Ein gong telemarking alltid telemarking!



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Brukarrettleiing E-post lesar

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Plassebakken Barnehage

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1


På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

For utfyllande informasjon om nedbetalingsvilkår, sjå INNHOLD Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Brukarrettleiing. epolitiker

Jon Fosse. For seint. Libretto

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

ehandel og lokalt næringsliv

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf Faks:


Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av bruktbil mellom private

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av bruktbil mellom private

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Med tre spesialitetar i kofferten

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Brødsbrytelsen - Nattverden

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Lønnsundersøkinga for 2014

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Informasjonshefte Tuv barnehage

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for ROSA mars 2015

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Informasjon til elevane

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

mmm...med SMAK på timeplanen

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

«Ny Giv» med gjetarhund

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

INFORMASJON om førestellinga:

5. Soknerådsmøte mai Referat

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Med god informasjon i bagasjen

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

6. trinn. Veke 24 Navn:

I N N H O L D. Forord

Psykologisk førstehjelp i skulen

Transkript:

DIN kundeavis nr. 1/2015 Sparebanken DIN Ein gong telemarking alltid telemarking! HALLVARD FLATLAND Suksess i Åmotsdal SIDE 5 Bø Sommarland 30 år SIDE 6-7 Frå blokk til brygge SIDE 12-13

KJÆRE LESER Kostnaden ved å låne penger i dag er vesentlig lavere enn ved et normalt rentenivå på mellom 6-8 prosent. Forenklet illustrert vil et lån på 2 mill kroner gi en rentekostnad på 140.000 kroner pr år ved 7% rente. Mens ved dagens rentenivå på rundt 3% vil rentekostnaden være ca 60.000 kroner pr år. Altså en differanse på rundt 80.000 kroner pr år. Et lavt rentenivå gir flere muligheter for dem som låner penger. Noen kunder velger å betale ekstra ned på lånet, mens andre bruker differansen til økt forbruk. Noen velger å sette av ekstra midler til pensjonssparing eller annen sparing, mens andre ser en mulighet til å kunne betjene en høyere gjeld for å gjennomføre sine drømmer. Sannsynligvis vil renten være på et lavt nivå i en god tid fremover. Men vi vet at renten på sikt vil normalisere seg. For at du skal gjøre de riktige valgene for deg og din familie, så kan en ide være å ta en prat med din rådgiver. Det vil alltid være andre faktorer som også påvirker valget ditt. For eksempel dagens utvikling i boligmarkedet, økt arbeidsledighet, kronekurs, fallende avkastning på pensjon for å nevne noe. Merverdi og tillit finansbransjen gjør at ingen banker i dag vil makte å tilby de beste vilkårene over tid. Dette vil alltid variere, fra år til år, fra måned til måned og faktisk fra uke til uke. Av de tradisjonelle bankene, så har Sparebanken DIN den laveste boliglånsrenten akkurat nå. De kunder som velger å flytte lånet til oss, vil dermed sannsynligvis få redusert sine rentekostnader. Men det vil antakeligvis ikke vedvare. Fordi på et eller annet tidspunkt så vil en av de 140 andre banker i Norge ha en gunstigere rente enn oss. Vi skal selvsagt ha konkurransedyktige renter. Men viktigst for oss, er å kunne gi deg som kunde en merverdi. Og at det er en tillit, en gjensidig tillit - både i gode og i de mer utfordrende dager. For dem kommer! Enten det gjelder behov for rådgivning fordi livssituasjonen endres. Eller det er av økonomisk karakter. Dette om du er privatkunde, næringskunde eller delaktig i et lag/forening. Da er det godt å ha en lokal bank som har vært her i over 160 år. Jeg ønsker alle lesere en riktig god sommer. Er det ikkje rart? Litt humoristisk og spissformulert. Vi bankfolk liker jobbene våre. Vi blir derfor værende i bransjen, til vi for alle praktiske formål må ut. Med høy snittalder, så regnes jeg antakeligvis fortsatt til å være en læregutt. Selv etter 18 år som bankmann. Litt plagsomt, men sant. Gjennom årenes løp har jeg observert at det er liten forskjell på oss banker, fordi bransjen er veldig transparent. For kunden ligger forskjellen i den relasjon og tillit det er til rådgiveren. Og den merverdien rådgiveren og banken evner å gi deg som kunde. Pris og renter har vært, og er nok viktig for deg som kunde. Forståelig nok. Konkurransesituasjonen i Sparebanken DIN Postboks 114, 3833 Bø i Telemark Tlf. 35 06 09 00 / 35 06 57 00 firmapost@sparebankendin.no www.sparebankendin.no Opplag: 14 300 eks. Utgjevar: Sparebanken DIN Ansvarleg redaktør: Harriet Slaaen Design: Reklamebyrået Superlativ Forsidefoto: Torbjørn Tandberg Trykk: Erik Tanche Nilssen Med positiv hilsen Ben Roger Elvenes, adm.banksjef Av de tradisjonelle bankene, så har Sparebanken DIN den laveste boliglånsrenten akkurat nå. INNHALD nr. 1/2015 Ny avdelingsleiar... side 4 Suksess i Åmotsdal... side 5 Vannvittig moro sidan 1985... side 6 Stor jubel hjå gåvemottakarar... side 8 Automatisering /Digitalisering... side 10 Bø Orienteringslag... side 11 Systemblokk AS frå blokk til brygge... side 12 Ungdom og bil... side 14 Jan Ludvig Andreassen... side 15 Rart at ein gong telemarking alltid telemarking! Eg flytta frå trygge omgjevnadar i heimfylket til store og ukjende Oslo så langt attende som i 1979. Sidan blei det Asker og Bærum. Så då skulle ein kanskje tru at ein fotballgalen fladdøl ville byrja å heie på Vålerenga eller Stabæk? Men nei då. Dialekten skiftar eg rettnok inn og ut kvar gong eg passerar Meheia, men det er og blir Odd, Notodden, Skarphedin og Seljord som ligg mitt hjarte nærmast! Det er kanskje litt rart etter så mange år? Slik er det også med banken. Eg kan ikkje ein gong hugse når eg fekk den fyrste kontoen min i Seljord Sparebank, men det var i alle fall etter andre verdskrig, etter at me fekk straum og etter at me fekk telefon. Men neimen om eg er sikker på at det var etter at me fekk fjernsyn. Uansett det er som med fotballen ein gong lokalpatriot, alltid lokalpatriot. Rett nok vart eg litt skeptisk då eg høyrde om fusjonen med bøhæringane, men så lenge Nils og dei andre eg er på fornamn med i Seljord, held fram som før, vel eg å tru at frykta er ugrunna. Val av bank handlar ikkje minst om stikkord som tillit og enkelt. Det har ikkje vore mangel på gode tilbod og store ord frå andre bankar opp gjennom åra. Sjølv om eg ikkje trur det, kan det godt henda at eg kunne fått betre vilkår og renter andre stader. Men ville eg vore på fornamn med heile DnB, Nordea eller Danske Bank? Sjølvsagt ville eg ikkje det! Og det har sin verdi. Sin store verdi for meg personleg! Rett nok gjeng det litt sport i det å vera lokalpatriot, meiner eg. Men når alt kjem til alt, handlar det om kva som er best for meg som bankkunde. Og det svaret trur eg stend ganske klart for dei aller fleste nå. Hallvard 2 DIN kundeavis - nr.1/2015 DIN kundeavis - nr.1/2015 3

KJERSTI MARGIT SKAALEN Ny avdelingsleiar Ved årsskiftet starta Kjersti Margit opp som avdelingsleiar på Åmot-kontoret. Noko vi alle med glede har merka oss! Den trillande latteren og det gode humøret hennar skapar kjempestemning i banklokalet på Fristadsenteret, og ikkje mindre enn 29 års allsidig bankerfaring kan ho skilte med! Ho har vore borte i dei fleste av arbeidsoppgåvene innanfor bank: rekneskapsførsel, kasse, edb-ansvarleg, rekneskapssjef, avdelingsleiar, nærings- og kundebehandlar privat. For fem år sidan fekk ho for seg at ho ønskte å prøve seg i eit anna yrke enn bank. Johre Revisjon blei arbeidsstaden. «Trivelege år var det, men eg er veldig nøgd med å få jobbe i bank att», fortel Kjersti Margit. Kjersti Margit kjenner Vest-Telemark svært godt. Oppvaksen på Dalen som ho er, visstnok ein kjempeplass å vekse opp på. Far hennar dreiv forretningar på Dalen, så ho var heldig å få tidleg jobb, laurdagsjobb og ved skulefri. Vistad Landhandel var arbeidsstaden frå ho fylte 12 år. Timelønn og lønningspose kvar månad. Stas! NY mobilbank! Sparebanken DIN v2 til din smarttelefon. Med SnapCash betalar du via mobil og pengane kjem på konto med ein gong. Betale rekningar og godkjenne efaktura direkte på mobilen. Full oversikt, og enkel tilgang til sperring av kort, fond, spareavtaler, forsikringar og kredittkort. I 1991 flytte ho frå Dalen, saman med Martin og borna, til garden Kallåk i Mannås i Vinje. Borna, Ann Kristine og Geir Halvor har flytt ut, så no er det mann og dei firebeinte som får fokus i kvardagen. På garden satsar dei, og i februar i år flytte ammekyra (Herford) inn i nytt fjos. Ein del timar til planlegging/vurdering og sjølve bygginga av fjoset har det blitt, men med god hjelp av Telebygg Bratsberg og Mæland til å setje opp sjølve bygget, har det gått bra! No når det er vår, er det sannsynleg at du vil finne Kjersti Margit i blomsterbedet, der ho har ein kamp med ugras og mose. Ho likar veldig godt denne tida og ventar på at Rododendron skal blomstre. Har 29 stk. med store og små. Leo (sjølvsagt Chow-chow), han ligg nok berre og ser på når ho lukar, og Tassen, han hjelper på sitt vis. Både med graving og tek fingrane når ho held på. Kjersti Margit håpar ho får sjå fleire av sine gamle kundar i den nye jobben sin. Tanja og Vincent skryt av god service og oppfølging hos bedriftsrådgjevaren sin, Irene Særsland i Sparebanken DIN. Suksess i Åmotsdal Nærbutikken i Åmotsdal - Ein daglegvare med litt meir! I desember 2009 opna Tanja og Vincent frå Nederland dørene for kundane i Åmotsdal Daglegvare AS for fyrste gong! Ein draum heilt tilbake til 2002 hadde blitt ein realitet! Alt starta med ein ferietur i Noreg i 2002. Tanja og Vincent undra seg allereie fyrste kvelden i Noreg: Går det verkeleg an å bu slik! Så vakker natur, mykje plass og så stille.. Heime i Nederland opplevde dei eit tettbygd land med millionar av innbyggjarar og mykje industri. Dei tok med seg dei gode og framande opplevingane frå Noreg heimatt til Nederland, gjekk i tenkeboksen og enda opp i Åmotsdal sju år seinare, som butikkdrivarar. Dei jobba begge som miljøingeniørar i Nederland, ein jobb dei såg ikkje var så lett å halde fram med i Noreg, utan å busette seg i ein av landets største byar. Det ønskte dei ikkje! Dei byrja då å leite på nettsidene til Placement etter ledige jobbar. Der såg dei at åmotsdølingane søkte etter butikkdrivarar i Åmotsdal. Annonsen vekte interesse hos Tanja og Vincent. Dei valde å Fakta Åmotsdal Daglegvare AS Kjede: Nærbutikk, NorgesGruppen Etablera: Desember 2009 Eigarar: Varene er 100 % eigd av Tanja Sluijsmans og Vincent Constantijn t Hart Omsetning 2014: 5 mill kroner ta ein rekognoseringstur til Åmotsdal januar 09 og opplevde eit særs positivt møte med initiativtakarane. Dei bestemte seg: «Dette vil me prøve å få til»! Butikkdrift kunne dei ingenting om og lite visste dei om kva Ola Nordmann ville ha! Ei kunne dei det norske språket! Og kva lokale skulle dei drive butikken i? Lokalbefolkninga mobilserte og etablerte Åmotsdal Næringsbygg AS - byggeprosess og butikkprosess føregjekk parallelt ein kjempestyrke. I dag er det full aktivitet i butikken, både hyttefolk og innbyggjarane er flinke til å bruke han. Ikkje så rart, butikken bognar av lokale spennande produkt, breitt varespekter og aller viktigast: innehavarane Tanja og Vincent. Kundane blir møtt med vennleg smil, ein føler seg varmt velkommen og god service blir ytt. Sparebanken DIN gratulerer dei så mykje med suksessen! Det er ikkje alle nærbutikkar i så små bygder som klarer seg så godt. 4 DIN kundeavis - nr.1/2015 DIN kundeavis - nr.1/2015 5

VANNvittig moro sidan 1985! Mykje har skjedd i Bø sidan Sommarland opna portane for fyrste gong i 1985, både i og utanfor parken. Over 5 millionar gjester har tatt turen, og forhåpentlegvis blir det mange fleire i åra som kjem! Det var i mai 1984 at Bjørgulf Stavenes, tidlegare næringskonsulent i Bø kommune, kom på den sprø ideen om at midt i granskogen i Bø i Telemark ville det passe godt med ein vasspark. Det er mange namn som også bør nemnast for kva som skjedde vidare, men i denne samanheng nøyer vi oss med å seie at det var store krefter som blei sette i gang, og at utan velvilje frå kommunen og turist- og handelsnæringa ville nok parken aldri sett dagens lys. Vannvittig moro Westernby, fiskedam, TV-sendingar, spelehall, motorbåtar, seter og timbershow, det er mykje som har kome og gått i parken. I dag kan vi skilte med attraksjonar i verdsklasse, som Flow Rider, Halfpipe n, Vassføyka og Magasuget. Her er det noko for alle, enten ein vil slappe av på ei solseng eller prøve seg på nokre av dei halsbrekkande vassattraksjonane. Det viktigaste er at alle kosar seg i parken og har det «vannvittig moro»! Bursdagsfeiring I sommar inviterer Sommarland til ei storslegen bursdagsfeiring på Bø torg laurdag 27. juni, der blant andre Sparebanken DIN er sponsor. Vi har invitert gamle sommarlandheltar som Tor Erik Gunstrøm, Halvor Kleppen og Melvin Tix, og dei vil underhalde med gode forteljingar om historia til parken. Det vil også vere showsprint i Bøgata, konsert, barneaktivitetar og mykje meir. Alle er velkomne, både til bursdagsfeiring og til å besøke Bø Sommarland i sommar! I heile sommar får kundar av Sparebanken DIN 20% rabatt på billettar til Sommarland! SPDIN15 Bruk rabattkoden over ved bestilling av billettar på sommarland.no KUNDERABATT 6 DIN kundeavis - nr.1/2015 DIN kundeavis - nr.1/2015 7

Stor jubel hjå gåvemottakarar SPAREBANKSTIFTINGA SELJORD 17.mai komiteen i Seljord...5 000 17.mai komiteen i Åmotsdal...5 000 17.mai kommiteen i Flatdal...5 000 Betel Juniorgruppe/ Betel Sundagsskule...3 000 Flatdal Barnelag...3 000 Flatdal Bygdeutviklingslag...5 000 Flatdal IL...20 000 Flatdal Skule...5 000 Flatdal Skulekorps...5 000 Granvin Kulturhus As...10 000 Hvitebusser,10. kl 2015/16 Seljord U.skule...3 000 Kivledalen Løypelag...4 000 Moen Foreldrelag...3 000 Prosj. Gruppa Tour of Norway Møtestad Seljord...5 000 Runningen Aktivitet og leik...3 000 Seljord Folkemusikklag...3 000 Seljord Idrettslag...100 000 Seljord jakt og fiskelag...5 000 Seljord kyrkelig fellesråd...20 000 Seljord Skyttarlag...5 000 Seljord Sogelag...5 000 Seljord Songlag...10 000 Seljord Turlag...10 000 Sigurd Telnes og Sara F.Aase...15 000 Støttegruppa for Blengsdalen snowboardpark...4 000 Svartdal Sundagsskule...3 000 Telemark Karate...5 000 Tusseleiken...5 000 Åmosdal Sogelag...5 000 Åmotsdal Idrettslag...20 000 Det er med stor glede at Sparebankstiftinga Bø og Sparebankstiftinga Seljord presenterar mottakarane av gåvemidlar for 2014. Til saman vert det delt ut gåver til 64 lag og organisasjonar til ein samla verdi på nær kr. 900.000.- Gåvemidlane er stiftingane (eigarane av Sparebanken DIN) sin måte å gje attende overskotet til allmennyttige føremål i lokalsamfunnet. Tilbakemeldingane vi får er at dei summane som vert gjeve, er av stor verdi for den enkelte mottakaren. Bø Løypelag mottok kr. 200.000,- av Sparebankstiftinga Bø, og Bø KFUM/KFUK, Speidargruppe mottok kr. 50.000,-. Foto: Øystein Akselberg, Bø Blad Gåvemiddel til kunstgrasbane på Eventyrøy Eg må igjen takke dykk så mykje for gåva. Dette var veldig bra for oss, i tillegg til velviljen de har vist ved å gje oss nedbetalingslån og byggelån. Prosjektet er kostnadsrekna til 12,8 mill.kr. og er avhengig av at vi får 30.000 m3 med steinmasse av Statens Vegvesen frå tunellen Århus-Gvammen gratis tilkøyrd for å sikre mot flaum. Vi reknar med å starte opp rett etter Dyrskun med å ta bort matjorda frå hovudbanen, slik at banen er klar til å ta imot tunellmasse 1. oktober. Går alt etter planen, står kunstgrasbanen inkl friidrettsbane klar sommaren 2016. Prosjektgruppa som har stått på for å få dette til, er nå klare til å gjennomføre prosjektet. Tellef Solås Leiar, Seljord IL SPAREBANKSTIFTINGA BØ Oppheimjordet velforening...10 000 Norske Redningshunder Midt-Telem. Lag...20 000 Eikjabygda Vel...10 000 Seniornett Bø...10 000 Bø Frivilligsentral...20 000 Ungdomsklubben FredagsBit...5 000 Telemark Folkemusikklag Ung folk...20 000 Bø orienteringslag...5 000 Barnas Jubeldøgn...5 000 Bergenåsen Vel...10 000 Folkestadgrenda Vel...10 000 Skarhedin Fotballgruppe...30 000 Bø kyrkjekor...10 000 Barnekora i Bø...10 000 Bø Røde Kors...8 000 Skarphedin Langrenn...10 000 Barneidretten iil Skarphedin...15 000 Stiftelsen Telemarkfestivalen...10 000 Stiftelsen Telemarkfestivalen...10 000 Bø Løypelag...200 000 Sangkoret AKANTUS...5 000 Hallo Venn Bø Pinsemenighet...15 000 Friskis &Svettis Bø...7 000 Bærekraftige liv i Bø...10 000 Stiftinga Bø Prestgard...20 000 Telemarksgruppa i Skarphedin...10 000 Bø skulemusikk...15 000 Borgjalia Vel...10 000 Forberg Vel...10 000 Nordbøåsen Vel...10 000 Flatin og Valen grendehage...10 000 Bø KFUK KFUM, speidargruppe...50 000 8 DIN kundeavis - nr.1/2015 DIN kundeavis - nr.1/2015 9

Illustrasjon: Disney Automatisering Digitalisering Sparebanken DIN og dei resterande Eika-bankane følgjer generelt den norske banknæringa når det gjeld å følgje opp alle dei nye, moderne løysingane innanfor banksystem. Eika Gruppen AS har sitt hovudsete i Oslo og har som mål å levere til Eika-bankane og kundane deira: ENKLE, FRAMTIDSRETTA, TRYGGE OG LØNNSAME BETALINGSTENESTER Dette leverer vi dagleg til både bankane og bankkundanes beste. Sjølve digitaliseringa, som dekker generell sjølvbetening som nettbank, mobilbank, app osb, blir supportert og levert mest frå Eika Gruppen sentralt. Medan automatiseringa er ofte noko kvar enkelt bank tek initiativet til sjølv. I banknæringa generelt jobbar kvar enkelt bank hardt for å kunne ta ut ei gevinstrealisering på bakgrunn av nye enkle og effektive løysingar. Sidan i fjor haust har eg fått lov til å delta i eit prosjekt i regi av Sparebanken DIN for å sjå på automatisering ved banken i Seljord. Føremålet er også her å ta ut ein gevinst, slik at kunderådgjevarane i banken får ta seg betre tid til kvar enkelt kunde. Kunden vil alltid stå i sentrum, og for banken er det viktig å kunne tilby rette produkt og tenester til kvart enkelt kundebehov. I tillegg skal banken ha forskjellige tilbod og dekke heile den store kundemassen, frå barn, ungdom, vaksne, pensjonistar, og ikkje minst næringslivskundar. Difor ønskte banken å endre på rutinane når det gjeld kontanthandtering. Banken blir ikkje kontantlaus, men kasselaus. Det vil seie at banken berre endrar noko på bruksmønsteret for kontantutdeling. Frå Eika-gruppen sentralt er det viktig å kunne bidra i slikt prosjekt, slik at vi kan sjå dei lokale behova, som kan vere svært ulike frå bank til bank. Alle slike endringar vil skape diskusjonar og frustrasjon, både i banken og kanskje aller mest hos bankkundane. Men eg trur nok at etter ei viss tilpassingstid vil dette vise seg å vere til fordel for både banken og kundane. Sjølve ordet automatisering av kontantar kan nok verke skremmande for mange, men bankpersonalet vil når som helst hjelpe kundane slik at dei kan føle seg trygge med tenestene. Bankens største ønskje er at kundane skal få tilbod om dei banktenestene som passar best til behovet hos kvar enkelt kunde. Sparebanken DIN tek dette på alvor og har difor sett på kva ei moderne automatisering vil bety for både dei tilsette i banken og kundane deira. Slik dette prosjektet har jobba og med dei løysingane vi har valt, trur eg det blir suksess for alle partar, kanskje ikkje med ein gong, men på sikt. Vi i Eika Gruppen AS ønskjer Sparebanken DIN lukke til med nye løysingar i Seljord, og trur at banken då kan gje Seljord-samfunnet det same gode banktilbodet som dei allereie har. Ja, kanskje endå betre. Johannes Grini BØ ORIENTERINGSLAG Blir du med oss ut i skogen på leit? Hei, vi er ein gjeng med trimmarar i frå 3 år og oppover til så lenge vi kan «føte» oss, nær sagt. I heile sommarhalvåret og heilt til det ligg litt sno på myrane, kan du finne oss på søk etter dei kvite og raude postflagga. Det er teikna kart forskjellige stader i og rundt Bø, i tillegg til at vi har skule- og sentrumskart både på Gvarv og Seljord. Her blir det lagt korte og lange, lette og vanskelegare løyper for alle. Dei som føler dei vil ha litt assistanse, følgjer vi gjerne saman med rundt løypa. O-sporten har ein låg terskel både på utstyr og i kroner og øre: Du treng fyrst og fremst stødige sko. Ta elles på noko ledig tøy etter veret og resten låner du av oss. Bø O-lag har halde på sidan 1960 og har nå gleda av å vekse i tal på deltakarar, spesielt på treningsløypene våre, som vi går ein ettermiddag i veka på litt forskjellige stader på dei nemnde karta. Vi har nå nærare hundre medlemmer. Likevel ønskjer vi meir enn gjerne fleire velkommen ut i skogen på leit saman med oss. Det gjer jo heller ikkje noko at studiar viser at O-løparar har mindre både psykiske og fysiske helseplager. Vi i Bø O-lag er elles takknemlege for at Bø Sparebank har støtta oss i mange år og nå fortset Sparebanken Din med denne for oss veldig viktige støtta. www.aktiv.hit.no FB: Bø Orienteringslag Leiar Jarle Botnen, tlf. 911 30 694 10 DIN kundeavis - nr.1/2015 DIN kundeavis - nr.1/2015 11

Systemblokk AS frå blokk til brygge I 1978 fekk Asbjørn Buen gullmedalje på to oppfinnarmesser i Wien og Frankfurt med ei bygningsblokk med not og fjør. Vel heime starta Buen, saman med Ivar Hellestad, så smått produksjon av betongblokka. I 1985 starta dei selskapet Systemblokk. Fakta Etablert: 1985 Eigar: Lars Kåre Haugen via Breibekk Holding AS Lokalisert: Skrubbmyra i Bø Omsetning 2014: Om lag 90 mill. kr. Tilsette: Om lag 50 personar Lars Kåre Haugen byrja som tilsett i selskapet i 1987 og blei eigar med rettane til produksjon og vidare utvikling i 1994. Seinare kjøpte han òg bygg i Skrubbmyra. Etter kvart kom det nye og moderne maskinar på plass i produksjonshallen i Bø, og produktspekteret har heile tida blitt utvida innan betongprodukt. I dag vert det produsert inntil 200 tonn sementvarer kvar dag i fabrikken, og ein dags produksjon fyller 8 10 trailerar med ferdigvare. Lars Kåre fortel at selskapet har ein stabil arbeidsstokk med om lag 50 dyktige medarbeidarar. Produksjonen starta med det Lars Kåre kallar pallevarer, der Systemblokka er eit av mange produkt. Alt blir støypt i tørrbetong under trykk og levert på pallar. I seinare år har elementproduksjon blitt viktig. Plattendekke er element tilpassa den einskilde byggeplassen. Desse er sjølvberande, der ein gjer den siste støypen etter montering, og ut- byggar sparar med dette forskaling. Komplette veggelement, der alt er gjort etter mål og spesifikasjonar frå oppdragsgjevar, blir det og levert mykje av. Dette er krevjande produksjon, då alt er klargjort for vindauge, sjakter, framføring av straum og VVS m.m. Marknaden og konkurransen endrar seg fort. Derfor har eg vore veldig opptatt av å finne nye produkt som passar inn, seier Lars Kåre, og viser fram den siste nyskapningen i produktspekteret - brygge i betong. Dei har utvikla eit nytt system for samankopling og forankring av bryggene, som han har stor tru på at vil fungere i all slags ver. 25 brygger er allereie levert. Store hallar med kraner og former tilpassa produksjonen er bygd ut etter kvart, og i 2007 stod nytt flott administrasjonsbygg ferdig. Medan vi blir vist rundt på den store lagerplassen, kjem ein lastebil inn med ny sement frå Norcem i Brevik. Når produksjonen går for fullt, går det med over 35 tonn sement om dagen. Ein annan trailer frå Cato Rekanes Transport på Hørte lastar veggelement som skal til ein byggeplass i Oslo. Lastinga går effektivt med den store trucken til Systemblokk, som løftar heile 35 tonn. Jan Helge Folkestad, ein annan lokal transportør, kjem med ein semitrailer med sand frå Eika-sandtaket levert av Hellestad Sandtak AS. Alle er bevis på dei ringverknadene denne bedrifta har for næringslivet i Midt Telemark. I 2002 fekk Systemblokk AS tiltaksprisen frå Bø Sparebank. Fabrikksjef Arne Bjørn Fossland, dagleg leiar og eigar Lars Kåre Haugen og næringslivansvarleg Bjørgulf Stavenes. 12 DIN kundeavis - nr.1/2015 DIN kundeavis - nr.1/2015 13

Ungdom og bil Sparebanken DIN gratulerer Gro Berit Haugetuft, som akkurat har mottatt kr 5.000 frå Eika forsikring AS. Gro Berit teikna bilforsikring i Eika då ho var 18 år! Køyrt skadefritt i 5 år og kan nå glede seg over å få tilbakebetalt ungdomstillegget. Bruk kredittkort på reise Send SMS med Kredittkort til 03850 og søk om kort i dag. Søk i dag få svar med ein gong! Kredittkort i sommarferien Kredittkort er eit godt alternativ til ditt vanlege bankkort i sommarferien. Det gjev deg ekstra tryggleik både i inn- og utland. - Mistar du kortet risikerar du ikkje at pengar forsvinn frå kontoen din. - Du godkjenner alle transaksjonar i ettertid på faktura, og betalar du i tide, kostar det ingenting ekstra. - Ha full kontroll døgnet rundt i nettbank eller mobilbank - Du får med ei reiseforsikring dersom meir enn 50% av reisa er betalt med kredittkort. - Kredittkortet søkjer du om i din eigen nettbank JAN LUDVIG ANDREASSEN Samfunnsøkonomiske tankar frå sjefsøkonomen i Eika Vi veit at det kan vere dyrt å vere ung og skulle teikne si fyrste bilforsikring. Difor tilbyr vi gunstig forsikring med fleire fordelar. Vi betalar tilbake kr 5.000 av ungdomstillegget når du har køyrt skadefritt i 5 år, viss du teiknar forsikring før fylte 23 år. Vi gjev deg 20% i startbonus, og du opparbeider deg din eigen personlege bonus. Vi vil gjerne hjelpe deg til å finne ei best mogleg løysing på forsikringsbehovet ditt! Ta kontakt med ein av våre forsikringsrådgjevarar: Anne Ingeborg (tlf 90740807), Gro (95426102) og Annette (95271375). NYTT! Kontaktlause kort Alle våre nye kredittkort frå Eika Kredittbank kjem nå med innebygd funksjonalitet for kontaktlaus betaling. Desse er merka med ein liten logo øvst i høgre kant, som gjer at du nå slepp å sette kortet inn i terminalen for små beløp. Du kan bare halde kortet over terminalen, og så har du betalt. Enkelt, raskt og greit for småkjøp du gjer med kort. Sjå etter logoen for kontaktlaus betaling på terminalen når du skal gjere eit kjøp. Dette fungerer også i utlandet, der det kan vere meir utbreidd enn i Noreg. Du vil regelmessig bli bedt om å bekrefte PIN-kode for å sikre at det er du som brukar kortet. Korleis trur du renta vil utvikle seg i tida framover? Renta blir kutta før sommaren, kanskje for siste gong i år. Uansett vil ho gå vidare ned etter kvart som arbeidsløysa held fram med å stige. Nabolanda våre har minimerte renter, og omsynet til kronekursen tilseier at ho gradvis bør nærme seg danske og svenske nivå. Spørsmålet er om rentene blir kutta nok ein gong i haust, eller om vi får kutta spreidd ut over fleire år, slik eg trur. I den seinare tid har arbeidsløysa auka mykje, og dersom ho held fram med å stige i høgt tempo dei nærmaste månadene, vil vi truleg få eit nytt kutt alt før jul. Korleis vil den låge renta påverke husstandane? Mange husstandar vil svare på dei låge rentene med å kutte sparing og auke gjelda si. Særleg for dei som har innskotspensjon kan ei slik tilpassing vere farleg. Fallande renter er også fallande avkastning på pensjonsmidlar. Ønskjer du å oppretthalde di forventa månadlege utbetaling som pensjonist, må du spare meir, ikkje mindre. Auka gjeldsgrad er også ein fare i seg sjølv. Det er liten fare for renteoppgang dei nærmaste åra, men all annan risiko er framleis til stades. Du kan miste jobben, bli skild eller oppleve at barnet ditt blir ufør. Eg vil på det sterkaste oppmode alle som har mykje gjeld om å forsikre barna sine. Kor lang tid ser du for deg nedturen i oljebransjen, og korleis vil denne påverke «Fastlands-Noreg»? Det er nok ein mangeårig nedgang vi har i vente. Bransjen vil framleis vere attraktiv for ungdom, og vi skal produsere olje i minst 50 år til, men dei lettente pengane er borte. Oljeprisen kjem neppe tilbake over 100 USD per fat så langt vi kan sjå framover. Aktiviteten blir framleis stor, men kjem til å falle litt år om anna, truleg fram til 2040. Korleis ser du for deg utviklinga på arbeidsmarknaden (arbeidsløysa)? Arbeidsløysa kan vanskeleg gjere anna enn å stige. Det er inga krise eller krakk i vente, men det er jamt over for liten vekst i verdiskapinga til at ein kan skaffe nye jobbar i same tempo som den yrkesaktive delen av folket veks. 14 DIN kundeavis - nr.1/2015 DIN kundeavis - nr.1/2015 15

Lokal bank, stor tillit. Å ha knakande god rente ja, det kan alle ha. Nå er det visst vår tur. Men bank handlar ikkje bare om pengar eller renter. Det handlar også om tillit. Gjensidig tillit. I både gode og i meir utfordrande dagar. Rettleiande rente frå 2,50% på ungdomslån og frå 2,70% på ordinære bustadlån. Tlf: 35 06 09 00 // 35 06 57 00 firmapost@sparebankendin.no // www.sparebankendin.no DESIGN: SUPERLATIV MEDIA // FOTO: BØ FOTOSENTER