FYLKESMANNEN I TELEMARK, miljøvernavdelinga Løyve til verksemd etter forureiningslova for Renovest IKS, Litveit slammottak Fylkesmannen gjev Renovest IKS løyve med heimel i forureiningslova 11, jf. 16 og endra med heimel i 18. Løyvet er gjeve på grunnlag av opplysningar i søknad av 4.9.14, 24.10.14 og opplysningar som kom fram under handsaminga av søknaden. Endre løyvet gjeld frå 12.4.15 Dette løyve erstattar følgjande løyve 07.06.10 Dersom verksemda ønskjer endringar utover det som vart opplyst i søknaden eller under sakshandsaminga og som kan ha miljømesseg verknad, må verksemda på førehand avklare dette skriftleg med Fylkesmannen. Dersom heile eller vesentlege delar av løyvet ikkje er teke i bruk innan fire år, skal verksemda sende ei utgreiing om omfanget til verksemda. Fylkesmannen vil då vurdere eventuelle endringar i løyvet. Verksemdsdata: Ansvarlig verksemd: Renovest IKS Anlegg: Litveit slammottak Stad/Gateadresse: Straumanvegen 250 Postadresse: Oredalsvegen 63, 3850 Kviteseid Kommune-nr./ kommune/ fylke 0829 Kviteseid, Telemark Organisasjonsnummer (verksemd) 980 018 725 Gards- og bruksnummer Gnr. 22/Bnr. 1 UTM-koordinatar, Ø/N 470769/6580823 Referansane til Fylkesmannen: Saksnummer.: Løyvenummer: Anleggsnummer: Risikoklasse 1 : 2006/4507 0829.0015.01 4 Løyve gjeve: Endringsnummer: Sist endra: 01.07.2010 1 13.4.15 Underskrift: Ingvar Oland Anne-Lene Lundsett Underdirektør i miljøvernavdelinga overingeniør Løyve er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. 1 Jf. Forurensningsforskriftens kapittel 39 om gebyr til statskassen for arbeid med tillatelser og kontroll etter forurensningsloven
Side 2 av 8 1 Rammer for verksemda Løyva gjeld mottak og kompostering av avvatna avlaupsslam frå kommunale kloakkreinseanlegg og private slamavskiljarar. Løyvet er basera på ein årleg kompostering av 5000m 3 avvatna avlaupsslam og 1000 tonn strukturmateriale. Komposten skal nytas til jordforbetringsmiddel, jf. krava i gjødselvareforskrifta. Ved vesentleg endring i drifta skal verksemda søke om endring av løyva, sjølv om utsleppa ligg innafor dei fastsate grensene. 2 Generelle vilkår 2.1 Plikt til å redusere forureining så langt som mogleg All forureining frå verksemda, under dette utslepp til luft, vatn, støy og avfall, er isolert sett uønskt. Sjølv om utsleppa blir haldne innanfor fastsette utsleppsgrenser, pliktar verksemda å redusere sine utslepp, under dette støy, så langt dette er mogleg utan urimelege kostnadar. Plikta omfattar også utslepp av komponentar som det ikkje er sett uttrykkeleg grenser for i vilkår i løyvet. 2.2 Plikt til førebyggjande vedlikehald For å halde dei ordinære utsleppa på eit lågast mogleg nivå og for å unngå utilsikta utslepp, skal verksemda sørgje for førebyggjande vedlikehald av utstyr som kan verke inn på utsleppa. System/rutinar for vedlikehald av slikt utstyr skal vere dokumentert, jf. internkontrollforskrifta 5 punkt 7. 2.3 Tiltak ved auka forureiningsfare Dersom det som følgje av unormale driftstilhøve eller av andre grunnar oppstår fare for auka forureining, pliktar verksemda å setje i verk tiltak som er nødvendige for å eliminere eller redusere den auka forureiningsfaren, under dette om nødvendig, å redusere eller innstille drifta. Verksemda skal så snart som mogleg informere Fylkesmannen om unormale tilhøve som har eller kan få forureiningsmessige følgjer. Akutt forureining skal varslast i samsvar med punkt 8.4. 2.4 Internkontroll Verksemda pliktar å etablere internkontroll for verksemda si, i samsvar med gjeldande forskrift 4. Internkontrollen skal mellom anna sikre og dokumentere at verksemda held krav i dette løyvet, forureiningslova, produktkontrollova og relevante forskrifter til desse lovene. Verksemda pliktar å halde internkontrollen oppdatert. Verksemda skal alltid ha oversikt over alt som kan føre til forureining, og skal kunne gjere greie for risikoen for forureining.
Side 3 av 8 3 Driftsforhold 3.1 Driftstider Måndag til fredag 07.00-17.00 Anlegget skal være stengt søndagar, heilagdagar og høgtidsdagar. Med ordinær drift menes mottak av avfall, all handsaming av containerar, lasting eller annen aktivitet som kan gi støy. For all aktivitet/drift ved anlegget må verksemda følje krava til støy gitt i vilkår 6. 3.2 Mottak og behandling Slammet og innsatsmaterialet skal handsamas på ein slik måte at det ikkje oppstår sjenerande lukt eller anna forureining til sjenanse for nærmiljøet. Verksemda skal nytte den metoden for kompostering som gir færrast muleg ulemper for miljøet og nærmiljøet. 3.3 Kontroll og registrering Det skal førast ein driftslogg for drifta av anlegget. Den som er ansvarleg for anlegget skal sørgje for kontroll av innkome slam for å sikre at det ikkje er blanda anna type avfall. Uønskja avfall skal fjernast straks. Alt slam og innsatsmaterialet skal registrerast i driftsjournalen, inkludert uønskja avfall og andre spesielle forhold ved drifta. Det skal førast eit registrer over mengde ferdig kompost og bruken av den. 3.4 Lukt 3.4.1 Utslepp til luft Frekvensen av kjenn bar plagsam lukt ved nærliggande bustader, fritidsbustader m.v. skal ikkje overstige 1 prosent av timane i ein månad. 3.4.2 Luktrisikovurdering Det skal gjennomførast ein luktrisikovurdering, jf. vilkår 8.1, i tråd med dei retningslinjer gitt i rettleiinga frå Miljødirektoratet om regulering av luktutslepp i løyver etter forureiningslova, jf. vedlegg 3 i rettleiinga. Ved endra forhold i produksjon eller drifta skal luktrisikovurderinga oppdaterast. 3.4.3 Driftsplan Verksemda skal laga ein driftsplan som skal sikra at ulempa med lukt ved verksemda blir minst muleg. Planen skal være i tråd med dei retningslinjer gitt i rettleiinga frå Miljødirektoratet om regulering av luktutslepp i løyver etter forureiningslova, jf. vedlegg 4 i rettleiinga. Ved endra forhold i produksjon eller drifta skal driftsplan oppdaterast. Verksemda skal sjå til at alt personell har relevant kompetanse om faktorar som verkar inn på luktforhold ved anlegget. 3.4.4 Plan for handsaming av lukt og plan for kommunikasjon Verksemda skal laga ein plan for handsaming av lukt og ein plan for kommunikasjon som er i tråd med anbefalingane gitt i Miljødirektoratets rettleiinga om regulering av luktutslepp i løyver etter forureiningslova, jf. vedlegg 5 i rettleiinga.
Side 4 av 8 Verksemda skal ha eit system for klager på lukt, jf. vilkår 3.7, som skal knytast til geografisk sted og tid. Desse klagene skal loggførast. Klagene bør vurderast opp mot værdata og avvik frå driftsplan. Ein skal gi ein vurdering av årsaka til luktutsleppet, og ein skal gi ein skildring av evt. tiltak som ein setter i gang. Denne informasjon skal bli kjent for naboar og Fylkesmannen. Verksemda skal laga ein plan for handsaming av lukt og ein plan for kommunikasjon som er i tråd med rettleiinga frå Miljødirektoratet. 3.5 Utslipp til vann 3.5.1 Prosessvann Kompostering av slam skal skje på tett dekkje med oppsamling av prosess- og overflatevatn til slamavskiljar og spreiegrøft. Dekkjet med tilhøyrande reinseanlegg skal etablerast innan 1.1.16. 3.5.2 Overflatevatn Avrenning av overflatevatn frå uteareal til verksemda skal handterast slik at det ikkje fører til skade eller ulempe for miljøet. Overflatevatn frå evt. overfor liggande områder skal avskjerast slik at vatne ikkje kjem gjennom lager- og produksjonsområde. 3.5.3 Sanitæravløpsvatn Sanitæravløpsvatn skal handsamas i tråd med vilkår frå kommunen. 3.5.4 Overvaking Verksemda skal innan 1.1.16 evaluere dagens overvakingsprogram for å sikre seg at endringar av drifta på anlegget fangast opp. 3.6 Støv Verksemda skal drive slik at det ikkje skapar sjenerande støv for nærmiljøet. Plassering og drift av støvproduserande prosessutstyr skal vurderast i ei miljørisikoanalyse, jf. vilkår 8.1. Ved endra produksjonsforhold skal risikovurderinga oppdaterast. Verksemda skal ha internkontrollrutinar og utstyr for å handsame støv i forbindelse med drift og produksjon på anlegget. 3.7 Klager Det skal etablerast eit system for mottak av klager. Verksemda skal sørgja for at evt. klager blir følgt opp systematisk som ein del av verksemda si internkontrollsystem. 4 Grunnforureining Verksemda skal vere innretta slik at det ikkje skjer utslepp til grunnen som kan føre til nemneverdige skader eller ulemper for miljøet. Verksemda pliktar å halde kontinuerleg oversikt over eventuell eksisterande forureina grunn på verksemdsområdet. Det same gjeld faren for spreiing, og om det er trong for granskingar og tiltak. Dersom det er nødvendig å setje i verk granskingar eller andre tiltak, skal Fylkesmannen varslast om dette. Graving eller andre tiltak som kan påverke forureina grunn, må ha løyve etter forureiningslova, evt. godkjenning frå kommunen eller Fylkesmannen.
Side 5 av 8 5 Kjemikal Med kjemikal meiner vi her kjemiske stoff og stoffblandingar som blir brukt i verksemda, både som råstoff i prosess og som hjelpekjemikal, til dømes groehindrande middel, vaskemiddel, hydraulikkvæsker og middel for å hindre brann. For kjemikal som blir brukt på ein slik måte at det kan føre til fare for forureining, skal verksemda dokumentere at ho har gjort ei vurdering av helse- og miljøeigenskapar til kjemikala på bakgrunn av testing eller annan relevant dokumentasjon, jf. også punkt 2.4 om internkontroll. Verksemda pliktar å etablere eit dokumentert system for substitusjon av kjemikal. Verksemda skal gjere ei kontinuerleg vurdering av faren for skadelege effektar på helse og miljø av dei kjemikala som blir brukt, og av om alternativ finst. Skadelege effektar knytt til produksjon, bruk og endeleg disponering av produktet, skal vurderast. Der betre alternativ finst, pliktar verksemda å bruke desse så langt dette kan skje utan urimeleg kostnad eller ulempe. Stoff åleine, i stoffblandingar og/eller i produkt, skal ikkje framstillas og seljast, eller bli brukt utan at dei er i samsvar med krava i REACH-regelverket og andre regelverk som gjeld for kjemikal. 6 Støy Verksemda sitt bidrag til utandørs støy ved omkringliggande bustader, sjukehus, pleieinstitusjonar, fritidsbustader, utdanningsinstitusjonar og barnehagar skal ikkje bryte følgjande grenser, målt eller rekna ut som frittfeltsverdi ved mest støyutsatte fasade: Måndag-fredag «gjennomsnitt natt/tidlig morgon» LpAekv*1h Måndag-fredag «gjennomsnitt dag/tidlig kveld» LpAekv*12h Måndag-fredag «gjennomsnitt kveld» LpAekv*3h Måndag-fredag «maksimal nivå» LA1** 45dB(A) 55dB(A) 50dB(A) 60dB(A) *LpAekv angir grense for ekvivalent kontinuerlig støynivå midlet over den reelle driftstida **LA1 er et statistisk maksimalnivå, uttrykt som det støynivået som overskrides i 1% av tida. Dersom støyen har tydelig rentonekarakter hos mottaker eller dersom impulslyd forekommer med meir en 10 hendelser pr. time, er grenseverdiene for ekvivalentnivå 5 db(a) lavere enn de grenseverdiene som er angitt i tabellen. Med impulslyd menes kortvarige støtvise lydtrykk med varighet under 1 sekund og der impulslyden er av typen «higly impulsive sound» som definert i T 1442 kapitel 6. Støygrensene gjeld all støy frå verksemda si ordinære drift, inkludera intern transport på område til verksemda og ved lossing/lasting. Innandørs vedlikehaldsarbeid og anna lett vedlikehaldsarbeid som ikkje gir støyutstråling av betyding til omgjevnadene, omfattast ikkje av reglane for støy. Planlagt, tyngre vedlikehaldsarbeid skal leggast til dagtid kl.07-19. Støy frå bygge og anleggsarbeid og frå ordinær persontransport av verksemdas ansatte er ikkje omfatta av grensene. Fylkesmannen kan pålegge verksemda å gjøre støymålingar vist det blir naudsynt. 7 Avfall Verksemda pliktar så langt det er mogleg utan urimelege kostnadar eller ulemper å unngå at det blir danna avfall som følgje av verksemda. Særleg skal verksemda prøve å avgrense innhaldet av skadelege stoff i avfallet mest mogleg. Verksemda pliktar å sørgje for at all handtering av avfall, under dette farleg avfall, skjer i samsvar med gjeldande reglar for dette fastsett i eller i medhald av forureiningslova, under
Side 6 av 8 dette avfallsforskrifta 12. Avfall som oppstår i verksemda, skal verksemda prøve å bruke på nytt i produksjonen sin eller i andre sin produksjon, eller for brennbart avfall prøve å utnytte det til energiproduksjon internt/eksternt. Slik utnytting må likevel skje i samsvar med gjeldande reglar fastsett i eller i medhald av forureiningslova og krav fastsett i dette løyvet. 8 Tiltak for førebygging og beredskap mot akutt forureining 8.1 Miljørisikoanalyse Verksemda skal gjennomføre ein miljørisikoanalyse av verksemda si. Verksemda skal vurdere resultata med tanke på akseptabel miljørisiko. Potensielle kjelder til akutt forureining av vatn, grunn og luft skal kartleggjast. Miljørisikoanalysen skal dokumenterast og skal omfatte alle tilhøve ved verksemda som kan føre til akutt forureining med fare for helse- og/eller miljøskadar inne på område til verksemda eller utanfor. Ved modifikasjonar og endra produksjonstilhøve skal miljørisikoanalysen oppdaterast. Verksemda skal ha oversikt over miljøressursar som kan bli råka av akutt forureining og dei helseog miljømessige konsekvensane slik forureining kan føre til. 8.2 Førebyggjande tiltak På basis av miljørisikoanalysen skal verksemda setje i verk risikoreduserande tiltak. Både sannsynsreduserande og konsekvensreduserande tiltak skal vurderast. Verksemda skal ha ein oppdatert oversikt over dei førebyggjande tiltaka. 8.3 Etablering av beredskap Verksemda skal, på bakgrunn av miljørisikoanalysen og dei risikoreduserande tiltaka som er sette i verk, om nødvendig, etablere og vedlikehalde ein beredskap mot akutt forureining. Beredskapen skal vere tilpassa den miljørisikoen som verksemda til ei kvar tid representerer. 8.4 Varsling om akutt forureining Akutt forureining eller fare for akutt forureining skal varslast i samsvar med gjeldande forskrift 14. Verksemda skal også så snart som mogleg varsle Fylkesmannen gjennom fmtepostmottak@fylkesmannen.no i slike tilfelle. 9 Rapportering til Fylkesmannen Det skal årleg, innan 1. mars sendast ein rapport frå drifta av anlegget til Fylkesmannen. Rapporten skal være ein gjennomgang av drifta det siste kalenderåret og skal innehalde: Mottatt mengde slam Mottatt mengde tilsatsmateriale Mengde levert og seld kompost Mengde lagra slam og tilsatsmateriale pr. 31.12 Ein samanstilling og vurdering av resultata frå overvaking av anlegget Vurdering av eventuelle innkomne klager over miljøproblem som følgje av drifta. 10 Utskifting av utstyr Viss verksemda skal gjere utskifting av utstyr i verksemda som gjer det teknisk mogleg å motverke forureining på ein vesentleg betre måte enn då løyvet vart gjeve, skal Fylkesmannen på førehand få melding om dette.
Side 7 av 8 Ved all utskifting av utstyr skal verksemda nytte dei beste tilgjengelege teknikkane for å motverke forureining. 11 Eigarskifte Viss verksemda blir overdratt til ny eigar, skal verksemda sende melding til Fylkesmannen så snart som mogleg og seinast ein månad etter eigarskiftet. 12 Nedlegging Viss eit anlegg blir nedlagt eller ei verksemd stansar for ein lengre periode, skal eigaren eller brukaren gjere det som til ei kvar tid er nødvendig for å motverke fare for forureining. Viss anlegget eller verksemda kan føre til forureining etter nedlegginga eller driftsstansen, skal verksemda i rimelig tid på førehand gje melding til Fylkesmannen. Fylkesmannen kan fastsetje nærare kva for tiltak som er nødvendig for å motverke forureining. Fylkesmannen kan påleggje eigaren eller brukaren å stille garanti for dekning av framtidige utgifter og mogleg erstatningsansvar. Ved nedlegging eller stans skal verksemda sørgje for at råvarer, hjelpestoff, halvfabrikat eller ferdig vare, produksjonsutstyr og avfall blir teke hand om på forsvarleg måte, under dette at farleg avfall blir handtert i samsvar med gjeldande forskrift 15. Dei tiltaka som blir sette i verk ved slike høve, skal verksemda rapportere til Fylkesmannen innan 3 månader etter nedlegging eller stans. Rapporten skal også innehalde dokumentasjon av disponeringa av kjemikalrestar og ubrukte kjemikal og namn på eventuell(e) kjøpar(ar). Ved nedlegging av ei verksemd skal den ansvarlege sørgje for at driftsstaden blir sett i miljømesseg tilfredsstillande stand igjen. Viss verksemda ønskjer å starte drifta på nytt, skal verksemda gje melding til Fylkesmannen i god tid før start er planlagt. 13 Tilsyn Verksemda pliktar å la representantar for forureiningsstyresmakta eller dei som har mynde, føre tilsyn med anlegget til ei kvar tid.
Side 8 av 8