STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF DATO: 21.08.2017 SAKSHANDSAMAR: Brit Pedersen/Jan E. Agdestein SAKA GJELD: Beredskap i Helse Bergen STYRESAK: 68/17 O STYREMØTE: 31.08.2017 FORSLAG TIL VEDTAK 1. Styret tar saka til orientering
Oppsummering Beredskap handlar om å vere førebudd til å takle ulike typar hendingar. Dette fordrar at vi har eit godt planverk og dessutan at planane er kjende på alle nivå i organisasjonen og ikkje minst øvde på. Planverket er ikkje statiske dokument. Planane blir revidert jamleg på bakgrunn av overordna føringar, erfaringar frå reelle hendingar, øvingar og frå ROS-analysar. I denne saka blir ny overordna beredskapsplan og plan for massetilstrømming presentert, dei andre aksjonsplanane er under revisjon. Vi gjer og greie for korleis planane blir implementert. Haukeland universitetssjukehus er den største beredskapsorganisasjonen i regionen. Sjukehuset skal vere førebudd på ulike typar hendingar til ei kvar tid, beredskap er såleis ein integrert del av den daglege verksemda. Beredskap er oftare og oftare sett på dagsorden dei siste åra gjennom mange hendingar som i større eller mindre grad har utfordra beredskap nasjonalt, regionalt og lokalt. Eit godt samarbeid med andre helseføretak, naudetatar, Sivilforsvaret, dei frivillige organisasjonane og kommunane er svært viktig i ein beredskapsamanheng. Dette gjeld både planlegging, øvingar og ved hendingar. Helse Bergen har eit formalisert samarbeid med relevante samarbeidspartnarar. I denne saka orienterer vi om korleis beredskapen er planlagt og bygd opp i Helse Bergen. Fakta Regional helseberedskapsplan gir eit rammverk for utarbeiding av planverk for alle føretaka i Helse Vest. Planen legg føringar for ei einsarta og heilskapleg tilnærming til beredskap i regionen. Beredskapsplanverket for Helse Bergen er operasjonalisert i tråd med regional helseberedskapsplan. Figuren under visar samanhengen mellom nasjonal, regionalt og lokalt planverk. Nasjonal helseberedskapsplan Rammeplan for heile helsetenesta Regional helseberedskapsplan Rammeverk for spesialisthelsetenesta Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane Lokale beredskapsplanar på føretaksnivå Operative beredskapsplanar for aktørane i spesialisthelsetenesta Beredskapsarbeidet bygger på fire prinsipp 1 : Ansvarsprinsippet Den som har ansvar i det daglege har også ansvar i ekstraordinære situasjonar Operative ledd skal om nødvendig styrkast og ikkje erstattast av nye ledd Følgje ordinære varslings- og rapporteringsvegar 1 Lov om helsemessig og sosialberedskap 2
Likskapsprinsippet Den organisasjonen ein opererer med i det daglege skal i størst mogleg grad vere lik organisering under kriser Nærleiksprinsippet Ei krise skal handterast på lågast moglege nivå Samvirkeprinsippet Alle verksemder har eit sjølvstendig ansvar for å sikre best mogleg samvirke med relevante aktørar i arbeidet med førebygging, beredskap og krisehandtering Kommentarar Helse Bergen har det siste året arbeidd med revisjon av beredskapsplanverket i tråd med føringane i Regional helseberedskapsplan. Beredskapsplanane til Helse Bergen byggjer på dei fire nemnde prinsippa og planverket er delt i 3 delar: Del 1: Overordna plan Del 2: Føretaksovergripande aksjonsplanar Del 3: Avdeling/klinikkvise planar Del 1: Overordna plan som gjev overordna operativ styring og organisering av aksjonsfasar Mynde til å setje i verk beredskap Kriterium for iverksetting av beredskap tre trinn: Varsling Automatisk telefonvarsling av beredskapsleiing, prehospitale tenester og avdelingar i Helse Bergen Avdelingane har eigne varslings- og innkallingslister Beredskapsleiinga si samansetning og oppgåvefordeling Frammøte Normaliseringsfase Del 2: Føretaksovergripande aksjonsplanar: Massetilstrømming o Gass - kjemikalieulykker o Atomulykke eller ulykke med radioaktivt materiale 3
Pandemi - epidemiar - smittevernberedskap Psykososiale støttetiltak Pårørandesenter Pressesenter IKT-beredskap Beredskapsplan for handtering av hendingar der eige personell er involvert. Plan for massetilstrømming er revidert som følgje av ny mottaksmodell i sjukehuset, nye areal i Mottaksklinikken og styrking av den regionale traumesenterfunksjonen. Målsettinga er å få ein forenkla beredskapsplan for mottak av pasientar som er generisk og uavhengig av hendelsens karakter. Beredskapsplan for massetilstrømming er masterplan med eigne vedlegg for: Kirurgiske traumar Brannskader Røykskader/gasser uten sanering Kjemikalier/gasser med sanering CBRNE under revisjon Radiologiske skadar Del 3: Avdelingsvise planar: Alle avdelingar og klinikkar skal ha eigne beredskapsplanar som viser dei rolleene dei har i ein beredskapssituasjon. I den samanhengen er det viktig at alle tilsette kjenner til beredskapsplanen som avdelinga har, og at dei er kjende med rolla si når det er ein beredskapssituasjon. Alle avdelingar/klinikkar reviderer sin beredskapsplan i tråd med overordna plan og plan for massetilstrømming. Planverket og andre relevante dokument ligg lett tilgjengeleg på intranettet til Helse Bergen. På grunn av storleiken sin har Haukeland universitetssjukehus (HUS) og god kapasitet til å frigjere plass og ta i mot mange pasientar. HUS er involvert i alle større hendingar i Helse Vest. HUS får pasientar frå grensa mot Vest- Agder i sør til grensa mot Møre og Romsdal i nord. Dette skuldast at HUS har regional funksjon som 4
traumesenter. Som kjent har også sjukehuset nasjonale funksjonar for avansert brannskadebehandling og hyperbar medisin og får såleis pasientar frå heile landet. Tidleg varsling av HUS er derfor nødvendig for medverking i evakueringskjeda og for at rett pasient kjem til rett sjukehus. Vidare har føretaket gode planar for, og erfaring med, å sende ut ekstra utrykkingsteam med legar og anna personell med brei prehospital erfaring. Ved masseskadar med brannskadar kan det også vere aktuelt å sende triageteam (m.a. brannskadekirurg) slik at rett pasient kjem til rett behandlingsstad, anten til HUS, andre sjukehus i Noreg eller til nordiske eller andre internasjonale brannskadesenter. HUS deltar i arbeidet med å lage ein avtale på europeisk nivå om brannskadar. Det er av avgjerande betyding at beredskapsleiingane i føretaka i Helse Vest har tett kontakt. Det er viktig at beredskapsleiingane har oversikt over total kapasitet når det er hendingar av ein viss storleik i Helse Vestregionen. Dette fordrar lik situasjonsforståing og klar oppgåvedeling. Regional beredskapsplan tydeleggjer roller og ansvar ved større hendingar som utløyser behov for hjelp frå andre føretak. Det blir gjennomført regelmessige varslingsøvingar mellom dei ulike føretakta og leiinga i Helse Vest RHF. Helseteam til utlandet Haukeland universitetssjukehus har etablert eit helseteam til innsats ved kriser i utlandet der norske statsborgarar er involvert. Sjukehuset vil utvide denne ordninga i samband med eit 2-årig statlig pilotprosjekt leia av Helsedirektoratet. Dette teamet skal sertifiserast som eit EMT-1 ( Emergency Medical Teams) av Verdens Helseorganisasjon (WHO) i 2018. Hensikta med dette nasjonale teamet er rask utsending av personell på vegne av Noreg som medisinsk bistand til innbyggarar i andre land. Sivil/militært samarbeid Dei siste åra har Helse Bergen formalisert samarbeidet med Forsvaret innan ei rekke område. Forsvarets sanitet (FSAN) og Helse Bergen har ein overordna rammeavtale som regulerer forholdet mellom partene. Dette blir gjort ved å konkretisere oppgave- og ansvarsfordelinga i særavtalar og ved å etablere gode arenaer og rutinar på sentrale samhandlingsområde. Formålet er å gjere begge partar best mogleg i stand til å løyse oppgåvene på eiga hand og i fellesskap i fred, kriser og krig. Følgjande underavtaler er etablert: Avtale om teneste i Helse Bergen for overlegr tilsett i Forsvarets Sanitet Forskningssamarbeid innan transfusjonsmedisin mellom FSAN og HUS Etablering av Seksjon for maritim medisin og dykkemedisin. Avtale mellom SAN SJØ, FSAN og Helse Bergen Støtte ved rehabilitering av militært personell med ekstremitetsamputasjoner Avtale med SAN SJØ om LIS-legar Avtale mellom Helse Bergen HF og Forsvaret ved Forsvarets Sanitet om medisinsk radiologi og bildediagnostikk. Øvingar - implementering av plan Tradisjonelt har større øvingar vore sett på som viktige i beredskapsamanheng. Dei seinare åra har ein innsett kor viktig det er å legge større vekt på opplæring og trening av den einskilde si rolle i beredskapsplanen og øve delfunksjonar før ei fullskalaøving. Ved utarbeiding av planen for beredskapstog på Bergensbanen, har ein lagt vekt nettopp dette. Til dømes er det gjennomført seminar for 11X sentralane for å gi felles situasjonsforståing for leiing av sentralane, dei ulike aktørane har hatt mobiliseringstrening og øvd på opplasting av utstyr på toget. Tilsvarande har HUS sidan 15. juni kvar veke øvd varslingsrutinar og mobiliseringsøvingar knytt til plan for massetilstrømming. Øvingane har så langt vist at det er forskjell på teori og praksis og at det er heilt nødvendig med repeterte øvingar, ikkje minst fordi det er svært mange tilsette som skal øve på sin rolle i planen. Basert på 5
erfaringar etter øvingane, er det gjort nokre endringar undervegs, medan andre endringar blir samla opp og revidert før fullskalaøvinga. Til dømes ser vi at nokre roller må omfordelast. Varsling av nokre personellgrupper må også leggjast om på dagtid, medan det er god dekning på varsling etter arbeidstid. På utstyrsida er det også avdekt behov for mindre justeringar. I tillegg til desse øvingane, har traumesentret over lengre tid gjennomført trening på traumemottak annakvar veke. Desse øvingane skal no setjast saman og ein tek i desse dagar til med øving med fleire markørar. Gjennom heile sommaren har det også vore øvd på bruk av verneutstyr for gass og kjemikaliehendingar (CBRNE). Det skal vere ei fullskalaøving i starten av september. Læring Slow motion Best Triage Forvakt Nødnett Kom.sj.- øvelser Mobiliserings øvelser Ukentlig torsdager Opplæringsøvelse Beredskapsplaner Identifiserte mangler Opplæringsøvelse øvelse Verifikasjons.. klokken: 13:00 20/4 30/8 5/9 Opplæring grupper 15/6 Øvingsprogrammet er en modifisering etter Bjørn Pollestad Hordaland politidistrikt og Tommy Steinnes Hordaland Sivilforsvar, Masteroppgave SuS 2012. Konklusjon Styrken i beredskapen til Helse Bergen er: Til ein kvar tid kompetent personell med klart definert roller som kan ta vurdering om å utløyse beredskap 24/7 Gode rutinar for innkalling av personell, rask mobilisering av ekstra utrykkingsteam som består av prehospitalt personell God kontinuitet i beredskapsleiing God kapasitet når det gjeld senger og personell Utfordringar: Hendingar som medfører bortfall av kritisk infrastruktur over lengre tid, særleg IKT 6
Vedlegg: link til Nasjonal helseberedskapsplan og Regional helseredskapsplan https://helse-vest.no/om-oss/beredskap Feltko 7