FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 02.06.2015 Tid: 14:00 19:50 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Saklista vart sendt medlemene og varamedlemer 26.05.15 via utlegging digitalt, e-post og gjort kjent via heimesida. Møtet vart kunngjort i ei avis og på heimesida. Desse medlemene møtte: Roald Samnøy Ingebjørg Naa Hjelle Steinar Berland, H, fekk permisjon og gjekk då sak nr 21/15 vart handsama. Haldor Tuft, Sp Geir Inge Eide Forfall og møtande vararepresentantar: Turid Ekeberg hadde forfall. Vararepresentant var forsøkt innkalla, men ingen kunne møta. Harald Hjartåker hadde forfall. Vararepresentant var forsøkt innkalla, men ingen kunne møta. Andre som var tilstade på møtet: Ansvarleg sekretær Gunn Sissel Teigen Teknisk drift v/prosjektleiar Per Rosvoll i deler av sak nr 15/15. Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknader til innkalling og sakliste. Orientering frå teknisk drift i sak nr 15/15 vart gitt i starten av møtet. Roald Samnøy leia møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 03.06.15 Roald Samnøy Leiar Gunn Sissel Teigen Ansvarleg sekretær
Sakliste Sak nr. Tittel 013/15 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 014/15 Årsmelding og rekneskap for 2014 - Fusa kommune 015/15 PROSJEKTRAPPORTERING FORMANNSKAPET 2015 016/15 Tertialrapport pr 01.05.2015 017/15 Kommuneplanens arealdel - Høyringsdokument 018/15 REGULERINGSPLAN FOR HAGANESET GNR 18, BNR 4 M.FL. 019/15 REGULERINGSPLAN NAUSTDALEN - DETALJREGULERING - ENDRING TIL BUSTADFØREMÅL 020/15 GBNR 31/45 - FUSA - CECILIE ØPSTAD - OMGJERING AV ADMINISTRATIVT VEDTAK I DELINGSSAK 021/15 REGULERINGSENDRING - GBNR. 15/9 I FUSA KOMMUNE - ÅDLAND SØNDRE - HYTTEFELT 022/15 ORIENTERINGAR, SPØRSMÅL OG OPEN POST 02.06.15 023/15 SKRIV OG MELDINGER 024/15 ELDREDAGEN 2015 - PLANLEGGING I MØTE 02.06.15
013/15: GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET Møteprotokoll frå møtet 21.04.15 vert godkjent. Framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedteke. RAAD-013/15 VEDTAK: Møteprotokoll frå møtet 21.04.15 vert godkjent. 014/15: Årsmelding og rekneskap for 2014 - Fusa kommune Ingebjørg Naa Helle og Roald Samnøy fremja følgjande felles framlegg til uttale: Senior- og funksjonsrådet tek ei velskriven og informativ årsmelding til orientering. Felles framlegg fremja av Ingebjørg Naa Helle og Roald Samnøy vart samrøystes vedteke. RAAD-014/15 VEDTAK: Senior- og funksjonsrådet tek ei velskriven og informativ årsmelding til orientering. 015/15: PROSJEKTRAPPORTERING FORMANNSKAPET 2015
Prosjektrapporten vert teken til etterretning Teknisk drift v/per Rosvoll orienterte og svara på spørsmål om FBBS prosjekt 270. Roald Samnøy fremja følgjande forslag: Saka vert teke til orientering. Framlegget frå Roald Samnøy vart samrøystes vedteke. RAAD-015/15 VEDTAK: Saka vert teke til orientering. 016/15: Tertialrapport pr 01.05.2015 Investeringsprosjekt 70 Trafikksikring vegar, konto 02307.4231.3323, vert auka opp med kr 890 000. Investeringsprosjekt 80 Opprusting vegar, konto 02307.4232.3321, vert redusert med kr 890 000. Vidare vert det henta inn til driftsbudsjettet kr 331 653,44 frå fond 25199204 «Barnehage, ø.merka tilskot» til ansvar 2 barnehage. Nettoramma for eininga vert uendra. Saka forøvrig vert lagt fram til drøfting. Ingebjørg Naa Helle fremja følgjande felles framlegg til uttale: Rådet for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne ser med bekymring på den økonomiske situasjonen for Fusa kommune. Situasjonen har ført til auka arbeidspress og tempo i fleire avdelingar noko som er krevande både for brukarar og tilsette. For tilsette viser dette seg med bl.a. sjukefråvær opp mot 10%. Sjølv om dette ikkje avspeglar seg i auka klagegang m.h.t. tenestetilbud, ser ein med uro på at tenestetilbudet vert redusert.
Felles framlegg fremja av Ingebjørg Naa Helle vart samrøystes vedteke. RAAD-016/15 VEDTAK: Rådet for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne ser med bekymring på den økonomiske situasjonen for Fusa kommune. Situasjonen har ført til auka arbeidspress og tempo i fleire avdelingar noko som er krevande både for brukarar og tilsette. For tilsette viser dette seg med bl.a. sjukefråvær opp mot 10%. Sjølv om dette ikkje avspeglar seg i auka klagegang m.h.t. tenestetilbud, ser ein med uro på at tenestetilbudet vert redusert. 017/15: Kommuneplanens arealdel - Høyringsdokument Fusa kommune legg arealplanen, med plankart, planomtale, føresegner og retningslinjer ut til offentlig ettersyn. Høyringsfrist vert sett til 20. august 2015. Vedtaket har heimel i plan- og bygningslova 11-14 Ingebjørg Naa Helle fremja følgjande felles framlegg til vedtak: Kommentar/innspel: Dette er eit overordna dokument og prinsippet med universell utforming må nemnast innleidningsvis, tilliks som andre viktige prinsipp i føresegnene. Felles framlegg fremja av Ingebjørg Naa Helle vart samrøystes vedteke. RAAD-017/15 VEDTAK: Kommentar/innspel: Dette er eit overordna dokument og prinsippet med universell utforming må nemnast innleidningsvis, tilliks som andre viktige prinsipp i føresegnene.
018/15: REGULERINGSPLAN FOR HAGANESET GNR 18, BNR 4 M.FL. Reguleringsplan for HAGANESET, del av gnr 18, bnr 4 m. fl. datert 07.05.2015, føresegner datert 19.05.2015 og planskildring m/ ROS-analyse vert godkjent. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova 12-12. Roald Samnøy fremja følgjande felles framlegg til vedtak: Saka vert teke til orientering. Felles framlegg fremja av Roald Samnøy vart samrøystes vedteke. RAAD-018/15 VEDTAK: Saka vert teke til orientering. 019/15: REGULERINGSPLAN NAUSTDALEN - DETALJREGULERING - ENDRING TIL BUSTADFØREMÅL Fusa kommune legg delar av detaljreguleringsplan for gbnr. 19/95 og del av bnr. 1, Naustdalen, med tilhøyrande planskildring og føresegner ut på høyring og til offentleg ettersyn. Vedtaket er gjort i medhald av Plan- og bygningslova 12-10 og 12-11.
Geir- Inge Eide stilte spørsmål om han var inhabil sidan han bur i området. Han er ikkje part i saka. Han ga uttrykk for at han ikkje føler seg inhabil. Han gjekk frå. Det var ikkje kalla inn vararepresentant då inhabiliteten ikkje var meldt inn før møtet. Han vart samrøystes kjend habil og tok plass igjen i møtet. Jf. kommunelova 40 nr 3, jf. forvaltningslova 6 1.ledd og 2. ledd. Ingebjørg Naa Helle fremja følgjande felles framlegg til vedtak: Saka må sendast attende til tiltakshavar der ein presiserer pålegg om fortsatt tilgjenge for ålmenta til badeområdet. I praksis vil ein veg, slik den er innteikna på ill.. 6, ikkje kunna tilfredsstilla krav om universell utforming pga. bratt terreng. Felles framlegg fremja av Ingebjørg Naa Helle vart samrøystes vedteke. RAAD-019/15 VEDTAK: Saka må sendast attende til tiltakshavar der ein presiserer pålegg om fortsatt tilgjenge for ålmenta til badeområdet. I praksis vil ein veg, slik den er innteikna på ill.. 6, ikkje kunna tilfredsstilla krav om universell utforming pga. bratt terreng. 020/15: GBNR 31/45 - FUSA - CECILIE ØPSTAD - OMGJERING AV ADMINISTRATIVT VEDTAK I DELINGSSAK RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Roald Samnøy fremja følgjande felles framlegg til vedtak: Saka vert teke til orientering, og senior- og funksjonsrådet føreset at leikeplassar er universelt utforma. Felles framlegg fremja av Roald Samnøy vart samrøystes vedteke.
RAAD-020/15 VEDTAK: Saka vert teke til orientering, og senior- og funksjonsrådet føreset at leikeplassar er universelt utforma. 021/15: REGULERINGSENDRING - GBNR. 15/9 I FUSA KOMMUNE - ÅDLAND SØNDRE - HYTTEFELT Fusa kommune legg reguleringsendring for reguleringsplan Hyttefelt Lauvfjellet gbnr. 15/9, Ådland Søndre ut på høyring og til offentleg ettersyn. Vedtaket er gjort i medhald av Plan- og bygningslova 12-10 og 12-11. Ingebjørg Naa Helle fremja følgjande felles framlegg til vedtak: Senior- og funksjonsrådet forutset at arealbegrensinga på utbygging av tomtene vert som felles for resten av kommunen; 100 kvadratmeter. Senior- og funksjonsrådet påpeikar og at det skal vera universell utforming og tilgjenge, dette skal innarbeidast i planen. Felles framlegg fremja av Ingebjørg Naa Helle vart samrøystes vedteke RAAD-021/15 VEDTAK: Senior- og funksjonsrådet forutset at arealbegrensinga på utbygging av tomtene vert som felles for resten av kommunen; 100 kvadratmeter. Senior- og funksjonsrådet påpeikar og at det skal vera universell utforming og tilgjenge, dette skal innarbeidast i planen.
022/15: ORIENTERINGAR, SPØRSMÅL OG OPEN POST 02.06.15 Saka vert lagt fram til drøfting og orientering. Fritidstilbodet om sommaren til PU I møtet vart det gitt følgjande informasjon om status i arbeidet: På kort tid fekk kommunen på plass eit tilbod i fjor sommar. Administrasjonen skulle evaluera tilbodet og starta prosessen med å planleggja tilbodet for sommaren 2015 tidlegare enn i 2014. Det vart munnleg orientert om at administrasjonen sidan i fjor haust har arbeidd med planlegging av sommartilbodet m.a. i møte for å ivareta brukarmedverknad. Ein har planlagt ut frå at det nye dagsenteret kunne vera base for opplegget sidan det skulle vera innflyttingsklart pr 01.05.15. Tiltak for funksjonshemma ved avdelingsleiar Liv Elin Moen koordinerer saka. Pr no ligg det ikkje føre noko program. Brukarorganisasjon ved Geir Inge Eide, som også er medlem i senior- og funksjonsrådet, informerte om innspel dei hadde gitt i samband med evalueringa. M.a. positivt at sommartilbodet raskt kom på plass i 2014. Forbetringspunkt m.a.: Mangla plan B ved dårleg vær samt at «innhaldet var noko magert». For 2015 har dei også kome med innspel på annan form for ferieaktivitetar: Utenlandstur i regi av Fusa kommune eller delta på andre kommunar sine turar t.d. Vitaltour AS sin tur som har påmeldingsfrist no. Dagsenteret «Senior- og funksjonsrådet ber om status og orientering i Dagsentersaka.» Administrasjonen informerte m.a. om at dagsenteret ikkje er klart til innflytting pr no. Dagsenteret skulle vera innflyttingsklart pr 01.05.15. Einingsleiarane for heimetenesta og helse, familie og velferd skal syte for purring på utleigar og at det vert laga ein plan som sikrar innflytting før ferien. Dei planlegg offisiell opning 01.09.15 Ingebjørg Naa Helle fremja følgjande felles framlegg: Til neste møte ynskjer ein oversikt over drift, bemanning og på møtet ei omvisning på det nye dagsenteret.
Kollektivtilbodet i Søre Fusa Tilbakemelding frå Skyss av 26.11.14 - som tidlegare ikkje er vorte lagt fram til orientering - vart referert i møtet. Ingebjørg Naa Helle fremja følgjande felles framlegg: Skyss frå Søre Luten til og frå kommunesenteret og om sommaren, når det ikkje er skuleruter. Rådet ber om at administrasjonen purrar etter svar frå Skyss i denne saka. Felles framlegg vedk. dagsenter fremja av Ingebjørg Naa Helle vart samrøystes vedteke. Felles framlegg vedk. skyss i Søre-Luten fremja av Ingebjørg Naa Helle vart samrøystes vedteke Senior- og funksjonsrådet vedtok samrøystes på nytt at svar frå Skyss og tilbakemeldingar på andre førespurnader samt saker som vedkjem brukargruppene må leggjast fram for rådet. Saka vart elles samrøystes teke til orientering. RAAD-022/15 VEDTAK: Til neste møte ynskjer ein oversikt over drift, bemanning og på møtet ei omvisning på det nye dagsenteret. Skyss frå Søre Luten til og frå kommunesenteret og om sommaren, når det ikkje er skuleruter. Rådet ber om at administrasjonen purrar etter svar frå Skyss i denne saka. Senior- og funksjonsrådet vedtok samrøystes på nytt at svar frå Skyss og tilbakemeldingar på andre førespurnader samt saker som vedkjem brukargruppene må leggjast fram for rådet. Saka vart elles teke til orientering. 023/15: SKRIV OG MELDINGER :RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Skriv og meldingar vert teke til orientering.
Til møtet vart det gitt følgjande informasjon: I komande møte vert også den kulturelle spaserstokken sett på saklista. Ingebjørg Naa Helle fremja følgjande felles framlegg: Senior- og funksjonsrådet ber om at sak om den kulturelle spaserstokken vert lagt fram handsaming og prioritering. Felles framlegg fremja av Ingebjørg Naa Helle vart samrøystes vedteke. Skiv og meldingar vart elles teke til orientering. RAAD-023/15 VEDTAK: Senior- og funksjonsrådet ber om at sak om den kulturelle spaserstokken vert lagt fram handsaming og prioritering. Skiv og meldingar vart elles teke til orientering. 024/15: ELDREDAGEN 2015 - PLANLEGGING I MØTE 02.06.15 Saka vert lagt fram for planlegging av eldredagen 2015. Det vart teke kontakt pr tlf. med Harald Hjartåker, som også er styremedlem i senioruniversitetet som m.a. opplyste følgjande: Styret i senioruniversitetet er positive til felles arrangement. 01.10.15 og har skaffa foredragshalder. Kontaktperson er styreleiar Eli Dalland. Etter ei drøfting fremja medlemene følgjande felles framlegg: Rådet ser positivt på at det vert ei felles markering av eldredagen 01.10.15. Leiar i senior- og funksjonsrådet får fullmakt til å planleggja arrangementet saman med senioruniversitetet og tek kontakt med styreleiar Eli Dalland. Matøkt, songar, underhaldning og evt. loddsal er aktuelle innslag. Snittar og kake som i fjor. Roald Samnøy tek evt. kontakt med andre medlemer dersom det er trong for hjelp før 01.10.15. Han ber også evt. frivillighetssentralen om hjelp til arrangementet. Alle medlemer som har høve til det hjelper til med arrangementet 01.10.15.
Felles framlegg vart samrøystes vedteke. RAAD-024/15 VEDTAK: Rådet ser positivt på at det vert ei felles markering av eldredagen 01.10.15. Leiar i senior- og funksjonsrådet får fullmakt til å planleggja arrangementet saman med senioruniversitetet og tek kontakt med styreleiar Eli Dalland. Matøkt, songar, underhaldning og evt. loddsal er aktuelle innslag. Snittar og kake som i fjor. Roald Samnøy tek evt. kontakt med andre medlemer dersom det er trong for hjelp eller møte før 01.10.15. Han ber også evt. frivillighetssentralen om hjelp til arrangementet. Alle medlemer som har høve til det hjelper til med arrangementet 01.10.15.