ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Like dokumenter
ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

VEDTEKTER FOR VESTLAND ARBEIDARPARTI

ARBEIDSPLAN

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Vedtekter for Vestland SV

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar

Vedtekter for Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Lover for Vestland KrF

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Rødts landsmøte. Vedtekter for Raudt framlegg frå vedtektskomiteen. Fordi fellesskap fungerer

Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP)

Arbeidsplan

Vedtekter for Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet

Landsmøte 2016 Sak 9.4 forslag til vedtektsendring som følge av navne-endring

B I L E T K U N S T N A R A N E I M Ø R E OG R O M S D A L org.nr

Rødts landsmøte. Innkomne forslag til sak 5 vedtekter på landsmøte per Fordi fellesskap fungerer

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

VEDTEKTER FOR TELEMARK KULTURNETTVERK

Arbeidsplan for Ungdom mot EU

Rødts landsmøte. Hjelpedokument fra vedtektskomiteen. Fordi fellesskap fungerer

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

Stillingsomtalar for Arbeidsutvalet i Studenttinget i Volda

Grenseendringar etter inndelingslova. Volda, 25. august 2016

Landsmøtet, februar 2018

Hordaland Venstre har som føremål å arbeide aktivt for Venstre si sak i fylket, i samsvar med hovudvedtektene og programmet til Venstre.

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Arbeidsplan

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:30-00:00

innkalling til Ungdom mot rasismes 1. Landsmøte

Plan for forvaltningsrevisjon

VEDTEKTER ROGALAND VENSTRE

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Kommunikasjonsplan. Nye Øygarden kommune

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten

VEDTEKTER. Luster Arbeidarparti Luster Arbeidarparti

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Studenttinget 2016/2017

Innkalling og sakspapir er dermed sendt ut innanfor dei fastsette fristane.

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet

a) Ungdom mot EU skal samla ungdom og studentar til kamp mot norsk EUmedlemskap, driva folkeopplysing om EU og kjempa mot snikinnmelding i EU.

I forkortinga skal S, T og V vere store bokstavar, I skal vere liten.

Fellesnemnda. Fræna og Eide, 8. november 2016

Sak 1 Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Å rs pl a n f o r kontrollutvalet Bjerkreim

Referat. Styringsgruppa for kommunereform Os og Fusa Dato: fredag 18. august Tid: kl Stad: Fusa kommune - Kommunetunet Til stades:

Hordaland Venstre har som føremål å arbeide aktivt for Venstre si sak i fylket, i samsvar med hovudvedtektene og programmet til Venstre.

Kap 1 Innleiande fastsettingar

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

INNKALLING TIL STUDENTTINGSMØTE 5/18-19

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Forsand kommune Rådmannen

Kommunikasjonsplan ULLENSVANG KOMMUNE. - den nye kommunen i Hardanger. Me er på veg mot

KONTROLLKOMITEENS RAPPORT 2015

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Vedtekter Sist revidert på Raudts landsmøte 2017

Brukarutvalet i Sogn og Fjordane

VEDTEKTER FOR HARDANGERAKADEMIET FOR FRED, UTVIKLING OG MILJØ

Fellesnemndas funksjon og oppgåver. Norddal og Stordal, 10. februar 2017

Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Innovasjonsmetoden vår

Å rs pl a n f o r kontrollutvalet Bjerkreim

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Årsplan - Kontrollutvalet i Klepp

PARTSAMANSETT UTVAL FOR KOMMUNANE ULLENSVANG, JONDAL OG ODDA I PERIODEN Partssamansett utval - Ullensvang kommune

FELLES REGLEMENT FOR DEI POLITISKE ORGANA (K-sak 28/16)

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

SAIH sin strategi for inkludering av akademikarar. SAIH sin strategi for inkludering av akademikarar

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Framlegg til lovbrigde LST: Framlegg frå landsstyret SST: Framlegg frå sentralstyret VST: Framlegg frå Vebjørn Sture Innstilling på lov- og tuftbrigde

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Vedtekter Sagvåg skulekorps.

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Årsplan for kontrollutvalet i Bjerkreim

Studenttinget 2014/2015

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Grønningsæter, Hatlestad, Åsgård og Haugsnes

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

REGLEMENT FOR Utval for Levekår

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

Godt samspel. Vidare prosess etter at arbeidsgruppa har fullført sitt arbeid:

Transkript:

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE 2016-2019

INNLEIING Organisatorisk plattform er vedteken av Unge Venstres landsmøte 2015 og gjeld for perioden 2016-2019. Det er berre landsmøte som i perioden har høve til å gjere endringar i plattforma. For å sikre at organisasjonen arbeidar målretta for å utvikle seg i tråd med plattforma skal det fyrste landsstyremøtet etter kvart landsmøte utvikle ein verksemdplan. Sentralstyret skal i etterkant utvikle ein handlingsplan som forklarar korleis styret vil følgje opp verksemdplanen. Dette vil også sikre landsstyret innsyn i arbeidet til sentralstyret. Landsstyret pliktar seg til å greie ut om status for arbeidet med plattforma på kvart landsmøte.

MÅL OG PRIORITERINGAR FOR ORGANISASJONEN Som organisasjon skal Unge Venstre føre ein ambisiøs og optimistisk line for å oppnå sitt formål med å fremme ein radikal politikk, tufta på ein liberal forståing av samfunnet. Organisasjonen skal vera open og inkluderande, samt bygge opp det enkelte medlem gjennom å sikre einkvan høve til å utvikle seg sjølv og sine evner og idear. Unge Venstre skal ha ein aktiv rolle både som ein politisk og sosial organisasjon. Organisatorisk plattform skal liste opp dei prioriterte oppgåvene til organisasjonen. Dette er samstundes ikkje meint å vera ein avgrensing av aktiviteten i organisasjonen, men heller ei framheving av kva som må prioriterast. Hovudområde definerer kva område Unge Venstre skal prioritera å byggja truverdigheit på. Dette skal oppnås gjennom intern skolering og profilering. Unge Venstre har følgjande hovudområde i løpet av perioden: Utdanning Klima og miljø EU og internasjonal politikk DEN POLITISKE ORGANISASJONEN Unge Venstre skal aktivt søke gjennomslag for politikken gjennom å ta ein aktiv del i samfunnsdebatten, samt fremme politikk i Venstre og internasjonale organisasjonar. Organisasjonen skal ha nær kontakt med unge folkevalte i Venstre, både for å sikre unge folkevalte eit breiare nettverk, samt aktivt fremme politikk frå Unge Venstre. Følgjande skal prioriterast: Utvikle ny politikk tufta på liberale verdiar Fremme Unge Venstre sin politikk Gjennomføre kampanje i mellomvalår Jobbe målretta med valkamp i både valår og mellomvalår, herunder debattskolering Jobbe aktivt med stortingsgruppa til Venstre og levere eigne forslag frå Unge Venstre Sikre at alle medlemmer har mulighet til å bidra til politikkutvikling DEN SOSIALE ORGANISASJONEN Unge Venstre er og skal vera ein grasrotorganisasjon. Det er difor viktig å sikre at alle medlemmar har høve til å fremme politiske forslag gjennom lokale, regionale og nasjonale møter. Ein skal sikre at alle medlemmer kan nå fram med sitt engasjement. Det må difor vera ei prioritert oppgåve for organisasjon å ha aktivitetar for alle medlemmer. God organisasjonskultur, mange sosiale aktivitetar og store nasjonale arrangement er viktig for å bygge gode relasjonar og tillitsforhold mellom medlemmane i organisasjonen. Vidare skal

det arbeidast gjennomgåande med rekruttering av nye medlem og aktiv deltaking i organisasjonen. Følgjande mål skal arbeidast særskilt for: Ha 2200 betalande medlemmer i 2019 Det skal vera aktive lokallag i alle fylker Unge Venstre skal vera lokalt til stades i alle byar med over 30 000 innbyggjarar 25 prosent av medlemmane skal vera på eit eller fleire sentrale arrangement 10 prosent av medlemmane skal delta på sommarleiren Unge Venstre skal oppnå 7,5 prosent i skulevalkampen ARRANGEMENT Følgjande arrangement skal prioriterast: Sommarleir Landsmøte Lokal- og fylkesårsmøter Følgjande arrangement bør prioriterast: Skulebesøk Medlemsmøter på lokal- og fylkesnivå SKOLERING Det skal vera eit mål for Unge Venstre å alltid arbeide for at medlemmane kan utvikle seg politisk. Unge Venstre skal vere eit parti med politikk utvikla på grunnlag av kunnskap. Organisasjonen skal tilby politisk og organisatorisk skulering for alle medlemmer, med eit mål om å løfte fram og støtte opp under dei mange talenta i partiet. Følgjande skuleringar skal gjennomførast: Grunnakademiet Regionalakademiet Nasjonalakademiet Talentakademiet Leiarakademiet Organisasjonsskulering Andre utdjupande og supplerande seminar og arrangement INTERNASJONALT Unge Venstre skal vere ein organisasjon med eit blikk ut mot verda. Samarbeid med internasjonale organisasjonar skal stå sentralt. Det skal aktivt leggjast til rette for at medlemmer også kan vere aktive med internasjonalt arbeid, også dei utan sentrale verv. Følgjande internasjonalt arbeid skal prioriterast: Aktiv deltaking i IFLRY - International Federation of Liberal Youth Aktiv deltaking i LYMEC European Liberal Youth

Ha minst to aktive samarbeidsprosjekt med eit langtidperspektiv Samarbeid med skandinaviske søsterorganisasjonar, særleg i samband med valkamparbeid

ORGANISASJONSARBEIDET Ein organisasjon i vekst treng tydelege rammar for korleis arbeidet i organisasjonen skal gå føre seg. Vidare ønskjer organisasjonen å sjå på nokre særskilte område for forbetring i den komande perioden. Fylkes- og lokallag Den lokale aktiviteten er ryggraden i Unge Venstre. Sentralstyret skal yte støtte til lokal-og fylkeslaga slik at dei kan oppretthalde høg aktivitet. Der det ikkje er fungerande fylkeslag skal sentralstyret arbeide for å få i gang aktivitet. Sentralstyret skal også arbeide for å få oppretta lokallag i områder med mange innbyggjarar der det i dag ikkje er lokallag. Fråsegner Ei fråsegn er eit dokument som seier noko om kva eit organ i Unge Venstre meiner om eit tema. Alle organ i organisasjonen kan vedta fråsegner. Det er berre landsmøtet, landsstyret og sentralstyret sine fråsegner som er gjeldande nasjonal politikk for Unge Venstre. Desse organa kan ikkje vedta fråsegner som går i mot fråsegner vedteke av et høgare organ. Andre organ, fylkeslag og lokallag står fritt til å vedta fråsegner som går på tvers av nasjonal politikk. Sakspapir Sentralstyret er saksførebuande organ i Unge Venstre og har ansvar for å sikre at sakspapir vert sendt ut i forkant av landsstyremøter og landsmøtet. Til desse møta skal sakspapir verte sendt ut med den andre innkallinga. I sakspapira skal det skiljast mellom diskusjons-, orienterings- og vedtektssaker. Tilsettingar I tilsettingsprosessar i Unge Venstre er det organet som tilsett personen som i forkant nedsett eit tilsettingsutval. Dette utvalet har ansvar for å intervjue og komme fram til ei innstilling. Denne innstillinga skal deretter leggjast fram for det tilsettande organet. ORGANISATORISKE PROSJEKT I PERIODEN Over tid har organisasjonen vorte gjort oppmerksam på fleire utfordringar knytt til organisasjonsarbeidet. Nokre tema har også vorte gjenstand for forvirring og større diskusjon. Av den grunn bør det i den komande perioden arbeidast for å komme med løysingar til desse utfordringane. Valreglement og forretningsorden I løpet av perioden skal landsstyret få utarbeida og vedtatt eit valreglement og ein forretningsorden som skal vere rådgjevande for lokallagsårsmøter, fylkesårsmøter og for landsmøtet. Det skal ta for seg korleis eit møte i Unge Venstre bør organiserast. Forretningsorden og valreglementet skal innehalde reglar for debatten, røystereglar og i kva for rekkjefølgja dei ulike sakene skal opp.

Studentorganisering Sentralstyret skal i løpet av perioden føre samtalar med Norges Liberale Studentforeining om korleis ein best mogleg kan organisere studentar som ønskjer å vera ein del av den liberale rørsla. Sakpapir og sakpapirportal Landsstyret skal få utarbeida retningsliner/mal for innkalling og referat. Desse bør vere lett tilgjengelige malar for saksframlegg, innkalling og referat til bruk for heile organisasjonen. Det skal utarbeidast ein sakspapirportal/ intranett -løysing for å gjere sakspapir, vedtak, politiske fråsegn og andre dokument tilgjengelige for tillitsvalte, samt for å letta den daglege drifta. Portalen bør også innehalde oversikt over prosjekt og kontaktpersoner for disse. Det vil gjere det mogleg å halde organisasjonen som heilhet oppdatert på den daglege drifta. Dette bør om mogleg fungera som arkiv. Om ikkje bør det utarbeidast eigen arkivløysning. Saksportalen og arkivet burde også være åpen for medlemmene via Unge Venstres nettside, for å sikre en mest mulig gjennomsiktig organisasjon. Unntak kan gjerast om personvernhensyn krever det. Avklaring av ansvar ombodsrolla I dag er sedvane at generalsekretæren har den øvste ombodsrolla i organisasjonen, og saman med leiar har ansvar for å løyse eventuelle konfliktar med meir. I løpet av perioden bør det verte nedsett eit utval som ser på korleis denne ordninga fungerer, eller om ein bør finne ei alternativ ordning som er uavhengig av organisasjonsleiinga. Titlar for tillitsverv på engelsk Landsstyret bør vedta ei norm for korleis alle verv og stillingar skal omtalast i internasjonale fora. Organisasjonsutval Landsstyret bør setje ned eit organisasjonsutval som skal sjå på korleis Unge Venstre kan organisere seg betre etter 2018. Utvalet skal levere rapporten i god tid før landsmøtet i 2019.

ROLLER OG FORDELING AV OPPGÅVER Lokallag er grunnsteinen i Unge Venstre og skal stå for den daglige aktiviteten for medlemmane - i samarbeid med fylkeslaget. Lokallaga representerer Unge Venstre i dei lokale Venstre-laga, samt fremjar Unge Venstre-politikk i lokalsamfunnet. Lokallagstyret har ansvar for å skape eit sosialt miljø for liberal ungdom der folk bur, samt gje flest mogleg høve til å drive med politikk. Fylkeslag sikrar Unge Venstre-medlemmer representasjon på landsmøtet og i landsstyret. Fylkeslaget representerer Unge Venstre i fylkeslaga til Venstre og fremjar Unge Venstre-politikk i sin region. Fylkesstyret har ansvar for å støtte lokallag, samt arrangere større medlemsarrangement i si region. Landsstyret er det høgste organet mellom to landsmøter. Det skal følgje opp organisatorisk plattform gjennom å vedta årlege verksemdplaner. Vidare skal landstyret vedta og revidere budsjettet til Unge Venstre. Landsstyret kan setje ned utval der dei ser det føremålstenleg. Også kompetansen til å supplere personer i sentrale verv ligg hos dette organet, samt kompetansen til å velje delegasjon til landsmøtet til Venstre. Landsstyret kallar inn til landsmøtet. Landsstyret skal avleggje årsrapport på landsmøtet. Direktevalte til landsstyret er sjølvstendige medlemmar av landsstyret med eit særleg ansvar for å vera ei kritisk røyst, samt vera en aktiv bidragsytar til politikkutvikling. To direktevalte leiar kvart sitt politiske utval. Oppgåver dei resterande direktevalte skal arbeide med utgår frå verksemdplanen. Dei direktevalte skal rapportere om sitt arbeid til landsstyret. Sentralstyret har ansvaret for drifta av organisasjonen mellom kvart landsstyremøte, samt for planlegging og gjennomføring av sentrale arrangement. Styret er eit arbeidande kollegium med praktiske oppgåver som vert fordelt i samråd med generalsekretæren. Overordna ansvarsoppgåver samt fordeling av ansvaret i ei fylkesfadderordning skal fordelast på fyrste sentralstyremøte etter landsmøtet. Fylkesfadderen skal vere ein ressursperson som skal bistå fylkeslaga. Sentralstyret kan setje ned utval innafor deira mandat. I saksførebuing til landsstyret skal sentralstyret arbeide for å fremje saker med reelle valalternativ. Sentralstyret skal rapportera om sitt virke på kvart landsstyremøte. Arbeidsutvalet velgast av sentralstyret. Utvalet skal møtast oftare enn sentralstyret, og saman med generalsekretæren følgje opp den daglege drifta. Arbeidsutvalet har det daglege ansvaret for det sentrale media- og kommunikasjonsarbeidet. Vidare skal det rapporterast jamleg om arbeidet til sentralstyret. Generalsekretæren har ansvaret for den daglege drifta av organisasjonen, og har ansvar for at organisatoriske vedtak frå landsmøtet, landsstyret, sentralstyret og arbeidsutvalet vert satt i kraft. Generalsekretæren er arbeidsgjevar overfor andre tilsette i Unge Venstre. Dei andre arbeidsoppgåvene til generalsekretæren er mellom anna økonomistyring og halde arkiv. Generalsekretæren har det øvste ansvaret for personale, saman med leiar. Dei har

jamlege medarbeidarsamtalar med sentralstyret. Dei handterer også eventuelle lokale saker som skulle kome fram. I saker som angår dette tema er generalsekretær og leiar dei som handterer saken i media. Politiske utvalg vert nedsett av landsmøtet. Utvala skal utarbeide ei politisk melding ut frå eit mandat gjett av fyrste landsstyret etter landsmøtet. Det skal setjast ned eit kunnskapspolitisk utval, og eit klima- og miljøpolitisk utval. Utvala skal bestå av leiar og tre medlemmar. Vidare bør utvala legge fram forslag til tema meldinga skal ta utgangspunkt i for dette landsstyremøtet. Utvala skal gjennom meldinga greie ut om den etablerte politikken på feltet, drøfte politikken opp mot grunnsynet til Unge Venstre, samt kome med konkrete utfordringar og anbefalingar for politikkutvikling. Utkast til meldinga skal handsamast på landsstyret andre kvartal. Sjølve meldinga skal presenterast for landsstyret i forkant av landsmøtet, medan ei fråsegn med utgangspunkt i meldinga skal presenterast for landsmøtet. Landsstyret kan kome med supplerande oppgåver gjennom verksemdplanen. Grafisk utvalg skal lede og videreutvikle Unge Venstres nasjonale grafikk og mediale uttrykk. Utvalget skal bestå av en leder og fire medlemmer, og velges ved første landsstyremøte etter landsmøtet. Arbeidsoppgavene vil primært være å produsere ny grafikk, videreutvikle Unge Venstres grafiske profil og ha ansvar for at nasjonale arrangementer blir dokumentert. Internasjonalt utvalg skal under leiing av internasjonal leiar ha det overordna ansvaret for internasjonalt arbeid i Unge Venstre. Dette inkluderer oppfølging av søsterorganisasjonar, internasjonale nettverk og samarbeidsprosjekter. Utvalet skal lage eigen verksemdplan på sitt konstituerande møte. Vidare skal utvalet levere ei årsmelding til landsmøtet. Kontrollkomiteen er kontrollorganet i Unge Venstre. Komiteen vert valt av landsmøtet og møter på alle sentral- og landsstyremøta. Dei fører tilsyn med vedtak frå landsmøtet, økonomien i organisasjonen, samt har ansvar for å sende ut ein rapport med sakspapira til landsmøte samt leggje denne fram i møtet. Valkomiteen er førebuande organ for saken «val» på landsmøtet. Komiteen har ansvar for å intervjue aktuelle kandidatar, hente innspel frå organisasjonen, samt leggje fram ei innstilling for landsmøtet. Valkomiteen gjennomfører intervju på eit eller fleire landsstyremøter i perioden, samt under sommarleir. Dei skal vidare svare for alle valtekniske spørsmål kandidatar måtte ha i perioden mellom to landsmøter.