NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53. Kunngjort 29. juni 2017 kl. 15.40 PDF-versjon 28. juli 2017 19.06.2017 nr. 1013 Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt lagt til rette for heildøgns tenester kriterier og ventelister, Bømlo kommune, Hordaland Heimel: Fastsett av Bømlo kommunestyre 9. juni 2017 med heimel i lov 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) 3-2a andre ledd. Kapittel 1. Føremål, virkeområde og definisjonar 1. Føremål Føremålet med forskrifta er å betra rettsstillinga for pasientar og brukarar med omfattande tenestebehov når det gjeld retten til helse- og omsorgstenester frå kommunen. Forskrifta skal tydeleggjera kva kriterier kommunen legg til grunn ved tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgns tenester. Forskrifta skal vidare tydeleggjera korleis kommunen skal følgja opp personar som står på venteliste til langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgns tenester. 2. Virkeområde Forskrifta gjeld ved tildeling av dei institusjonsplassar og bustadar som kommunen til ei kvar tid definerer til langtidsopphald i sjukeheim og tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgns teneste. Forskrifta gjeld for pasientar og brukarar som oppheld seg i Bømlo kommune, jf. helse- og omsorgstjenesteloven 24. juni 2011 nr. 30 3-1 første ledd. Forskrifta gjeld i tillegg for pasientar og brukarar som har konkrete planar om å flytta til kommunen og som har eit så omfattande tenestebehov at det er naudsynt at bu- og tenestetilbodet er avklara i forkant for at dei skal kunne flytta. 3. Definisjonar: Langtidsopphald i sjukeheim: - Kombinert bu- og tenestetilbod for personar som grunna helsetilstand og funksjonsvanskar har eit omfattande og varig tenestebehov. Opphaldet er ikkje avgrensa i tid. Spesialinstitusjon: - Institusjon for pasientar med ein demensdiagnose.
2 - Skjerma, forsterka eining for pasientar eller brukarar som har alvorleg åtferdsforstyrring grunna demens eller liknande. Tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgns tenester: - Bustadar som er tilpassa for å kunna gje tenester som stettar pasienten eller brukaren sitt behov heile døgeret. - Tilsyn med pasient eller brukar skal tilsvara tilsyn som ville blitt gitt i sjukeheim, og det skal vera tilgang til tilsvarande kompetanse som i sjukeheim. - Pasient eller brukar som får tildelt slik bustad, vil få leigekontrakt, betalar husleige og få dekka sine hjelpebehov gjennom individuelle vedtak om tenester i heimen. Venteliste for langtidsopphald i sjukeheim eller bustad særleg tilrettelagt for heildøgns tenester - Kommunen si oversikt over pasientar eller brukarar som etter søknad har fått vedtak om at dei stettar vilkåra, men som med forsvarleg hjelp kan bu heime medan dei ventar på plass. 4. Ansvar og mynde Enkeltvedtak om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad med heildøgns tenester, vert fatta av Bømlo kommune. Kapittel 2. Tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgns tenester kriterier og venteliste Bømlo kommune har utarbeida ei tenestetrapp som er omtala i Kommunedelplanen for HSO 2017 27. Prinsippa i tenestetrappa vert følgd ved tildeling av tenester. Ein har tenester på dei ulike nivåa i trappa, der aukande hjelpebehov vert møtt med hjelpetiltak av ulik art. Tenester på lågare nivå skal som hovudregel vera prøvd før tildeling av langtidsplass i sjukeheim eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgns tenester. 5. Vurderingsgrunnlag Område som må vera avklara før ein søknad om langtidsplass i sjukeheim eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for langtidsplass kan vurderast: - Pasienten eller brukaren sine ynskje. - Det må vera søkt om tenesta. - Pasienten eller brukaren sin samtykkekompetanse. - Pleie- og omsorgsbehovet. - Oppdatert pasient og brukarinforamasjon frå dei som yt helse- og omsorgstenester i kommunen. - Oppdatert informasjon frå fastlege og spesialisthelsetenesta. - Svikt i eigenomsorg grunna demens. Tiltak som må vurderast: - Tilrettelegging i heimen. - Heimerehabilitering. - Tryggleiksskapande tiltak som tryggleiksalarm og velferdsteknologi. - Dagtilbod eller andre sosiale tiltak.
3 - Auka tilbod om heimetenester. - Omsorgsbustad. - Tidsavgrensa opphald i institusjon, korttidsopphald eller rulleringsopphald. - Familie og sosialt nettverk. - Om geografiske tilhøve gjer det lite formålstenleg å gje hjelp i heimen. 6. Kriterier for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgns tenester, og for å stå på venteliste Hovudkriteriet for tildeling, er at alle andre aktuelle hjelpetiltak er utprøvd eller vurdert. Pasienten eller brukaren må vera varig ute av stand til å ivareta seg sjølv og ikkje lenger meistra daglege gjeremål grunna mentale eller fysiske funksjonstap. Pasienten eller brukaren må ha eit omfattande behov for heildøgns helse- og omsorgstenester. Under kriteriet omfattande hjelpebehov inngår: - Samansett sjukdomsbilete. - Kognitiv svikt og langt kommen demens. - Psykisk funksjonssvikt. - Fysisk funksjonssvikt. - Underernæring. - Ofte innleggingar i spesialisthelsetenesta. Tilleggskriterier for tildeling av plass i spesialavdeling - Pasientar eller brukarar som har vore vurdert av spesialisthelsetenesta, eventuelt saman med demensteamet i kommunen. - Pasienten eller brukaren har utvikla omfattande kognitiv svikt og har behov for skjerming og/eller særskilde miljøtiltak. Tilleggskriterier for tildeling av plass i skjerma, forsterka eining - Pasienten eller brukaren må ha ei alvorleg åtferdsforstyrring grunna demens, og åtferdsforstyrringa må vera av ein så omfattande karakter at vedkommande ikkje kan bli ivaretatt på ein vanleg skjerma avdeling. - Forsterka, skjerma eining kan også vera aktuell for pasient eller brukar som i tillegg til kriteria ovafor, utagerar på ein slik måte at han eller ho kan vera til fare for seg sjølv eller andre. Venteliste Avgjerande for om pasienten eller brukaren får langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgns tenester eller enkeltvedtak om å stå på venteliste for slikt bu- og tenestetilbod er følgjande: - Om det er ledig kapasitet i det aktuelle tenestetilbodet. - Kor mykje det hastar å få eit anna bu- og tenestetilbod enn det pasienten eller brukaren alt har. 7. Rett til vedtak - Tildeling av langtidsplass i sjukeheim eller tilsvarande bustad med heildøgns teneste er enkeltvedtak etter forvaltningslova, jf. lov om pasient- og brukerrettigheter 2-7.
4 - Pasient eller brukar som vert vurdert å vera best tent med slikt bu- og tenestetilbod, men som med forsvarleg hjelp kan bu heime eller i korttidsplass, har rett til vedtak om så stå på venteliste, jf. helse- og sosialtjenesteloven 3-2a, fjerde ledd. - Pasient eller brukar har rett til å klaga på vedtak om avslag på søknad, eller på vedtak om å stå på venteliste, jf. lov om pasient- og brukerrettigheter 7-2. 8. Brukarmedverknad Bømlo kommune skal leggja til rette for ei aktiv brukarrolle med individuelt tilpassa tenester, der pasientane eller brukarane sine ynskje blir tillagt stor vekt. Møtet med søkjaren har såleis følgjande føremål: - Kartleggja pasienten eller brukaren sine behov for helse- og omsorgstenester. - Få samtykke frå pasienten eller brukaren til å innhenta ytterlegare opplysningar som er naudsynt for saksutgreiinga. - Gje pasienten eller brukaren den informasjonen og rettleiinga som vedkomande treng for å ivareta sine interesser i saka, mellom anna informasjon om betaling, jf. denne forskrifta 10. - Få klarleik i kva ønskje pasienten eller brukaren har etter at tilstrekkeleg informasjon er gitt. Dette gjeld anten det er pasienten eller brukaren sjølv, eller ein partsrepresentant som har gitt uttrykk for desse ønska. Pasienten eller brukaren har rett til å velja å la vera å ta imot tilbod om langtidsplass i sjukeheim eller tilsvarande bustad tilrettelagt med heildøgns tenester, med mindre vilkåra i pasient- og brukerrettighetsloven 2. juli 1999 nr. 63 kapittel 4A er oppfylt. Pasienten eller brukaren mister ikkje retten til å stå på venteliste ved å takka nei til eit tilbod som blir gitt av kommunen. 9. Oppfølging av pasientar eller brukarar på venteliste Bømlo kommune skal føra venteliste for å halda oversikt over pasientar og brukarar som har fått vedtak om at dei stettar krava til langtidsplass i sjukeheim eller tilsvarande bustad tilrettelagt for heildøgns tenester, men kan bu heime medan dei ventar på plass. - Ved tildeling av langtidsopphald skal kommunen vurdera det individuelle hjelpebehovet til nye søkjarar og alle som står på venteliste for langtidsopphald. - Kommunen si venteliste gjev inga fortrinnsrett til plass. Pasientar eller brukarar som har søkt seinare kan få plass først, dersom deira behov vert vurdert som større. - Ved elles like behov, skal ein leggja vekt på ventetida frå vedtaksdato. - Pasientar og brukarar som står på venteliste skal vurderast jamleg ut frå behovet for langtidsplass. - Kommunen sine rutinar skal syta for at pasienten eller brukaren har forsvarlege og behovsdekkande tenester i ventetida Kapittel 3. Betaling og iverksetjing 10. Betaling for bu- og tenestetilbod Den enkelte pasienten eller brukaren har som eit ledd i den informasjonen som skal gjevast etter denne forskrifta 8, rett til å få eit grovt overslag over kva det vil kosta å motta helse- og omsorgstenester i heimen, bu- og tenestetilbod i sjukeheim og bu- og tenestetilbod i tilsvarande bustad særskilt lagt til rette for heildøgns tenester.
5 11. Iverksetjing og revidering av forskrifta Denne forskrifta trer i kraft 1. juli 2017. Forskrifta blir gjennomgått ved behov og skal reviderast når nasjonale kriterier for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim og tilsvarande bustad særskilt lagt til rette for heildøgns omsorg er vedteke. Ved motstrid vil den nasjonale forskrifta gå føre denne forskrifta.