Møteprotokoll Utval: Eldrerådet Møtestad: Tingvoll eldresenter og rådhuset i Tingvoll kommune Dato: 03.05.2017 Tid: 11:00 Protokoll nr: 2/2017 Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Jon Skarvøy Leiar Anne Lise Hessen Følsvik Nestleiar Jakob Strand Medlem Gerd Misfjord Medlem Mellvin Steinsvoll Medlem AP Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Ann Elida Solheim Medlem FRP Kari Ristesund Medlem Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Kåre Fjørtoft Ann Elida Solheim FRP Frå administrasjonen møtte på heile eller delar av møtet: Namn Stilling Paula Næss Skår rådgivar likestilling, eldre og funksjonshemma Sekretariat: Namn Gunn Elin Nygård Stilling konsulent
2 Eldrerådet møtte kl. 11.00 på Tingvoll Eldresenter, Tingvoll. Utvalsleiar Jon Skarvøy ønska medlemene i utvalet og representantane frå eldreråda i Tingvoll, Sunndal og Surnadal velkomne. Han orientererte innleiingsvis om sine tankar om framtida for dei eldre i kommunane. Følgjande representantar frå eldreråda i Tingvoll, Sunndal og Surnadal deltok: Tingvoll eldreråd: Kirsti Holm, leiar Henny Bæverfjord Gunnvor Brandal Ivar Bølset Anders Ivar Røttingsnes Solveig Saltbones Magne Vassli, sekretær Sunndal eldreråd: Jan Silseth, leiar Lise Karin Meisal Knut Fredriksen Surnadal eldreråd: Johs J. Vaag, leiar Olav Jostein Holten Jorunn Ness Randi Sogge Leiar i Tingvoll eldreråd Kirsti Holm orienterte generelt om eldrerådet og om arbeidet i Tingvoll eldreråd Leiar i Sunndal eldreråd Jan Silseth orienterte generelt om eldrerådet og om arbeidet i Sunndal eldreråd. Leiar i Surnadal eldreråd Johs J. Vaag orienterte generelt om eldrerådet og om arbeidet i Surnadal eldreråd. I etterkant av orienteringane utveksla representantane erfaringar frå arbeidet i eldreråda i dei respektive kommunane.
3 Eldrerådet sitt møte starta kl. 13.45 på rådhuset i Tingvoll kommune, under leiing av utvalsleiar Jon Skarvøy. Ordførar Milly Bente Nørsett orienterte generelt om status og utfordringar i kommunen generelt, miljøsatsingar og miljøkompetanse i kommunen og om næringslivssatsinga i kommunen. Nestleiar i fylkeseldrerådet Anne Lise Hessen Følsvik orienterte frå kurs i eldrerådsarbeid. Kari Ristesund og Ann Elida Solheim (FRP) hadde meldt forfall. Kåre Fjørtoft (FRP) møtte som varamedlem for Ann Elida Solheim. Ved ein misforståing vart varamedlem for Kari Ristesund ikkje innkalt. Møtet vart sett med 6 medlemer. Innkallinga og saklista vart godkjent utan merknader. Utdelt i møte: Foreløpig rapport: oppsummering frå kommunane på utsendt spørjeskjema for kartlegging av rammeføresetnadane for dei kommunale eldreråda i Møre og Romsdal. Saksnr E 8/17 E 9/17 E 10/17 E 11/17 E 12/17 E 13/17 RS 6/17 RS 7/17 RS 8/17 Innhald Kartlegging av rammevilkåra for dei kommunale eldrerådet - status for arbeidet Årsrapport 2016 - Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal Spelemidlar 2017 - generelle prioriteringar Tiltak for fleire læreplassar - utviding av oppgåver og ressurs for dei yrkesfaglege nettverka Formidlingskoordinator i skolane - tiltak for å skaffe fleire læreplassar Handlingsprogram 2016-2019 - status Eldrerådet i Ålesund kommune - protokoll frå møte 22. mars 2017 Sak KF 13/17 Fordeling av tilskot til friluftslivsaktivitet Sak KF 14/17 Fordeling av tilskot til tiltak i statleg sikra friluftsområder Godkjenning av protokoll
4 E 8/17 Kartlegging av rammevilkåra for dei kommunale eldrerådet - status for arbeidet Behandling i Eldrerådet - 03.05.2017 Rådgivar likestilling, eldre og funksjonshemma Paula Næss Skår gikk gjennom tilbakemeldingane frå kommunane på bakgrunn av utsendt spørjeskjema for kartlegging av rammeføresetnadane for dei kommunale eldreråda i Møre og Romsdal. Det blir sendt ut purring til kommunane som ikkje har svart på spørjeskjemaet. Samrøystes vedtak i frå Eldrerådet - 03.05.2017 Eldrerådet tok orienteringa til etterretning. E 9/17 Årsrapport 2016 - Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal Eldrerådet tek sak KF-8/17 Årsrapport 2016 - Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal til orientering. Eldrerådet tek sak KF-8/17 Årsrapport 2016 - Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal til orientering. E 10/17 Spelemidlar 2017 - generelle prioriteringar Eldrerådet tek sak KF-16/17 Spelemidlar 2017 generelle prioriteringar til orientering. Behandling i Eldrerådet - 03.05.2017 Rådgivar likestilling, eldre og funksjonshemma Paula Næss Skår orienterte. Eldrerådet ber om å få lagt fram eiga sak til neste møte. Eldrerådet tek sak KF-16/17 Spelemidlar 2017 generelle prioriteringar til orientering. Eldrerådet ber om å få lagt fram eiga sak til neste møte.
5 E 11/17 Tiltak for fleire læreplassar - utviding av oppgåver og ressurs for dei yrkesfaglege nettverka Eldrerådet tek sak DU-9/17 Tiltak for fleire læreplassar utviding av oppgåver og ressurs for dei yrkesfaglege nettverka til orientering. Eldrerådet tek sak DU-9/17 Tiltak for fleire læreplassar utviding av oppgåver og ressurs for dei yrkesfaglege nettverka til orientering. E 12/17 Formidlingskoordinator i skolane - tiltak for å skaffe fleire læreplassar Eldrerådet tek sak DU-8/17 Formidlingskoordinator i skolane tiltak for å skaffe fleire læreplassar til orientering. Eldrerådet tek sak DU-8/17 Formidlingskoordinator i skolane tiltak for å skaffe fleire læreplassar til orientering. E 13/17 Handlingsprogram 2016-2019 - status Behandling i Eldrerådet - 03.05.2017 Eldrerådet drøfta handlingsprogrammet som vart vedteke for perioden og prioriterte å arbeide vidare med spesielt folkehelse og velferdsteknologi. Eldrerådet viser til handlingsprogrammet som vart vedteke for perioden og prioriterte å arbeide vidare med spesielt folkehelse og velferdsteknologi. RS 6/17 Eldrerådet i Ålesund kommune - protokoll frå møte 22. mars 2017 Eldrerådet tek referatsaka til orientering.
6 RS 7/17 Sak KF 13/17 Fordeling av tilskot til friluftslivsaktivitet Eldrerådet tek referatsaka til orientering. RS 8/17 Sak KF 14/17 Fordeling av tilskot til tiltak i statleg sikra friluftsområder Eldrerådet tek referatsaka til orientering. Godkjenning av protokoll Eldrerådet gjekk gjennom og godkjente samrøystes protokollen frå møte 03.05.2017. Møtet slutt kl. 15.50.