Regional forvalting av Noregs nest største verneområde. Årsmelding 2012

Like dokumenter
Regionalt styre for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane. Protokoll frå styremøte 03/2011

Regional forvalting av Noregs nest største verneområde. Årsmelding 2013

Møteprotokoll. Utval: Verneområdestyret for SVR Møtestad: Sirdal høgfjellshotell, Fidjeland Dato: Tidspunkt:

Møteprotokoll. Utval:

Møteprotokoll. Følgjande faste medlem hadde meldt forfall Namn Funksjon Representerer Jonny Liland Nestleiar Sirdal kommune

Regionalt styre for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane

Møteprotokoll. På møtet deltok også Per Ketil Omholt, Fylkesmannen i Aust-Agder.

Møteprotokoll. Arbeidsutvalet. Utval: Møtestad: Telefonmøte Dato: Tidspunkt:

Møteprotokoll. Arbeidsutvalet. Utval: Møtestad: Telefonmøte Dato: Tidspunkt: 15:00-15:30

Møteprotokoll. Arbeidsutvalet. Utval: Møtestad: Telefonmøte Dato: Tidspunkt:

Møteprotokoll. Områdeforvaltar Områdeforvaltar Områdeforvaltar

Møteprotokoll. Områdeforvaltar Områdeforvaltar Områdeforvaltar

Møteprotokoll. Områdeforvaltar Områdeforvaltar Områdeforvaltar

Møteprotokoll. Forfall Namn Funksjon Representerer Tarald Myrum Leiar Valle kommune Oddmund Ljosland Medlem Åseral kommune

Møteprotokoll. Fråverande medlemmer Namn Funksjon Representerer Torkel Myklebust Medlem Suldal kommune Oddmund Ljosland Medlem Åseral kommune

Møteprotokoll. Utvalg: Verneområdestyret for SVR Møtested: Evjemoen Dato: 1.desember 2016 Tidspunkt: 11:00. Følgende faste medlemmer møtte:

Møteprotokoll Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane

Møteprotokoll Verneområdestyret for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane og Frafjordheiane Mannskapsmessa på Duge, Sirdal

Møteprotokoll for SVR LVO

Møteprotokoll Verneområdestyret for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane

Møteprotokoll. Verneområdestyret for SVR

Møteprotokoll. Medlem Leder

Møteprotokoll. Utvalg: Verneområdestyret for SVR Møtested: Bykle Dato: Tidspunkt: 11:00-15:00. Varighet: 4,5 timer

Møteprotokoll. Forfall Navn Funksjon Representerer Torkel Myklebust Medlem Suldal kommune

Møteprotokoll. Fråverande medlemmer Namn Funksjon Representerer Oddmund Ljosland Medlem Åseral kommune

Møteinnkalling. Utval: AU i verneområdestyret for SVR Møtestad: Møterom i Hovdetun, Hovden Dato: Tidspunkt: 10:00

Møteinnkalling. Utval: Ar beidsutval et Møtesta d: Svar per e-post, Dato: Side 1

Møteprotokoll. Utvalg: AU i verneområdestyret for SVR Møtested: Telefonmøte Dato: Tidspunkt: 08:00-08:30. Følgende faste medlemmer møtte:

Møteprotokoll. Arbeidsutvalet. Utval: Møtestad: Telefonmøte Dato: Tidspunkt: 09:00 10:15

Møteprotokoll. Utvalg: AU i verneområdestyret for SVR Møtested: Telefonmøte Dato: Tidspunkt: 14:30 Varighet: 1 time inkludert forberedelse

Møteprotokoll. Områdeforvaltar Områdeforvaltar Områdeforvaltar Områdeforvaltar

Møteprotokoll. Verneområdestyret for SVR. Utval: Møtestad: Valle Dato: Tidspunkt: 14:00. Møte slutt: 15:00. Følgande faste medlemmer møtte:

Møteprotokoll. Leder Nestleder Medlem Medlem

Møteprotokoll. Varamedlemmer som møtte Namn Møtte for Representerer Venke Tjørhom Jonny Liland Sirdal kommune

Møteprotokoll. Saksliste. Utvalg: AU i verneområdestyret for SVR Møtested: Telefonmøte Dato: Tidspunkt: 08:00 Møtegodtgjørelse: 1 time

Interkommunalt styre for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane. Protokoll frå møte nr 6/2011 i Arbeidsutvalet (AU)

Møteprotokoll. Oddlaug Hesland Tjomsland

Møteprotokoll Verneområdestyret Setesdal Vestehei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane

Møteprotokoll. Medlem Styreleiar Medlem

Møteprotokoll. AU i verneområdestyret for SVR. Leiar. Medlem

Utvalgssak Møtedato Verneområdestyret for SVR - delegert utvalg 7/18 Verneområdestyret for SVR

Møteinnkalling. AU i verneområdestyret for SVR. Utval: Møtestad: Tilbakemelding per e-post Dato:

Møteprotokoll. Utvalg: Verneområdestyret for SVR Møtested: Formannskapssalen, Råhuset i Gjesdal kommune Dato: Tidspunkt: Møtegodtgjersle:

Årsmelding Ålfotbreen landskapsvernområde 2013

DET KONGELIGE MILJOVERNDEPARTEMENT. Statsråden

Regionalt styre for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane

Regionalt styre for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane

Melding om vedtak. Høyring-Forslag til forvaltingsplan for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane.

Møteprotokoll. Utvalg: Verneområdestyret for SVR Møtested: Kvæven, Bygdetun i Sirdal Dato: Tidspunkt: 11:

Møteprotokoll. Leder Nestleder Medlem Medlem Medlem

Delegert vedtak. Utvalgssak Møtedato. Verneområdestyret for SVR - delegert utval 16/19

Årsmelding Ålfotbreen landskapsvernområde 2012

Møte i fagleg Rådgjevande utval 30.sept 2015

Utvalgssak Møtedato. Verneområdestyret for SVR - delegert utvalg 3/18 Verneområdestyret for SVR

Uttale: Forslag til forvaltningsplan for Hovden landskapsvernomra de, Vidmyr naturreservat og Lislevatn naturreservat i Bykle kommune

Utvalgssak Møtedato Verneområdestyret for SVR - delegert utvalg 6/18 Verneområdestyret for SVR

Interkommunalt styre for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane

ARBEIDSUTVALET I VILLREINNEMNDA Bjåen i Bykle

Nytt villreinprosjekt i Setesdal Ryfylke

Agder Sekretariat Sekretariat for kontrollutvalg i Agder

Deres ref. Vår ref. (bes oppgitt ved svar) Dato Sak nr. 2017/8333 / AOD

Erfaringar frå Jotunheimen v/ styreleiar Mai Bakken

Deres ref. Vår ref. (bes oppgitt ved svar) Dato Sak nr. 2017/6501 / JTH

ÅRSRAPPORT FRÅ STATENS NATUROPPSYN TIL NASJONALPARK-/VERNEOMRÅDESTYRET I SETESDAL VESTHEI, RYFYLKEHEIANE OG FRAFJORDHEIANE 2012

Dykkar ref:. Vår ref.: 2007/ /2007

Sekretariat for kontrollutvalg i Agder VALLE KOMMUNE KONTROLLUTVALET MØTEBOK

SÆRUTSKRIFT. HØRING - FORVALTNINGSPLAN FOR SETESDAL VESTHEI, RYFYLKEHEIANE OG FRAFJORDHEIANE

Regionalt styre for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane

Styre og forvaltar oppgåver og ansvar. Kompetanseprogram 4.-5.april 2016

Møteprotokoll. KIKS - Representantskapet

Årsmelding Ålfotbreen landskapsvernområde 2014

Årsmelding Ålfotbreen landskapsvernområde 2015

Regionalt styre for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane. Protokoll - møte nr 2/2012 i Arbeidsutvalet (AU)

Delegert vedtak. Utvalgssak Møtedato. Verneområdestyret for SVR - delegert utvalg 48/19

Møteprotokoll. Naustdal-Gjengedal verneområdestyre. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Oddmund Klakegg Håkon Myrvang

Prosjektplan for arbeidet med besøksstrategi for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane.

Sekretariat for kontrollutvalg i Agder BYGLAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET MØTEBOK

Møteprotokoll. Verneområdestyre for Nærøyfjorden

Delegert vedtak. Utvalgssak Møtedato. Verneområdestyret for SVR - delegert utvalg 68/19

Møteinnkalling for Kommunestyret

Møteprotokoll. Verneområdestyret for SVR. Områdeforvaltar Områdeforvaltar

Vedtekter for nasjonalparkstyret for Jostedalsbreen nasjonalpark i Sogn og Fjordane fylke

SVAR PÅ SØKNAD OM DISPENSASJON TIL TRANSPORT MED SNØSKUTER I SETESDAL -VESTHEI OG RYFYLKEHEIANE LANDSKAPSVERNOMRÅDE.

BYGLAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET MØTEBOK

Forvaltning av verneområder og kommunane si rolle. Alf Erik Røyrvik, verneområdeforvaltar Naustdal-Gjengedal LVO og Ålfotbreen LVO

Møteinnkalling, styremøte 1/2014

Forsand kommune Seksjon teknisk

Løyvet gjeld fram til Andre vilkår går fram av standard løyve.

Møteinnkalling. Arbeidsutvalget. Utvalg: Møtested: Telefonmøte Dato: Tidspunkt: 09:00

Møteprotokoll. Ålfotbreen verneområdes tyre

Møteprotokoll. Ålfotbreen verneområdestyre. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer

Agder Sekretariat Sekretariat for kontrollutvalg i Agder Postboks Kvinesdal Bankkonto: Organisasjonsnr.

MELDING OM VEDTAK. Besøksstrategi for SVR - høyringsuttale

Årsmelding Ålfotbreen landskapsvernområde 2017

Interkommunalt styre for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane

ARBEIDSUTVALET I VILLREINNEMNDA Telefonmøte

VALLE KOMMUNE KONTROLLUTVALET MØTEBOK

Delegert vedtak. Utvalgssak Møtedato. Verneområdestyret for SVR - delegert utvalg 69/19

Delegert vedtak. Utvalgssak Møtedato. Verneområdestyret for SVR - delegert utvalg 71/19

Agder Sekretariat Sekretariat for kontrollutvalg i Agder Postboks Kvinesdal Bankkonto: Organisasjonsnr.

Transkript:

Regional forvalting av Noregs nest største verneområde Årsmelding 2012

Forord Det regionale styret for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR) legg med dette fram årsmelding for 2012. Det sittande verneområdestyret vart oppnemnt av Miljøverndepartementet våren 2012, og styret vart konstituert 15. mars. Frå den same datoen overtok styret forvaltinga av heile verneområdet. I SVR er det til saman seks landskapsvernområde og to biotopvernområde. Verneområdet har areal i 11 kommunar og tre fylke. Styret er sett saman av politisk oppnemnde representantar frå alle desse. Det er også oppnemnt eit rådgjevande utval med representantar for dei viktigaste samarbeidspartnarane våre og eit administrativt kontaktutval med representantar frå alle kommunane og fylkeskommuane. Med utgangspunkt i nasjonale føringar, forskriftene for verneområda og forvaltingsplanane er det arbeidd med skjøtsel, tilretteleggingstiltak, søknader om dispensasjonar og forvalting av verneområda. Etter styret si vurdering er aktivitetane i samsvar med Naturmangfaldlova, forskrifter og forvaltingsplanar. Styret legg med dette fram årsmeldinga for 2012 og stadfester at dei opplysningane som kjem fram er dekkande for verksemda. Rekneskapet er revidert som ein del av rekneskapet til Fylkesmannen i Aust Agder. Årsmeldinga er godkjend av styret i møte 13. juni 2012. Valle, 13. juni 2012 Tarald Myrum, styreleiar (sign.) 2

Organisasjonen Styret er sett saman av politisk oppnemnde representantar frå dei 11 kommunane og dei tre fylkeskommunane som har areal i SVR. Det er oppretta eit administrativ kontaktutval av sakshandsamarar i all dei 11 kommunane og dei tre fylkeskommunane og eit rådgjevande utval som representerer ulike brukarinteresser som ein samarbeider med. Styret har i tillegg valt eit Arbeidsutval som har fått delegert myndigheit til å handsame ein del dispensasjonssøknader. Arbeidsutvalet er sett saman av styreleiar og nestleiar og tre andre styremedlemmer, ein av desse frå fylkeskommunane. Forvaltingssekretariatet har til saman tre tilsette, alle i fulle stillingar. Arbeidsgjevar er dei tre fylkesmannsembeta i regionen. Fylkesmannen i Aust-Agder er koordinerande fylkesmann og har difor ansvar for arkiv og økonomi for heile SVR. Dette har fungert greitt i inneverande år. Kontorstadane er i Valle, Sirdal og Suldal. Kontoret i Valle er plassert på Setesdalsmuseet, i Sirdal er kontoret lagt til Sirdal Fjellmuseum og i Suldal er kontorstaden i dei kommunale bygga på Garaneset. Valle har såkalla knutepunktfunksjon og er hovudkontoret. Denne organiseringa er etablert etter ynskje frå det dåverande styret i SVR og kommunane. Tarjei Haugen har kontorstad i Valle og har vore tilsette sidan forvaltinga vart lagt til eit regionalt styre. Guro Sødergren er tilsett på Sirdalskontoret. I Suldal er det Alf Odden som er tilsett i forvaltarstillinga. Alle tre har full stilling og er tilsette hjå kvar av dei tre fylkesmennene. Alle tre forvaltarane opplever jobben som spennande og utfordrande, men og krevjande. Arbeidsmengda er stor. Samarbeidet dei i mellom er tett, og arbeidsmiljøet blir opplevd som godt. Det har ikkje vore sjukmeldingar med bakgrunn i arbeidsmiljøet. Dialog og samarbeid med kommunane, særleg om dispensasjonssøknader, er viktig og fungerer svært godt. Når det gjeld samarbeidet med rådgjevande utval, kunne dette vore tettare, men dialogen med villreinnemnda har vore god. I aktuelle saker rådfører ein seg også med fylkesmennene og ber om vurderingar frå folk med juridisk eller naturfagleg kompetanse. I året som har gått har arbeidet i forvaltingssekretariatet i stor grad konsentrert seg om etablering av praksis for dispensasjonssøknader, innarbeiding av rutinar, opplæring og oppfylging av tiltak og skjøtsel. Denne innkøyrings og etableringsfasa er no i praksis over, og ein vil i framtida kunne konsentrer seg meir om langsiktige forvaltingsoppgåver. Eit av dei viktigaste arbeidsfelta i dei to komande åra vil vere revideringa av forvaltingsplanane. Viktige arbeidsoppgåver i året som har gått Arbeid i styret, råd og utval Styret konstituerte seg på møte i Kristiansand 15. mars 2012. Tarald Myrum (Valle kommune) vart vald til leiar, og Jonny Liland (Sirdal kommune) vart vald til nestleiar. Som medlemmer i Arbeidsutvalet, vart leiar og nestleiar valde saman med Torkel Myklebust (Suldal kommune), Oddmund Ljosland (Åseral kommune) og Oddlaug Tjomsland (Vest-Agder fylkeskommune). AU fekk delegert myndigheit til å handsame dispensasjonssøknader om motorferdsel/anna ferdsel og mindre byggesaker. Styret har hatt tre møte og handsama 43 saker. Styret har mellom anna handsama seks større byggesaker og ein søknad om etablering av steinbrot og erstatningsbiotop inne i verneområdet. Av større styresaker må ein og nemne godkjenning av byggerettleiar for SVR og godkjenning av prosjektplan for revidering av forvaltingsplanane. I tillegg har styret godkjent forprosjekt for å få etablert naturhus og informasjonssenter i Valle, Sirdal og Suldal. Arbeidet med byggerettleiaren har vore svært viktig og det er brukt mykje tid på diskutere den med DN, 3

fylkesmennene, kommunar/fylkeskommunar og samarbeidspartnarar. Saka har og vore opp i fleire møte i Arbeidsutvalet. Byggerettleiaren er eit viktig forarbeid i samband med revideringa av forvaltingsplanane og er tenkt tatt inn som eit eige vedlegg til den nye forvaltingsplanen. Styret har og løyvt pengar til informasjon om heia på Minne kultursenter i Åseral, restaurering av varden på Urdalsnuten og forprosjekt for etablering av naturhus og informasjonspunkt. Desse tiltaka er finansiert ved bruk av fondsmidel etter forsøksperioden med kommunal forvalting. Arbeidsutvalet har hatt 10 møte og handsama 273 saker, stort sett søknader om dispensasjon til motorferdsel. Møta i arbeidsutvalet har som regel blitt gjennomførde som telefonmøte. Arbeidsutvalet har ikkje hatt mulegheit til å delegere til forvaltarane ein einaste dispensasjonssøknad og saksmengda til AU har difor i periodar vore svært stor. Dei aller fleste søknadane om har kome frå grunneigarar med stølar inne i verneområdet og gjeld søknad om dispensasjon til transport med snøskuter. Desse har stort sett fått løyve til åtte turar i året i ein fireårsperiode. I tillegg er det gjeve nokre få dispensasjonar til transport utan avgrensing i talet på turar, men med rapporteringsplikt. Dette gjeld dei som av ulike grunnar har store transportbehov, som til dømes turistforeiningane, Statskog, kraftprodusentane og grunneigarar som må gjennomføre store vedlikehaldsarbeid. Det er og ein del søknader om transport med helikopter. Utan om dei som av ulike grunnar har store transportbehov, blir det og gjeve nokre dispensasjonar til transport av felt elg og til transport av utstyr og proviant i samband med utleige av rypejakt og vedliekhald av husvære. 6. juni handsama styret ein søknad om oppføring av ny driftshytte i Åseral. Sakshandsamar innstilte på avslag, men eit fleirtal på sju i styret gav løyve til å sette opp hytta i medhald av 48 i Naturmangfaldlova. Tre styremedlemmer stemte for avslag i tråd med forslaget frå sakshandsamar. Vedtaket vart seinare påklaga av Fylkesmannen i Vest-Agder og vil bli vurdert på ny i 2013, då som klagesak. Arbeidsutvalet har og handsama og prioritert søknader om skjøtsel og tilretteleggingstiltak for 2013. Denne lista vart oversendt Direktoratet for naturforvalting i desember. I juni vart det gjennomført eit seminar med gjennomgang av forskrifter, lover og ulike plandokument. DN deltok på seminaret med innleiarar. Alle styrerepresentantane, varafolk og rådgjevande utval var invitert til seminaret. Likeins vart om hausten gjennomført eit seminar om arbeidet med forvaltingsplanar. Styremedlemmer, rådgjevande utval og folk frå kommunar og fylkeskommunar deltok på seminaret. Tiltak gjennomførde i 2012 Styret har fått finansiert og gjennomført fleire tiltak i verneområda i 2012. Prosjekta er delvis finansiert gjennom direkte tilskot frå DN/SNO og delvis gjennom middel stilt til disposisjon for styret. Lokalt SNO har delteke i fleire av prosjekta med eiga arbeidskraft. Prosjekt Kommune Støtte. Utbetring av turveg til Månafossen / Mån Gjesdal 250.000,-. Rydding av vegetasjon ved Øyastølsmyra Hjelmeland 50.000,-. Porten til Heia Forsand 150.000,-. Lyngbrenning i Hægebostad Hægebostad 230.000,-. Søppelrydding fjerning av båtvrak Bykle 25.000,-. Bru over Storevatn Sirdal 30.000,-. Erosjonstiltak Elsvatn Taumevatn Sirdal 10.000,-. Bru over Klauvskeiåna Suldal 50.000,-. Erosjonstiltak Sandvatn Bleskestadmoen Suldal 20.000,-. Ungdom og lokal heiakultur Suldal 50.000,- 4

. Ferdsleregistreringar i SVR-område Heile SVR 40.000,-. Restaurering av varden på Urdalsnuten Sirdal 50.000,- - Tilrettelegging ved Ritlandskrateret Hjelmeland 100.000,- Søknad om støtte til tiltak i 2013 Kvart år sender SVR inn søknad om pengar til ulike tiltak i verneområdet. Midlane til slike tiltak er sett av i statsbudsjettet og vert tildelt av DN/SNO. Tiltaka vert administrert av både SVR og lokalt SNO. Kommunane blir mobiliserte gjennom det interkommunale nettverket til å kome med forslag til tiltak for informasjon, tilrettelegging og skjøtsel. I tillegg prøvar ein å få inn forslag på tiltak frå samarbeidspartnarane. I 2012 vart det og annonsert i lokalavisene der ein bad om forslag til tiltak. Dette førte til at ein i år fekk inn 28 forslag/søknader til prosjekt. Dette er klar framgang frå før om åra og viser at vi bør annonsere også i framtida. AU sendte i desember 2012 søknad om pengar til DN for 2013 (AU-sak 271/2013). I tillegg bestilte ein arbeidsoppdrag av SNO. Arbeidsoppdrag som skal gjennomførast av Statens Naturoppsyn i 2013 Oppsetting av 2 informasjonstavler i Frafjordheiane landskapsvernområde, Gjesdal kommune Oppsetting av 2 informasjonstavler i Dyraheio landskapsvernområde, Suldal kommune Plan for fjerning av kraftlinje, Vormedalsheia landskapsvernområde, Hjelmeland kommune Plan for uttak av granfelt, Vormedalsheia landskapsvernområde, Hjelmeland kommune Organisering av befaring for tilsynsutval i Suldal og Hjelmeland Organisering av ungdomsturer i Bykle, Suldal og Hjelmeland Søknad om midlar til tiltak i verneområda i 2013, prioritert rekkefylgje Prosjekt Kommune Instilling Omsøkt Asfaltering av tilkomstveg ved Øyaren Gjesdal 250.000,- 250.000,- Parkeringsplass for tursti til Månafossen Gjesdal 100.000,- 150.000,- Rydding av ferdslevegar i Førre Hjelmeland 50.000,- 120.000,- Trelavo ved Mostøl Suldal 100.000,- 116.000,- Restaurering av Grjotdalshytta Suldal 50.000,- 60.000,- Bru over Hovatn - STF Bykle 30.000,- 30.000,- Bru over Tarjeisåna - STF Sirdal 15.000,- 15.000,- Rydding av vegetasjon ved Øyastølsmyra Hjelmeland 50.000,- 50.000,- Ungdom og lokal heiekultur Sul, Hjel, Byk 50.000,- 60.000,- Interaktiv informasjonstavle på Knaben Kvinesdal 50.000,- 500.000,- Rydding av vegetasjon ved Ottestøl Hjelmeland 40.000,- 40.000,- 5

Rydding av telefonlinje i Dyrskar Suldal 25.000,- 32.500,- Restaurering av varda jaktveger i Dyraheio Suldal 10.000,- 10.000,- Rydding av turstier ved Grunnavatnet Suldal 10.000,- 10.000,- Fjerning av granfelt ved Nyastøl Suldal 25.000,- 25.000,- Fjerning av kraftlinje ved Fundingsland Hjelmeland 50.000,- 50.000,- GodTur-prosjekt, FRL Åseral 50.000,- 130 000 Informasjonstavle om kulturminne Valle 10.000,- 10 000 Informasjonstavle/biletgalleri ved Ose Bygland 30.000,- 30 000 Heiedagene 2013 Valle 50.000,- 50.000,- Ferdsleregistreringar i SVR-område Heile SVR 25.000,- 50.000,- Bru over Jonstølåna - STF Suldal 30.000,- 30.000,- Bru over Knutsåna - STF Hjelmeland 20.000,- 20.000,- Bru over Leitesåna - STF Gjesdal 15.000,- 15.000,- Utarbeiding av skjøtselplan, Holmevassheia Sirdal 50.000,- 142 950 Flørli - Porten til Frafjordheia Forsand 50.000,- 75.000,- Heiberg 100 år etter Sirdal 0,- 40.000, Vidareføring av Heiberggruppe Val, Sir, Byk 0,- 147.500,- Økonomi Budsjettet har til saman vore på 4 080 000 kr. Av dette vart det sett av 2 250 000 kr til løn til forvaltarane og overhead for dei tre fylkesmannsembeta. Forbruket har vore i samsvar med budsjettet. Til styret har det vore budsjettert med 500 000. Her har ein hatt eit forbruk på 490 000 kr. Tiltak i verneområdet har hatt eit samla budsjett på 1 130 000 kr, rekneskapen viser eit lite underforbruk. Til arbeidet med forvaltingsplanen var det i budsjettet sett av 200 000 kr. Forbruket har vore i samsvar med budsjettet. Rekneskapen er ført av Fylkesmannen i Aust-Agder og revidert som ein del av deira rekneskap. 6

Rekneskap for SVR i 2012 Løn og sosiale utgifter Budsjett Forbruk Rest Fast ansatte 572 336 572 337-1 Fri elektronisk kommunikasjon (telefon, mobiltelefon mv.) - 3 996-3 996 Gruppelivsforsikring 1 126 1 126 - Motpost innberetningspliktige ytelser - -5 028 5 028 Arbeidsgiveravgift 80 858 78 638 2 220 Gruppelivsforsikring (motkonto 1985- bruttobudsjetterte) - 1 032-1 032 Administrativ kostnadsdekning 565 000 615 000-50 000 Kjøp av andre fremmede tjenester 1 030 680 982 899 47 781 2 250 000 2 250 000-0 Styreutgifter Budsjett Forbruk Rest Styrer, råd og utvalg 438 212 175 968 262 244 36 Arbeidsgiveravgift 61 788 24 811 976 Kjøp av andre fremmede tjenester - 100 000-100 000 Møter eksterne - 103 548-103 548 Bilgodtgjørelse, oppgavepliktig - 59 552-59 552 Reisekostnad, oppgavepliktig - 400-400 Reisekostnad, ikke oppgavepliktig - 16 886-16 886 Diettkostnad, oppgavepliktig - 9 079-9 079 9 500 000 490 244 756 7

Tiltak bestillingsdialogen Budsjett Forbruk Rest Styrer, råd og utvalg - 42 350-42 350 Arbeidsgiveravgift - 5 971-5 971 Kjøp av andre fremmede tjenester - 150 000-150 000 Tilskudd til ideelle organisasjoner 600 000 400 000 200 000 600 000 598 321 1 679 Tiltak, støtta av styret Budsjett Forbruk Rest Arbeidsgiveravgift - 761-761 Annet driftsmateriale - 29 103-29 103 Kjøp av andre fremmede tjenester 530 000 461 250 68 750 Annonser - 1 125-1 125 Møter eksterne - 3 429-3 429 Bilgodtgjørelse, oppgavepliktig - 8 081-8 081 Reisekostnad, oppgavepliktig - 5 200-5 200 Reisekostnad, ikke oppgavepliktig - 25-25 Diettkostnad, oppgavepliktig - 9 600-9 600 530 000 518 574 11 426 Arbeid med forvaltingsplan Budsjett Forbruk Rest Kjøp av tjenester -utvikl av progr.v, IKT-løsn mv. - 85 031-85 031 Kjøp av andre fremmede tjenester 200 000 114 969 85 031 200 000 200 000-0 8

Organisasjonen i 2012 Styret Leiar Tarald Myrum, Valle kommune Nestleiar Jonny Liland, Sirdal kommune Styremedlemmer Trine L Danielsen, Hjelmeland kommune Ole Tom Guse, Forsand kommune Brit Olimstad, Kvinesdal kommune Oddmund Ljosland, Åseral kommune Ragnhild Bjåen, Bykle kommune Leiv Rygg, Bygland kommune Torkel Myklebust, Suldal kommune Ånen Werdal, Hægebostad kommune Margunn Nederbø, Gjesdal kommune Inger Juvastøl, AA fylkeskommune Oddlaug Tjomsland, VA fylkeskommune Hilde Gunn Bjelde, Rogaland fylkeskommune Arbeidsutval Vararepresentantar til styret Tor Hallvard Mosdøl, Bykle kommune Kari Røynli, Åseral kommune Margareth G Larsen, Forsand kommune Anne Eikerapen, Bygland kommune Kari Vaage Gjuvsland, Suldal kommune Venke Tjørhom, Sirdal kommune Bjørn Laugaland, Hjelmeland kommune Margrethe Handeland, Hægebostad kommune Kristin Nomeland, Valle kommune Odd Omland, Kvinesdal kommune Marit Høie, Gjesdal kommune Bjørn Robstad, AA fylkeskommune Sigmund Oksefjell, VA fylkeskommune Helge S Larsen, Rogaland fylkeskommune Tarald Myrum, styreleiar Jonny Liland, nestleiar Torkel Myklebust Oddmund Ljosland Oddlaug Tjomsland 9

Administrativt kontaktutval Sigrid Bjørgum, Bykle kommune Rune Ingebretsen, Valle kommune Olav Inge Fjalestad, Bygland kommune Jørn Haug, Åseral kommune Sven Sandvik, Sirdal kommune Endre Gjil, Suldal kommune John Ivar Bjelland, Hægebostad kommune Børje Svensson, Forsand kommune Edgar Vegge, Kvinesdal kommune Haldis Nilsen, Hjelmeland kommune Hans Fløystad, AA fylkeskommune Fagleg rådgjevande utval Margit Smeland, Villreinnemnda for Setesdalsområdet Kjell Helle -Olsen, DNT Gjermund Espetveit, Agder Energi Asbjørn Haga, Jæren smalelag Gunn Siri Ousdal, Noregs Bondelag Geir Hovland, Statskog Anita Buckley, reiselivslaga Jan D Dalen, fjellstyra Sissel Bakke, Rogaland fylkeskommune Bjørg Hellem, VA fylkeskommune 10

11

Verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane: Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane landskapsvernområde (ca 2 344,5 km 2 ). Verna 28.4.2000. Omfattar areal i kommunane Bykle, Valle, Bygland, Åseral, Hægebostad, Kvinesdal, Sirdal og Forsand. Dyraheio landskapsvernområde (om lag 300 km 2 ). Suldal kommune. Verna 26.9.97. Kvanndalen landskapsvernområde (om lag 84 km 2 ). Suldal kommune. Verna 26.9.97. Holmevassåno biotopvernområde (om lag 23 km 2 ). Suldal kommune. Verna 26.9.97. Lusaheia landskapsvernområde (122 km 2 ). Hjelmeland kommune. Verna 19.4.91. Vormedalsheia landskapsvernområde (120 km 2 ). Hjelmeland kommune. Verna 19.4.91. Steinsbuskaret Hisdal biotopvernområde (ca 33,6 km 2 ). Bykle kommune. Verna 28.4.2000. Frafjordheiane landskapsvernområde (418,6 km 2 ). Sirdal, Gjesdal og Forsand kommunar. Verna 19.12.2003 Samla areal er 3 444 km 2. Kjelde.: Forskriftene for verneområda (www.lovdata.no ) 12