Det skjer i Suldal. 20. september 2011 til 15. januar 2012. www.skattkammeretsuldal.no

Like dokumenter
Det skjer i Suldal. 1. juni til 1. oktober

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Det skjer i Suldal. 26. januar 2012 til 16. juni

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Til deg som bur i fosterheim år

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

MEDLEMSINFO. august 2009

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Det skjer i Suldal. 26. januar til 22. juni

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Ad hoc arbeidsgruppe i Arbeidet resulterte i 3 ulike forslag til ombygging av Storstoga. Det som vart vedtatt fekk førehandsgodkjenning som

Månadsplan for Hare November

Det skjer i Suldal. 25. september til 9. desember

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Det skjer i Suldal. 17. september til 16. desember

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Månadsbrev for ROSA mars 2015

august 2013 NESETDAGANE.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Hei alle sjøstjerneforeldre

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Det skjer i Suldal. 18. januar til 5. juni

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Innhald. Værlam Gamalnorsk spælsau VILLSAU. Vaksen villsauvær for sal. Risbitvær for sal (NKS) Nummer oktober 2011.

No sprett knuppane og sevja stig

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf Faks:

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Det skjer i Suldal. 3. oktober til 16. desember

Til deg som brukar: Her kjem Fritidskalendaren for juni 2007 i Lindås. Me vonar du har lyst å delta på dei aktivitetane me har sett opp.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Det skjer i Suldal. 11. september til 20. desember

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Birger og bestefar På bytur til Stavanger


«Ny Giv» med gjetarhund

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Det skjer i Suldal. 22. juni - 5. oktober

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE.

Det skjer i Suldal. 16. januar til 22. juni

Årsplan i Musikk for 2.årssteg

Husk! Avlyst på grunn av liten påmelding! Innhald

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

INFORMASJON om førestellinga:

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

Det skjer i Suldal. 10. juni til 5. oktober

Det skjer i Suldal. 20. juni til 3. oktober Du kan kjøpa billettar til arrangement på Kulturhuset på

Sommartur til Sverige,

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Velkommen til songarstemne i Florø!

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Brukarundersøking Bibliotek. Resultat

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Informasjon Mangerfestivalen

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Det skjer i Suldal. 15. september til 14. desember

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

VENNEBUSSEN Vennebussen Skavøypoll barnehage Skavøypoll barnehage

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

mmm...med SMAK på timeplanen

Informasjon til elevane

Program våren 2015 Askim bibliotek

Transkript:

Det skjer i Suldal 20. september 2011 til 15. januar 2012 Du kan kjøpa billettar til arrangement på kulturhuset på www.suldal.kulturhus.no www.skattkammeretsuldal.no

Eva og Øyvind er vertskap for ungdomsarrangementet UF(F) på Kulturhuset. Foto: Marita Ims, Suldalsposten Haust i Suldal Det er haust. Det er litt kaldare i lufta, men like vått no som i sommar. Men me let oss ikkje skremme av dårleg vêr. Me har hole hus, og kulturlivet gror like trutt som den trugnaste mosen. Det som kulturtilbodet har vore prega av er at det har vore mykje for dei som dreg litt på åra. Dette vil me på Kulturhuset gjera noko med framover. Me har lyst å laga ein uformell samlingsstad for ungdommen. Ein kveld i månaden der både fjortisar og dei litt eldre ungdommane kan møtast. Me tenker oss at fredagkveld for ungdom Ungdomsfredag UF(F), kan vera noko. På UF(F)-kvelden kan dei treffast til bowling, biljard og kino, eller berre møtas for prat. UF(F) er kvelden for kinopremiere og haustens høgdepunkt for mange vil nok bli The Twilight Saga: Breaking Dawn - Part 1 Elles er kulturhausten full av gode opplevingar og lått og løye. Først ut er songaren Kim Andrè Rysstad, ein ung songar og folkemusikar frå Setesdal. Her har han gått i ei god lære hjå dei beste fokemusikarane og tradisjonsberarane me har, men han er like mykje påvirka av den amerikanske soul og gospeltradisjonen. Bakka-gutadn står klare oppe i Bergekrossen. Det blir marknad i år og. På Møgedalsmarknaden møtest alle, både dei med og utan kvote og spreieareal. Det blir makkamjøl-kveld med Suldal Sogelag. Suldal Husflidslag er støtt på farten og dei har no tatt med seg spøtet og kome heim til Kulturhuset att. Lagslivet ute i grendene er levande. Full fres og fest med 4H-klubbane. Og på Suldal Samfunnshus blir det revy denne hausten. Eventyraren og oppdagaren Børge Ousland kjem. Han vil fortelja om opplevingane sine, men óg om meistring, motivasjon og sjølvinnsikt. Me skal markera den nye Bibel-omsetjinga i haust og midt i novembermørket kjem sjølvaste Toralf Maurstad med ein smakebit på sine Peer Gynt-tolkingar. Dette gler med oss til. Me kunne ramsa opp enda fleire av tilboda. Det er ingen grunn for at suldølen skal sitja heime. Nytt i haust blir óg kino kvar onsdag på dagtid. Dette er eit tilbod for heimeverande, pensjonistar og folk i turnus. Er du av dei tidleg kveldstrøytte, må vel dette tilbodet vera noko for deg? Så det er berre å knyta sydvesten godt igjen og leggja i veg ut i ruskevêret. Ting skjer i alle bygder. HA EIN FLOTT HAUST, GODTFOLK Eva Bendiksen og Øyvind Sand 2

Tysdag 20. september kl 19.30 Kulturhuset Kim André RysStad Når Kim André Rysstad syng, stoppar du opp og lyttar. Denne unge folkemusikaren har ei heilt eiga forteljarevne og eit eige nærvær. Kim André har vakse opp med folkemusikken og gått i lære hjå norske meistrar men han hentar også inspirasjon frå den amerikanske folktradisjonen og frå førebilete som Dolly Parton og Whitney Houston. Her framfører han eigne songar og norske folkeviser med eit eminent knippe musikarar rundt seg: Georg Buljo og Trym Bjønnes på gitarar, Sondre Meisfjord på bass og Christian Svensson på perkusjon. Gjesteartist er ingen ringare enn Berit Opheim. Inngang: Vaksne kr. 200,-, barn kr. 100.- honnør kr. 100,- Arr.: Kulturhuset i Suldal og Rikskonsertene Onsdag 21. september kl. 19.00 Kolbeinstveit, Suldal KVELDSSETE OG JUBILEUMSFEIRING - 75 år sidan Rogaland Folkemuseum (forgjengaren til Ryfylkemuseet) blei skipa Me set fokus på Guggedalsloftet, som er den eldste trebygningen i Rogaland og den første bygningen museet tok hand om. Servering av smørgraut. Felespel ved Tove Solheim. Inngang: kr. 100,- Arr.: Ryfylkemuseet SEPTEMBER Torsdag 22. september kl. 16.30 Vinjar bu- og omsorgsenter Basar Fredag 30. september kl. 18.00-23.00 Kulturhuset, SAND UF(F) Denne kvelden har Kulturhuset ope for kino og bowling. Satsinga er retta mot ungdom i alle aldrar, men særleg mot skuleungdom. Kl. 21.00 er det Norgespremiere på filmen Johnny English Reborn Arr.: Kulturhuset i Suldal 3

Laurdag 1. oktober Bergekrossen, Sand Møgedalsmarknad Liv og røre, underhaldning for store og små. Triveleg møteplass for bønder og anna folk både med og utan forhaustar. Sal av handarbeid og husflid. Arr.: Møgedal Mekaniske Verkstad OKTOBER Laurdag 1. oktober - søndag 16. oktober Opning av Ryfylkeutstillinga Vandreutstilling for amatørkunstnarar i Ryfylke. Opning kl. 13.00. Gjesteutstillar Mona Orstad Hansen. Arr.: Ryfylke kunstlag/suldal kunstlag Laurdag 1. oktober kl. 10.00-17.00 Mokleiv, Suldal Pilegrimsvandring og middag Kr. 250,-. Bratt løype. Påmelding til pilegrimsvandring@mokleiv.no Laurdag 1. oktober Ryfylke Fjordhotel, Sand DANS Susan og Hans fra Haugalandet, spiller til dans. Arr.: Ryfylke fjordhotel 4

Torsdag 6. oktober kl. 19.30 Polarkveld med Børge Ousland Børge Ousland er eventyrar, oppdagar og ein fantastisk engasjerande og inspirerande føredragshaldar. I si over 20 år lange karriere som ekstrem-turist, med fotturar på kryss og tvers av begge polpunkta, har han hausta ei brei røynsle om sjølvinnsikt, meistring og motivasjon. Dette vil bli ein annleis underhaldningskveld og høver like godt som motivasjon for tilsette i bedrifter og kunde-kontaktar som for naturinteresserte familiar i alle aldersgrupper. Inngang: Vaksne kr. 310,- honnør kr. 155,- Arr.: Kulturhuset i Suldal Torsdag 6. oktober kl. 18.00 SpøtakafÉ Tema: utstyrs- og garnbyttedag Arr.: Suldal Husflidslag Tysdag 11. oktober kl. 19.00 Makkamjølskveld Arr.: Suldal Sogelag OKTOBER Torsdag 13. oktober frå kl. 19.30 Vikane, Suldalsosen Islauging Nå startar vi opp igjen. Ope for alle. Kr 50,- pr. pers med badstova og badestamp. Torsdag 20. oktober kl. 19.30. Suldal Samfunnshus, SULDALSOSEN Kulturkveld Song ved Åshild Vetrhus og Gullgutane, underhaldning ved søstrene Muslandsvåg og forteljing ved Anne Berit Mahlum Solvang. Førehandsal av billettar i butikkane på Suldalsosen, og ved inngongen. Enkel servering i pausen. Arr.: Suldal Bygdekvinnelag. Fredag 21. oktober kl. 18.30 KJØLVIKSTØLEN, Ropeidhalvøya Haustfest for Grytenuten 4H Ein festleg avslutning på prosjektåret med utstilling av alle prosjekta, underhaldning og mat. Ope arrangement. Arr.: Grytenuten 4H 5

Laurdag 22. oktober kl. 13.00-15.00 Markering av FN-dagen/ Folkeakademi-dagen - familiearrangement. Internasjonal dag med allsong, familieaktivitet og apellar. Arr.: Folkeakademiet Suldal Laurdag 22. oktober ERFJORD SKULE, ERFJORD Haustfest for frisko 4H Arr.: Frisko 4H oktober Tysdag 25. oktober kl. 19.00 Bokbad i Bibelen Kulturkveld for å markere den nye Bibelomsetjinga. Edvard Hoem, Biskop Erling Pettersen, sang og musikk innslag. Arr.: Nordre Ryfylke prosti/kulturkontora i Suldal, Vindafjord og Sauda Onsdag 26. oktober kl. 11.30 Lunsjkonsert med Distriktsmusikarane Gjenhøyr med musikk frå tidlegare lunsjkonsertar. Skriv ønsket ditt i Ønskeboka som ligg på Kulturhuset. Fiolinist Xenia Berkova, fløytist Erlend Jordal og gjest frå Haugesund, pianist Marina Johansen. Gratis inngang Arr.: Kulturhuset i Suldal Onsdag 26. oktober kl. 19.30 Oddgeir Bruaset Der ingen skulle tru at nokon kunne bu Rogaland Inngang: Vaksne kr. 110,- Barn kr. 50,- Arr: Folkeakademiet Suldal Arr.: Sandsgruppa Fredag 28. oktober kl.18.00 Ryfylke Fjordhotel Mannekengoppvisning Butikkane i Suldal viser fram haust-og vintermoten, til kvardag og fest. Lett servering og underholdning. Kveldsope i butikkane! Inngang: kr. 50,- 6

Fredag 28. oktober kl. 18.00-23.00 UF(F) Denne kvelden har Kulturhuset ope for kino og bowling. Satsinga er retta mot ungdom i alle aldrar, men særleg mot skuleungdom. Kl. 21.00 er det noregspremiere på dansefilmen Footloose. Arr.: Kulturhuset i Suldal Fredag 28. oktober og laurdag 29. oktober Suldal Samfunnshus REVY Revygruppa i Suldal Ungdomslag inviterer til revy. Arr.: Revygruppa i Suldal Ungdomslag Torsdag 3. november kl. 10.00 Av og med Rasmus Løland Forteljarstund med Anne Elisebeth Skogen Arr.: Kulturhuset Torsdag 3. november kl 18.00 Spøtakafe Tema: Me broderer bunadsroser på vottane/hanskane. Arr.: Suldal Husflidslag oktober - NOVEMBER Laurdag 5. november kl. 19.30 Suldal Samfunnshus Haustfest i Snøklokka 4H Tysdag 8. november kl. 19.00 Forteljarkveld Arr.: Suldal Sogelag Laurdag 12. november kl. 13.00 Opning av kunstutstilling Terje Frøyland Mønstra fragment Arr.: Suldal kunstlag 7

Søndag 13. november kl. 15.00 Peer Gynt Denne framsyninga byr på utdrag frå Henrik Ibsens Peer Gynt ved norsk teater sin nestor, Toralv Maurstad. Han har framført stykket tallause gonger og vil ved dette høvet også fortelja litt om Ibsen si fargerike skikkelse Peer Gynt. Pianisten Rune Alver, kjend m.a. for sine Griegtolkningar, framfører delar av Edvard Griegs og Harald Sæveruds scenemusikk. Inngang: Vaksne kr. 250,- barn kr. 125,- honnør kr. 125,- Arr.: Kulturhuset i Suldal NOVEMBER Tysdag 15. november kl. 19.30 Ten Thing Brassensemblet Ten Thing feier over musikkscenen som ein frisk vind. Ti unge, virtuose messingblåsarar anført av Tine Thing Helseth. Fire trompetar, fire tromboner, horn og tuba. Til alt overmål eit reint jenteband! Tine Thing Helseth er mellom Noregs og Europas beste på sitt instrument, trompet, og har gått til topps i mange konkurransar. Inngang: Vaksne kr. 220,- barn kr. 110,- honnør kr. 110,- Arr.: Kulturhuset i Suldal og Rikskonsertene Fredag 11. - søndag 13. november Mo laksegard, SAND FOLKEMUSIKK- OG FOLKEDANSHELG Kurs for alle generasjonar i dans, kveding og hardingfele. Med Unni Boksasp, Åshild Vetrhus, Bjørnar Blaavarp Heimdal, Frank Rolland m.fl. Sjå www.ryfylkemuseet.no for meir informasjon. Arr.: Arrangør er Ryfylkemuseet/ Folkemusikkarkivet for Rogaland Laurdag 12. november kl. 20.30 Mo grendehus, SAND HUSKONSERT, JAM OG DANS Gratis inngang, alle er velkomne. Arr.: Ryfylkemuseet/ Folkemusikkarkivet for Rogaland 8 Bjørnar Heimdal. Foto: Ingvil Ljones

Torsdag 17. november kl. 18.00 Nesasjøhuset, Sand INTERNASJONAL KAFÉ/ KONSERT MED KOUAME SEREBA Denne spennande multi-instrumentalisten og vokalisten blei født i Abidjan i Elfenbeinskysten i Vest-Afrika, men har budd i Noreg sidan 1983. Saman med publikum skapar han eit musikalsk univers der rytmeleik og musikkglede er det viktigaste. Kouame brukar mye vokal, perkusjon, dodo (afrikansk munnbue), djembetromme og kalimba (tommelpiano). Han opptrer både solo og saman med musikarar med vidt forskjellige ståstader, som norsk folkemusikk, jazz og samtidsmusikk samt moderne afrikansk musikk. Har m.a. samarbeidd med Kirsten Bråten Berg og Steinar Ofsdal. I tillegg til konsert blir det internasjonal kafé i kjent stil; altså mye god mat og hyggeleg prat. Gratis inngang. Arr.: Ryfylkemuseet NOVEMBER Fredag 18. november kl. 18.00-23.00 UF(F) Denne kvelden har Kulturhuset ope for kino og bowling. Satsinga er retta mot ungdom i alle aldrar, men særleg mot skuleungdom. Kl. 21.00 er det noregspremiere på The Twilight Saga: Breaking Dawn - Part 1 Onsdag 23. november kl. 11.30 Lunsjkonsert med Distriktsmusikarane Gjenhøyr med musikk frå tidlegare lunsjkonsertar. Skriv ønsket ditt i Ønskeboka som ligg på Kulturhuset. Fiolinist Xenia Berkova, fløytist Erlend Jordal og gjest frå Haugesund, pianist Marina Johansen Arr.: Kulturhuset i Suldal 9

Onsdag 23. november kl. 18.00 Jul i mummidalen Teater for barn ved Victoria Productions AS Inngang: kr. 190,- Arr.: Kulturhuset i Suldal Torsdag 24. november kl. 17.00 Foajeen på Garaneset Juleverkstad Laging av adventsstakar og julekransar. Aktivitetar for store og små. Arr.. Krambua Blomster AS november Laurdag 26. november GATA, SAND julegateopning Fakkeltog, julegateopning og tenning av julegrana. Juleaktivitetar og servering av julegløgg i sentrum. Kjem nissen tru? Fakkeltog frå Rimi kl. 15.45. Tenning av julegran kl. 16. 15. Arr.: Sandsgruppa Laurdag 26. november kl. 12.00 Opning av peparkakebyen Arr.. Kulturhuset i Suldal 10

Laurdag 26.november kl. 09.30 SAND SKULE Julemesse for Normisjon Arr.: Normisjon Laurdag 26. november kl. 11.00-15.30 Nesasjøhuset, Sand FØRJULSSTEMNING PÅ RYFYLKEMUSEET Juleservering i Løland kafé og sal av flotte julegåver i museumsbutikken Kl. 13.00: Historieforteljing i Kvitebjørnen for born frå 3 år og oppover. Inngang: kr. 30,- Arr.: Ryfylkemuseet Laurdag 26. november kl 20.00 Gisle Børge Styve trio Melodisk, inkluderande, utadvendt og humoristisk, Helge Harstad, Per Willy Aaserud og Gisle Børge Styve. Me gler oss til eit gjensyn med Gisle Børge Styve, kjend frå Beat for beat på NRK. Inngang: Vaksne kr. 220,- barn kr. 110,- og honnør kr. 110,- Arr.: Kulturhuset i Suldal november - DESEMBER Torsdag 1. desember kl. 18.00 Kolbeinstveit, Suldal NISSEKVELD Servering av graut og saft Inngang: kr. 80,- OBS! Påmelding til ashild.overland@ryfylkemuseet.no eller på tel. 52 79 29 50 Arr.: Ryfylkemuseet 11

Torsdag 1. desember kl. 18.00 Kulturhuset, SAND Spøtakafe - Tema: Me strikkar julekrybbe Arr.: Suldal Husflidslag Torsdag 8. desember kl. 18.00 Nesasjøhuset, Sand INTERNASJONAL KAFÉ Sal av internasjonal mat Gratis inngang Arr.: Ryfylkemuseet DESEMBER Torsdag 15. desember ta julehandelen i sentrum - Nattope Juleaktivitetar og julemoro i Gata. Butikkene har ope frå kl 10.00 til kl. 23.00. Arr.: Sandsgruppa 12

PEPRA KULTURJUL Tradisjonen tru vil me ha ei peparkakelandsby i Kulturhuset i år óg. Å byggja peparkakehus er ein kjekk aktivitet som kan samla heile familien. Me oppmodar alle til å vera kreative og vera med på å spreia glede hjå store og små og fylla Kulturhuset med den deilige lukta av peparkakekreasjonar. Her treng du ikkje å vera redd for å mislukkast. Klarer du ikkje setja saman tak og fire vegger, så kan jo bakverket fint nyttast som ein levegg eller bli ein fin binge for marsipangrisen. Her kan du få utfalda deg som du vil har du eit politisk bodskap så kan det nå fram i peparkakeforma. Framleis prestasjonsangst? Finn ikkje att den gode oppskrifta? Gidd ikkje alt det rotet på kjøkenbenken? Kjøp deigen ferdig då vel! Eller du kan kjøpa deg eit ferdig hus. Alt dette får du på butikken. Her er alt lov. Det viktigaste er at du er skapande og kreativ. Me har sagt det før og me seier det igjen: Eit peparkakebyggverk kan aldri pyntast nok. Når eimen av glasur og søtsaker strøymer mot deg så du kjenner det i visdomsjekslane, då er det alltid plass for ein non-stop til. Den store opningsdagen i år er laurdag 26. november. Frist for innlevering er sett til torsdag 24. november. UF(F) - ikkje noko å gjera på! Ikkje alle ungdomar her i Suldal spelar fotball eller går på 4H. For desse og dei andre vil me i Kulturhuset gje eit anna tilbod. Denne hausten vil Kulturhuset ha ope hus ein fredagskveld kvar månad. På denne ungdomsfredagen, UF(F), vil bowlinga vera open; du kan óg spela biljard eller berre liggja i sofaen og flørta med kompisen. Det blir sjølvsagt kino, og denne kvelden blir det sett fokus på premierefilmar og filmar for ungdom. Planlagde UF(F) kveldar: 30. sept. 28. okt. 18. nov. Kulturhuset vil vera ope frå kl.18.00 23.00. Kinoen kl. 21.00. Sjølvsagt vonar me på god oppslutning om desse kveldane, og me ser ikkje vekk i frå at me kan utvida tilbodet dersom det er ønskjeleg. 13

Den kulturelle spaserstokk Kinoframsyningar kl. 13.00 Onsdag 28. september Onsdag 12. oktober Onsdag 19. oktober Onsdag 2. november Onsdag 16. november Onsdag 30. november Onsdag 7. desember DEN KULTURELLE SPARSERSTOKK Lunsjkonsert med Distriktsmusikarane Onsdag 26. oktober kl. 11.30 Korus musikkteater Genser n t n Johansen Laurdag 10. september kl. 16.00 Suldal Sjukeheim kl. 17.45 Vinjar bu- og omsorgsenter Søndag 11. september kl. 16.00 Jelsa bu- og omsorgsenter Oddgeir Bruaset Der ingen skulle tru at nokon kunne bu Rogaland Onsdag 26. oktober kl. 12.00 på Kjølvikstølen Onsdag 26. oktober kl. 19.00 i Kulturhuset Torsdag 27. oktober kl. 12.00 på Vinjar bu- og omsorgsenter Toralv Maurstad og Rune Alver Framsyning om Peer Gynt Søndag 15. november kl. 15.00 i Kulturhuset Ten Thing - Tine Thing Helset og 9 andre kvinnelege brassmusikantar spiller eit variert program. Tysdag 15. november kl. 19.30 Lunsjkonsert med Distriktsmusikarane 23. november kl. 11.30 Gisle Børge Styve trio Laurdag 26. november kl.18.00 Personar over 67 år får halv pris på alle arrangement på Kulturhuset i Suldal. Dette gjeld også alle kinoframsyningar. 14

Velkommen til Tlf. 52 79 22 90 - faks 52 79 22 85 Kulturhuset i Suldal! www.suldal.kulturhus.no Kulturhuset har aktivitetar sju dagar i veka! Her finn du utstillingar, konsertar, kino, bowling, biljard, dart, bibliotek, møter, konferansar, kulturskule og sist men ikkje minst Kulp kafe. Du kan også nytte vårt trådlause nett gratis eller lese avisar i vår sofakrok. Opningstid Måndag kl. 11.00-16.00 Tysdag kl. 11.00-16.00 Onsdag kl. 11.00-16.00 Torsdag kl. 11.00-19.00 Fredag kl. 11.00-15.00 Laurdag kl. 11.00-15.00 Folkebiblioteket Har ope i Kulturhuset si opningstid, med langope torsdagar. Her kan du utanom bøker låne dvd filmar, lydbøker, tidsskrift og aviser. Biblioteket har også pc ar du kan bruke. Kino Digitalkino med gode bilete og skikkeleg lyd! Annankvar onsdag kl. 12.00 Torsdag kl. 18.00 Ein fredag i månaden kl. 21.00 Laurdag kl. 13.00 Søndag kl. 17.30 og 20.00 Bowling, biljard, dart Tysdag kl. 17.00-22.00 Onsdag kl. 14.00-19.30 Torsdag kl. 17.00-22.00 Og ein fredag i månaden kl. 18.00-23.00 Kulp kafé Måndag - fredag kl. 11.00-17.00. Laurdag kl. 11.00-15.00 Neste utgåve av Det skjer i Suldal kjem i januar. Frist for innlevering: 1. desember. 15

Kjenn på den friske haustlufta... Bruk hausten til å bli betre kjent med det Suldal har å by på av friluftsaktivitetar! Turkartet for Suldal gir ein god oversikt over friluftsmulegheitene i kommunen vår t.d. fotturar i nærområda våre og høgare opp i fjellet, klatring, sykling, dykking, gode fiskeplassar og gode område for turar med kano og kajakk. Kartet får du kjøpt på Suldal Turistkontor og i fleire av butikkane i Suldal. Eller kanskje du kan tenkje deg ein tur med ein erfaren fjellførar i frå Suldal? Topptur eller berre nokon som kan vise deg spennande deler av Suldal? Ta kontakt med Eventus på tel: 95 94 41 28. Jakt og fiske På turistkontoret sel me fiskekort til dei fleste ferskvatn i Suldal. Har du lyst til å gå på småviltjakt så finn du jaktkort til Suldal Statsallmenning på www.inatur.no. Ola Jordebrekk, tel. 52 79 47 56, sel jaktkort for Roalkvam-området. For informasjon om hjortejakt ta kontakt Eventus på tel. 47 75 02 58. Laksesafari og Elveekspedisjon i Suldalslågen For bestilling ring Mo Laksegard på tel. 52 79 76 90 før kl. 15.00 dagen før. Gruppa må vera på minst 6 personar. Pris: Laksesafari kr. 790 pr. person, Elveekspedisjon kr. 495 pr. person Guida tur til skinkeloftet på Mostøl Energihotellet tilbyr guida tur til Mostøl der Skinka frå Suldal er lufttørka og modna 640 m.o.h. Pris kr 675 pr. stk. for grupper på 8-10 personar. For bestilling ring tel. 51 20 05 55 før kl. 15.00 dagen før. Sightseeing i Suldal og områda rundt Osa-Bu Taxi/Turvogn arrangerer sightseeingturar i Suldal og områda rundt for små og store grupper på bestilling. Du vel sjølv kva du vil sjå! Ring Osa-Bu på tel. 52 79 92 60 for meir informasjon. Ta kontakt! Suldal Turistkontor har kontor i Suldal Næringspark på Garaneset. Opningstider er måndag til fredag frå kl. 08.30 til kl. 15.30. Ta gjerne kontakt på tel: 52 79 05 60 eller send ein e-post til post@suldal-turistkontor.no viss det er noko du lurer på! Ha ein flott haust! www.suldal-turistkontor.no 16

Ryfylkemuseet Regionmuseum for Ryfylke, senter for bygningsvern, folkemusikkarkiv for Rogaland NESASJØHUSET: Ope måndag fredag kl. 09.00-15.00 Museumsbutikk med lokal-litteratur og gåveartiklar. Løland kafé med varm drikke, aviser, internett og fantastisk fjordutsikt. utstillingar: Kvitebjørnen Det gode liv ei eventyrleg barneutstilling om livsstilsinnvandring til Suldal og Sauda Ryfylkemuseet, Nordenden 14, 4230 Sand Tlf. 52 79 29 50, faks 52 79 29 51 E-post: post@ryfylkemuseet.no www.ryfylkemuseet.no VELKOMMEN TIL HANDEL PÅ SAND 17

e-post: bg@bgsuldal.no www.bgsuldal.no Tlf. 98 25 98 00 - Faks. 52 79 99 49 Me har klær til kvardag og fest 4230 Sand - tlf. 52 79 71 48 sand - tlf. 52 79 07 90 Opningstider: 09-21 laurdag til kl. 18.00 FOR PRIVATE OG BEDRIFTER: Vaktmeister Reinhald IT-BUTIKKEN IT-patrulja Tlf. 48 16 04 40 Sandsv. 134, 4230 Sand post@firmatenester.as www.firmatenester.no Alle tiders aluminium Ville det ikkje vera ein draum å kunne halde på ungdomens kraft og venleik for alltid? Slik er aluminium. Metallet kan resirkulerast om og om igjen, utan å tape kvalitet. Det er ein ressurs som kan fornyast og gjenbrukast på tallause måtar også av komande generasjonar. Hydro er aluminium. Vi er stolte av å produsere metallet for framtida. www.hydro.com Ville det ikkje væra ein draum å kunne halde på ungdomens kraft og venleik for alltid? Slik er aluminium. Metallet kan resirkulerast om og om igjen, utan å tape kvalitet. Det er ein ressurs som kan fornyast og gjenbrukast på tallause måtar også av komande generasjonar. Hydro er aluminium. Vi er stolte av å produsere metallet for framtida. www.hydro.com Krambua Tlf. 52 79 06 50 www.krambuasand.no Du finn oss på Garaneset, Sandsvn. 134 - SAND Me byggjer hus, hytter, NæriNgsbygg M.M. Garaneset - 4230 SAND tlf. 52 79 06 30 firmapost@kv-bygg.no www.kv-bygg.no amma Rosa Garaneset - Tlf. 400 02 846 ITALIENSK - NORSK MMEKSIKANSK - INDISK - TYRKISK ITALIENSK - NORSK - MEKSIKANSK OPE: Mån-fred 10-21, laur 12-21, søn 13-20 VI LEVERER ALT I BYGGEVARER! Største byggevarehus i Ryfylke monter.no Montér Suldal 7.30-16(18) (9-14) Tlf. 476 55 200 18

Bergekrossen, 4230 Sand - tlf. 52 79 25 30 OPN.TIDER: Mån-tysd-onsd-fred 7.30-16.00 Torsdag 7.30-18.00 Laurdag 10.00-14.00 Din lokale bokhandel * Kurs & konferanse * Restaurant * Bar med alle rettigheter Tlf. 52 79 27 00 Tlf. 02002 - www.sr-bank.no Tlf. 05555 El.installasjon i hytte/hus Salg, montering og reparasjon av varmepumper Salg av småelektriske artikler Salg og reparasjon av hvitevarer Suldal InStallaSjon as Tlf. 52 79 73 19 - mob. 915 42 690 Faks 52 79 75 61 E-post: suldal.installasjon@hed.no Suldal Vekst AS Treng du rettleiing ved nyetablering eller vidareutvikling av eiga bedrift? Eller har du rett og slett ein god ide? Bruk oss! Suldal Vekst AS, Sandsv.134, 4230 Sand. Tel: 52 79 06 00, post@suldalvekst.no Gåsevikja, 4230 Sand Tlf: 52 79 29 70 E-post: post@klungtveit.com ÅpninGSTidEr butikken: Mand - fred: 08.30-16.00. Lørd: 10.00-13.00 Bensin/diesel, bildeler, rekvisita og kiosk. OPNINGSTIDER: Mån-Fre 07.30-20.00 Laur-sønd 09.00-20.00 Tjelmane Dekkservice AS Garaneset, 4230 Sand - tlf. 52 79 74 77 19

Tlf. 52 79 22 90 Tlf. 52 79 29 50 Tlf. 52 79 06 13 Tlf. 52 79 05 60 Layout: Suldalsposten

Det skjer i Suldal 20. september 2011 til 15. januar 2012 Du kan kjøpa billettar til arrangement på kulturhuset på www.suldal.kulturhus.no www.skattkammeretsuldal.no