Vekeplan 9. trinn Veke 39 og 40 LÆRINGSMÅL DENNE PERIODEN: Fag: Norsk Verta betre kjent med forfattar Terje Torkildsen Kjenna att dystopi som tema Reflektera rundt og uttrykkja draumar/planar om eiga framtid Relatera tema, handling og personar i «Dystopia» til eige liv Finna sjangerkjenneteikn fagtekstar cv, søknad, stillingsannonse Kjenna att verkemiddel som humor, ironi, kontrastar, samanlikningar i reklametekstar Engelsk Lesa tekstar om idrett Beskriva ein idrett Diskutera ulike grunnar for å driva med sport Øva på adjektiv og adverb Matematikk Rekna med prosent i praktiske situasjonar som rabatt, meirverdiavgift og renterekning Bruka rekneark Samfunnsfag Gje døme på korleis eit lovbrot blir behandla, diskutera årsaker til og følgjer av kriminalitet og forklara korleis rettsstaten fungerer KRLE Forklara kva det vil seia å vera kristen Fortelja om ulike syn på Bibelen Fortelja om historia til kristendommen i dei siste 500 åra Naturfag Grunnleggjande kjemi: Forklara korleis eit atom er bygd opp Forklara kva som skjer når atom slår seg saman Vurdera eigenskapane til grunnstoff og sambindingar ut frå periodesystemet Fortelja om påvisingsreaksjonar og analysera eit ukjent stoff Teknologi og design: Vurdera ein teknisk gjenstand Spansk Læra vanlege spanske verb Skildra personar Læra spørjeord Tysk Kunna fortelja kva du gjer om morgonen før du går på skulen. Læra verb og uttrykk som har med morgonrutine å gjera. Læra namnet på ulike dyr. Kunna presentera eit dyr. Engelsk Kunna fortelja om tankar om framtida fordjuping Kunna osamtala om og reflektera over livet og venskap Fransk Kunna fortelja om sommarferien Kunna noko om franske ferievanar Øva grammatikk: personlege pronomen, presens av regelrette
verb på -er, presens av être og avoir, le passé composé Arbeidslivsfag Kunna følgja gjeldande reglar for helse, miljø og tryggleik Læra å halda orden på arbeidsplassen Kunna kommunisera og samarbeida med andre i ein arbeidssituasjon Kunna yta service overfor kundar og brukarar M&H Vita kva kostråda frå helsesstyresmaktene inneheld og kva dei er til for. Kunna trekkja fisk. Kunna smuldra margarin skikkeleg inn i mjøl og laga ein paibotn ut frå dette. Kunna laga suppe frå botnen av. Kjenna til framgangsmåten for gjærbakst. Kroppsøving Trena på og bruka ulike ferdigheiter i utvalde lagidrettar, individuelle idrettar og alternative rørsleaktivitetar Forklara og utføra livberging i vatn Bruka leik og ulike treningsformer for å utvikle eigen kropp og helse Fotball Delta i gruppeaktivitetar eller individuelle aktivitetar som utfordrar både koordinative og fysiske dugleikar. Gjera sitt beste, samhandla med og oppmuntra medelevar. Aktivitet og helse Delta i gruppeaktivitetar eller individuelle aktivitetar som utfordrar både koordinative og fysiske dugleikar. Gjera sitt beste, samhandla med og oppmuntra medelevar Innsats for andre Planleggja praktiske tiltak som medfører sosial verdiskaping for valt målgruppe Kjenna til føresetnader som ligg til grunn for frivilleg arbeid Friluftsliv Kunna sykkeltur til Njåskogen 1415! Hugs hjelm, gode klede og noko å samla sopp i. Vi er tilbake mellom 17-18. Hugs Sal og scene Utvikla og formidla idear til ein eller fleire produksjonar. Samarbeida om å på og bak scena for å få eit best mulig resultat. Produksjon av informasjon Lysbileteserie med bakgrunnsmusikk. PRØVAR, INNLEVERINGAR OG FRAMFØRINGAR Fag: Tidspunkt: Kva? Vurdering: Norsk Tysdag 27.9. 2.-3. time Skriveøkt - bokmål Karakter Matematikk Torsdag 5.10 1-2. time Skriftleg prøve Karakter Engelsk fordjuping Innen fredag 6.10. Innlevering av tekst eller film Godkjent/ikkje godkjent Engelsk Ein av engelsktimane i Skriva om sport og Karakter v 40. Faglærar avtalar samfunn Naturfag Fredag 29.09 2. time Skriftleg prøve i kapittel 1 Karakter
INFORMASJON I sist veke fekk me besøk av DKS, den kulturelle skulesekken. Elin Furubotn, Gunnar Roaldkvam og Stein Tang Wa framførte dikt og song i førestillinga: "Kvardagen er ikkje så verst". Det var fengjande, og artistane skrytte av eit veldig godt publikum. Elevane har nå gjennomført nasjonale prøvar i lesing og rekning. Det blir oppsamlingsprøve på måndag for dei som har hatt fråvær. Hei verden-aksjonen gjekk bra med bøsseinnsamling, der me fekk inn over 50.000 kr. Valfaggruppa innsats for andre overraska elevane med boller og kake som takk for god innsats. Verdensdagen for psykisk helse er den 10. oktober. Bryne ungdomsskule ønskjer å markera denne dagen med ulike aktivitetar i veke 40. Helsesyster skal innom alle klassane før haustferien med eit undervisningsopplegg rundt temaet. Fredag 6.10 etter lunsj blir det eit felles opplegg for heile skulen. Elevane får då møta fleire instansar som jobbar med temaet som Se-meg aksjonen, ambulant akutteam, ROS, Frisklivssentralen, barnevernstenesten og Familiesenteret. Takk for godt frammøte på foreldremøtet! Powerpoint frå møtet ligg på heimesida. Elevar og føresette må bruka Visma. Her får dokker informasjon om fråvær og anmerkingar, og det vil koma framovermeldingar og karakterar i dei ulike faga. Flott om alle føresette sjekker at informasjon som telefonnummer og mailadressar stemmer. Viktig at alle abonnerer på nyheiter på heimesida. Mvh alle dei vaksne på trinnet.
HEIMEARBEID VEKE 39 1. Finn ut: Norsk Kven er Terje Torkildsen? Kva for bøker har han skrive? Kva gjer han utanom å skriva bøker? Kva er Uprisen? 2. Finn ut: Kven er Terje Torkildsen? Kva for bøker har han skrive? Kva gjer han utanom å skriva bøker? Kva er Uprisen? Finn desse opplysningane i to forskjellige kjelder Engelsk 1. Oral (munnleg): Join a partner (someone at school or at home) and make your own sentences inspired by the words in the yellow box page 75 in workbook. 2 Write down your own sentences inspired by the words in the yellow box page 75 in workbook. Alle: Gjer oppgåve om rabatt på rekneark Matematikk Samfunnsfag Blå Meirverdiavgift: 7.112 og 7.113 s. 152 Rabatt: 7.117, 7.118 og 7.122 s.152 og 153 Grøn Meirverdiavgift: 7.210 og 7.214 s.158-159 Rabatt: 7.215, 7.217, 7.218 og 7.223 s.159-161 Raud Meirverdiavgift: 7.308 og 7.309 s. 166 Rabatt: 7.312, 7.315 og 7.316 s. 168 1. Sjå eit nyheitsinnslag om ransbølgja blant ungdom: https://www.nrk.no/skole/?page=search&q=kriminalitet&me diaid=10870 Svar på desse spørsmåla etter at du har sett innslaget: 1) Kva årsaker kjem fram til den aukande ransbølgja blant unge? 2) Kva blir nemnt som mogleg tiltak for å minska denne utviklinga? Lever svara dine på OneNote eller Showbie. For dei som vil litt meir: Les om rettssystemet på side 246-249. KRLE 1. Les s. 101 til 106 i Horisontar. Snakk med ein medelev eller ein heime om kva teksten handla om. Skriv inn i OneNote kven du forklarte for. Hugs å forklar kva desse orda betyr: lovprising, forbøn og sakrament. 2. Les s. 101 til 106 i Horisontar. Skriv eit samandrag og lever på OneNote. Pass på at du forklarar orda lovprising, forbøn og sakrament. Naturfag Førebu deg til prøve på grunnleggjande kjemi som du skal ha på fredag. Sjå gjennom kriteria for måloppnåing og øv ut frå læringsmåla som er sett for temaet. Spansk 1. Ta utgangspunkt i oppg. C s. 14 i Ejecicios og skildre anten Julian eller Sofia. Husk å ta med fargar òg i skildringa. Nytt 4 av dei 8 spørreorda på s. 126 i Textos og lag eit spørsmål til kvart
spørreord til den du har skildra. Gloser til fredag, sjå OneNote. 12 fyrste. Tysk 1. Gjer oppgåve 15 s. 25. Fransk 1. Les høgt og set om s. 18 og 19. Øv på glosene. Gjer oppg. 24, 26 og 27 på s. 28/29 2. Les høgt og set om s. 18 og 19. Gjer oppg. 29. Eng fordj 1. Vel ei av oppgåvene på s. 34-35. Der det står at du skal presentere for klassen, skal du ikkje gjere det, men filme deg sjølv og levere inn. Innlevering av tekst eller film innen fredag i veke 40. Godkjent/ikkje godkjent. For å få godkjent må det vere tydeleg kva oppgåve du har valgt, og du må ha svara på alle kulepunkta i oppgåva. M&H Me skal lage Ulike typar pai og bollar i tillegg til fisk i paprikasaus for dei som ikkje har har laga det. Bruk til dømes "matprat.no" og studer framgangsmåtane for pai og gjærbakst. Alle skal lage mat heime, ta bilete og vis til læraren din. Hugs forklede. Kroppsøving Me skal orientere ute. Hugs uteklede. Idrett Volleyball HEIMEARBEID VEKE 40 Norsk 1. Les to sider frå Dystopia. Du får ark av faglærar. Skriv 7 faktasetningar om det du har lese. Lag ei god overskrift 2. Les to sider frå Dystopia. Du får ark av faglærar. Skriv ein kort nyheitsartikkel om det du har lese. Lag ei god overskrift. Engelsk Do exercise 15 or 16 p. 72 in workbook. Matematikk Alle: Gjera oppgåve om rente på rekneark Blå: Renterekning :7.124 og 7.126 s.154 Bruk målarka og prøv deg sjølv til kap. 1 og 7 til å repetera til prøve Bruk og Campus Inkrement https://campus.inkrement.no/327769595 Grøn: Renterekning: 7.224 og 7.225 s. 162 Bruk målarka og prøv deg sjølv til kap. 1 og 7 til å repetera til prøve Bruk og Campus Inkrement https://campus.inkrement.no/327769595 Raud: Renterekning: 7.318 og 7.319 s. 169 Bruk målarka og prøv deg sjølv til kap. 1 og 7 til å repetera til prøve
Bruk og Campus Inkrement https://campus.inkrement.no/327769595 Samfunnsfag 1. Les om "Konsekvenser av butikktyveri" på Ung.no: https://www.ung.no/kriminalitet/1212_konsekvenser_av_b utikktyveri.html Svar på desse spørsmåla: 1) Kva seier artikkelen om konsekvensar av butikktjuveri? 2) Kva trur du konsekvensane for den enskilde kan bli? Les i kommentarfeltet for å få nokre idear. Lever svara på OneNote eller Showbie. For dei som vil litt meir: Les om domstolane på side 250-252. KRLE 1. Les om ulike syn på Bibelen på s. 107-109 i Horisontar. Skriv 3 setningar om kva som kjenneteiknar kvart syn. Lever på OneNote. 2. Les om ulike syn på Bibelen på s. 107-109 i Horisontar. Svar på oppgåve 1-4 på s. 109. Lever på OneNote. Naturfag 1. Finn eit teknisk produkt heime og prøv å forklar korleis det fungerer. Spansk 1. Skildra deg sjølve (klede, alder, høgd etc.). Nytt dei 4 spørjeorda på s. 126 i Textos som du ikkje nytta i forrige veke, og lag eit spørsmål til kvart spørreord. Gloser til fredag, sjå OneNote. 12 siste. Tysk 1. Vel eit dyr og finn ut kva det heiter på tysk. Lag eit tankekart i ithoughts med minst tid ord som fortel noko om dyret. Ta med eit bilete av dyret. 2. Vel eit dyr og finn ut kva det heiter på tysk. Lag eit tankekart i ithoughts og ha med minst fem setningar som fortel noko om dyret. Ta med eit bilete av dyret. Fransk 1. Les og lær s. 21 i tekstboka. Skriv seks setningar om kva du har gjort i sommarferien. (Oppg. 30 s. 29) Kontroller måla på s. 29 med tanke på kapittelprøve i v. 42 2. Les og lær s. 21 i tekstboka. Skriv ti setningar om kva du har gjort i sommarferien. (Oppg. 30 s. 29) Kontroller måla på s. 29 med tanke på kapittelprøve i v. 42 Eng fordj 1. Fullfør oppgåva du starta på i veke 39. Lever på Showbie innan fredag. (Klassekode: TML96) M&H Me skal laga ulike typar paiar og boller i tillegg til fisk i paprikasaus for dei som ikkje har har laga det. Bruk til dømes "matprat.no" og studer framgangsmåtane for pai og gjærbakst. Alle skal laga mat heime, ta bilete og vis til læraren din. Hugs forklede. Kroppsøving Me skal ha styrketrening i gymsalen. Idrett Volleyball Friluftsliv Me lærer om å pakke dagstursekk + planlegg eigen tur. Møt opp til vanleg tid 08.00 på skulen. Sykkeltur til Njåskogen 14.15! Hugs hjelm, gode klede og noko å samla sopp i. Me er tilbake mellom 17 og 18.