FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE Stryn kommune P.b. 168 6781 STRYN Dykkar ref. Vår ref. Hermansverk 1999/2265 /471.1/GH A 15.23.2000 ÅSANE AVFALLSPLASS - KRAV TIL ETTERDRIFTÅSANE AVFALLSPLASS - KRAV TIL ETTERDRIFT - UTKAST Vi viser til oversending av utkast til vilkår for etterdriftsløyve på Åsane avfallsplass dagsett 7.1.2000. Vi har ikkje motteke merknader til utkastet, og vil med dette gjere vedtak om etterdriftsløyve på nærare vilkår for Åsane avfallsplass. Sluttsynfaring på plassen vart halde 28.9.99, og aktuelle tiltak vart drøfta. Eksisterande løyve er ikkje gyldig lenger, og dette løyve vil erstatte det utgåtte utsleppsløyvet. Med heimel i 11, jf. 16 og 29 i ureiningslova, gir fylkesmannefylkesmannen med dette Stryn kommune løyve til utslepp frå den nedlagte Åsane avfallsplass. Løyvet gjeld på nærare vilkår for å avgrense, motverke og redusere utslepp frå deponert avfall../. Vedlegg. RAMME FOR LØYVET Dette løyveskrivet gjeld for avfall (jf. 27 i ureiningslova) og slam (jf. 26 i ureiningslova) som løyvehavar har motteke og deponert på Åsane avfallsplass i perioden frå opning av plassen til mai 1999. Avfall motteke ettter den tid skal fraktast til lovleg handsamingsplass. GRUNNGJEVING Deponert avfall vil halde fram med å vere ei utsleppskjelde for utslepp til vatn og luft i ei årrekkje. Større avfallsdeponi kan ureine miljøet i svært lang tid. Lengd og type påverknad er avhangigavhengig av deponert mengde, type avfall og lengda på deponeringa. Nedbryting og utlekking av avfallsstoff, vil kunne føre til at avfallsplassen endrar karakter og utsjånad. Dersom ein ikkje har kontroll med gassstraumargasstraumar, kan det føre til fare for ukontrollert innsig i nærliggjande bygningar eller infrastruktur for kommunaikasjonkommunikasjon m.v. og utgjere ein Adresse Telefon Landbruksavdelinga Telefon Postgiro Tinghuset, Skrivarvegen 3 57 65 50 00 Hafstadvegen 48 57 72 32 00 0808 5798376 Postboks 37 Telefaks Postboks 14 Telefaks Bankgiro 5840 HERMANSVERK 57 65 50 55 6801 FØRDE 57 82 12 05 3700 07 00410 Epost: X.400: S=Postmottak;O=fm-sf;P=dep;A=telema;C=no Internett: Postmottak@fm-sf.stat.no
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, etterdriftsløyve Åsane Side 2 brann- og eksplosjonsfare. Standard ved avslutning av avfallsplassar i våre dagerdagar er difor at deponia må følgjast opp ei tid etter nedlegging. Med omsyn til den teoretisk ekstremt lange nedbrytingstida for avfall i deponi, bør etterkontrollen vare ved inntil vidare, men minst 30 år. Vilkår for etterkontrollen kan endre seg ved behov. Denne plassen har berre vore drive nokre få år, og det er deponert høvesvis lite matavfall eller miljøfarleg avfall. Dersom prøveresultata gir grunn til å endre vilkåra, ventar vi at løyvehavar tar det opp med fylkesmannen. AVSLUTTANDE REGLAR A) Endring eller attendekalling av løyvet Med heimel i 18 i ureiningslova kan fylkesmannen gjere om eller setje nye vilkår i løyvet. Fylkesmannen kan om nødvendig kalle heile løyvet attende. Brot på føresetnadene for løyvet, eller brot på kommunen sine eigne vedtak om oppfølging av avfallsplan kan føre til revurdering av løyvet. B) Tilsyn og ansvar Fylkesmannen eller den han gir fullmakt, skal til ei kvar tid ha tilgang til alle delar av anlegget, journalar, rekneskap, interne vedtak, m.m. for tilsyn og kontroll, jf. 48-50 i ureiningslova. Drifts- og vedlikehaldsrutinar skal leggjast opp slik at ein til ei kvar tid har oversyn over anlegget og prosessane sine funksjonar og effektar. Ajourført informasjon skal når som helst, og utan ugrunna opphald kunne oppgjevast til kontrollør. Vedkomande som har fått utsleppsløyve er ansvarleg for at anlegget vert halde vedlike og drive slik at det til ei kvar tid svarar til formålet og vilkåra i løyvet. Alle verksemder som sysselsetsysselsett arbeidstakar, er frå 1.1.92 pliktige til å ha eit internkontrollsystem som sikrar at lover og reglar innan helse, miljø og tryggleik vert følgd (jf. 52 b i ureiningslova og "Internkontrollforskrifta", seinast endra 6.12.1996). Fylkesmannen vil spesielt streke under plikta til å etablere og drive eit system som vernar om det ytre miljøet (vern mot ureining og ei betre handsaming av avfall). Sjølv om løyve er gitt, pliktar den som ureinar å svare erstatning som måtte følgje av ureiningslova og vanlege erstatningsreglar, jf. kap. 8 og 10 i ureiningslova. C) Ureiningsgebyr, straff Med heimel i 73 i ureiningslova kan fylkesmannen fastsetje ureiningsgebyr (tvangsmulkt) til staten for å sikre at tiltak og vilkår vert gjennomførde i samsvar med løyvet. Brot på dette løyvet, eller pålegg i tilknyting til løyvet, er straffbart etter ureiningslova, jf. kap. 10, dersom tilhøva ikkje vert råka av strengare strafferammer.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, etterdriftsløyve Åsane Side 3 D) Om klageretten Partane og andre med klagerett etter forvaltningslova kan klage over avgjerda innan 3 veker etter at avgjerda vart mottatt. Eventuell klage bør grunngjevast og rettast til Statens forurensningstilsyn (SFT). Klagen skal sendast om fylkesmannen som kan ta klagen heilt eller delvis til følgje eller sende han til SFT til endeleg avgjerd. Med helsing Nils E. Yndesdal fylkesmiljøvernsjef Gøsta Hagenlund seksjonsleiar Vedlegg: Vilkår Kopi med vedlegg: Ola Ødegaard, 6795 Blaksæter Lars Bergset, 6795 Blaksæter Vemund Bergset, 6795 Blaksæter Intern: GH (2), VASS
Vilkår for etterdrift av Åsane avfallsplass Side 4 VEDLEGG Vilkår for etterdrift av Åsane avfallsplass i Stryn kommune. 1. Omfang av løyvet 1.1 Mottak av avfall. Mottak av ein kvar form for reaktivt organisk og uorganisk avfall er forbode. Reine massar til utfyllings- og utjamningsføremål er tillate. Ved tvil pliktar løyvehavar på førehand å ta kontakt med miljøvernavdelinga hos fylkesmannen for avklaring. 1.2 Unntak. I særskilde høve kan fylkesmannen, dersom det ikkje strir mot anna lovverk, gjere unntak frå vilkåra i dette løyvet. 2. Sikring mot ureining og skjemmande tilhøve 2.1 Sikring mot vassureining. Overflatevatn (diffust tilsig, elvevatn) skal avskjerast før det kjem inn på deponiområda. Grøftene skal ha kapasitet svarande til minst maksimal årleg avrenning i etterdriftstida. Røyr som er ført under fyllinga skal vere funksjonsdyktige minst så lenge som krav om etterdrift gjeld. Sigevatn og vatn som er påverka av sigevatn frå fyllingsområda skal samlast opp og førast via oppsamlingseining ved avfallsplassen i tette røyr minst til Ulvegjelet. Leidningane skal ha nødvendige inspeksjonspunkt og høve for staking og spyling. Alle røyr, koplingar, kummar m.v. skal utgjere eit varig tett system, og ha den nødvendige styrken til å tole nedgraving, vassmengde og den teoretiske oppstuvinga i leidningen. Krav til analysar av sigevatn er gitt i kap. 3. 2.2 Brannfare. På eller ved avfallsplassen skal det ikkje vere aktivitetar som kan føre til fare for brann i avfallet. Brannberedskapen på plassen må haldast vedlike i etterdriftstida i samsvar med krav frå brannvesenet. 2.3 Andre anlegg/installasjonar. Alle tekniske installasjonar på overflata som ikkje er nødvendig med omsyn til forsvarleg etterdrift eller opphavelegopphavleg bruk, skal fjernast og området setjast tilbake til den stand det var før plassen vart etablert. M.a. må gjerde, lyspunkt, mottaksstad, port, skilt, mellomlagra avfall m.v. fjernast. Overskot av materiale/anleggsrestar skal om mogeleg ombrukast. Første ledd er ikkje til hinder for at gjerde og port skal vere i fullgod stand så lenge plassen mottek reine massar i samsvar med vilkår 1. Så lenge som plassen mottek reine massar, skal det også vere eit tydeleg, vêrherdig skilt som opplyser om forbodet mot avfallsdeponering, og som inneheld opplysningar om næraste godkjende mottak.
Vilkår for etterdrift av Åsane avfallsplass Side 5 3. Vern mot/kontroll av utslepp 3.1 Sigevatn. Det skal førast kontroll med avrenning og samansetjing av sigevatn. Samansetjing av sigevatnet skal dokumenterast. Krav til minimumsprogram går fram av tabellen: Parameter Frekvens 4 g/år Frekvens 2 g/år Mengdemåling Skjønnsmessig overslag ved prøvetaking Leidningsevne ph Turbiditet Fargetal Lukt Subjektiv vurdering er tilstrekkeleg Nitrogen (N), total, Totalfosfor (TOT-P) Jarn (Fe) Org. stoff (KOF e.l.) Krom (Cr) Kadmium (Cd) Bly (Pb) Koppar (Cu) Kvikksølv (Hg) PAH AOX (organiske stoff (miljøgifter) som inneheld fluor, klor eller brom) PCB Prøvetakinga skal fordelast jamt over året, slik at situasjonar med særleg stor og særleg liten vassføring vert representert, men skal skje i tida april - oktober. Ved evt. brann eller andre ekstrordinæreekstraordinære tilhøve skal frekvens auke. Omfang må også auke etter nærare krav frå fylkesmannen. Prøvetakinga skal halde fram inntil nytt vedtak vert gjort av fylkesmannen. Prøvetakinga skal følgje rettleiing frå fylkesmannen eller akkreditert laboratorium frå Norsk Akkreditering, men minst følgje retningslinene i rettleiarar frå SFT (sjå m.a. rettleiar 97:04 1 ). Analysane kan berre utførast på laboratorium som er akkreditert for slike analysar av Norsk Akkreditering eller tilsvarande. Resultata skal takast vare på i minst 10 år, og samletal skal sendast årleg til miljøvernavdelinga hos fylkesmannen i samsvar med vilkår 5. 3.2 Utslepp til luft. Lukt og støv frå fyllingsområdet og lukt frå sigevatn skal til ei kvar tid vere så låg at busetnad og offentleg område ikkje vert nemneverdig sjenert. Om nødvendig må lukt- og/eller støvdempande tiltak iverksetjast. 3.3 Krav til andre granskingar eller tilleggsgranskingar. Innehavar av løyvet skal betale for kontrollmålingar som fylkesmannen må få utført når ein fører tilsyn med vilkåra for løyvet i samsvar med 48-51 i ureiningslova. 1 SFT-rettleder 97:04 Klassifisering av miljøkvalitet i ferskvann
Vilkår for etterdrift av Åsane avfallsplass Side 6 Innehavar av løyve kan verte pålagt å koste og/eller delta i anna overvaking og/eller gransking av resipienten (vatn, jord og luft), jf. 51 i ureiningslova. 4. Tiltak på og drift av plassen 4.1 Kontroll med samansetjinga av avfallet. Ulovleg eller feillevert avfall skal straks leverast til godkjent handsaming. 4.2 Terrengtilpassing. Terrenget skal avsluttast slik at det er mogeleg å drive den aktivitet som er tiltenkt ved avslutting. Evt. graving og utfylling må gjerast slik at eksisterande grøfter til ei kvar tid er i fullgod stand, og hallingstilhøve mot oppsamlingsarrangement for sigevatn til ei kvar tid er i vare teke. 4.3 Utfylling. Evt. utfylling må berre gjerast med reine massar som nemnd i vilkår 1.1. Tilførte massar skal heller ikkje verke skjemmande. Svankar, søkk o.l. må etterfyllast med reine massar for å oppretthalde ei jamn overflate med fall til oppsamlingsgrøfter. 4.4 Dekkmassar. Deponert avfall skal dekkast til med minimum 50 cm reine massar. 4.5 Flygeavfall. Terrengtilpassing og tilføring av masse skal skje på slik måte at det ikkje er fare for flygeavfall. 5. Rapportering Fylkesmannen skal ha skriftleg rapport innan 15.februar kvart år om m.a.: sigevassprøvene, sett opp i tabell der det m.a. framgår maks/min og gjennomsnittverdiar, og kurvar som viser utvikling dei seinare åra. Levert mengde inert/ikkje reaktivt avfall inntil utjamning av plassen er ferdig. Tiltak som er gjort på plassen siste år. Evt. spesielle problem, uføresette hendingar o.l. bør også meldast.