Når ein av våre nærmaste døyr



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

Minnebok. Minnebok NYNORSK

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

Valdres Gravferdsbyrå

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Lov om endringer i barnelova (farskap og morskap)

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

BARNEVERNET. Til beste for barnet

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Bustønad Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22)


Søknad om skilsmisse etter separasjon ved løyve (etter ekteskapslova 21)

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22)

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Avdøde sitt slektsnamn, for - og mellomnamn Kjønn Fødd dag, md., år Personnr. Mann Kvinne Bustad, kommune* Nøyaktig adresse Fødestad, kommune

Skattekommune. Fødselsdato/ D-nr, Telefon Privat Arbeid. Sambuar. Einsleg forsørgjar. Namnet på barnet Fødselsdato Namnet på barnet Fødselsdato.

Aon Norway Bergen. Øygarden kommune. Rutinar ved melding om personskade I barnehagar og skular Januar 2013

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Tillegg 1 til Kodeoversikt for lønns- og trekkoppgåver. Tillegg til 9. utgåve Gjeld frå og med inntektsåret 2006 og inntil ny oversikt er fastsett

FOLKETRYGDA Søknad om yting ved fødsel og adopsjon

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

SØKNAD OM UTANRETTSLEG GJELDSORDNING

Søknad om verjemål (eller endringar i eksisterande verjemål)

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

No blir. innført I denne brosjyren finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om fastlegeordninga. Dersom du framleis lurer på.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Informasjon til elevane

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Brukarrettleiing E-post lesar

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Radøy sokneråd har i møte den 24. september 2014 hatt fylgjande sak til drøfting:

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Forskrift om bustøtte

Konsesjonsfritak ved kjøp av fast eigedom - eigafråsegn

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn

Melding om behov for verjemål (eller endring i eksisterande verjemål)

Betalingsreduksjon i foreldrebetaling BARNEHAGANE I SVEIO

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Pensjonen din. i KLP!

Verja skal bruke skjemaet når det skal søkjast om godtgjering og dekning av nødvendige utgifter knytte til utøvinga av verjeoppdraget.

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss

Forbrukerrådets kontrakt for service og reparasjon av bil

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland. Gjeldande frå 1. mars 2009

Dokumentet sendes til Andås Begravelsesbyrå, Elvegata 15, 4614 Kristiansand S.

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Minnebok. Minnebok NYNORSK

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Om å høyre meir enn dei fleste

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av bruktbil mellom private

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av bruktbil mellom private

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

Bruk av reiserekning i Agresso

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

Melding om behov for representant

Søknad om Anbodsgaranti

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Reglane gjeld òg for personlege skattytarar som overfører aksjane o.a. til ein ektefelle busett i utlandet.

Informasjon til pasientar og pårørande

Bustøtte for desember 2016 søknaden din er innvilga

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

8 tema for godt samspel

Transkript:

Når ein av våre nærmaste døyr IS 1189N

1. Eit dødsfall i familien Å sjå den døde 4 Dødsattest 4 Oppgåver etter dødsfall 4 Ansvaret til dei etterlatne 5 Kva ein kan gjere sjølv 6 Gravferd 8 Grav 8 Kremasjon 9 Gravferdsbyrå 10 Melding til skifteretten 12 Dødsfall i utlandet 12 2. Folketrygda og register Folketrygda 13 Fødselsnummer 14 Medlemskap i foreiningar og abonnement 14 Telefonkatalog 14 3. Arv Skifte av buet 16 Arv og gåver 17 4. Økonomi Skifteattest 19 Skattekort 19 Sjølvmelding - likning 20 Tenestepensjon 21 Forsikring 22 Aksjar/aksjefond 22 Bankkonto/bankboks 22 Lån 22 Bustad 22 Eige arbeid 23 5. Nokon å snakke med Kommunehelsetenesta 24 Sosialtenesta 24 Trussamfunn og organisasjonar 24 Gravferdsbyrå 25 6. Sorgreaksjonar Vi reagerer ulikt på eit dødsfall 27 Sorgarbeidet 28 Hjelp til ein som sørgjer 29 Roande middel 30 Sorg hos barn 30

Når nokon døyr Når ein som står ein nær, døyr, blir livet fylt av sorg. I tillegg er det mange pårørande som kjenner seg einsame, uvitande, hjelpelause og som får problem med å konsentrere seg. Det kan verke fjernt å tenkje på formalitetar og alle dei gjeremåla som eit dødsfall fører med seg. For somme kan det likevel vere godt å ta fatt på noka praktisk i ein slik vond situasjon, og erfaring viser at dette også er ei hjelp når ein skal arbeide seg gjennom sorga. I oversikta som følgjer, gir vi ein del praktiske opplysningar som etterlatne kan få bruk for når nokon i familien døyr. Det er verdt å tenkje over om det er nokon i nærmiljøet som kan hjelpe til med noko av det som skal ordnast. Mange vil vere takksame for eit slikt høve til å vise at dei deltek i sorga. Vi har òg med nokre tankar om sorgreaksjonar og om korleis ein kan arbeide seg gjennom desse reaksjonane i tida etter eit dødsfall. 3

1. Eit dødsfall i familien Å sjå den døde Erfaring frå sorgarbeid tilseier at mange etterlatne opplever det som verdifullt å sjå den døde. Særleg gjeld dette når dødsfallet kom brått og uventa. Sjølv om dette for somme med det same kan kjennast uoverstigeleg vanskeleg, viser det seg gjerne at med litt assistanse frå ein ressursperson frå sjukehuset eller mellom venner, vil mange kome over ein slik terskel. Eit kortare nærvær med den døde (vising) kan ein avtale med sjukehuset/institusjonen der den døde ligg. Gjennom dette kan ein få med seg noko som er viktig for den vidare sorgprosessen. Personar som ikkje ønskjer å sjå den døde, må sjølvsagt møte full respekt for det. Dødsattest Dødsattesten blir utskriven av den legen ved sjukehuset som hadde med den døde å gjere, eller av ein lege som stadfester dødsfallet på staden, til dømes i heimen. Normalt vil legen som registrerte den døde, sende dødsattesten til skifteretten på dødsstaden. I landdistrikta er det lensmannen som får dødsattesten. Der kan ein seinare få den nødvendige dokumentasjonen av dødsfallet. Ein treng opplysningar om dødsfallet mellom anna for å få utbetalt livsforsikringar. Dødsfall som skjer brått eller uventa, til dømes i samband med ulykker, har legen plikt til å melde frå om til politiet med ein gong. Oppgåver etter dødsfallet Etter eit dødsfall er det ßeire spørsmål og oppgåver som melder seg. Somme av dei må ein avklare og ta hand om i løpet av dei nærmaste dagane: Val av gravferdsbyrå dersom pårørande ikkje ønskjer å ordne gravferda sjølv. 4

Om det skal vere kistegrav eller kremasjon med urnenedsetting eller spreiing av oska for vinden. På kva for ein gravlund den døde skal få grava si. Stad, tidspunkt og regi for gravferdsseremonien. Annonsering i avisa av dødsfallet og gravferda. Ansvaret til dei etterlatne Ved dødsfall er pårørande tillagt ansvaret å sørgje for at aktuelle spørsmål og gjeremål i samband med gravferda blir tekne hand om og løyste på ein tilfredsstillande måte. Pårørande har her fullt høve til å be om hjelp hos ulike hjelparar og be dei utføre visse tenester (sjå meir om dette nedanfor). Men pårørande opptrer da som oppdragsgivarar. Alle som har fylt 18 år, kan avgjere kven som skal ha rett til å sørgje for gravferda. Erklæringa skal vere underskriven og datert. Dersom det ikkje ligg føre ei slik erklæring frå den døde, har dei nærmaste etterlatne over 18 år rett til å sørgje for gravferda. Retten går i denne rekkjefølgja: Ektefelle (eller partner etter partnarskapslova, sambuarar som gjennom samlivskontrakt har stadfest at dei lever i ekteskapsliknande forhold, og sambuarar som i juridisk forstand er likestilte med ektefellar) Barn Foreldre Barnebarn Besteforeldre Dei ß este har tankar om kva som skjer etter døden. Vi må respektere det synet som kvar enkelt har. 5

Sysken Barn til sysken Sysken til foreldre Ved usemje mellom like nære etterlatne, avgjer kommunen (til vanleg kommunestyret, rådmannen eller kommuneadvokaten). Avgjerda kan ikkje påklagast. Sambuar som ikkje er likestilt med ektefelle, har ingen formelle rettar. På den andre sida kan det vere naturleg at sambuar deltek i samtalane om dei ulike spørsmåla som må avklarast etter dødsfallet. Det er ønskjeleg at ein i fellesskap prøver å Þnne fram til løysingar som kan samle ulike interesser og relasjonar hos dei som lever att etter den døde. Dersom den døde har etterlate seg ei eiga viljeerklæring om korleis gravferda skal gå føre seg, bør ein så langt som råd prøve å oppfylle det. Kva ein kan gjere sjølv Det kan ha mykje å seie for etterlatne å setje eit personleg preg på gravferda. Somme ønskjer å stelle og vaske den døde eller velje påkledning før seremonien. Val av musikk, salmar og songar gjer det meir personleg, og det å pynte kyrkjerommet/lokalet og velje kven som skal bere kista, kan også vere viktig. Også når eit gravferdsbyrå er engasjert, kan dei pårørande gjere noko sjølve dersom dei ønskjer det. Tenk gjennom kva du synest er eit verdig avskil med den døde og ta gjerne dette opp med den som står for ritualet, eller med talaren og/eller gravferdsbyrået. Når barn blir gravlagde, har dei etterlatne høve til sjølve å leggje den døde i kista og køyre barnet til gravstaden eller krematoriet. Dersom den døde ikkje blir kremert, skal gravlegging normalt skje seinast åtte dagar etter dødsfallet. Urnenedsetting skal skje seinast seks månader etter dødsfallet. 6

Ein treng ikkje forhaste seg når det gjeld å rydde bort eignelutene etter den døde. Her må kjenslene til den som sørgjer vere avgjerande. 7

Alle borgarar uavhengig av tru og overtyding har høve til å velje borgarleg seremoni. Borgarleg gravferd blir gjennomførd utan prest og kyrkjeleg ritual. Meir informasjon kan ein få i brosjyren «Orienteringshefte om borgarleg gravferd». Gravferdsbyrået og Human-Etisk Forbund (tlf. 23 15 60 00) har brosjyren tilgjengeleg. Familien kan også sjølv stå for seremonien, utan medverknad frå kyrkje eller livssynsorganisasjon. Dei ßeste har tankar om kva som skjer etter døden. Vi må respektere synet til den enkelte. Dei som ønskjer det, bør få hjelp til sjelesorg gjennom samtale med prest eller annan person med innsikt i livssynsspørsmål. Gravferd Pårørande står fritt til å velje om ein ønskjer å bruke eit gravferdsbyrå, i kor stor grad eit slikt byrå skal hjelp til og kor mykje ein skal ta hand om sjølv. Dei pårørande må ta kontakt med presten/ forstandaren på staden eller det trus- eller livssynssamfunnet ein ønskjer, for å få fastsett dag for gravferda. Dersom ein ikkje vil bruke gravferdsbyrå, må ein sjølv kontakte kyrkjeverja på staden. Den døde kan ha etterlate seg ei skrifteleg viljeerklæring om korleis gravferda skal gå føre seg, og den bør respekterast. Grav Gravstaden kan vere ei festegrav, frigrav, familiegrav eller liggje anonymt i minnelund. Ei festegrav inneber at ein person leiger gravstaden i 20 år med høve til fornying av festekontrakten. Ei frigrav, med plass for ei kiste og ei urne, har ein gratis råderett over i 20 år, deretter kan ein feste henne. Dersom familiegravstaden blir nytta, blir namnet som regel gravert på den gamle steinen. Reglane kan variere noko frå kommune til kommune. 8

Dersom ein person som har fylt 15 år, har etterlate seg ei underskriven og datert erklæring, kan fylkesmannen gi løyve til at dei som sørgjer for gravferda spreier oska etter den døde for vinden. Ved ei slik gravferd kan ein ikkje krevje medverknad frå kyrkja. Den døde har rett til gravplass i den kommunen han eller ho var busett i. Det same gjeld dødfødde barn når mora har fast opphaldsstad i kommunen. Kyrkjeleg fellesråd kan gi løyve til at også personar utan bustad i kommunen blir gravlagde på kyrkjegarden i kommunen. Det kan da krevjast dekning av kostnadene ved gravferda og avgift som ved feste av grav. Kremasjon Den som har fylt 15 år, kan sjølv avgjere om han eller ho vil kremerast (brenning av kista i krematoriet). Ei slik erklæring skal vere skrifteleg, underskriven og datert. Dersom det ikkje Þnst noka erklæring, kan ein likevel kremere den døde, med mindre det er kjent at dette var i strid med religiøs overtyding eller ønske om gravferd hos den døde. Dei pårørande må da sjølve avgjere spørsmålet om gravlegging eller kremasjon. Ved kremering blir ikkje blomane på kista brende. Ei kalksteinsbrikke med namn på den døde blir lagt oppå kista og sikrar rett identiþsering av oska. 9

Dersom den døde er blitt kremert, skal urna med oska setjast i jorda seinast seks månader etter dødsfallet. Kremering kostar meir enn vanleg gravferd der heile kista blir jordfest. Gravferdsbyrå Vel 180 av gravferdsbyråa i landet er knytt til Begravelsesbyråenes Forum Norge (BFN). Dei har denne lista over kva eit gravferdsbyrå kan hjelpe til med: Fastsetje tider for båreoverføring og gravferd i samarbeid med dei pårørande, den som skal forrette og eventuelt kyrkjeverja. Ta kontakt med prest/talar, musikarar, songarar, dei ansvarlege for gravlund/kyrkjegard og andre involverte. Ordne med nødvendige papir til skifterett, politi, trygdekontor etc. Ordne med prenting av salmeprogram og takkekort. Rykkje inn annonse i avisa. Skaffe kiste og utstyr. Stelle den døde. Ordne med blomar, dekorasjonar og kransar. Ordne transport av kista. Leggje til rette og ta del under sørgjehøgtida. Leggje til rette for nedsetjing av urne. Ordne melding og oppgjer med trygdekontor. Ordne med minnesamvære. Ordne med nytt gravmonument eller sørgje for inskripsjon på eksisterande gravmonument. Ordne førebels trekross. 10

Sending av båra i inn- og utland. Mange byrå kan òg formidle tenester som reingjering og rydding av bustaden etter den døde, samt gi juridisk bistand. Byråa forpliktar seg til å følgje strenge, fastsette krav og bestemte etiske reglar, som blant anna byggjer på omsyn og verdigheit i utføringa av yrket. Etter desse reglane har personalet teieplikt om personlege forhold. Gravferdsbyrået pliktar utan oppmoding å tilby ei generell prisliste og eit skriftleg prisoverslag før endeleg bestilling av ei gravferd. Rekninga frå eit gravferdsbyrå skal vere godt spesiþsert. Rekninga inneheld Þre hovudelement: Byrået sine eigne tenester og varer, så som kiste, utstyr, transport, honorar og administrasjonskostnader. Utlegg til blomar, annonser, solosong, musikk, samlingsstad etc. Kommunale avgifter. Meirverdiavgift. Dei ßeste ber eit gravferdsbyrå om hjelp og betaler ofte 12.000 30.000 kroner (2004) for heile gravferda. Rekninga frå byrået kan gå til frådrag saman med andre utgifter til gravferda, ved utrekning av arveavgift. Meir informasjon om arbeidet i gravferdsbyråa på internett, www.begravelse.no eller www.bfn.no. Dersom ein i ettertid ikkje er nøgd med gravferda, servicen frå byrået eller oppgjer for ytinga, kan ein ta kontakt med byrået og drøfte spørsmåla. Blir ein ikkje einige, kan ein klage forholdet inn for Klagenemnda for gravferdstenester der Forbrukarrådet òg er representert: Klagenemnda for gravferdstjenester Pb 2900 Solli, 0230 Oslo Tlf. 22 54 17 00. Om gravferdsstønad Se avsnitt 2 om folketrygda. 11

Melding til skifteretten Dødsfallet skal meldast til skifteretten. Her må ein fylle ut eit skjema som mellom anna gir opplysningar om arveforhold og om eventuelt testamente. Gravferdsbyrået kan hjelpe til med å melde dødsfallet til skifteretten. Dersom ein ikkje bruker eit byrå, må dei pårørande sjølve gi dei same opplysningane til skifteretten eller lensmannen straks etter dødsfallet. Dødsfall i utlandet Ofte blir det svært kostbart når personar som døyr i utlandet blir sende heim. Det kan kome av krav i lovgivinga i dei ulike landa, og det kan kome av høge transportkostnader. Har ein ikkje ei reiseforsikring som dekkjer heimtransport, kan økonomiske grunnar tale for å ordne med kremasjon i utlandet og sidan få urna sett ned heime. Kvar og ein må Þnne ut kva dette inneber for ein sjølv, og undersøkje alternativ og kostnader. Sjå Stønad til båretransport under Folketrygda avsnitt 2. Dersom det er teikna reiseforsikring inkludert heimtransport, vil heimsendinga av den døde normalt bli dekt. Ver også merksam på at både lovgiving og lokale skikkar for behandling av døde kan avvike sterkt frå norske forhold. Det er til dømes ikkje uvanleg at det blir kravt at den døde skal balsamerast før han eller ho blir send heim. Dersom den døde blir transportert i kiste frå utlandet, er det som regel naudsynt å byte kiste i samsvar med norske krav når vedkomande kjem heim. 12

2. Folketrygda og register Folketrygda Når ein nær pårørande døyr kan du ha rett til ein eller ßeire av følgjande ytingar gjennom folketrygda: Gravferdsstønad og stønad til båretransport Pensjon eller overgangsstønad til attlevande ektefelle, partner eller sambuar Pensjon til attlevande skilt ektefelle, partner eller sambuar Stønad til barnetilsyn, utvida barnetrygd, utdanningsstønad, tilskot til ßytting for å komme i arbeid Barnepensjon Pensjon eller overgangsstønad til tidlegare familiepleiar Gravferdsstønad er behovsprøvt og kan gis med opp til kr 15.540 (2004) til å dekkje faktiske, nødvendige utgifter til gravferda. Utgifter til minnestund reknast ikkje som faktiske utgifter. Dersom avdøde var over 18 år blir stønaden korta av mot formue, tenestepensjon som blir utbetalt til avdøde månaden etter dødsfallet, forsikringsbeløp, stønad frå fagforeining og liknande som blir utbetalt som følgje av dødsfallet. Dersom avdøde var under 18 år blir det gitt ein uavkorta gravferdsstønad utan behovsprøving. Stønad til båretransport blir gjeve når eit medlem av folketrygda døyr i Noreg og båra med den avdøde må transporterast over ei strekning som er lengre enn 20 km. Nødvendige utgifter ut over eigendelen på kr 1.554 (2004) vert dekka. Det blir og gjeve stønad til gravferd og båretransport etter spesielle reglar når dødsfallet er skjedd i utlandet, både etter EØS-avtala og folketrygda sine reglar. 13

Ta kontakt med trygdekontoret for nærmare opplysningar. Nærmare opplysningar Þnn ein òg på internett www.trygdeetaten.no «oversikt ytelser», der det Þnst ei omfattande orientering om stønad ved gravferd. Gravferdsbyrået kan og hjelpe til med søknad om gravferdsstønad. Eitkvart dødsfall omfattast av reglane i «Lov om folketrygd». For pensjon, overgangsstønad, barnepensjon, barnetrygd og andre ytingar i folketrygda til attlevande er regelverket omfattande og komplisert. Ein må ta kontakt med trygdekontoret for råd og rettleiing dersom ein er det minste i tvil om dei rettane ein har. Det første året etter dødsfallet av til dømes ektefelle bør ein dersom det er råd, unngå å ta avgjerder som er viktige for resten av livet. Som regel Þnn dei ßeste at det er best å bli i kjende omgivnader til dei kan sjå rolegare på framtida. Fødselsnummer I mange samanhengar treng ein fødselsnummer til avdøde og pårørande. Dette Þnst mange stader, mellom anna på fødselsattest, skattekort, sjølvmelding, førarkort og i passet. Likningskontoret kan òg gi opp fødselsnummeret. Medlemskap i foreiningar og abonnement Hugs å seie opp medlemskap som den døde hadde i foreiningar og trussamfunn. Dette gjeld til dømes sport, hobby, politikk, fagforeining og ideelle organisasjonar. Mange fagforeiningar gir også støtte til gravferd når ein medlem døyr. Hugs òg å seie opp abonnement. Telefonkatalogen Meld frå til Telenor dersom du vil endre det som står i telefonkatalogen. Ved offentleg skifte kan skifteretten seie opp telefonabonnementet, men den attlevande ektefellen og nærmaste arvingar har høve til å overta abonnementet. Dersom ein vel å framleis ha namnet til den døde i telefonkatalogen, ver da førebudd på at det kan kome reklame adressert til den døde, fordi det er mange selskap som kjøper namn og adresser via katalogen. 14

15

3. Arv Skifte av buet Så snart dødsfallet er meldt til skifteretten og ansvaret for gjelda til den døde er avklart, kan det utskrivast skifteattest eller uskifteattest. Attesten slår fast om buet skal delast opp eller ikkje. Skifteattesten er viktig mellom anna for å få tilgjenge til bankkonti og anna som kan vere sperra etter dødsfallet. Dette gjeld også for felles bankkonti. Det er nyttig å ta kopiar av skifte- eller uskifteattesten til eventuelt seinare bruk. Ein bør få på det reine om den døde har etterlate seg eit testamente som påbyr skifte eller ei spesiell fordeling av arven. Testamentet er gjerne oppbevart mellom personlege dokument og eigneluter i heimen, i bankboks, hos advokat eller i somme tilfelle i skifteretten. Dersom testamentet er oppbevart i skifteretten, må ein vere merksam på at skifteretten ikkje på eige initiativ er pliktig til å Þnne det fram. Spørsmålet om skifte bør avklarast så raskt som råd, og så må ein melde frå til skifteretten på eige skjema når ein har teke standpunkt. Arvingane har likevel ein frist på 60 dagar. Særleg yngre attlevande ektefellar må vere klar over at det i lengda ikkje alltid vil vere nokon fordel med uskifte, fordi ein auke av formuen i uskiftetida seinare må delast likt med arvingane etter den døde ektefellen. Den attlevande kan auke formuen gjennom inntektsgivande arbeid, ved arv eller på annan måte. Dersom den døde hadde barn i tidlegare ekteskap, må dei samtykkje i at buet skal bli verande uskift. Er desse barna umyndige, må ein hente inn samtykke frå overformynderiet eventuelt frå setjeverja. For umyndige barn skal det nemnast opp ei setjeverje, som ikkje skal vere i slekt med attlevande ektefelle. Alle opplysningar om dette gir skifteretten eller lensmannen. 16

Store endringar i livssituasjonen den første tida etter dødsfallet bør ein tenkje nøye gjennom. Dersom fellesbuet skal skiftast ved dødsfallet eller seinare til dømes ved at ein gifter seg att, vil den attlevande ektefellen først ha krav på halve fellesbuet som eigen eigedom. Av den andre halvparten (dødsbuet) vil ektefellen ha krav på ¼ dersom det er felles- eller særkullsbarn i ekteskapet. Dersom det ikkje er barn i ekteskapet, men berre foreldre, deira barn og barnebarn, arvar ektefellen halvparten av dødsbuet. Er det ingen arvingar som nemnt ovanfor, arvar ektefellen det heile. Arveretten kan takast frå ektefellen ved testamente som ektefellen er gjord kjend med før dødsfallet. (Det Þnst samstundes mange unntak frå regelen om likedeling av fellesbuet, til dømes gjennom ektepakt.) Store endringar i livssituasjonen den første tida etter dødsfallet bør ein tenkje nøye igjennom. Det kan gjelde ßytting, sal av hus osv. Ein treng ikkje forhaste seg når det gjeld å rydde bort eignelutene etter den døde. Kjenslene til den som sørgjer, blir avgjerande. Arv og gåver Kvar arving kan ta imot til saman kr 250.000 (2004) før det skal betalast arveavgift. Stortinget fastset kvart år satsane for avgifta på arv og gåver. Kvar mottakar skal sende eige arvemelding eller gåvemelding til skattefutkontoret. Nærmare opplysningar får ein på likningskontoret. Meir informasjon bl.a. i brosjyren «Avgift på arv og gaver» på internett www.skatteetaten.no. 17

Reaksjonane ved tap er ulike. Tapet kan for somme innebere letnad frå byrde, for andre kan saknet kjennast påtrengjande i mange år. 18

4. Økonomi Skifteattest sjå avsnitt 3. Arv Skattekort Den attlevande ektefellen eller sambuaren får endring i inntekts- og formuesforholda sine. Det inneber at skattekortet til vedkommande bør endrast for å unngå restskatt seinare. Dersom dødsfallet skjer seint i året, må attlevande passe på at skattekortet for neste år blir skrive ut på grunnlag av dei nye inntekts- og formuesforholda. Sjølvmelding likning Attlevande ektefelle som har teke over buet som uskifta bu, skal for dødsåret eller som einearving liknast for si eige inntekt og for inntekta til avdøde under eitt i dødsåret. Særskild likning kan krevjast. For dødsåret må attlevande levere sjølvmelding for avdøde. Sjølvmeldinga for avdøde skal innehalde inntekts- og frådragspostar fram til dødsdagen. All formue skal førast i sjølvmeldinga til attlevande. Dersom dødsfallet er skjedd før sjølvmeldinga for siste året er levert, må attlevande også levere sjølvmelding for avdøde for året før dødsåret. I ei slik sjølvmelding skal både inntekt og formue til vedkommande vere med. Likningskontoret vel den likningsmåte som gir lågaste samla skatt for attlevande og avdøde. Attlevande ektefelle vil få sjølvmelding som er utfylt på førehand både for seg sjølv og ektefellen. Likningskontoret kan gi rettleiing og informasjon om utfylling av sjølvmeldingane. Dersom attlevande ektefelle har omsorg for barn som er 17 år eller yngre ved utløpet av inntektsåret, reknast attlevande ektefelle som 19

einsleg forsørgjar. Ved særskild likning setjast avdøde da i klasse 1 og attlevande i klasse 2. Overtar einearving buet utdelt, liknast arving og avdøde under eitt. Men arvingen kan krevje si eiga og avdøde si inntekt likna kvar for seg. Slik åtskild likning vil normalt gi lågast skatt. Etterlønn eller etterpensjon svarande til 1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda er skattefri. All lønn utbetalt etter dødsfallet og som ikkje var opptent ved dødsfallet, reknast som etterlønn. All pensjon utbetalt etter månaden for dødsfallet reknast som etterpensjon. Beløp som overstig det skattefrie beløpet er skattepliktig for attlevande ektefelle, arving eller buet. Dødsbu som ikkje er tatt over av attlevande ektefelle som uskifta bu eller av einearving, er eige skattesubjekt frå tidspunktet for dødsfallet fram til opphørstidspunktet. I dødsåret skattleggjast buet for formue som inngår i buet, samt for samla inntekt for avdøde og buet og for seinare år av inntekt og formue i buet. Før eit bu avsluttast, skal det leverast sjølvmelding og krevjast førehandslikning. Dersom buet avsluttast før likninga for føregåande år er lagt ut, må det krevjast førehandslikning også for det året. For det året buet avsluttast skal buet berre skattleggjast av inntekt fram til avsluttingsdato. For bu som skiftast privat ser ein normalt på buet som opphørt når buet er gjort opp og eignelutene er delte mellom arvingane. Tenestepensjon Dersom den døde var medlem av ei tenestepensjonsordning Statens Pensjonskasse, kommunal pensjonsordning, privat pensjonsordning i eller utanfor livsforsikringsselskap eller sjømannstrygda så ta kontakt med det aktuelle selskapet. Legg ved kopi av dødsattest og skifte- eller uskifteattest. 20

Forsikring Ta kontakt med forsikringsselskapet for nærmare opplysningar dersom avdøde hadde forsikring som gir rett til utbetaling ved død. Utbetaling frå forsikringsselskapet kan anten vere ei eingongsutbetaling eller ei utbetaling i terminar (pensjonsforsikring). Mange som har forsikring har forsikringsbevis eller kontoutskrifter frå forsikringsselskapet liggjande heime. Desse gir nærmare opplysningar om forsikringsdekking og kva for forsikringsselskap som har forsikringa. Når det gjeld spørsmål om eventuelle pensjonsordningar i arbeidsforhold bør nåverande og tidlegare arbeidsgivar kontaktast. Dersom avdøde ikkje har bestemt noko anna, vil forsikringssummen tilkomme ektefelle eller arvingar etter lov og testament. Dersom forsikringa gir etterlatne rett til pensjon vil ytingar og kva for etterlatne som er sikra gå fram av forsikringsavtala. Etter å ha teke imot melding om dødsfall vil forsikringsselskapet gi opplysningar om kven som har krav på ytingar etter avdøde, storleiken på ytingane og eventuell skattlegging av forsikringsutbetalinga. Finansnæringens hovedorganisasjon (FNH) som representerar forretningsbankar, Þnansieringsføretak og forsikringsselskap i Noreg, kan hjelpe til med å vidareformidle spørsmål om eventuell forsikringsdekking til forsikringsselskap som er medlem i FNH. FNH kan kontaktast på følgjande adresse: Finansnæringens Hovedorganisasjon Postboks 2473 Solli, 0202 Oslo Tlf. 23 28 42 00. Forsikringsklagekontoret (FKK) gir gratis hjelp i saker der du er ueining med eit forsikringsselskap. Har du fått eit svar frå selskapet som du ikkje skjøner eller aksepterar, vil forsikringsklagekontoret undersøkje saka nærare, prøve å forklare ho betre eller ta ho opp med selskapet for å få til ei løysing. 21

Forsikringsklagekontoret Postboks 53 Skøyen, 0212 Oslo Tlf 23 13 19 60 Aksjar/aksjefond Kontakt kontoførar, til dømes banken. Dei treng ein skifte- eller uskifteattest som blir registrert på verdipapirkonto. Ved oppgjer av dødsbuet må kontoførar få melding frå arvingane om korleis fordelinga av aksjane eller aksjefondsdelane skal gjennomførast. Anten blir verdipapira overførte til ein VPS-konto til arvingane, eller så blir dei selde. Oppgjer mellom ektefellar er gratis, andre arvingar må betale transaksjonsgebyr. Bankkonto/bankboks Bankkontoen til den døde vil normalt ikkje kunne disponerast før skifte- eller uskifteattest ligg føre (sjå punktet om skifteattest i avsnitt 3 Arv). Bankboksar kan ein ikkje opne utan at skifteretten er representert eller har gitt skriftleg samtykke. Når skifte- eller utskifteattest ligg føre, vil dette vere god nok legitimasjon overfor bankar og liknande. Lån Dersom den døde hadde lån på fast eigedom, ta kontakt med långivar om overføring av låne til eit anna namn. Lån til bustad og hytte vil normalt ikkje bli oppsagt på grunn av at ein ektefelle døyr. Lånet kan i nokre tilfelle vere gjeldsforsikra. Bustad Attlevande ektefelle eller barn som budde saman med den døde, har lovfest løyve til å halde fram eit eventuelt leigeforhold som den døde hadde etablert med utleigarar. I tilfelle der den døde ikkje etterlet seg ektefelle eller barn som skal overta husværet, må arvingane seie opp leigeforholdet og reingjere husværet. 22

Eige arbeid Attlevandepensjon frå folketrygda kan bli redusert ved inntekt av eige arbeid, eventuelt falle heilt bort. Sjølv om attlevande ektefelle ikkje tek eige arbeid utanfor heimen, kan folketrygda blir redusert på grunn av ervervsprøving. Særleg gjeld dette dersom attlevande ektefelle er under 55 år og ikkje har omsorg for mindreårige barn. Utsikten til arbeid kan likevel vere avgjerande. Trygdekontoret gir opplysningar om mellom anna friinntekt. Sorg handlar om korleis vi som attlevande reagerer på å ta avskil med nokon som har blitt ein del av vårt liv og vår historie. 23

5. Nokon å snakke med Alle treng nokon å snakke ope ut med. Gode venner og familie kan vere til uvurderleg hjelp, men ein kan også ha behov for å snakke med nokon som ikkje står så nær, til dømes ein lege, sosialkurator eller prest. Kommunehelsetenesta I samband med sjukdom og dødsfall både i heimen og i sjukeheim får mange hjelp frå kommunehelsetenesta. Her kan dei mellom anna få råd og rettleiing i samband med dødsfall. Helsetenesta vil også kunne formidle kontakt til andre hjelpeinstansar. Sosialtenesta Sosialkontoret skal gi opplysningar, råd og rettleiing til den som treng det for å bli sjølvhjelpt eller for å kunne overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg livssituasjon. I den første tida etter dødsfallet vil utgiftene vere om lag dei same for attlevande ektefelle som før. Det tek gjerne tid før utbetalingane kjem frå til dømes folketrygda og forsikringsselskapa. Ein attlevande ektefelle som av ulike årsaker ikkje greier å betale utgiftene sine, og som elles fyller vilkåra etter lov om sosiale tenester, kan få sosialhjelp. Hjelpa kan ein få som bidrag eller i unntakstilfelle som lån. Skjemaet for søknad om dei ulike støtteordningane blir ikkje sende ut automatisk, ein må sjølv gå til sosialkontoret i kommunen eller bydelen. Trussamfunn og organisasjonar I Den norske Kyrkja kan prestar vere gode samtalepartnarar både når det gjeld kjensler og praktiske ting. I andre trussamfunn Þnst 24

det tilsvarande personar ein kan vende seg til. Krisetelefonen Kirkens SOS har ope heile døgnet på telefon 815 33 300. For somme kan det passe best å ta kontakt med andre trussamfunn som til dømes Frelsesarmeen. For andre er det meir naturleg å ta kontakt med Human Etisk Forbund, pasientforeining eller ein annan organisasjon som den avdøde var medlem av. Dei som sørgjer treng medmenneske som har tolmod til å lytte når dei om att og om att fortel om minna og kjenslene sine. Gravferdsbyrå sjå råd og hjelp frå gravferdsbyrå i avsnitt 1 I vekene etter eit dødsfall opplever vi sorga ulikt. Somme treng å vere aleine, mens andre ønskjer fellesskap og støtte frå medmenneske. 25

Det er ingen grunn til å bli redd om menneske oppfører seg «litt underleg» like etter dødsfall. 26

6. Sorgreaksjonar Vi reagerer ulikt på eit dødsfall Reaksjonar på dødsfall kan få mange uttrykksformer. Kjensler av sinne, skyld, tungsinn, lette og likesæle gjer mange engstelege. Somme fryktar at det skal gå på forstanden laus. Somme mister matlysta, andre trøysteet. Somme blir hektisk aktive, andre apatiske. Det er også dei som opplever å bli søvnlause, får minnesvikt og uklart syn. Spekteret av reaksjonar, både når det gjeld kjensler og kroppsreaksjonar, er svært breitt og ofte vanskeleg å vite noko sikkert om på førehand. Desse reaksjonane og kjenslene kjem av at ein bruker krefter på den djuptgripande endringa av livssituasjonen som kjem når ein av dei nærmaste døyr. Ikkje alle reagerer like sterkt, men det er viktig å vite at det er normalt med sterke reaksjonar. Sorga er ikkje berre ei mental påkjenning, også fysisk kan ein blir sterkt svekt. Motstandskrafta mot infeksjonar kan vere nedsett, slik at ein til dømes kan få ein periode med stadige forkjølingar. Tidlegare plager kan også blusse opp. Det er viktig å stelle godt med seg sjølv når ein sørgjer. Ein må til dømes passe på å få nok ernæring og søvn, sjølv om ein inst inne skulle kjenne at alt er likegyldig. Når sorga blir særleg tung, gjeld det å kontakte nokon ein kan snakke ut med. Det kan vere personar ein har tillit til i nærmiljøet eller i hjelpeapparatet. Fleire stader i landet Þnst det no tilbod om samtalegrupper for sørgjande. Ta kontakt med lege, sosialkontor, helsesyster, pleieog omsorgstenestene eller kyrkjelyd og spør om det Þnst slike sorggrupper i nærleiken. Mange opplever det som ei støtte og stor 27

trøyst å møte andre som er i same båt, og få høve til å snakke om det som ligg ein på hjartet. Somme gonger kan den som sørgjar, trenge meir vidtgåande fagleg hjelp for å komme vidare i arbeidet med sorga. Det er ingen grunn til å bli redd om menneske oppfører seg «litt underleg» like etter dødsfall. Det er likevel viktig at ein held oppe kontakten. Oftast er det nok å være til stades og lytte. Sorgarbeidet Ordet krise tyder eigentleg endring, og eit dødsfall fører til ei uoppretteleg endring i livet til dei etterlatne. Det å miste ein av sine nærmaste vil samstundes seie at ein mister noko av seg sjølv. Dei vi lever i nærleiken av gir livet vårt innhald og meining, og når dei blir borte, inneber det ei djuptgripande endring. Det kan vere godt å gråte, og det er ofte godt å ha nokon å gråte saman med. 28

Det kinesiske teiknet for ordet krise er sett saman av to skriftteikn. Det eine tyder fare og det andre tyder grunnlag for utvikling. Teiknet avspeglar ei djup menneskeleg erfaring: at det kan vere grobotn for vekst i tung og mørk jord. Ved å arbeide seg gjennom sorga og krisa, kan ein i det lange løp blir betre i stand til å greie vanskar og vise medkjensle med andre som er i nød. Men dette tek tid og krefter, og ofte treng ein støtte frå andre for å kome igjennom sorga. Hjelp til ein som sørgjer Det er vanleg å kjenne seg hjelpelaus i møte med ein som sørgjer. Orda kjennest tomme og meiningslause. Det gjer at mange prøver å unngå møte med menneske som er inne i ein krisesituasjon. Men det er oftast ikkje nødvendig med så mange ord eller å vere så avansert. Kanskje det aller viktigaste er å ta tid til å lytte, andre gonger er det nok med blikkontakt og eit handtrykk. Ein som sørgjer orkar sjeldan å be andre om hjelp, sjølv om vedkomande treng det. Tilbod om praktisk hjelp er ofte velkomne, og ein Þn måte å vise deltaking på. Ein bør vere raus og tolmodig overfor ein som er i sorg, og til dømes ikkje ta avvisingar så alvorleg. Press deg ikkje på med ord, berre ver til stades. Det kan vere godt å gråte, og det er ofte godt å ha nokon å gråte saman med. Personar som har vore til stades ved brå eller uventa dødsfall, vil ofte ha behov for å fortelje nokså detaljert om det som skjedde. La historia få kome av seg sjølv utan altfor mange spørsmål. Det er ikkje uvanleg at ein ønskjer å vende attende til det som hende ßeire gonger i det nærmaste tida etter dødsfallet. 29

Roande middel Dersom ein blir utsliten av til dømes søvnmangel, kan innsovningsmiddel i ein kort periode vere til hjelp. Ta kontakt med ein lege, og dosér ikkje midla på eiga hand. Sorg hos barn Barn sørgjer også, sjølv om dei ikkje alltid uttrykkjer det så klart. Merksemda blir ofte berre retta mot vaksne som er i sorg. Dette kan kome av at vaksne blir så overvelda av eigne reaksjonar at det ikkje har overskot til å hjelpe andre. Mange ønskjer også å verne barn ved ikkje å snakke om døden og tapet, dessverre med det resultat at barn blir overlatne til sine eigne angstfylte fantasiar. Somme trur også at barn ikkje er modne nok til å oppfatte det som har hendt, eller at det ikkje har gjort noko djupt inntrykk på dei. Dette er ikkje rett. Det er viktig at også barn får snakke om tankane og kjenslene sine, og at dei blir inkluderte i sorga. Dei ßeste barn reagerer negativt på å bli haldne utanfor, til dømes frå gravferda. Mange barn ønskjer å nytte teikningar når dei arbeider seg gjennom sorga. Dersom yngre barn ønskjer å sjå den døde, bør de vaksne vurdere om ikkje det er riktig. Barna bør ikkje stengjast ute frå sorga. 30

31

Når ein av våre nærmaste døyr Utgitt: 2004 (2. utgave) Tingingsnummer: IS 1189N ISBN-nr.: 82-8081-047-1 Utgjeven av: Sosial- og helsedirektoratet pb. 7000 St. Olav plass. 0130 Oslo Universitetsgata 2, Oslo Tlf.: 24 16 30 00 Faks: 24 16 30 01 www.shdir.no Heftet tingast hjå: Sosial- og helsedirektoratet v/ Trykksakekspedisjonen e-post: trykksak@shdir.no Tlf.: 24 16 33 68 Faks: 24 16 33 69 Ved bestilling oppgi bestillingsnummer: IS 1189N Redaksjon: Woldsdal & Partnere (2000 utgaven) Steinar Bergh (2004 utgaven) Design: Lysvold Design Trykk: Zoom GraÞ sk as