Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»
Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar. Det er viktig at du set deg inn i arbeidet, og at du spør om rutinar og arbeidsmåtar. Du må ikkje vera redd for å spørja dersom du lurer på noko undervegs! Lukke til! Mvh - Styrar- Marianne Byberg Andersen
BARNEHAGENS HISTORIE Maurtuå Barnehage starta opp i august 1992 som ein privat, andelsbarnehage, der foreldre var eigarar. I august 2010 blei me kommunal, med Time Kommune som arbeidsgjevar. Me har 3 avdelingar; med cirka 70 barn, - inkludert heile og delte plasser. - Mikkel Rev (2-3 år) - Blåmann (4-5 år) - Nøtteliten(0 3 år) Barnehagens satsingsområder kan du lesa meir om på årskalenderen vår. Der står det og viktige datoar for merkedagar, tema for månaden og liknande. TEIEPLIKT Alle som jobbar i barnehage skal skriva under på teiepliktserklæring. Det vil sei at det som skjer i barnehagen blir haldt innanfor barnehagens 4 vegger. Du har ikkje lov å fortelja på bygda det som skjer i barnehagen. ( les: noko som kan skade barn, foreldre/foresatte eller personalet i barnehagen. ) Det er viktig at du skriv under teiepliktserklæringa så raskt som mogleg! Dette gjer du saman med styrar. DAGSRYTMEN KLOKKA: KVA SKJER? Kl. 07:00 Barnehagen opnar Kl. 07:30: Frukost; - Frukosten varer fram til kl. 08:45 Kl. 08.55 Gjer oss klar til samling Kl. 09.00: Fellessamling på kjøkken Kl. 09.30: Grupper Kl. 11.00: Samlingsstund på avdelinga. Kl. 11.15: Lunsj Kl. 12.00: Uteleik,dei minste søv, samt pause avvikling. Kl. 14.00: Frukt og brødmåltid. Kl. 14.30: Frileik ute eller inne Kl. 16:30: Barnehagen stenger NB! Klokkeslettene er omtrentlege!
DEN FYRSTE DAGEN: Møte med barna: Når du kjem til barnehagen blir du møtt av mange barn og vaksne. Den fyrste dagen er det viktigaste at du blir kjent med barna på den gruppa du skal vera og lærer namna deira. Det er fint om du sjølv tar initiativ til å søkje kontakt med barna og leikar med dei. Møte med foreldra i hente- og leveringssituasjonar er svært viktig. For foreldra blir mykje av inntrykket av barnehagen danna her. Me ynskjer derfor at alle foreldra skal bli teke i mot på ein god måte og oppleve at dei og barnet deira blir sett. Når du kjem som ny i barnehagen forventar me at du sjølv tek initiativ til å presentera deg for foreldra. Det er då naturleg at du seier kva du heiter og at du er student her i barnehagen. VAKTENE: Tidlig vakt 1 7:00-14:30 Tidligvakt 2 07:30-15:00 Mellomvakt 08:00-15:30 Seinvakt 1 8:30-16:00 Seinvakt 2 9:00-16:30 Alle har 30 minutt pause kvar dag. KLEDE: - Uteklede til all slags vær. Me er ute kvar dag. - Inneklede som er behagelige og som kan bli skitne. - Sko: sandalar til innebruk og utesko etter behov. RØYKING Det er ikkje lov å røyke/snuse mens ein er på arbeid. Heller ikkje i pausen. PARKERING Me ber deg om å parkera på barnehagens parkeringsplass, og då lengst vekk frå barnehagen. Dette fordi foreldre skal ha kortast mogleg veg til og frå bilen når dei hentar og leverer. MOBILTELEFON Når du er på jobb i barnehagen er det fint om du legg mobiltelefonen i garderoben, i sekken eller på kottet på avdelinga. Venter du telefon, seiar du i frå, slik at du kan ha mobilen tilgjengelig. MAT & DRIKKE I BARNEHAGEN For 10 kroner dagen får du frukost, lunsj, kaffe og te, og frukt.
LØNN Lønna blir utbetalt den 12. i kvar månad. Som vikar må du skriva timelista for dei dagane og timane du har jobba. Timelista finn du i hylla i personalgangen. Denne leverast til Marianne ferdig utfylt den 20. i kvar månad. For timane du leverar inn før t.d 20 august, får du utbetalt den 12.september. PS!! Hugs skattekort, og skriv ned kontonummer!! BETALTE PAUSAR Det å ha betalt pause inneber at du skal være tilgjengeleg i pausen. Det vil sei at du i utgangspunktet skal tilbringe pausen i barnehagen. Skal du utføre viktige ærend i pausen gjer du beskjed til leiaren på den avdelinga du er vikar på. FRÅVÆR: Dersom du blir sjuk, ringer du til barnehagen så raskt som mogleg for å gi beskjed viss du ikkje kan koma på jobb. Det er ikkje nok å senda sms. Den fyrste dagen du er frisk igjen, fyller du ut eit eigenmeldingsskjema i barnehagen. Dette får du hjå styrar, og ho visar deg korleis du skal fylling av eigenmeldingsskjema. For å få opptent retten til eigenmeldingar, må du ha jobba i 2 månader på same arbeidsplass. Du har rett på 10 dagar omsorgspenger i året for sjuke barn, - inntil 3 barn. (20 dagar for aleineforsørgjarar) Legebesøk, tannlege og liknande forsøkar me så godt som mogleg å leggja til utanom arbeidstida. Avkryssingsbok og avdelingsbok. Kvar avdeling har eiga avkryssningsbok. Her set me eit X når barnet kjem om morgonen. Er barnet sjukt, set me inn en S, og ha dei fri, set me ein F. Dette for at me til kvar ei tid skal ha oversikt over kor mange barn som er i barnehagen til ei kvar tid. Når barnet vert henta set me ein O rundt X et. I avdelingsboka skriv me opp dersom det er nokon beskjeder som er viktige for avdelinga. Det kan vera kven som er sjuke av dei vaksne, møter, beskjed frå foreldre om medisin, eller at barnet skal bli henta av andre enn mor/far. BRANNVERN I starten vil du får ein innføring i barnehagens brannrutinar. Det er svært viktig å veta kva ein skal gjer hvis alarmen går! Annelise Risa vil visa deg dette. VERNEOMBOD Verneombod i barnehagen pr. august 2012 er Anne Lise Risa.
ALLERGI Det er ein del born som har allergi i barnehagen. Sjå eiga liste på kjøkken. Primærkontakt: I barnehagen er barna delt inn i grupper etter alder. På kvar gruppe er det ein ped.leiar og ein eller to ped.medarbeidar, alt etter kor stor barnegruppa er. Dei vaksne er deira primærkontakt gjennom heile året. KVA ER DET VIKTIGASTE FOR DEG SOM VIKAR I BARNEHAGEN? Det er mange ting å huske på når du jobbar i barnehage. Me har difor laga ei huskeliste for deg på kva som er viktigast; Vær presis. Hels på de andre tilsette i barnehagen. Hels på foreldre/foresatte og presenter deg. Fortel kven du er og kvifor du er her. Ta imot barna, og bli kjent med dei. Les på ulike oppslag og planar i barnehagen Sei ifrå dersom du forlet avdelinga Ta initiativ. Vær delaktig. Pass på språkbruket! Borna tek veldig lett etter de vaksne KVA MÅ DU HUSKE Å TA MED DEG? - Skattekort & kontonummer - Ansiennitetpapir og attester frå tidligare arbeid - Politiattest. Me ynskjar deg lukke til og håper at du vil trivast her saman med oss i Maurtuå Barnehage.