Rådmannen - servicetorget MØTEPROTOKOLL Utval: Arbeidsutvalet for Ungdommen sitt kommunestyre Møtestad: Luster Rådhus, møterom 2. et. Møtedato: 07. januar 2015 Start kl.: 16.15 Slutt kl.: 17.55 Desse medlemane møtte: Varamedlem som møtte: Forfall: Andre som var tilstades: Lasse Hærum, Ida Falkgjerdet Svåi og Magnus Viking Jåstad. Ungdomskontakt Liv Endresen og sekretær Liv Helen Nystuen. Saker til handsaming: Sak 01/15 Godkjenning av innkalling og sakliste. Sak 02/15 Godkjenning av møtebok frå møte den 16. desember 2014. Sak 03/15 Skriv og meldingar. Sak 04/15 Aktivitetsplan arbeidsåret 2014-2015. Sak 05/15 Ymse. Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Møteprotokoll er sendt til: Medlemane og varamedlemane i UK i Luster, Erling Bjørnetun, her, ungdomskontakt Liv Endresen, her og revisor. ADRESSE: TELEFON: TELEFAX E-POST ADRESSE: ORGANISASJONSNR. Rådhuset Sentralbord: 57 68 55 01 postmottak@luster.kommune.no 964 968 241 6868 GAUPNE 57 68 55 00 Bankgiro: 3785.07.00142
Side 2 Sak 01/15 Godkjenning av innkalling og sakliste. Innkalling og sakliste vart godkjent. Sak 02/15 Godkjenning av møtebok frå møte den 16. desember 2014. Lasse Hærum og Ida Falkgjerdet Svåi skrev under møtebøka frå møte den 16. desember 2014. Sak 03/15 Skriv og meldingar. a) Sogn og Fjordane fylkeskommune, - Søk Stimuleringsmidlar frå UKM Norge: Frist 15. januar 2015. b) Sogn og Fjordane fylkeskommune, - melding om at Leikanger, Sogndal og Luster er kopla saman til ukm.o. c) Medlem i ungdomspolitisk utval og fadder for UK i Luster Sofie Sundberg ønskjer å komme inn og snakke med UK og høyre kva dei driv på med. d) Orientering på heimesida til kommune om at det blir felles UKMmønstring for Sogndal, Leikanger og Luster på Sogndal kulturhus laurdag 14. til måndag 16. mars 2015. e) UKM Norge, - Nyhetsbrev desember 2014 frå UKM Norge. f) Sogn og Fjordane fylkeskommune, - VS: Nyhetsbrev desember 2014 frå UKM Norge. g) Sogn og Fjordane fylkeskommune, - Utlysing fylkesmønstring 2016-2018. Søknadsfrist 30.01.2015. h) Informasjonsplakat for fylkesmønstringa i Førde 2015. i) Sogn og Fjordane fylkeskommune, - Informasjon til kommunane om fylkesmønstring 2015. j) Sogn og Fjordane Fylkeskommune, - melding om utbetaling av kr. 70.000 i Lokal transportmidlar (LTU-midlar) for 2014. Arbeidsutvalet hadde ikkje merknader til skriv og meldingar pkt. b), d) og j). Vedk. pkt. a), e), f), g) og i). Skriva er vidaresendt medlemane i arrangørteamet for lokalt arrangement av UKM for vidare oppfølging. Vedk. pkt. c) Besøk av fadder for UK. Arbeidsutvalet seier det er flott at fadder vil besøke UK i Luster og Vil invitera Sofie Sundberg til neste møte i arbeidsutvalet. Vedk. pkt. h) Informasjonsplakat for fylkesmønstringa i Førde 2015. På plakaten står dato for mønstringa, tidspunkt for framsyningane og billettprisar. Sekretær vil kopiere plakaten i fleire eksemplar og få den opphengt på stader der barn og unge i kommunen ser den. Sak 04/15 Aktivitetsplan arbeidsåret 2014-2015. Framlagde dokument: Aktivitetsplan 2014-2015, jfr. sak 41/14. Ungdomskontakt Nanna Steinberg deltek. Lasse føretok ein gjennomgang av dei ulik tiltaka og det vart drøfta om det er tiltak dei ikkje skal prioritera og drive med og om det er nye tiltak dei skal prioritera. ME`N`U. Medlem i ungdomsstyret i ME`N`U: Siri Sandvik med vara Magnus Øvrebø. Frå administrasjonen møter ungdomsleiar Liv Endresen i styret for ME`N`U.
Side 3 Liv Endresen orienterte om aktivitetane hausten 2014. Swingkurset vart avlyst grunna lita påmelding. Elles var det bra frammøte på dei andre aktivitetane, og spesielt på filmkvelden på Skjolden og aktiviitetskvelden på treningssenteret. ME`N`U har god økonomi. Aktivitstprogrammet for våren 2015 er klart, og starta opp fredag 9. januar med ski- og akekveld på Heggmyrane. Val til Folkehelserådet. Her avventar ny organisering i folkehelsearbeidet. LustraLan. Medlem frå UK i styret for LustraLan: Lasse Hærum og Stian Havellen Listou. Lasse Hærum orienterte om bra deltaking (ca. 60 deltakarar) og flott arrangement på Hafslo 27. - 29. desember 2014. LustraLan har god økonomi. Møte med elevråd og TV ved ungdomsskulane i kommunen. Representantane frå ungdomsskulane meiner elevråda fungerar bra. Arbeidsutvalet føler difor det ikkje er nødvendig med nærare oppfølging dette skuleåret, og tilrår at tiltaket vert teken ut av aktivitetsplanen. Vidareutvikling av Lustramarknaden. Arbeidsutvalet drøfta arrangementet og tilrår at det vert gjennomført gruppearbeid på neste møte i UK for å få idear til arrangement for ungdom på året arrangement. Lokalt arr. av UKM 2015. Medlem i arrangørteam frå UK i Luster: Medlem Tomas Nyhus, vara Ida Falkgjerdet Svåi. Frå administrasjonen ungdomsleiar Liv Endresen. Lokal mønstring blir i år felles med Sogndal og Leikanger i Sogndal 14. 16. mars 2015. Påmeldingsfrist er sett til 1. mars. Liv Endresen orienterte om at det pr. d.d. ikkje har vore samarbeidsmøte om arrangementet. Kulturutveksling. I 2015 skal det vera utveksling frå USA til Norge. Skjema for å søke om deltaking i kulturutvekslinga finn ein på Luster kommune si heimeside. Søknadsskjema skal leverast til Servicetorget, Luster kommune, Gaupne innan 15. mars kvart år. Ordninga vert annonsert på Luster kommune si heimeside. Arbeidsutvalet tilrår at ordninga med kulturutveksling vert vidareført og ber om at ordninga vert gjort kjend ved skulane i kommunen og annonsert på heimesida til kommunen i god tid før søknadsfristen. Ungdommen sitt kommunestyre i Luster (UK) si stipendordning. UK si stipendordning har som føremål å støtta yrkesretta kompetanseutvikling eller anna utvekslings- / læringstiltak for ungdom frå Luster kommune i alder 16 19 år.
Side 4 Søknadsfrist 1. mars og 1. oktober kvart år. Ordninga vert annonsert på Luster kommune si heimeside. Arbeidsutvalet tilrår at stipendordninga vert vidareført og ber om at den vert annonserast på heimesida til kommunen i god tid før søknadsfristen 1. mars og 1. oktober. Fylkesting for ungdom våren 2015. Ungdomspolitisk utval (UPU) inviterar ungdomsråda i kommunane til Fylkesting for ungdom ei helg kvar vår. Det vert lagt opp til skulering i tale- og debatt-teknikk, gruppedebatter og spørjetime. Det skal også veljast nye representantar til ungdomspolitisk utval. Ungdomsråda kan melda på to utsendingar. Arbeidsutvalet tilrår at UK skal vera repr. på tinget og ber administrasjonen følgje opp når invitasjonen er motteken. Lokale transporttilbod for ungdom (LTU). Sogn og Fjordane fylkeskommune har dei siste 10 12 åra invitert kommunane og ungdomsråda i kommunane til å utforme eit skyssopplegg og søke om prosjektmidlar til skyssopplegg. Luster kommune og UK har søkt og fått innvilga tilskot kvart år. For 2014 vart søknaden innvilga med eit tilskot på kr. 70.000. Arbeidsutvalet tilrår at Luster kommune og UK skal vidareføra skyssordninga og ber administrasjonen følgje opp når invitasjonen er motteken. «Blås Grønt» natt til 17. mai. Ungdommen sitt kommunestyre i samarbeid med ME`N`U har dei siste åra samarbeida om arrangementet «Blås grønt» natt til 17. mai i Soltun, Gaupne. Liv Endresen orienterte om at ME`N`U allereie har teke med «Blås grønt» i Stallen (Soltun) i sitt aktivitetsprogram for våren 2015. Arbeidsutvalet tilrår at UK skal vera samarbeidspartnar til «Blås grønt»-arrangementet natt til 17. mai 2015 og tilrår at det på første møte i UK blir vald to representantar med vara med tilknyting til ungdomsskulane i kommunen til arrangørteamet. Nettverkssamling 2015. Ungdomspolitisk utval (UPU) inviterar ungdomsråda i kommunane til Nettverkssamling ei helg kvart haust. Samlinga vert fylt med spennende foredrag, lærerrike kurs og mykje sosialt samvær, Ungdomsråda kan senda tre deltakarar. Arbeidsutvalet tilrår at UK skal vera repr. på samlinga og ber administrasjonen følgje opp når invitasjonen er motteken. Jfr. sak 48/14 i Ungdommen sitt kommunestyre den 8. desember 2014 drøfta arbeidsutvalet nytt tiltak med Stemmerett for 16- åringar ved valet i 2015. Luster får delta i forsøk med røysterett for 16- og 17-åringar ved kommunestyrevalet 2015. Luster var med på ordninga også i 2011 med svært høg deltaking frå lustraungdomen. Etter drøfting tilrår arbeidsutvalet at det vert gjennomført gruppearbeid på neste møte i UK for å få innspel på korleis ein kan førebu dette og korleis involvere ungdomen i arbeidet.
Side 5 Sak 05/15 Ymse. Neste møte i Ungdommen sitt kommunestyre: måndag 19. januar 2015 kl. 12.45.