Vedtekter for Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet Vedtektene regulerer verksemda til organisasjonen. 1
Innhald DEL 1 FORMÅL OG MEDLEMSKAP... 3 1 Formål... 3 2 Medlemskap... 3 DEL 2 STYRINGSSTRUKTUR... 4 3 Organisasjonsledd... 4 4 Styrande politiske dokument... 4 DEL 3 STYRINGSORGAN I ORGANISASJONEN... 5 A NASJONALT NIVÅ... 5 5 Landsmøtet... 5 6 Landsstyret... 6 7 Arbeidsutvalet... 7 8 Sekretariatet... 8 9 Representasjon i Utdanningsforbundet... 8 B LOKALT NIVÅ... 8 10 Lokallag... 8 11 Årsmøtet... 9 12 Lokallagsstyra... 9 DEL 4... 10 13 Økonomi... 10 14 Mistillit... 10 15 Om vedtektene... 10 2
Del 1 Formål og medlemskap 1 Formål 1.1 Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet er ein eigen organisasjon for studentmedlemmer i Utdanningsforbundet. Organisasjonen skal vareta dei profesjonsfaglege interessene til medlemmene og studentane sine særlege interesser i Utdanningsforbundet. Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet skal utforme sin eigen politikk i tråd med grunnleggjande verdiar i Utdanningsforbundet. 3 1.2 Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet er ein partipolitisk uavhengig interesseorganisasjon. 1.3 Organisasjonen skal vere ein synleg aktør innanfor utdanningspolitikken generelt og utdanningane til medlemmene spesielt bidra til å skape profesjonsidentitet blant framtidige lærarar bidra aktivt til utvikling av studium som kan gi kompetanse som pedagogisk personale innanfor alle utdanningsnivå arbeide for å utvikle organisasjonen lokalt og sentralt arbeide for å vareta rettane medlemmene har som studentar samarbeide med andre organisasjonar 2 Medlemskap 2.1 Studentar ved høgskular og universitet som tek studium som kan gi kompetanse som pedagogisk personale i barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring, folkehøgskule, høgskule eller universitet, har rett til medlemskap i Pedagogstudentene. Det gjeld studentar både i grunnutdanning og direkte påfølgjande vidareutdanning. Medlemskapen i Pedagogstudentane er gratis. 2.2 Medlemmene har rett til å få hjelp i spørsmål om studentrettar å delta i medlemsmøte å stille til styreverv i lokallaget å stille til val til sentrale verv å melde saker til lokallagsstyret og til arbeidsutvalet å få medlemsblad
å gjere seg nytte av medlemstilboda til Utdanningsforbundet 2.3 Medlemmene pliktar å rette seg etter vedtektene til studentorganisasjonen og Utdanningsforbundet og vedtak som avgjerande organ i Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet har gjort, når ein representerer organisasjonen å melde frå til organisasjonen om endring av namn, adresse, studie- eller arbeidsstad 2.4 Medlemmene er ikkje valbare til verv i ordinære styringsorgan i Utdanningsforbundet omfatta av rettar og plikter relaterte til arbeidsforhold 1 4 Del 2 Styringsstruktur 3 Organisasjonsledd 3.1 Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet har følgjande avgjerande organisasjonsledd: Landsmøtet Landsstyret Arbeidsutvalet Lokallagsårsmøtet Lokallagsstyret 3.2 Landsmøtet, landsstyret og arbeidsutvalet er sentrale organ. Personar som er valde av desse organa, har sentrale verv. Lokallaga er lokale organ, og personar som er valde av desse, har lokale verv. 3.3 Ved behov kan organisasjonen opprette komitear og utval for å hjelpe dei avgjerande organa. 4 Styrande politiske dokument Alle styrande politiske og organisatoriske dokument vedtekne av Pedagogstudentene sitt landsmøte skal vere tilgjengelege på nynorsk og bokmål. 1 Studentmedlemmer som er betalande medlem av Utdanningsforbundet, er omfatta av rettane og pliktene til Utdanningsforbundet ved arbeidsforhold.
4.1 Prinsipprogrammet inneheld dei overordna politiske prinsippa for organisasjonen. Arbeidsprogrammet framhevar dei områda organisasjonen ønskjer å fokusere spesielt på i kvar landsmøteperiode. 4.2 Ved behov kan organisasjonen opprette andre politiske dokument for å utdjupe eller supplere prinsipprogrammet. Del 3 Styringsorgan i organisasjonen A Nasjonalt nivå 5 Landsmøtet 5 5.1 Landsmøtet er den øvste myndigheita i organisasjonen og blir halde ordinært éin gong per år innan utgangen av april etter innstilling og organisering av landsstyret. Tidspunkt og stad fastsetjast av arbeidsutvalet. 5.2 Landsmøtet er sett saman av landsstyret i organisasjonen og inntil 80 delegatar som er valde på årsmøta (sjå 11.4) i lokallaga. Kvart lokallag er sikra minst éin delegat. Dei resterande delegatane blir fordelte av landsstyret etter medlemstal i lokallaga per 1. januar. Utdanningsforbundet blir kalla inn med tre representantar med tale- og forslagsrett. 5.3 Landsmøtet skal behandle følgjande saker: Vedtekter 2 Prinsipprogram 3 Arbeidsprogram Økonomi Val av kandidatar til dei gjeldande mandata Andre saker som landsstyret legg fram Landsmøtet skal behandle saker som er melde inn frå medlemmer innan fire veker før landsmøtet, dersom dei er innstilte til vidare behandling. Kandidatfrist for leiar og nestleiar innstillinga frå valkomiteen til leiar og nestleiar, må ein melde sitt kandidatur seinest fire veker før landsmøtet startar. Denne fristen 2 Vedtektene blir reviderte kvart tredje år, men kan bli behandla på nytt kvart år. 3 Prinsipprogrammet blir vedteke for tre år om gongen, men kan bli behandla på nytt kvart år.
kan avvike dersom ein manglar kandidatar. Innstillinga til leiarr og nestleiar skal offentliggjørast minst to veker før landsmøtet. 5.4 Landsstyret arrangerer og kallar inn til landsmøtet med minst åtte vekers varsel. Landsstyret innstiller på saker til landsmøtet. Innstillinga følgjer landsstyrevervet. 5.5 Rettar og plikter på landsmøtet: Valde delegatar har møteplikt, tale- og forslagsrett og stemmeplikt. Landsstyrerepresentantane og arbeidsutvalet har møteplikt og tale- og forslagsrett. Ved personval har delegatar og landsstyrerepresentantar stemmeplikt. Arbeidsutvalet stemmer som ei eining, representert ved leiar. Komitear, utval og redaktør har møteplikt og tale- og forslagsrett i tråd med mandata sine. Møteleiinga har tale- og forslagsrett i tråd med funksjonen sin. Konsulent og rådgivar har møteplikt og tale- og forslagsrett i tråd med stillingane sine. 6 Om det er like mange stemmer første gong skal det voterast skriftleg. Om det er like mange stemmer for andre gong er det ikkje mogeleg å stemme blankt. Dersom det er like mange stemmer for tredje gong, avgjer leiaren på vegner av landsstyret. Det gjeld ikkje personval. 6 Landsstyret Inviterte gjester og observatørar kan få talerett i enkeltsaker med kvalifisert fleirtal (2/3). 6.1 Landsstyret er det øvste avgjerande organet mellom landsmøta og møtest normalt fem gonger mellom kvart landsmøte. Landsstyret skal kallast inn med fire vekers varsel, og sakspapira skal sendast minst to veker før. Landsstyremøta er det avgjerande organet til landsstyret. 6.2 Landsstyret består av éin representant frå kvart aktive lokallag og arbeidsutvalet. 6.3 Landsstyret har ansvar for at organisasjonen blir styrt i samsvar med vedtektene, andre styringsverktøy og vedtak av organisatorisk og politisk karakter som landsmøtet har gjort. Landsstyret skal gjere eventuelle suppleringsval mellom landsmøta og velje representantar til ulike råd,
komitear og utval eller delegere oppgåva til arbeidsutvalet. Landsstyret skal på det første møtet etter landsmøtet velje ein vararepresentant til arbeidsutvalet. 6.4 Rettar og plikter på landsstyremøtet: Landsstyrerepresentantar eller representativ vara har møteplikt, tale- og forslagsrett og stemmeplikt. Arbeidsutvalet har møteplikt og tale- og forslagsrett. Arbeidsutvalet stemmer som ei eining, representert av leiar. Varamedlem frå arbeidsutvalet møter dersom ein av studentmedlemmene i arbeidsutvalet melder fråfall. Dersom vara for ein landsstyrerepresentant blir kalla inn, har vedkommande talerett. Komitear, utval og redaktør har møteplikt og tale- og forslagsrett i tråd med mandata sine. Møteleiinga har tale- og forslagsrett i tråd med funksjonen sin. Konsulent og rådgivar har møte-, tale- og forslagsrett i tråd med stillingane sine. 7 Om det er like mange stemmer første gong skal det voterast skriftleg. Om det er like mange stemmer for andre gong er det ikkje mogeleg å stemme blankt Dersom det er like mange stemmer for tredje gong i landsstyret, har leiaren dobbeltstemme. Det gjeld ikkje personval. Inviterte gjester og observatørar kan få talerett i enkeltsaker med kvalifisert fleirtal (2/3). 7 Arbeidsutvalet 7.1 Arbeidsutvalet er det øvste avgjerande organet mellom landsstyremøta og består av leiar, nestleiar og tre studentmedlemmer som er valde av landsmøtet. Samansetjinga skal så langt som råd er, omfatte ulike utdanningsløp. Arbeidsutvalet kallar inn og innstiller på saker til landsstyremøta.
8 Sekretariatet 8.1 Organisasjonen har eige sekretariat som består av den politiske leiinga med eigne tilsette frå Utdanningsforbundet. Sekretariatet har kontor i lokala til Utdanningsforbundet. 9 Representasjon i Utdanningsforbundet 9.1 Landsstyret oppnemner tre representantar inkludert leiaren og nestleiaren med tale- og forslagsrett til landsmøtet til Utdanningsforbundet. 9.2 Leiaren i Pedagogstudentene blir kalla inn med tale- og forslagsrett i representantskapet og sentralstyret i Utdanningsforbundet. 8 9.3 Nestleiaren i Pedagogstudentene blir kalla inn til kontaktforum for universitet og høgskule. 9.4 Sentralstyret i Utdanningsforbundet avgjer, på bakgrunn av fråsegn frå Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet, i kva andre utval organisasjonen skal vere representert. 9.5 Lokallagsstyra til Pedagogstudentene har møte-, tale- og forslagsrett til fylkesstyremøta i Utdanningsforbundet, normalt ved lokallagsleiaren. B Lokalt nivå 10 Lokallag 10.1 Medlemmene ved kvar studiestad 4 utgjer eit lokallag. Landsmøtet avgjer eventuell tvil om definisjon av studiestad. 10.2 Ein skil mellom passive og aktive lokallag. Eit passivt lokallag består av alle medlemmene ved studiestaden. Eit aktivt lokallag har gjennomført eit årsmøte og valt eit lokallagsstyre. 10.3 Følgjande kriterium blir lagde til grunn når det blir oppretta lokallagsstyre: Det må vere minst 20 medlemmer ved studiestaden, med unntak av Samisk høgskole. Studiestaden må vere i Noreg. Studiestaden må ha utdanning som kvalifiserer som ein del av lærareller pedagogutdanninga. 4 Ein studiestad er definert som lokalitetane til ein institusjon innanfor ein kommune.
11 Årsmøtet 11.1 Årsmøtet er det øvste avgjerande organet lokalt. Det er sett saman av medlemmene i lokallaget, og alle medlemmene har tale-, forslags- og stemmerett. 11.2 Årsmøtet skal velje leiar, økonomiansvarleg, landsstyrerepresentant og delegatar til landsmøtet, eventuelt varamedlem til landsstyret, styremedlemmer og andre verv. Eit medlem kan ha fleire verv. Arbeidsperioden for lokale styreverv går frå slutten av landsmøtet til slutten av landsmøtet året etter. Dei lokale tillitsvalde skal sørgje for ein overlappingsperiode frå slutten av årsmøtet til slutten av landsmøtet. 9 11.3 Årsmøtet skal haldast innan 15. februar, og innkallinga skal skje med minst 14 dagars varsel. Protokollen frå årsmøtet skal sendast til sentralleiinga og gjerast tilgjengeleg for lokallagsmedlemmene. 11.4 Årsmøtet skal velje delegatar til landsmøtet ut frå fordeling etter 5.2 Dersom årsmøtet ikkje får valt mange nok delegatar til landsmøtet, kan årsmøtet fatte eit suppleringsvedtak. Den endelege tidsfristen for delegatar som er valde på suppleringsvedtak, er tre veker før landsmøtet. Dersom delegatplassane ikkje er fylte opp kan dei fordelast etter gjeldande nøkkel, men påmelding seinast to veker før landsmøtet. 12 Lokallagsstyra 12.1 Lokallagsstyra skal organisere eigne aktivitetar ut frå moglegheitene dei har og ressursane dei disponerer ha som mål å informere, skulere og aktivisere medlemmene aktivt verve nye medlemmer og profilere Pedagogstudentene lokalt arbeide aktivt for å halde seg oppdaterte i utdanningspolitikken som er aktuell for styret samarbeide med fylkeslaget eller lokallaget til Utdanningsforbundet, fagleg tilsette, administrasjonen, leiinga og studentdemokratiet ved sin eigen institusjon arrangere eige årsmøte levere ein skriftleg årsrapport til landsmøtet, som skal sendast til kontoret fire veker før landsmøtet
levere einskriftleg rapport til kvart landsstyremøte, som skal sendast til kontoret to veker før kvart møte 12.2 Lokallagsstyra kan i perioden gjere suppleringsval av verv i styret dersom det er behov for det gi tale- og forslagsrett til heiltidsstudentar som tidlegare har vore eller framleis er medlem av Utdanningsforbundet ta på seg å representere og inkludere andre studiestader i sitt eige fylke Del 4 10 13 Økonomi 13.1 Landsstyret i organisasjonen vedtek budsjett innanfor dei rammene som sentralstyret til Utdanningsforbundet fastset. 13.2 Alle økonomiske disposisjonar i Pedagogstudentene er styrte av eit økonomireglement som landsstyret vedtek. 14 Mistillit 14.1 Forslag om mistillit til tillitsvalde som landsmøtet har valt, blir behandla av landsstyret og vedtekne med kvalifisert fleirtal (2/3). Landsstyret gjer eventuelle suppleringsval. 14.2 Forslag om mistillit kan fremjast av lokallaga eller andre tillitsvalde i organisasjonen. Forslag om mistillit skal ein grunngi skriftleg, og den/dei som fremjar forslaget, skal signere. Anonyme forslag blir forkasta. 14.3 Landsstyret skal i innkallinga til landsstyremøtet gjerast kjent med at forslag om mistillit skal behandlast. Saksdokumenta skal leggjast fram for landsstyret ved møtestart. 14.4 Den/dei som blir ramma av forslag om mistillit, har rett til å uttale seg for landsstyret før avgjerda blir teken. 14.5 Personar som blir ramma av mistillitsforslag, kan ikkje uttale seg på vegner av Pedagogstudentene mens forslaget blir behandla. 15 Om vedtektene Vedtektene kan endrast av landsmøtet med kvalifisert fleirtal (2/3) og skal godkjennast av sentralstyret i Utdanningsforbundet. Ei fråsegn frå landsmøtet i Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet skal følgje saka. Landsstyret kan
fastsetje nærmare retningslinjer. Kontrollkomiteen skal komme med ei uttale til endringsforslaga. 11