Nr 3-4 2003 19. årgang. Fred over jorden! Menneske, fryd deg! Oss er en evig Frelser født!



Like dokumenter
GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Minnebok. Minnebok NYNORSK

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

Til deg som bur i fosterheim år

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Jon Fosse. For seint. Libretto

VIGSEL. 3. Handlinga skjer i kyrkja eller ein annan gudstenestestad som etter avgjerd av biskopen kan brukast til vigsel.

Da psbrosjyre ver nov :03:33

Brødsbrytelsen - Nattverden

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Månadsbrev for Rosa september 2014

/

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

ORDNING FOR KONFIRMASJON

Velkomen til soknerådskurs

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Gravferd. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Vanlege ordningar

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE UTAN NATTVERD

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Strategidokument

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

6. trinn. Veke 24 Navn:

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Møteprotokoll for møte i


Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Til framstellinga kan ein knyta lystenning eller andre enkle symbolhandlingar.

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

VELSIGNELSE AV HUS OG HJEM

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Velkomen som konfirmant!

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Månadsbrev for ROSA mars 2015


SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,


BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben


I dag er starten på resten av K15. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Transkript:

Radar Meldingsblad d for Hordabø, Manger og Sæbø Nr 3-4 2003 19. årgang Fred over jorden! Menneske, fryd deg! Oss er en evig Frelser født! Alle som er born: Les biskopen si julehelsing, spesielt til deg. (side 3)

Avdukingsseremoni i Manger kyrkje Året 2003/04 er av biskopen i Bjørgvin, Ole D. Hagesæther, utropt til borna sitt år i kyrkja. Biskopen har skrive ei særskilt julehelsing til borna i dette nummeret av Radar. Den Þnn du på neste side. I haust arrangerte bispedømekontoret kurs for dei som vil engasjera seg i borna sin plass i kyrkjelyden. Sølvi Merete Mangerøy var på kurset, og kom inspirert tilbake. På den følgjande gudstenesta bad Sølvi om å få inn ein programpost der me ville avduka det viktigaste i kyrkja. Me var litt spente på kva dette skulle bety, men sidan Sølvi er heilt og fullt til å stola på, fekk ho lov til det. Etter søndagsskulepreika kom Sølvi og ungane inn i kyrkja, og ungane sette seg med slør over hovudet heilt framme i kyrkja. Etter ein Þn avdukingstale, avduka Sølvi ungane og kunne visa fram dei viktigaste i kyrkjelyden; borna! Kjell Sekkingstad har fått permisjon Kapellan Kjell Sekkingstad har fått invilga permisjon i 40 % av stillinga si frå 1. januar 2004 til 31. juli 2005. Sekkingstad skal i permisjonstida ha konfirmantane som no. Han skal også ha ein del gudstenester, vigsler, gravferder og andre kyrkjelege handlingar, men mindre av dette enn før. Fram til sommaren 2004 vil prost Kåre Mestad og prostiprest Wernar Larsen dela på dei tenestene Kjell Sekkingstad har permisjon frå. Kven som overtek etter sommarferien 2004, er ikkje klart enno. Radar ynskjer Kjell Sekkingstad lukke til med permisjonen. Kjell prest er viktig for kyrkjelydane på Radøy, så me ynskjer han hjarteleg velkomen tilbake i full stilling 1. august 2005. 2

Ta ei rose med til kyrkja! Kjære alle born i Bjørgvin! I år treng eg nokon som vil hjelpe meg! Det er barneår i kyrkjelydane våre, og difor skriv eg julehelsing til dykk som er born. Kven som helst elles kan jo få lese dette brevet. Men det er til dykk eg skriv. I Danmark var det for lenge sidan ein mann som heitte H. C. Andersen. Han skreiv så utruleg vakre foreteljingar og eventyr. Ein gong skreiv han om den vakraste rosa i verda. Det er ei lang forteljing. Kan hende nokon heime hos deg kan finne den forteljinga og lese den for deg. Den handlar om ei dronning som var så sjuk. Ho kunne berre verte frisk dersom ho fekk sjå den vakraste rosa i verda. Ho fekk sjå rosa. Det var eit barn som kom med den til henne. Eigentleg var det ikkje ei rose, men forteljinga om Gud som er så glad i oss at han sende Jesusbarnet til verda for å frelse oss. Rosa er eit teikn på takksemd. Når vi gjev ei rose til nokon, då seier vi at vi er glade og takksame. No skal de høyre: Eg ynskjer meg hjelp frå dykk borna denne julekvelden. Dette året er eg borna sin biskop, og då må de vere biskopen sine hjelparar. Eg ynskjer at ein eller to eller mange av dykk skal ta med ei rose til kyrkja på julekvelden. Dersom det er ei julekrybbe i kyrkja, eller eit bilete av Jesusbarnet, då skal de leggje rosa der. Den skal vere ei takkegåve til Jesusbarnet. Kan hende kan de leggje rosa på preikestolen. Presten vert nok veldig glad når han eller ho får sjå ei rose som ligg på kanten av preikestolen. Det skal vere ei takk for at vi får høyre juleforteljinga kvart einaste år. Har du fleire roser, kan du la ei stå att i eit glass på rommet ditt. Når det vert seint på kveld, kan du leggje rosa på puta til mor eller far, og så skriv du eit kort der det står: Tusen takk for at de fortalde meg om Jesus! Det kjem dei vaksne aldri til å gløyme! Det var det eg ville be dykk om. Eg er så glad kvar jolekveld, for då vart Jesus fødd. Saman vil vi takke for at Jesus vil vere vår Frelsar og ven. Ha ei fin jul! Venleg helsing Ole D. Hagesæther biskop 3

Rettferdig julehandel! Handelsnæringa reknar med rekordstort julesal dette året. Butikkane ynskjer at folk skal handlar det dei evner og litt til. Slik aukar omsetnaden og fortenesta. Spørsmålet melder seg om me eigentleg treng alt som vert omsett. Ser ein på mykje av kramset som finst rundt i butikkane, kan ein lura på om det ikkje høver betre på bossplassen enn under juletreet. Mykje av det endar då også der etter kort tid. Me ynskjer slett ikkje å ta julegleda frå folk, heller ikkje julegåvene. Me vil likevel gjerne at folk no før jul stoggar opp og tenkjer etter om det kanskje kan finnast alternativ til kjøpepresset me omgir oss med. Kan jula til dømes nyttast til å gi ei gåve til ein som manglar alt heller enn til ein som har alt? I kyrkjene tek me julafta opp offer til Kirkens Nødhjelp. Juledag gir me til misjonen. Pengane til misjon og til naudhjelp vil koma vel med hjå menneske som først og fremst har dagleg sut for korleis dei skal skaffa seg og sine mat, vatn, hus og klede. Media har den siste tida sett søkelyset på korleis store multinasjonale konsern utnyttar fattige arbeidarar i utviklingsland. Varene dei produserer på slavekontraktar endar stundom under juletrea her hjå oss. Det kan gjelda leikar, klede, sko og matvarer. FN er merksam på problema og ynskjer at me skal vera meir bevisste på kva me kjøper og kven me kjøper det frå. FN har difor oppretta omsetnadsleddet Max Havelaar for å hjelpa dei små produsentane i utviklingslanda til å tena til livsopphald på varene dei lagar. Kjøper ein Max Havelaarvarer kan ein vera sikker på at pengane går til dei som treng dei, ikkje til store multinasjonale selskap. Max Havelaar-varer er merka med ein elefant. Han er symbolet på meir rettferdig handel over landegrensene. Bestemor og bestefar vil nok setja pris på nokre posar med Max Havelaar kaffi eller te dette året. Max Havelaar har også andre varer. Tilbodet finst i mange av daglegvarebutikkane i distriktet. Kanskje treng me ikkje kjøpa noko i det heile, men heller gi kvarandre tid og hygge. Julegåva kan vera ein tur i skog og mark, eit besøk på teater eller konsert, ein romjuledag der me bakar og steller heime eller ei skikkeleg ludoturnering rundt bordet. Til det trengst det rikeleg med frukt, nøtter og fiken. Så har me alle julesongane og juleforteljingane me kan dela i lag. Men for all del! Ikkje kutt ut alle julegåvene. Det var ikkje meininga. Det er fint å gi gåver til dei me er glade i, men det bør helst vera gåver som varer. God jul til alle! Helsing frå kyrkja si miljønemnd på Radøy 4

Godt Nytt til årskonþrmantane våre Konfirmasjonen er livslang, difor seier me ofte årskonfirmantar og ikkje berre konfirmantar. I konfirmasjonstida har dei unge høve til å læra meir om den kristne trua. Bibelen er kjelda med levande vatn. Denne kjelda skil seg ut frå andre kjelder, som kan sjå freistande ut, men som tørkar ut når det gjeld. (Sjå. Jer 2:13) På biletet ser me nokre av årskonfirmantane i Manger. I framgrunnen tek Eivind Myrtveit mot sitt Nytestamente. Også i år har konfirmantane eit variert tilbod, som inkluderer undervisning, konfirmantleir, gudstenester og grupper. Gruppene i år er friluftgruppe, data-/mediagruppe, idrettsgruppe (KRIK), og kor (Radøy Gospelkor). Kirkens SOS trenger flere medarbeidere. Noe for deg? Vi trenger flere frivillige medarbeidere, og starter derfor nytt kurs i samtaleferdigheter og krisehåndtering i februar. Kurset går på tirsdagskvelder med kursstart 10. februar 2004. Medarbeider har vakt ca. hver 12. dag, og får støtte og veiledning så lenge de er med i tjenesten. For å bli med må du være over 20 år. Oppgaven er å lytte til innringer, og tåle å møte et annet menneskes smerte og sorg. Medarbeidere skal ikke finne løsninger eller gode råd. Velkommen til et godt fellesskap og en meningsfull tjeneste! Korleis har du det eigentleg? Ring Kirkens SOS tlf. 55 32 58 45 på dagtid eller 480 35 841 kveld og helg, eller se mer informasjon på www.kirkens-sos.no. Kirkens SOS 815 33 300 www.kirkens-sos.no 5

Assalam aleikum! Julehelsing frå ein medvandrar I tre månadar var eg i Palestina og Israel som ein medvandrar i programmet Ecumenical accompaniment program in Palestine and Israel - EAPPI. Dei som har Internett, kan lesa meir om det på heimesidene til Kirkens Nødhjelp - NCA, og WCC - World Council of Churches. Frå Noreg er me utsende av Kirkens Nødhjelp og KFUK&M - Delta Internasjonal. Til saman var me 19 accompaniers - medvandrarar - frå seks land. No har ei ny gruppa på 31 teke over. Oppgåva er, stutt sagt, å vera tilstades og støtta palestinarar og israelske fredsvener under den ulovlege israelske okkupasjonen, og registrera brot på menneskerettar og internasjonale avtalar. Her vil eg berre fortelja litt om mitt møte med Det Heilage Landet. Saman med to andre gamle prestar var eg plassert i landsbyen Jajus - Jayyous - to mil nordvest for Tel Aviv, i eit einfelt, men romsleg og triveleg hus, med tropp opp til det flate taket, - nett som i Bibelen! Der oppe hadde eg mi nattelega i vel to månder, under ein stjerneklår himmel, - og gjorde som det står i den åndelege visa: Gjør du som Abraham gjorde, sku blott mot himmelen opp. Gjennom natti høyrde eg hanane gol både tre gonger og meir, og i fira-femtidi lydde den vemodsfulle og vakre kalling frå minareten. 6 Me møtte eit svært venleg og gjestmildt folk, som helsa oss blidt med sitt Asalam aleikum - fred vere med dykk - og innbydingar til å drikka te, eller eta saman med dei. Det var forvitneleg å sjå ymse stader i Jerusalem og Betlehem, - men dei fleste utanom Via Dolorosa - lidingsvegen - og Getsemanehagen med sine eldgamle oliventre - minte lite om Jesu tid. Men på retreat ved Genesaretsjøen ved Brødunder-kyrkja, med nattverdsgudstenesta i friluftskyrkja, vende mot sjøen, der me verkeleg kunde oppleva at fredshelsingi var personleg nær og ekta, kom Jesu tid so nær. Men nærast kom eg Jesu tid i landskapet kring Jajus. Å få sitja i kveldsmørkret og eta saman med nokre hyrdingar med vener, og 130 sauer roleg kvilande i sauegarden attmed, og so kvila saman under stjernehimmelen er eit minne for livet. Det var nokre hyrdingar der om natti - Eit anna var det å få jogga gjennom den vakre Seer-dalen med dei heilage olivenlundar oppetter dalsidene siste sundagsmorgonen, og opp på dei låge fjell for å lesa evangeliet frå Bergpreiki. Her oppe er det som du kan venta å sjå Jesus og læresveinane koma vandrande i himmelsjå over fjellet. Det var nokre dagar etter første vårregnet, og dei første grøne spirer braut fram or jordi. Og so, som eit under, ei ørliti lilja mellom steinane. Sjå på liljene på marki - Då vart ordi av Anders Hovden levande: Eit bod frå himmelrike, ein fatig liten svein som helsar frå Gud Fader: Du er min perlestein. Liv og eg ynskjer dykk alle ei signa julehøgtid. - Hjarteleg helsing Per Einar prest

Søndagsskulens dag Søndagsskulens dag vart i år feira i Manger kyrkje den 5. oktober, med fest etterpå i Manger bedehus. På biletet oppe til venstre ser me Mari Karoline Mellingen lesa bilbelteksten for oss, og til høgre syng borna Alle, alle vil vi ha med. Me er nokre på kyrkjekontoret som i ledige stunder putlar med å skriva om korleis det lokale helsearbeidet på Radøy voks fram. Me vonar det ein gong skal enda opp som bok. Stoff har me mykje av, men me manglar gamle bilete. No vonar me at dei som les Radar kan hjelpa oss. Har nokon gamle bilete av distriktslækjarane, av legeskyss med båt, bil eller hest, av utstyr som var nytta i legetenesta eller av sjukesyster/jordmor eller andre helsearbeidarar? Me er interesserte i alle bilete som omhandlar utviklinga av helsetenesta i distriktet. Folk som har spesielle hendingar å fortelja om, må gjerne også ta kontakt med oss på kyrkjekontoret. Det er fint med slike innslag i boka. Helsing Meinert Helland. Daniel Radøy barne- og minigospel framfører Daniel og har basar på Manger barneskule. Barnegospel hadde øvt inn songar. Dei las tekstar og song solo. Minigospel stod for det meste av dramadelen. Sjeldan har vi sett så sjarmerande løver! Ingen såg ut til å vera nervøse om salen var fullsett. Ein stor takk til Gudveig, Helle og Elin for arbeidet de gjer for borna våre! 7

Sokneråda og soknemøte i alle kyrkjelydane våre har vedteke å innføra den nye ordninga for gravferd frå årsskiftet. Gjeldande ordning er berre rundt 20 år. Då denne kom, hadde den førre vore brukt ca. 60 år! Når ny no er innført, er det ikkje uttrykk for at den gamle var dårleg, men ein har sett at einskilde ting kan gjerast betre. Gangen i handlinga er i hovedsak den same, men med rikare innhald og større høve til variasjon. Særleg gjeld det bibeltekstar og bøner. Under finn du hovedpunkta i den nye ordninga. I kyrkja: Ved grava: 8 Ny ordning for gravferd innført frå nyår Klokkeringing Preludium (orgel, anna instrument, kor, solosong) Salme Inngangsord med nådehelsing Bøner til inngang (6 å velja mellom) Minnedel Salme eller musikkinnslag Skriftlesing (her er 3 lesingar med fleire alternativ å velja mellom til kvar tekstgruppe) Salme Tale/andakt avslutta med ei av 6 bøner. Fadervår (som felles bøn) Salme Skriftord Bøn Jordfesting Skriftord og veldigning Salme Kyrkjeklokka (3 x 3 slag) Større utval av bibeltekstar og bøner gjer det meir mogeleg å formidla fylden i den bibelske bodskapen, og dessutan betre høve for den som forrettar, å tilpassa handlinga til det som er særmerkt i kvar samanheng (omstende omkring dødsfallet o.s.b.). Den nye liturgien legg betre til rette for at seremonien kan få eit meir nært og personleg preg. Dei pårørande kan få medverka, bl.a. med eigne ord, opplesing, musikk, lystenning. I liturgien, d.v.s. i bøner og elles, kan avlidne nemnast ved namn Døme frå bøn: Evige Gud, du som vi flyr til når vi sørgjer, ver nær med din fred. Vi takkar deg for (her vert namn nemnt) og det du gav oss gjennom hans/hennar liv. Slik og i bøn ved gravstaden. Døme: Herre Jesus Kristus, lat (namn nemnt) få kvila i fred under krossteiknet til morgonen for oppstoda. Hjelp oss i liv og død å setja vår von til deg. Gravferd i kyrka er ei kyrkjeleg handling av gudstenestleg karakter. Det tyder m.a. at salmar/songar må veljast med det for auga, og at det må og brukast skjøn ved val av musikk. Det er framleis slik at salmar og songar skal godkjennast av den som gjer teneste. Alt musikkstoff som skal brukast, skal på førehand godkjennast av kantor/organist. - Ingvar Fykse

Montering og sikring av gravsteinar Før i tida vart ofte gravsteinane støypte fast. Ein fylte opp med stein der monumentet skulle stå og støypte gravsteinen fast i steinfyllinga. Desse gravmonumenta er ikkje til å rikka før dei eventuelt losnar i betongen. Skal ein ta dei bort, me ein nytta spett, slegge eller gravemaskin. Etter dei nye gravferdsforskriftene er det ikkje tillatt å nytta betong når ein monterer gravminne. Kvart gravminne skal ha ein sokkel av stein. Gravminnet skal så festast til sokkelen med rustfrie boltar. Gravminnet står altså laust på sokkelen, berre feste med stålboltar. På den måten kan gravsteinen og sokkelen lett flyttast. Det er stundom nødvendig for å koma til andre graver i nærleiken 24 i forskriftene til gravferdslova regulerer korleis gravsteinar skal monterast: Stående gravminne i stein skal festes forsvarlig til fundament i stein. Gravminne som er mer enn 60 cm høyt, skal boltes med to rustfrie 12 millimeter tykke og 15 cm lange massive bolter. De skal stikke like langt opp i gravminnet som ned i fundamentet. Gravminne som er lavere enn 60 cm skal boltes på tilsvarende måte med minst en bolt. Fundamentet skal ha en form og en størrelse som forhindrer at gravminnet kan veltes, og skal i bunnen ha en anleggsflate som er dobbelt så bred som gravminnets anleggsflate. Gravminne som er mer enn 60 cm høyt skal ha en en fundamentsdybde som utgjør minst 20 % av gravminnets høyde over bakken. Fundamentet skal ikke være synlig over bakken Når gravsteinar vert monterte eller sikra på denne måten, står dei ikkje kubb fast som dei ofte gjorde før i tida. Folk flest er ikkje klar over at monument som er monterte etter forskriftene faktisk ikkje skal stå heilt fast. Mange oppsøkjer difor kyrkjekontoret, særleg etter monterings- eller sikringsoppdrag som kyrkjegardsarbeidarane har utført, og klagar over at monumentet står litt laust. Då må kyrkjeverja seia som sant er, at det skal faktisk gravminnet gjera. Det skal kunne bevegast litt innanfor det slingringsmonnet som boltane gir. Det skal likevel ikkje kunna bevega seg så mykje at det kan kvelvast av born eller av folk som uforvarande kjem borti gravminnet. Brukar folk derimot rå makt og går inn for å kvelva eit gravminne, så let det seg gjera. På Radøy har me no i 5 år nytta ein ekstra 0,5 m djup sokkel av komprimert singel under kvar gravstein. Den metoden har me god erfaring med. Alle som skal montera gravsteinar er difor pålagt å nytta singel som underlag. Då vert steinen stabil. Den sig lite og den er lett å retta opp om den gjennom åra skulle ha sige litt skeiv. Forskriftene til gravferdslova skal først og fremst hindra at nokon uforvarande skadar seg av gravsteinar som kvelvar. Det er viktig å vera klar over at kvart gravminne er dei pårørande si eiga og at det er deira ansvar at gravsteinen er skikkeleg sikra. Folk bør difor tid om anna når dei er på kyrkjegardane, sjekka om gravsteinane dei ser til, er skikkeleg sikra. Så hender det spørsmålet dukkar opp om kva ein skal gjera med dei gravsteinane som er støypte fast? Svaret er kort og greitt; me gjer ingen ting med dei før dei eventuelt må flyttast, eller dei losnar i betongen, eller dei har sige så skeivt at dei er til sjenanse. Då må også dei monterast på nytt etter dei forskriftene som gjeld. Treng nokon hjelp til å sikra gravsteinar, kan dei ta kontakt med kyrkjeverja. Kyrkjegardsarbeidarane utfører slikt arbeid. Etter nyttår er prisen 400 kr for kvar stein + 40 kr for kvar bolt. - Kyrkjeverja 9

Vesle julafta. Eg sit ved skrivebordet og undrast kva eg skal seia til alle som kjem til kyrkje julekvelden. Det burde vera lett, men kjennest likevel vanskeleg. Blikket fangar ein liten ting på bordet. Han har stått der nokre dagar. Ein julepresang. Han kom ikkje i fargerikt papir, men i ein stor forretningskonvolutt med brev vedlagt. Ein liten figur, skoren ut i tre. Brevet fortel at figuren er ein miniatyrkopi av originalen: Ei svær sak, 30 meter høg og 1000 tonn tung, støypt i betong. Den vesle figuren begynner å tale. Det er Kristus, han som vart fødd i Betlehem. Han står med armane utrekte som vil ham famne alle. Kom til meg, seier han. Det var trangt om plassen då Jesus kom. Ikkje rom i herberget. Så gjorde han entré der det var rom, i ein stall der dyra budde. Gud brydde seg ikkje om det var skittent og møkkete der Sonen hans vart fødd. Slik er Gud. Han kom, og han kjem der det er plass... når det er plass... For meir enn 80 år sidan bestemte dei i Rio de Janeiro å byggja eit nasjonalt monument for å markere Brasils hundreårige sjølvstende. 9 år tok det å reisa monumentet, som står på byens høgaste fjelltopp, synleg for alle i millionbyen. Det er Kristus med dei utrekte armane. Min julepresang er miniatyren. Det seiest at på avstand ser Kristus-skikkelsen ut som eit kors. Men kjem vi nærare, blir korset forvandla for augo til Frelsaren med dei utrekte armane. 10 Ettertanke ved jul Det er noko underleg ved tanken: Eg fekk Jesus til jul i presang! Korleis er det med plassen hjå oss som nesten har alt, og vi som er så travle? I ei hektisk førjulstid kjem den vesle figuren frå Kirkens Nødhjelp. Eg trur eg straks ser kva det er, og les julebrevet overfladisk. Deretter kastar eg meg over andre ting. Eg har det travelt. Jesus står på skrivebordet, men eg ansar han knapt... Først vesle julafta finn eg tilstrekkjeleg ro for å tenkja på julekvelden; no er alle førjulsfestane over, handlerundane gjort og pakkene klare. Kva skal eg seia til dei som kjem til kyrkje denne jul? Blikket festar seg på den vesle, uanseelege figuren i tre på skrivepulten. Eg ser dei utrekte armane, og dei seier: Kom til meg! Eg har plass for deg! Det begynte med eit barn som kom til verda, slik vi alle har gjort. Han gjorde seg så liten for å koma oss så nær. Gjennom året rotar vi oss ofte bort i mange slags vanskelege tankar om trua. Jesus blir fjern, kanske bortsett frå nokre spesielle anledningar. Julekvelden tek eg Jesus-figuren med til kyrkja. Eg plasserer han i julekrubba, og meiner det passar godt å ha han der. Ved utgangen er det ein som takkar for kvelden, ynskjer meg god jul, og legg så til med eit lunt smil: Du har vel hugsa på å ta Jesus med deg heim? GLEDELEG JUL Ingvar Fykse

SEPTEMBERSOL (Revebjølle/Digitalis purpurea.) Ein sommar syng no si siste strofe, sjå revebjølla med blom i topp. Ein ribba stengel som trassig løftar sitt siste purpur mot ljoset opp. Slik har ho blømt no i heile sommar med første blomen då gauken gol. No står den siste og skjelv og sitrar, men lyser klårt i septembersol. Så stans di vandring og sjå på blomen, ja, lær av blomen, som skrive står. Ein lærdom som du så lett kan bera trass år og alder og gråna hår. For livet la både sorg og fagnad som sol og skugge på stien din, men djupt i hjarta du fekk ei solkrå der ingen kulde og frost når inn. Der lever enno ei von om varme tett inntil hausten sin kalde pust, der blømer enno din ungdoms sommar med fagre fargar sist i august. Ein draum om ungdom kan aldri gje deg den ljose vårmorgon gauken gol, men lær av blomen på purpurea - å stå med smil i septembersol! Gunnstein Kolstad Til høgre ser me nokre av dei glade songarane i Radøy Gospelkor som under Helle L Karveit si leiing, gledde oss med song og dans under Ung Messe i Manger kyrkje 1. søndag i advent.

Ein engel på den malawiske landsbygda I sju år har søster Modesta jobba på helsestasjonen i Namboma utan ein einaste ferie. Kanskje kan ho få det no, for den siste tida har det skjedd store framskritt. - Vi har berre ein enkel klinikk, men folk kjem hit likevel på grunn av dei tenestene vi kan tilby, seier søster Modesta. Behovet er tydelegvis stort. Stasjonen er det einaste og det næraste helsetilbodet for 33.000 av innbyggjarane i dette vesle landet i det sørlege Afrika. Det finst ikkje ein einaste lege Nambona, og inntil i fjor hadde søster Modesta berre éin sjukepleiar til å hjelpa seg. Sjølv er ho både sjukepleiar og jordmor. Difor er det ho som har teke imot dei fleste borna som er fødde her, - i gjennomsnitt nesten 70 per månad! Kvar dag kjem også rundt 70 personar til konsultasjon. - Vi har mangla det meste. Vi har korkje hatt elektrisitet eller innlagt vatn. Men dei siste to åra har det betra seg, fortel søster Modesta og lyser opp. Då fekk dei to vasstankar med pumpe driven av solenergi. Men det var ikkje nok. I fjor installerte Kirkens Nødhjelp to nye vasstanker på 5000 liter kvar, større solcellepanel og røyr frå tankane til dei nye personalbustadane. No har helsestasjonen nok vatn til å forsyna både seg sjølv, personalbustadane, kyrkja, grunnskulen og internatet som ligg på same området. Endringane har ført til at både personalsituasjonen og tilbodet til pasientane er blitt betre. - I dag er vi fem sjukepleiarar her. Tre har jordmorutdanning. Fordi vi både har konstant tilgang til vatn på klinikken og innlagt vatn i personalbustadane, har vi no fått tak i kvalifiserte folk, strålar søster Modesta. Kvalifiserte folk er det elles ikkje lett å få tak i på landsbygda i eit land der vegane er dårlege og det knapt finst offentleg transport. Men nokre, slik som søster Modesta, ser behova og står på. Den katolske helsestasjonen ho jobbar på, er knytt til Den kristne helsesamanslutninga i Malawi (CHAM). Dei driv 161 sjukehus og helsestasjonar, og står for 40 prosent av det totale helsetilbodet i landet. Dei fleste ligg på landsbygda der dei ofte er det einaste helsetilbodet. Uten støtte utanfrå hadde dei knapt kunna eksistera. For i eit land der to av tre innbyggjarar lever under fattigdomsgrensa, er det ikkje mykje folk kan betala for dei tenestene dei får. Men når ein ny verdsborgar kjem til verda og mor og barn blir ramma av sjukdom, treng også dei trygge forhold. - Hvem er eldst her i byen? - Ingen for øyeblikket. Eldstemann døde i forrige uke. 12

Mi kyrkjebok til 4-åringane Som me har slått fast tidlegare i bladet, er borna dei viktigaste. Kva skal me gje til dei? Me lyt gje dei det beste. Guds rike høyrer borna til, seier Jesus (Luk 18:16). Difor er det at me kvart år deler ut Mi kyrkjebok til 4-åringane våre. På biletet t.v. ser me Eline Kamilla K. Storheim få boka si frå kapellanen vår. Mi kyrkjebok vert alltid delt ut i ei familiegudsteneste. Det er ekstra spanande når borna tek del med song, lesing, drama, el.l. Denne gongen laga borna ei talande dramatisering av preiketeksten, og postludiet - det var ein flott dans som ungane hadde øvd inn til fin musikk. Takk til små og store for at de er med på å gjera gudstenesta til ei rik oppleving! Barnelaget Viljen på Hella Bedehus Ungane som samlast til barnelag på Hella bedehus kvar onsdag, har både vilje (som namnet på barnelaget seier) og evner til å gjera ein innsats for folk i andre land. Kvar gong borna samlast, arbeider dei små hendene med å laga ting som dei kan gje bort til den årlege basaren som er til inntekt for Norsk Luthersk Misjonssamband sitt arbeid. I år fekk dei inn kr. 4 755,-. Pengane går i år til å støtta kvinner i Kenya som vil etablera sin eigen arbeidsplass, opplæring av mødre, søndagsskule og ein kristen barnehage. På biletet ser me Benedikte Hopland og Kristina Myrtveit visa noko av det som vart lodda ut. 13

Glede, glede... Glede heiter ein song Radøy barnegospel dansar og syng. Glede er det me kjenner når me ser og hører borna våre opptre. Glede er det Gudveig har gitt borna våre gjennom sitt sprudlande engasjement; Glede over livet og glede over å få vera eit Guds barn, og å syngja til Hans æra! Sin unge alder til tross, har Gudveig mange års fartstid i arbeidet med barnegospel. Ho akkompangerte, og seinare overtok ho meir og meir av ansvaret som leiar og dirigent. Det står stor respekt av det arbeidet ho har gjort i desse åra! Gudveig er ßink til å la borna utfalda seg. Her hjelper ho borna med å leia kyrkjelyden i bøn under ei gudsteneste i Manger Kjære Gudveig! Me skulle gjerne ønskja at du kunne vera dirigent i Radøy barnegospel enno i mange år. Men forstå oss rett, me gler oss over at du får ønskjet ditt oppfylt med å dra til Sør-Afrika for å få deg utdanning innan eit område der det er eit stort behov for slike solstrålar som deg. Saman med borna i barnegospelkoret bed me om at Han skal passa på dykk og gi dykk eit godt og meinigsfullt liv. Me veit at Jesus vil vera med deg og Russell kvar de enn er. Takk for det du har vore og er for Radøy barnegospel! Lukke til,- så treffest me att om ikkje så altfor lenge. Helsing frå takksame foreldre i Radøy mini- og barnegospel. 14 Julehelsing frå kyrkjekontoret Me som arbeider på kyrkjekontoret, vil gjerne helsa til alle i Manger prestegjeld og til andre som me har hatt kontakt med i året som snart er omme. Ei særleg helsing til dykk som har vore innom kontoret på Manger eller som me har møtt rundt i kyrkjene eller på gravplassane. Me set stor pris på dykk alle enten de har hatt ærende i sorg eller i glede, eller de berre har sett innom for å helsa på. God jul og signerikt nyttår! Helsing frå Ingvar Fykse, Kjell Sekkingstad, John William Kay, Hilde Marit Solend, og Meinert Helland

Døypte Manger Tobias Sætre Kristoffer Hauge Haugland Karen Børve Angelskår Marte Iren Ellingsen Victoria Løvaas Morken Emil Lægdene Skjellanger Sander Lunde Sæbø Benedicte Taule Fosse Jarand Isdal Åsne Vabø Vaktskjold (Lindås) Mathias Kallestad Rath Ida Vetås Nesbø Tina Marie Taule Hansen Hanne Askeland Hordabø Sondre Klokkerud Hella Kristoffer Emil Soltveit Victoria Nødtvedt Risnes Nathalie Østby Pedersen Johanne Holgersen Helland Kristoffer Kornelius Hammer Ingrid Lovise Hårklau Irmelin Elida Hårklau Vigde Manger Sjur Brandtun & Linda Mellingen (Emigrantkyrkja) Hordabø Gianluca Palumbo & Irene Njøten Åge Petersen & Lene Beate Bø Døde Manger Odd Magne Paulsen (07.01.03) Melankton Helland (29.06.03) Marie Solend (29.06.03) Bernhard Skjelvik (08.07.03) Anna Mellingen (10.07.03) Geir Nøttveit (11.07.03) Signy Konstance Pettersen (24.07.03) Emma Oliva Lie (31.07.03) Georg Helland (02.08.03) Karen Marie Mangersnes (12.08.03) Frida Marie Tillfjord (27.08.03) Edith Valdersnes (12.10.03) Hordabø Petter Arnesen Marøy (08.06.03) Johannes Bertin Ingvaldsen Kvalheim (18.06.03) Olav Mikal Blommedal (06.07.03) Atle Inge Fjellstad (15.08.03) Hilda Barbara Eriksen (18.08.03) Malvin Ragnvald Kvalheim (24.09.03) Eva Orlaug Mjøs Bø (05.11.03) Einar Eliassen Marøy (12.11.03) Harald Lavik (19.11.03) Sæbø Siv Helen Haugvik (03.07.03) Olga Storheim (04.07.03) Hans Mikal Lyseknappen (03.08.03) Nelly Tjore (20.09.03) Alf Helle (16.11.03) Torbjørg Judith Kalnes (17.11.03) 15

KonÞrmantjubiléum i Hordabø 60 Framme f.v.: Hildur Bergliot Rosnes Marøy, Solveig Marøy Villanger, Audun Johan Fjelstad, Ragna Sæle Grindheim, Sigrun Paulina Grindheim, Bergit Margrete Morken Bjørnøy. Bak f.v.: Arne Sigmund Haugland, Håkon Hella, Johan Valdersnes, Margit Kvalheim Haugland, Artur Ingvard Bø, Idar Grinheim. (Foto: Arne Haugland) 50 Framme f.v.: Audun Norvald Marøy, Roald Sylta, Even Floen, Hanna Risnes g. Helland. 2. rekkje: Ivanna Kjellaug Soltveit, g. Ekerhovd, Aud Evelyn Floen, g. Bjørndal. 3. rekkje: Arne Reidar Pedersen, Øyvind Taule, Ellinor Signe Bøe g. Eidsvik, Trygve Kåre Valdersnes, Lars Nordanger. 4. rekkje: Dagrun Vågenes g. Nordal, Astrid Helene Nøttveit, g. Haugland, Bjørg Kjellfrid Vågenes g. Kristensen, Bergljot Soltveit, Helga Marøy. 5. rekkje: Oddmund Kåre Hella, Asbjørn Kvalheim, Asbjørn Kvamme, Nils Asbjørn Soltveit, Norvald Herleiv Rikstad, Harald Haugland. (Foto: Helga Marøy) 16

KonÞrmantjubiléum i Manger 60 Frå venstre: Sigmund Andreas Myking, Maria Selje f. Skurtveit, Sigrun Kjellaug Åse f. Urhaug, Sverre Myrtveit 50 Første rekkje f.v.: Henny Gulbrandsøy f. Kalhovd, Marit OluÞne Birkeland, Johanna Oline Myrmel f. Solbakken, Margun Inger Sætre f. Helland, Karen Laila Medås f. Morken. Andre rekkkje f.v.: Ruth Karin Fjeldsende f. Nøttveit, Astrid Oline Haugland f. Mikalsen, Helga Amalia Hatlem f. Solen. Tredje rekke f.v.: Klaus Jakob Helland, Inge Martin Kvalheim, Ragnar Amund Morken, Olav Hvidsten, Jon Lervik, Magnar Gunvald Askeland 17

KYRKJEKONTORET fax. 56 34 98 41 18 Hilde Marit Solend kontorfullmektig arb. 56 34 98 40 mob. 97 02 51 15 Meinert Helland kyrkjeverje arb. 56 34 98 43 priv. 56 37 33 50 mob. 90 06 28 51 Ingvar Fykse sokneprest arb. 56 34 98 46 priv. 56 35 13 10 mob. 90 02 75 01 Kjell J. Sekkingstad kapellan arb. 56 34 98 45 priv. 56 37 34 58 mob. 95 14 13 60 William Kay organist arb.56 34 98 44 priv. 56 37 01 21 mob. 91 59 14 82 www.mangerprestegjeld.no Kyrkjekontoret er ope kvardagar mellom 0900 og 1400. Prestane er å treffa etter avtale. SOKNA I PRESTEGJELDET HORDABØ MANGER SÆBØ Arne Palmesen soknerådsleiar 5937 Bøvågen Magne Myrtveit klokkar og soknerådsleiar priv. 56 37 02 88 5936 Manger priv. 56 37 41 51 Margun Taule klokkar 5937 Bøvågen priv. 56 37 01 73 Kjersti Straume kyrkjetenar 5936 Sletta priv. 56 37 21 87 Gamalt dåpsfat i Sæbø kyrkje. KYRKJENE Hordabø kyrkje 56 37 35 79 Manger kyrkje 56 34 92 42 Sæbø kyrkje 56 37 35 93 Emigrantkyrkja 56 37 03 83 Kirsten Skage Mellingen klokkar E.kyrkja priv. 56 37 20 31 Valbjørg Fykse kyrkjetenar 5911 Alversund priv. 56 35 13 10 ANDRE Vestnorsk utv.senter 56 37 20 00 Hordabøheimen alarmsentral 56 37 00 19 Kornelius Sylta leiar fellesrådet priv. 56 37 00 13 Grethe Lunde soknerådsleiar 5938 Sæbøvågen priv. 56 37 11 89 Maria Fjellsende klokkar 5938 Sæbøvågen priv. 56 37 10 15 Kjell Fjellsende kyrkjetenar 5938 Sæbøvågen priv. 56 37 10 15 ANDRE Hildur Haukås reinhaldar 5936 Manger priv. 56 37 33 18 Olav Mellingen kyrkjegardsarbeidar arb. 56 34 98 42 mob. 91 15 34 84 Mette Hjelmeland organistvikar 5936 Manger priv. 56 37 35 15 Oddjørg Mjøs organistvikar 5939 Sletta priv. 56 37 15 10 GJEVARTENESTA Bankgiro: 3636 50 44141 Til barne- og ungdomsarbeid RADAR Bankgiro: 3636.50.53043 Hordabø (Stilling ledig) Manger Astrid Myrtveit tlf. 56 37 41 51 Sæbø Kristin Kleveland tlf. 56 37 10 44 Jorunn Nesheim tlf. 56 37 14 00 Utforming Magne Myrtveit Trykkjing Miljøtrykk

Bøvågen Center ENTREPRENØR 5936 Manger TLF. 56 37 40 94 MOB. 95 24 72 48 GRAVING SPRENGING TRANSPORT VI SKAPER TRIVSEL HELLA BETONG Hella kai, 5936 Manger Telefon 56 37 35 45 Telefaks 56 37 30 61 Mobil 90 87 75 94 Geir Kvalheim Glasservice 5936 Manger 56 37 03 71 Alt i glass, dører og vinduer møte- og selskapslokale Manger Ring 56 37 31 11 leverer snittar, koldtbord og varm mat GRAVMINNER Egen utstilling Rimelige priser Lørdagsåpent Oppussing 5936 MANGER Tlf. 56 37 31 29 5936 Manger, Tlf. 56 37 35 60 19

Vel møtt i kyrkja di! 20. desember 1700 Manger kyrkje. Konsert. Manger Musikklag. 21. desember 1800 Sæbø kyrkje. Syng jula inn. 21. desember 1700 Hordabø kyrkje. Me syng jula inn. Barne- og ungdomskantoriet vert med. 24. desember 1430 Sæbø kyrkje. Familiegudsteneste ved Kjell Sekkingstad. Offer til kirkens nødhhelp. 24. desember 1430 Emigrantkyrkja. Familiegudsteneste ved Ingvar Fykse. Offer til kirkens nødhhelp. 24. desember 1600 Manger kyrkje. Familiegudsteneste ved Kjell Sekkingstad. Offer til kirkens nødhhelp. 24. desember 1600 Hordabø kyrkje. Familiegudsteneste ved Ingvar Fykse. Offer til kirkens nødhhelp. 25. desember 1200 Manger kyrkje. Høgtidsgudsteneste ved Ingvar Fykse. Merk tida!. 25. desember 1200 Hordabø kyrkje. Høgtidsgudsteneste ved Kjell Sekkingstad. Merk tida!. 26. desember 1200 Emigrantkyrkja. Høgtidsgudsteneste ved Ingvar Fykse. Merk tida!. 1. januar 1200 Sæbø kyrkje. Gudsteneste ved Kjell Sekkingstad. Merk tida!. Offer til kirkens bymisjon Bergen. 1. januar 1200 Manger kyrkje. Gudsteneste ved Werner Larsen. Merk tida!. 4. januar 1100 Hordabø kyrkje. Høgmesse ved Ingvar Fykse. 11. januar 1100 Manger kyrkje. Høgmesse ved Ingvar Fykse. 18. januar 1100 Sæbø kyrkje. Høgmesse ved Kjell Sekkingstad. 18. januar 1700 Hordabø kyrkje. Høgmesse ved Kjell Sekkingstad. 25. januar 1100 Manger kyrkje. Høgmesse ved Ingvar Fykse. 1. februar 1100 Emigrantkyrkja. Familiegudsteneste ved Ingvar Fykse. 8. februar 1100 Manger kyrkje. Familiegudsteneste ved Ingvar Fykse. 8. februar 1100 Hordabø kyrkje. Familiegudsteneste ved Werner Larsen. 8. februar 1700 Sæbø kyrkje. Familiegudsteneste ved Werner Larsen. 15. februar 1100 Sæbø kyrkje. Høgmesse ved Ingvar Fykse. 22. februar 1100 Hordabø kyrkje. Høgmesse ved Kjell Sekkingstad. 29. februar 1100 Manger kyrkje. Høgmesse ved Ingvar Fykse. 29. februar 1700 Sæbø kyrkje. Høgmesse ved Ingvar Fykse. 7. mars 1100 Emigrantkyrkja. Høgmesse ved Kåre Mestad. 14. mars 1600 Hordabø kyrkje. Familiegudsteneste ved Werner Larsen. 14. mars 1100 Manger kyrkje. Familiegudsteneste ved Ingvar Fykse. 21. mars 1100 Sæbø kyrkje. Familiegudsteneste ved Ingvar Fykse. 28. mars 1100 Manger kyrkje. Høgmesse ved Kjell Sekkingstad. 4. april 1100 Hordabø kyrkje. Palmesøndag. Festgudsteneste ved Ingvar/Kjell. 8. april 1100 Sæbø kyrkje. Skjærtorsdag. Gudsteneste ved Ingvar Fykse. 8. april 1940 Manger kyrkje. Skjærtorsdag. Gudsteneste ved Ingvar Fykse. 9. april 1100 Hordabø kyrkje. Langfredag. Pasjonsgudsteneste ved Werner Larsen 11. april 1100 Manger kyrkje. Påskedag. Høgtidsgudsteneste ved Ingvar Fykse. 11. april 1100 Sæbø kyrkje. Påskedag. Høgtidsgudsteneste ved Werner Larsen. 12. april 1100 Hordabø kyrkje. 2. påskedag. Høgtidsgudsteneste ved Ingvar Fykse. Oppdatert liste over gudstenester og andre arrangement i kyrkja Þnn du også på Internett. Gå til www.mangerprestegjeld.no. Sjå dessutan Strilen og Nordhordland. Framside: Haustmorgon. (Foto: Magne Myrtveit)