Magnus Vik Pensjonert skippar og frivillig medarbeider i kyrkja. Side 4



Like dokumenter
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Brødsbrytelsen - Nattverden

Til deg som bur i fosterheim år

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Velkomen som konfirmant

Velkomen som konfirmant!

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

I dag er starten på resten av K15. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Møteprotokoll for møte i

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Strategidokument

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

Plassebakken Barnehage

ORDNING FOR KONFIRMASJON


Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Bjellandsvegen 51. Tlf Me er også å finna på Facebook.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste


SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Månadsbrev for ROSA mars 2015

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

«Ny Giv» med gjetarhund

Månadsbrev for Rosa september 2014

Da psbrosjyre ver nov :03:33

Velkomen til soknerådskurs

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

6. trinn. Veke 24 Navn:

VI DELER Trusopplæring i Den norske kyrkja

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Visitasforedrag ved bispevisitas i Sogndal og Leikanger og 29. april 2018

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

Vigsling til andre tenester

Mos.25:23-30, 3.Mos. 24:5-9 Av akasietre. Kledd med gull. Berestenger Fat, skåler, kanner og beger av gull.

Plan for undervisning

Strategidokument Varhaug Misjonshus

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

/

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

S.f.faste Joh Familiemesse

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Sandeid skule SFO Årsplan

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Informasjon til elevane

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Jon Fosse. For seint. Libretto

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Transkript:

NR. 2 April 2014 41. ÅRGANG Kyrkjeblad for Øygarden 1974 2014 Magnus Vik Pensjonert skippar og frivillig medarbeider i kyrkja. Side 4 I dette nummeret kan du m.a. lesa: «Dei viktige frivillige», av sokneprest Espen Tveten side 5 «Dagane som forandra verda», av Audun Hjellvik side 7 Linn Andersen brukar fritida som leiar på Pluss Side 8 Vekst i arbeidet Årsmelding for 2013 Side 10 www.kyrkja.net Følg oss på Facebook! / kyrkjaioygarden 56 38 22 40

Redaktøren har ordet Kjære lesar av ØyNytt! Denne gongen fokuserer me på frivillighet. I bladet tek me fram nokre representantar for alle frivillige i kyrkja lokalt. Les kva dei seier om si oppgåve. Alle skulle vore løfta fram, men det vert det sjølvsagt ikkje plass til. Frivillig arbeid i Noreg utgjer nesten 115 000 årsverk. Mykje av det kristne arbeidet er basert på frivillighet. Det må me ta på alvor, ikkje minst å verdsetja arbeidet, men og utvikla innhaldet i oppgåvene. I kyrkja lokalt vil me framover fokusera mykje på våre frivillige medarbeidarar og dei me samarbeider med elles. Det er behov for fleire frivillige til ulike oppgåver. Medliturgar, korleiarar, kyrkjevertar og dei som står for kyrkjekaffien utfører ei oppgåve som ikkje kan verdsetjast nok. Litt informasjon frå arbeidet Me treng deg om du har tid til overs. I dei komande åra skal eit nytt trusopplæringsarbeid byggjast. Til det treng me medarbeidarar, men me treng og medarbeidarar som kan gjera teneste i gudstenestene og andre tilstellingar. Det var oppløftande at rundt 30 ungdomar meldte seg til oppgåva som leirleirar på leirane våre. Så er det snart påske, med sin mektige bodskap. Me utfordra forkynnar Audun Hjellvik til å skriva om påske. Les kva han skriv, på side 7. God påske frå oss i staben og redaksjonen. Olav Martin Vik Kyrkjeverje / redaktør 31 ungdomar frå Øygarden deltok på kurs i mars, for leirleiarar i regi av kyrkja i Øygarden. 39 har meldt seg til teneste. 43 born deltok på leirdagen på Skjergardsheimen i mars. Leirdagen var for 1. og 2. klassingane. 19 born deltok på dåpsskulen i mars (6-åringar). Grunnlovsjubileet vart markert i gudstenesta i Hjelme kyrkje 23.2. der ordførar Otto Harkestad deltok og Egil Sæle hadde historisk tilbakeblikk. Øygardskoret song. I over kant av 200 menneske deltok på familiegudstenesta i Blomvåg kyrkje 16. mars. Her deltok og menneske med nedsett funksjonsevne som gjerne ikkje kjem seg til kyrkja så ofte. Kontingenten for ØyNytt Vedlagt i bladet finn du ein giro for innbetaling av kontingent og eventuelt ei gåve til ØyNytt. Bladet kjem ut med 6 nummer i 2014 og det kostar ca. kr 125 000 å trykka og distribuera bladet. Bladet vert distribuert til alle husstandane i Øygarden og det er abonnentar utanfor kommunen. Kontingenten er frivillig. Me håpar du finn bladet interessant og at du vil bidra med kontingentinnbetaling og gjerne ei gåve til bladet. På førehand takk! Venleg helsing redaksjonen. Ungdomsgudsteneste i Hjelme kyrkje 6. april kl. 18.00 Denne kvelden bør du sette av! Ein gjeng med ungdommar har vore med og planlagt denne gudstenesta som kanskje vert litt annleis enn du er vant til? I tillegg skal Gospel Teens vera med. Dette vert ei gudsteneste på ungdomane sine premissar, men gudstenesta er for alle. Vi håpar du har lyst å vera med og feire gudsteneste saman med oss den 6. april kl. 18! Kari om Kari Hei! Eg er Kari Sandøy Rong, 48 år, gift, 3 born og 1 barnebarn og bur på Rong. Eg har budd heile livet i Øygarden, dei første 25 på Hellesøy. Eg jobbar som kontorleiar/sekretær på kyrkjekontoret i 80% stilling og har vore her i 10 år, og trives svært godt. Arbeidet mitt består av å ta imot og hjelpe folk som kjem innom eller ringer. I tillegg er det kyrkjebokføring, planlegging, fakturering, arkivering, Øynytt, gudstenester o.a. Me på kyrkjekontoret vil vere her for Øygardsfolket i både glede og sorg. Eg synes det er kjekt å treffa folk. Ta gjerne turen innom for å seia hei eller ta ein prat. På fritida er eg aktiv med på INRI-bedehuset Rong, og så prøver eg å halde meg litt i form med trening og turar. Eg vil helse alle med orda frå Jeremia 29,11: «For eg veit kva tankar eg har for dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulykkestankar. Eg vil gje dykk framtid og håp.» Dette er yndlingsverset mitt som eg har hatt sidan konfirmasjonstida. Det er fantastisk å ha ein slik Frelsar og ven! God påske! Neste nummer av ØyNytt kjem ut 29. mai Annonsefrist er 15. mai 2 ØyNytt 2/14

Andakt: Han døyr frivillig Ved sokneprest Espen Tveten Eit år fekk eg konfirmantane til å stemma over kva slags bibelvers dei likte best. Vinnarverset var: «Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine» (Joh 15, 13). Kva fekk konfirmanten til å velje dette verset? Både kjærleik og vener betyr mykje. Me hadde ikkje klart oss utan. Det som vert tydeleg i påska er at heller ikkje Gud kunne klare seg utan vener og kjærleik. Men venskapen mellom Gud og menneske var i uorden. Synda hadde fått makta. Jesus reparerer det øydelagde forholdet me hadde til Gud då han døyr på fjellet Golgata i Jerusalem. Jesu kjærleik til sin far, og til oss, var så sterk at han måtte gjera alt som sto i hans makt for å redde oss, sjølv om det gjaldt livet og ein smerte me ikkje kan begripa. Jesus kunne ikkje sjå på at menneske kom bort frå sin far. Men det var likevel eit val Jesus tok. Jesus var fri til å ta dei val han meinte var best. Han valte ikkje minste motstands veg. «Det er fullført» seier Jesus då han døyr på korset. Smak litt på ordet fullført her er det mykje innhald. For Gud var det fullført. Menneska og Gud var endelig knytt saman igjen. Me kunne på ny leva i ein nær relasjon til Gud, det hadde vore umogeleg etter syndefallet. For Jesus var det fullført. Han hadde stått løpet, lidd døden på krossen og slik elska oss menneske heim til Gud. Og for oss er det fullført. Me er tilbake «Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine» (Joh 15, 13) der me skal være, i Guds nærleik. «Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine». Jesus lei frivillig for oss. Denne kjærleiken kan me ikkje forstå fullt ut, me får berre omslutta han og takka. Altertavla i Hjelme kyrkje. ASTRID NAUTNES RUSTAD FRIVILLIG MEDARBEIDAR OG RÅDSMEDLEM Tekst og bilete: Olav Martin Vik ØyNytt har spurt Astrid om korleis det er å vera frivillig medarbeidar og om det kan anbefalast andre. Astrid har oppgåver i Hjelme kyrkje og set i kyrkjeleg fellesråd/soknerådet i Øygarden. På vårt spørsmål svarar ho slik: Det er kjekt å få vere med på praktiske oppgåver i tillegg til å vere med i sokneråd/fellesråd som mest er «tørre tal». Eg fekk starte med å vere kyrkjevert som er den som ønskjer vel møtt til gudstenesta. Dette er ein fin måte å bli inkludert i fellesskapet og bli kjent både med gjennomføringa av gudstenesta og med dei tilsette i kyrkja. Etter kvart som eg har ønskt det, har eg blitt tiltrudd nye oppgåver. I dag har eg og oppgåve som tekstlesar og nattverdsutdelar. Eg har heilt sidan starten blitt møtt med stor tillit og oppmuntring frå kyrkja sine tilsette. Eg får grei informasjon både frå presten og kyrkjekontoret om oppgåvene eg skal ha, og korleis eg skal utføre desse. Spesielt vil eg trekkje fram bruken av informasjonsarket som vi no deler ut saman med salmebøkene. Dette har gjort både oss frivillige og kyrkjelyden tryggare på gjennomføringa av gudstenesta. I tillegg til fellesskapet med andre kristne har oppgåvene som frivillig medarbeidar for meg vore trustyrkjande og er noko eg ønskjer å halde fram med. Eg vil gjerne oppmode andre, både rådsmedlemer og «heilt vanlege folk» å delta som frivillige. Astrid Nautnes Rustad. ØyNytt 2/14 3

Magnus Vik EIN AV MANGE FRIVILLIGE MEDARBEIDARAR Pensjonert skippar som trivest som frivillig medarbeidar i kyrkja i Øygarden. Magnus er ein av over 30 frivillige medarbeidarar som i løpet av året gjer teneste under gudstenestene i Blomvåg og Hjelme kyrkjer. Tekst og bilete: Olav Martin Vik Viktig oppgåve Kona Oddbjørg serverer kaffi og verdas beste lefser når eg kjem på besøk i heimen på Vik. Oddbjørg er alltid med Magnus i Blomvåg kyrkje når han gjer teneste der som kyrkjevert. Kyrkjevertane er dei som møter deg når du kjem til kyrkja. Det er ei svært viktig oppgåve, å ta imot dei som kjem til kyrkja, eit varmt handtrykk og rettleiing til m.a. dåpsfølga. Dei som kjem til kyrkja skal oppleva tryggleik og varme. Miljøet som påverkar val i livet Magnus vart ein kristen i ung alder. Valet gjorde han på Frekhaug folkehøgskule, 18 år gamal. Miljøet ved skulen var godt. Veneflokken frå skuletida har møtt kvarandre jamleg. Miljøet er viktig for retninga eit liv kan ta. Magnus vaks opp i ein kristen heim på Vik, i Larsestova. Nær sagt alle predikantane frå alle misjonsorganisasjonane, som kom til Vik, budde i heimen deira, gjerne i fleire dagar, fortel Magnus. Han seier det var godt å veksa opp på Vik og det kristne ungdomsmiljøet var godt. Det var ei fin tid, seier Magnus. Oddbjørg og Magnus gifta seg i 1959 og bygde hus på Vik i 1962. Oddbjørg kjem og frå Vik, så dei har kjent kvarandre heilt frå barnsbein av. Skippar og fiskar Magnus har vore skippar, mest som skippar på fiskefartøy. Først «Radek», så «Blom», deretter nye «Radek» der han var i 20 år. Båtane fiska alltid godt. Dei fiska aldri på søndagar. Ein kjem ikkje bort frå at det vart opplevd som ei velsigning, dei gode fiskeresultata. Magnus la aldri skjul på at han var ein kristen, seier han. Det gjorde han alltid klart frå starten av og vart respektert for det. Det er viktig å heisa «reint flagg» poengterer Magnus. Han avslutta skipperkarrieren som skippar på tankbåt. Kyrkjevert Magnus har vore kyrkjevert lenge, så lenge at me slit litt med å finna ut av kor tid det starta og kven som spurte han om å vera med. Han arbeider no med den tredje presten (Svein Morland, Svenn Martinsen, Espen Tveten). Magnus kjenner mange og vert kjent med nye menneske. Han likar å møta folk, snakka med dei og det må seiast at han er lett å vera saman med. For oss som helsar på Magnus så kjenner me det varme handtrykket og ei varm utstråling. Oddbjørg, kona, skyt inn at han alltid er seg sjølv. Det er ein god eigenskap. Utfordrar andre til teneste Magnus trivest godt som kyrkjevert. Det er han tydeleg på. Han har alltid hatt tilhørighet til kyrkja og har ikkje tenkt å gi seg. Han vil stå i tenesta så lenge helsa held. Han trekkjer fram konfirmantane og synest det er flott å møta dei og rettleia dei. Det er viktig å gi dei oppgåver i gudstenesta. Han synest og det er så fint når foreldra ber borna sine til dåpen. Det gir velsigning å stå i denne frivillige tenesta seier Magnus og han vil anbefala andre å gå inn i tenesta som frivillig medarbeidar. 4 ØyNytt 2/14

SOKNEPRESTEN SI FASTE SPALTE Dei viktige frivillige Noreg er best i klassen når det gjeld frivillig innsats. For kyrkja sin del, er det den frivillige innsatsen som held arbeidet oppe, og slik må det vera. Av sokneprest Espen Sigve Tveten. Bilete: Olav Martin Vik Tal frå statistisk sentralbyrå syner at om lag halvdelen av Noregs befolkning tek del i frivillig uløna arbeid. Dette utgjer nesten 115 000 årsverk, og dei skapar økonomiske verdiar rekna til 101 milliardar kroner (2012). Det frivillige arbeidet er ein bærebjelke i samfunnet vårt. Hans Nilsen Hauge Då Frank Årebrot hadde si gjennomgang av Noregs seinaste historie på 200 minuttar på direktesendt TV, starta han med Hans Nilsen Hauge. Meir enn nokon annan vert Hauge symbolet på at det er mogeleg å oppnå resultat om ein har driv og dugnadsand. Hauge var ein framifrå forkynnar og inspirator, og han sette i gong kristne forsamlingar og verdslege fabrikkar. For kyrkja sin del var det ei naudsynt påminning om at det ikkje var prestestanden åleine som skulle spreia Guds ord, men alle vert kalla til denne oppgåva. I tillegg skulle kvar einskild byggja det samfunnet han eller ho var ein del av. Stor innsats Det er mange som gjer ein stor innsats i kyrkja i Øygarden. Dei har eit ønskje om Frivillige og stab i samspel: Kantor Anne Lise Grøm, frivillig medarbeider Olaug Merete Rong og Kate Solsvik, sokneprest Espen Tveten og kyrkjetenar Kåre Kristoffersen. Det er mange som gjer ein stor innsats i kyrkja i Øygarden. Dei har eit ønskje om at kyrkja skal bety noko viktig i barn og vaksne sitt liv. at kyrkja skal bety noko viktig i barn og vaksne sitt liv. Staben i kyrkja er ikkje stor, men får utretta mykja. Samspelet mellom stab og dei uløna medarbeidarane er viktig, og kyrkjas evne til å gjere meir, vert berre avgrensa i kor mange uløna medarbeidarar som ønskjer å delta i arbeidet. Difor vil me ha fleire med. Før tok mange del i kyrkjelydsarbeidet og anna uløna arbeid av plikt. I dag er det andre verdiar som rår, og kanskje fyrst og fremst at tenesta er meiningsfull i ein travel kvardag. Det flotte med det frivillige arbeidet er at det gir meining både for ein sjølv og for andre. I dag veit me og at skal uløna medarbeidarar trivast i tenesta må dei oppleva at dei vert sett og at dei har påverknad. Kyrkja har eit ønskje om å ta dette på alvor. Jesus stadfestar og utfordrar Jesus var ein meister i å møte menneske. Han visste korleis han kunne oppmuntra og stadfesta dei han trefte. Han stadfestar at kvar einskild er i Guds gode plan og har eigenverd. Samstundes utfordrar han menneske til å ta tak i eigne liv og delta i fellesskapen. Dei 12 disiplane skulle ikkje berre sjå på at Jesus gjorde under, underviste og viste medkjensle. Jesus ville at disiplane sjølv skulle gjera det same, under hans rettleiing. Dei vert kraftig utfordra. Dei kjende seg usikre og vaklande, men det var slik dei vaks og fekk erfaring. Jesus har eit ønskje om at me skal kjenna oss stadfesta og gode nok for Gud. Men han utfordrar oss og. Det er naturlig å veksa i tru og ansvar. Grunnen til at me har fått evner og anlegg, er å kunne nytta dei til beste for oss sjølve og dei rundt oss. Me lysar opp verda Alle døypte får med seg eit dåpslys frå kyrkja vår. Slik vert me minna om at Jesus er verdas lys. Men lyset minner oss og på at me sjølve skal vera eit lys i verda. Nokon treng oss. Med vår innsats skal det verta litt lysare der me ferdast, enten det gjeld arbeidsplassen, nærmiljøet, heimen eller der me legg ned vår frivillige innsats, slik som i kyrkja. Saman for andre. Saman forandre. ØyNytt 2/14 5

NOTÉR DEG DETTE TIDSPUNKT FOR GRAVFERD OG UTTAK AV GRAV Det er kyrkjeverja som fastset endeleg tidspunkt for ei gravferd og uttak av grav. Normalt skjer dette gjennom ein dialog med gravferdsbyrået som er i dialog med dei etterlatne. Ynskje om tidspunkt vert tatt omsyn til så langt det er mogeleg. Normalt vert gravferder ikkje lagt til måndagar og fredagar. Er det ei festa grav vert den nytta, elles vert grav tatt ut på nye felt. Gjenbruk av gamle tidlegare graver tek kyrkjeverja eit stort atterhald om og kan berre gjennomførast so framt kyrkjeverja godkjenner gjenbruk. Du kan lesa meir om dette på www.kyrkja.net Her finn du og vedtektene for kyrkjegardane i Øygarden. NYE FESTEAVGIFTER FRÅ 2014 Kommunestyret i Øygarden har fastsett festeavgifta til kr 300 pr. år (no kr 100). Det er Øygarden kyrkjelege fellesråd som tilrår fastsetting og som fakturerer festeavgiftene, i 5-årsbolkar frå 2014. Vedtektene for kyrkjegardane finn du på www.kyrkja.net RYDDING PÅ GRAVA ETTER GRAVFERDA Pårørande har sjølv ansvar for å rydda bort kransar og blomar på grava etter gravferda, når tida er inne for dette. Ved spørsmål om rydding på gravene, kontakt kyrkjekontoret, tlf. 56 38 22 40 eller e-post: kontor@kyrkja.net KORTNYTT SPREKING I STABEN Kåre Kristoffersen (66), kyrkjetenar i Blomvåg kyrkje, er ein spreking på skøyter. Under VM for veteranar i Stavanger for seniorar 7. 9. mars tok han bronsemedalje etter 4 distansar. Me gratulerer Kåre med resultata og medaljen. STØNAD TIL GOSPELTEENS Øygarden sokneråd har løyvd kr 12 000 til Gospelteens sin vårturné. Dei var på turne i slutten av mars og hadde den siste konserten i Blomvåg kyrkje 30. mars. Gospelteens øver i Blomvåg kyrkje. TEAM 2014/2015 Norsk Luthersk Misjonssamband har fått i oppdrag av kyrkja i Øygarden å søkja etter nytt ungdomsteam for semesteret 2014 / 2015 (haust / vår). Det er å håpa at det er ungdomar som vil gå inn i denne viktige oppgåva. Norsk Luthersk Misjonssamband, Sotra og Øygarden hadde årsmøte lørdag 15. mars på Toftøy Barnehage. Det var m.a. val til styret (bilde). F.v. Vidar Kleppsvik, leiar, Dordi Flaten, Andreas Kårbø, Jakob Blom, Oddvar Risøy (vara), Mengesha Alemu Shetta (ny) og Jon Halsne (ny). Turid Toft Amenya (vara) er ikkje med på biletet. 6 ØyNytt 2/14

Dagane som forandra verda Av Audun Hjellvik, forkynnar i Nordhordland Indremisjon PÅSKEFEIRING var ikkje noko nytt for jødane. I hundrevis av år hadde programmet for påska vore reising og samling. Målet var Jerusalem, og skikkelege jødar tok vare på dei gamle orda frå Herrens bok og drog. År etter år gjekk festreisene mot Templet og gudstenesta der. Denne påskehelga skulle verta så spesiell at både himmel og jord skulle erfara konsekvensar som overgjekk alt universet tidlegare hadde sett. Dette året skulle det eigentlege Påskelammet førast fram og slaktast... Det hadde med mannen frå Nasaret å gjera. Gudesonen. Menneskesonen. Jesus Kristus. Siste kvelden han var saman med sine vener, hadde han «selskap». Ei siste samling som han hadde lengta etter å få arrangera. Lokale var leigd. Menyen var spesiell, for etter måltidet serverte Han brød og vin. Han braut brødet og fortalte dei om ei ny pakt med nye muligheiter. Ei pakt grunna på at Han sjølv skulle «brytast» og verta til «mat» som kunne gje evig liv. Vinen dei drakk vitna om eit blod som kunne rensa frå all synd. Hans eige blod. Frå avskjedsmøtet gjekk ruta til bønekamp og maktdemonstrasjon i Getsemane. Når sveitten draup som blod, anar me noko av ei botnlaus pine og smerte. På vegne av menneskeslekta er Han den skuldige som skal møta den Heilage syndstraffande Gud Når mange, sterke vaktmenn ligg utslått på bakken framfor Jesu føt, anar me noko om hans guddommelege krefter. Og når Malkus står der med «nytt» øyra etter Peters maltraktering og Jesu berøring, anar me noko om ein som og har omsorg for sine fiendar Denne Jesus kunne unngått døden, om Han ville. Men Han ville dø. Det var derfor Han kom. Me kallar den LANGFREDAG. Andre stader vert den og kalla GOD FREDAG Ord vert fattige. «Så seg du i vår jammer ned, så dypt som ingen vet»» Det er grueleg å falla i den levande Guds hender». «Gud er ein fortærande eld»...jesus veit meir om slikt enn nokon. På Golgata er Han sjølve SYNDA. (2.Kor.5,15) Og Domaren har ingen nåde for Han. Men Han sigra. Sona alt. Betalte alt. ALT! Oppstoda dokumenterer at den tre gongar Heilage Gud godtok betalinga for all verda si synd. Hadde noko stått att, ville Jesu kropp rotna i grava. Ikkje alle likte rykta om Jesu oppstode. Grunnvollane rista under Jesu fiendar. Den nye flokken av Jesustruande vaks. Vel, slikt kunne enkelt stoppast. Offentleg framvisning av Jesu døde lekam ville effektivt ha hindra all utbreiing av kristentrua. Dei fann aldri den kroppen. Dei klarte aldri bevisa sine teoriar. Men det klarte Jesus. Ved å visa seg, beviste Han si oppstode. (Ap.1,3) Gang på gang openberra Han seg for dei. Sigerherren over døden, var interessert i dei levande. Og møta med Den oppstandne forandra dei Han møtte. Og ikkje berre dei, men desse forandra Jesusvenene hadde ein forunderleg evne å forandra andre. Dei vart ustoppelege «brannfaklar» som tennte nye i brann for Jesus. Nokre hundre år etter påska i Jerusalem, var store delar av den då kjende verda «berørt». Og verken tid eller æva vil vera i stand til å fjerna konsekvensane av Jesu død og oppstode. Det store spørsmålet for alle menneske vert ganske enkelt: Er du ein del av dette? For Bibelen har inga lære om «frelsesautomatikk» for alle, men inviterer oss til personleg å ta imot det Gud tilbyr oss: Jesus. Den gåva kan framleis forandra både oss og verda. ØyNytt 2/14 7

BARNE OG UNGDOMSSIDER På Plussklubben med hjarte for borna Ein onsdag i månaden er Linn Andersen på plass på Oen bedehus for å lage til Plussklubb for born i alderen 5.-8. klasse. «Det gjer meir energi enn det tar!» Tekst og bilete: Hogne Berland Idéen til Plussklubben fekk ho då ho såg at mange born forsvann ut av kristne lag og fellesskap då dei kjente seg for gamle for søndagsskulen. «Det fanst jo nokre lokale lag for born i tweens-alderen i Øygarden, men eg tenkte at det hadde vore bra å samle born på tvers av kommunen», seier Linn. «Mange reiste på leir, men det var jo berre eit par gongar i året. Kva med ein «leirkveld» i månaden? Kanskje kunne vi på denne måten få eit kristent miljø for denne aldersgruppa som kunne verta trygg på kvarandre før dei skulle på ungdomsskulen?». Linn er tydeleg på at hovudmålet til Plussklubben er at borna skal få møta eit fellesskap med fokus Linn Andersen i midten på biletet. på Jesus. «Eg håpar at dei skal få med seg heim både ei positiv oppleving og noko viktig i hjarta.» Mange unge leiarar på leir Det siste året har stadig fleire ungdommar meldt si interesse for å vera leirleiarar på Skjergardsheimen. Det er kjempeflott! Vi kunne rett og slett ikkje arrangert leir utan desse. Tekst og bilete: Hogne Berland Faktisk har så mange ungdomar lyst til å vera leiar på leir at det er eit (luksus) problem å finne leirar nok til alle! Dei unge leiarane er ein stor ressurs. Dei er flinke å leika med borna og har ofte betraktelig meir energi enn dei vaksne leiarane. Samtundes er det imponerande å sjå kor villige dei er til å ta nye utfordringar på strak arm. Utsagn som dette er ikkje uvanlig: «Leda kveldsmøtet? Kvifor ikkje?» eller «Styre dramagruppa? Det har eg ikkje gjort før, men kan godt prøve.» Det er rett og slett inspirerande å sjå. 10. mars var det leirleiarkurs for gamle og nye leirleiarar mellom 13 og 18 år på Skjergardsheimen. Her var 31 unge, lovande samla til kursing, leik og god mat og endå var det ein del som ikkje kunne koma. Dersom alle desse ser for seg ei framtid som leirleiarar, så ser det meget lyst ut! Kanskje kan dei unge vera forbilde for dei vaksne når det gjeld å vera leiar på leir? Det er berre til å stille seg i kø! :) Glimt frå leirdag for 1. og 2. klasse 8 ØyNytt 2/14

Tre år etter oppstarten er det naturleg å spørje om ting har gått slik ein planla og drøymde om. «Det er det sikkert best å spørje borna sjølv om. Men vi ser i alle fall at borna kjem att gong etter gong og at fleire ønskjer å vera leiarar her når dei vert for gamle.» Med 40-50 born på besøk kvar gong kan dei to timane på onsdagskvelden verta travle. «Eg skulle ønska vi fekk endå meir tid saman med kvart enkelt barn. Det er vanskeleg å «sjå» alle når vi er så mange her og programmet er tett. Det er nok optimistisk å tenkja at vi treff alle, men vi ser kvar gong at borna går ut med eit smil om munnen og det gjev oppmuntring til å halda fram.» Det er verdifullt! Og det trengs fleire frivillige rundtom, så eg oppfordrar fleire til å engasjere seg!». Ho trur at fleire har lyst å engasjere seg i frivillig arbeid, men kanskje sit og ventar på spørsmål. «Det er lett for at det er dei same «gamle» som vert spurt igjen og igjen. Men kanskje sit nokon med eit ønskje om å hjelpa ein stad eller starta noko nytt. Då vil eg oppmuntra og sei at det er lov å vera frimodig og stikka seg litt fram. Janteloven gjeld ikkje her!». smiler Linn. I tillegg til sjølve samlingane går det med ein god del tid til planlegging. Kvifor bruke fritida si til dette? «Eg synes det er viktig å legga til rette for at born i alle aldrar får høyre om Jesus. Dersom det skal skje, trur eg vi må møte dei på deira premissar. Eg håpar vi gjer det med Plussklubben. Det handlar om å gje tilbake ved å gje vidare det ein sjølv har fått. Nyhende og informasjon om kyrkja sitt arbeid kan du lesa på www.kyrkja.net Du kan og følga oss på Facebook: kyrkaioygarden ØyNytt 2/14 9

VEKST I 2013 eit utdrag frå årsmeldinga til Den norske kyrkja i Øygarden Vekst I 2013 slutta sokneprest Svenn Martinsen etter 11 års teneste i Øygarden. Ny sokneprest er Espen Sigve Tveten. Han tok til i arbeidet i august. Det var auke i talet på frammøte til gudstenester og til nattverd. Frammøte har auka med 14 % frå 2012 og 15,1 % auke i nattverdsdeltakinga. Guds ord er rikeleg forkynt. Kyrkjelydsbygging har fokus og sterkt står barne- og ungdomsarbeidet. I 2013 starta arbeidet med ny trusopplæringsplan for Øygarden. Den skal gi retning for kristent arbeid i regi av kyrkja for born og unge mellom 0-18 år. Det er stort fokus på samarbeid med lokale forsamlingar og alle som driv frivillig kristent arbeid. 10000 Gudstenestedeltaking og nattverdsdeltaking (personar) 8000 6000 4000 2000 0 7048 7318 8099 8963 1539 1507 1798 2195 2010 2011 2012 2013 Gudstenestedeltaking Offer Nattverdsdeltaking 250 000 200 000 150 000 100 000 50 000 0 228 446 203 874 199 162 176 448 46 800 2010 2011 2012 2013 Offer Gåver Aktivitet og frammøte Når KRIK for 8 klasse og oppover Kvar fredag 20-40 KRIK 18+ Annankvar tysdag 10-15 Barnekantoriet, kor born 2.-7. klasse. Fordelt på to grupper Fredag og tysdag 25 Pluss-klubben, 5. 8. klasse Ein onsdag i mnd 30 40 Tal deltakarar Barne- og ungdomsarbeidet, kor Alle born i grunnskulen i Øygarden får tilbod om leir. Leirane utgjer ein stor del av den eksisterande trusopplæring og vert like viktig når ny plan for trusopplæring vert gjort gjeldande. 208 born og unge var på leir på Skjergarsheimen i 2013. I løpet av ein månad kan kyrkjeleg tilsette møta opp mot 300 400 born og unge i ulike samanhenger, alt frå konfirmant arbeid, kor, ungdomsklubb, foreningar til leirar. Diakonitenesta Diakonimedarbeidaren har ein 40 % stilling. Stillinga rekk ikkje over alt. Ei rekkje frivillige tek ansvar for besøksteneste, eldretreff og den årlege eldreturen som er svært populær. Frivillige Frivillige stiller opp for kyrkja, forsamlingar og i lag og foreningar for born, unge og vaksne. Kyrkja har i overkant av 30 frivillige medarbeidarar til gudstenestene, fordelt etter ein turnus. Det er medliturgar, kyrkjevertar og dei som tek ansvar kyrkjekaffien. Frivillige er og viktige for gjennomføring av leirane. Frivillige medarbeidarar får særleg fokus i åra framover. Skulelaget, 8. 10. klasse Kvar torsdag 20 40 Ungdomsklubben Refuel, 8 klasse + Annankvar laurdag 40 50 Ahava kristelege ungdoms klubb, 5. 10. klasse Ein fredag i mnd 10-30 Øyardskoret, vaksenkor Kvar tysdag 12 Gospelteens, kor for born og unge Flest i ldersgruppa 10 13 år Annankvar tysdag 30 Leirane i 2013, total deltaking Gjennom året 208 Kyrkjene og kyrkjegardane Kyrkjene er god stand, bortsett frå Hjelme gamle kyrkje som ber preg av alderdom, sjølv om kyrkja ytre sett ser fin ut. Kyrkjegardane vert haldne i hevd innanfor dei rammer som er tilgjengeleg. I 2013 er det bygd ny kyrkjegard i Hjelme og det er i kommuneplanen for Øygarden sett av eit område for ny kyrkjegard i Blomvåg. Heile årsmeldinga kan lesast på www.kyrkja.net 10 ØyNytt 2/14

KONFIRMASJON 2014 Konfirmantlister Laurdag 3. mai kl. 11 (Blomvåg) Maria Hjeltnes Hellesund Ole Martin Solsvik Kristoffer Jensen Rørvik Sunniva Torsvik Kuven Linn Therese Bareksten Solvang Nathalie Mailin Thuraisingam Carmen Dale Rong Susanne Steinsland Corina Cotei Fredriksen Camilla Sjo Kristian Johannesen Filip Tomic Sofie Torsvik Hermansen Mia Forstrønen Rong Genesis Laurejas Søndag 4. mai kl. 11 (Hjelme) Sandrine Harkestad Sirichai Pattamachuti David Toft Amenya Bjarte Sæle Helene Magnussen Hernar Suzanne Mari Rommetveit Kathrine Madeleine Oppedal Sondre Fjeldstad Eriksen Kristoffer Nordvik Synnøve Algrøy Fjeldstad Kristine-Marie Flåten Emilie Skjold Ingeborg Børve Skjold Laurdag 10. mai kl. 11 (Blomvåg) Celine Langø Turøy Marie Chavarria Nyborg-Christensen Mathilde Solsvik Håvard Sætenes Lyle Stian Nygård Canty Hanne Nygård Smauget Lasse Andersen Petter Rong Mathilde Rong Dale Isabell Dale Heggøy Terje Andre Hagen Sondre Sellevoll Nordtveit Christina Vik Adrian Malmedal Nicolai Dåvøy Martin Olsen Torsvik Søndag 11. mai kl. 11 (Blomvåg) Jan Cato Børmo Myren Jarand Mikal Børmo Amanda Liljegren Rønningen Silje Mari Ekren Sæle Thor Egil Rød Bjørnar Storemark Benedicte Storemark Cecilie Borsholm Vik Leo Blom Youl Amanuel Tesfay Fkreyesus Tesfay Mathilde Otterlei Maria Alette Hellesøy Sander Andre Berg Marx Niks Bujakins Martine Torsvik Bruland Prostiprest Helge Unneland Tekst og bilete: Olav Martin Vik Helge Unneland er ein del av prestetenesta i Øygarden. Som prostiprest arbeider han i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Prostipresten dekkar opp friveker, feriar og går elles inn der det er behov for prest i Vesthordland prosti. Du møter difor Helge både i gudstenester, i gravferder og ved vigsel i Øygarden, når sokneprest Espen Tveten har sine fridagar og feriar. ØyNytt 2/14 11

ØYNYTT ER 40 ÅR (1974 2014) Glimt frå 70-talet 4 1 19 74 20 lehallen Bibelsku døyna il på Søre B il 2014 r p a. 9 tys. 2 kl. 14 1 1 l. k lehallen Bibelsku døyna il på Søre B il 2014 r p a. 9 tys. 2 kl. 14 1 1 l. k Ramona & Tarjei Ramona & Tarjei God underhalding, og lett servering! God underhalding, og lett servering! Kr. 200 per person, Kr. 200 per person, på førehand eller på treffet på førehand eller på treffet Bindande påmelding innan 22. april til Øygarden Frivilligsentral 56 38 20 00 post@oygarden.frivilligsentral Bindande påmelding innan 22. april til Øygarden Frivilligsentral 56 38 20 00 post@oygarden.frivilligsentral Frivilligsentralane i Øygarden, Fjell, Askøy og Laksevåg vil i 2014 arrangere kulturtreff tysdag 29. april. Det blir då fjerde gongen frivillig og underhaldning. sentralane i nettverk vest samarbei I sosiale samanhengar er det der om å gjennomføre dette popu n viktig med mat og god prat. På e ll a leh Bibelsku døynkulturtreffa a lære arrangementet. Kulturtreffet opplever folk at det il B Søresosial påstor 4 tid til båe delar, innimellom har utvikla seg til å bli ein 1vert 0 2 il r p tys. 29. a kl. 14underhaldninga. møteplass med gode kulturopple 1vingar, som mange ser framkl.til.1 Det Det har vorte ein tradisjon å ha Ramona vert lagt vekt på å tilby kultur av kulturtreffa på Bibelskulehallen i & høg kvalitet til eit publikum som Fjell kommune. Dette er m.a. av kanskje har utfordringar med å opp praktiske årsaker. Det er trong for Tarjei søke andre kulturarenaer. Dei som den store hallen, fordi svært mange Godlyst underhalding, opptrer på scena vert handplukka har til å vera med, og ikkje og lettligg servering! av arrangørsentralane i god tid før minst Søre Bildøyna sentralt i treffet. I tillegg til profesjonelle midten av området nettverket skal aktørar, får m.a. ungdommar frå dekke. I tillegg har dei eit hyggeleg Kr. 200 per person, Ungdommens kulturmønstring vise påvertskap og fine omgjevnader. førehand eller på treffet fram talenta sine. Både skjemt og Dersom nokon har spørsmål eller Bindande påmelding innan 22. april om alvor i god blanding. Me har vore så har lyst på meir informasjon Frivilligsentral heldige å få Ramona Sulen til å leie til Øygarden kulturtreffet 2014 vil frivilligsentra 38 20 00 svare og informere. programmet til våren. lane56med glede Tema i 2014 vert 200 års jubileetpost@oygarden.frivilligsentral Tilstellinga er open for alle som for den norske grunnlova. Dette vil har lyst og høve til å ta del 29.04.14 koma til syne både i kostymer, pynt kl. 11 14. 12 ØyNytt 2/14 lehallen Bibelsku døyna il på Søre B il 2014 r p tys. 29. a kl. 14 1 kl. 1 Ramona & Tarjei God underhalding, og lett servering! Kr. 200 per person, på førehand eller på treffet Bindande påmelding innan 22. april til Øygarden Frivilligsentral 56 38 20 00 post@oygarden.frivilligsentral

Lukas Eikeseth Jenny Marie Rong Kausland kyrkje 5.04.09 Kris Nicholas Forland Laurits Revne Klepsvik Fillip August Breivik Kvilhaug Mathilde Vilhelmsen Martin Kobbevik Fjellanger Sund kyrkje 8.04.09 Benjamin Finsås Januario Kalunga Remy Kristoffer Halvorsen Sjursen Fjell kyrkje 12.04.09 Aron Arnt Vatne Loen kirke 12.04.09 Tobias Sande Kausland kyrkje 13.04.09 Lasse Leander Skagen Helland Sebastian Kallestad Iversen Sofie-Malene Guleng Lie Hovin kirke 19.04.09 Tuva Øvretveit Revhaug Kausland kyrkje 3.05.09 Birk Frostad Stensrud Kjøp kjapt, trygt og billig Søre Sæle Tlf. 56 38 71 20 Elisabeth Kleppe, f. 1912 Karin Margrethe Jakobsen, f. 1954 Inger Hausberg, f. 1938 Sveinung Høvik, f. 1940 Harald Henry Jacobsen, f.1946 Nelly Fauske, f. 1917 Kirsten Bjøntegård, f. 1912 TIL MIN VEN Ynskjer å gleda deg med denne anemone som Gud har signa rikt med eit hjarte i si krone. Når livet synest trist med berre gråversdagar - lat tankane få dansa gjennom anemonehagar. -ingalis Mand fred kl.07.00 23:00 Lørdagar 08:00 21:00 Melding om dåp: Alle medlemer av Den norske kyrkja får tilsendt ei helsing med orientering om dåpen straks prestekontoret får fødselsmelding. Av praktiske grunnar ynskjer vi melding om dåp seinast 14 dagar før dåpsgudstenesta. Vitjing i heimen: For dei som ikkje kan koma til kyrkje, kan presten halda nattverd i heimen. Det same gjeld om nokon ynskjer samtale/sjelesorg eller skriftemål. Ver frimodig og ta kontakt. Prestane har teieplikt. Sentralbordet er ope: Onsdag... Tysdag og fredag... Telefon: Sentralbord... Telefaks... Diakonen Det... er vi Kapellanen... som bygger Kyrkjeverja... Øygarden Kausland kyrkje... kl. 11.00-14.00 kl. 09.00-14.00 Du kan ringe direktenummer eller mobil også utanom desse tidene. 56 31 90 80 56 31 90 81 56 31 90 82 56 33 90 83 56 31 90 84 Soknepresten... 56 31 90 85 Kyrkjeverja: Soknepresten: Diakonen: 56 33 86 89 arne.m.engelsen@sund.kommune.no harald.gronnevik@sund.kommune.no anette.r.bornes@sund.kommune.no Private telefonar: Harald Grønnevik... sokneprest Måndag er presten sin fridag. Arne Martin Engelsen... kyrkjeverje Anette Rakli Børnes... barne- og ungdomsdiakon Natalia Medvedeva... kantor Rønnaug Fjøren... kontorsekretær Gunnar Langeland... 56 33 71 04 56 33 12 42 mobil 908 94 530 mobil 482 72 672 mobil 412 80 264 56 32 13 44 56 33 92 62 kyrkjetenar Tlf. 56 / 38 kyrkjegardsarbeidar 28 00 - Fax 56 38 mobil 28997 0972 276 Egil Fosse Adr.... Pålsneset, 5337 Rong56 33 73 18 kyrkjegardsarbeidar / gravar mobil 906 69 191 Torbjørg O. Bakke www.th-bygg.no... 56 33 90 26 leiar Sund Sokneråd Aslaug Flatråker... 56 33 82 33 kyrkjetenar Kausland Vest Modul AS PRESTETENESTA I SUND 5336 Tjeldstø Kontakt med prest måndag - fredag kl. 08-17: 922 18 817 Tilbygg Normann 958 19 905 Utanom desse tidene kan ein ved akutt behov for presteteneste som ikkje kan vente, bruke beredskapsordninga Ingvard 958 10 967i Rehabilitering prostiet (sjå nedanfor). Nybygg Montering og utleige av brakker Trelastlager Tjeldstø BEREDSKAPSORDNINGA I PROSTIET I tidsrommet 17.00-08.00 på kvardagar, og i helgane/ høgtidene frå kl. 08.00, er det alltid ein prest i beredskap i prostiet. Ved behov for teneste frå prest, tenester som ikkje kan vente (dødsbod, soknebod om døyande, sjelesorgstøtte i kritiske situasjonar), skal ein ta kontakt med vakthavande prest på: 954 83 655 Sund Sokneblad Ditt begravelsesbyrå på Sotra. Oppfølgning og veiledning i en tung og vanskelig tid. Vi dekker hele Fjell, Sund og Øygarden Utgjevar: Sund Sokneråd TLF 56 32 08 90 hele døgnet Skjenet 4, 5353 Straume ( samme hus som Ligningskontoret ) Adresse: Gamle Kyrkjeveg 17 5378 Klokkarvik Konto: 3000.15.98194 Kontingent: 150 kr pr. år Redigering: Olai Otterå Redaksjon: Olai Otterå... 56 33 77 46 Harald Grønnevik.. 56 33 71 04 sund.sokneblad@hjemme.no Trykk: Grafisk Trykk A/S, Straume Opplag: 2.400 Tlf.: 56 38 24 40 Fax: 56 38 24 41 Mobil: 928 41 790 E-mail: post@oygarden-elektriske.no ØyNytt 2/14 13

med 1000m 0m 2 salgsflate i Rong Senter - Ei rein og skjær handleglede ved havgapet! Revisjon & regnskap Kontakt oss på tlf: 56 38 72 70, eller se mer informasjon på www.fagrevisjon.no Fag Revisjon AS, Bølgekraftvegen 1, 5337 RONG, firmapost@fagrevisjon.no Fisk - og ferskvarespesialisten Innholdsrik betjent ostedisk Velsmakende varm mat Fristende frukt og grønt Nydelige nystekte bakervarer Herlig salat - og fruktbar Ope Måndag måndag - - fredag kl. 8-22, 8-21, Laurdag laurdag kl. 9-20 9 - Bank i Butikk EUROSPAR Rong tlf. 56 38 71 40 Tlf. 9185 6258 Vi formidlar blomster til innland og utland Rong Senter Telefon:56 38 92 65 VESTGARPostboks 107, 5331 Rong E L E K T R O -din el-kontakt RONG SENTER Eigne prisar for pensjonistar Vi ønsker Langope nye og gamle torsdag kunder velkommen! TIMEBESTILLING 56 38 73 90 Timebestilling: tlf.: 56 38 73 90 Anne Lene og May - Britt Instalasjon industri, bolig Data- og telenett Alarmanlegg Antenne/parabolanlegg Elektroverksted Elektrisk forretning VESTGAR ELEKTRO Møllestykket 21, 5360 Kolltveit T: 400 30 210 post@vestgarelektro.no www.vestgarelektro.no Øygarden hud & kroppspleie skiſter navn til LT hudpleie Tlf. 56 38 50 00 Vakttelefon: 922 34 062 www.torsteinsvik.no Og har flyttet til Ågot es helsehus. Følg oss på facebook. Velkommen til nye lokaler! Tlf 5638 9515 Stort utval av godbiter fra vårt kjøkken Moderne bilverksted m EU/kontroll Reparasjon av alle bilmerker V askehall Kaffiavtale Gass BLOM SERVICESENTER AS 5331 RONG - tlf. 56 38 72 80 Godkjent bilverksted - vi utfører alt det praktiske eller tilrettelegger for pårørende som ønsker å gjøre noe selv Knut Helge Espen Elin Mikkelsen Heine Tom Polden Polden Berntsen Polden Wilson Døgntelefon: 55 21 44 50 mobil: 917 51 700 AVD. BERGEN Teatergt. 20 5010 Bergen Tlf: 55 21 44 50 AVD. SOTRA 2.etg på Shellstasjonen 5353 Straume Tlf: 55 21 44 50 14 ØyNytt 2/14

TIL LUKKE! 70 år 13. april Grethe Karin Troland, Buldrelivegen 3 14. april Alvhild Berit Hernar, Haugevegen 42 14. april Harald Bjørn Rong, Moldbrekkene 19 18. april Sigrun Åshild Toft, Vestrevegen 1 19. april Oddny Karin Lyngøy, Veslevarden 45 4. mai Aud Herdlevær, Herdleværvegen 80 7. mai Kristen Karl Heggøy, Tuevegen 11 26. mai Einar Kjell Fjeldstad, Grønhaugvegen 137 29. mai Audun Martin Torsvik, Holevegen 4 75 år 2. april Jorunn Nygård, Knappestigen 19 4. april Bernt Malvin Herdlevær, Løtevegen 27 15. april Magnar Normann Svellingen, Svellingen 24 27. april Oddbjørg Maria Ebbesen, Løtevegen 99 1. mai Kåre Rong, Hanelen 18 GUDSTENESTER 6. april Hjelme kyrkje kl. 18.00 Ungdomsgudsteneste v/ Espen Tveten. Gospel teens deltek. 10. april Hjelme kyrkje kl. 19.00 Samtalegudsteneste med konfirmantane v/ Espen Tveten. 13. april Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Høgmesse v/ Espen Tveten. Nattverd. 17. april Hjelme kyrkje kl. 11.00 Nattverdsgudsteneste v/ Helge Unneland. 18. april Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Langfredagsgudsteneste v/ Helge Unneland. 20. april Hjelme kyrkje kl. 11.00 Høgmesse v/ Espen Tveten. Dåp. Nattverd. 21. april Blomvåg kyrkje kl. 19.00 Kveldsgudsteneste v/ Espen Tveten. Nattverd. 27. april Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Høgmesse v/ Espen Tveten. Dåp. Nattverd. 3. mai Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Konfirmasjonsgudsteneste v/ Espen Tveten. 4. mai Hjelme kyrkje kl. 11.00 Konfirmasjonsgudsteneste v/ Espen Tveten. 10. mai Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Konfirmajonsgudsteneste v/ Espen Tveten. 11. mai Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Konfirmasjonsgudsteneste v/ Espen Tveten. 17. mai Hjelme kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste v/ Helge Unneland. 17. mai Blomvåg kyrkje kl. 12.30 Gudsteneste v/ Helge Unneland. 18. mai Hjelme kyrkje kl. 11.00 Høgmesse v/ Helge Unneland. 25. mai Blomvåg kyrkje kl. 11.00 KRIK-messe v/ Espen Tveten. Refuel og KRIK deltek. 29. mai Vik bedehus kl. 11.00 Gudsteneste v/ Espen Tveten. 1. juni Hjelme kyrkje kl. 11.00 Jubileumsgudsteneste v/ Espen Tveten. Song av Kristine Guldbrandtsen. Dåp. Nattverd. 80 år 4. april Bjarne Bøkevoll, Tjødnarvegen 2 5. april Marie Margrethe Venøy, Nygardsvegen 8 19. mai Ingvald Martin Vik, Dalekletten 12 85 år 25. april Mathilde Andora Dale, Dalevegen 55 26.mai Eugen Roald Strømsnes, Svintræ 1 90 år 13. april Johannes V. Oen, 25. april Bertha Solbakk, Straumvegen 14 25. april Magnus Hellesund, Sæløyvegen 159 3. mai Ragnar Rasmus Sæle, Sælevegen 55 6. mai Ovidia Bergljot Jensen, Hjelmevegen 151 27. mai Inger Helene Oen, Særberget 47 95 år 4. mai Marie Andrea Hoddevik Sæle, Krokane 1 DØYPTE Blomvåg Nikolai Tresvik Ellingsen, Rossnesvegen Liam Bergsvik Gjelsvik, Vågsbotn Naod Tesfay Ammanuel, Knappevegen Aiden Dale Foldnes, Kolltveit Marie Sæther Rong, Arsettunet Casper Træen Ingebrigtsen, Ågotnes Hjelme Marius Langeland Rustad, Rossnesvegen DØDE Blomvåg Sandra Blom, Blom f. 1960 Johanna Ågot Torsvik, Rong f. 1928 Reidar Johan Toft, Toft f. 1930 Konstanse Kårbø, Dale f. 1928 Jensine Toftevåg, Løten f. 1924 Hjelme Jenny Magnhild Hetlevik, Hellesøy f. 1930 Kristen Andreas Fjeldstad, Tednebakkane f. 1918 STILLING SOM KYRKJELYDSPEDAGOG Frå 1. august 2014 har Øygarden kyrkjelege fellesråd ledig stilling som kyrkjelydspedagog i 100 %. Fullstendig utlys ingstekst er å finna på vår heimeside: www.kyrkja.net Øygarden kyrkjelege fellesråd Eldreturen 2014 vert 11. juni Påmelding først etter at programmet er annonsert. Ingen påmelding no. ÅGOTNES TANNHELSETEAM Tannlegene Benedikte Kolbeinshavn og Sissel Blom Vi tar imot gamle og nye pasienter! Telefon: 96 90 44 00 Ågotnes Tannhelseteam Ågotnes Helsehus Skjærgardsvegen 1374 5363 ÅGOTNES Telefon: 96 90 44 00 www.tannhelseteam.as post@tannhelseteam.as ØyNytt 2/14 15

Den norske kyrkja i Øygarden Returadresse: ØYNYTT Boks 144 5331 RONG B ØyNytt kyrkjeblad for Øygarden Ansvarleg redaktør: Olav Martin Vik I redaksjonen: Hogne Berland, Olav Martin Vik, Kari Sandøy Rong, Espen Tveten og Anders Vik Kontingent: Min. kr 125, innan kommunen Min. kr 175, utanom kommunen Takkeannonsar: kr 100, Kontonr. 3628.07.02557 Trykk: Bodoni Distribusjon i Øyg. Sanden budservice, tlf. 456 13 416 GLIMT FRÅ GUDSTENESTER Miljømerket trykksak 241 699 MILJØMERKET 699 241 Trykksak Kyrkjekontoret: Ekspedisjonstid: Måndag fredag: 09.00 15.00 Besøksadresse: Rong senter, 2. etasje Postadresse: Boks 144, 5331 Rong Telefon: 5638 2240 Faks: 5638 2241 Vakttelefon prest: 5638 2244 kontor@kyrkja.net Nettside: www.kyrkja.net Facebook: Kyrkja I Oygarden Staben: Kyrkjeverje Olav Martin Vik kyrkjeverje@kyrkja.net Tlf.: 5638 2244 / 9326 4400 Sokneprest Espen Tveten Tlf.: 5638 2244 sokneprest@kyrkja.net DÅP MED INTERNASJONALT PREG. Søndag 16. februar var det dåp med internasjonalt preg i Blomvåg kyrkje. Vesle Naod Tesfay Ammanuel vart døypt. Foreldre er Simret Yohannes Ghedel og Tesfay Ammanuel Mengesha. Familien kjem frå Eritrea og bur no i Øygarden. Familien deltok og ved tekstlesinga i gudstenesta. Det var sokneprest Espen Tveten som døypte Naod. Bilete: Olav Martin Vik Kontorleiar Kari Sandøy Rong kontor@kyrkja.net Barne- og ungdomskonsulent Hogne Berland pedagog@kyrkja.net Kantor Anne Lise Grøm kantor@kyrkja.net Tlf.: 9188 1208 Diakonimedarbeidar Bjørg Blom diakon@kyrkja.net Tlf.: 4781 6181 Blomvåg kyrkje Kåre Kristoffersen Kyrkjetenar/kyrkjegards.arb. Tlf.: 9110 5197 Hjelme kyrkje Janesh Amenya Kyrkjetenar/kyrkjegards.arb. Tlf. 9582 3472 Blomvåg kyrkje: 5638 7022 Hjelme kyrkje: 5638 8030 JUBILEUMSGUDSTENESTE I HJELME KYRKJE. Søndag 23. februar vart grunnlovsjubileet markert i Hjelme kyrkje. Ordførar Otto Harkestad representerte kommunen og Øygardskoret (biletet) deltok med song. Egil Sæle hadde eit historisk tilbakeblikk. Bilete: Olav Martin Vik Råda: Øygarden sokneråd og Øygarden kyrkjelege fellesråd Leiar: Erling Vik Vakttelefon prest: 5638 2244 (dagtid) Beredskapstelefon Kvardager frå kl. 17.00 til neste dag kl. 08.00 og heile lørdag og søndag tlf. 9548 3655. Beredskapstelefonen gjeld for tenester som ikkje kan venta og dødsbod. FAMILIEGUSTENESTE MED VARIERT INNHALD. Sokneprest Espen, Barnekoret «Lyskastaren», Dåpsskulen, Ternholmtunet, Martin Olai Torsvik, Anne Lise Grøm og fleire andre deltok ved familiegudstenesta i Blomvåg kyrkje 16. mars. I overkant av 200 menneske var tilstades på gudstenesta. Presten snakka om Godhet. Bilete: Olav Martin Vik