Tid og stad: 12. november kl , Statens hus og videostudio

Like dokumenter
Referat frå møte

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

Frå busett til sysselsett

Frå flyktning til arbeidstakar meir arbeid og betre norsk i introduksjonsprogrammet

Busetting og integrering av asylsøkjarar og flyktningar i Jølster.

NAV- tenester over grenser PROSJEKTPLAN EIT ARBEIDSRETTA INTRODUKSJONSPROGRAM

Svar på oppmoding om busetting av flyktningar i 2016

Varsel om felles nasjonalt tilsyn med Lindås kommune - kommunen si forvaltning av introduksjonslova - krav om individuell plan

Kva har desse tre med integrering å gjere? Paris 1919

Oppdatering flyktningsituasjonen. Henriette Solheim

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

Norskopplæring til asylsøkjarar i Flora kommune. Førde 17. desember 2015

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Fylkesmannen Helse- og sosialavdelinga og Utdanningsavdelinga Læringsnettverk. Fylkeslege Per Stensland Skei

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I BØMLO KOMMUNE

Busetting av flyktningar. Vedtak i Sandøy kommunestyre , K-sak-2015/37

NYTT FRÅ UDI REGION VEST. Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland Regiondirektør Stig Arne Thune

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Referat frå møte

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Busetting av flyktningar. Vedtak i Sandøy kommunestyre , K-sak-2015/37

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

H.M. Dronning Sonja sitt besøk til Selje 08. juli 2018

INTERNASJONAL STRATEGI

GNISTprosjektleiar. Inger Marie Evjestad

Busetting av flyktningar

Asyl 2015 / 2016, utfordrande for alle

Kommunalsjef samfunn. Forslag til busetjingsordning for flyktningar med mål om raskare busetjing høyringsuttale

Kva snakkar me om? Tog Brann Redning Flaum Snø, snøras og i store mengder Kriser

Til deg som bur i fosterheim år

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Hornindal kommune. Innkalling. Sakliste. Utval: Utval for Oppvekst og Helse Møtestad: Smia Dato: Tid: Kl. 14:00-16:00

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

OVERORDNA AVTALE OM SAMHANDLING MELLOM DET KOMMUNALE BARNEVERNET OG DET STATLEGE BARNEVERNET I REGION VEST

Tilskotsordning for opplæring i norsk, norsk kultur og norske verdiar for asylsøkarar i mottak for 2018

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 026/14 Formannskapet PS /2014 Kommunestyret PS

Arbeidsretting av flyktningarbeidet litt om konsekvensar av anbodsprosessar og andre endringar i NAV Tore Thorsnes Direktør NAV Sogn og Fjordane

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Lærdal sjukehus Møtedato: Tid: 09:30-15:00

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

PRESSEPROGRAM DD. MM. Kong Harald og Dronning Sonjas besøk til Lærdal 23. januar 2014.

Vertskommune for statlige mottak NORSK

-Ein tydeleg medspelar MINORITETSSPRÅKLEGE. Fagdag med fokus på minoritetsspråklege søkarar/ elevar

Mbtedato:--Sak nr: Ilovudutval for helse og omsorg /11 HØYRINGSUTTALE - BUSETJINGSORDNING FOR FLYKTNINGAR

System og forvaltning

Prosjekt: Velferdsteknologi og automasjon Eid omsorgssenter. Pilotprosjekt i Nasjonalt program for Leverandørutvikling

Oppgåvedeling i Sogn og Fjordane

Ny verjemålslov - meldeplikt om behov for verjemål mm.

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Nye kommunar i Møre og Romsdal

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: 024 G00 &01 Arkivsaksnr.: 11/ Rammeavtale for samhandling mellom kommunane og Helse Førde

Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Tilskott til opplæring av barn og unge

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kviknes Hotel, Balestrand Møtedato: Tid: A.

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Kva rører seg Velferdsteknologiprosjektet vert vidareført

Rådmannsutvalet Førde

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

Hareid kommune - vedtak i klagesak etter plan- og bygningsloven - gnr41 bnr822 - Melshorn Hotell

Bodø 4. november 2015 Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Sørviserklæring for Fylkesmannen i Hordaland

Kap. 496, post 62, Jobbsjansen del B Rapporteringsskjema Tilskudd til Jobbsjansen del B. Tilskuddsrapport for 2017

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Kontrollutvalet. Målet i dag

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Rettleiar for oppfølging av brukarrepresentantar som deltar i arbeid ved Lærings- og mestringssenteret (LMS).

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Satsingar hausten 2015 og framover Tore Thorsnes Direktør NAV Sogn og Fjordane

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

Delplan 2 -Skjema for risikoanalyse busetting av flyktningar Med referanse til punkt 3.3 i Prosjektplanen: «Kritiske suksessfaktorar for prosjektet»

Referat frå kommunemøte med Balestrand, Høyanger og Vik

Tilsynsrapport. Tilsyn med Lærdal kommune. som barnehagemyndigheit. etter. barnehagelova 10, 16 og 18

NY OPNINGSTID I SERVICETORGET

Kommunedelplan for oppvekst

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Volda ei internasjonal distriktskommune

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Lærdal rådhus, kommunestyresalen Møtedato: Tid: 09:45-15:20. A.

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Transkript:

Referat frå regionalt samordningsmøte Tid og stad: 12. november kl. 12.00-14.00, Statens hus og videostudio Deltakarar: Fylkesmannen, KS, fylkeskommunen, NAV, UDI, IMDi, Husbanken, Bufetat, politiet og Helse Førde Fylkesmann Anne Karin Hamre ønskte velkomen. Målet for møtet var å bli betre kjent med kvarandre. Vi kjem til å møte kvarandre mange gonger og står framfor ei stor og akutt oppgåve. Hjå Fylkesmannen vert mykje lagt til sides med det mål å kunne hjelpe til med å samordne aktivitet regionalt, og særleg samordne informasjonen til kommunane. 1. KS kva er viktigast for kommunane framover Kommunane opplever å få ein tung «trøkk». Gjer så godt dei kan, men føler seg litt på sidelinja og er uroa for å ikkje klare å tilby tenester. Saknar meir dialog i prosessen med kartlegging av bygningar; kva vil eigne seg osv. Gir opplysningar frå seg men høyrer ikkje meir før dei eventuelt vert kontakta av operatørar. Ønskjer dialog om kva stader som kan høve best. Nokre er uroa for å få fleire mottak Fleire kommunar diskuterer om dei bør drive mottak i eigen regi KS-konferansen vil dreiast meir mot tema asyl og flyktningar Enormt behov for dialog og informasjon, om omfang av busetjing m.m. 2. Orientering frå andre om situasjonen UDI Ekstraordinær situasjon, glade for initiativ til eit slikt møte Stor forståing for informasjonsbehov, situasjonen endrar seg heile tida og gjer informasjonsarbeidet krevjande Det er folkemøte i kommunen ved oppretting av mottak. UDI sjølv slit med kapasiteten til å stille. Operatøren er alltid til stades. Ser mykje engasjement i mange kommunar og opplever å få mykje gode tilbakemeldingar, det skjer mykje positivt for tida Etablert 3 000 akuttmottaksplassar i Rogaland og Hordaland på 14 dagar Kjem snart anbodskonkurranse for 30 000 plassar (historisk høgt tal) 5 000-6 000 EMA i inneverande år, ei enorm auke. Trong for ansvarsavklaring: UDI har ansvar for asylmottak, medan IMDI har ansvar for busetjing av flyktningar i kommunane Om lag 75 % av dei som søkjer om asyl vil få busetjingsløyve Stadig fleire kommunar vil få to mottak, og det skal busetjast stadig fleire flyktningar. Er forplikta til å lyse ut konkurranse jf. lov om off. anskaffelser o Kan ikkje diskutere med partane før tilbodsfristen går ut o Kan ikkje gå ut og påverke kvar det vert mottak o Kan gå i dialog om direktekjøp av EMA- og akuttplassar o Vil prioritere deltaking på KS-konferanse i Sogndal neste veke o Fått 15 tilbod om EMA-mottak, 6 av desse i fylket. Må sjekke ut om løyve er i orden og forhandlast om pris. Skal vere klart for å gå vidare og gjere avtalar om lag 20. november Hovudkontor Landbruksavdelinga E-post: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Fjellvegen 11, 6800 Førde fmsfpost@fylkesmannen.no Telefon: 57 64 30 00 Postboks 14, 6801 Førde Internett: Telefaks: 57 65 33 02 Telefon: 57 64 30 00 www.fylkesmannen.no/sfj Org.nr 974 763 907 Telefaks: 57 82 17 77

2/6 Kva er akuttmottak (spørsmål frå politiet): o Det liknar mest transittmottak o Forenkla drift med døgnbemanning i regi av driftsoperatør, hotell eller liknande. o Vert etablert for å tilby tak over hovudet, seng og mat under korttidsopphald fram til plass i ordinært mottak. o Dei som kjem skal vere registrert og røntgenundersøkt. Har fått melding om nokre glippar i systemet i nord. o Kan måtte vente lenge på asylintervju. I nord konsentrerer dei seg no om dei som ikkje har asylbehov. Spørsmål/innspel til UDI frå fylkeslegen o Mange definisjonar i bruk (t.d. ankomstmottak, akuttmottak, pre-transitt). Uheldig å operere med ulike namn, då mange rettar og plikter er bunde opp til dei ulike fasane. o Kommunar melder om stort tal personar som kjem til ordinære mottak utan å ha blitt tilstrekkeleg undersøkte. Det er vanskeleg å sjå kven som har økonomisk ansvar for gjennomføring av helseundersøkingar, og kommunane har så langt dekka dette. o Journal/informasjon om screening kjem ofte 2-6 veker etter at asylsøkjaren kjem til ordinært mottak. Risikerer dobbeltarbeid, og kostnader som kommunane burde fakturert UDI for. UDI har nær dialog med Helsedirektoratet (Hdir), og rutinar knytt til undersøkingar av dei som vert sendt ut i mottak er i forståing med Hdir. Det har skjedd nokre glippar knytt til mottaket i Høyanger (bebuarar var ikkje ferdig undersøkte). Det er veldig viktig at dette fungerer, og at UDI får rask tilbakemelding når det ikkje gjer det. UDI bør òg få melding når Fylkesmannen rapporterer til Hdir om ting som ikkje fungerer. IMDi Det er viktig med busetjing for å avlaste UDI/mottak. Nyleg møte i det nasjonale busetjingsutvalet: tal busetjingar neste år er sett til 18 000 o 4 400 av desse er EMA (den største utfordringa) - i år 700 o Sender ut oppmoding til alle kommunar neste veke o Det sit 70-80 % einslege i mottak, viktig jobb framover å få kommunane til å fatte vedtak ut frå det IMDi ber om (utan klausular som nasjonalitet og familie). Ikkje mange kommunar i Sogn og Fjordane som har busett mindreårige. Det er viktig at offentlege aktørar er med på å formidle denne bodskapen. IMDi prioriterer familiar når dei vel ut kvoteflyktningar. Innspel frå KS: Det er eit informasjonsbehov. Viktig å flagge på KS-konferansen at kommunane må fatte vedtak ut frå IMDi sine behov og unngå klausular. Bufetat Det er berre eitt omsorgssenter i fylket (Flora). Det er stor trong for å etablere bufellesskap og å betre rekrutteringa av fosterheimar. EMA skal busetjast innan tre månader, og det er svært vanskeleg å oppfylle dette kravet for alle Ønskjer at kommunar skal intensivere innsatsen for å få oppretta bufellesskap, og at dei som allereie har slike opprettar fleire når dei er fulle. Jobbar òg for å finne fosterheim, pågangen har vore stor i det siste. Desse kan potensielt vere i andre kommunar enn dei som buset. Bufetat vil informere kommunane der dette blir aktuelt, og håper kommunane vil busetje. I 2015: busett 12 barn på landsbasis. Berre førre veke kom det 57 EMA i denne gruppa til landet.

3/6 Innspel frå KS: Det er eit stort informasjonsbehov for å løyse denne utfordringa òg. Innspel frå Fylkesmannen: Dette er eit arbeid der alle kan bidra men vi treng informasjonsgrunnlag for å bidra til formidling mot kommunane. IMDi kjem til FMSF si samling for kommunane 16.-17. desember. Bufetat gjer det dei kan. Møte i desember for fosterheim, treng òg fleire bufellesskap. Fylkesmannen Verjemål: Fylkesmannen skal oppnemne representant og verje, lærer opp desse. Det har kome relativt mange mottak på kort tid i fylket. Så langt har det gått greitt med rekruttering, mange gode tilbakemeldingar. Har nok verjer pr. dags dato. Må snu seg raskt dersom det vert fleire EMAmottak. Bruk av fri rettshjelp kjem til å auke Rettleiing og tilsynsansvar (m.a. barnevern, introduksjonslova og helse) Hatt to telefonmøte med kommunane i samband med kartlegging av innkvartering. Der har det kome spørsmål om andre tema som Fylkesmannen har kanalisert vidare. Fylkesmennene sitt arbeidsutval har hatt møte med nasjonalt nivå i UDI, Bufetat, DSB og IMDi. Det blir jobba med å få på plass ei informasjonspakke, og Fylkesmannen bidreg med å samle spørsmål frå kommunane inn i dette arbeid. Det har òg kome forslag om online rettleiarteneste for kommunane, og dette innspelet er meldt vidare. Statusmøte (lync) med UDI, Hdir, IMDi og Udir kvar veke Kjem til å ha merksemd på busetjing, t.d. opplæringa av nye folkevalde og i plannettverk (korleis få temaet inn i kommunalt planarbeid) Tolketenester kan bli ei utfordring framover. o Fylkeslegen: godkjenning m.o.t. helsekompetanse o Fylkeskommunen: Innkjøpsavdeling arbeider for tida med rammeavtale for tolketenester o Helse Førde: ser det som ein slags unntakstilstand, må finne alternative/forenkla løysingar. Viktig å ivareta pasienten sine interesser, teieplikt osv. o IMDi: det er ikkje nok tolkar, og det er allereie tilrådt å ta inn ekstra plassar på tolkeutdanninga, jobbar med å auke opp på sikt o UDI: fungerer stort sett greitt med ringetolk. Brukar òg tolkeassistentar (ressurssterke bebuarar på mottaka som kan vere mellommenn på enklare/praktiske ting). Opplever nokre problem, har meldt dette til IMDi som har ansvar for tolkeportalen. o Politiet: meir utfordrande å få tak i tolk no Politiet Politiet har ei tredelt rolle; o Registrere asylsøkjarar som kjem direkte (normalt 2-3 personar i året, og så langt ser ikkje det ut til å auke) o Forvaltning; effektuere vedtak, behandle opphaldsdokument m.v. o Politimessige oppgåver (orden, etterforsking). Må leggje til grunn at det vert med asylsøkjarar som med folk flest; nokre (få) vert ei utfordring Det er viktig at politiråda fungerer. Dei vil vere ein god arena for kommunane å ta opp tema undervegs og tenke førebygging Politiet lagar planverk for ulike scenario. Innspel frå Fylkesmannen til politiet: Fylkesmannen har vidareformidla scenarioanalyse (laga av DSB) til kommunane. I metodeskildringa vert det lagt til grunn at kommunane òg bør involvere politiet. Sender informasjon om dette til politiet. Innspel frå UDI: Helseføretak og politiet er alltid med når det vert tatt avgjerd om nye mottak.

4/6 NAV Den viktigaste oppgåva er å få dei som skal busetjast ut i arbeid. Veldig viktig å ta godt i mot dei som kjem, få til arbeidsretta introduksjonsprogram, få lære mest mogleg norsk dei to åra dei har undervisning. Ønskjer gjerne å få vere med inn i introduksjonsprogramma, og ha eit godt samarbeid med Fylkeskommunen (som prosjekt i Gloppen - helsefagarbeidarar) Uroa for at mange vil bli gåande lenge på «tomgang» før dei får fylt livet med innhald Regionalt partnarskapsmøte, dialog med rådmenn mfl., interessante og krevjande diskusjonar. Får større handlingsrom frå 2016; kan tilby norskopplæring og opplæringsløp for mange fleire enn før. Frå 2016 kjem òg ei ungdomssatsing med eit toårig kvalifiseringsløp. Prosjekt som i Gloppen (helsefagutdanning) hadde ikkje kome i gang utan NAV. Vil prioritere denne type opplegg framover. Ønskjer langsiktige gode løysingar. Innspel frå fylkeskommunen til NAV: ser positivt på at det vert «mjukt opp» rundt midlar. Fleire bransjar skrik etter arbeidskraft, ønskjer at nokon tek ei koordinerande rolle inn i bransjane for å sjå kva som blir behovet framover. Aldersgruppa 21 25 år står utan rettar, må vente til dei blir 25 år før dei kvalifiserer seg til VGS, vil sjå kva som kan vere mogleg å få til. Fylkeskommunen Tannhelse: lovpålagte tenester EMA (til 18 år). God kontroll, godt samarbeid med verjemål hjå Fylkesmannen. Alle som ikkje er innanfor prioriterte grupper har rett til akutt behandling. Ser at det vil bli eit behov for tannhelsesekretærar grunna stort tal tilsette i aldersgruppa over 60 år. Har tidlegare hatt samarbeid med NAV om arbeidsinnvandring for tannlegar. Opplæring: rett til opplæring etter over tre månader i mottak. Viktig å få varsel i god tid om dei det gjeld. Har nokre utfordringar knytt til skyss. Godt samarbeid mellom kommunar og vidaregåande skular. Det gjeld t.d. i Høyanger, der norskopplæringa held til på den vidaregåande skulen. Det er positivt å legge slik opplæring til eit miljø med meir vaksne personar. Viktig med god/rett vurdering av grunnskuleopplæring eller vidaregåande opplæring for den enkelte, språklege ferdigheiter avgjerande. Fylkeskommunen kan eventuelt vere med og finansiere grunnskuleopplæring. Får ikkje tilstrekkeleg og tidleg informasjon/oversikt. Kanskje er ikkje skillet mellom grunnskule og vidaregåande opplæring er klart nok for mottaka. Innspel frå UDI til fylkeskommunen: UDI vil gjerne ha konkret informasjon om kva kommunar og mottak det gjeld, slik at dei kan ta tak i dette. Husbanken Ulike tiltak i samband med busetjing av flyktningar. Husbanken har årlege oppfølgingsmøte med kommunar med kommunar som deltek i bustadsosialt velferdsprogram, i år deltek òg IMDi i alle, og Fylkesmannen ved høve. Ser på korleis dei kan støtte/hjelpe kommunane o Gjennomgang av eksisterande bustadmasse, nye bustader, startlån, tilskot til etablering m.m., for å auke gjennomstrøyming i eksisterande bustadmasse. o Må sjå meir på korleis ta i bruk private bustader, vil prioritere busetjing ved t.d. tilskot til utleigebustader Snakke meir med kommunane om bufellesskap for EMA

5/6 Vurdere fordeling av tilskot til utleigebustader mot oppmodingar om busetjing som IMDi sender ut til kommunane Innspel frå UDI til Husbanken: svært mange ledige bygg som dukkar opp i prosessane. UDI oppmodar utleigarar om å kontakte kommunane direkte. Dersom UDI får systematisert listene, og ser alternativ som kan eigne seg til busetjing, kan det verte ei kjelde til moglege bustader. Fylkesmannen oppmoda UDI om å formidle oversikt til kommunane og la vidare arbeid vere opp til dei. Helse Førde Ser at det kan bli utfordringar med kapasitet, utan å ville hause opp situasjonen. Viktig å få god info, t.d. kor mange skal ha røntgenundersøking Har røntgenutstyr fire stader i fylket, vil bruke alle desse. Undersøke denne gruppa pasientar på slutten av dagen i puljar. Oppteken av smittefare på mottak der folk bur tett. Skal lage retningslinjer saman med kommunehelsetenesta, ønskjer å ha med fylkeslegen Ønskjer elektronisk registrering frå første kontakt med helsevesen Rapportering kvar dag til Hdir, men saknar informasjon tilbake (har fått det frå UDI) Handtering i beredskapslinja (føretaksleiing + beredskapssjef), har fagutval som gir råd Samordnar og hentar kompetanse/erfaring frå dei andre føretaka Migrasjonshelseseminar i Flekke (UWC) 26. og 27. januar 2016 3. Regional samhandling framover Fylkesmannen har etablert eiga side på fylkesmannen.no/sfj o Kan vidareformidle informasjon relevant for fylket o Lenker til relevante sider hjå ansvarlege etatar der det ligg oppdatert informasjon UDI får kanskje låne ein ressurs frå Fylkesmannen i Hordaland som skal ha merksemd på informasjon Jamlege møter framover mellom Fylkesmannen og kommunane o Informasjon frå andre etatar kan formidlast her o UDI kan delta på denne type møte o IMDi, Bufetat og Husbanken vil kunne vere aktuell etter kvart Regionale samlingar, KS-konferanse, eigne samlingar osv. Snakke kvarandre si sak KS minna om sin kanal ut til kommunane òg Videomøte sparar mykje reisetid, det fungerer greitt sjølv om det ikkje er ideelt. Dei som ser at det kan vere trong for møte må kontakte Fylkesmannen, som kan rigge møteplass Anne Eide/referent

6/6 Deltakarar i møtet: Fylkesmannen: Anne Karin Hamre, Haavard Stensvand (fylkesberedskapssjef), Jacob Andersen (fung. fylkeslege), John Ole Vange (utdanningsdirektør), Henriette Klingenberg (verjemål), Heidi Sandvik (miljøavd./plangruppe), Eline Orheim (beredskap), Anne Eide (beredskap), Magne- Bjarte Hatlem (stab) KS: Jenny Følling, leiar KS (fylkesordførar) Fylkeskommunen: Clara Øberg (konst. direktør tannhelsetenesta), Tor-Einar Holvik Skinlo (ass. Fylkesdirektør opplæring) NAV: Sara Johnsborg (leiar tenesteutvikling) UDI: Atle Berge (regiondirektør) IMDi: Bente Blytt (regiondirektør) Bufetat: Marianne Kildedal (avd.leiar) og Øistein Søvik (regiondirektør) Husbanken Siri Erdal (avd.dir øknomiske verkemiddel) og Ane Mengshoel (bustadsosialt arbeid) Politi Ronny Iden (Politimeister) Sissel Furesund (Utlendingsforvaltning) Helse Førde Terje Olav Øen (beredskapssjef)