Rettleiar til Partiportalen for kommune- og fylkesparti (også fylkesungdomsparti) Versjon 1.6 Oppdatert august 2017 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Innhald 1. OM PARTIPORTALEN... 2 2. INNLOGGING FØRSTE GONG... 2 3. REGISTRERE NY BRUKAR OG SØKJE OM ROLLE... 3 4. REGISTRERING AV NYTT PARTI/NY ROLLE... 4 5. SØKJE OM PARTISTØTTE... 5 6. STADFESTE/OPPDATERE PARTIINFORMASJON... 8 7. LEGGE NED PARTI... 9 8. SØKJE OM FLEIRE ROLLER... 11 9. GODKJENNE ROLLER FOR ANDRE PARTI... 11 10. EKSPORTERE UTBETALINGSINFORMASJON OG PARTIDETALJAR TIL EXCEL... 12 11. FORKLARING PÅ STATUSINFORMASJON... 13
1. OM PARTIPORTALEN Partiportalen er ei nettbasert løysing der alle registrerte politiske parti kan søkje om statleg partistøtte for heile valperioden. Det er Fylkesmannen som behandlar søknader frå kommuneog fylkespartia. Dette gjeld også ungdomsparti på fylkesnivå. Også felleslister som er samansette av to eller fleire registrerte politiske parti, kan søkje om tilskot. Partia søkjer ein gang for heile valperioden. Døme: Eit parti søkjer det første året i valperioden og søknaden gjeld for alle fire åra i valperioden. Men partiet må bekrefte(stadfeste) konto- og adresseopplysningar i det andre, tredje og det fjerde året før utbetalinga skjer i desse åra. Endringar i konto- og adresseopplysningar for partiet må elles oppdaterast fortløpande. Alle som søkjer om partistøtte og stadfestar/oppdaterer partiopplysningar, må logge seg på Partiportalen via ID-porten. INNLOGGING FØRSTE GONG Innlogging i Partiportalen: http://www.partiportalen.no Klikk på knappen Her kan du velje kva måte du vil logge inn på. Dersom du ikkje tidlegare har brukt tenesta, kan du klikke på Hjelp til innlogging. 2
Her kan du bestille kodar for dei ulike tenestene. Første gong du loggar inn på portalen må du lese og godta brukarinstruksen for Partiportalen (trykk OK nedst på sida). Hugs at du etter 30 inaktive minutt må logge inn på nytt. 2. REGISTRERE NY BRUKAR OG SØKJE OM ROLLE For å få tilgang til Partiportalen må du registrere deg som brukar. Namnet ditt kjem automatisk opp når du har logga deg inn via ID-porten. Legg inn telefonnummer og e-postadresse. Vel rolle: Alt etter om du vel rolle kommuneparti/fylkesorganisasjon/fylkesungdomsorganisasjon, vil du få opp ulike alternativ. Trykk Send søknad om rolle. NB! For nyoppretta parti som ikkje kjem opp under val av partilag, gå til punkt 3 (Registrering av nytt parti/ny rolle), for å komme vidare i Partiportalen. For å sende søknad: Klikk på - Send søknad om rolle Merk: På denne sida kan du seinare endre telefonnummer og e-postadresse. Klikk på Oppdater etter endringane er lagt inn. Når rolla di er godkjent, får du ein e-post med lenke til innlogging. 3
3. REGISTRERING AV NYTT PARTI/NY ROLLE Vel rolle/fylke Dersom ikkje partiet kjem opp i lista under partinamn, vel Nytt partilag I det nye bildet som kjem opp, vel Partiorganisasjon: i nedtrekksmenyen. Skriv inn partinamn. Dersom du ønskjer å legge inn t.d.referat frå stiftelsemøte, trykk på knappen Last opp (NB! Vedlegget må tidlegare vere lagra i PDF for at du kan laste det opp). 4
Trykk Send søknad om rolle Når rolla di er godkjent, får du ein e-post med lenke til innlogging for å søkje om partistøtte/oppdatere partiinformasjon. 4. SØKJE OM PARTISTØTTE For at ditt parti skal få utbetalt statstilskot må følgjande krav vere oppfylte: Partiet må ha rapportert om økonomi til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan fastsett frist. Bruk nettstaden partiportalen for å finne informasjon om dette temaet. Eit parti må søkje om statstilskot ein gong i løpet av valperioden. Deretter må partiet stadfeste partiopplysningane kvart år for å få årleg utbetaling (Partilova 13 pkt. 5) Partiet må ha delteke i siste kommuneval og fått minst éi stemme Dersom partiet ikkje har søkt om støtte for valperioden: Klikk på Søk partistøtte 5
Partiinformasjon kjem opp automatisk. I tilfelle partiet ikkje er aktivt lenger kan ein også søkje om å legge ned partiet. 6
Trykk Neste Registrer Partiinformasjon Trykk Neste Partileiarinformasjon Trykk Neste Kontaktinformasjon Trykk Neste Kontoinformasjon Trykk Neste Kontroll sjå over registrert informasjon Trykk Send inn Du har no søkt om partistøtte for heile valperioden. NB! Fylkesparti kan søkje om partistøtte for eigne kommuneparti og fylkesungdomsparti. Vel parti under «Finn parti» og gjenta prosedyren ovanfor. 7
5. STADFESTE/OPPDATERE PARTIINFORMASJON Partiet må stadfeste partiinformasjon minst ein gong i året for å få utbetalt partistøtte. Dette er same spørsmål/skjema som når ein søkjer om statstilskot. Logg inn på portalen (som vist i punkt 2) og trykk på knappen Oppdater /bekreft Her kontrollerer du alle partiopplysningar, og registrerer endringar. Trykk SEND INN. E-post med søknadskvittering blir sendt til søkjar og partileiar. 8
SØKJE OM PARTISTØTTE/STADFESTE PARTIINFORMASJON FOR ANDRE PARTI Fylkespartiet har oversikt over alle sine parti i eige fylke og kan søke/stadfeste for dei dersom dei ynskjer det. Når du opnar fana Saksbehandling får du opp ei liste over partia med følgjande symbol: Partiet har søkt og Fylkesmannen har godkjent søknaden Partiet har søkt, og søknaden er til behandling hjå Fylkesmannen Partiet har ikkje søkt eller bekrefta partiopplysningar Klikk på Parti-ID for å sjå detaljar om partiet. Du får no opp same skjermbilde som i starten på dette kapittelet (Pkt. 6). Her kan du søkje/bekrefte partiopplysningar for partiet ved å trykke på knappen Oppdater /bekreft 6. LEGGE NED PARTI Når eit parti ikkje er aktivt eller nedlagt, bør partiet merkast som nedlagt i Partiportalen. Trykk på knappen Oppdater/bekreft 9
I neste skjermbilde, hak av i boks Søke parti nedlagt og deretter Neste Trykk Neste og SEND INN 10
7. SØKJE OM FLEIRE ROLLER Av og til er det skifte av dei personane som har rolle/ansvar for eit parti, t.d. ved val. Fylkespartiet må passe på at ny person søkjer om rolle for partiet og må dessutan melde frå til Fylkesmannen (via e-post) at førre person si rolle vert avslutta. Kommunepartiet må passe på at ny person søkjer om rolle for partiet og dessutan melde frå til fylkespartiet (via e-post) at førre person si rolle vert avslutta. Fylkesparti har automatisk rolle som kommune- og fylkesungdomsparti. Dersom eit fylkesparti treng ei rolle for andre fylke, må det sendast inn søknad for kvart fylke. Klikk Administrasjon i øvst i portalen og vel Ny rolle i nedtrekksmenyen Du kjem deretter inn på sida Registrering av ny rolle For registrering av ny rolle, sjå forklaring i punkt 3. 8. GODKJENNE ROLLER FOR ANDRE PARTI Fylkesparti kan godkjenne søknad om roller frå kommuneparti. Dersom du har rolle som fylkesparti, er det du som får førespurnader om roller frå kommunepartia. Har du roller som skal godkjennast, vil det stå ei raud fane øvst i portalen med teksten: «Du har ubehandla rolleforespørsler. Klikk her for å behandle.» 11
Vel Godkjenn for å godkjenne rolla til kommunepartiet. Godkjende rollar viser att i tilgangsoversikta. 9. EKSPORTERE UTBETALINGSINFORMASJON OG PARTIDETALJAR TIL EXCEL Under fana «Saksbehandling» får du opp oversikt over alle partilaga. Knappen Utbetalingsinfo eksporterer til Excel opplysningar om utbetaling (viser berre dei partia som har fått utbetalt støtte). Knappen Partidetaljar eksporterer partiopplysningar for fylkespartiet og alle kommunepartia. 12
10. FORKLARING PÅ STATUSINFORMASJON Fylkesmannen (FM) Godkjent Avslag Ubehandla SSB (Statistisk sentralbyrå) Rapportert Erklæring Ubesvart Nedlagt Nyoppretta Partilovnemnda (PLN) Varselbrev pga. manglande rapportering Varselbrev pga. manglande signatur Ingen merknad Henleggelse Tilbakehald Vedtak om formell åtvaring Søknaden er godkjent Søknaden er avslegen Søknaden er ikkje behandla Partilaget har sendt inn rapport innan fristen Partilaget har sendt inn erklæring Partilaget har ikkje sendt inn rapport/erklæring Partilaget er nedlagt Partilaget er nyoppretta Partilaget har ikkje rapportert til SSB innan fristen Rapport/erklæring manglar signatur Partilaget har sendt inn rapportering/erklæring innan fristen Partilaget har fått varselbrev pga. manglande rapportering mm, men saka er lagd bort. Partilaget får utbetalt partistøtte. Partilaget har ikkje sendt inn rapportering/erklæring og får ikkje utbetalt støtte for kommande år. Partilaget har fått åtvaring pga. manglande signatur ved rapportering til SSB. Sist registrerte status har utheva skrift. 13