Ureiningstilsyn Inspeksjonsrapport Sakshandsamar: Dagny K. U. Alvik Telefon: 57 64 31 42 E-post dagny.alvik@fylkesmannen.no Schlumberger Norge AS Divisjon: MI-Swaco Pb 8013 4068 Stavanger Vår dato 22.04.2015 Vår referanse 2012/844 Rapportnummer 2015.035.I.FMSF Tilsyn ved Schlumberger AS - krav om retting av avvik vedtak om gebyr Rapporten omhandlar funn som kontrolløren kunne observere eller på annan måte fekk kjennskap til under tilsynet. Funn vert omtalt som avvik frå krav i ureiningslova med forskrifter, merknader om forbetringspunkt eller andre forhold som kan vere viktig å omtale nærare. Rapporten omtalar også vedtak om kontrollgebyr. Tilstades under kontrollen Frå verksemda: Egil Barstad, Øyvind Karlbom og Trond Svendsen Desse hovudtema vart kontrollert: Internkontroll (ytre miljø) Risikovurdering Utslepp til luft eller vatn Støy Løyvet med vilkår Forskriftskrav Anna: Bakgrunn for kontrollen: Frekvensbasert inspeksjon Frekvensbasert revisjon Kontrollaksjon Ny verksemd (ikkje kontrollert før) Nytt løyve (ikkje kontrollert før) Frå miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen: Grete Haugan og Dagny K. U. Alvik Avfallshandtering ordinært avfall Handtering av farleg avfall (merking, emballering, mellomlagring, levering) Handtering av kjemikal (klassifisering, merking, emballering) Sikkerheitsdatablad Substitusjon Oppfølging av eigenrapport Oppfølging av klage/hending/tips Oppfølging av siste kontroll Kartlegging Anna: Hovudfunn frå kontrollen Det vart påvist 3 avvik frå ureiningsregelverket og gjeve 2 merknader. Fylkesmannen ser alvorleg på at verksemda har store manglar ved deklareringa av farleg avfall, og at forhold som vart påpeka ved førre tilsyn ikkje er retta opp i. Melding om retting av avvik må vere send til Fylkesmannen innan 18.05.2015. Rapporten vert vurdert som endeleg dersom vi ikkje får tilbakemelding om faktiske feil eller mistydingar innan to veker etter at rapporten er motteken. Varsla kontrollgebyr vert då send frå Miljødirektoratet for innbetaling til staten. Med helsing Nils Erling Yndesdal Dagny Alvik fylkesmiljøvernsjef senioringeniør Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift Hovudkontor Landbruksavdelinga E-post: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Fjellvegen 11, 6800 Førde post@fmsf.no Telefon: 57 65 50 00 Postboks 14, 6801 Førde Internett: Telefaks: 57 65 50 55 Telefon: 57 65 50 00 www.fylkesmannen.no/sfj Org.nr 974 763 907 Telefaks: 57 72 32 50
2/5 1. Informasjon om verksemda: Namn på verksemda: Schlumberger AS Divisjon MI-Swaco Organisasjonsnr.: 881 313 332 Eigd av: 968 360 302 Stad og kommune: Fjordbase, Flora kommune Kontrolldato: 16.04.2015 Postadresse: Pb 8013, 4068 Stavanger Løyvedato og internt nr.: 2011.099.T ISO 14001-sertifisert EMAS-registrert 2. Om kontroll frå ureiningstilsynet Kontrollen vart gjennomført ved gransking av dokument (skriftlege og elektroniske), ved intervju av leiing og sentralt plasserte personar i organisasjonen, og ved verifikasjon av at rutinar, prosedyrar og instruksar vert følgde i praksis. Rapporten inneheld omtale av avvik og merknader innan dei granska områda av ureiningsregelverket der Fylkesmannen har tilsynsansvar. Vi vil gjere merksam på at ikkje alle sider av verksemda som kan ha noko å seie for ytre miljø vart granska ved kontrollen. Verksemda må sjølv aktivt utøve internkontroll, avdekkje feil og manglar og setje i verk nødvendige tiltak. Definisjonar Avvik Merknad Brot på krav som er fastsett i eller med heimel i helse-, miljø, og tryggleikslovgivinga. (Døme er brot på krav i ureiningslova eller produktkontrollova, forskrifter til lovene, utsleppsløyve, og verksemda sine eigne rutinar som er nødvendige for å stette styresmaktene sine krav.) Tilhøve som tilsynsetatane meiner det er nødvendig å peike på for å ivareta helse, miljø og tryggleik, og som ikkje vert omfatta av definisjonen for avvik. Brot på eigne rutinar som inneheld strengare krav enn lovkrava, kan verte omtala som merknad. Merknadar kan gje grunnlag for enkeltvedtak med krav om tiltak. Vi gjer merksam på at ein kan finne oversikt over miljøloverket på www.lovdata.no eller vist til frå www.miljodirektoratet.no (sjå under regelverk). Dei viktigaste HMS-krava finn ein på nettstaden www.regelhjelp.no. Reglane om gebyrinnkrevjing finn ein under kap. 39 i ureiningsforskrifta. 3. Oppfølging etter kontrollen Verksemda pliktar å rette opp avvika som er omtalt i rapporten så snart som råd. Verksemda må også gå nøye gjennom merknadene og vurdere kva for tiltak som er aktuelle og nødvendige for å tilfredsstille krav etter HMS-lovgivingane. Merknader kan gi grunnlag for pålegg. For å kunne kontrollere at avvika er retta opp, ber vi om at verksemda skriftleg melder attende at tilhøve er kome i orden, og at ein gjer greie for dei gjennomførte tiltaka innan 18.05.15 eller dato/ar for planar for gjennomføring. Innan same dato ber vi om at verksemda gjer greie for sine vurderingar og eventuelle utbetringar i tilknyting til våre merknader. Fylkesmannen ventar at verksemda legg ved dokumentasjon på gjennomførte tiltak. Fysiske endringar bør dokumenterast med foto. Dersom de meiner at det ikkje let seg gjere å rette opp avvika innan den nemnde datoen, må de skriftleg gjere greie for årsaka før fristen for attendemelding. 4. Gebyr for kontroll med verksemd med utsleppsløyve Vi viser til omtalen under kontrollen, og vedtak om utsleppsløyve datert 22.04.2013. Plasseringa av verksemda i risikoklasse 3 vil seie at verksemda etter gjeldande sats 3 i 39-6 i ureiningsforskrifta skal betale eit gebyr på kr. 12 200,- til staten for den gjennomførte kontrollen. Miljødirektoratet vil seinare sende ut faktura for innbetaling til statskassa.
3/5 5. Offentlegheit av rapport Rapporten vil verte tilgjengeleg for innsyn via Fylkesmannen sitt elektroniske arkiv, jf. offentlegheitslova. 6. Avvik Desse avvika vart påvist under kontrollen: Avvik 1 Verksemda har store manglar ved deklarering av farleg avfall Avvik frå: Utsleppsløyvet datert 22.04.2013 Verksemda skal vere registrert som aktør i farleg avfall systemet. I Norbas- registeret som er ein nasjonal database med oversikt over alt innlevert farleg avfall, er Schlumberger div: MI Swaco avd. Florø ikkje registrert som avfallsaktør, men som produsent. Verksemda er 1. aktør for det avfallet som vert motteke frå Nordsjøen, og produsent for det avfallet som oppstår ved drift av anlegget. Dette vart også kommentert etter førre kontroll, og det er viktig at verksemda får dette på plass snarast. Det er heller ikkje samsvar mellom det som er registrert i Norbas som er motteke på anlegget, og det som verksemda har journalført og rapportert inn til Fylkesmannen. For 2014 er det i Norbas registrert 15502 kg av EAL-kode 070199 og 9500 kg av EAL-kode 165071, medan de i journalen og i årsrapporten til Fylkesmannen meldte inn at de hadde levert vidare 1700,8 tonn med EALkode 160708. For tida nyttar verksemda berre ein tank til lagring av farleg avfall, og kan difor berre ta imot ein type fraksjon med farleg avfall. Det kom også fram under tilsynet at avfallskoder vart endra undervegs, og at avfall kjem inn med feil kode. Det er viktig at de sørgjer for at avfallet er rett deklarert frå produsent i utgangspunktet, og at det same deklarasjonsnummeret/skjemaet følgjer avfallet til det er destruert. Det er også viktig at de fyller ut nødvendige opplysningar som aktør på deklarasjonsskjemaet som dokumentasjon på at de har motteke avfallet, og sendt det vidare til godkjent behandlar. Avvik 2 Verksemda har mangelfull internkontroll Avvik frå: Internkontrollforskrifta 2. ledd 5 Verksemda manglar dokumenterte rutinar for vedlikehald av tankanlegget Verksemda gjennomfører regelmessig vedlikehald av tankar og røyrsystem, men har ikkje skriftelege rutinar/sjekklister på dette. Dette var også påpeikt ved førre tilsyn, og Fylkesmannen ser alvorleg på at det ikkje er på plass enno. Det er nyleg utarbeida rutinar for anlegget i Tananger, og tilsvarande rutinar bør også takast i bruk på anlegget i Florø. Verksemda manglar dokumenterte rutinar for handtering av farleg avfall På kontrolldagen kunne det ikkje visast til skriftlege rutinar for handtering av farleg avfall. Verksemda kunne ikkje dokumentere ein samla oversikt over farleg avfall som oppstår i verksemda. Mangel på skriftelege rutinar kan ha ført til at ikkje alt farleg avfall vert handtert på forskriftsmessig måte, jf. avvik 3.
4/5 Avvik 3 Avvik frå: Verksemda har mangelfull handtering av eige produsert farleg avfall Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (Avfallsforskrifta), Kap 11: Farlig avfall Verksemda har ikkje tilfredstillande merking av det farlege avfallet Farleg avfallsbehaldarar skal vere merka med innhald og avfallsnummer som sikrar rett handtering. På tilsynsdagen vart det observert behaldarar med brukt absorbent og sprayboksar som ikkje var tilstrekkeleg merkt. Verksemda har ikkje oversikt over farleg avfall som oppstår i verksemda, og manglar dokumenterte rutinar for handtering av det farlege avfallet Mangel på skriftelege rutinar kan ha ført til at ikkje alt farleg avfall vert handtert på forskriftsmessig måte. Verksemda må lage ei oversikt over kva farleg avfall som oppstår, og lage ei skrifteleg rutine som sikrar forsvarleg handtering. Verksemda kan ikkje dokumentere at farleg avfall er levert årleg Det er eit minimumskrav at farleg avfall skal leverast årleg dersom den totale mengda farleg avfall overstiger 1 kg. Verksemda må lage seg rutinar på handtering av farleg avfall som sikrar at alt farleg avfall vert levert til godkjent mottakar årleg. På deklarasjonsskjema som var vist fram under tilsynet kom det fram at det vart nytta feil organisasjonsnummer (både orgnr til Schlumberger Norge sentralt og gamle orgnr til Swaco). Det er difor ikkje registrert at det er levert eigeprodusert farleg avfall frå anlegget i Florø. 7. Merknader Følgjande tilhøve ga grunn til merknadar under kontrollen: Merknad 1 Journal for farleg avfall manglar EAL-kode Det er eit krav i løyvet at mottak av den enkelte avfallslevering/-mottak skal journalfarast. Av journalen skal minst framgå: Dato for mottak, avfallsprodusent, lagerplass/tank, mengd avfall, EAL-kode og tal kolli/volum. Det skal og noterast i journalen når avfallet forlet plassen og kor det vert levert (dato og namn). Verksemda har ein god journal, men bør også få på plass EAL-koden til avfallet, jf. avvik 1. Merknad 2 Sluk i lagerbygg Verksemda har store mengder kjemikaliar lagra i IBC containarar. På eine lageret var det sluk i golvet som gjekk til overvatnsystemet. Verksemda bør risikovurdere dette og vurdere tiltak for redusere faren for ureining. Merknad 3 Beredskapsøving Det er eit krav i løyvet at verksemda skal etablere og vedlikehalde ein beredskap for å hindre, oppdage eller stanse akutt ureining. Beredskapen mot akutt ureining skal øvast minst ein gang
5/5 pr. år. Under tilsynet viste verksemda til at Fjordbasen har eit industrivern, og deira øvelseplan for 2015. Det er viktig at dei tilsette ved verksemda også har rutinar og øver på beredskap for å kunne gjere tiltak i den første akutte fasen før industrivernet er på plass. 8. Andre forhold Etter avklaring med Miljødirektoratet er det klart at lagring av kjemikaliar på IBC conteinarar ikkje er omfatta av tankforskrifta. Det er likevel viktig at lagringa vert risikovurdert for å unngå fare for ureining. På kaia vert det overført kjemikaliar frå tankanlegget til mindre tankar (4,5 m 3 ). Tankar med farlege kjemikaliar over 2 m 3 er omfatta av tankforskrifta. I følgje Schlumberger er det Statoil som er ansvarleg for tankane etter at dei er fyllt opp. Kopi: Florø Fjordbase