VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget Teknisk sektor for oppfylging Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2013/403 4418/2017 / L32 SER / KOLTER 26.06.2017 MELDING OM VEDTAK Vegadresser i Vanylven del 1 - Ny handsaming av vegnamn etter klage og etter stadnamnlov Kommunestyret handsama i møte den 20.06.2017 sak 57/2017. Følgjande vedtak vart fatta: Kommunestyret vedtek desse vegnamna: Nordstranda Vegar på Rovde: Redsevegen Åsevika Åsevegen Vegar i Syvde: Skår Opsalvegen Eikremsstranda Nordalen Etter 10 i stadnamnlova skal vegnamn kunngjerast. Det er 3 vekers frist for å klage på skrivemåten. Namnevalet kan ikkje påklagast. Endringa skal kunngjerast i lokalavisa og på nett. Saksutgreiinga ligg ved til orientering. Postadresse: postmottak@vanylven.kommune.no http://www.vanylven.kommune.no Rådhuset Telefon: Telefaks: Org.nr Bankgiro: 6143 FISKÅ 70030000 70030009 964 978 662 3972 07 00151
Side 2 av 2 Rett utskrift: Vanylven kommune Kåre Kvangarsnes Konsulent Dokumentet er elektronisk godkjent og har difor ikkje signatur.
Side 3 av 3 VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Saksnr: Arkiv: Avd/Saksansv: 2013/403 L32 TEK/AARRAN Utvalsaksnr Utval Møtedato 78/2017 Formannskapet 13.06.2017 57/2017 Kommunestyret 20.06.2017 Vegadresser i Vanylven del 1 - Ny handsaming av vegnamn etter klage og etter stadnamnlov Tilråding: Kommunestyret viser til stadnamnlova og gjer om tidlegare vedtak 66/2016 av 10.05.2016. Namna vert endra slik: Nordstrandavegen Vegar på Rovde: Redsevegen Resevegen Åsvika Åsevika Åsen Åsevegen Vegar i Syvde: Skår Skor Opsalvegen Oppsalvegen Eikremsstranda Eikreimstranda Nordvika Nordalen Norddalen Etter 10 i stadnamnlova skal vegnamn kunngjerast. Det er 3 vekers frist for å klage på skrivemåten. Namnevalet kan ikkje påklagast. Endringa skal kunngjerast i lokalavisa og på nett.
Side 4 av 4 Vedlegg 1 Brev frå Statens kartverk 2 Klage Rolf Aasevik Dyb 3 Kart vegadresser del 1 - ny handsaming med endringar Samandrag av saka: Vanylven innfører vegadresser. Kommunestyret vedtok i sak 66/2016 den 10.05.2016 vegnamn på dei fleste hovudvegane og på lokalvegane på Rovde og i Syvde (del 1). Nokre av namna har ikkje godkjent skrivemåte, og må derfor vurderast på nytt. Andre bør korrigerast av andre årsaker. I tillegg har vi motteke klage på skrivemåten av Åsvika. Forslag til vegnamn for resten av kommunen vert fremja som eiga sak (del 2). Saksopplysningar: Kommunestyret vedtok i sak 66/2016 den 10.05.2016 vegnamn på dei fleste hovudvegane og på lokalvegane på Rovde og i Syvde: Nordstrandavegen Vegar på Rovde Redsevegen Åsvika Åsen Vegar i Syvde Skår Opsalvegen Eikremsstranda Nordalen Vegnamn i konflikt med sentralt stadnamnregister Kommunestyret vedtok fleire namneformer som er i konflikt med sentralt stadnamnregister. Kommunen må følgje lova og retningslinene i stadnamnlova av eige tiltak, og bruke skrivemåtar som er vedtekne etter lov om stadnamn. Dette er påpeika av Statens kartverk og Språkrådet, og stadfesta av kommuneadvokaten. Sentralt stadnamnregister (SSR) inneheld også det som er prioritert skrivemåte, og desse skal som hovudregel nyttast av det offentlege. Primærnamnet er vurdert som det namnet som kom først, og som no er nytta som adressenamn på kart mm.
Side 5 av 5 Dette betyr at nokre av namna vi vedtok må endrast: K-sak 66/2016 Vedteken skrivemåte Statens kartverk: Skår Skor Namnesak vedteke 16.10.1995 Nordal Norddal Namnesak vedteke 22.12.1999 Prioritert skrivemåte i SSR: Redsevegen Rise- eller Resevegen Vi bør velje Resevegen, som er mest likt dagleg uttale. Opsalvegen Oppsalvegen Eikremsstranda Eikreimsstranda Nordvika Der det er gjort vedtak (Skor og Norddalen) er kommunen bunde av vedtaket. Det er ev. ei klagemuligheit gjennom å reise namnesak etter stadnamnlova 10 jf 5 første ledd bokstav a. Ei namnesak tek gjerne 1-2 år. Der det er godkjente namn men ikkje prioritert skrivemåte, kan kommunen be om å få reist namnesak for å få fastsett ei anna form som primærnamn. Viss ikkje må vi bruke dei som er i stadnamnregisteret. Vegnamn som bør endrast av andre årsaker Under handsaming i kommunestyret vart det vedteke ein ny parsell - frå Tussakrysset til Helgøy gartneri. Dermed vart Nordstrandavegen berre frå Helgøy gartneri til Krokvika. Samtidig har vi (utan vegen),, og som sjølvstendige vegnamn. Vi foreslår derfor at vegen kan heite berre Nordstranda. K-sak 66/2016 Nordstrandavegen Nytt forslag Nordstranda Vegen frå fv 652 til Åsen på Rovde, med byggefeltet Steinetehauane, vart foreslått og vedteke som Åsen. No ser vi at det vert litt rart at dei som har hus nedst nede skal ha adresse Åsen, når dei eigentleg bur i sentrum. Vi foreslår at dette vert retta til Åsevegen, fordi det er vegen til Åsen. K-sak 66/2016 Åsen Nytt forslag Åsevegen Vegnamn som er påklaga Etter namnelova kan det klagast på skrivemåten, ikkje namnevalet. Vi har motteke ei klage innan klagefristen. Det gjeld vegen i byggefeltet ved Coop på Rovde. Rolf Aasevik Dyb klagar på skrivemåten «Åsvika». Han meiner skrivemåten skal vere «Aasevik», og viser til tradisjonane med å skrive namnet slik. Han seier at namnet kjem av «vika nedom Aasen». På nye kart står det Åsvik, på gamle kart (ØK 1965) står det Aasevika. I området har vi Åsemyra, Åsegrova, Åsen og Åse(n)vegen. Fleire har etternamnet Aasemyr.
Side 6 av 6 K-sak Forslag frå Forslag til Grunngjeving 66/2016 klagar vedtak Åsvika Aasevik Åsevik Vi har fått stadfesta frå kartverket at Åsevik er godkjend og prioritert skrivemåte, og kan nyttast her. På same vis som Åsemyra og Åsen bør det skrivast med Å, ikkje dobbel A. Klagar kan derfor få delvis medhald. Vurdering og konklusjon: Det viktigaste er å få på plass vegadresser i kommunen. Å fremje namnesaker vil forseinke prosessen. Kommunen må uansett følgje stadnamnlova. Vi tilrår derfor å gjere om vedtaket slik at det er i tråd med stadnamnregisteret. Også dei andre endringane som er omtalt i saksutgreiinga er gjort for å gjere resultatet best mogleg og logisk for dei som skal bruke namna. Klagen frå Rolf Aa. Dyb kan delvis takast til følgje fordi Åsevik er eit primærnamn i sentralt stadnamnregister. Vi tilrår ikkje å skrive namnet med dobbel A. Vurdering av samspel med kommunen sin visjon: Tiltaket med vegadresser er i tråd med visjonen. Det vil gje trivsel, trygge tettstader og bumiljø. Det vil også kunne gje eit meir effektivt tenestetilbud. Miljøkonsekvensar: Ingen negative konsekvensar. Vegadresser er positivt for identiteten til innbyggarane. Økonomiske konsekvensar: Kostnader med skilt er innarbeidd i budsjett, og arbeid elles vert innafor ordinært budsjett. Beredskapsmessige konsekvensar: Stor betring for utrykkingskøyretøy, post og tenester elles når vi får vegadresser og husnummer i kommunen. Fiskå, 06.06.2017 Andreas Chr. Nørve rådmann Randi Aarønæs rådgjevar landbruk Dokumentet er elektronisk godkjent og har difor ikkje signatur.
Side 7 av 7 Handsaming i formannskapet: Det vart gjort vedtak samrøystes, bortsett frå 5 røyster for Opsalvegen mot 1 røyst for Oppsalvegen. VEDTAK: Formannskapet tilrår: Kommunestyret vedtek desse vegnamna: Nordstranda Vegar på Rovde: Redsevegen Åsevika Åsevegen Vegar i Syvde: Skår Opsalvegen Eikremsstranda Nordalen Etter 10 i stadnamnlova skal vegnamn kunngjerast. Det er 3 vekers frist for å klage på skrivemåten. Namnevalet kan ikkje påklagast. Endringa skal kunngjerast i lokalavisa og på nett. Handsaming i formannskapet: Varaordførar Bjarne Sætrenes foreslo «Aa» i staden for «Å» i Åsevika. Votering: Vedteke å skrive Åsevika med «Å» med 18 røyster mot 3 røyster. Resten av tilrådinga vart samrøystes vedteke. VEDTAK: Kommunestyret vedtek desse vegnamna: Nordstranda Vegar på Rovde: Redsevegen Åsevika Åsevegen Vegar i Syvde: Skår Opsalvegen Eikremsstranda Nordalen
Side 8 av 8 Etter 10 i stadnamnlova skal vegnamn kunngjerast. Det er 3 vekers frist for å klage på skrivemåten. Namnevalet kan ikkje påklagast. Endringa skal kunngjerast i lokalavisa og på nett.