sitt prosjekt Århus Gvammen har førebels eit investeringsbudsjettet på om lag kr 40 mill for å gjere vegen god som reiselivsveg for syklistar, med rasteplasser og informasjonstavler m.m. Seljord kommune og Hjartdal kommune ynskjer å starte eit stadutviklingsprosjekt for området langs E- 134 frå Århus til Gvammen over Nutheim. I fyste omgang i form av ei forstudie der ein kan kartlegge om at eit prosjekt er realistisk, mellom anna med tanke på planar og strategidokument, politisk vilje og andre områder der ynskjer og behov må harmoniserast. Vurdering: Utviklinga langs den vegtrasèen som endrar status ved realisering av tunellplanane er ei sak det er naturleg at kommunane engasjerer seg i, med utgangspunkt i både oppleva og praktisk innverknad for innbyggjarar og næringsliv langs vegen. Det er fleire dimensjonar kring dette. For det fyste er det korleis slike endringar opplevast og mottakast av innbyggjarane. Her er det viktig å syrgje for gode informasjonskanalar og ein open dialog om dei utfordringane og moglegheitene som oppstår gjennom endringane. Det er Rådmannens haldning at kommunen bør ta på seg ein tydeleg rolle i slike prosessar. For det andre er det ynskjeleg både frå vegvesenets og kommunens side å ha en god dialog om disponeringa av dei omtala midlane for tilrettelegging av vege for turistar, og for den saks skyld, fastbuande. Det opnast mange moglegheiter ved ei slik satsing på turistar, og det er difor viktig at det tenkast heilskapleg både om korleis midlane skal prioriterast, og kva for synergiar som kan hentast ut for næringsverksemd i tilknyting til ei slik satsing. For det tredje er det ei utmerka anledning til å styrke banda mellom bygdene, og å byggje vidare på den felles kulturarva dei forvaltar. Det er, uavhengig av vegomlegging og nye midlar, openbart at det er eit potensiale i å samle og marknadsføyre det naturskjønne og segnerike området på ein god måte. Det har både element av indremedisin, så vel som eit potensiale for opplevingsbasert næringsverksemd. Risikoelementa er fyst og fremst økonomiske, ved at ein ikkje oppnår dei resultata ein ynskjer. Det er likevel Rådmannens vurdering at risikoen ved å ikkje engasjere seg er større. Både gjennom sviktande tillit hos innbyggjarane kring kommunens vilje til å ta dei omstillingane bygda står overfor på alvor, samt å utnytte moglegheitene som ligg i satsinga som nå er budsjettert frå vegvesenets side. Rådmannen vektlegg òg at det har kome tydelege og ryddige initiativ frå innbyggjarane sjølve for å gripe tak i situasjonen på ein positiv måte. Som det framkjem av vedlagte prosjektplan, er det i fyste omgang berekna ein totalkostnad på 210 000 kroner for ein grundig forstudie som man vonar skal avleie eit større prosjekt. Av desse utgjer Hjartdal Kommunes bidrag 50 000 kroner. Prosjektet håper vidare på løyving frå Telemark Fylkeskommune tilsvarande kommunanes samla bidrag, men det er ikkje ein absolutt føresetnad for å sette i gang prosjektet. Rådmannen vurderer tiltaket til å sortere under dei vilkår som framkjem av Konsesjonskraftfondets 2: ( ) tilskots- og investeringsmidlar til viktige fellesoppgåver som felles utviklingsprosjekt, investeringar knytt til næring, stadutvikling og busetting og fellestiltak for næringslivet/lokalsamfunnet. RÅDMANNEN TILRÅR: 1. Fondsstyret bevilgar 50 000 kroner til etablering av forstudie for stadutviklingsprosjekt Århus Gvammen med utgangspunkt i framlagde prosjektplan. 2. Tilskotet dekkast over 251 000 79 Konsesjonskraftfondet. Vedtaket kan påklagast, klagefrist er tre veker frå vedtak.