DEN NORSKE KYRKJA Bremnes sokneråd Møtestad: Bremnes kyrkje/ Rådhuset Møtedato: Tysdag 16.04.2013 Tid: kl 18.30 MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD Desse møtte: Berit Hallaråker, Odd Kåre Sakseid, Magnar A. Økland, Asbjørn Gundersen, Leif Røyrøy, Karl Mæland, Elin Nesse Jordal, Bjarte Aartun kom ca. kl 20.00 Opning i kyrkja med felles salmesong. Møtet starta med synfaring i kyrkja og drøfting av framlegg til sak 03-28-13 og 03-29-13. Etter synfaringa fortsette møtet på Rådhuset. Møtet vart lovleg sett. Sak 03-24-13: Godkjenning av møtebok frå soknerådsmøte 26.02.13 Møteboka vart godkjend Sak 25-13-13: Godkjenning av innkalling Innkallinga vart godkjend med merknad om ei sak frå møtet i Undervisningsutvalet 08.04.2013. Saka kjem under Ymse. Sak 03-26-13: Referatsaker Møtebok frå AU 02.04.13 Møtebok frå Diakoniutvalet 20.02.2013 Møtebok frå Undervisningsvalet 08.04.13 Sak 03-27-13: Orienteringssaker Kort oppsummering frå KN-aksjonen. Neste år vil soknerådet ha eige KN-møte i januar for å gjennomgå alle prosedyrar. Antal konfirmantar og mengde husstandar bør m.a. justerast i nokre krinsar. Sak 03-28-13: Utviding av galleriet i Bremnes kyrkje. Bremnes sokneråd har tidlegare gjort eit prinsippvedtak om utviding av galleriet. Bømlo kyrkjelege fellesråd ønskjer at Bremnes sokneråd kjem med uttale om utforminga. Viser til brev av 21.03.2013 og ny skisse frå kyrkjeverje.
Soknerådet ønskjer å utvide galleriet i samsvar med skisse utarbeid av kantor Jostein Molde. Sikringa i framkant av sidegalleri, må få ei estetisk god løysing. Sak 03-29-13: Nye stolar og golv i Bremnes kyrkje I soknerådsmøte 26.02.2013 vart det utpeika ein komité til å arbeide ut forslag til stolar og golv. I same møtet vart det og vedteke at korstolane vart trekte om. Komitéen gjer framlegg om stoff og farge også til desse stolane. Fargevala er gjort ut frå ei heilhetleg vurdering: Fargar i altartavle, vegger og glasmaleri vil saman med dei valde stoff-fargane gje eit harmonisk inntrykk. Det er same stoff i knelering og korstolane. Viser også til vedlegg til saka. Bremnes sokneråd ønskjer følgjande løysingar i Bremnes kyrkje: 1. Golv av ca. 20 mm massiv eikeplank 187 mm brei. Farge: Eik hvit tradisjonal Overflatebehandling: Oljebehandla med kvit pigmentert naturolje eller tilsvarande. 2. Stolar: Nidaros med salmehylle og koblingsbeslag eller tilsvarande. Tre: Lakka bøk / eller anna formålstenleg overflatebehandling. Stoff i rygg og sete: Amdal 760 ( Gudbrandsdalens uldvarefabrikk) 3. Stolar i koret og knelering rundt altaret: Nytt stoff Amdal 980 (Gudbrandsdalens uldvarefabrikk) 4. Ny duk under altarduken: Amdal 700 (Gudbrandsdalens uldvarefabrikk) Sak 03-30-13: Søknad om permisjon/ fritak frå verv i soknerådet. Jan Viggo Risøy og Vardan Vardanyan søkjer om permisjon/ fritak frå verv i soknerådet for resten av perioden. Bremnes sokneråd gjev søkjarane fritak for vervet ut perioden. Varamedlemene går då inn som faste medlemmer og varamedlem. Sak 03-31-13: Appell ved minnestøtta for falne 17. mai. 2
Soknerådsleiaren har spurt stortingsrepresentant Øyvind Halleraker om å halda appell ved minnestøtta og han tok på seg oppgåva. Stortingsrepresentant Øyvind Halleraker held appell ved minnestøtta ved Bremnes kyrkje 17.mai. Sak 03-32-13: Godkjenning av lokal trusopplæringsplan for kyrkjelydane på Bømlo. Kyrkjelydspedagog Gerd Turid Ersland Røksund møtte i denne saka. Ho orienterte og gjennomgjekk delen av planen som tok for seg dei aldersbestemte TOL-tiltaka. Innspela som kom fram, vart notert og tatt med i det avsluttande arbeidet. Den lokale trusopplæringsplanen skal sendast til bispekontoret for godkjenning i juni. Bremnes sokneråd godkjenner den lokale trusopplæringsplanen for kyrkjelydane på Bømlo slik han ligg føre med dei endringane som kom fram under møtet. Sak 03-33-13: Lokalt trusopplæringsutval. I kvart sokn skal det veljast lokalt trusopplæringsutval. Vedlagt ligg to utkast til mandat / oppgåver. Bremnes sokneråd skal vedta kva mandat /oppgåver som skal gjelde for vårt sokn. Undervisningsutvalet har gått gjennom begge utkasta og komme med sitt framlegg. Dette vart også lagt fram i møtet. Bremnes sokneråd vedtok følgjande: Lokalt trusopplæringsutval (TOL-utval) i Bremnes kyrkjelyd 1. Tol-utvalet vert oppnemnd av soknerådet og har virketid tilsvarande soknerådet. Arbeidet i nytt Tol-utval startar 1.mai og held fram til nytt tol-utval er på plass. 2. Tol-utvalet består av fem medlemmer og eit varamedlem (varamedlemmen kan vera same person som er vara i soknerådet). Eit av medlemmene i tol- utvalet må vera fast medlem i soknerådet. Kyrkjelydspedagog sit som medlem i tol-utvalet. 3. Tol-utvalet er rådgjevande organ for soknerådet og dei tilsette i saker som har med trusopplæring i kyrkjelyden å gjera. Utvalet har ein utøvande funksjon innanfor dei satsingsområda soknerådet set. 3
4. Utvalet har fylgjande oppgåver: - Planleggje og gjennomføre trusopplæringstiltak ut frå trusopplæringsplanen: - Ansvar for å finne frivillige til Tol-tiltak. - Ha oversikt over frivillige som er med på Tol-tiltak. - I samarbeid med kyrkjelydspedagogane skaffe miljøtiltak innan utgangen av februar. - Vere vertskap på innskriving av konfirmantane tidleg vår. 5. Tol-utvalet held soknerådet orientert om sitt arbeid, ved å senda referat frå møta. Sak 03-34-13: Konfirmasjonen våren 2013. I samband med konfirmasjonane er det behov for nokre personar til ein del praktiske oppgåver : Gjere klar kappane for utdeling til konfirmantane før 29.april 2 Vere med å dele ut kappar til konfirmantane 29.april kl. 17.00-20.00 2 konfirmasjonsdagen 4. mai kl. 10.30 1 konfirmasjonsdagen 4. mai kl. 12.30 1 konfirmasjonsdagen 5. mai kl.11.00 1 konfirmasjonsdagen 12. mai kl. 12.30 1 Sigrun S Stavland og Marta B Økland Sigrun S Stavland og Marta B Økland Berit Hallaråker Sak 03-35-13: G2- gudstenester Laila Hansen Røksund orienterte soknerådet om tankar ho har kring G2 gudstenester. G2-gudsteneste er ei alternativ gudsteneste t.d. fredag eller laurdag kveld ein gong i månaden. Ho ønskjer gudstenesteformen, men vil ta i bruk andre uttrykksformer og trekkje inn ulike frivillige i førebuing og gjennomføring. I tillegg ønskjer ho å ha ein sosial del med kyrkjekafé. Ønskjet og målet er at fleire skal kjenne seg heime i kyrkja, både på G2-gudstenester og dei tradisjonelle gudstenestene. Målgruppa er alle aldrar. Bremnes sokneråd ser positivt på dette tiltaket og sender saka til Gudstenesteutvalet for snarleg handsaming. 4
Sak 03-36-13: Ymse Bremnes sokneråd må laga vedtekter for å få organisasjonsnummer i Brønnøysundregisteret. Karl skal få tak i Bremnes kyrkjelege fellesråd sine vedtekter. Desse kan vera eit utgangspunkt for vedtektene til Bremnes sokneråd. Magnar førbur saka til neste møtet. Finnås prestegjeld. I ei ny brosjyre om Bømlo er det brukt omgrepet Finnås prestegjeld. Finnås prestegjeld eksisterer ikkje lenger. Nå heiter det Kyrkjelydane på Bømlo og Kyrkjelydane på Bømlo er ein del av Sunnhordland prosti. I fjor hadde Terje Forsberg hovuddelen på samlinga for konfirmantar og konfirmantforeldre i oktober. Bremnes sokneråd hadde då ope møte etterpå med same føredrag. Terje Forsberg er også i år engasjert som føredragshaldar til konfirmant og konfirmantforeldresamlinga, 22.10. 2013, men dette året arrangerer ikkje Bremnes sokneråd ope møte etterpå. Berit Hallaråker leiar sekretær 5