Hoppetaukonkurransen blei hoppa godt i gang av både lærarar og elevar i Granvin. Helselaget klar med sukkerquiz på butikken i Meland.

Like dokumenter
Fylkesaktuelt. Demensaksjonen 2015 SEPT Eid og Gloppen demensforening starta opp med flott demenskafe i august

HOPP FOR HJERTET Skjekk om din nærskule har huska å melde seg på! Påmeldingsfristen er 2. mars

Hoppetaukonkurranse! Hjerteveke. juni 2019

Fylkesaktuelt. Snart er våren på veg det nærmar seg... Ut på tur! feb Hoppetaukonkurransen

Hoppetaukonkurranse! Hjerteveke. juni 2019

Fylkesaktuelt DEMENSAKSJONEN sept Demensaksjonen går av stabelen september. Om de ønskjer å delta Ta kontakt med fylkeskontoret!

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

FylkesaktueltNYTT. Vel overstått demensaksjon Matkurs DES Voss demensforening

Minnebok. Minnebok NYNORSK

FylkesaktueltNYTT FRÅ

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Fylkesaktuelt. Hoppetau og aktivitetar i hjerteveka! Samarbeid. juni 2018

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Hoppetaukonkurranse! Lunsj. feb Hoppetaukonkurransen

Nyhetsbrev Fylkesårsmøtet i bilder (Trønderhelsa nr )

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Fylkesaktuelt. Hjerteveka. Hopp for hjertet NYTT FRÅ FYLKESKONTORET FOR HORDALAND OG SOGN OG FJORDANE. juni 2016

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Demensaksjonen. Kafé. september Her ser du eit flott eksempel på kva litt av pengar frå TV-innsamlingsaksjonen

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

MEDLEMSINFO. august 2009

Stryn kommune 1

FYLKESPOSTEN Nr

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Månadsbrev for Rosa september 2014

Fylkesaktuelt. Fleire 100-årsjubileum... Treffpunkt. juni 2017

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Til deg som bur i fosterheim år

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

For at ungar/eldre skal bli godt kjende med oss har kun nokre elevar vore utplasserte til no nye kjem til etter nyår.

Hei alle sjøstjerneforeldre

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Fylkesaktuelt. Flott samarbeid i Hjerteveka. september Løfallstrand, Rosendal og Seimsfoss helselag gjekk

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Plassebakken Barnehage

Nyhetsbrev. Nasjonalforeningen Trøndelag nr

Fylkesaktuelt. God jul og godt nytt år! desember Julemesser. Då er det blitt desember og gjerne litt tid for ro og ettertanke, og til å

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

INFORMASJON OG INSPIRASJON TIL HELSELAG OG DEMENSFORENINGAR I HORDALAND OG SOGN OG FJORDANE. Fylkesaktuelt. desember 2017

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Plassebakken Barnehage

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Velkommen til mestringskurs på Innvik Fjordhotell november 2013!

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

DIS- Sogn og Fjordane

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

No sprett knuppane og sevja stig

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Velkommen til songarstemne i Florø!

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

IKT-kompetanse for øvingsskular

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Kva er økologisk matproduksjon?

Månedsbrev april 2015

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

6. trinn. Veke 24 Navn:

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Plassebakken Barnehage BA

FYLKESNYTT for helselag og demensforeninger i Aust-Agder og Telemark Nr

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Unge, bygda og landbruket prosjekt ( )

Fylkesaktuelt. Snart: Hopp for hjertet og Hjerteuke. På stand. feb 2016 NYTT FRÅ FYLKESKONTORET FOR HORDALAND OG SOGN OG FJORDANE

Transkript:

FylkesaktueltNYTT 02 FRÅ FYLKESKONTORET FOR HORDALAND OG SOGN OG FJORDANE JUNI 2015 Foto: avisa Hordaland Hoppetaukonkurransen blei hoppa godt i gang av både lærarar og elevar i Granvin. Hopp for hjertet Hjarteveka Fylkesårsmøta Re-etablerte demensforeningar Demensaksjonen 2015 Gode aktivitetar Fjaler helselag 100 år Ferie med mening Helselaget klar med sukkerquiz på butikken i Meland. Følg oss på Facebook: Nasjonalforeningen for folkehelsen Hordaland Nasjonalforeningen for folkehelsen Sogn og Fjordane

Gode nasjonalforeningsmedlemar! Helsing frå Kjell Nesbø fylkesleiar Hordaland Ein travel vårperiode er over med lokale årsmøter og fylkesårsmøte og vel gjennomførte hoppetaukonkurransar. Det er no tid for litt avslapping, sol og sommar, før haustens aktivitetar med demensaksjon og inspirasjonssamling. Meld dåke på til samlinga. God ferie til alle! Gode helselag og demensforeiningar! Sommaren nærmar seg, og heile våren har det vore stor aktivitet rundt om i laga. Fylkesstyret set stor pris på kvar og ein av dykk! Mange hjertemarsjar med frukt og grønt, samt quizen er med på å få mange ut i det fri, - sjølv om regnet ausar ned og vinden piskar oss i ansiktet. Helsing frå Asborg Leirdal Kjærvik fylkesleiar Sogn og Fjordane Takk til alle de som kom på fylkesårsmøtet i Førde. Det var interessante foredrag og god stemning. Håpar at de fekk inspirasjon til vidare arbeid for Nasjonalforeningen og dei gode sakene våre. Det er flott at så mange helselag og demensforeiningar har søkt og fått midlar frå TV aksjonen i 2013. De må fortsetja å senda inn søknader om midlar. Denne ordninga varer ut 2018. Det har vore arrangert informasjonsmøter om prosjektet Aktivitetsvenn i Gloppen, Eid og Jostedal. Det har ikkje resultert i oppstart av kurs enno, men Eva Steigen jobbar hardt og målretta for å oppnå resultat av satsinga. Hoppetaukonkurransen «Hopp for hjertet» har vore gjennomførd rundt i heile landet. Eg er så heldig at eg har fått dela ut premien til årets fylkesmeistar i Sogn og Fjordane, 6.klasse på Gaupne skule. Håpar at denne aktiviteten kan inspirera dei kjekke ungdommane til eit aktivt liv. Eg vil ynskja dykk alle ein aktiv sommar!

Fylkesårsmøta 2015 Det var flott og godt oppmøte på fykesårsmøta våre; rundt 90 deltakarar i Bergen, og 45 i Førde. Vi er glade for gode og hyggelege samlingar. På møtet i Hordaland minna Anne Kjesti Toft, Nasjonalforeningen sin helsepolitisk rådgjevar, lokallaga om å vera stolte over si viktige rolle i lokalmiljøet. Det er kommuneval til hausten, og ho oppfordra til å gjerne ta kontakt med lokalpolitikarar. Dei treng alltid innspel frå folk som har førstehands kjennskap til kva som fungerer og ikkje i kommunen, og som kan komma med gode idear og nytenking. Nasjonalforeningen kjem til å ha klar ei Ingvild steppa inn som kompetent vikar i pausetrimmen i Førde. lita brosjyre etter sommaren, for å visa kor vi har fokus og kva vi er opptatt av. Denne kan brukast i kontakten med lokalpolitikarane. Anne Kjersti Toft kunne også melda om at det på hovedkontoret i Oslo ofte var både jubel og stolthet over å få tilbakemeldingar om alle dei flotte tiltaka som blei gjennomførte rundt om i landet. Spreke Silje Fimreite trimma oss og foreleste friskt og godt om viktigheten av aktivitet i kvardagen. I glimt frå lokallaga fortalde Solveig Tveito frå Granvin helselag korleis dei samarbeidde med andre lokale lag om aktivitetane i bygda. Ein lur og samlande tankegang, som mange følgjer henne på. Esther Halland frå Hauge helselag og Olaug Tveit frå Meland helselag fortalde om erfaringane frå matkursa med barn som dei har hatt. Dei hadde laga supper med spennande smakar, og dei var godt fornøgde, sjølv om erfaringa også var å ikkje gapa over for mykje og for komplisert. Det viktigaste er at det blir sunt og at det blir ein positiv opplevelse for alle. Kokken fekk skryt for å vera flink og pedagogisk. Dette har vore eit samarbeidsprosjekt med Geitmyra matkultursenter for barn i Oslo, som vil bli vidareført til neste år, der alle fylka vil få tildelt to kurs. Så tenk gjennom om ditt lag kan vera klar for ein slik aktivitet? For informasjon og inspirasjon; gå inn på www.geitmyra.no

Til årsmøtet i Sogn og Fjordane kom Lene Haugerud frå kommunikasjonsavdelinga i Oslo. Ho kunne oppmuntrande fortelja at det jevnt og trutt gode arbeidet i lokallaga for god folkehelse er eit heitt og aktuelt tema i vårt moderne samfunn, også på verdensbasis. Vi er i vinden som aldri før! Ho minna samstundes lokallaga på å vera tydelege i lokallagsbrosjyra: vis kva de driv med, og kven de er. Og ikkje ta som sjølvsagt at alle er lokalkjende. Ein ivrig og kontaktsøkjande nytilflytta skal ein ta vare på. Husk å ha med vervebrosjyrer, snakk sammen, inviter folk, tør å spørje! Frå glimt frå lokallaga i Sogn og Fjordane fortalde Øen helselag om den fine ideen der dei var i gang med å planleggja oppføring av sandvolleyballbane. Eit spennande tiltak, som lett kan gi aktivitet som kan foreine ulike generasjonar, som nabolagscup og andre arrangement. Øen helselag er også eit godt eksempel på at det gir resultat å vera tydelege og aktivt oppsøkjande. Dei har fått heile 13 nyinnmeldingar siste året. Magnhild Ravnestad, Gloppen helselag, Irene Lien og Judith Bjordal frå Øen helselag Mary Aasen fortalde om godt arbeid i Jostedal helselag, og godt samarbeid i bygda. Ho gleda og overraska oss samstundes med vakker sang.

Hjarteveka Sogn og Fjordane: Godt førebudde og flinke helselagsdamer i Øvre Årdal er klare for stand i hjarteveka. Suppe, sukkerquiz, bøsse og brosjyrer er på plass. Førde helselag hadde invitert med Bygstad helselag til samarbeid om hjertemarsj. Etter turen var det samling i Halbrendstova, med god stemning rundt bordet, frukt og grønt, kaffi og kaker, hjertequiz og fine premiar. Førde helselag melder også om god dialog med folk på hjartestanden, om bøsseinnsamling, og glede over å ha investert i ny trimsykkel til demensavdelinga på Førde helsetun. Godt jobba! Hordaland: Godt oppmøte og god påkledning på turen i Meland i Hjarteveka. Og hjertesuppa varma og var populær. Av andre lag kunne bl.a. Hauge helselag melda om flott oppmøte av heile 35 stk på turen sin, til trass for regn og litt småsurt på turdagen.

Hopp for hjertet Foto: avisa Hordaland Nasjonalforeningen for folkehelsen arrangererte hoppetaukonkurranse for tiande år på rad. Her er det elevar på skulen i Granvin som hoppar tau i finveret på opningsdagen. Dei fylkesvise vinnarane blei: Sogn og Fjordane: 6. klasse på Gaupne barne- og ungdomsskule Hordaland: 5. klasse på Nordbygda skule i Masfjorden Vinnarklassen i Gaupne jublar. Premien var ei spennande pakke med uteleiker frå kontoret i Oslo, og ein skjekk på 2000 kr frå fylkeslaget. (Vi har dessverre ikkje bilete av dei spreke vinnarane frå Masfjorden i Hordaland.) Hopp for hjertet har vakse frå å engasjera 40 000 skulebarn i heile landet i 2005, til heile 109 000 barn i 2015. Målet med konkurransen er å visa at fysisk aktivitet både er morosamt og bra for helsa, og fint kan kombinerast med fag og undervisning.

Re-etablerte demensforeningar Velkommen til to nyetablerte styrer: Kvinnherad demensforening og Sunnfjord demensforening. Begge foreningane har ein miks i styret av fagpersonar innan helse, og personar med pårørandeerfaring. Dette er eit godt utgangspunkt for å nå fram til mange personar med ulik ståstad i demensomsorga. Vi ønskjer lykke til med arbeidet! Styret i Kvinnherad demensforening Tre i styret i Sunnfjord demensforening

Demensaksjonen 2015 Organisasjonen sitt mål er at vi fortsatt skal ha eit høgt aktivitetsnivå lokalt og eit stort forskingsprogram også etter at TV-aksjonspengane er brukt opp i 2018. Derfor er det spesielt viktig at vi får til gode demensaksjonar no. Tenk nytt! Fleire lag har gode erfaringar med å engasjera andre i å gå innsamling; eksterne bøsseberarar får 15 % i provisjon. Ta derfor gjerne kontakt med grupper og lag i ditt nærområde som kan ha nytte av denne provisjonen, t.d. ein 10. klasse som skal på skuletur, eit ungdomskor, pensjonistlag eller liknande. Vi kan hjelpa med å utforma invitasjonsbrev. Som eit eksempel har Vik helselag i to år samarbeidd med 10. klasse, som har resultert i ca kr. 4000,- i provisjon til klassen. Elevar som har samarbeidd med Osterøy demensforening, sat igjen med rundt kr 10. 000,-. Vi har også fått positive tilbakemeldingar frå lag som brukar eigne medlemmer, at dei blir svært godt mottatt. Givergleda er fortsatt stor, også etter TV-aksjonen, ja faktisk større! Husk at bøsser ute på vandring er meir effektive enn bøsser på stand! Aktivitetsvenn Det har vore stor aktivitet i Hordaland, og totalt 77 personar har fullført kurs for Aktivitetsvenner. Lokallag som har vore med å gjennomføra kurs er Askøy demensforening, Ytre Nordhordland demensforening, Bergen demensforening, Osterøy demensforening, Stord/Fitjar demensforening og Einstadbøvoll helselag. I Sogn og Fjordane har det enno ikkje vore kurs for Aktivitetsvenner, men vi har mange gode krefter i fylket og gode utsikter for å få til det på sikt. Vi arbeider no med å etablera ei arbeidsgruppe for å starta arbeidet i Indre Sogn.

Gode aktivitetar Erindringsgruppe Hornindal demensforening er ei lita demensforening, som har opplevd oppsving i aktiviteten, pga Erindringsgruppa si; der tanken er å presentera ein ting som kan vekkja til liv minner og dra i gang historier rundt kjennskapen til denne. Annlaug Hole Nygård (pensjonert sjukepleiar) har engasjert seg i Erindringsgruppa Bakekunstar vidareført til neste generasjon I vår vart Jostedal Helselaget invitert med i mat og helse på skulen til å hjelpa lærar og elevar til å laga potetkaker på gamlemåten. Eit flott tiltak, der stolt og god tradisjonsmatkunnskap kunne bli formidla vidare til neste generasjon. Heilt i tråd med dei mest populære utanlandske matprogramma på TV for tida. Dermed fekk elevar, (og studentar frå høgskulen i Sogndal), seg ein særs god lunch, med ferske, sjølvlaga potetkaker med pølse.

Fjaler helselag 100 år I vår feira Fjaler helselag heile 100 år. Dette blei feira i Tunkafeen i Dale, med marsipankake, allsong, dans og spel; der m.a. unge Elliot Losnegård imponerte med frisk masurka på fela. Leiar i helselaget, Solbjørg Samdal, fortalde om aktiviteten i laget og om gode tiltak i bygda som dei støttar. Glad-dansen fekk vist seg fram, og fekk også publikum med seg på ein svingom i tunet. Ein fin dag blei avslutta med fellestur på Elvestien. NB! Viktige datoar til hausten: Inspirasjonssamling Hordaland: 30. - 31. oktober, Quality Hotel Edvard Grieg. Inspirasjonssamling Sogn og Fjordane: 6. - 7. november, Thon Hotel Førde. Referat: dersom delegatane ønskjer å få tilsendt eige eksemplar av referatet frå fylkesårsmøte i Hordaland og Sogn og Fjordane, ta kontakt med oss på fylkeskontoret i Bergen.

Ferie med mening Velkommen til deg og andre i ditt lokallag til å bli med på Ferie med mening sitt 25 års-jubileum. Opphald på Nordhordland folkehøgskule i Meland kommune frå mandag 10. - fredag 14. august 2015 Hyggeleg og variert program i fine omgivnadar. Mulighet for symjing i basseng og fine spaserturar. Gode måltid og sosislt samver. Heildagstur med den flotte seglskuta Lojal (sjå bilde over). Pris (inkl. dagstur m båt): einerom m/bad, heilpensjon kr 3200,- dobbeltrom m/bad, heilpensjon kr 2900,- pr pers. For påmelding og annan informasjon; ta kontakt med fylkeskontoret på tlf.: 55 31 15 41 Påmeldingsfrist 20. juni.

Ein liten sommarvits, på tampen: Arne gjekk hen og blei så forelska i Kari at det nesten ikkje gjekk an. Han sat berre og tenkte på henne, klarte ikkje samla tankane, og klarte ikkje å ete - sat berre og pirka i maten. Til slutt syns far hans det blei så gale at han måtte sei til han: - no må du ta mot til deg, gå til Kari og sei korleis det er, du sit berre og pirker i maten fordi du tenkjer på henne. Då stramma Arne seg opp, gjekk heim til Kari, ringde på døra, og då Kari kom ut, sa han blygt: - Du Kari, når eg tenkjer på deg, mister eg heilt matlysta. God sommar! Fylkeskontoret Nasjonalforeningen for folkehelsen Bredalsmarken 15 5006 BERGEN telefon: 55 31 15 41 e-post: hosfj@nasjonalforeningen.no www.nasjonalforeningen.no