Nytt til næringslivet Juni oktober 2015

Like dokumenter
Nytt til næringslivet April 2014

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Til deg som bur i fosterheim år

Nytt til næringslivet Desember 2014/ Januar 2015

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

ehandel og lokalt næringsliv

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

privat eller prosjektkunde. Våre ekspeditørar har lang erfaring i bransjen. Me har òg svært dyktige handverkarar som kan hjelpe deg.

Nytt til næringslivet April & mai 2015

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Nytt til næringslivet Oktober 2014

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

mmm...med SMAK på timeplanen

Brukarrettleiing. epolitiker

Nytt til næringslivet Juni - oktober 2016

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

6. trinn. Veke 24 Navn:

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

«Ny Giv» med gjetarhund

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Tiltaksforum. - Etablerartilskot

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Brukarrettleiing E-post lesar

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Kva er økologisk matproduksjon?

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling


SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Orstad Idrettslag. Barnas Turnfestival mai 2014

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Prosjektplan for Inn på tunet-løftet for Hallingdal

Finansiering av søknaden

Hei alle sjøstjerneforeldre

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Jon Fosse. For seint. Libretto

resultat Innovasjon Noreg Akersgata 13 Postboks 448 Sentrum 0104 Oslo T: F:

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking


Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Invitasjon til kurs og haustsamling oktober 2015

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Stemnehandboka for NKSF

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Støtteordningar og søknader

VERDISKAPING NASJONALPARK - Er det mogleg?

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Transkript:

Lom nasjonalparklandsby Nytt til næringslivet Juni oktober 2015 Nydeleg bilete av vår flotte stavkyrkje, tilsendt av Michael Schreier frå Vingelen.

1. Kva skjer? «Garden som ressurs» inspirasjonsdag på Toftemo 29. oktober. PROGRAM: Sted: Toftemo, Dovre Tidspunkt: 10.00 15.00 torsdag 29. oktober 09.30 Frammøte med kaffe og te 10.00 10.30 11.00 12.30 12.00 12.50 Finansieringsmuligheter Gode hjelpere er gull verdt Innovasjon Norge v/ daglig leder Christian Hedløv Engh «Skråpå tå» og historien om en firedoblet omsetning. Hans Brimi, Brimi Sæter Lokalmatproduksjon en vekstnæring. Anette Svastuen, daglig leder Gudbrandsdalsmat Økologisk mat marked for ren og frittgående mat, Christoph Schmitz, daglig leder Kolonihagen Hamar og matblogger i www.innifristelse.no Dugurd: Toftemo tilbereder Gudbrandsdalsmat De gode hjelperne Vandringstorg med rom for å møte bl.a Innovasjon

Norge, Fylkesmannen, Regionråd, Landbrukskontor og Kunnskapspark. Mulighet for å drive nettverksbygging med andre gardbrukere i samme situasjon som deg. 13.30 14.00 Generasjonsskifte muligheter og utfordringer, Anna Valbjør og Joachim Nyhus på Valbjør gard Opplevelser og overnatting på garden, Bernt B. Johannesen, daglig leder Hanen 15.00 Avslutning Les meir her: http://lkp.no/2015/09/garden-som-ressurs/ VRI-konferanse 22. oktober Elisabeth Winther i VRI ynskjer velkommen til konferanse på Prøysenhuset og Simenstad

PROGRAM: 09:30 Registrering, kaffe 10:00 Velkommen ved Hogne Moe, Prøysenhuset 10:10 Åpning ved Tor Rullestad, Ringsaker kommune 10:20 Den aktivt sansende turist, Monica Breiby, HIL 10:50 11:30 Nettverksbygging og inspirasjon, kaffe 11:30 Hva kan VRI Innlandet (virkemidler for regional FoU og innovasjon) tilby aktørene i reiselivet?, Martin Rønningen, HIL - Bedriftseksempel: Atlungstad Brenneri, Else Braseth 12:00 Hvordan bruke SkatteFunn for å utvikle din bedrift? Elisabeth Frydenlund, Forskningsrådet 12:20 Vi fortsetter nettverksbyggingen 12:45 Hvordan utvikle flere og bedre aktivitetsopplevelser? Dag Olav Koppervik, Innovasjon Norge Hedmark 13:15 Virkemidler for bedriftsutvikling, Innovasjon Norge 13:30 Vi forflytter oss til Simenstad Gard 14:00 Lunsj, nettverksbygging og inspirasjon 15:00 Bruk av VRI i praksis Sognefjellsveien - Bedriftsnettverk - mobilitetsprosjekt CRM i reiselivet; hvordan ta vare på kundene, Hedmark kunnskapspark Simenstad Gard mat og tradisjoner 15:45 Trender i reiselivet -spennende resultater legges frem 16:30 Avslutning og vel hjem Les meir her: https://www.hedmark.org/om-fylkeskommunen/fagstab-og-serviceenheter/naeringsutvikling/opplevelsesnaeringer/endabedre-opplevelser!-velkommen-til-konferanse

Gründerdag frå ide til marknad, 22. oktober! 10:00-13:00 Hub LHMR, Jernbanegata 13, 2. etasje, Lillehammer Gratis Påmeldingsfrist: 20. oktober Kontaktperson: Anne-Mette Iversen og Hege Taarud, anne.mette.iversen@innovasjonnorge.no; hege.taarud@innovasjonnorge.no Veien fra idé til marked starter med å la kundene avgjøre om ideen din er god. På samlingen vil du lære hvordan du kan gå frem for å teste og videreutvikle ideen din, og hvordan Innovasjon Norge og samarbeidspartnere kan hjelpe deg på veien. Program Vi vil før lunsj orientere om arbeid med forretningsmodell og Innovasjon Norges tjenester til gründere. Våre samarbeidspartnere vil fortelle om sine tilbud. Etter lunsj blir det mulighet for speed dates. Gründerdagene Lillehammer 2015 Innovasjon Norge er arrangør av Gründer: Fra idé til marked! Arrangementet er en del av Gründerdagene Lillehammer, som er et samarbeid mellom DNB, Fabrikken, Lillehammerregionen Vekst, Lillehammer og Gudbrandsdal Kunnskapspark, Hub LHMR, Ungt Entreprenørskap, Start HIL, Innovasjon Norge Oppland, Thallaug og Ernst&Young http://www.innovasjonnorge.no/no/kontorer-i- Norge/Oppland/arrangementer/grunder-fra-ide-til-marked3/

Ekstraordinær generalforsamling i Jotunheimen Reiseliv (for aksjonærar) 22. oktober Det kalles inn til ekstraordinær generalforsamling på Fossberg Hotell 22.10.15 kl 19.00. Kurs i digitale medier Kurs i digitale medier har no starta opp Vinstra, og vil bli arrangert dei fem neste torsdagane. Påmeldingsfristen er ute, men dersom det er nokon som vil kaste seg med så kan eg undersøkje om det framleis er plass. Gi i så fall ein lyd til meg på ashild.amundsen@lom.kommune.no Kurset blir arrangert av Innovasjon Norge i regi av verksemda SocialCee frå Hamar. 2. Nykommer n: Blåhø Elektro AS Foto: Odd Arne Dahlen, Stig Berg, Pål Haugen og Rune Gjesling Sandbo i det nyetablerte Blåhø Elektro AS. Foto: Arve Danielsen / Fjuken

Nyleg sa fire karer frå Ottadalen opp jobben sin og starta eige bedrift. Kva fekk dei til å ta det steget? Eg tok ein liten prat med dagleg leiar Odd Arne Dahlen og elektrikar Pål Haugen ein fin seinsumardag på Fossberg i Lom. Det var to blide karar som satt framfor meg. Verksemda starta opp 1. august, og så langt har ting gått bra. Totalt er det fire tidlegare tilsette hos Proel AS som har sagt opp jobben sin og starta opp den nye verksemda Blåhø Elektro AS. Så, kvifor har dykk slutta i trygge jobbar for å starte opp noko sjølv? Fordi det er arti og ikkje minst utruleg lærerikt å etablere eige bedrift. Så langt har det vore nok å gjere og vi er ved godt mot, seier Odd Arne. Pål skyt inn og seier at lysta til å skape noko sjølve er sterk. Det er spennande å sjå kva ein kan få det, og det hadde no vore «fryktele løylè å lykkast»! Lalm er basa, men dei tek på seg oppdrag i heile Norddalen. Dei fire tilsette bur godt spreidd rundt i Ottadalen, med Odd Arne på Lalm, Rune i Vågå, Stig i Lia i Lom og Pål i Lom. Samarbeid på tvers av kommunegrenser er med andre ord fult mogleg! Og dei har eit mantra som går att fleire gonger i løpet av samtala dei ynskjer eit sterkt fokus på god service og rask oppfølging. Så da står det vel berre att å ynskje dei lykke til med nyetableringa! Du kan lese meir om verksemda på: http://www.blåhøelektro.no Ein fullstendig oversikt over bedrifter finn du her: http://www.lom.kommune.no/bedrifter-ilom.143024.nn.html (Gi gjerne lyd til meg dersom du ser noko som manglar / er feil, så skal eg rette det opp! Kontaktinfo står nedst i brevet)

Helsing frå næringssjefen Hausten er over oss, og det har vore nydelege dagar både i bygda og til fjells i det siste. Ekstremsportsthrilleren CAVE har nyleg hatt innspeling på Sognefjellet i flotte hautsfarger, eg gler meg til å sjå resultatet! Forhåpentlegvis blir det ei flott profilering av området vårt. Det var stor stas da den nye Sognefjellshytta opna no nyleg. Dette er eit stort løft for Sognefjellsvegen som Nasjonal Turistveg, og forhåpentlegvis vil det vere med å løfte heile strekninga som ein attraksjon. I tillegg har verksemdene langs ruta gått saman i eit nettverksprosjekt for å samarbeide ytterlegare om vidareutvikling, i samarbeid med VRI, Visit Jotunheimen AS og Høgskulen på Lillehammer. Det blir spennande å sjå kva det fører med seg. Det er sjokoladefeber i Lom for tida. Som mange tydelegvis har lest i avisa så vurderer verksemda Lofoten Sjokolade AS å flytte til området vårt, noko som er særs gledeleg! Dei produserer handlaga kvalitetssjokolade, noko som kunne passa godt inn i Ottadalen. Dei ynskjer seg ein fin gard, så ta gjerne kontakt dersom det er nokon som vurderer å selja. Eg har «kvalitetssikra» sjokoladen og kan skrive under på at det er bra sakar! Tragisk nok så gjekk heile fabrikken opp i flammer førre veke, så det vart veldig spesielt. Men vi håper uansett at dei vel å kome til oss når ting fell litt meir på plass

Planlegginga av årets julemarknad er i gong, og vi satsar på triveleg førjulstemning både i sentrum og i Presthaugen. Sjekk ut vår nye heimeside http://livilom.no/ for meir info, og ta gjerne kontakt dersom du vil stille med stand, underhaldning, aktivitetar eller andre sprell! Elles er det særs gledeleg at vi har fått nesten full uttelling på søknaden vår om statleg støtte til breibandsutvikling, med 15 millionar i tilskot. I Lom er det Bøverdalen som vil nyte godt av dette. Parallelt har Eidsiva, kommunen og fleire næringsaktørar gått saman om eit spleiselag som også vil gi ei etterlengta oppgradering for mange av reiselivsbedriftene i Bøverdalen og eit meir stabilt nett. Framover må vi jobbe for betre breiband i også andre deler av kommunen, slik som i Lia og i Garmo Nord-Gudbrandsdalen, Midt-Gudbrandsdalen og Lillehammer Kunnskapspark har no slått seg saman til eit selskap, kalla Lillehammer og Gudbrandsdalen Kunnskapspark. Selskapet kan du lese meir om her: http://lkp.no/ Lom kommune er den einaste kommunen som har vedtatt å stå utanfor selskapet. Heilt på tampen har du fått med deg at det blir skifestival i Lom i november? Sjekk ut facebooksida: https://www.facebook.com/lomskifestival?fref=ts Spennande satsing og kanskje årets fyrste skitur? :-D Fortsatt god haust!

1. Visit Jotunheimen kva skjer? Reiselivsorganisering i Lom er det prata mykje om. Eg tok ein prat med den leiaren av det nye selskapet Visit Jotunheimen AS for å høyre korleis det går. Men fyrst av alt, ein liten introduksjon til den nye leiaren Martine Hårstad for dykk som ikkje har møtt ho, Martine Hårstad kjem opprinneleg frå Oppdal, men har budd i både Lom og Lillehammer tidlegare. Av utdanning har ho ein mastergrad i Innovasjon og næringsutvikling tatt på HiL. Arbeidserfaringa er variert, alt frå lærarvikar, skiinstruktør, sal av sportsutstyr, slakteri, breførar og resepsjonist, mellom anna på Juvasshytta i Lom. «Eg liker også godt friluftsliv, og nyttar sjansen til å bruke området mykje», seier Martine. Så, kva syns du om Lom da Martine? Inntrykket av Lom er veldig positivt. Her er det mange som dreg i same retning og ser kor viktig reiselivet er for Lom. På sumaren er det fantastisk å vere her, med mykje liv og røre. Eg har jo både budd og jobba i Lom tidlegare, så eg er ganske godt kjent. Eg trur faktisk eg har 10-års jubileum no, eg starta nemleg opp her i 2005! Her er Martine (i midten) med to av dei tilsette i turistinformasjon i Visit Jotunheimen AS.

Korleis går det med det nye selskapet Visit Jotunheimen AS da? Så langt er det 37 verksemder som har vorte med og stifta selskapet, i tillegg er fleire på veg inn. Av desse er det med 8 handelsstandsbedrifter, 11 totalt som ikkje er direkte reiselivsbedrifter. Vi vil sjølvsagt ha med enda fleire. Sidan vi starta opp har vi mellom anna drifta turistkontoret på Coop, som i år har hatt 16 500 besøkande. Dette er vi særs nøgd med. Heimesida er også oppe og går, men den er framleis under utvikling. Når det gjeld organiseringa av selskapet, så har vi sjølvsagt eit styre, der Lisa Grindvold er styreleiar. Dei andre i styret er Karin Bing Orgland (nestleiar), Ola Lund, Yngve Eek Ottesen, Rønnaug Nyrnes, Per Arne Vole og Jehans Bakke. I tillegg har vi eit aktivt marknadsråd, der sitt Rønnaug Nyrnes, Ronny Nestvold, Bjørn Andreas Ovesen, Amund Mundhjeld og Sven Terje Garmo. Olav Thommesen bidreg som rådgjevar i konkrete sakar. Kva slags planer har dykk framover? Vi er godt i gong med markedsstrategien for 2016, den skal på plass så fort som mogleg. Styret har også vedtatt at vi skal inn i Visit Norway, slik at vi blir synlege der. Utover det så jobbar eg med diverse konkrete prosjekt og tiltak, mellom anna eit med Sognefjellsvegen som tema. Det er eit samarbeid mellom Turtagrø, Sognefjellshytta, Krossbu, Jotunheimen Fjellstue, Aktiv i Lom, Norgesguidene og høgskulemiljøet på HiL, med tilskot frå VRI-midlane. I tillegg har vi allereie etablert eit godt samarbeid med reisemål Stryn og Nordfjord og er i gong med konkrete samtaler ang. produktpakking Heimesida til selskapet kan du sjå her: http://visitjotunheimen.no/ og Martine kan kontaktast på martine@visitjotunheimen.no 2. Statistikk handel og reiseliv Utviklinga i detaljhandelen i Nord-Gudbrandsdalen, Lom er den gule streken og ligg no likt med Nord-Fron i omsetning pr. innbyggjar. Grafen går frå 2009-2014.

Når det gjeld gjestedøgnstatistikken i Lom, så har den vore positiv så langt i 2015 (gjennomsnitteleg). Det har vore ein oppgang på 16,5 % i perioden januar august, med ca. 20 000 fleire gjestedøgn. Sjå oversikta over Lom i tabellen under. Det er særleg sesongcamping som har hatt stor prosentvis framgang, heile 73%. I volum er det hytte-overnatting som har gått mest fram, med ein oppgang på rundt 17 000 gjestedøgn. På landsbasis er framgangen på 4,6 %, mens heile Nord-Gudbrandsdalen har ein framgang på 16,3 %, (opp med rundt 70 000 gjestedøgn).

3. Kontaktinformasjon Miljø / Teknisk / Næring: Åshild Myhre Amundsen, mob. 975 22 977, e-post: ashild.amundsen@lom.kommune.no (Næringssjef, landsbykoordinator for Lom nasjonalparklandsby og sakshandsamar BU-tilleggsnæring) Silke Hansen, mob. 90 57 52 53, e-post: silke.hansen@lom.kommune.no (Jordbrukssjef) Rolv Rusten, tlf. 91732976, e-post: rolv.rusten@lom.kommune.no (Landbruk) Kjell Kvålshagen, avløysarkontor, mob. 95 92 48 27(Landbruk) Sander Sælthun, tlf. 47463218, e-post: sander.saeltun@lom.kommune.no (Plan og miljø) Kåre Frydenlund, tlf. 41410112, e-post: kare.frydenlund@lom.kommune.no (Avdelingsingeniør) Terje Hoel, tlf. 99396529, e-post: terje.hoel@lom.kommune.no (Teknisk sjef) Leif Morten Plassen, tlf. 46821863, e-post: leif.morten.plassen@lom.kommune.no (Byggjesakshandsamar)

Stig Roar Mandal, tlf. 45403444, e-post: stig.roar.mandal@lom.kommune.no (Kart og oppmåling) Trine Johansen, tlf. 95 28 76 81, e-post: tsj@lom.kommune.no (arealplanleggjar) Per Ekre, tlf. 61293674, e-post: per.ekre@vaga.kommune.no (Felles skogbrukssjef for Ottadalen) For meir informasjon, sjå også kommunal heimeside: Heimesida www.lom.kommune.no Heimesida /næring: http://www.lom.kommune.no/naeringsliv.136855.nn.html Heimeside / landbruk: http://www.lom.kommune.no/landbruk.142418.nn.html Utgard: www.lom.no Og Facebook: Lom næringsforum på Facebook - bli medlem i dag! https://www.facebook.com/groups/kremen.av.lom/ Lom kommune sin offisielle Facebook-side: https://www.facebook.com/lomkommune?ref=hl Besøk? Du finn oss på avdeling MTN (Miljø teknisk næring) i 3. etasje, der NAV var tidlegare, vanlegvis mellom kl. 8-16. Ta helst kontakt for møtetidspunkt, da det er ikkje alltid eg er på kontoret. Stikk gjerne innom for ein prat, eg har tausheitsplikt og sett stor pris på å få besøk!