Sakshandsamar, innvalstelefon Henriette Ludvigsen, 5557 2115 Vår dato 16.11.2012 Dykkar dato Vår referanse 2012/14559-0 Dykkar referanse Os Lakk og Karosseri AS Lepsøyvegen 22 5217 HAGAVIK Rapport frå inspeksjon 30.10.2012 Rapportnummer: 2012.094.I.FMHO Til stades ved inspeksjonen: Frå verksemda: Kjetil Halhjem Frå Fylkesmannen i Hordaland: Nina Vadøy Henriette Ludvigsen Resultat frå inspeksjonen Denne rapporten omhandlar avvik og merknader frå inspeksjonen. Dersom vi ikkje får melding om faktiske feil i rapporten innan to veker etter at rapporten er motteken, er rapporten endeleg. Fylkesmannen i Hordaland fant tre avvik og ein merknad innan følgjande tema under inspeksjonen: handtering av farlig avfall internkontroll for ytre miljø kjemikaliehandtering lagring av avfall Avvika og merknaden er nærare omtala frå side 3 og utover i rapporten. Os Lakk og Karosseri AS må sende ei skriftleg stadfesting innan 30. november 2012 på at avvik nr. 1 er retta og innan 1. mars 2013 på at avvik nr. 2 og 3 er retta. Oppfølginga etter inspeksjonen er nærare omtala på side to. Sissel Storebø e. f. senioringeniør Henriette Ludvigsen overingeniør Rapporten er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Os kommune Vedlegg: Melding til Fylkesmannen om verksemd etter ureiningsforskrifta kapittel 29 Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 20 09 Miljøvern- og klimaavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Telefaks: 55 57 2851 Org.nr: 974760665 E-post: fmhopostmottak@fylkesmannen.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
1. Informasjon om verksemda Namn: Os Lakk og Karosseri AS Anleggsnr: 1243.0093.01 Besøksadresse: Lepsøyvegen 22, 5217 Hagavik Postadresse: Lepsøyvegen 22, 5217 Hagavik E-post:laokarr@online.no Telefon:56 30 61 40 Kommune: Os kommune Organisasjonsnr.: 988 418 447 Bransjenr. (NACE-kode): 45.200 Eigar (org.nr): 988 409 170 2. Bakgrunnen for inspeksjonen Inspeksjonen vart gjennomført for å kontrollere om gjeldande krav fastsett i eller i medhald av forureiningslova med forskrifter blir overhalde. Tilsynet var del av ein nasjonal tilsynsaksjon retta mot små verkstader. I tillegg var verksemda kontrollert om risikokartlegging som del av tilsynsstyresmaktenes felles tilsynsaksjon denne hausten. Fylgjande hovudtema vart kontrollert: risikovurdering og avvikshandtering utsleppskontroll farleg avfall kjemikaliebruk og substitusjon oljeutskiljar 3. Oppfølging etter kontrollen Verksemda plikter snarast å rette opp avvika som er omtale i denne rapporten. For at Fylkesmannen skal kunne avslutte saka må de sende ei skriftlig tilbakemelding med dokumentasjon som viser korleis avvika er retta, gjerne med bildedokumentasjon. For avvik nr. 1 gjelder dette innan 30. november 2012 og for avvik nr. 2 og 3 innan 1. mars 2013. Varsel om tvangsmulkt Dersom vi ikkje får tilbakemelding med dokumentasjon på at avvika nr. 1 er retta innan 30. november og avvik nr. 2 og 3 innan 1. mars 2013, vil Fylkesmannen fatte vedtak om tvangsmulkt, jf. forureiningslova 73. Vedtaket om tvangsmulkt må betalast dersom Fylkesmannen ikkje har fått skriftleg stadfesting på at avvika er retta innan fristen. Ei eventuell tvangsmulkt vil vere på 50 000 kroner. Verksemda kan kommentere dette varslet. Eventuelle kommentarar må sendast til Fylkesmannen innan to veker etter at denne rapporten er motteken, jf. forvaltningslova 16. 4. Kontrollgebyr Fylkesmannen varsla i e-post 26. oktober 2012 at de ville få eit gebyr på 11 200 kroner eller 4 400 kroner for inspeksjonen, jf. forureiningsforskrifta 39-7. 2
Fylkesmannen fattar vedtak om kontrollgebyr på 4 400 kroner, jf. forureiningsforskrifta 39-7. Dette er gebyrsats 4. Faktura blir ettersendt frå Klima- og forureiningsdirektoratet. De har rett til å klage på valet av gebyrsats innan tre veker etter at de har fått denne rapporten. Klagen må innehalde den eller dei endringane de ønskjer. Den bør vere grunngjeven og skal sendast til Fylkesmannen. 5. Offentleggjering Denne rapporten vil vere tilgjengeleg for ålmenta via Fylkesmannen i Hordaland sin postjournal på www.fylkesmannen.no/hordaland jf. offentleglova. 6. Dokumentunderlag 1. Lov om kontroll med produkt og forbrukartenester (produktkontrollova) 2. Lov om vern mot forureining og om avfall (forureiningslova) 3. Forskrift om systematisk helse, miljø- og sikkerheit i verksemder (internkontrollforskrifta) 4. Forskrift om gjenvinning og handsaming av avfall (avfallsforskrifta), kapittel 11 Informasjon om regelverket finn du på www.klif.no og www.regelhjelp.no. 7. Definisjonar Avvik: brot på krav fastsett i eller i medhald av helse-, miljø- og sikkerheitslovgjevinga (for eksempel brot på krav i forureiningslova, produktkontrollova og forskrifter heimla i desse lovene eller krav og vilkår fastsett i løyve eller dispensasjonar). Merknad: eit forhold som miljøvernmyndigheitene meiner det er nødvendig å påpeike for å ivareta helse og miljø og som ikkje er omfatta av definisjonen for avvik. 8. Avvik Vi fann følgjande avvik under inspeksjonen: Avvik 1: Verksemda har mangelfull handtering av farleg avfall Avvik frå: Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), kapittel 11 Grunnlag for avviket: a) Verksemda overheld ikkje leveringsplikta for farleg avfall i avfallforskrifta/ kan ikkje dokumentere at dei overheld leveringsplikta, jf. 11-8 b) Verksemda leverer ikkje farleg avfall til innsamlar/ godkjend mottakar, jf. 11-8 c) Verksemda har ikkje tilfredsstillande merking av lagra farleg avfall, jf. 11-5 d) Verksemda har ikkje tilfredsstillande lagring av farleg avfall, jf. 11-5 3
Verksemda leverar ikkje alt farlig avfall som farlig avfall. Sprayboksar og restprodukt frå gjenvinning av tynner blir levert som restavfall. Verksemda kan ikkje dokumentera at mottakaren av spillolje er ein godkjent mottakar av farleg avfall. Verksemda har også levert ut spillolje til ein bedrift som ville bruke olja til oppvarming. Sprayboksar er farleg avfall dersom dei inneheld eit kjemikalie eller drivgass som er rekna som farlig avfall. En sprayboks er aldri rekna som tom fordi det alltid vil være rester av innhald eller drivgass igjen. Sprayboksar burde sorterast, men nokon finner det meir økonomisk å samle alle sprayboksane i ein fraksjon og levere det som farleg avfall alt saman. Løysemiddelrestar og destillasjonsrester er farlig avfall (Avfallstype *14 06 03 Andre destillasjonsrester og reaksjonsrester i de europeiske avfallslista ). Andre eksempel på farleg avfall i lakkeringsbransjen er rester av lakk, grunning og sparkel, og boksar med ikkje- utherda rester. Samt filler gjennomtrekka med løysemidla. Olje og slam frå oljeutskiljar. Farlig avfall skal de levere minst en gang i året når mengda overskrider 1 kilo. Farlig avfall er blant anna spillolje, bilbatteri, produktrester/ kjemikaliar, rester av tynner, vann- og slam frå anlegg for vask av verktøy, rester av sparkel og sprayboksar. Verksemda skal betale for handteringa og avfallet skal deklarerast. Dokumentasjonen på at avfallet er levert og deklarert skal de oppbevare i 5 år. Verksemda har ikkje merka farleg avfall på ein slik måte at alle som kan komme i kontakt med avfallet veit kva det innehelder og kva for ein fare dei utgjer. Farlig avfall skal handterast forsvarlig. Alle som oppbevarer, transporterer eller handterer farleg avfall, skal treffe nødvendige tiltak for å unngå fare for forureining eller skade på menneskjer eller dyr. Verksemda lagrar olje, kjemikaliar og flytande farleg avfall oppå ei avlaupsrist med fare for direkte utslipp til avlaupsvatn. Farlig avfall skal lagrast slik at søl og lekkasje blir samla opp. Lagringsplassen for farlig avfall skal ikkje være tilgjengelig for uvedkommande. Farlig avfall skal ikkje blandast med anna avfall eller anna farlig avfall. Tilbakemelding til Fylkesmannen: Os Lakk og Karosseri AS skal sende ein skildring av kva for tiltak verksemda har satt i verk for å sikre riktig oppbevaring og levering av farlig avfall til godkjent mottak innan 30. november 2012. Send gjerne med bilde. Avvik 2: Verksemda har mangelfull internkontroll for ytre miljø Avvik frå: Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid i verksemder, Internkontrollforskrifta, 4 og 5, andre leden Grunnlag for avviket: a) Verksemda har ikkje kartlagt og vurdert risiko, jf. 5 andre ledd punkt 6 b) Verksemda har ikkje på bakgrunn av risikovurdering utarbeida tiltaks-/handlingsplaner jf. 5 andre ledd punkt 6 c) Verksemda har ikkje skriftlige rutinar for handtering av farlig avfall, jf. 5 andre ledd punkt 7 4
d) Verksemda har mangelfulle rutinar for handtering av farleg avfall, jf. 5, 2. leden pkt. (6) og 7 e) Verksemda tømer ikkje oljeutskiljaren minst 1 gong i året, jf. Avfallsforskrifta 11-8, jf. 5, andre leden, punkt 6 f) Verksemda har ikkje skriftlege rutinar/ har mangelfulle rutinar for drift og vedlikehald av oljeutskiljar g) Verksemda har ikkje etablert eit system for handtering av avvik for å avdekke og rette opp og førebyggje, jf. 5 andre ledd punkt 7 h) Verksemda har ikkje rutinar for gjennomgang av internkontrollen, jf. internkontrollforskrifta 5 andre ledd punkt 8 Verksemda har ikkje utarbeida ei skriftleg risikovurdering for ytre miljø. Internkontrollen skal de tilpasse aktivitetar og risikoforhold i verksemda. Risiko for forureining knyta til lagring av farlig avfall og handtering av kjemikaliar og farlig avfall og risiko for forureining av for eksempel vassdrag, er viktige faktorar som må være med i risikovurderinga. I ei risikovurdering er det viktig å få med: tidligare hendingar moglege/truglege hendingar hendingar som truleg ikkje vil inntreffe, men kor konsekvensen er stor om det skjer. De må sette ei grense kva verksemda aksepterer av risiko for skade på ytre miljø. Denne grensa må stå i forhold til dei mål de har for ytre miljø. Det kan være ein fordel å gjennomføre denne vurderinga før sjølve risikoanalysen. Verksemda manglar skriftlige prosedyrar som beskriver rutinar innan ytre miljø, ansvarsforholda og journalføring. Der det fins rutinar og prosedyrar for å ta i vare helse-, miljø og tryggleik, betyr kravet om at arbeidet med internkontrollen skal vere systematisk, at verksemda skal vidareutvikle og skape heilskap i dei prosedyrane og rutinane som allereie finns. Det vil sei at skriftlege arbeidsrutinar, instruksar og liknande må systematiserast slik at dei kan takast i bruk og inngå i internkontrollen. Det må gjennomførast ein systematisk overvaking og gjennomgang av om internkontrollen funger slik han skal. Skriftlege rutinar for handtering av farlig avfall skal sikre at alt farlig avfall blir handtert i tråd med gjeldande regelverk og bør derfor omfatte ei oversikt over alt farlig avfall som oppstår i verksemda. Rutinane bør også innehalde opplysningar om kor og korleis farlig avfall skal lagrast, merkast, leverast og deklarerast og kven som er ansvarlig for dette, inkludert kor ein finn referansane til dette i regelverket. Skriftlege rutinar for drift og vedlikehald av oljeutskiljar skal for eksempel innhalda informasjon om kva som ikkje kan tømmast i oljeutskiljar, om oljeutskiljarens kapasitet, kor mykje overflatevatn som kan tilførast, kontroll av oljelagerets tjukkleik, logg over levert oljefase, avtale med kommunen og prøvetaking av utslippsvatn. 5
Skriftlig tilbakemelding til Fylkesmannen: kartlegging og vurdering av risiko for ytre miljø tiltaks-/handlingsplaner utarbeida på bakgrunn av risikovurderinga skriftlege rutinar for handtering av farlig avfall skriftlege rutinar for handtering av oljeutskiljar skriftlig rutine for avviksbehandling skriftlege rutinar for korleis internkontrollen skal bli heldt oppdatert Avvik 3: Verksemda har manglar ved kjemikaliehandteringa Avvik frå: Produktkontrollova 3a, og Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter, Internkontrolforskrifta 5, andre leden, punkt 7 Grunnlaget for avviket: a) Verksemda har ikkje oversikt over dei farlege kjemikalia dei nyttar. b) Verksemda manglar skriftlig dokumentasjon på at det er gjort ei systematisk vurdering av substitusjon av kjemikal. Verksemda har sikkerheitsdatablad for kjemikaliane sine. Ikkje alle datablada er oppdaterte og dei må oppdaterast. I 2008 trådde kjemikalieregelverket REACH i kraft og sikkerheitsdatablada må difor være oppdatert etter dette. Verksemda har ikkje utarbeidd ei liste over alle kjemikaliane/produkta dei brukar. Sikkerheitsdatablad er ei viktig kjelde til informasjon om dei farlege eigenskapane til kjemikaliane og produkta som verksemda bruker. Desse bør de bruke aktivt i arbeidet med substitusjon. Det vart ikkje dokumentert skriftlig at verksemda har vurdert substitusjon. Alle verksemder som bruker helse- og miljøskadelige kjemikaliar har plikt til å vurdere substitusjon. Datablad innehelder opplysningar som vil være til hjelp for å kartlegge kva for kjemikaliar verksemda bruker. Substitusjon trinn for trinn: 1. skaff informasjon om det eksisterande produktet 2. gjer ein prioritering 3. finn ut om det finnes alternativ 4. vurder kva som er risiko ved alternativa 5. samanlikn risiko 6. vurdere å substituere 7. konkludere Substitusjon er ein kontinuerleg prosess Skriftlig tilbakemelding til Fylkesmannen: Liste over alle kjemikaliar og produkt som er i bruk Bekrefte at de har oppdaterte sikkerheitsdatablad for alle produkta som de bruker Dokumentasjon på at det er gjort en systematisk vurdering av substitusjon av kjemikaliar 6
8. Merknader Merknad 1: Verksemda har ikkje oversikt over avfallet som blir lagra på eigedomen. Verksemda lagrar avfall i opne containerar på utsida av verkstaden mot nærmaste nabo. Verksemda har ikkje kontroll med lagringsplassen sin og er plaga med at uvedkommande kastar avfall her som verksemda ikkje har kontroll med. I samband med containerane, men inntil veggen til naboen, observere vi ei kasse med kasserte bilbatteri som verksemda meiner tilhøyrte naboen. Verksemda er ansvarleg for avfall som er lagra på deira eigedom og må derfor syte for at dette blir tatt hand om på forsvarleg vis. Merknad 2: Det er uklart om verksemda tømer kjemikal som skapar oljeemulsjonar i oljeutskiljaren. Olje frå oljeutskiljar er farleg avfall og skal blir levera til godkjent mottak. Verksemda bruker vaskemiddel og avfeitting som går til oljeutskiljar. Det er viktig at desse kjemikaliane ikkje er av typen som dannar oljeemulsjonar som vil gå ut med vassfasen og føre til forureining. De må avklare med leverandøren om dei kjemikaliane de bruker dannar emulsjonar. 9. Andre forhold Nytt kapittel 29 i forureiningsforskrifta regulerer små og mellomstore bedrifter som driv mekanisk overflatebehandling og vedlikehald av metallkonstruksjonar, inkludert sandblåsing og sprøytemaling/lakkering. For verksemd som er omfatta og som ikkje har løyve gjaldt krava frå 1. januar 2012. Desse verksemdene må også sende melding til Fylkesmannen. Os Lakk og Karosseri AS har aktivitetar som kommer inn under denne forureiningsforskrifta kapittel 29 og må følgje krava som er satt der. Vi ber om at de sender oss utfylt registreringsskjema for verksemd etter kapittel 29 saman med den skriftlege tilbakemeldinga 1. mars 2013. Skjema finn de vedlagt denne rapporten. 7