Postboks BREMNES. Besøksadresse: Leitedåvane 8. Tlf: 5730 E-post: hfk.no. Heimeside:

Like dokumenter
Postboks BREMNES. Besøksadresse: Leitedåvane 8. Tlf: fax: E-post: hfk.no. Heimeside:

Skuleåret 2017/2018.

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Elevpermisjonar. Retningsliner for søknad om permisjon frå grunnskuleopplæringa

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Foreldremøte 19. september 2018

ORDENSREGLEMENT FOR KAUPANGER SKULE

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Skulens tiltak for å styrke elevars psykiske helse

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Dersom reglane blir broten, kan det få konsekvensar for den det gjeld.

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Informasjon om Sør-Fron ungdomsskule. Skuleåret

SAMARBEID HEIM OG SKULE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Internasjonal vidaregåande skule

Foreldremøte hausten Fråvær. Vurdering. Varsel. Eksamen. Dokumentasjon. Klagerett.

Skulereglement for Sogn Jord- og Hagebruksskule

Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule

Vedteken av kommunestyret i Samnanger i sak 54/13 den Forskrift om ordensreglement for skulane i Samnanger

Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova: Kapittel 5. Klage på vurdering

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Vedtatt i Skulemiljøutvalet

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

ORDENSREGLEMENT FOR ELEVAR

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULEN I SVEIO KOMMUNE

Plan for overgangar. for barn og unge

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår.

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Sirdal kommune Skuleeininga

Hefte for foreldrekontaktar

- Retningslinjer for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

10. trinn. Foreldremøte

Regelverk og rutinar. Frammøte, varsel, eksamen, dokumentasjon, klage på vurdering

Foreldremøte Harøy skule Vel møtt!

Forskrift til ordensreglement for grunnskulane i Skodje kommune

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018

ORDENSREGLEMENT. Ordensreglement for Tryggheim Strand

Ordensreglement. Bremnes ungdomsskule

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Samarbeid heim skule i Skodje kommune

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Til deg som bur i fosterheim år

HANDLINGSPLAN FOR arbeid med skulemiljø ved Stord vidaregåande skule

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

REGLEMENT OG RETTLEIING FOR EKSAMINANDER

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

Forskrift til opplæringslova

Trafikksikringsplan Hillestveit skule

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Plan Frå førskulealder til vidaregåande skulegang. for alle overgangane i opplæringsløpet. i Nissedal kommune

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

God klasseleiing og kontinuerleg arbeid med klassemiljøet gjennom ulike tiltak er viktige førebyggande faktorar.

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

ORDENSREGLAR VED SVILAND SKULE OG SFO

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

B Del 1 For elev med IOP i enkelte eller alle fag/ full kompetanse Kontaktlærar fyller ut

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

Forskrift om ordensreglement for skulane i Austevoll

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Rådgjevarkonferanse 2009

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

LÆRING FOR LIVET Ordensreglane i Bergen kommune, Salhus skule:

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag

Temakveld - rus. Vel møtt, til skulens første russeminar for føresette (?).

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Transkript:

Postboks 163 5445 BREMNES Besøksadresse: Leitedåvane 8 Tlf: 5730 E-post: post.bov@ hfk.no Heimeside: http://www.hordaland.no/nn-no/skole/bomlovgs/ 1

Kjære elev! Vel møtt til nytt skuleår der du kan oppleva læring, meistring og utvikling i samspel med andre! I dette heftet har me samla ein del viktig informasjon om Bømlo vidaregåande skule. Her skal du kunna finna svar på mange av dei spørsmål du måtte ha om saker som gjeld skulen, undervisninga og skulesamfunnet generelt. Det gjeld både rettane og pliktene dine som elev, så vel som praktiske ordningar i skulekvardagen. Me ventar av deg at du held deg orientert på It`s Learning, SkoleArena og elles på skulen si heimeside. Det er viktig at du gjennom skulegangen får utfordringar som du meistrar og som du vil veksa på; at du tileignar deg kunnskapar og kompetanse og når læringsmål i faga. Du skal vita at skulen har forventningar til deg, til at du møter fram og aktivt deltek i ditt eige læringsarbeid. Det kan vera avgjerande for karaktergrunnlaget og for framtida di. Bømlo vidaregåande skule er i mange samanhengar blitt karakterisert som ein miljøskule, både sosialt og fysisk. Me er kjende for å ha eit inkluderande miljø, og ønskjer meir enn nokon gong å leva opp til det gode omdømet. Me trur òg at arbeid med skulen sitt fysiske miljø kan verka samlande og vera viktig for våre målsettingar om haldningar og trivsel. Du vil møta ein skule der det er velstelt både inne og ute. Me ønskjer at du både skal læra, og at du skal oppleva tryggleik og trivsel som elev hos oss - og at du sjølv vil spela ein aktiv rolle i skulesamfunnet. Bømlo vidaregåande skule, august 2017 Asbjørn Mæland rektor 2

VERDIAR OG HALDNINGAR Verdiar og haldningar som bør verjast og vernast om ved Bømlo vidaregåande skule Me ønskjer ein skule som er kjenneteikna ved: at me respekterer kvarandre at det er eit godt forhold prega av samarbeid mellom elevar og tilsette at det er godt samarbeid på tvers av klassar og programområde at alle godtar at det er visse reglar og normer som må følgjast at alle er villige til å ta ansvar at me er flinke til å gje ros og respons til andre at både elevar og lærarar er presise og punktlege og til å stola på at alle kjenner seg trygge og aksepterte at det er eit godt sosialt miljø som både elevar og tilsette tek del i 3

UTDANNINGSTILBODA VED BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE 2016-17 Studiespesialiserande utdanningsprogram: Programområde for studiespesialisering Vg1,Vg2,Vg3 Påbygging for elevar frå yrkesfaglege studieprogram Vg3 Yrkesfaglege utdanningsprogram: Programområde helse og sosialfag Vg1 Helse- og oppvekstfag Vg2 Barne-og ungdomsarbeidarfag Vg2 Helsearbeidarfag Programområde for service og samferdsel: Vg1 Service og samferdsel Vg2 Sal, service og tryggleik Arbeids-og kvardagslivstrening Realkompetansekurs for vaksne i Sjømatproduksjon og Sal-service og tryggleik. Skuleåret 2017-2018 vil det vera omlag 270 elevar ved Bømlo vidaregåande skule på dagtid i tillegg kjem delkurselevar i ulike fag. SKULESKYSS Sjå skulen si heimeside. Du får utdelt midlertidig Skysskort første skuledag. REGISTRERINGSSKJEMA blir utdelt ved skulestart LÆREBØKER/LÆREMIDDEL I utgangspunktet gratis. Dersom elevar bruker mykje utanom det naudsynte, kan skulen krevja ein eigendel. KOPIERING/UTSKRIFTER Sjå It`s Learning: Fellesrom/IKT/info/utskrift PC-ORDNINGA Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan få rimelegare PC gjennom Hordaland fylkeskommune når du skal kjøpe datamaskin. Kontaktperson: IKT-konsulent Itslearning It s Learning brukast til å sende interne meldingar og som informasjonskanal for skolen. Du loggar deg inn på It s Learning (Feide pålogging) via www.skoleportalen.no eller skulen si heimeside. På startsida finn du m.a. oversikt over dei faga du er medlem av, òg liste over gjeremål og dagens aktivitetar SkoleArena Her kan du sjekka fråveret ditt, karakterane dine og evt merknader. Frå ITs Learning kan du kopla direkte over til Skolearena utan ny innlogging. 4

LÅNEKASSE Hugs å søkje om utstyrsstipend! Kva er utstyrsstipend? Informasjonen nedanfor er gitt av Lånekassen ( http://www.lanekassen.no/vg ) Utstyrsstipend er pengar til nødvendig individuelt utstyr som du treng i opplæringa, for eksempel til kalkulator, kokkeklede eller idrettsutstyr. Alle elevar med ungdomsrett får utstyrsstipend frå Lånekassen. Utstyrsstipendet varierer mellom 910 kroner og 2 910 kroner for heile skoleåret. Kor mykje pengar du får, er avhengig av kva utdanningsprogram du tek, sjå lanekassen.no/utstyrsstipend. Slik får du pengane frå Lånekassen 1. Du får opptak til skoleplass og takkar ja. 2. Du søkjer frå lanekassen.no. eller vigo.no. Bruk søknaden om stipend og lån til vidaregåande opplæring. 3. Du følgjer søknaden steg for steg på Dine sider på lanekassen.no. 4. Du får SMS/e-post når søknaden er ferdigbehandla. 5. VENT Det tek minst ei veke frå du får svar frå Lånekassen, til du kan hente stipendmeldinga/gjeldsbrevet på skolen. 6. Du hentar stipendmeldinga/ gjeldsbrevet på skolen. 7. Du skriv under på stipendmeldinga/gjeldsbrevet - dersom du er under 18 år må både du og ein av foreldra dine skrive under. 8. Du sender stipendmeldinga/gjeldsbrevet tilbake til Lånekassen. Klipp av svarslippen, ikkje send inn heile brevet. Hugs frimerke. 9. VENT Det tek ca. ei veke frå Lånekassen får stipendmelding/gjeldsbrev med underskrift frå deg, til pengane er på kontoen din. Hugs at du må stå som eigar av kontoen. Visste du at når du sender søknaden, sjekkar Lånekassen automatisk om du kan ha rett til andre stipend i tillegg stipend er pengar du får, og som du ikkje treng å betale tilbake Følg Lånekassen på Facebook Lånekassen har ei eiga side på Facebook for deg som er elev på vidaregåande. Sjekk facebook.com/lanekassen.vgs. 5

FRITAK FOR FAG Elevar som har godkjent einskildfag frå tidlegare kurs, eller av andre grunnar søkjer om fritak for fag, skal søkja til rektor. Dette må gjerast så tidleg som råd i skuleåret. For Vg3 Påbyggelevar som har fagbrev gjeld spesielle reglar. Snakk med kontaktlærar eller avdelingsleiar. Sjå elles skjemasamling bak i dette heftet. NÅR DU TRENG HJELP OG RETTLEIING Kontaktlæraren din er den som skal vera din næraste tillitsperson på skulen. Han/ho samarbeider med andre faglærarar og fagpersonar for å koordinera opplæringa di. Også andre i skulesamfunnet kan vera til hjelp når du treng det. Du kan ta direkte kontakt eller spørja i resepsjonen i 3.høgda etter personane du vil ha kontakt med. Døme på sak/spørsmål/problem: Fagvanskar Fagval Fritak for fag Eksamen Klage eksamen Klage standpunkt Utanlandsopphald/utvekslingselev Yrkesval/informasjon om vidare utdanning Lånekassen Skyss Personlege problem/helseproblem/problem i fam. Dersom du tenkjer på å slutta Når du er bekymra for medelev Samarbeidsproblem elev/klasse/lærar Forslag som gjeld skulemiljø, aktivitetar o.a. elevsaker. Digitale hjelpemiddel, lån av foto- og videokamera Desse kan du ta kontakt med: Faglærar Kontaktlærar Rådgjevar Faglærar Kontaktlærar Avdelingsleiar Rådgjevar Kontaktlærar Avdelingsleiar Rektor Ass. rektor Ass. rektor Rektor Avdelingsleiar for studiespesialisering Rådgjevar Rådgjevar Elevinspektør Sjå www.lanekassen.no Klikk på Dine sider. Kontoret, rådgjevar Kontoret Kontaktlærar Rådgjevar Skulehelsetenesta Rådgjevar Kontaktlærar Rådgjevar Skulehelsetenesta Faglæraren det gjeld Klassetillitsvald Kontaktlærar Rektor Klassetillitsvald Elevinspektør IKT-konsulent 6

Me ber alle elevar og føresette studera skulereglementet grundig, og setja seg inn i kva slags konsekvensar fråver frå undervisning og prøvar kan medføra. FORSKRIFT OM FELLES ORDENS- OG ÅTFERDSREGLEMENT VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I HORDALAND FYLKESKOMMUNE http://www.hordaland.no/nn-no/skole/bomlovgs/rettar-og-reglar/?id=15431 (sjå skulen si heimeside) TILLEGG TIL SKULEREGLEMENT FOR BØV Parkering Du kan parkera bil på elevparkeringsplassen aust for skulebygget (ved verkstadbygg/ UFObygg ). Parkeringsplassen ved kantineinngangen er for personalet og skulen sine gjester. Plassen framfor skulen (vestsida) er ikkje parkeringsplass for bilar, unntatt etter avtale. Elevturar, ekskursjonar og utplassering Dersom det i tilknytning til undervisninga vert arrangert elevturar, ekskursjonar eller utplassering, har skulen same ansvar for deg som i ordinær undervisning på skulen sitt område. Du må retta deg etter skulereglementet og dei instruksane du får hos læraren din. Tidspunktet mellom avreise og heimkomst er å sjå på som kontinuerleg skuletid. Ved reiser til utlandet skal kvar elev som reiser underteikna kontrakt og følgja det spesielle regelverket som gjeld for desse. Slike turar skal godkjennast av opplæringsdirektøren, og det skal arrangerast informasjonsmøte for foreldre / føresette før turen. ( sjå elles vedlegg om gjeldande regelverk for ekskursjonar / utplassering). Kantine, mat og drikke Du kan ha med nistepakke eller kjøpa mat i kantina. Du skal sjølv rydda etter deg ved å kasta matpapir og anna emballasje i bosskorgene. Brukte tallerkar, krus etc., som tilhøyrer kantina, skal du setja på tilvist plass etter bruk. Dersom du et på andre stader enn i kantina, skal du sjølvsagt også rydda etter deg. Bømlohallen Kafeteria A/S har ansvar for drifta av skulekantina. Me oppmodar alle, både elevar og tilsette, om å respektera reglane som gjeld for kantina og kantineområdet. Gruppa med ryddeansvar skal kvar dag, og særleg etter matpausen, kontrollera at det er orden i kantineområdet. Dersom dette ikkje er tilfelle skal desse elevane rydda vekk ting som ligg utover bord, stolar og golv. Kontaktlærar lagar ansvarsliste, der to elevar har dette oppdraget kvar dag. Undervisningsrom/fellesareal/uteareal Eit reint og ryddig areal skapar trivsel for alle i skulesamfunnet. Elevane har også ansvar for at det er orden i undervisningsromma (sjå eige reglement). I fellesarealet, til dømes korridorar, Fuglaberget og på biblioteket, skal kvar einskild elev ta ansvar for å rydda opp etter seg, setja ting på plass og kasta avfall på rett stad. Kvar veke har ei gruppe som si oppgåve å rydda rundt skulebygget, langs gangstien til Idrettshallen og i fellesareal inne. Kontaktlærar ser til at oppdraget er skikkeleg utført og kvitterer for dette på ryddelista. Vis omsyn og rydd opp etter deg, slik at du ikkje lagar ekstraarbeid for andre. GENERELLE ORDENSREGLAR I UNDERVISNINGA Alle skal ha med seg nødvendig undervisningsmateriell og anna nødvendig utstyr Du skal spørja om løyve dersom du må forlata undervisninga Timefråver skal varslast på førehand til faglærar eller kontaktlærar Det er frammøteplikt til alle prøvar. Du kan ikkje rekna med at det vert arrangert ny prøve dersom du har vore borte Du skal bidra til at det er arbeidsro i timane 7

Du skal møta presist til timane Fristar og avtalar skal haldast Det skal vera orden også i fellesareal og utanfor skulebygningen Du skal visa god oppførsel, dette gjeld òg språkbruk. Mobiltelefonen skal vera avslått i timane, på prøvar og under eksamen Høyretelefonar eller anna personleg datautstyr i timane kan berre brukast dersom faglærar gjev løyve til det REGLEMENT VED BRUK AV PC I UNDERVISNINGA Sjå heimesida frå Hordaland Fylkeskommune om PC-ordninga: http://www.hordaland.no/nn-no/utdanning/vgs/elev-pc/ Faglærar legg føringar for bruk av PC i undervisninga Bruk av program/applikasjonar/maskinvare som ikkje inngår i undervisninga er ikkje tillate Brot på reglement.et fører til åtferdsmerknad. ORDENSREGLAR FOR UNDERVISNINGSROM Eleven Alle elevar har ansvar for at det er god orden i klasserommet ved prøve har elevane ansvar for å setja pultane enkeltvis, med god avstand, før prøven tar til når ein klasse/gruppe forlèt klasserommet, skal pultane plasserast slik som dei stod i utgangspunktet du skal rydda pulten din og nytta det låsbare skapet ditt til personlege eigedelar (PC, bøker,vassflasker o.a.) du skal ta fat, koppar og glas attende til kantina, vasskokar/kaffitraktar er ikkje tillete på klasseromma for å letta reinhaldet skal ranslar/vesker o.l setjast opp på stolane når du forlèt rommet mellombels for minst ei undervisningsøkt inventar og utstyr skal brukast med omtanke, og lånt utstyr skal leverast attende på rett stad, t.d. bøker, fotoutstyr Ordenseleven vaska av tavla etter kvar økt passa på at det er generell orden i klasserommet sørgja for at bosset er oppi bosskorga og er sortert (papir i papirinnsamlingsboksen!) før skuleslutt, syta for at evt. utstyr blir levert attende til kantina syta for at vindauga er lukka og lyset sløkt ved skuleslutt Læraren syta for at det er ei ordenselevordning og sjå til at ordenseleven gjer plikta si ha ansvar for kollektiv opprydding ha ansvar for at pultane er sett opp rett på prøvar og at elevane spreier seg i undervisningsrommet, og at pultane vert sett på plass att. ha ansvar for at utstyr og bøker som er brukt i undervisninga vert sett på plass Dersom eit undervisningsrom over lengre tid er prega av rot og slendrian, kan rommet låsast i friminuttane. 8

Kommersiell marknadsføring / sal Kommersielle marknadsførings- og/eller salsframstøytar retta mot elevane er ikkje tillete på skulen. Unntak er kantinedrift, private utdanningstilbod og prosjekt som skulen støttar, m.a. Løp for livet og barneheims prosjektet, Toro Babies Home i Uganda. VURDERING Vurderingsarbeidet er eit prioritert område i utviklingsplanen vår, og nedanfor finn du lenka http://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/finn-regelverk/etter-tema/vurdering/individuellvurdering-udir-5-2016/ Eleven si plikt til å møta fram og delta aktivt i undervisninga er særleg framheva. EKSAMEN Det er to eksamensrundar kvart skuleår, ein i november/desember og ein i mai/juni. Elevar som ikkje fekk ståkarakter (2 eller betre) ved eksamen, kan melda seg opp til ny prøve gratis ved første påfølgjande eksamensrunde. Dersom ein ønskjer å nytta seg av denne retten, må ein ta sjølv ta kontakt med skulen. Privatistar kan melda seg opp til eksamen to gonger i året. Meldingsfristar: Hausteksamen 15. september, vår eksamen 1. februar Fylkeskommunen har oppretta eige eksamenskontor for å samordna og effektivisera avviklinga av privatisteksamen. Oppmelding for privatistar skal skje elektronisk til fylkeskommunen via Internett. Gå inn på følgjande side: www.hordaland.no/privatist. For meir info. ta kontakt med Eksamenskontoret: Eksamen@post.hfk.no ELEVRÅDET Elevrådet skal arbeida for trivsel og godt samarbeid i skulemiljøet, og ta opp elevsaker og fremja dei for skuleadministrasjonen. Elevinspektøren er elevrådet sin kontaktperson inn til skuleleiinga. Elevrådet er samansett av ein tillitselev frå kvar basisgruppe. Desse vel sjølve eit elevrådsstyre. Styret skal ha leiar, kasserar og skrivar og elles så mange medlemmer som elevrådet vedtek. Skulen inviterer elevrådet med varafolk til dags samling i byrjinga av september. Samlinga er både ein informsjons- og ein planleggingsdag for elevrådsarbeidet i komande skuleår. Der blir det og valt elevrepresentantar til Ungdomsrådet i kommunen, AMU(skulen sitt arbeidsmiljøutval), bibliotekråd og kantineråd. SKULEHELSETENESTA Vil til vanleg vera å treffa kvar onsdag i 3.høgda. Elevane kan òg nytta helsestasjon for ungdom. OT/PPT Bømlo vidaregåande skule er tilknytt OT (oppfølgjingstenesta) og PPT (den pedagogisk-psykologiske tenesta) for Sunnhordland på Stord. OT/PPT er på skulen onsdagar i partalsveker. RESSURSGRUPPA 9

er ei tverrfagleg kompetansegruppe som har eit særleg ansvar for tilrettelegging for elevar som treng det. Gruppa skal og arbeida med førebyggjande tiltak for alle elevar, og for utvikling av eit godt læringsmiljø. Elevinspektør leier gruppa. Ressursgruppa ved Bømlo vidaregåande skule har møte onsdagar. 10

Bømlo vidaregåande skule Ressursgruppa SØKNAD OM STØTTE I FAG Elev/elevar... Ønskje om støtte i faget/faga... Kontaktlærar(underskrift)... Faglærar (underskrift) Kort grunngjeving for søknaden........ Støttebehov (omfang/periode/timar) dato... Elev (underskrift) Handsama i ressursgruppa.. Tilråding... Ansvarleg lærar Kontaktlærar skal skal gje tilbakemelding til ressursgruppa ved leiar når vedtaket er sett i verk Oppstartsdato Vedtak..... Bømlo vidaregåande skule dato rektor 11

Bømlo vidaregåande skule Ressursgruppa SØKNAD OM STØTTE I FAG Dato Aktivitet/emne Underskrift Lærarvurdering av eleven/ane sitt utbytte av tilrettelegginga/støttetiltaka............ Bømlo v.g.s.,.. dato underskrift lærar 12

Bømlo vidaregåande skule Ressursgruppa SØKNAD OM TILRETTELEGGING VED PRØVAR/EKSAMENAR Namn:. fødd. Klasse: Eg søkjer om følgjande tilretteleggingstiltak (sjå baksida av arket):.. HUGS! Du er sjølv ansvarleg for å ha med tilletne hjelpemiddel ved prøvar og eksamenar! Eg legg ved sakkunnig utsegn frå:... dato.. underskrift Tilråding frå ressursgruppa Vedtak:... Bømlo vgs dato rektor 13

RETTLEIING OG SAKSGANG Kontaktlærar tek opp med basisgruppa at det er mogleg å søkja om tilrettelegging, og informerer om kven det kan vera aktuelt for. Kontaktlærarar deler ut søknadsskjema til aktuelle elevar, og kontaktlærar/rådgjevar kan hjelpe til med utfylling av søknaden. Eleven leverer søknadskjemaet saman med sakkunnig utsegn til kontaktlærar. Sakkunnig utsegn kan vera legeattest, utsegn frå PPT, psykolog eller annan fagperson. Kontaktlærar leverer søknadene samla til ressursgruppa ved elevinspektøren. Ressursgruppa handsamar søknadene og gjev tilråding til rektor som tek formell avgjerd. Rektor gjer vedtak, som deretter går til eleven med kopi til kontaktlærar og arkiv. Tilretteleggingstiltaka kan vera: * Forlenga tid med 1 time * Avbroten eksamen * Høgtlesing av oppgåvetekst * Forklaring av oppgåvetekst * Tolking av oppgåvetekst * Munnleg tilleggshøyring * Retteprogram utover standard * Fysisk tilrettelegging (t.d. spesialstol) * Evt. andre tiltak NB! Det er viktig at søknadene kjem tidleg i skuleåret. Eleven skal ha prøvd ut tilretteleggingstiltaka i god tid før eksamen. 14

Bømlo vidaregåande skule Ressursgruppa ELEV-EVALUERING AV STØTTEUNDERVISNING Fag. Lærar Dato Emne Har støtteundervisninga vore slik du venta deg? Forklar. t.d. Kva var du nøgd med? Kva ville du hatt annleis? Bømlo vgs. Dato. underskrift 15

Søknad om fritak frå fag Namn: Fødselsnr: Adresse: Klasse: Kontaktlærar: Eg søkjer med dette fritak frå følgjande fag: Fag Skule og utdanningsprogram År Eksamenskarakter/ standpunktarakter 1. 2. 3. 4. NB! Kopi av vitnemål, karakterbevis eller fagbrev skal følje søknaden. Søknaden er behandla i samråd med kontaktlærer og aktuelle faglærarar. Søknaden om fritak er godkjend i følgjande fag: -------------------------------, -------------------------------, -------------------------------, ----------------------- Søknaden om fritak er ikkje godkjend i følgjande fag: -------------------------------, -------------------------------, -------------------------------, ----------------------- Dato: -------------------------------, Avdelingsleiar: ------------------------------------------ 16

ORGANISERING AV SKULEVEKA, BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE Skuledagen startar klokka 0755 og varer til klokka 1500. *Timeplanen vekslar annankvar veke som ein A-plan og ein B-plan. I begge planane er faga lagt ut på 4 dagar. Kvar dag er delt inn i 5 økter à 70-75 minuttar. Det er lagt inn 10 min. pause mellom kvar økt. Fredag er fagdag, der elevar og lærarar får tid til å arbeida med eitt spesielt fag eller tverrfaglege større opplegg, ekskursjonar, heildagsprøvar eller fellesaktivitetar for heile skulen. T.d. vil eit femtimarsfag få 5 slike fagdagar og eit tretimarsfag 3 fagdagar i året. Elevane har fri dei fredagane dei ikkje har fagdag eller skulen har fellesaktivitetar. Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 0755 0910 0755-0910 0755-0910 0755-0910 Fagdag start 0755 0920 1035 0920-1035 0920-1035 0920-1035 1045 1200 1045-1200 1045-1200 1045-1200 1200-1225 Matpause 1200-1225 Matpause 1200-1225 Matpause 1200-1225 Matpause 1130-1155 Matpause 1225-1335 1225-1335 1225-1335 1225-1335 Fagdag slutt 1320 1345-1500 1345-1500 (1345 1500) 1345-1500 Siste økta kvar onsdag har alle lærarar i full stilling møtetid. Elevar må i størst mogeleg grad leggja sine sjølvdrivne aktivitetar (t.d. Løp for livet og Russearbeid) til denne økta. *Elevane i smågruppene skal ha noko kortare skuledag dels med plan for klassen og dels med individuelle planar. 17